top of page

Søkeresultat

63 resultater funnet med et tomt søk

  • Mektige Eidfjord

    Det første møtet ein får med Hardanger når ein kjører fra aust til vest over Hardangervidda er Eidfjords mektige natur⛰️☀️Det er høge fjell så stuper heilt ned i den djupe fjorden. Når eg kjører fra Gjøvik og heim til Strandebarm er Eidfjord eit flott stoppested. Faktisk så flott at denna gongen ønskte eg å ta ein overnatting her så eg fekk utforska meir av denna perla. Dette i samarbeid med fleire aktørar her i Eidfjord // Vøringfoss hotell, Hardanger Fjordsafari og Norsk Natursenter. (Ord med strek under er klikkbare). Første stopp på ruta mi var Vøringsfossen. Det har blitt ein obligatorisk stopp dei siste åra. Det er jo tross alt Norges mest kjente foss💦Altså det er så utrulig flott med fossen så stupar ned 182 meter og dei høge fjella i bakgrunnen⛰️. Det er skilta godt opp til den store parkeringsplassen rett nedanfor Fossli Hotell. Der er det eit bra toalettanlegg òg. Det er mange utsiktsramper ein kan sjå fossen på i på forskjellige vinklar. Om ein ønsker å sjå fossen på nærare hald kan ein gå ned på den nye brua så opna i 2020. Dar får ein sett fossen fra eit anna hold, noko så eg gjorde for fyrste gong no. Det tar ca 5-10 min å gå ned fra utsiktsrampene i ulent terreng til brua. Har du høgdeskrekk kan detta vera ein god plass å øva på den, for her står du veldig trygt!🤩 Måbødalen er jo ein oppleving i seg sjølv. Der vegen snurrar seg rundt i rundt, gjennom tunellar og nedover. Ein får allikavel sjå litt av dei høge fjella og fossen.⛰️💦 Det er mange lommer ein kan parkera på så ein kan gå ut å fotografera. Ja for det er storslått natur der. Parkerer ein etter Måbøtunellen på vei oppover kan ein gå innover dalen og møta på Vøringsfossen, det skal vera ein flott tur, men det rakk eg ikkje denna gongen. Norsk natursenter Eit opplevelsessenter for med fokus på norsk natur, klima og miljø som passar for heile familien. 🦌Ein går gjennom det 3.etg senteret med masse informasjon, videoer, utstillingar, her kan ein gå nermare inn på samspelet mellom kultur og natur. 🦌Det er veldig spennande og masse læring for liten og stor. Alt var teksta på Norsk, engelsk og tysk, tillegg var nokon av stasjonane teksta på 10 andre språk. 🌎Det må eg sei er eit pluss i margen. 👌🏻Eg avslutta runden med å sjå den spektakulære panoramafilmen om naturen i området. Detta må væra den beste filmen eg nokon gong har sett🤩👏🏼. Folk i salen gispa, jubla og klappa av begeistring, og eg fekk til og med gåsehud. Noko vakrare film av norsk natur skal litt til for å slå!🏆Ein følte ein var inn i filmen og det var topp kvalitet på bilder og film. Filmen i seg sjølv er verdt eit stopp på Norsk natursenter. Eg slo av ein prat med dagleg leiar Oddvard Brakestad som er ein sambygding fra Strandebarm. Han let vel over godt besøkande på senteret! Restauranten Hardangerviddahallen ligger rett attmed og serverar lokal mat. Og på taket er det nokon geiter som beitar i sommar, så husk å sjå opp på dei óg🐐 Eit fartsfylt eventyr på fjorden med Hardanger fjordsafari Vel nede i Eidfjord sentrum parkerte eg bilen og gjekk ned til kaien og møtte Hardanger Fjordsafari. Dei har ein stor tilhengar med logo,bilder og kart på, så ein ser dei godt. Me fekk tildelt vestar, informasjon om ruta og sikkerthetsrutinar før me tok plass i ribbåten. 🚤No skulle me ut på fjorden og få oppleva Eidfjord fra sjøsida. Frå ein Harding så er vakse opp ved fjorden, så har du ikkje sitt heile plassen før du har komt deg ut på fjorden.🚤💦 Du får sitt ting på ein heilt anna måte då. Me kjørte inn i Simadalsfjorden der me blei fortalt om Sima Kraftverk og den historiske fjellgarden Kjeåsen, "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu". 🏡Der fekk me virkelig sjå kor utruleg bratt det faktisk er opp😱. Me passerte eit par flotte fossefall og sjåføren/guiden Helge fortalte kjekke historiar. I eit av fossefalla kjørte me heilt innåt med båten, opplevelse på nært hald for å sei det sånn. 💦 På berget såg me ein liten sel så skulle ta ettermiddagsbadet sitt. 🦭Alt etter vêr og årstid er det mogleg å sjå ulike dyreartar, som sel, ørn og spekkhoggarar. 🦅🐬Litt fart og spenning blei det òg utpå fjorden. På slutten såg me bort til Hardangerbrua. Turen tok ca 1 time. Ein nydeleg og kjekk tur med god kvalitet på historiane som blei fortalt og innhaldet på turen.👏🏼 Turen kan bookast her Room with a view på Vøringfoss Hotel Hotellet ligger midt i sentrum av Eidfjord, rett ved fjorden, der ein har utsikt til fjell og fjord på nokon av romma. 🏩Eg fekk eit romslig rom med utsikt tatt ut av eit maleri.🤩 Berre sjå på bilda under. På hotellet åt eg god middag som var buffet med salater, kaldmat, varmmat og dessertar. Eg blei mett og god, og igjen var det så herlig å sitta i så fine omgjevelsar å eta! 😄Eg kunne ikkje trekka for gardinene den natta, for den utsikten skulle eg både sovna til og våkna til. 🤩 Senga var god, for eg sov som ein stein, og eg høyrte ikkje ein lyd frå ute gjennom heila natta. Frokosten var òg god, det var eit bra utvalg og rikelig med mat på buffeten👌🏻. Og du, nevnte eg at det er nydelig utsikt fra hotellet? 😉 #Eidfjord er ein instaspot i seg sjølv Rundtom i Eidfjord er det satt opp nokon fotorammer der #Eidfjord er skreve inni. 📸 Ein kan få nokon kule bilder der med det flotte landskapet i ramma. På Ostangen, ca 2 min å gå fra Vøringfoss Hotel og cruisebåthavna finner du den eine ramma, då kjem fjord og fjell nært inni bildet ditt⛰️📸 . Der er det òg ei diger dissa. Eg dissa meg inn i solnedgangen. Vidare gjekk eg opp i byggefeltet og til neste instaramme som ligger på Hodna. Du ser ramma på toppen av byggefeltet når du står i sentrum. Der var det nydeleg utsikt utover Eidfjord sentrum, fjella og fjorden!🤩 Eg anbefaler ein kveldstur opp der, det var magisk. Det tok ca 10-15 min å gå fra sentrum og opp. Ein kan gjera denna turen litt lenger om ein går opp langs Eidfjordvatnet med den fine sandstranda og ei til #Eidfjord ramma. Vidare opp til Hæreidterasse med gamle gravhaugar frå jern og vikingtida, og bort til Hodna som er utsiktspunktet med #Eidfjord ramma så vist i bildet nedanfor. Den rundturen får eg ta neste gong!😄 Kjeåasen- "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" Ja det må eg sei meg einig i! For ein fasinerande historie om dei to bruka så ligger ca 530moh, der folk budde fra 1650 talet. Til husbygging frakta dei materiale opp den stupbratte fjellsida, det var òg bornas skuleveg😱🤩. Eg tar av meg hatten, eg så ikke gjekk opp ein gong, eg køyrde. Rett og slett pga litt vonde kne, hofter osv, skulle jo tross alt gå nedatt òg, så det får eg ha tilgode ein gong.😅 Men eg møtte på nokon spreke damer så gjekk både opp og ned og syns det var ein flott tur! 🤩Ein kan kjøra opp til Kjeåsen kvar heile time og ned kvar halve time. Det er ca 10 min å kjøra fra eidfjord sentrum til veien så føre deg opp til Kjeåsen. Berre husk å ta til høgre og ikke mot Sima kraftverk. (det er kun for gåande). Fra parkeringsplassen og ned til Kjeåsen tok det ca 5 min å gå. Du og du for ein utsikt, dette slod pusten ut av meg!!!😱🤩 Ein kjeme bort til dwt eine huset, så er det ei grind med privat skilt på. Tillegg til at ein har lest litt om historien, så får ein litt frysningar, rett og slett! Detta er mitt hottaste tips enten du går den flotte turen eller køyrer!🤩 Eg var der oppe i 20 min før eg køyrde nedatt, burde jo ha venta ein runde til på nedkøyring, men eg hadde litt anna eg skulle den dagen. Turen ned tok ca 10 min med bil gjennom ein tunell og smal veg. Vel nede kjørte eg inn mot parkeringsplassen attmed Sima Kraftlag, og gjekk bortover Simaldalsfjorden på stien så går oppover til Kjeåsen. Altså for ein vakker tur, der kom eg så tett innpå dei stupbratte fjella så gjekk rett ned i fjorden, eg gjekk på ei lita bru berre⛰️Det anbefalast å gå turen bortover i 10 min sjølv om du ikkje skal heilt opp🤩👌🏻 Du Eidfjord du Eidfjord For eit fantastisk opphald hos deg! 🤩 Eg kosa meg gløgg, og veit du kva det herligaste var med heile turen var, eller her må eg sei to ting;) Det var utsikten mot dei mektige fjella og fjorden, og stillheten. Det var heilt stille der eg tusla rundt på kveldstid! Her får ein lada batteria og ta ein heilt time out. Eg var på solotur, og trivdes så godt i mitt eige selskap der😄. Folka er veldig hyggelige og slår gjerne av ein prat! Så takk til samarbeidspartnere så var med på å gjorde opphaldet mitt ekstra fint: Vøringsfoss Hotel, Norsk Natursenter og Hardanger Fjordsafari. 🤩 Andre ting så er verdt å besøka er: - Trolltoget som går frå sentrum og ein rundtur på ca 50 min. - Italiensk is som er laga på lokal frukt på DolceVidda - Tur til Hjørmodalen/Hjølmotun, det var fortsatt snø der no i begynnelsen av juni, så eg får ta det neste gong. - Eta digg mat på Anchakee`s Thai Mat, her var det fult heile tida eg gjekk forbi. Vårrullene kan eg anbefala - Kajakk padling på fjorden med Best Adventures til venstre for kaien. - Kunsten/utstillinga i trea fra sentrum og utover. Her kler dei opp trea i ulike tema som er underhaldande for turistane - På veien utover fjorden møter ein på Hardangerbrua som er verdens 10.lengste hengebru. Det er mogleg å stoppa på Bu rasteplass for å få brua nermare deg, samt gå/sykla over brua. - Eg må sei Eidfjord er ein fremoverlent turistkommune som henger med i tida og er svært opplyst til sine turistar :) På kaien finner du Turistinformasjonen, som var flittig besøkt mens eg var der. Her kan ein leiga syklar óg. - Det er mange turistar som både stoppar i Eidfjord og tilbringer tid der, samt cruisegjester. Noko så gjere at det er bra liv i gatene. Eg oppfordrar deg til å stoppa i Eidfjord neste gong, ikkje berre køyra forbi! For du ser vel av bildene og skildringa at det er det verdt! Eg gler meg allerede til å ta aust/vest stoppen min i Eidfjord i slutten av juni! - Ein kjeme til Eidfjord via Rv 7 over Hardangervidda til/frå Bergen/Hardanger. -Eg har skreve blogginnlegg frå kva det er å gjera i områda rundt òg. Ta gjerne ein kikk på innlegget mitt om heimbygda mi Strandebarm, Hardangerfjorden og Voss

  • Med barn på reise

    Blir du svett av tanken på å reisa med barn, eller tar du det med knusande ro? Mitt hotteste tips er å pusta med magen, forbereda deg både med å pakka litt saker lett tilgjengelig og forbereda deg på at alt ikkje trenger å gå på skinner, for det gjere det ikke alltid. Eg får kommentarar av venner som "hva er vitsen å reise med barna når de er så små, de husker jo ingenting" vitsen skal eg fortella dåka: KVALITETSTID sammen som ein familie😍 At barna skal læra seg å te seg i ulike situasjonar, at dei skal få oppleva at me lever forskjellig i verden, møta andre kulturar, ja rett og slett få ein smakebete av verden🙌🏽 Me har hatt permisjonen på begge kidsa i Thailand i 1 månad. Og det er ein så utrulig god invistering for familien💖 «Kjeme barnet mitt til å skrika heile flyturen og forstyrra alle andre, kva skal eg gjera når barnet mitt bæsjer på bilturen? Me har aldri vore ute å ete på restaurant, korleis kjeme barnet mitt til å oppføre seg? Skal ein bu på eit barnevennlig hotell med alt tilrettelagt eller skal me ha ein AirBnB leilighet på eit sjarmerande sted? Skal ein ha med bleier og baby mat?» Ja mange slike spørsmål dukkar opp. Eg kan ikkje fasiten på kva så passar deg og din familie, men eg kan komma med nokon tips til deg:) Del gjerne med nokon du kjenner som kunne trengt eit tips eller to for å reisa med barn:) Eg har reist med mine barn sia dei var ganske små, første flytur til dattera mi var når ho var 1,5 måned og ho sov heile flyturen over fjellet! Masse fordi eg slappa av og ikkje stressa. Eg har tenkt at, ja la han bak meg i sikkerhetskontrollen sukka litt ekstra for at eg hadde litt masse eg skulle legga oppi korga tillegg til å holda ein liten baby, eg har sett rundt meg på flyet når babyen min har skreke og berre møtt vennlige blikk. Eg har faktisk aldri stressa, noko ungane merkar òg. Eg kan ikkje sei at eg har hatt problemfrie reiser eller at eg har såtte i ro i flysetet og tenkt at alt er fryd og gammen. Nei, eg har gått opp og ned midtgangen x antall ganger, bedt barna mine stoppa å sparka i setet framfor, sølt MME utover i flyet, skifta bleie i bagasjerommet++ Men eg meinar masse handler om at ein er forberedt i nokon situasjonar og prøver å ikke kava seg opp. Her skal du få nokon av mine tips. Før eg begynner med det, så må eg berre sei at eg er utrulig glad i palmesus og solgaranti, og derav er tipsa mine mest med fly. Men håpar du får med deg eit tips eller tre :D Pakk med ein liten sekk med leiker/aktivitetsaker/fargelegging ol så barnet ditt er opptatt av. Last nest spel eller seriar på telefon/ipad så ein kan ha ved ein lenger tur BEGYNN alltid med å sjå ut bilvinduet/flyvinduet, ser ein ein lastebil, gravemaskin, korleis er omgivelsene rundt deg/ korleis er det på ein flyplass. Ta fram nokon leiker/aktivitet etterkvart og avslutt etter ei stund med ein evt ipad/telefon. La det kjekkeste venta til slutt. Ikkje bruk det opp tidlig. Pakk litt snaks/frukt/gulrøtter/kjeks ol så ein kan ha med. Forsinkelser/uhell kan skje, så greit å kunna fylla opp lageret KØ….. kjedelig for både barn og vaksne, men alt som me er negative til blir barna oppmerksom på òg. Gjer kjipe situasjoner om til noko meir spennande:) Sikkerhetskontrollen kjeme ikke utenom der dersom ein skal ut å fly. Tenk etter kva du pakker i handbagasjen. Det er lov å ha med termos med kokande vatn, flaska med kaldt kokt vatn, MME, Skyr påsar, og tom drikkeflaska. Ta med ei tom drikkeflaska gjennom sikkerhetskontrollen, du kan fylla på i egne drikkefontener på mange av flyplassene. Sparar deg for nokon kroner. Dersom du ammer/flaske eller barnet brukar smokk kan det vera lurt å gjera det ved take off for å redusera trykk i øyra. Bleier er dyrare i utlandet, og særlig no med bleiekutt. Så har du ledig plass i baggasjen, ta med. Valg av bustad der ein skal: ønsker ein minst mulig stress booker ein hotell med alt tilrettelagt, eks sunwing hotell. Mens ønsker ein enklare og oppleva det meir sjarmerande må ein prøva seg fram med bookinger. På flyreise på sas og Norwegian får du inkl bilsete og barnevogn når du kjøper billett til barn under 12 år. Ikke alle land har lik standard på bilstoler, så er ikkje domt å ha med seg sjølv. Du leverer dei i skranken ved spesialbagasje. Skal du senda ei vogn med flyet, då er det lurt å bruka pram pack. Dersom vogna blir ødelagt er det kun gyldig med erstatning dersom den er pakka inni Pram Pack. Bæresele er supert å ha babyen sin i ved reise, då har ein to hender fri til andre ting. På flytur brukte eg den masse, etter take off og landlig syns eg det var trygt og godt å ha babyen i bæreselen då både mor og barn tok seg ein dupp. Kofferten frå Trunkie er kjekk å ha med på flyplassen, då kan barna sitta på den samt ha leiker i den. På gardermoen er det barnevogner etter sikkerhetskontrollen, i høgsesong kan ein vera obs på at det kan vera fleire om beinet. Har ein mulighet å kjøra når barna skal sova, ta fly på natta på langdistanse, ta fly midt på dagen på kortdistanse, prøv det. Gjer det som funker best for barnet ditt Det er egen sluse i sikkerhetskontrollen for barnefamilier og dei så trenger assistanse på fleire flyplasser i Norge. Merk i Spania må barnet vera under året for at ein skal gå i familieslusa. Når ein bestiller flybillett til ein destinasjon med fleire flyavganger, kan ein tenka på om ein skal legga litt meir penga i flybilletten for å reisa med fly på dagen feks. Slik at ein ikke ødelegger døgnrytmen, og sleppe å komma ned på destinasjonen kjempe seint eller stå opp grytidlig. Det må ein finna ut kva som er best for sin familie. Du finner dei fleste apotekvarene i andre land, men ta med om barnet ditt har veldig god effekt av noko. Solkrem tildømes likar nokon å ha med seg då det ikkje alltid er lika bra utvalg som her heima. Uv-drakt og solhatt er fint å ha på stranda då sola er sterkare lenger sør. Slip stop sko er super å ha ved bassenget eller på stranda. Fås kjøpt på Sirkus Rebell Ei lita matta eller handkle til å stella babyen på, det er ikkje alltid det er stellebord på restauranter, så greit å kunna legga babyen oppå noko. Sjekk muligheten for å kunna vaska kle der du skal, så slepper du å ta med deg så masse skittne kle. Jo før du hoppar i det og reiser med barn jo enklare blir det PUST MED MAGEN Gjer det så funkar best for deg og din familie, prøv og feil- det er slik du lærer :) GOD TUR! Håpar du har fått eit par tips på veien:) som sagt eg har ikkje fasiten, men har god erfaring med å reisa med barn:) Ta gjerne ein kikk på instagram eller Facebook sida mi, så deler eg små tips og inspirasjon der òg:) Eg har óg laga eit innlegg om bestilling og generelle tips til reise her

  • Rundreise i Europas billigste ferieland, Nord-Makedonia🇲🇰

    Eg var invitert til Nord-Makedonia av Jane i Macedonia Experience. Han tok oss med på ei flott rundreisa i landet og me fekk oppleva det autentiske så ein kanskje ikkje finner på egenhand😊. Så å booka nokon aktivitetar med dei vil gjera opplevelsen komplett. Ord du ser som er understreka kan du trykka deg inn på så kjem du rett inn i firmaet eg besøkte si nettside. Røykeri, trøffel og god mat🍗 Me blei henta på Flyplassen i Skopje og kjørte ei lita stund til den vetle landsbyen Gostivar, her fekk me besøka røykeriet Gavrilovski. Der hadde dei lina opp eit flott bord med deira eigne skinker og pølser, og ein lokal trøffeljeger, Sasa truffles, kom med trøflene sine. Om det smakte godt, JA! Me fekk gå inn i røykerommet å sjå, her hadde dei både varmt og kaldt røykerom🍗🍖🥓. Det var artig å sjå korleis dei laga det, og ikkje minst å smaka! Trøflane hentar dei i skogen ein times tid unna🌳. Dei brukar hundar til å leita fram trøflane. Den aktiviteten kan ein booka og bli med på sjølv via Macedonia Experience. Kloster og Tyrkisk kaffe og Rakia☕️ Oppover fjellsidene kom me til eit gammalt kloster; Saint Jovan Bigorski Monastery, her var det heilt fredeleg og rolig stemning. Eit par munkar gjekk på plassen der. Stillheten og utsikten mot fjella var ro i sjela⛰️. Rett nedanfor klosteret tok me oss ein tyrkisk kaffe i koselige omgjevelsar på House of Mijaks Ethno Restaurant☕️. Sjekk det lekre serviset! Vidare kjørte me nedover mot Ohrid sjøen, der stoppa me innom destilleriet Distillery Balaklija som var så utrulig for seg gjort. Kvite kirsebærblomar på trea og eit flott smakslokale under jorda🌸. Her lagar dei forskjellige rakia. Dei drive å lagar flotte leiligheter der, så ein kan bu, laga seg mat og nyta naturen og roen! Det kjeme til å bli kjempe flott:)👌🏼 Gode, mette og klar for ei god natt søvn🏩 På kvelden fekk me eit nydelig måltid langt oppi ein liten landsby som heiter Kuratica. På restaurant Plevna blei me møtt av det koselige vertskapet🤗. Dei viste oss inn i ei lita ståva med fyr i ovnen og dekka bord, ja det var litt kaldt der på kvelden. Det skulle vera veldig koselig og fin utsikt der, men litt mørkt når me kom fram. Men maten, den var det ingenting å sei på👌🏼! Altså mat kan dei i Nord- Makedonia😄. Forretten bestod av ein slags meze med masse godt; oster, salsa, skinker++ Til hovedrett fekk me ei deilig gryta. Mette og gode la me oss til å sova på Hotel Villa & Winery i Orhild🏩. Vakre Ohrid🐚 Me våkna til solglimt og koselige gater i Ohrid, der me tok oss ein vandretur rundt i gatene, oppå eit fort og ned mot sjøen der me fekk ein nydelig båttur med Fisherman's House Kaneo ⛵️ Denna nydelige byen skal eg skriva eit eget innlegg om, så følg med! For her kan eg virkelig anbefale deg å reisa!😎 Me fekk delta på eit fantstisk kokkekurs hos Natasha/ Pirustija Nedanoski. Nok ein gong fekk me eta deilig mat! Villa Prespa Me kjørte vidare litt utpå dagen til huset til Jane frå Macedonia Experience, Villa Prespa. 🏡Han og familien leiger ut 4 flotte leiligheter med god stand i fredelige omgjevelsar. Mulighet for sykkel, fotturer, bading og vannaktiviteter🚴🏼‍♀️🏄🏼‍♂️🚣. Det blir meir skildring og bilder på innlegget om Ohrid. Bitola🛕 Neste dag kom me til den vetle byen Bitola, og blei innlosjert på Hotel Teatar. Ein byvandring der me fekk sett korleis byen var og kor ein kunne eta. Hovedgata Широк Сокак strakk seg langt oppover med butikker og restauranter på kvar side. Me fekk helsa på ein hyggelig mann så driver ei gourmetbutikk; Food Republic han skjærte opp oster og skinker til oss, og me fekk smaka på god vin🧀🍗🍷 Me handla med oss litt lokale ting herfra. Middagen med skikkelig Makedonsk musikk hadde me på hotellet🎸🎷🪕Eg seier berre god mat som vanleg. Neste dag våkna me til fuglekvitter og solskinn, så då var det berre å spenna på seg joggeskoa og gå til markedet; Gradski Pazar. Det var ein fin opplevelse. Masse lokale folk stod å solgte frukt og grønt, litt keramikk og ting. 🍓🥝🥕Eg kjøpte med meg heim nokon keramikk skåler og den nyaste fotballdrakta til kidsa. Tips til restauranter: Aurum Kitchen and bar. Nok ein nydeleg lunsj fekk me på Old House Bn som òg tilbyr to flotte leiligheter. Dei hadde òg ein biefarm der me fekk smaka på forskjellig honning og såg korleis han dreiv det. 🐝Hadde me komt tidlig, tidlig den morgonen hadde me fått helst på ein bjørn🐻 Vinsmaking Dagen etter reiste me på austsida av landet, der besøkte me 3 vinprodusenter. 🍇🥂Ja for i Nord-Makedonia lagar dei sin egen vin! Ofta i kjellaren sin eller garasjen. Vinrankene er eit lite stykke unna. Me møtte så vennlige og hyggelige vinprodusenter og dei viste oss gladelig rundt i produksjonslokala!🤗Me fekk både smaka vin og litt tilbehør. Kjekt å høyra på når dei fortalte om vinen og produksjonen. Mange av dei har leiligheter dei leiger ut til turistar i tilknytning til husa deira. Eg kjøpte med meg nokon flasker heim. Vinprodusentane me besøkte var: Family winery Peshkov ,Naumchevi Winery og Wine cellar Popovi Hovedstaden Skopje🎠 Vidare gjekk turen til hovedstaden Skopje. Her vandra me rundt i dei koselige gatene og igjen åt masse god mat! 👌🏼Det kjeme eit eget blogginnlegg på Skopje om ikkje lenge. Torill fra Reisekick har publisert sitt blogginnlegg fra Skopje, så ta gjerne ein kikk på det😄 Denna turen har vore heilt unik og super, me har virkelig fått opplevd og sett det autentiske som Nord-Makedonia har å by på😍 Og det så beit meg mest merke var vennligheten til folk! Altså dei var så imøtekommande, interessert, ville invitera oss inn på kaffe. Varme og koselige mennesker🥰😍 Og ikkje minst blide. Dei lever enklare enn oss, det var som ei tidsreisa å vera der, men dei virkar så lykkelige for det. Det er jo masse historie i det landet. Det er mine reisevenner Reisekick og Catrines reiser bedre på:) Så kven passar Nord-Makedonia til?🇲🇰 Eg vil sei til dei aller fleste så likar å oppleva noko anna, likar å oppleva det autentiske og ikkje masseturismen og syden. Det er masse restauranter i landsbyene og byane, så ein kan få litt forskjellig mat😊 Det kan vera lurt å ha leiebil for å komma seg rundt. Det er ikke så utbygd med kollektivt. Nord-Makedonia er Europas billigste ferieland så her kostar det ikke masse å leva. Tillegg er det veldig lite kriminalitet der ifølge vår guide, så er det veldig trygt der🙌🏽 Reisetips - Fly til Skopje fra Torp tirsdagar og laurdagar med Wizz. (litt tidlig flygning) - Fly til Skopje fra Gardermoen fredagar og mandagar fra slutten av juni til medio august med Norwegian - Ta deg rundt i Makedonia, leiga bil eller bestilla rundreise med Macedonia Experience. - Det kan vera lurt å bestille overnatting på førehand, då det er små overnattingsplassar med få rom. - Standarden er enkel på dei små plassane, men det er reint. Strøm, dusj, do, internett, frukost ol. - Prisane; Middag ca 10-15 euro per pers Øl: 2-3 euro Vin: 2-4 euro per glas. Me kan vel sei at detta er rimelig :) - Det er best å besøka Nord-Makedionia mellom mai og november med hovedvekt på Juni/juli og September/Oktober Macedonia Experience og reisefølge Alt detta så me har opplevd og alt me har fått opplevd er rett og slett pga Jane og Alex fra Macedona Experience. Dei har virkelig satt sammen eit topp program til oss! 👌🏼Og me var enige alle 6 som var på tur at dette var ein kjempe flott blogger tur! Me er 6 forskjellige personar som tar bilder i forskjellige vinkler, fokuserer på forskjellige ting og ser ulike ting. Eg feks, fokuserer lite på årstall og historie, så då blir det meir fokus på skildringer av plassar og tips til aktivitietar, buplassar og mat. Så her er det kjekt å ta ein kikk på dei andre sine innlgg òg, eller følga dei på sosiale medier. Denna flotte, hoppande glade gjengen var eg på tur med: Catrine frå @CatrinesReiser Fanny frå @Reisehygge Merete fra @Worldwithsuitcase Torill fra @reisekick Veronica frå @Norwegianwanderer

  • 3 hotellputer takk!

    For meg er hotell meir enn berre ein plass å bu! De så har fulgt med ei stund veit at eit ekta hotell for meg, skal ha 3 hotellputer, det er ofta eit kjennetegn på at det er eit skikkelig bra hotell😁 Det skal vera komfort, det lille ekstra, gode senger og reint🫶Jo meir forseggjort hotellet er jo bedre! Eg styrer gjerne unna dei store hotella og kjedene, då det ofta er eit maskineri og lite sjarm. Eg trives godt på botique hotel og andre sjarmerande hotell🥰. Stive hotell der ein må kle seg opp for å gå til frukost eller det er stive, kvite dukar, der finner du ikkje meg🙅🏽‍♀️! Eg har gjort masse bommerter med hotellbestillinger, så eg har lært litt, og dermed funnet ut kva eg likar. Eg veit at det er mange av dåka så har heilt andre preferanser på overnatting. Det er jo nettopp det så er så fint med å vera forskjellige. Det er alltid ein overnattingsplass for både deg og meg😄 Følg med lenger nedi innlegget så får du nokon av mine hotellfavoritter. Den flotte øya med det ekle hotellet Eg har hatt nokon opplevelser der eg har berre opna døra til rommet og tenkt- "her skal ikkje eg bu" og gått rett opp til resepsjonen og enten fått bytta rom, oppgradert meg eller bytta hotell (av egen lomma). Ja for det har me gjort fleire gongar. Ein av dei verste opplevelsene var i Malaysia, det var den mest paradis stranda ein kan tenka seg, og små koselige bungalower, som undertegna hadde booka heilt sjølv. Dette var i 2009, så klart eg var ikkje så dreven på bestilling😅. Etter me hadde vore på stranda skulle me ta ein dusj, eg hadde på meg slippers i dusjen, angrar på at eg ikkje dusja ute på stranda den dagen 😅😝🤮Tannglaset hadde dei ikkje bytta sia forrige gjest eller dei 10 siste gjestane hadde vore der..... grøsss... eg tok tannglasset i eit tørkle og bar bort i resepsjonen, han kunne ikke brydd seg mindre🤐😞Når me omsider skulle legga oss så måtte me legga klea våre oppå håveputa for det stanka så ekkelt. Eg trur me greide å bu på dette hotellet i 2 netter. Me hadde booka dykkerlappen så måtte nesten bli på den vakre øya med det ekle hotellet. Eg hadde booka 5 netter der, men dei neste 3 stakk me over til naboøya og kosa oss på eit reint hotell med hyggelig betjening, og masse varaner i hagen og på stranda😎 Eg kjenner eg får grøssninger når eg tenker på det, så her hadde eg nok aldri greid å satt min fot i dag😜 Det er ein grunn til at eg må ha 3 hotellpute standard🤩 Asia- Ein hotell opplevelse I Asia er får ein virkelig valuta for hotella, og om ein velger 4 eller 5 stjernes hotell har ikkje det så masse å sei for prislappen. Bangkok er ein storby der ein får valuta for pengane. Husa raggar høgt opp i lufta, og mange av dei har formidabel utsikt på takbaren sin. Eg har budd og besøkt fleire av dei🏩🏙️Det eg likar best med å komma inn på eit hotell i Thailand er den vennligheten folk viser oss med ein gong, Sawadikaaaa seier dei mens dei holder henna sammen framfor ansiktet😁🥰Så viser dei oss bort i lounge området der me skal setta oss ned og slappa av etter reisa, me får eit kaldt handkle som luktar friskt og enten te eller saft. Noko så passar ypperlig! Hallen er luftig og ofta med litt mørkt treverk, det er stor opning ned til hagen eller stranda så ein få viben med ein gong! Du får følga med litt lenger nede så skal eg lista opp nokon av hotella eg syns står til mine forventningar i Thailand. Ulikt reisefølge Reisefølget mitt har oftast litt forskjellige preferansar på kva dei ønsker og kor masse ein skal legga i ei overnatting🙌🏽 Ja for dei to tinga der høyrer ofta saman, innhold og pris. Når eg reiser med familien så er verken mann eller barn vanskelig å be med på hotell med det lille ekstra🤩! Me kosar oss alle sammen. Så har eg veninner som vil litt forskjellig, nokon av dei vil ha ein plass å sova og nokon så ønsker at overnattingen skal vera ein opplevelse! Eg blir stadig minna på når me var på jentetur og eg hadde bestilt eit 4 stjernes hotell i Tallinn. Når me kom inn så seier dei andre jentene " dette var et flott hotellrom da" 🤩 Og eg tenkte inni meg, " Dette var heilt greit dette" 😜 Jadå me er jo forskjellige! Men me hadde ein veldig artig tur! I mai skal eg på tur med nokon andre venner der me skal ta ein overnatting, med kanskje 3 hotellputer🤩De får følga med på kor me havner😄 Mitt favoritthotell Favoritt hotellet mitt får eg ofta spm om, eg trur eg veit det😉 Det ligger i min favoritt by òg, Sevilla. Det einaste eg syns var domt med det hotellet var at det låg i vakre Sevilla, fordi Sevilla er ein by ein berre vil vera ute i gatene å sjå! Men eg var så heldig at eg fekk bu der i 2 netter i fjor. Det var over forventningene med masse! 3 hotellputer var sjølvsagt på plass😉 Men lukten, lukten i fellesareala! Eg stod faktisk og tok nokon innpust før eg gjekk ut av hotellet for den deilige lukten var heilt nydelig! Interiøret var så stilreint og lekkert🤩 Eg hadde den gongen med meg ein nesten 2 åring så var ganske vill, så var litt små nervøs for pynten i fellesarealet, for eg skulle jo ta bilder ;) men mannen min holdt auga på han! Nei dette hotellet altså! No fekk eg lyst å reisa tilbake asap! Lukten, stilen, ala carte frukosten, vennlige betjeninga, 3 hotellputer, lekre hotellrom, flott takterasse ++++ Ja dette er favoritthotellet mitt!!! Mine tips til hotell med det lille ekstra: - Radisson Collection Hotell Magdalena Plaza - Anantara Rasanada Villa Koh Phangang - Muse hotel Bangkok - Hardangerfjord Lodge - Fyri Resort Hemsedal - Clarion Oslo - Asia Garden hotel Benidorm -Vingårdsferie i Toscana Etter eg hadde skreve lista mi spurte eg mannen min kva hans topp tre hotell var. Eg hadde jo gløymt av desse😅 Men dom du ser så er det ikkje berre eg i husstanden som likar meg på gode hotell😁 Renaissance Bangkok Ratchaprasong Hotel Banyantree Koh Samui Amerikalinjen Oslo

  • Nou Manolin- meir enn ein vanlig tapas bar!

    Baren er fullsatt- "Dos cañas por pavor" skriker hovmesteren til servitøren bak baren! "Si Claro"! 2 sekunder seinare har han begynt å tappa i ølen. Er han for treig klapper hovmesteren i henna og ølen kjeme kjappare👏🏼🍻 Musikken er lav i bakgrunnen, folk snakkar og stemningen er god! Bardisken er i mørk tre med gammeldagse mønstrete fliser på. Bak bardisken jobber servitørene på, dei tapper øl og serverer mat mens dei pratar i vei med både gjestene og seg i mellom. Det er ingenting å sei på stemninga😄 Hovmesteren kjem bort og spør kva me ønsker å eta og drikka- surprise me seier eg! Eg ete kun kjøtt, min mann elskar sjømat. Hovmesteren fikser det! Først kjeme store deilige østers med ein hint av sitron,  så kjeme denia reker, dei så har smak desse rekene skjønnar detta🦐 Me fekk anbefalt crocetas, om dei var gode- JA! Rettane kom på løpande band, akkurat slik det skal vera i Spania, ein rekker å eta opp eit par rettar før neste kjeme🤩 På den måten kosar ein seg med det så er på bordet og kan sitta i fleire timar og eta. Me satt der i 3 timar 😎 Me fekk kongebordet- altså ved døra. Så me helsa på alle så gjekk, det var i den kalde perioden i begynnelsen av mars. Det var kun Skandanaverane så skjønte at dei skulle lukka døra fort etter seg 😉 Me hadde fult overblikk over kva så skjedde ved baren, fekk sett kva tempo dei jobba i og alt gode så blei servert. Me trengte ikkje snakka så masse saman, eg og min mann, for det var så masse så skjedde der. Det var underholdning å berre sitta å sjå på alt så skjedde bak bardisken og måten dei jobba på 😄 Servitørane snakka både engelsk og spansk, og spurte me dei om anbefaling på maten kom dei med masse spennande! Kommunikasjonen mellom hovmesteren og personellet bak baren var fantastisk. Han hadde full kontroll. Mannen i svart kokkeskjorte skjærte skinke heile kvelden, skulle ønske det var til meg😋Det blir neste gong, for det blir ein neste gong! Skinkene hentar dei berre nokon om gangen fra Salamaca slik at dei ikkje skal tapa seg i kvalitet, for det er ganske stor forskjell på klimaet i Salamanca og ved Middelhavet😎 Eg har både lese at Hellstrøm har vore her og har fått anbefaling av venner, men utifrå bildene eg har sett har det ikkje heilt appellert til meg. (Bildene eg har sett var frå 2.etg, mens me satt i baren nede). Så no tenkte me at no får me stikka innom å prøva, og det angra me ikke på👌 Det er nok ikkje uten grunn Hellstrøm syns dette var topp! Prisen ligger litt høgare enn ein vanlig tapas bar i gata, men som Hellstrøm seier; "Nou Manolin er kanskje litt mer enn en tapasbar". For deg så er glad i god mat og ekte spansk stemning på tapasbaren er detta verdt eit besøk! Slike tapasbarer så detta har me savna i Alicante. Husk å bestill i god tid på forhand, eller stikk innom akkurat når dei opnar viss du skal få sjans til å få plass ;) Me likte oss veldig godt nede i baren. Her kjeme me gjerne igjen, for slike ekte spanske tapasbarar har eg savna i Alicante.

  • Sjokolade himmelen i Gjøvik sentrum

    Det er ikkje til å stikka under ein stol at eg er utrulig glad i sjokolade😍 Eg blei raskt introdusert til Gjøvik Sjokolade når eg begynte å reisa hit i 2005, dei rundt meg hadde nok skjønt kor glad eg er i sjokolade😁 Den einaste haka med å introdusera meg for sjokoladen, var at eg måtte innom kvar gong eg var på Gjøvik, og etter å ha flytta hertil må eg styra meg litt 😅😉 Sjokoladen er så god så den er blitt ein favoritt hos familien min i Hardanger òg! Eg kjøper ofta med meg sjokolade når eg skal på besøk til nokon eller det er ein spesiell anledning. Og når folk kjeme på besøk til meg så tar eg dei med innom. Det er jo ikkje alle så kan skimta med ein egen sjokoladefabrikk i byen sin! Gjøvik Sjokoladefabrikk blei opna i 1996, i 2022 fekk Kristina, Heidi og Mariann muligheten å kjøpa opp butikken og ønske om å driva den vidare var stor. No under navnet Gjøvik Sjokolade. Det har vore ei bratt læringskurve for dei tre damene, men dei syns det er kjekt! Siden den tid har dei flytta i mindre og koseligere lokale nederst i Storgata. Der har dei utsalg av all sjokoladen dei lagar, kaffe, varm sjokolade, milkshake og deias eigen gelato. Eg møtte Kristina i lokalet i Storgata 2 og tok ein snakk med ho om korleis det er å driva ein sjokoladefabrikk, og eiga bedrift saman med 2 andre. Kristina er utdanna konditor og begynte i Gjøvik Sjokoladefabrikk i 2015 som ekstrahjelp. Mens i 2018 fekk ho fast jobb som konditor då dei trengte meir folk i produksjonen. Det året begynte dei bla med utsalg på CC Gjøvik. I 2019 blei ho produksjonssjef, ansvaret for produksjonen er noko ho likar svært godt. "Det er så gøy å få utvikle sine egne smaker og kombinasjoner" seier Kristina. Ho lagar sjokolade i produksjonslokalet i sentrum kvar dag. Ein av sjokoladene ho har utvikla som har blitt meget populær blant kundane er Nøtteliten som består av sjokolade, gull karamell, hasselnøtter og flytande karamell. Høyres og smakar himmelsk ut spør du meg😁 "Det er veldig kjekt når folk etterspør smaker og en kan lage det kundane ønsker". Seier Kristina som er kreativ og får brukt konditor kunnskapane. Favoritten hennas er Butterfly med kokoskrem. Folk kjeme med tips til kva dei ønsker i sjokoladen og Kristina eksprimenterer seg fram og finner den riktige smaken, slik får dei fornøyde kunder og eit bredt utvalg der dei aller fleste finner noko dei likar. Salt karamell og kvit sjokolade som Kristina har utvikla er blitt veldig poppis. Ja og den sukkerfrie sjokoladen er veldig populær blant dei så ynskjer det. I 2018 kom Gjøvik Sjokoladefabrikk på riksdekkande TV for at dei var ein av dei første i Norge som laga Ruby sjokoladen. Folk fra Oslo reiste omveier til hytta for å komma innom Gjøvik for å kjøpa denna populære sjokoladen. Noko så slo positivt ut på salget. Ruby sjokoladen er ein naturlig rosa sjokolade som er utvikla av ei rosa kakaobønne, så her er farge og smak heilt naturlig. Den er litt fruktig og litt syrlig. Ruby sjokoladen er forska på i over 10 år, så dette måtte jo berre bli bra. Min ruby favoritt er den fisken med pasjonsfrukt inni. I tillegg til all den gode sjokoladen lagar dei sin egen gelato. Gelato er ein ordentlig italiensk is som serveres ved ein høgare temperatur enn den norske fløyteisen. Noko så gjer ein bedre smaksopplevelse, det smaker så mykje meir, og ekte smak! Sommeren er høgsesong av is, men dei har gelato med ulike smaker heile året. Eg fekk smaka sjokolade gelato og rips sorbet som begge var nydelege! Rips sorbeten er så heimelaga så den kan få blitt, med egne plukka bær fra hagen. Det er både Kristina og mange barn sin favoritt, pga den syrlige smaken og den lekre rosa fargen. Kristina var på gelato kurs, og etter det utvikla ho si eiga oppskrift utifrå det ho lærte der. Det er jo kun fantasien som setter stopper. Til jul hadde dei pepperkakegelato feks. Det fine er at ein betalar per hekto gelato, så ein kan ta ein liten smak av fleire i begeret. Som de ser av bildene under er det så mange forskjellige figurer og former sjokoladene kjeme i. Så det passar godt til ulike anledninger; gaver til bursdag, dåp, konfirmasjon, utdrikningslag, eller berre i konfektskåla! Bestselgerene til Gjøvik Sjokolade er: Bananskum sjokolade Karamell Nougat No har dei begynt med Donuts på fredagane, og det har vore veldig populært! Så populært at dei skal ha det nokon laurdagar innimellom, det blir det gitt beskjed på via sosiale medier. Eg gler meg til å smaka :) Tillegg til butikken i Storgata 2 har dei nettbutikk òg, så her kan ein bestille til heile landet. (det anbefaler eg deg å gjera dersom du ikke har smakt den gode sjokoladen enda). Du finner dei på Instagram og Facebook, der legger dei ut fristande bileter og videoer av gelatoen, sjokoladane og produksjonen av dei.

  • 1 år med Reisermedglede!

    Eit år med Reisermedglede- eit år med reiseglede, eit år med mase flotte opplevelser, eit år med masse nye bekjentskaper, eit år med masse morro, eit år med hygge, eit år med pleie av vennskap, eit år med nye vennskap, eit år med utvikling av business, eit år med befrielse, eit år med personlig utvikling! Takk til deg så er inne å leser bloggposten mine, så er inne på Instagram og på Facebook og følger med, liker, kommenterer og deler det eg legg ut🤩🤗 Takk til deg så heier på meg, og skjønnar kor viktig denna draumen min er😍 Det betyr utrulig masse for meg! Nokon av dåka har vore inn på Instagram kvar dag sia eg oppretta kontoen, nokon har komt til etterkvart som dei har høyrt det frå andre eller at eg har dukka opp ein plass. Uansett kven du er så er det utrulig kjekt at nettopp du er her inne💖 Kvifor oppretta eg reisermedglede? Eg var på ei strand i Thailand for 1 år sia og som de sikkert har fått med dåka så elskar eg å ta bilete. Itillegg fulgte eg nokon reisebloggera på min private insta og tenkte detta ser kjekt ut, kvifor kan ikkje eg prøva... Etter eg kom heim oppretta eg Reisermedglede. Fekk hjelp av ein kollega til å finna navn og laga heimasia mi. Så var det berre å posta då, men kor skulle eg begynna, hadde jo uendeleg med reisebilder📸 Og korleis skulle eg strukturera detta. Veien gjekk til mens eg gjekk og eg møtte på så masse kjekt på min vei! Reiseåret 2022 blei knallbra- Eg var eg så underkua på reiser at det måtte jo bli bra🥳 Året starta med eit brak på Bangkok tak med rakettar i alle regnbuens fargar og båtar flott dekorert på elva. Å booka Lebua at State tower med river view er eit hot nyttårsafta tips! Vel heimatt i Norge begynte eg med ein Oslotur med veninder frå reiselivshøgskolen, med middag, hotell, spa og alt. Skikkelig koselig og veldig fin kvalitetstid! Eg kan anbefale the Well på det varmaste🤗 Etterfulgt av ein kjærestetur til Dublin, der eg virkelig fekk augene opp for den flotte byen🤩 Pubkultur og dørjakt var topp👌🏽 Ein tur heim til Strandebarm måtte eg jo, vakrare plass enn det skal ein leita lenge etter😍 Den turen avslutta eg med ein tretopptur i Odda, nermare naturen kjeme ein ikkje innandørs isåfall🌳 Sjekk ut Woodnest. Eg tok meg ein togtur til Trondheim for å få litt faglig påfyll med Markedsføring, der stifta eg bekjentskap som utvikla seg til jobbmuligheter🤓 Då var berre rett heim å pakka om kofferten til vår og sommarkle, for no skulle me vera 5 veker i Spania😎 Som du sikkert har fått med deg har me ein Casa i Spania- Casa Berge som me reiser til så ofta me får mulighet🤩🥳 Me naut kvart sekund, vera ute, få sol på oss, vera sammen som familie, nyta den spanske kulturen og få nye venna😄 Itillegg hadde me oss ein road trip til Andalucia me var innom Granada i piss regn, og den vakraste byen av dei alle- Sevilla😍 Der har eg budd og studert i 2005, så den byen betyr masse for meg. Herregud så vakker du er Sevilla🤩 Eg toppa turen med å sei opp jobben min- ADIOS! Ein klump løsna frå brystet og eg kunne endelig pusta ned i magen igjen! Kva eg skulle gå til var no endå litt usikkert, men eg hadde eit par idear😁 Mai og juni hadde me nokon fine Norgesturar til Strandebarm og ellers rundt i Norge. Kvalitetstid med familie og venner i Hardanger var godt🥰 Og sjølvsagt masse flotte naturopplevelser. Eg skreiv eit blogginnlegg om heimbygda mi Strandebarm, og det fekk eg enorm respons på🤩🥳 Eg setter umåteleg pris på alle så har lest og delt det innlegget. Det slod alle rekordar🌟 Så Strandebarm er eit hot tips til Norgesferien, ta gjerne ein kikk på innlegget her. Ikkje nok med at Strandebarm er vakkert, men eg fekk oppleva det i bløminga, tenk deg snødekte fjell, turkis fjord og blomar på epletrea🌸 Nei, det er drops for auga og ro i sjela, det må rett og slett opplevast. 🙌🏽 Sommarferien blei magisk, og varm- me reiste til Casa Berge og nytte ekstremvarme der med familie og venner😎 Itillegg reiste me rundt på Costa Blanca og fekk besøkt mi favorittøy Isla Tabarca og vakre Altea. Begge plassane skal eg tilbake til i år🤩 Itillegg fant eg ei skjult perla, nettopp fordi eg følger med på reisetips, den har eg delt vidare her. Hausten bau på nokon flotte samarbeidsturar i nærområdet, både tretopphytta i Brummunddal og hausteventyr i Sjodalen. Ikkje nok med det, me rakk ein tur heim til Hardanger i haustferien med krabbefiske og familiehygge🥰 I eit par år hadde me planlagt ein vingårdsferie, og det blei det i september, til Toscana🍷 Pasta og vin på ein nydeleg vingård, små landsbyer og hyggelig selskap var heilt innanfor👌🏽 Eg avslutta utlandskarrieren for i år(trudde eg) med ein studietur til Aragon i Nord Spania, det var ein annleis opplevelse enn eg er vant med i Spania. Der var det lite palmesus, men flotte natur opplevelser og ikkje minst nydeleg mat, me var heilt oppi Pyrineane, og det var ein magisk opplevelse🤩👌🏽 Det ligger bileter fra turen på instagram under høydepunkter dersom du vil sjå. Etter ein mørk og kald haust fant eg ut at me ikkje kunne legga utenlandsturane heilt på hylla. 1.juladag fekk me nok av snø, kulde og konstant fyring i peisen, me måtte til Sola😎 Sola fant me på Casa Berge☀️ Det blir ikkje siste gongen me reiser ned der i julaferien! Håpar på masse flotte reiseopplevelser i detta året! Eg elskar å formidla reisene mine både her på bloggen og med bilder/videoer på sosiale medier, så håpar du har lyst å følga med vidare😄 🤩 Instagram heiter eg @reisermedglede og på Facebook heiter eg Reiser med glede Første turen i 2023 begynte i Spania, så er neste tur bestilt til Casaen i vinterferien. Ein tur til Oslo i mellomtida blir det, men om det dukkar opp ein mulighet før det takkar eg ikkje nei til det🤩 Kom gjerne med ønske og forlsag til kva du vil sjå meir av og kor eg bør reisa, så tar eg utfordringen din😁😁 Eg ønsker meg fleire samarbeid både i Norge og utlandet, så eg kjeme gjerne til di bedrift og promoterer den! Gje meg ein lyd på info@reisermedglede.no. Eg har brukt hausten til å jobba med diverse prosjekter og tenkt gjennom kva eg vil- eg vil vera ein digital normale der eg kan jobba fra kor som helst, sleppa å stressa i kvardagen og vera her med familien. Og det viktigaste, jobba med noko eg likar! No har eg eit firma som skal hjelpa bedrifter med digital markedsføring og salgskonsulent i ei reiselivsbedrift. Vil du ha meir informasjon om dette send meg gjerne ein mail på info@reisermedglede.no Håpar du er klar for eit nytt år med reiseglede, det er isåfall eg! Det er ikkje til å legga skjul på at eg elskar Spania og Thailand, og blir glad av å vera under ein palme. Men eg prøver å varriera litt på reisemåla mine. Igjen, tusen takk for at du blir med meg på reiseeventyret mitt😁 Og takk til samabeidspartnera så lar meg få testa og formidla produkta og opplevelsane dåkas😁 Og ikkje minst takk til min tolmodige mann, barn, familie og venner som er med meg rundt om, stiller opp på bilder og venta med å eta til eg har tatt bilde av maten osv🤩🙌🏽 Helsing Eva Reisermedglede

  • Dublin er meir enn pub og irsk musikk

    Dublin er ein akkurat passe by for ein weekend tur, enten du reiser med kjærasten, familen, venner eller solo. Ein finne kvarandre lett igjen dersom ein skiller litt lag og får sett masse både til fots og med transport. Det er ikkje til å stikka under ein stol at Dublin har ein livlig pubkultur, det er faktisk ein stor del av det å vera turist i byen. Det er ein egen stemning, folk skravler i vei mens dei drikker favoritt ølet sitt, nokon plasser er det ein trubadur som speler fengande irske toner, då er det ikkje mange i rommet som sitter stille og dei fleste synger stemningsfult med! Temple bar er jo eit kjent område for mange, og det er hyggelig å ta ein tur innom der å føla på atmosfæren, men det er klart at det kan vera kjekt å bevega seg litt utanfor det område å sjå meir av byen. Du skal få mine tips til stemningsfulle puber lenger nede i innlegget. Dublin har meir å by på enn pubkultur. Eg var på dørjakt i gatene og fant dører i alle regnbuens fargar. Det er fleire historiar bak Doors of Dublin, en av historiene strekker seg tilbake til 20 tallet der den berømte forfattaren Moore malte døra si grønn så naboen ikke skulle ta feil dør når han kom heim fra byen. Eg syns uansett kva historie som er sann at det lyser opp eit vanleg nabolag med desse dørene. Nokon av gatene eg fant dei fargerike dørene: Merrion Square, Saint Stephen's Green og Fitzwilliam Square bla. Er du interessert i kultur så er Collage of Trinity verdt eit besøk, inni der er Books of Kells. Altså det var så gjennomført og så flott i djupe eikefargar. Ein kan kjøpa audioguide på stedet og høyra historien bak, det er det mange så likar. Ute på plassen ved The Berkely Library står skulpturen Sfera con Sfera, den indre ballen representerer Jorda og den ytre Kristendommen. Tannhjula symboliserer sjørheten og kompleksiteten i verden. Ta ein kikk å sjå, ganske så kul. Mat må man ha! Du veit, eg elskar god mat og godt drikka, så for meg så er det viktig å finna nokon gode restaurantar på tur. Denna gongen hadde eg kun bestilt ein restaurant, og sjølv om me var to personar, så var det vanskelig å få plass på kveldane i 7 tia. Du kan tru frk Berge var litt hangry då :P Men heldigvis for reisefølge fekk me oss ein god restaurant med masse god tapas, og ein perfekt Porn Star Martini til dessert. Farrier & Draper heiter den. Eine dagen hadde eg bestilt Brunch på Pink Restaurant, det var jo tross alt Valentines dag rett rundt hjørne <3 Der kunne dei mat, virkelig! Eg tippar det er lika godt til både frukost, lunsj og middag. Ja ein hjerte dessert måtte eg ha òg. Alt var rosa der inne, interiøret, service, pynten, boblene, og innslag i maten. Her går eg gjerne igjen! Har høyrt at afternoon tea skal vera god der òg. Eit realt kjøttstykke er noko eg setter pris på, og gjerne tørrhengt! Det fekk me på den koselige restauranten F.X. Buckley. Eine kvelden tok me turen til ein anna bydel som er litt meir sånn Løkka i Oslo, der var det barer og restauranter på kvar ei side av gata. Me åt litt forskjellig der, både thai og libanesisk. begge deler var middels god. På turen nedover fant me ein av dei eldste pubene i Dublin The Brazen Head, den var stillig, men mangla litt atmosfære syns eg. Så me gjekk nedover til den sentrum igjen. Der var det god stemning på stam baren vår; Merchant`s Arch. Den var stillig innreda, Ein tur over elva på kveldstid er koselig, då får ein sett alle dei fine fargane som lyser opp bruene. Og det er verdt å nevnt den italienske restauranten med den gode servicen på andra sia av elva Bar Italia. Der fekk me masse god italiensk mat. Brunch er jo inn i tiden, og i Dublin så var det masse plassar med brunch, og her var det berre å drikka bellini med begge henna, dei kaldt det for bottomless bellini. Me skulle reisa den dagen, så det blei med maten for vår del;) Men maten på Cleavereast var veldig god! Hot tips til bar- Vintage Cocktail Club! Men bestill eller regn god tid i kø- det er baren med svart dør uten navneskilt. Du booker bord, dinger på døra og får komma inn til oppsatt tid. Du går opp den smale trappa og blir guida inn i det vetle lokalet som er i vintage stil. Her får du bestilt ein drink mens du studerer alle detaljene i rommet. Dette var kult! Me budde på Hard Rock hotell og det anbefalast virkelig! Detta var stillig og gjennomført! Bildene taler for det. Frokosten var ala carte og veldig god! Dei hadde ein god restaurant på hotellet der òg, me testa eit par gode drinker der. Veldig hyggelig betjening på hotellet, reint og fresht. Det var grei størrelse til 2 personer på rommet, skal ein vera fleire så bør ein ha eit større rom. Ellers så kan eg nevna restaurant og baren The Church som eg var på i 2008 på studietur, den er veldig populær, god mat og hygge stemning. Mange trekkes til Guiness og Jameson museumet, i følge mannen var det ein kjekk opplevelse, her får du ein bra historie om Guiness og Jameson. På Guness museet kjøpe han ein billett der det var inkl ein Guniess, den kan ein velga ta i skybaren med utsikt over byen, eller nede i museet der ein kan læra seg å tappa guniess. På Jameson museumet fekk han ein guida tur gjennom dei gamle produksjonslokalene, der de fortalte om historien og produksjonen. Smaksprøver på de forskjellige typane. Prisane var ganske rimelige begge steder, og ein fekk valuta for pengane. Som du ser av innlegget så er mat og drikka ein stor del av turane mine, eg likar å kosa meg, og heldigvis er eg gift med ein så er lika glad i det som meg! Denna turen var me på uten barn, så fekk testa litt forskjellig restaurantar og pubar. Eg syns Dublin er ein fin by å reisa på året rundt. Me var det i februar og gjekk i joggesko og boblejakka. Så det var ikkje sånn kjempe kaldt då. Eg tenker at på hausten/vinteren er det ekstra koselig å gå inn på ein pub å varma seg på noko varmt og godt å drikka. Eg kan godt tenka meg å reisa meir rundt både i byen og utanfor, det er masse flott og annleis natur i Irland. Og eg har allerede fått fleire hint om vennepar som vil på tur til Dublin, det seier eg ikkje nei til :D Tips til turar generelt, gå inn på kartet, finn det gule/fersken farga området i byen og gå litt rundt der, då er du som regel i sentrum. Skriv gjerne ned nokon gatnenavn, severdigheter ol før du reiser så veit du om du kan ta to fluer i en smekk om byen er litt størrelse på. Eg anbefaler å booka eit par restauranter så de har noko å gå til så ein slepper å gå rundt å vera svulten;) Så eg får sei som eg ofta seier- I will be back!

  • Møt jula i Europa

    Kva er vel ikkje herligare enn skikkelig julestemning før jul🎄 Både små og store byer i Europa lager til dei flottaste og koseligaste julamarkeda. Her er det store julatre, masse julabelysning, mat frå forskjellige kulturar, gavetips, ja og sjølvaste julanissen tar ein tur innom og helser på🎅🏼 Om detta er stas for både store og små- ja, det syns me!🤩 Eg har alltid vore vant til å reisa vekk i romjula frå eg var ungdom, me reiste til Granka med heile storfamilien og kosa oss i sola. Etter eg blei vaksen har eg valgt vekk jula og heller sett muligheten for å sjå fridagar og bruka pengane på noko eg heller setter pris på🤩🌍🌴 Dei siste åra etter me fekk ungar har me gjort begge deler, delt opp litt. Så istadenfor å reisa vekk i jula har me heller reist på eit koselig julamarked i Europa🎄🎅🏼 Kva med å legga flybillettar/tog/hotell i julakalenderen ein dag, og vipps så kosar de dåka ei helg med julamarked! Det er jo koselig å ta ein pust frå julastria og ta tid til kvarandre🥰 Er det ikkje det jula handlar om då, å vera med sine kjære😍 Eg tippar barna vil sjå sine foreldre som er tilstedes og ikkje stressar med gulvvask og handling! Det finns så mange julamarked både i Norge og Europa, og kva skal ein velga? Mitt tips her er viss du har sett deg ut ein plass du vil besøka, så er det lurt å sjekka flybilletta i god tid, samt overnatting. Viss du ikkje veit kor du vil dra, du vil berre ha litt julastemning, og ein rimelig tur. Då ville eg begynt med å sjekka flybillettar til forskjellige byar, når ein har funne ei flyruta som passar, sjå etter overnattingsplass, aust Europa har ofta rimelige overnattingsplassar. Prøva å finna eit hotell så ikkje er så langt unna julamarkedet, om det er ein stor by. Deretter sjekka om det er eit julemarked eller fleire i byen. Sjekka restauranttips påforhand, og gjerne booka bord. Det er ofta masse mennesker i byen, så fyller seg fort opp. Er det andre aktiviteter/sightseeing du vil sjå i byen mens du første er der? Eg vil dela mine opplevingar frå julamarked. Eg har ikkje vore på så mange enda, men dei eg har vore på har vore veldig koselige🎄Eg ønsker meg svært gjerne å reisa på eit julemarked i år, men me får sjå kva tiden bringer. Warszawa er ein ganske passe stor by. I gamlebyen hadde dei laga til eit koselig julamarked med boder, varmt å drikka og masse fint å kjøpa. Det er små pynta parker før sjølve julamarkedet i gamlebyen så var hyggelig å gå innom. Me budde på Mariott, noko så var kjempe flott! Det ligger midt i smørøye i den nye delen av byen, med kollektivt rett utanfor døra og shoppingsenter rett attmed, dei har sømmebasseng/spa, restaurantar, lounge og bar der. Me brukte shoppingsenteret, restaurantar og litt sightseeing itillegg til julamarked. Tips til restaurant: Beef n`Pepper, Aioli Cantine Bar Cafe Deli, Culiniinaria Italia, Zapiecek Bratislava: For ein liten, koselig by! Og her kunne dei julastemning, tom trikken var pynta til jul! Julamarkedet foregjekk i sentrum av byen. Her var det eit stort julatre midt på plassen, nokon boder rundt, og det koseligaste markedet fant me på Main Square, her var det stemning. Folk kosa seg med gløgg mens dei små åt frå bodene, handla med seg litt julapynt og presangar, ja og det vart sjølvsagt spela julamusikk. Detta var stemning! På dagtid var me innom eit anna julamarked ved det gamle rådhuset, der hadde dei sauer som ein kunne klappa, detta var stas for kidsa! Me budde godt, Sheraton Bratislava Hotel med ei nydelig suita. Sånn er det når ein er konsekvent med bestillinga si veit du, då får ein fordelar:) Det låg ikkje midt i sentrumsgryta, men 10 min å gå så var me i streeten. Me åt veldig god mat itillegg til å kikka litt rundt i byen. To netter her var topp. For å komma seg til Bratislava, tok me direktefly til Wien og tog i ca 45 min til Bratislava. Enklare får du det ikkje. Wien: Altså her kunne dei julamarked🤩 Eg kom utav tellinga her, me gjekk innom det eine etter det andre. Og felles for alle var at dei var veldig stemningsfulle på sin måte. Eg hadde notert meg ned 3 stykk som me skulle sjå, men det blei no minst dobbelte. Den dagen hadde eg langt over anbefalt skritt på klokka, men å berre gå rundt å sjå i ein så vakker by med så mange flotte julamarked, var ein fryd! Julemarked på Karlsplatz var veldig lagt til rette for barn, her var det hopp i høyet, kosa med dyr, formgjeving og ellers familiehygge! Me tok det mest spektakulære til slutt, og det var lurt. Då var det nett begynt å bli mørkt og lysa i markedet tentes. Me såg det opplyste pariserhjulet på avstand, parken var så flott pynta og stemningen så god! Eg såg lysa tentes i augene til 3 åringen! Eg vil trekka fram det koselige markedet på Am Hof med alle gode matbodene. Litt roligare stemning og folk kosa seg:) Jammen kom ikke nissen der òg, det var stas! Du Vienna du Vienna, for ein vakker by🤩 Som sagt, me gjekk og me gjekk den dagen, så fekk jo sett kor utrulig nydeleg byen var😍 Her skal eg tilbake. Eg har vore så lite i sentral europa. Me kom med morgentoget frå Bratislava og hadde eit døgn på oss før flyet gjekk heimatt. Det var klart altfor lite, men sånn blei det den gongen. Kjempe flott å kombinera Wien og Bratislava. Max ein times togtur mellom byane, og ein brukar flyplassen i Wien for direktefly. Hotellet me budde på hugsar eg ikkje navnet på, men eit heilt greit 3* hotell. Me var nesten ikkje inne på hotellet for det var så masse fint i gatene. Klart det var litt teit å gå fra 5* i Bratislava til 3* i Wien, men prisane..... ;) Skal ein reisa til Wien på julamarked, kan det vera lurt å ta ein kikk på kor det er marked i byen, har ein fleire dagar, konsentrer deg om eit område eine dagen og eit anna område neste dag. Når ein første er i Wien bør ein smaka på schnitzelen, den er ikke berre god, men diger! Me fekk skikkelig god schnitzel på 7Stern. På kvelden hadde me digg mexicansk på Santos Neubau. Oslo: Julamarkedet som lyser opp Spikersuppa er så koseleg! Her er det glade barn som står på skøyter, boder med masse godt i og ting å få kjøpt med seg. Her kan ein enten ta ein dagstur eller gjera det til ei hyggelig helg. Eg har jo allerede laga guide til restauranter og hotell for deg:) Berre ta ein kikk på desse innlegga om du vil ha tips :) København: Her var me faktisk på romjulsmarked i tivoli for x anntall år sia. Me segla med DFDS over og nytte ei natt i køben med det julapynta tivoli. Manchester: Fotball og julamarked det kan vera ein fin kobo. Det gjorde min mann for nokon år sia, og dei hadde laga det veldig hyggelig i gatene med lys, nisse og masse boder. Og du, Manchester er så mykje meir enn fotball. Eg gler meg allerede til neste gong eg blir invitert med, for her var det så hyggelig stemning, bra shopping og ikkje minst masse gode restaurantar! Ja det er så mange plassar å reisa på julamarked! Tyskeland skal jo vera heilt rå på julamarked, så det har eg på lista mi! Personlig syns eg dei små koselige julamarkeda er koseligste! Men det er ei smakssak. Der får ein ei heilt anna stemning. Sånn så i Wien så fant me begge deler, men det blir meir avstandar og gåing. Vil du ha eit koselig lite julamarked vil eg ha satsa på ein av byane i Aust Europa, og der er det jo ofta rimelig både hotell og fly. Eg kunne tenkt meg Tallinn til neste julamarkedtur til Aust Europa, det er jo ein koselig by i seg sjølv. Skal du reisa til ein litt større by med masse julamarked; velg deg ut eit område og konsentrer deg om det ein dag og eit anna område neste dag feks:) Eg snører på meg joggeskoa på kvar ein storbytur, så eg er forberedt på masse gåing, det er jo då ein får oppleva koselige gater, torg så opnar seg og hyggelige restaurantar som ein ikkje ville gått forbi om ein tar kollektivt. Det finns så masse koselige lokale julamarked så ein kan besøka på dagstur, kanskje du har eit i din by/tettstad:) Følg med på facebook eller i avisa, så kjeme det heilt sikkert opp noko snart! Har du vore på julamarked og har eit tips til meg, skriv det gjerne i kommentarfeltet under:)

  • Mine restaurant tips i Oslo

    God mat på reise er pri nr 1 for meg! Eg trenge ikkje gå på fancy restauranter, men det må vera god kvalitet, hyggelig betjening og eit inbydande lokale. Dette føler eg at eg finner masse av i Oslo. Så å ta toget inn i hovedstaden og eta god mat er heilt herlig! Gjerne sammen med andre så nyter det lika masse som meg. Når eg reiser til Oslo så prøver eg å finna matkategoriar/land som me ikkje har her på Gjøvik eller som eg ikkje er så god på å laga sjølv. Eg vil skriva litt om mine restaurantopplevelsar i Oslo dei siste åra, kanskje du plukker med deg eit tips eller to til neste Oslo tur :D Asiatisk fusion: Nodee i Barcode og Asia på Aker brygge. Her får du nydelege asiatiske smakar! Eg pleier å bestilla litt småretter og dela med bodkammeraten så får ein smaka litt av kvart! Litt sånn astiatisk tapas:) Og du, på dei asiatiske restaurantane laga dei skikkelig gode drinkar! Dei med passjonsfrukt er min favoritt. Biff: Köd kan köd rett og slett!👌🏽 Her får du saftige biffar med godt tilbehør. Carpaccioen til forret var heilt nydeleg!👌🏽Hyggelig stemning og god mat! Arts Restaurant: Ein fancy og stillig restaurant med god atmosfære, hyggelige servitørar og ein vinkelnar så virkelig kunne jobben sin! Kjøttet her var nydeleg!Og den burrataen!!! Eg har tatt med meg eit godt tips frå den heim i min matlaging;) Og vil du ta ein tur å sjå på kunsten, er det galleri der. Tapas: Barramon på Mathallen; Pintxos tapasbar midt i mathallen, der sitter du på barkrakker og tapasen er dandert på brød delikat inni disken. Eg pleier å bestilla to pintxos i slengen, eta og nya mens eg ser over utvalget. Eit godt glas med cava høyrer med. Når du er ferdig teller mannen bak disken opp kor mange tannpirkere du har, og summerar det. Castello på Sørenga må eg nevnt av fleire grunnar, utsikten når ein sitter ute; å sjå rett bort på barcode og Oslobukta mens ein ete digg tapas og ein nydeleg sangria! Ikkje berre har dei vanleg sangria, dei har både kvit, rose og med cava. Utvalget er bra og så er smaken på sangriaen! Tapasen er nett så me likar den, og den blir servert delikat :) Mexicansk: Coyo og Tijuana. Når ein ete mexicansk mat, så syns eg ein bør ha litt mexicanske rytmer og fargerik restaurant. Det har begge desse to greid! På Sørenga finner du Coyo i eit supert fresht og lyst lokale. Altså her kan dei interiør, masse stillig men på ein innbydande måte. Ein kan sitta ute og nyta utsikten om ein vil her òg! Maten, drinkane, atmosfæren, ja altså detta er snadder! Viss eg skal trekka fram ein drink er det smoked margaritas. På Løkka finner du den stilige Tijuana, her er det dødningehoder og kule farger som preger lokalet. Godt utvalg og digg mexicansk mat! Indisk: Jewel of India og Mantra. Er det ein ting eg syns eg skikkelig digg så eg ikkje greiar å laga sjølv, så er det indisk mat. Smakane der altså, og risen, sånn ris får ikkje eg til å laga heima! Så nesten kvar gong me er i Oslo så må me eta indisk. Eg har lagt min elsk på Jewel of india som har koselige lokaler, skikkelig god mat, hyggelig betjening! I ei sidegate nederst i Karl Johan finner du den flotte restauranten Mantra by Mr Indria med den stilige tandoriovnen. Lokalet er lunt, folka er hyggelige og maten er topp! Gourmet: Vil du kosa deg litt ekstra og smaka deg gjennom nydelege rettar er Kontrast å anbefala! Dei har ei Michelin stjerna, men dette er ikkje ein type stiv restaurant. Me hadde ein 11 retters meny og alt smakte godt! Eg hugsar den eine retten med ost, sjølv om det er 4 år sia me var der! Flott mat og vin presentasjon til kvar rett. Lokalet er anonymt, men allikavel stillig! Vil du ha litt av alt, kanskje følget ikkje er enig med dine matønsker, då er det berre å gå på Mathallen eller Oslo Streetfood, bestille mat frå kva sin restaurant og setta seg i midten på fellesborda. På den måten kan ein smaka litt av fleire og alle blir fornøyd med sitt matvalg :) Og du, vil du gå på ein skikkelig koselig liten bar med gode drinkar, då er Perla på Sofienberg plassen! Har du plana om ein Oslo tur og trenger tips til ein plass å sova, ta gjerne ein kikk på innlegget om mine hotell favoritter:) Og vil du rusla nedover langs Akerselva kan du bli med på min tur først! God middag og kos deg i hovedstaden!

  • Vamos a la Playa!

    Det er snart tid for sommarferie og mange har tenkt seg til sydligere strøk for å få ein flott ferie med strand, sol og alt anna herleg så høyrer med på ein skikkelig sydenferie! Eg pleier å skru musikken på full guffe i bilen på vei ned til stranda mens me synger Vamos a la Playa - som betyr: Kom, la oss dra på stranda! Men før ein kjem seg til strandparadiset er det ganske mange ting ein tenker på, isåfall nokon av oss. Nokon likar å ta ting på sparket, då ein kanskje berre reiser for å få sol og gjerne uten så mange i reisefølge. Mens andre skal ha med seg både born, besteforeldre og onkler. Det å finna noko så passar for alle er ikkje berre berre. Derfor kan det vera greit å ha ei lista med kriterier og finna ein plass som kan passa utifrå det. Skal ein reisa på øyhopping i Hellas, strandferie i trygge Spania, skjærgården i Kroatia, det billigare alternativet Bulgaria eller det nye og spennande Albania? Ja her gjelder det å finna eit land og konsentrera seg om kva plassar ein skal velge der. Her er nokon ting det kan vera greit å tenka på før ein bestiller reisa (gjerne dersom du har med deg ungar): 😎Reisetidspunkt, å komma ned seint på kvelden med små ungar er kanskje ikke den besta. Har ein mulighet å velga ein tidligare flygning kan det henda passar deg bedre. 😎 Kor er det trygt å ferdas no til dags. Med dagens verdsbilete er det stadig fleire så tenker på detta. Eg kan ikkje sei kva ein bør og ikkje, men ein kan tenka seg geografisk område, retning, korleis er helsetilstanden i landet ifht korona, er det nokon sjukehus i nærheta ol. 😎 Reiseforsikring og avbestillingsforsikring er alltid greit å ha kontroll på. 😎 Velg deg eit land så du liker/kunne tenkt deg og sjekk ut om dei forskjellige plassane i det landet. 😎 Kor viktig er beliggenhet ifht strand, sentrum, serverdighetar. 😎 Nærhet/transport til/fra flyplassen 😎 Kva finnst det av fasiliteter i nærheten 😎 Kor langt er det til stranda, kan ein gå eller må ein ha bil/kollektivt 😎 Kva fastilitetar ønsker ein på overnattingsplassen; basseng, restaurant, leikeplass, aktivitetar. 😎 Skal ein velga hotell med frukost og basseng eller leiga leilighet så heile storfamilien får plass og kan ordna seg sjølv. 😎 Er det mulig å få/leiga barneseter på buss/bil. Mange flyselskap har inkl bilstol og vogn i billettprisen. 😎 Ønsker ein å oppleva det autentiske, kulturen i landet eller berre sol og strand. 😎 Har pris ein betydning. Reiser har generelt blitt litt dyrare no med alt så foregår i verden. Men for nokon er det viktig å komma seg på ferie og slappa av langt vekke fra heima. Så kan ein tenka om ein ønsker alt tilrettelagt på bustaden + gode flytider så må ein gjerne betala for det. 😎 Ønsker ein å vera på samme plass heile tida eller bytta mellom to plasser, område, byer, øyer, land. 😎 Les reisebloggar, få tips fra bekjente, les reisebøker, spør gjerne underteikna etter nokon tips :) Alt dette kjeme an på korleis ein er som person og kva ein verdsetter, så dette er nokon av dei tinga mange tenker på/kan tenka på ved valg av sommarferie. Mine siste strandferiar har gått til Casa Berge på fastland Spania, der har me det lokale landsbylivet med ein god blanding av spanjoler og turistar, milelange strender, masse fasiliteter i nærheten for heile familien og ein god dose spansk kultur. Her veit me kva så ventar oss, det er trygt og godt, bra tilbod til heile familien, herlige temperaturar heile døgnet, god mat og lange strender. Det er gode muligheter å oppleva severdigheter, parkar, byar og andre spennande plassar i nærleiken. Med bil så får ein opplevd masse kjekt innan ein times kjøring fra Gran Alacant. Sist sommarferie avslutta me ferien med 3 netter i Palma på Mallorca. det er jo berre ein liten times flytur ut til Mallorca, Ibiza og Menorca fra Alicante flyplass. Og flyturen heim derifrå kan ein finna billigare eller tilsvarande som fra fastlandet. For meg er standard og fasilitetar på overnattingsplassen viktig, samt kva du finner i nærheten. Eg likar godt å oppleva nokon skjulte perler og gjerne lokal idyll på plassen. Store turistmaskiner appelerar ikkje heilt til meg. Og det må sjølvsagt vera ein palme eller to der ;) Det er så mange muligheter! Ein må berre sjå dei og gripa dei- etter det som passar ein.

  • Sjå, lukte, høyre og føla

    Å sjå eit bilde av ei flott strand med ein palme, eit torg i ein storby eller ein vingård i Italia. Det er masse så ser flott ut på bilde, men det er oftast ein heilt anna opplevelse å vera der! Alt ein ser rundt sjølva bildet, lukten på plassen, lydane, temperaturen, vennlighet til menneska, og sjølve atmosfæren. Det er ikkje alltid så lett å få fram i eit bilete! Derfor er reiseskildringar viktig, slik at du kan danna deg eit bilde av plassen utifrå opplevelsane. For ikkje så lenge sia posta eg eit bilde på Instagram uten å skriva noko særlig om plassen rundt og kva eg gjorde. Det var eit heilt anna budskap eg skreiv om då. Fekk kommentarar på at det såg ut så eg kosa meg på tur! Men sannheten er at nett på den plassen kosa eg meg ikkje så veldig, det var skittent, litt små shabby og ikkje heilt de stemningen eg er vant til på tur når eg skal kosa meg. Men sola stakk akkurat fram og eg hadde fått meg ein sangria, så ja eg kosa meg jo litt. Nettopp derfor er det så kjekt å kunna skriva litt om opplevelsen rundt, situasjonen eller historien bak bilete! Og ikkje minst at akkurat du tar deg tid å lesa! Håpar du syns det er kjekt å lesa reiseskildringar og håpar eg kan inspirera deg til reising:) Eg er stadig på farten og får nye opplevelsar å skriva om! Det så er så fint er at me har forskjellige ønsker og behov, oppfatningar og opplevelse av ting og plassar. Detta er mine reiseskildringar utifrå mine opplevelsar, behov og oppfattelse. Eg har vore på plassar der me har heilt forskjellig oppfattelse av plassen. Nettopp for me likar forksjellige ting, har forskjellige behov og oppfattelse av ting!

Eg svarar deg så snart eg kan.

Kontakt:

Eva Berge Reisermedglede 

  • Facebook
  • Instagram
  • LinkedIn
Reisetips rundtom i verden, reiser med glede
bottom of page