top of page

Det er så mange kjekke storbyer rundtom og alle har sitt eige preg. Atmosfæren, arkitekturen, menneska, maten og landskapet er forskjellig frå Aust-Europa til Sentral-Europa til Vest-Europa. Eg kan skryta på meg mest storbyar i Europa, utanfor Europa har det gått mest i strandparadis. Men ein av favorittbyane mine ligger utanfor Europa, nemleg verdsmetropolen Bangkok. One night in Bangkok blir ofte til tre netter.

 

Når eg reiser på storbyferie så pleier eg å sjekka litt restauranter og serverdighet før avreise. Det er greit å danna seg eit bilde av kva ein vil sjå og kor dette ligger allerede når ei skal bestilla overnatting, så ein kan finna ein plass å bu ikkje så lang ifrå dette. Feks når eg reiser til Oslo for ei natt og veit eg skal eta på Grunerløkka, då bestiller eg eit hotell på den sida av byn, så blir det ikkje så masse logistikk.

 

Det spørs litt kor mange eg er på tur med og kor lenge me skal vera, men det er lurt å booka restaurant eit par kveldar dersom ein vil ha noko god mat og ikkje vil gå frå plass til plass for å finna ledig bord. Det er ikkje noko sjakktrekk for meg når eg er svulten isåfall ;) Seinast på turen til Dublin i vinter gjekk me ut kl 19 for å finna oss eit bord, me gjekk frå plass til plass før me fekk bord, og då var det greit at ein restautant hadde bord til oss, for då var eg svulten:D Eg pleier å søka restauranttips både frå blogger, venners anbefalinger og trip advisor innenfor det matkategorien eg vil ha, så finner eg som regel ein god restaurant.

 

Joggeskoa er alltid med på tur, for det blir masse gåing i ein by. Eg likar å gå rundt, for då får eg sett mest mulig så ein ikkje ser om ein tar kollektivt. Ja for det hender jo at kartet og eg ikkje går samme vei, og då får ein jo kanskje sett noko så ikkje var planlagt ;) I større storbyer må ein nesten ta litt kollektivt, så då er det greit å setta seg litt inn i rutene. Ein må jo berre prøva seg fram. Det har hendt seg at me har tatt sky train feil vei i Bangkok, eller hoppa på feil buss i London, ja til og med gått på trikken feil vei i Oslo når eg var nybegynner der. Det er stort sett aldri krise, så ein får berre hoppa av og ta den andre veien.

 

Mange attraksjoner i byer er noko så ein tar i forbi farten til neste attraksjon, som feks spanske trappen, ei fontene eller doors of Dublin. Mens andre er greit å bruka litt tid på, og gjerne betala for inngang. Mitt tips er å velga seg ut nokon attraksjoner ein vil sjå på, gjerne i samme området. Ein rekke ikkje over alt på ein tur som regel, men det er jo kjekt å ha noko å gleda seg til til neste gong ein reiser tilbake til byen. Så er det jo veldig godt å setta seg ned å nyta litt òg!

 

Mens du venter på blogginnlegg frå dei forskjellige byane så kan eg røpa min topp 5 storby liste. Det er ikkje lett å velga ei topp 5 lista, for dei er så mange fine plasser, men eg syns det er noko spesielt med desse. Det eg vektlegger på ein storbytur er: herlig atmosfære, hyggelige folk, flott by/hus/arkitektur, god mat, kjekke ting å gjera, bra folkeliv og gjerne overnatting sentralt.

 

1: Sevilla

2: Barcelona

3: Bangkok

4: Budapest

5: Krakow

Storby
 

bottom of page