top of page
  • Forfatterens bildeEva

Med barn på reise

Oppdatert: 31. mai 2023


Blir du svett av tanken på å reisa med barn, eller tar du det med knusande ro? Mitt hotteste tips er å pusta med magen, forbereda deg både med å pakka litt saker lett tilgjengelig og forbereda deg på at alt ikkje trenger å gå på skinner, for det gjere det ikke alltid. Eg får kommentarar av venner som "hva er vitsen å reise med barna når de er så små, de husker jo ingenting" vitsen skal eg fortella dåka: KVALITETSTID sammen som ein familie😍 At barna skal læra seg å te seg i ulike situasjonar, at dei skal få oppleva at me lever forskjellig i verden, møta andre kulturar, ja rett og slett få ein smakebete av verden🙌🏽 Me har hatt permisjonen på begge kidsa i Thailand i 1 månad. Og det er ein så utrulig god invistering for familien💖


«Kjeme barnet mitt til å skrika heile flyturen og forstyrra alle andre, kva skal eg gjera når barnet mitt bæsjer på bilturen? Me har aldri vore ute å ete på restaurant, korleis kjeme barnet mitt til å oppføre seg? Skal ein bu på eit barnevennlig hotell med alt tilrettelagt eller skal me ha ein AirBnB leilighet på eit sjarmerande sted? Skal ein ha med bleier og baby mat?» Ja mange slike spørsmål dukkar opp. Eg kan ikkje fasiten på kva så passar deg og din familie, men eg kan komma med nokon tips til deg:) Del gjerne med nokon du kjenner som kunne trengt eit tips eller to for å reisa med barn:)

Eg har reist med mine barn sia dei var ganske små, første flytur til dattera mi var når ho var 1,5 måned og ho sov heile flyturen over fjellet! Masse fordi eg slappa av og ikkje stressa. Eg har tenkt at, ja la han bak meg i sikkerhetskontrollen sukka litt ekstra for at eg hadde litt masse eg skulle legga oppi korga tillegg til å holda ein liten baby, eg har sett rundt meg på flyet når babyen min har skreke og berre møtt vennlige blikk. Eg har faktisk aldri stressa, noko ungane merkar òg. Eg kan ikkje sei at eg har hatt problemfrie reiser eller at eg har såtte i ro i flysetet og tenkt at alt er fryd og gammen. Nei, eg har gått opp og ned midtgangen x antall ganger, bedt barna mine stoppa å sparka i setet framfor, sølt MME utover i flyet, skifta bleie i bagasjerommet++ Men eg meinar masse handler om at ein er forberedt i nokon situasjonar og prøver å ikke kava seg opp.

Her skal du få nokon av mine tips.

Før eg begynner med det, så må eg berre sei at eg er utrulig glad i palmesus og solgaranti, og derav er tipsa mine mest med fly. Men håpar du får med deg eit tips eller tre :D

  • Pakk med ein liten sekk med leiker/aktivitetsaker/fargelegging ol så barnet ditt er opptatt av.

  • Last nest spel eller seriar på telefon/ipad så ein kan ha ved ein lenger tur

  • BEGYNN alltid med å sjå ut bilvinduet/flyvinduet, ser ein ein lastebil, gravemaskin, korleis er omgivelsene rundt deg/ korleis er det på ein flyplass.

  • Ta fram nokon leiker/aktivitet etterkvart og avslutt etter ei stund med ein evt ipad/telefon. La det kjekkeste venta til slutt. Ikkje bruk det opp tidlig.

  • Pakk litt snaks/frukt/gulrøtter/kjeks ol så ein kan ha med. Forsinkelser/uhell kan skje, så greit å kunna fylla opp lageret

  • KØ….. kjedelig for både barn og vaksne, men alt som me er negative til blir barna oppmerksom på òg. Gjer kjipe situasjoner om til noko meir spennande:)

  • Sikkerhetskontrollen kjeme ikke utenom der dersom ein skal ut å fly. Tenk etter kva du pakker i handbagasjen. Det er lov å ha med termos med kokande vatn, flaska med kaldt kokt vatn, MME, Skyr påsar, og tom drikkeflaska.

  • Ta med ei tom drikkeflaska gjennom sikkerhetskontrollen, du kan fylla på i egne drikkefontener på mange av flyplassene. Sparar deg for nokon kroner.

  • Dersom du ammer/flaske eller barnet brukar smokk kan det vera lurt å gjera det ved take off for å redusera trykk i øyra.

  • Bleier er dyrare i utlandet, og særlig no med bleiekutt. Så har du ledig plass i baggasjen, ta med.

  • Valg av bustad der ein skal: ønsker ein minst mulig stress booker ein hotell med alt tilrettelagt, eks sunwing hotell. Mens ønsker ein enklare og oppleva det meir sjarmerande må ein prøva seg fram med bookinger.

  • På flyreise på sas og Norwegian får du inkl bilsete og barnevogn når du kjøper billett til barn under 12 år. Ikke alle land har lik standard på bilstoler, så er ikkje domt å ha med seg sjølv. Du leverer dei i skranken ved spesialbagasje.

  • Skal du senda ei vogn med flyet, då er det lurt å bruka pram pack. Dersom vogna blir ødelagt er det kun gyldig med erstatning dersom den er pakka inni Pram Pack.

  • Bæresele er supert å ha babyen sin i ved reise, då har ein to hender fri til andre ting. På flytur brukte eg den masse, etter take off og landlig syns eg det var trygt og godt å ha babyen i bæreselen då både mor og barn tok seg ein dupp.

  • Kofferten frå Trunkie er kjekk å ha med på flyplassen, då kan barna sitta på den samt ha leiker i den.

  • På gardermoen er det barnevogner etter sikkerhetskontrollen, i høgsesong kan ein vera obs på at det kan vera fleire om beinet.

  • Har ein mulighet å kjøra når barna skal sova, ta fly på natta på langdistanse, ta fly midt på dagen på kortdistanse, prøv det. Gjer det som funker best for barnet ditt

  • Det er egen sluse i sikkerhetskontrollen for barnefamilier og dei så trenger assistanse på fleire flyplasser i Norge. Merk i Spania må barnet vera under året for at ein skal gå i familieslusa.

  • Når ein bestiller flybillett til ein destinasjon med fleire flyavganger, kan ein tenka på om ein skal legga litt meir penga i flybilletten for å reisa med fly på dagen feks. Slik at ein ikke ødelegger døgnrytmen, og sleppe å komma ned på destinasjonen kjempe seint eller stå opp grytidlig. Det må ein finna ut kva som er best for sin familie.

  • Du finner dei fleste apotekvarene i andre land, men ta med om barnet ditt har veldig god effekt av noko. Solkrem tildømes likar nokon å ha med seg då det ikkje alltid er lika bra utvalg som her heima.

  • Uv-drakt og solhatt er fint å ha på stranda då sola er sterkare lenger sør. Slip stop sko er super å ha ved bassenget eller på stranda. Fås kjøpt på Sirkus Rebell

  • Ei lita matta eller handkle til å stella babyen på, det er ikkje alltid det er stellebord på restauranter, så greit å kunna legga babyen oppå noko.

  • Sjekk muligheten for å kunna vaska kle der du skal, så slepper du å ta med deg så masse skittne kle.

  • Jo før du hoppar i det og reiser med barn jo enklare blir det

  • PUST MED MAGEN

  • Gjer det så funkar best for deg og din familie, prøv og feil- det er slik du lærer :)

  • GOD TUR!


Håpar du har fått eit par tips på veien:) som sagt eg har ikkje fasiten, men har god erfaring med å reisa med barn:) Ta gjerne ein kikk på instagram eller Facebook sida mi, så deler eg små tips og inspirasjon der òg:)

Eg har óg laga eit innlegg om bestilling og generelle tips til reise her


1 027 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page