top of page
  • Forfatterens bildeEva

Rundreise i Europas billigste ferieland, Nord-Makedonia🇲🇰

Oppdatert: 30. mai 2023

Eg var invitert til Nord-Makedonia av Jane i Macedonia Experience. Han tok oss med på ei flott rundreisa i landet og me fekk oppleva det autentiske så ein kanskje ikkje finner på egenhand😊. Så å booka nokon aktivitetar med dei vil gjera opplevelsen komplett. Ord du ser som er understreka kan du trykka deg inn på så kjem du rett inn i firmaet eg besøkte si nettside.


Røykeri, trøffel og god mat🍗

Me blei henta på Flyplassen i Skopje og kjørte ei lita stund til den vetle landsbyen Gostivar, her fekk me besøka røykeriet Gavrilovski. Der hadde dei lina opp eit flott bord med deira eigne skinker og pølser, og ein lokal trøffeljeger, Sasa truffles, kom med trøflene sine. Om det smakte godt, JA! Me fekk gå inn i røykerommet å sjå, her hadde dei både varmt og kaldt røykerom🍗🍖🥓. Det var artig å sjå korleis dei laga det, og ikkje minst å smaka! Trøflane hentar dei i skogen ein times tid unna🌳. Dei brukar hundar til å leita fram trøflane. Den aktiviteten kan ein booka og bli med på sjølv via Macedonia Experience.


Kloster og Tyrkisk kaffe og Rakia☕️

Oppover fjellsidene kom me til eit gammalt kloster; Saint Jovan Bigorski Monastery, her var det heilt fredeleg og rolig stemning. Eit par munkar gjekk på plassen der. Stillheten og utsikten mot fjella var ro i sjela⛰️. Rett nedanfor klosteret tok me oss ein tyrkisk kaffe i koselige omgjevelsar på House of Mijaks Ethno Restaurant☕️. Sjekk det lekre serviset! Vidare kjørte me nedover mot Ohrid sjøen, der stoppa me innom destilleriet Distillery Balaklija som var så utrulig for seg gjort. Kvite kirsebærblomar på trea og eit flott smakslokale under jorda🌸. Her lagar dei forskjellige rakia. Dei drive å lagar flotte leiligheter der, så ein kan bu, laga seg mat og nyta naturen og roen! Det kjeme til å bli kjempe flott:)👌🏼


Gode, mette og klar for ei god natt søvn🏩

På kvelden fekk me eit nydelig måltid langt oppi ein liten landsby som heiter Kuratica. På restaurant Plevna blei me møtt av det koselige vertskapet🤗. Dei viste oss inn i ei lita ståva med fyr i ovnen og dekka bord, ja det var litt kaldt der på kvelden. Det skulle vera veldig koselig og fin utsikt der, men litt mørkt når me kom fram. Men maten, den var det ingenting å sei på👌🏼! Altså mat kan dei i Nord- Makedonia😄. Forretten bestod av ein slags meze med masse godt; oster, salsa, skinker++ Til hovedrett fekk me ei deilig gryta. Mette og gode la me oss til å sova på Hotel Villa & Winery i Orhild🏩.


Vakre Ohrid🐚

Me våkna til solglimt og koselige gater i Ohrid, der me tok oss ein vandretur rundt i gatene, oppå eit fort og ned mot sjøen der me fekk ein nydelig båttur med Fisherman's House Kaneo

⛵️ Denna nydelige byen skal eg skriva eit eget innlegg om, så følg med! For her kan eg virkelig anbefale deg å reisa!😎 Me fekk delta på eit fantstisk kokkekurs hos Natasha/ Pirustija Nedanoski. Nok ein gong fekk me eta deilig mat!


Villa Prespa

Me kjørte vidare litt utpå dagen til huset til Jane frå Macedonia Experience, Villa Prespa. 🏡Han og familien leiger ut 4 flotte leiligheter med god stand i fredelige omgjevelsar. Mulighet for sykkel, fotturer, bading og vannaktiviteter🚴🏼‍♀️🏄🏼‍♂️🚣. Det blir meir skildring og bilder på innlegget om Ohrid.


Bitola🛕

Neste dag kom me til den vetle byen Bitola, og blei innlosjert på Hotel Teatar. Ein byvandring der me fekk sett korleis byen var og kor ein kunne eta. Hovedgata Широк Сокак strakk seg langt oppover med butikker og restauranter på kvar side. Me fekk helsa på ein hyggelig mann så driver ei gourmetbutikk; Food Republic han skjærte opp oster og skinker til oss, og me fekk smaka på god vin🧀🍗🍷 Me handla med oss litt lokale ting herfra. Middagen med skikkelig Makedonsk musikk hadde me på hotellet🎸🎷🪕Eg seier berre god mat som vanleg. Neste dag våkna me til fuglekvitter og solskinn, så då var det berre å spenna på seg joggeskoa og gå til markedet; Gradski Pazar. Det var ein fin opplevelse. Masse lokale folk stod å solgte frukt og grønt, litt keramikk og ting. 🍓🥝🥕Eg kjøpte med meg heim nokon keramikk skåler og den nyaste fotballdrakta til kidsa. Tips til restauranter: Aurum Kitchen and bar. Nok ein nydeleg lunsj fekk me på Old House Bn som òg tilbyr to flotte leiligheter. Dei hadde òg ein biefarm der me fekk smaka på forskjellig honning og såg korleis han dreiv det. 🐝Hadde me komt tidlig, tidlig den morgonen hadde me fått helst på ein bjørn🐻


Vinsmaking

Dagen etter reiste me på austsida av landet, der besøkte me 3 vinprodusenter. 🍇🥂Ja for i Nord-Makedonia lagar dei sin egen vin! Ofta i kjellaren sin eller garasjen. Vinrankene er eit lite stykke unna. Me møtte så vennlige og hyggelige vinprodusenter og dei viste oss gladelig rundt i produksjonslokala!🤗Me fekk både smaka vin og litt tilbehør. Kjekt å høyra på når dei fortalte om vinen og produksjonen. Mange av dei har leiligheter dei leiger ut til turistar i tilknytning til husa deira. Eg kjøpte med meg nokon flasker heim. Vinprodusentane me besøkte var: Family winery Peshkov ,Naumchevi Winery og Wine cellar Popovi


Hovedstaden Skopje🎠

Vidare gjekk turen til hovedstaden Skopje. Her vandra me rundt i dei koselige gatene og igjen åt masse god mat! 👌🏼Det kjeme eit eget blogginnlegg på Skopje om ikkje lenge. Torill fra Reisekick har publisert sitt blogginnlegg fra Skopje, så ta gjerne ein kikk på det😄


Denna turen har vore heilt unik og super, me har virkelig fått opplevd og sett det autentiske som Nord-Makedonia har å by på😍 Og det så beit meg mest merke var vennligheten til folk! Altså dei var så imøtekommande, interessert, ville invitera oss inn på kaffe. Varme og koselige mennesker🥰😍 Og ikkje minst blide. Dei lever enklare enn oss, det var som ei tidsreisa å vera der, men dei virkar så lykkelige for det. Det er jo masse historie i det landet. Det er mine reisevenner Reisekick og Catrines reiser bedre på:)

Så kven passar Nord-Makedonia til?🇲🇰

Eg vil sei til dei aller fleste så likar å oppleva noko anna, likar å oppleva det autentiske og ikkje masseturismen og syden. Det er masse restauranter i landsbyene og byane, så ein kan få litt forskjellig mat😊 Det kan vera lurt å ha leiebil for å komma seg rundt. Det er ikke så utbygd med kollektivt. Nord-Makedonia er Europas billigste ferieland så her kostar det ikke masse å leva. Tillegg er det veldig lite kriminalitet der ifølge vår guide, så er det veldig trygt der🙌🏽


Reisetips

- Fly til Skopje fra Torp tirsdagar og laurdagar med Wizz. (litt tidlig flygning)

- Fly til Skopje fra Gardermoen fredagar og mandagar fra slutten av juni til medio august med Norwegian

- Ta deg rundt i Makedonia, leiga bil eller bestilla rundreise med Macedonia Experience.

- Det kan vera lurt å bestille overnatting på førehand, då det er små overnattingsplassar med få rom.

- Standarden er enkel på dei små plassane, men det er reint. Strøm, dusj, do, internett, frukost ol.

- Prisane; Middag ca 10-15 euro per pers Øl: 2-3 euro Vin: 2-4 euro per glas. Me kan vel sei at detta er rimelig :)

- Det er best å besøka Nord-Makedionia mellom mai og november med hovedvekt på Juni/juli og September/Oktober


Macedonia Experience og reisefølge

Alt detta så me har opplevd og alt me har fått opplevd er rett og slett pga Jane og Alex fra Macedona Experience. Dei har virkelig satt sammen eit topp program til oss! 👌🏼Og me var enige alle 6 som var på tur at dette var ein kjempe flott blogger tur! Me er 6 forskjellige personar som tar bilder i forskjellige vinkler, fokuserer på forskjellige ting og ser ulike ting. Eg feks, fokuserer lite på årstall og historie, så då blir det meir fokus på skildringer av plassar og tips til aktivitietar, buplassar og mat. Så her er det kjekt å ta ein kikk på dei andre sine innlgg òg, eller følga dei på sosiale medier.

Denna flotte, hoppande glade gjengen var eg på tur med:

Catrine frå @CatrinesReiser

Fanny frå @Reisehygge

Merete fra @Worldwithsuitcase

Torill fra @reisekick

Veronica frå @Norwegianwanderer


645 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Vennetur

bottom of page