top of page
Forfatterens bildeEva

Nou Manolin- meir enn ein vanlig tapas bar!

Baren er fullsatt- "Dos cañas por pavor" skriker hovmesteren til servitøren bak baren!

"Si Claro"! 2 sekunder seinare har han begynt å tappa i ølen. Er han for treig klapper hovmesteren i henna og ølen kjeme kjappare👏🏼🍻


Musikken er lav i bakgrunnen, folk snakkar og stemningen er god! Bardisken er i mørk tre med gammeldagse mønstrete fliser på. Bak bardisken jobber servitørene på, dei tapper øl og serverer mat mens dei pratar i vei med både gjestene og seg i mellom. Det er ingenting å sei på stemninga😄


Hovmesteren kjem bort og spør kva me ønsker å eta og drikka- surprise me seier eg! Eg ete kun kjøtt, min mann elskar sjømat. Hovmesteren fikser det! Først kjeme store deilige østers med ein hint av sitron,  så kjeme denia reker, dei så har smak desse rekene skjønnar detta🦐 Me fekk anbefalt crocetas, om dei var gode- JA! Rettane kom på løpande band, akkurat slik det skal vera i Spania, ein rekker å eta opp eit par rettar før neste kjeme🤩 På den måten kosar ein seg med det så er på bordet og kan sitta i fleire timar og eta. Me satt der i 3 timar 😎


Me fekk kongebordet- altså ved døra. Så me helsa på alle så gjekk, det var i den kalde perioden i begynnelsen av mars. Det var kun Skandanaverane så skjønte at dei skulle lukka døra fort etter seg 😉 Me hadde fult overblikk over kva så skjedde ved baren, fekk sett kva tempo dei jobba i og alt gode så blei servert. Me trengte ikkje snakka så masse saman, eg og min mann, for det var så masse så skjedde der. Det var underholdning å berre sitta å sjå på alt så skjedde bak bardisken og måten dei jobba på 😄


Servitørane snakka både engelsk og spansk, og spurte me dei om anbefaling på maten kom dei med masse spennande! Kommunikasjonen mellom hovmesteren og personellet bak baren var fantastisk. Han hadde full kontroll. Mannen i svart kokkeskjorte skjærte skinke heile kvelden, skulle ønske det var til meg😋Det blir neste gong, for det blir ein neste gong! Skinkene hentar dei berre nokon om gangen fra Salamaca slik at dei ikkje skal tapa seg i kvalitet, for det er ganske stor forskjell på klimaet i Salamanca og ved Middelhavet😎


Eg har både lese at Hellstrøm har vore her og har fått anbefaling av venner, men utifrå bildene eg har sett har det ikkje heilt appellert til meg. (Bildene eg har sett var frå 2.etg, mens me satt i baren nede). Så no tenkte me at no får me stikka innom å prøva, og det angra me ikke på👌 Det er nok ikkje uten grunn Hellstrøm syns dette var topp! Prisen ligger litt høgare enn ein vanlig tapas bar i gata, men som Hellstrøm seier; "Nou Manolin er kanskje litt mer enn en tapasbar". For deg så er glad i god mat og ekte spansk stemning på tapasbaren er detta verdt eit besøk! Slike tapasbarer så detta har me savna i Alicante. Husk å bestill i god tid på forhand, eller stikk innom akkurat når dei opnar viss du skal få sjans til å få plass ;) Me likte oss veldig godt nede i baren.


Her kjeme me gjerne igjen, for slike ekte spanske tapasbarar har eg savna i Alicante.


416 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comentários


bottom of page