top of page
  • Forfatterens bildeEva

Ei spennande reiseår - 2023

Året begynte solrikt og varmt på hytta i Spania. Det blei nemlig bråbestemt i jula at me "måtte" reisa ned for å få litt varme, for her på Gjøvik var det så kaldt og eg var lei fyringa ;) Det nye året blei ringa inn med druer og raketter på takterassen på Casa Berge. Me kosa oss med leik på standa, ja kidsa bada litt og turar til byen Alicante, masse god mat og kvalitetstid sammen.


Så bar det tilbake til kulda på Gjøvik. Det er jo ganske så fine vintrar her på Gjøvik, einaste er at dei varar litt lenge ;) Men for dei så likar snø, godt skiføre og snødekte tre så er det jo topp! Eg fekk ein flott opplevelse til Iskjørkja i Fåvang, det var ei skjult perla i Innlandet!



Eg tok turen til Oslo for min første Travel Match der eg møtte aktørar frå mange forskjellige land og fekk presentert meg og reisebloggen min. Det baud på mange gode kontakter og eit par samarbeid! Itillegg fekk eg møta mine hyggelige reisekollegaer:) Når eg reiser til Oslo bur eg som regel alltid på favoritt hotellet mitt Clarion Oslo (Strawberry).


I vinterferien blei det ny tur til Casaen, me måtte jo ha litt sol ;) Me har familiehus rett utanfor Alicante, Gran Alacant, så der kosar me oss så sant me har anledning! Nett denna vinterferien var litt kald og sur, eller ikkje sånn vinternorge kald då;) Men me måtte ha på oss vindjakka og panneband nokon dagar. Masse solstråler og hyggetid fekk me uansett :D Du må gjerne ta ein kikk på nærområdet vårt i dette blogginnlegget.


Påsken har me som tradisjon å reisa heim til Strandebarm, Hardanger. Då kosar me oss med familien heima, går tur i fjellet og er ved fjorden. Ro i sjela! Ja det blei til og med ein tur heim i konfirmasjon i april. For dei så ikkje veit det, er Standebarm den venaste bygda, berre ta ein kikk her!


I mai blei eg invitert på min første blogg tur saman med 5 andre reisebloggarar til Nord- Makedonia. Det var ein kjempe flott opplevelse! Eit land med utrulig vennlige mennesker, nydeleg mat og flotte plassar. Eg har skreve eit par blogginnlegg frå turen. Kanskje det kan frista deg, det er langt vekke frå masseturismen!


I medio mai forsvant snøen i hagen vår.... altså for ein lang vinter ;) Men då skal eg sei våren og sommaren kom fort og det blei grøne bakkar og fine blomar! Eg tok turen til Vestfold og hadde jenteweekend med barndomsvenindene mine. Me starta på Farris bad og besøkte nokon skjulte perler langs kysten. Sånne venindehelger er så godt!


I juni var det dags for å setta snuten vestover att, denna gongen reiste eg åleina for eg skulle på, hold deg fast, 20 (!) års reunion med russen! Første stopp var i vakre Eidfjord der eg hadde samarbeid med ulike aktører der. Det var ein heilt nydeleg tur som eg huskar så godt! Ta gjerne ein kikk på blogginnlegget her.

På slutten av månaden fekk me skvist inn ein kjæraste tur til det nyopna hotellet i Moss òg, makan til lekkert!

Juli vart det ein ny tur heim til bygdå der det blei masse hygge med familie og venner, leik i fjørå og turar til fjells. Før me satt kursen til Casaen i Spania. Ja for eg må jo ha solgaranti og palmesus på sommaren. I spania kosa me oss i 3 veker på stranda med familie og venner. Gran Alacant er eit topp reisemål med kort vei frå flyplassen, milevis strand, masse god mat og hyggelig nabolag. Me reiste litt oppover kysten og fant så masse flotte perler🤩 Det er enkelt å ta seg rundt på Costa Blanca og me kjeme langt på ein time i bil.



Vel heimatt til regnet i august var det berre å gå i devale, då sa kroppen stopp. Som eg har nevnt før har eg fibromyalgi og ein del plager med hofte og bekken. Så kroppen likte ikkje skifte frå solrike Spania til regnfulle Gjøvik. Men eg kom meg opp og fekk ein herlig tur til Fyri resort Hemsedal med min kjære, lekrare hotell i Norge skal ein leita lenge etter! Detta var eit samarbeid eg hadde. Som du veit så likar eg hotell som er drops for augo!


September og første haustmånad baud på ein nydeleg tur til Hardangervidda. Første stopp var Halne Fjellstugu der eg og Ludwig tok ein overnatting som ein del av eit samarbeid. Haustfargane pryda naturen og me fekk bli med båten innover Halnefjorden. Eit eventyr på Hardangervidda, blogginnlegg om detta kjeme om få strakser! Så suste me vidare vestover, for eg hadde eit oppdrag i bygdå. Tidligare i vår starta eg synlighetsbyrået Eg ser deg. Så der har eg fått nokon oppdrag, det er veldig stas! Seinare i september suste eg tilbake til Halne Fjellstugu for å vera med nokon studentar frå Ål Vidaregåande. Haldt foreldrag i sosiale medier og vinklingar på foto og video. Eit kjempe kjekt oppdrag så eg vaks masse på! Itillegg fekk eg vera i dei flotte haustfargane.


Oktober på Gjøvik var òg masse flotte haustfargar, så fleire turar blei det i nærområdet her! Haustferien stod for tur og me reiste heile familien heimatt til bygdå. Det er ein eigen ro å komma heim, berre sitta å sjå utover fjorden og nyta stillheten! Itillegg få væra med familien! Nokon turar til fjells blei det sjølvsagt! Eg blei att etter haustferien og hadde eit par oppdrag i bygdå. Det var nydeleg haustvèr så fekk vore masse ute å kosa meg!

November kan jo vera litt mørk og trist, så då satt eg meg på flyet til Spania for å vera med på ein ny bloggertur. Sola fant eg i Elche der eg møtte 4 andre som skulle på samme tur, og me kosa oss i kjente og ukjente plassar langs Costa Blanca. November slutta nydeleg med det flotta nordlyset over Mjøsa.


Desember med masse snø og kulde var nok for meg i 9 daga, så då satte me oss på flyet til Bali. Ein heilt ny plass skulle opplevast, og herre gud for ein flott opplevelse! Det var så mange fine plassar, herlige mennesker, god mat og ikkje minst kvalitetstid med mine 3. Eg har laga reisebrev frå Sanur, Ubud og Gili Air, resten kjeme etterkvart. Eit nydeleg år blei avslutta på stranda i Bali med takksamhet og glede! Det er masse inntrykk som skal fordøyast, me har berre vore heima i 2 dagar, så er litt susen etter tidsforskjellen, men det går seg nok snart til.


Tusen takk for at du er inne å leser blogginnlegga mine, følger meg på sosiale medier og møter meg på min vei! Alle gode ønsker for 2024!





Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page