top of page
  • Forfatterens bildeEva

Reisebrev del 2- Ubud

Eg blei tipsa om både hektisk sentrum, heftig trafikk og at det var nok med 2 dagar i ubud, ingenting av det syns eg stemte. Eg digga Ubud😄 Men no er me jo forskjellige då😉 Det var så hyggelig atmosfære og masse opplevelsar. Me hadde booka 4 netter på Maya Ubud resort, eg ville bu midt i jungelen mellom rismarker, og nettopp det var det her!


Før me kom til hotellet stoppa me innom kaffeplantasjen Celuk Swing and Luwak coffee☕️ Historien her er at desse katteliknande dyra, Civet eter kaffebæra, fordøyer kjøttet og besjar ut dei heile😺💩 Kaffebønnene vaskar dei, soltørkar og brenner, då blir det nydeleg kaffe, Kopi Luwak, verdens dyraste kaffe☕️ Me fekk eit brett med ulike kaffe og tesortar som falt i smak hos voksne og barn. Me svinga oss òg i ein av dissene. Det var ein fin park. Etterpå tok me turen til eit av dei mest kjente vannfalla, Tegenungan Waterfall med eit fossefall på 15 meter💦. Det var ein koselig liten street med sjapper og restaurantar på kvar sida der ein kunne kjøpa souvenirar. Det var ca 10 min å gå frå parkeringen og ned til vannfallet. Eit fint vannfall med disser og ulike rammer som ein kunne ta bilde i📸. Samt ein restaurant med basseng. Egen inngangskostnad på 15 kr for å komma inn i parken. Eg syns kanskje ikkje detta var sånn kjempe spesielt, men ein fin park med flotte omgjevelsar.

Maya Ubud resort var eit nydeleg hotell med stor hage med høge palmar, hyggelig personale, og fine rom. Det var to basseng, eit voksen basseng heilt nede ved elva og eit basseng med barnedel for alle. Maten på hotellet var veldig god og dei var gode på å kjenna oss att og vennlige med barna. Barna hadde kokkekurs der dei laga 5 forskjellige rettar. Detta var stor stas! Kokken var så flink med barna og laga den beste opplevelsen for dei! På detta hotellet kunne me budd ei veka og berre kosa oss. Det var ca 7 min med bil bort til streeten i Ubud, shuttle buss frå hotellet ein gong i timen fram til kl 17. Mulig å gå òg, men ikkje noko særlig med barn då det ikkje var fortau. Hotellet låg ved ei rismark, det var felles turar ut på rismarka og rundt i området. Samt fleire aktivitetar som morgen yoga ( hadde tenkt meg på det, med eg var vist ikkje våken då 😆 ). Dei hadde eit gym som ho mor var på mens barna leika i kids cluben:)


Ubud sentrum var veldig trendy, med masse veggis kafèar og hygge stemning! Her likte me oss 😄 Ei av hovedgatene me hang mest i, Jalan Gootamama var bilfri, men ikkje scooterfri. Det er vel få plassar i Bali så er scooterfri 😉 Masse restaurantar å velga mellom i streeten, men dei fleste var enten baliesiske eller vegetarisk. Eg hadde fått tips om Pasir som me åt nydeleg mat på eine kvelden. Så fant eg meg ein koselig vinbar, Bacari med små snax som eg åt på eine kvelden når eg var åleina i sentrum. Eg tok massasje hos ei dama først, heilt nydeleg for ca 70 kr💆🏽‍♀️. Det er så mange små tempel i kvar inngang i streeten der. Lazy cat Cafe er òg verdt å nevna for ein vegitarisk lunsj.


Monkey forrest er eit must når ein besøker Ubud🐵 Den ligger nokon min sør for sjølve sentrum. Ein for seg gjort park med masse apar🙈🙉🙊 Dei var rolige og det foregjekk ikkje noko voldsomme greier der. Men ein må huska på at ein er på besøk til apane og te seg etter deiras reglar🐒. Unngå å få augnekontakt med dei, ikkje ha med vannflasker, droppa solbriller og andre gjenstander. Me la frå oss hattar ol i bilen. Innngangspengar 55kr for vaksne og 40 for barn. Me brukte ca 1 time rundtom i parken. Det var vakter der så passa på. Apane slang se frå tre til tre og kosa seg i vanndammen, nokon tok ein middagskvil mens andre åt litt mat. Nokon apar var trent opp til å ta selfie med turistane. Det var morsomt 🐒📸😄

Etterpå tok me turen til Tegalalang Rice Terrace, det var ei flott rismark🌱 Men klart det er laga for turistane, her er det Bali Swing som er hoved attraksjonen. Me betalte 25 kr for å komma inn, samt 250 kr for å ta 4 disser. Eg og Olivia betalte for det. Ca 70 kr for å leiga ein kjole syns eg var veldig verdt pengane, berre sjå på bildet💃🏼I parken kunne ein rusla rundt i rismarkene, ta noko leskelig å drikka og hygga seg. ca 1-1,5 time brukte me der inne.


Det er eit hav med aktivitetar å gjera i Ubud, så ein kjedar seg ikkje. Me valgte å ta det litt med ro nokon av dagane, og ein av dagane tok me halvdags utflukt. Det er jo ganske varmt, og barna (og vaksne) blir trøtte av å gå rundt å sjå på ting😅. Iom at me hadde eit flott hotell så kosa me oss der👌🏼.


Alt i alt, Ubud er ein herlig plass, roleg, trendy og koselig😄Me er her i regntida og ikkje fått ein dråpe på oss desse 5 dagane. Det var godt å bu så fredeleg til, midt i rismarkene. 4 netter her var heilt innanfor, eg kunne godt ha vore her ei veka🤩 Men no går turen ut på øyane, vekk frå Bali, til Gilli Air som høyrer til Lombok🏖️. Håpar du vil følga med på Instagram eller Facebook sida mi, der publiserer eg jevnlig bilder på storys og innlegg😊

Innlegget frå Sanur finner du her.


89 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page