Søkeresultat
65 resultater funnet med et tomt søk
- Granada, byen med Alhambra, små gater og flamenco i grotter
Granada er ein akkurat passe stor by i Andalucia, med det vakre palasset Alhambra tronande på høgda over byen. Her møtest trange gater, sjarmerande bygg og eit roleg tempo som gjer det lett å berre rusle rundt og ta inn stemninga. Rundt katedralen finn du gode tapasrestaurantar og livlege uteserveringar, og små detaljar som gjer at du stoppar opp litt ekstra. Eg forelska meg heilt i eitt av dei oransje bygga her, så enkelt, men så sjarmerande. Ein av dei finaste opplevingane var å sitje oppi bydelen Albacin med eit glas sangria og tapas medan sola gjekk ned over Alhambra. Seinare den kvelden gjekk me inn i ei grotte og fekk oppleve flamenco på nært hald, med tramping, intense blikk og ei innleving som verkeleg sette seg. Granada overraska meg med kontrastane; frå arabiske marked til historiske bygg, frå rolege gater til sterke opplevingar. Her er mine beste tips til kva du bør oppleve i Granada: Kva bør du oppleva i Granada: 🏰Alhambra: er utan tvil hovudattraksjonen i Granada, og det er ikkje utan grunn at det står på UNESCO si verdsarvliste. Detta vakre palassområdet ligg på ein høgde over byen, og berre det å gå rundt der er ei oppleving i seg sjølv. Alt er så velstelt, med hagar, fontener og utsikt som tek pusten frå deg. Det eg beit meg mest merke i, var alle detaljane. Utskjeringane i veggane, dei mønstra flisene og dei vakre taka, det er noko å sjå på overalt. Du går nesten berre rundt og kikkar opp, bort og rundt deg heile tida. 👉 Set av god tid her enten du går rundt i ditt eige tempo eller bookar guide. Frå området har du også utsikt bort til Albacin, den kvite delen av byen som klatrar oppover fjellsida. Det var skikkeleg vakkert! 🏘 Albacin, den kvite bydelen: Ein av dei finaste opplevingane i Granada var å gå frå sentrum og oppover langs elva Rio Darro.Etter kvart dukkar dei kvite husa opp, som slyngjer seg oppover fjellsida. Gatene blir smalare og smalare, fleire gongar måtte me hoppe opp på ei trapp for å sleppe ein bil forbi.Her oppe er det eit roleg og lokalt tempo, og det er lett å berre rusle rundt og ta inn stemninga. 👉 Når me kom opp til utsiktspunktet Mirador San Nicolás, måtte me rett og slett setje oss ned med eit glas sangria og litt tapas, og nyte utsikten over Alhambra i solnedgang. Eit heilt magisk augenblink. 💃 Flamenco i grottene: Detta var ei oppleving for seg sjølv! Me blei losa inn i ei grotte i fjellet, der lokalet var både trongt og intimt. Det var så vidt ståhøgde for dansarane, og stolane stod tett langs “dansegolvet”. Showet var intenst og ekte, med tramping, klapping, sterke ansiktsuttrykk og ei heilt spesiell stemning. 👉 Dette er ei oppleving som verkeleg set seg, både for vaksne og barn. Tips: Det er lurt å booke billettar på førehand. Me var på: Cueva la Rocio 🌿 Gatestemning i Granada: Granada har ein roleg og avslappa atmosfære, og er ein perfekt by å utforske til fots.Rundt katedralen er det mange vakre bygningar og små detaljar som fangar blikket. Eg forelska meg heilt i eit oransje bygg her, så enkelt, men så utruleg sjarmerande. 🛍 Arabisk marked (Alcaicería): Like ved katedralen finn du det arabisk-inspirerte markedet Alcaicería. Her følest det nesten som å gå inn i ei anna verd, med smale passasjar og butikkar fulle av fargerike lamper, tekstilar, vesker og små souvenirar. Mat i Granada 🍤Restauranttips: På andre sida av markedet ligg mathallen Mercato San Augustin med fersk sjømat og andre spanske delikatesser. Perfekt for ein liten stopp underveis. Pipe: Enkel tapas restaurant i Albacin med fantastisk utsikt over Alhambra Puerta del carmen: Intimt og stilig lokale med masse god mat! Me åt både østers, sushi og anna asiatisk inspirert mat. Ibericos & Alhambra: Her kosa med oss med ein ekte skinke og oste planke. Perfekt som ein liten rett før ein skal vidare på tapasrunden! Her var det så godt at me gjekk attende neste kveld. 👉 Tips: Granada er kjent for tapas-kulturen sin, ofte får du smårettar inkludert når du bestiller drikke. Overnatting i Granada Me budde på Hotel Comfort Dauro 2, eit enkelt og hyggelig hotell ca 5 min spasertur til Katedralen. Rommet hadde god størrelse, det var reint og beteninga var hyggelig. Ein fin base om du ønskjer litt rolegare omgjevnader, men fortsatt ha kort veg inn til sentrum. Etter å ha undersøkt litt i år så har eg funne eit hotell eg kan tenka meg å bu på neste gong, eit skikkelig lekkert botique hotell som ligger sentralt: Hotel Boutique Escudo del Carmen. Reisetips til Granada Bestill billettar til Alhambra i god tid: Dette er den mest populære attraksjonen i Granada, og billettane blir ofte utselde fleire dagar i forvegen. Bestill på førehand for å vere sikker på å kome inn. Korleis kjem du deg rundt? Granada er ein kompakt by som er perfekt å utforske til fots. Skal du opp til Alhambra eller Albacin, kan det vere greitt å ta buss eller taxi opp og gå ned igjen. Korleis kjem du deg til Granada? Du kan fly til Málaga og ta tog eller leigebil vidare til Granada (ca. 1,5–2 timar). Det går også buss og tog frå fleire byar i Spania. Kor lenge bør du vere i Granada? 2 netter held for å få med seg dei viktigaste opplevingane, men har du meir tid, er det absolutt ein by det er fint å bli litt lengre i. Tapas-kultur: Granada er kjent for tapas-tradisjonen sin, der du ofte får smårettar inkludert når du bestiller drikke. Perfekt for å smake seg rundt på fleire plassar! Granada overraska meg med kontrastane, frå det storslåtte Alhambra til dei smale gatene i Albacin, og den heilt spesielle opplevinga med flamenco i grottene. Dette er ein by som gjer deg både ro, utsikt og sterke opplevingar, alt på ein gong. 👉 Les òg om dei andre stoppa på roadtripen vår i Andalucia: Herregud så vakker du er Sevilla Mine reisetips til Cordoba Ronda kjem snart Jerez de la Fontera kjem snart Lekre detaljer i Alhambra med utsikt til Albacin
- Herregud så vakker du er Sevilla! Her er mine beste tips til Sevilla.
“Herregud så vakkert”, sa eg kvar gong eg snudde meg.Vakre bygningar, vakker brostein, vakre palmer, vakre fliser, ja, til og med lyktestolpane var vakre. Sevilla er rett og slett ein vakker by. Faktisk den vakraste eg har vore i. I tillegg har eg vore så heldig å både bu og studere her eit semester i 2005. Sidan den gong har eg vendt tilbake fleire gongar; i 2007, 2022 og no sist i januar 2026. Her er mine beste tips til Sevilla 🤍 Kva bør du oppleve i Sevilla Sevilla er regionshovudstaden i Andalucia, ein by full av vakker arkitektur, flamenco og nydeleg tapas. Og ikkje minst: ein heilt eigen stemning 🤍 🌟 Plaza de España: For ein plass! Vakrare bygning og område skal du leite lenge etter. Den halvsirkelforma bygningen med tårn på kvar side, kombinert med kanalen og båtane, gjer dette til ein heilt unik plass. Midt på plassen finn du vakre fliser og mønster som er verdt å studere litt ekstra. Medan me var der, dukka det opp ein flamencodansar med tramp, klapp og musikk, eit lite show som verkeleg sette stemninga.👉 På dagtid er det ofte flamenco her (gratis), men det er fint å legge igjen litt tips. Me tok hest og vogn frå katedralen hit (ca. 40 euro), og fekk samtidig ein liten guida tur. 🌿Santa Cruz, Santa Cruz er gamlebyen i Sevilla, med katedralen som landemerke. Her finn du smale, sjarmerande gater, små tapasrestaurantar og koselige torg. Gata Calle Ximénez de Enciso er spesielt fin, smal, livleg og full av små nisjebutikker og lokale bodegas. Her ligg også Orange Tree Sevilla, som sel produkt laga av appelsinene frå byen. Området rundt Plaza Patio de Banderas er også fargerikt og veldig sjarmerande å rusle i. ⛪Catedral de Santa María de la Sede er den største gotiske katedralen i verda og den tredje største kyrkja totalt. Den er enorm – og detaljane er imponerande. 👉 Gå opp i klokketårnet La Giralda for utsikt over heile Sevilla. Tårnet er også eit av dei mest ikoniske landemerka i byen. 🐂Plaza de Toros de la Real Maestranza de Caballería de Sevilla er ein imponerande arena som framleis er i bruk. Sjølv om eg ikkje støttar aktiviteten, synest eg det var interessant å besøke både arenaen og museet. Her kan du sjå drakter, utstyr og få eit innblikk i historia. Det er mogleg med guida tur, men me gjekk rundt på eiga hand. 🌸El Arenal: Bak tyrefekterarenaen ligg El Arenal, eit roleg og meir lokalt område med fargerike hus og autentiske butikkar. Her sette me oss ned og tok litt tapas, og det var ein veldig hyggelig og avslappa stemning. Her var det mest lokale som kosa seg. 🌊Elva Guadalquivir og Triana: Det er fint å rusle langs elva Guadalquivir, og du kan også gå over til Triana, eit rolegare og meir lokalt område. Her kan du blant anna leige tråkkebåt eller bli med på båttur. 🌆Las Setas de Sevilla: er ei moderne trekonstruksjon midt i byen, faktisk den største i verda av sitt slag. Her kan du gå opp på taket og få panoramautsikt over Sevilla. Det er også mange restaurantar i området. 👉 For meg, som kjenner den “gamle” sjarmen i Sevilla, var ikkje dette det beste med byen, men kjekt å ha sett. 💃Flamenco show: Du kan ikkje reise til Sevilla utan å oppleve flamenco! Me var på Casa de Flamenco, og det var eit veldig bra show. 👉 Tips: book på førehand eller kjøp billett i skranken. Eit litt meir lokalt tips er La Carbonería, ein enkel bar med flamenco kvar kveld. Her sit du på krakkar med eit glas i handa, og betaler det du vil etterpå. 👉 Hugs: heilt stille under showet og kun kontantar. Det er ikkje lov å ta bilde underveis i showa. Sevilla har utruleg mykje å by på, men byen er stor. Mitt beste tips er å velje deg ut 2–3 ting du verkeleg vil oppleve, og heller bruke god tid der. For det aller finaste med Sevilla er nettopp det å rusle rundt utan planar og berre nyte.Ein skikkeleg drops for augo ✨ Restaurant tips i Sevilla: Både dag og kveld er det yrande folkeliv i gatene i Sevilla. Folk ruslar rundt, beundrar den vakre arkitekturen og set seg ned for å nyte god mat og tapas. I gamlebyen Santa Cruz, som ligg ved katedralen, finn du den eine tapasrestauranten etter den andre. Her er det berre å prøve seg fram, mykje av sjarmen er nettopp å stoppe der det ser fristande ut. Casa Plácido: Her var eg rett og slett i skinke-himmelen! Skinkene hang ned frå taket over bardisken, og gamle bilete dekka veggane. Me sette oss på barkrakkane og bestilte skinke og ost – enkelt, men heilt nydeleg. Restaurant Bodega Belmonte: Ein stilfull og koseleg restaurant med fliser bak bardisken og utstoppa oksehovud under taket. Her fekk me servert ovnssteikt chèvre med ein litt sterk saus på sprøtt flatbrød – ein av fleire gode tapasrettar. Beteninga var hyggelig, men effektiv. Casa Funes: Ligg litt lenger nede i gata frå Belmonte. Ein koseleg plass med hyggelig betening og veldig god paella. Restaurant Catedral: Her er det skikkeleg “okse-stemning” med dekor i taket og rundt i lokalet. Ein miks av tradisjonelle rettar og litt meir moderne mat. Passa godt etter me hadde besøkt tyrefekterarenaen tidligare den dagen. Calle Argote de Molina: Ei populær tapasgate med lite trafikk og utsikt mot katedraltårnet. Her ligg fleire gode restaurantar tett i tett. Club San Fransico: Perfekt for ein drink i ein litt meir moderne og kul atmosfære. Mitt beste tips er å rusle rundt og ta ein tapas her og ein tapas der. Då får du smake på fleire plassar, og oppleve litt meir av den ekte tapas-kulturen i Sevilla. Overnatting i Sevilla: Det finst mange sjarmerande hotell i Sevilla, spesielt i gamlebyen. Her finn du ofte hotell i klassisk spansk stil med flislagte patioar og vakre detaljar. Ver merksam på at mange av desse kan vere litt tronge dersom de er fleire enn to. Då kan leilegheit vere eit godt alternativ om du ønskjer litt meir plass. Radisson Collection Hotel, Magdalena Plaza Sevilla: For eit hotell! Her er alt gjennomført til minste detalj, frå design og service til den gode dufta som møter deg når du kjem inn. Romma er delikate, servicen på topp, og frukosten var heilt nydeleg med både buffet og à la carte. Takbaren med basseng og utsikt mot La Giralda var eit stort høgdepunkt. Me var så heldige å bu her under koronaperioden og fekk ein veldig god pris, men dette er verkeleg eit hotell eg kan anbefale. Hotel Rey Alfonso X: Eit veldig godt alternativ med perfekt beliggenheit i gamlebyen. Her har du kort veg til både shopping, restaurantar og severdigheiter, berre 5–7 minutt å gå til katedralen. Lyse og reine rom, behageleg seng og ein av dei betre hotellfrukostane me har hatt i Spania. Eit stort pluss er også parkering i kjellaren. Om du vil bu mest sentralt, er gamlebyen (Santa Cruz-området) det beste utgangspunktet. Reisetips Sevilla Når er det best å reisa til Sevilla? Vår og haust er dei beste tidene å besøke Sevilla, då temperaturane er behagelege. Sommaren kan bli veldig varm. Eg synest vinteren også var nydeleg, med alle appelsintrea som prydar bybildet, men veret kan vere litt meir ustabilt. Kor lenge bør ein vera i Sevilla? Sevilla er ein stor by med mange attraksjonar. Eg vil anbefale 3–4 netter, slik at du får oppleve både severdigheiter og den gode stemninga utan å stresse.. Kor kan ein shoppa? Du finn mange kjende butikkar i gatene Calle Tetuán og Calle Sierpes. Vil du på kjøpesenter, kan du besøke Nervión Plaza eller Los Arcos. I tillegg er det mange små suvenirbutikkar rundt om i byen. Høgtider det er verdt å merka seg: Påsken i Andalucia er ei heilt spesiell oppleving, med store prosesjonar gjennom byen. Ver merksam på at det er mykje folk, stengde butikkar og eigne menyar på restaurantane. Feria de Abril blir arrangert to veker etter påske og er ein fargerik festival med flamencokjolar, musikk og skikkeleg fiesta-stemning. Korleis kjeme du deg rundt? Det er enkelt å kome seg rundt i Sevilla med trikk, buss og taxi. Men mykje av byen opplevast best til fots. Korleis kjeme ein seg til Sevilla? Du kan fly til Sevilla (ofte med mellomlanding i Europa), eller fly til Málaga og ta tog eller leigebil vidare. Husk å bestill billettar til inngangar i god tid. Ha på gode sko Sevilla er ein by som har alt: vakker arkitektur, god mat, historie og ei heilt eiga stemning. For meg er dette ein by eg alltid kjem til å vende tilbake til. Det er noko heilt spesielt med å rusle rundt i dei smale gatene, setje seg ned med litt tapas og berre ta inn alle inntrykka.
- Mine reisetips til Cordoba: historisk sjarm, patioer og rolig spansk stemning.
Cordoba i Spania er ein by der historia sitt i veggane. Her er tempoet rolig, gatene vakre, og stemninga lun frå første stund. Me ankom Cordoba på årets nest siste dag i 2025, som første stopp på roadtripen vår i Andalucia. Det som overraska oss mest, var kor rolig det var i bykjernen. Her er det ikkje lov med trafikk, bortsett frå bussar og taxi, og det gir ein heilt eigen ro når du ruslar gjennom dei smale gatene der appelsintrea pryda bybildet. Me vandra rundt og kika inn i dei vakre patioane, der blomane klatrar oppover veggane og skapar små, fargerike oasar midt i byen. Cordoba er kanskje ikkje den mest kjende byen i Andalucia, men for meg bleii det ein veldig sjarmerande og rolig by. Her kan du lesa meir om mine reisetips til byen: Mezquita moské-katedral i Cordoba Kva bør du oppleve i Cordoba: Moskeenkatedralen (Mezquita): Du har sikkert sett bilete av den historiske moskeen med dei kvite og raude buane. Det var heilt spesielt å gå rundt der inne og berre sjå, me gjekk mykje med blikket oppover og beundra byggverket. Mezquita er eit unikt bygg der islamsk og kristen historie møtest. Dei raud- og kvitstripete bogane er originale frå den tidlegare moskeen, og gir ein heilt eigen atmosfære når du vandrar rundt der inne. Me booka billettar via Get Your Guide og gjekk rundt på eiga hand, noko som passa oss veldig fint. Området utanfor Mezquita: Før du går inn i sjølve Mezquita, bør du ta deg god tid i området utanfor. Her ligg ein vakker patio fylt med palmar og appelsintre, som gjer ein roleg og nesten litt magisk stemning midt i byen. Klokketårnet ruvar over området og set ramma for opplevinga. Her brukte eg lang tid på å berre nyta stemninga og ta bilete, både før og etter besøket inne i Mezquita. Mezquita er utan tvil eit høgdepunkt i Cordoba, men byen har mykje meir å by på. Patioane: I området San Basilio finn du dei kjende patioane i Cordoba, små, frodige bakgardar der det bugnar av blomar i alle fargar og formar. Her kan du anten betale deg inn og rusle rundt i ro og mak, eller bli med på guida tur for å lære meir om historia bak. Me nøydde oss med å kike inn gjennom døropningane denne gangen, men det gav absolutt meirsmak. Dette er noko eg gjerne vil oppleve skikkeleg neste gong. Her i området er det òg mange te og krydderbutikkar som er verdt å ta turen innom. Patioane er ein viktig del av kulturen i Cordoba, og kvar vår blir det arrangert ein eigen patiofestival. Elva og brua (Puente Romano): Den massive steinbrua Puente Romano er eit av dei mest kjende landemerka i Cordoba, og ein flott plass å oppleva byen frå litt avstand. Me gjekk over brua og fekk sjå både elva og gamlebyen frå ein ny vinkel. Det gjer eit heilt anna perspektiv enn inne i dei smale gatene. Nede ved elva fann me oss ein plass å setje oss ned, bestilte litt tapas og berre nytte den rolege og behagelege stemninga. Sola kikka fram, og me fekk verkeleg kjenne på den spanske vintersola, ein sånn liten pause du berre må ta deg tid til. Restauranten me satt oss ned på heiter Taberna La Romana Området rundt Puerta de Almodóvar: Eit område eg verkeleg vil trekke fram, er rundt Puerta de Almodóvar og gata Calle de Fernández. Her er det fargerike hus, blomar som heng frå veggane og små detaljar som gjer at du berre må stoppe opp. Rett og slett drops for augo, og ein av dei plassane eg likte aller best å rusle rundt. Like ved ligg også Jardines de la Victoria og Mercado Victoria. Me gjekk berre forbi denne gangen, men det såg ut som ein livleg og spennande plass å ta turen innom. Kvar bør du ete i Cordoba: Cordoba er ein skikkeleg tapas-by, der du finn alt frå enkle tabernaer til meir gjennomførte restaurantar. Me hadde fått nokre tips på førehand og booka ein restaurant, men me likar også å gå der vegen fører oss. Det blei derfor ein fin kombinasjon av planlagde og spontane restaurantbesøk. Eg må seie at me hadde mange gode matopplevingar i Cordoba, med hyggelig betjening og mykje god tapas. Las Tapas de Casa Pepe: Ein gjennomført og autentisk restaurant med detaljar i kvar ein krok. Veldig hyggelig betjening og nydeleg mat. Aspargesen var heilt fantastisk, med god balanse i smakane. Eg hadde biff, og Lars gjekk for ein skikkelig mør lammeskank. Den sjokoladekaka me avslutta med var heilt himmelsk! Detta var eit topp måltid på alle måtar. Taberna La Manuela: Denne enkle og autentiske restauranten poppa me innom heilt tilfeldig – og det viste seg å vere eit så godt val at me kom tilbake ein gong til! Dei har eit godt utval av både tapas og hovudrettar. Eg fekk heilt dilla på patatas bravas her, den beste bravas-sausen eg har smakt. Hyggeleg personale og gode prisar! Casa N10 taberna: Her stoppa me for eit glas før middag, men det er verdt å nemne. Dei har vindauge ut mot gata der du kan stå ute og ta deg eit glas, akkurat den typen spansk barsjarm eg likar så godt. Taberna La Romana: Her sette me oss ute i sola etter litt sightseeing og tok ein brus og litt tapas. Ein roleg og fredeleg plass med utsikt mot elva og brua, og hestane som rusla forbi. Veldig fin pause midt på dagen. På Plaza de la Corredaera finn du fleire kafear og små restaurantar. Me tok ein liten stopp her før middag. Kvaliteten kan variere litt, men området er veldig hyggelig å sitje i. Det jødiske kvartal, La Juderia: Detta var kanskje området eg likte aller best. Her ligg det mange små, sjarmerande restaurantar tett i tett, og det er ein perfekt plass å rusle rundt og finne ein stad å ete. Det løner seg å booke bord om du har sett deg ut ein spesifikk restaurant, det blir fort fullt. Spanjolane et gjerne ikkje middag før rundt klokka 21, så det kan vere lurt å planlegge litt etter det. Kvar bør du bu i Cordoba Som i mange andre byar, kan det vere litt utfordrande å finne hotell for fire personar til grei pris. For oss vart det derfor ein leilegheit, noko som fungerte veldig fint. Cordoba er ein relativt kompakt by, så beliggenheit er ikkje så avgjerande. Du kjem deg enkelt rundt til fots, og det er korte avstandar til dei fleste attraksjonane og restaurantane. Coliseum Boutique Apartments: Ein rein og fin leilegheit med velutstyrt kjøkkenkrok, bad, eitt soverom og sovesofa i stova. Det beste med opphaldet var utsikta mot dei historiske søylene utanfor, noko som også har gitt namn til staden. Beliggenheita var god, med rundt 10 minutt å gå til både La Juderia, Mezquita og shopping. Det var stille og roleg i området, og fleire restaurantar i nærleiken. Pluss for takterasse. Einaste minus var litt lukt frå badet innimellom, og at det blei litt trongt i stova når sovesofaen var slått ut. Reisevennene mine i Reisekick budde også sentralt i Cordoba, og var fornøgde med opphaldet sitt. Du kan lese meir om hotellet dei budde på og opplevelsen av byen her: https://reisekick.no/cordoba-et-uutslettelig-reiseminne/ Praktiske tips til Cordoba Shopping: Frå Plaza Tendillas går fleire handlegater med kjende butikkar som Zara, Bershka, Stradivarius og Ale-Hop. Gater som Calle Jesús y María og Calle Conde de Gondomar er fine å rusle i. Ønsker du meir sjarmerande og små nisjebutikker, finn du det i gatene rundt Mezquita og i La Juderia. Parkering: I Cordoba må du parkere utanfor bykjernen dersom du ikkje har eigen løyve. Me fann parkering eit lite stykke unna sentrum, noko eg gjerne skulle sjekka litt betre på førehand. Kollektiv trafikk: Det er enkelt å kome seg til Cordoba med både tog og buss frå andre byar i Spania. Taxi er også lett tilgjengeleg. Bestill inngangsbillettar på førehand: Mezquita er ein av dei mest populære attraksjonane i byen, og det kan vere lurt å bestille billettar på førehand, spesielt i høgsesong. Når på året bør du reise: Me besøkte Cordoba i nyttårshelga, og det var ei oppleving! På Plaza Tendillas var det scene, underhaldning og nedtelling til det nye året, med masse folk og god stemning.Vår og haust er flotte årstider å besøka Cordoba på, då sommaren kan vera i varmaste laget. Gåavstand: byen er perfekt å utforske til fots, husk gode sko. Flamencoshow: Det er fleire plassar som tilbyr flamencoshow. Me hadde booka på El Anuelo, men pga nyttårsafta hadde dei gløymt å ta vekk forestillinga. Cordoba overraska meg med roen, stemninga og alle dei vakre detaljane som dukkar opp rundt kvar ein sving. Ein by som er perfekt å rusle seg gjennom, utan hastverk. Etter eit par fine dagar i Cordoba gjekk turen vidare til neste stopp på roadtripen vår i Andalucia: Sevilla, og vidare gjekk turen til både Ronda og Jerez. Meir kjem snart :) Du kan lesa om vakre Sevilla her. Har du nokon gode tips og opplevingar i Cordoba? Del gjerne i kommentarfeltet! -Eva
- Gran Alacant og Santa Pola- Den perfekte ferieplassen i Spania
Casa Berge, Vårt paradis i Spania Gran Alacant er blitt vårt andre heim, og me reiser hit så ofte me kan. Me er så heldige å ha Casa Berge, vår hytte i Spania, berre 10 minutt frå Alicante flyplass . Etter under fire timar med fly frå Sør-Noreg, landar me i sol og varme. Det er ein grunn til at så mange skandinavere har funne vegen hit; klimaet er fantastisk heile året! Gran Alacant har ein fin miks av fastbuande spanjolar, skandinavar og andre europearar, noko som gjer det både levande og trygt. Ein sosial og solrik plass Sia familien kjøpte Casa Berge i 2013 , har me besøkt staden på ulike tider av året. Sommaren tilbringer me minst tre veker her, for kva er vel betre enn solgaranti og palmesus ? 🌴☀️ Det er mange kjente som både har leilighet her nede eller ferierar her nede, så me møter alltid på nokon. Det finst også ein Norsk klubb som arrangerer sosiale samankomstar, vinlotteri, turar og 17. mai-feiring. Det er lett å føle seg heime her! Mat og drikke på Gran Alacant 🍽 Favorittrestaurantar: Ohana : argentinsk grillrestaurant med saftig kjøt. Det den beste biff restauranten oppe på Gran Alacant. Prøv provoleta osten der til forrett! Sol e Luna: herleg italiensk pizza med stor uteservering. Atipico : smårettar inspirert av Spania, Asia og Latin-Amerika. Den beste restauranten på Gran Alacant syns me! Tuttis : variert meny med gode drinkar (prøv mojitoen!). Cielo Largo : populær asiatisk restaurant der eigarane helsar deg velkomen på norsk! Tandoori Taco god indisk og internasjonal mat oppe på Gran Alacant 🧀 Matbutikkar: Butikkane i Gran Alacant har godt utval av fersk fisk, kjøt, glutenfrie og laktosefrie produkt , samt eit lite utval norske varer. Mitt ettermiddagsritual? 🍷 Spansk skinke, ost og eit glas sangria! Slik kjem du deg rundt i Gran Alacant og Santa Pola Å komme seg frå flyplassen til Gran Alacant eller Santa Pola er enkelt, du kan ta buss, taxi eller leigebil . Bussen går jevnleg mellom Gran Alacant og Santa Pola, og vidare til Playa Carabassi eller Alicante by . Frå Alicante kan du ta trikken oppover kysten eller hurtigtoget til Madrid . Me som har bil, køyrer mykje rundt i området og får oppleve mange sjarmerande plassar. 🚖 Taxi-tips: Du må ofte bestille taxi på førehand. Kontakt Elvis Taxi på WhatsApp: 0034 667 50 8017. Aktivitetar for heile familien Spania er suverene på utandørs leikeplassar , og oppe på Gran Alacant finst det tre flotte leikeområde der barn frå ulike nasjonalitetar leiker saman. Leikeområde på Gran Alacant senteret , inkludert karuseller, hoppeslott og trampoliner. Dyrepark og badeland i Rio Safari Elche (10 min køyring). Fornøyelsespark i Pola Park ved Santa Pola. Mirador del Faro , fantastisk utkikkspunkt mellom Gran Alacant og Santa Pola. 💡 Reisetips: Skal du reise med småbarn? Ta med bleier frå Noreg (billegare) og sjekk ingrediensane på babymat, mykje inneheld honning, som ikkje er anbefalt til små barn. Du finner fleire tips på reiser med barn i innlegget mitt her. Vamos a la Playa- Strender i området Ein tur til Playa Carabassi er obligatorisk! Dette er ei av dei flottaste strendene i området , og strekkjer seg nesten 10 km frå Santa Pola til Alicante. Her er det brei sandstrand , langgrunt vatn og tre strandbarer, éin med godt utval av mat. I Spania er det vanleg å ta med eigne solstolar og parasollar , samt kjølebag med mat og drikke. Søndagar er familiedag , der spanske familiar samlast med store telt, mat, ballspel og sosialt samvær. Då kan det bli veldig fult på parkeringen ved stranda. Santa Pola har fleire mindre strender med rolegare bølger; Playa Varadero og Playa Levante er populære strender. Det er flott å stoppa langs kystvegen mellom Carabassi og Santa Pola, her er det flott snorkling og koselige bukter. Husk badesko! Om vinteren er strendene fulle av turgåarar , og me elskar å spasere langs havet uansett årstid. I romjula hoppa ungane i havet, kanskje ikkje like lenge som om sommaren, men temperaturen var som ein god norsk sommardag! Kor kan ein bu på Gran Alacant? Gran Alacant har få hotell, men mange flotte leilegheiter og hus med fleire soverom, takterrassar og ofte felles basseng Me leiger ut vår andre leilegheit i Altomar 2 , send meg ein e-post på info@reisermedglede.no for meir informasjon. Marknader og shopping på Costa Blanca 🛍 Markeder i området: Gran Alacant-markedet (torsdagar kl 08-14) ferske grønsaker, frukt, klede og husartiklar. Ligger nede ved Gabe og Aldi. Santa Pola-markedet (laurdag og måndag kl 08-14), større marked med meir utval, samt bruktmarked. Ligger rett nedanfor busstasjonen. Fiskemarked på Playa Levante i Santa Pola ; fersk sjømat rett frå båten! Lemon Tree Marked ved Guardamar: (søndager kl 07-16) det er stort og rikelig utvalg av det meste ein kan tenka seg. Alle landsbyer og byer langs Costa Blanca har markeder på ulike dager. Me har vore på 🛒 Beste shoppingstadar i nærheten: Kinabutikkar : her finn du alt frå kjøkkenutstyr til solstolar. Dette har dei fleire av på Gran Alacant og Santa Pola, samt andre plassar langs kysten. Gran Alacant Senteret: Her er det optikar, parfymeri, skjønnhetssalong, klesbutikker og kafeer. Daglegvare og kioskar: Oppe på Gran Alacant finn du 2 Unide matvarebutikkar, kioskar med enkle varer, samt nokon små nips butikkar. Vil du reisa litt lenger er dess sentra topp: La Zenia : utandørs kjøpesenter med butikkar og leikeområde for barn sør for Torrevieja Plaza Mar 2 og Gran Via : store handlesenter rett utanfor Alicante sentrum. The Outlet Store Alicante : for gode tilbod. Santa Pola; Sjarmerande hamneby med spansk sjarm Santa Pola er perfekt for ein avslappande dag langs havna . Her kan du rusle, nyte god mat eller ta ein joggetur ved sjøkanten. Her er det mange spanjolar og livlig på kveldstid i gatene. Langs havna er det mange restauranter med utsikt til båtane. Vidare bortover havna ligger fiskabåtane, garna ligger fint langs med havna. Det er eit postkortmotiv i deg sjølv. Inni sjølve byen er det yrande liv rundt borga. Spanjolane er gode på å gå ut å kosa seg og eta god mat! 🥘 Anbefalte restaurantar i Santa Pola: Zvra : fantastisk italiensk mat i ved havna i Santa PolaClub Nautico-bygget. Mesón Cervantes: Autentisk spansk mat. Posito Pesquero Restaurante : masse god sjømat rett ved båten som står på land. La Sidreria: Gode tapastretter og veldig god biff! Her får du egen tappekran på bordet. Ca lla i to: Moderne retter i eit instavennlig lokale Restaurante Venecia Tapas: Nydeleg mat i fresht lokale Choco & Latte : den beste kaffen og kakene i byen. 🚤 Utflukt: Ta båten frå Santa Pola til Isla Tabarca , ei idyllisk øy med sjarmerande små hus og krystallklart vatn. Billetter kjøpast ved hamna – ver ute i god tid om sommaren! Kva kan ein gjera i området rundt på Costa Blanca - Dyreparken (med vannland om sommaren) Rio Safari Elche ca 10 min å kjøra - Fornøyelse parken Pola Park rett utanfor Santa pola - Dyrelivet ved Saltsjøane i Santa Pola ( må ha bil) - Mirador del Faro, kan gå frå GA og SP eller ta inn ein stikkvei på veien mellom GA til SP - La Marina Vannpark og innendørs Spa ( på Campingplassen, ikkje mulig for drop in i høgsesongen). - Utendørs Shopping på La Zenia med litt vannfontener for barna - Shopping på La Habaneras, Plaza Mar 2, Gran Via og The Outlet store Alicante - Den rosa Saltsjøen utenfor Torrevieja med Saltmuseumet - Palmeparken i Elche med super leikeplass - Alicante by med borga og Santa Cruz - les eget blogginnlegg her - Dyrepark , badeland og fornøyelsepark utenfor Benidorm - Asia garden hotel utenfor Benidorm - Utflukt til Isla Tabarca- Les eget blogginnlegg her - Altea og ei sjult perla- Les eget blogginnlegg her - Vingårder, eg har vore på besøk til Bodega Enrique Mendoza og i garasjen til Maria, Vinoduo - Utflukt til den fargerike byen La Vila Joyosa- Les blogginnlegget frå mine reisevenner i Reisekick her - El Palmeral de Alicante - Solnedgangen ved Torre Tamarit (må kjøra) - Tur i Clot de Galvany - Ønsker du ein tur til frisøren eller stella neglene då er MJJ plassen. Ei familiebedrift der mora Mavi og dattera Jenny lagar deg flott på håret mens den andre dattera Jessica steller negler og føtter. Dei snakkar englesk, tysk og spansk, så dei fleste blir forstått her. Prisen er ca halvpris av Norge. Eg har allrede booka min time der i sommar, då det er meget populært. - Gå rundt og kjenn på stemningen- herlig vil eg sei! Håpar du blei frista til å reisa til Gran Alacant og Santa Pola! Spania er ein fantastisk plass å reise til – enkelt å komme seg rundt, vennlege folk og ein avslappa atmosfære. Gran Alacant og Santa Pola er stader me aldri blir lei av! Kanskje me møtast på Casa Berge? 😎 Følg meg på Instagram og Facebook for fleire tips! 📸✨ Skriv gjerne dine gode tips under, så testar eg neste gong!
- Den hvite sjarmerende byen på Costa Blanca- Mine reisetips til Altea🤍
Trange gater slyngjer seg oppover byen, flankert av kvite hus med blå skodder. 💙🤍 Overalt ser du fargerike potter, frodige blomar og små bord utanfor husa der lokalbefolkninga nyt dagen.🌸 Små nisjebutikker, koselige restaurantar og eit livleg torg skapar ein unik atmosfære. Er det rart eg har blitt forelska i Altea? Makan til vakker by!💙🤍 Augene mine knipsa minst like mange bilete som telefonen, og minna er godt lagra! 📸✨ Her får du mine reisetips til Altea: Strandpromenaden i Altea – Perfekt for morgentur og kafébesøk ☕️☀️ Altea har blitt ein fast destinasjon for oss dei siste åra. Det er noko heilt spesielt med stemninga her; roleg og avslappa, men likevel fullt av liv året rundt😎. Den nyoppussa strandpromenaden er ein av byens perler, med aktivitetsområde for både barn, vaksne og hundar. 🛝 Langs promenaden finn du ei rekkje kafear og restaurantar med utsikt over det asurblå havet. Her kan ein sitje i timevis og berre nyte stemninga, noko eg sjølvsagt har gjort mange gongar!😎 Stranda består av krittkvite rullesteinar , som reflekterer dei same kvite og blå tonane ein finn i gamlebyen. 💙🤍 Perfekt for ein morgontur langs havet eller ein frukost i sola. 🌊🌅 Mitt beste restaurant tips langs strandpromenaden er LaCena by Nola , masse god mat og topp beliggenhet! Mine beste overnattingstips i Altea: Me har testa fleire overnattingstadar i Altea, og felles for alle er god standard, komfortable senger og flotte beliggenheiter. Dersom du finn ei leilegheit med balkong, er det eit stort pluss! Her er mine anbefalingar: 🏡 - Heilt nytt hotell som me testa no i sommar (2025). Det var som ein draum å komma inn døra der, detaljar over alt, hyggelige ansatte og lekre, komfortable rom. Det er ein liten oase midt i hotellet med eit lite fontenebasseng med kvite og blå fliser, og bord rundt. Me hadde rom rett ut i denna herlige uteplassen. Romma var lekkert innreda og hadde tatt med seg dei blå elementa frå Altea inn i rommet. Frukost bestiller du utenom opphaldet. 🏡 – Nyoppussa leilegheitskompleks i gamlebyen. Lekkert interiør med palmevegg og deilige hotellputer. Kjøkkenkrok, komfortabel sofa og altan (dersom du bestiller med dette). 😄Detta var virkelig ein komfortabel og lekker leilighet med det lille ekstra👌🏽🤩 Absolutt ingenting å utsetje her! 🏡 Casa Familiar en pleno Casco Antiguo de Altea – Også kjent som "Den blå leilegheita".💙 Her blir du møtt av ei stor, lyseblå dør og ein sykkel som pynter inngangen. Blå skodder, blå panner og blå dekor skapar eit gjennomført og harmonisk uttrykk. Eit visuelt meisterverk!💙 🏡 Altea House – Nyoppussa hostal med komfortable senger, flott bad og koselig terrasse. Aircondition på rommet. Ligg perfekt plassert mellom strandpromenaden og gamlebyen🫶🏼. 🏡 Hostal Perla Blanca – Eit lite, sjarmerande hostal i ei sidegate nær kyrkja med dei ikoniske blå kuplane. Romslig, komfortabelt rom med utsikt til sjøen. 🐚🫧 Mine beste Altea reisetips for mat og drikke: Altea er full av fantastiske restaurantar , mange med takterrassar og panoramautsikt over gamlebyen og havet. Her er nokre av favorittane mine: 🍽 MÒN Restaurant – Kvalitetsmat og topp service! Her kan du sitje på takterrassen og nyte fantastisk utsikt. T-bone steiken var så god at tilbehøret nesten ikkje var nødvendig! 🍇 Shiraz Vino y Gastrobar – Ein restaurant med herleg atmosfære på eit ope torg. Fantastisk mat og vin! Om du besøkjer på sommaren, hugs myggspray om du vil sitje ute. 🌿 FAM by Shabby Chic – Ein av dei vakraste restaurantane i Altea. Bestill bord ute for å få den beste opplevinga av både maten og utsikta! 🍝 Little The Italy – Midt i smørauga på det travle torget. Perfekt for å sjå på folkelivet mens du nyt ein god pastarett. 💙 Casa Vitale – Norsk-eigd restaurant med ein magisk utsikt over havet. Dei er òg kjende for sin blå vin – eit must å smake! 🍷 Shiraz Vinoteca - ein liten koselig vinbar med vin ein kan nyta i baren eller kjøpa med seg heim. Hyggelig personale og god snacks!👌🏽 ☕ LaCena by Nola – Min faste frukostplass ved strandpromenaden. Fantastisk ferskpressa appelsinjuice, pannekaker og tostadas, ein perfekt start på dagen!🥞☕️ (det er mange turistfeller av restaurantar i Altea, nett slik som alle andre plassar. Me har prøvd eit par av dei, men nokon gonger må ein berre ha seg litt mat). Gå gatelangs og sjå og kjenn på atmosfæren Ein tur til Altea er ikkje komplett utan å utforske dei sjarmerande, smale og fargerike gatene .💙🤍 Her treng du berre komfortable sko og ei vassflaske, resten ordnar byen for deg! Gamlebyen er eit kunstverk i seg sjølv, og dei lokale har gjort ein fantastisk jobb med å pynte opp med blomar, dekor på veggane og sjarmerande møblar. 🤩 Det er tydeleg at både fastbuande og besøkande respekterer omgjevnadene, gatene er ryddige og velstelte.👏🏽 Ta deg tid til å stikke innom nisjebutikkane , små kunstgalleri og sjølvsagt den ikoniske kyrkja med dei blå kuplane . 💙💙 Herifrå får du panoramautsikt over byen og havet – eit postkortmotiv i virkeligheta! Vil du ha eit hot tips kun ei liten kjøretur frå Altea? Mascarat stranda. Her er det idyll med rullesteinar og turkistblått hav! Det er flott å snorkla der òg. Det er mulig å leiga solstoler her om ein vil det. Ein kan parkera langs vegen og gå ned 5 min så er ein på ei så flott og mindre strand. Nei altså, sånne plassar er eit syn for auga, og veldig kjekt å finna🤩.Husk badesko. Korleis komma seg til Altea: Det er ca 45 min kjøretur frå Alicante. Rett ved veien, som deler Strandpromenaden med gamlebyen, er det fleire parkeringsmuligheter. Nokon er gratis òg! Det er òg parkeringsplass oppe på høgda ved kirka. Det går tram frå Alicante til Altea med stopp på fleire av landsbyane oppover. Det tar ca 1 time med tram frå Alicante til Altea. Takk for oss Altea, me sjåast att til sommaren! Altea er ein stad som set seg i hjartet 💙. Kombinasjonen av fargerike gater, god mat, fantastisk utsikt og avslappa atmosfære gjer byen til ein av mine absolutte favorittar langs Costa Blanca. Så om du vurderer ein tur til denne delen av Spania, ikkje gå glipp av Altea! ✨ Del gjerne ditt Altea tips med meg i kommentarfeltet så testar eg det ut neste gong! Har du lyst å lesa om andre flotte plassar i Spania så trykk på reisemål, Spania så kan du velga mellom Gran Alacant og Santa Pola , Sevilla , Isla Tabarca og Alicante .
- Oppdag Oslobukta – Guide til Restauranter, Hotell og Opplevinger
🌆Mine beste tips til Restauranter, Hotell og Opplevinger i Oslobukta: Oslobukta har blitt eit av mine favorittområde i Oslo! Her finn du spennande restauranter, herleg atmosfære og kjekke aktivitetar for ein kvar smak🍴🖼️🛶 Kanalane slyngjer seg mellom dei stilige bygga og skapar luftig og urbant preg på byromområdet. Det er rett og slett ei glede å rusle rundt her og berre sjå🤩. Når eg reiser til Oslo, vel eg ofta å bu og eta i Oslobukta. Området er urbant, men har likevel ei rolegare stemning enn andre delar av byen🌟. Kvaliteten på maten er høg, servicen er god, og atmosfæren gjer opplevinga komplett. Overnatting Mitt favoritt hotell Clarion Hotel Oslo , ligg sentralt plassert med trikk og buss like utanfor døra, berre fem minutt å gå frå Oslo S. Dette hotellet har alt eg ser etter: topp service, delikate rom og ein nydeleg frukost. Allereie i det eg kjem inn, møter eg ein behageleg duft, imøtekomande personale og stilrein innreiing. Romma er lekkert designa, og eg ber alltid om utsikt mot Barcode. Sengene er komfortable, badet romsleg, og dusjprodukta av god kvalitet. Frukosten er blant dei beste eg har smakt i Oslo, med eit godt utval av førsteklasses råvarer. Dei serverer blant anna eplejuice av høg kvalitet, spekeskinke, ostar og ein utruleg god kjøleskapsgraut. Dei har også godt utval av gluten- og laktosefrie alternativ. Pluss: Sentrale rom, topp frukost, hyggeleg personale. NB: Kan vera populært, så bestill i god tid! Restaurantar og kafear Eg prøver ofte nye restauranter når eg er i Oslo, men nokre favorittar vender eg alltid tilbake til: Asiatisk mat Dinner og Nodee Sky – Begge har skikkeleg god mat i stilige lokale med topp service. Vil du nyte ein drink med utsikt eller fantastisk asiatisk mat, bestill bord på Nodee Sky i 14. etasje. Eg elskar dumplingsane og money bags-a på Dinner !🤩 Koie Ramen – Eit nyare tilskot i Oslobukta som byr på autentiske og smaksrike ramenrettar. Servitøren guida oss gjennom menyen, og me valde heilt andre rettar enn me fyrst hadde tenkt – noko me ikkje angra på! Ekstra pluss for god service.👏🏽 Europeisk mat Lutlaget – På dagtid er dette eit bakeri med dei deiligaste bakverka, og på kveldstid ein flott restaurant med nedpå stemning. Me starta med kamskjell og biff tartar – heilt nydeleg! 👍🏽Biffretten deira med den berømte café de paris sausen var òg ein innertiar. Eg avslutta kvelden med ein perfekt miks av dessert og cocktail: ein Porn Star Martini🌟. Vin og drikke Vin Bjørvika – Ein liten og intim vinbar med stilrein innreiing og bilete frå ulike vinområder. 🍷Dei har eit imponerande utval av vin, heile 130 slag på glas og over 600 ulike typar vin på flaske🌟. Menyen er smart laga med druer og symbol som gjer det enkelt å finna noko ein likar🍇🍷Servicen er fantastisk – vinkelnaren hugsa til og med kva eg drakk sist gong! Eg har smaka på både speke og ostetallerken, der ostane er para med gode syltetøy og gelèar🧀🥖. Hammer Hai – Ein cocktailbar med kult interiør og kreative drinkar🍹 I Baren - Ein gastrobar med godt utvalg av drikka og nokon gode mat rettar tilpassa sesong. Her kan ein nyta utsikten utover Oslobukta.🍻 Cafear: Talormade - Her finner du donut i lekre fargar og smakar. Dei sklei rett ned hos oss!🍩 Paradis - Detta må vera den beste sorbet isen eg har ete! Sitron var favoritten! Så freshe og fargerike lokaler til å bli glad av!🍧 Mat du kan ta med heim Annies Oslobukta – Perfekt for dei som vil ha med seg noko godt heim. Her finn du kjøt av alle slag, eit stort utval av ostar og masse godt tilbehør. Me pleier å ta med oss heim ein tørrhengt T-bone steak til helgekosen!🥩 Aktivitetar i Oslobukta Oslo Badstuforening Ein av dei mest forfriskande opplevingane i byen! 🤩 Her kan du varma deg opp i ei av badstuene med panoramautsikt over Oslofjorden, før du hoppar i det kalde vatnet. Dette er ein sosial og litt utfordrande aktivitet – perfekt for vennegjengar eller dei som vil teste komfortsona si🎖️Pris: 220-260 kr for ikkje medlemar for 1,5 time. Det er òg mogleg å leiga ei heil badstu for vennegjengen. Hugs å ta med hengelås eller kjøp på staden. Booking skjer via nettsida . 🏊🏼♀️ Operahuset Operahuset er eit av dei mest ikoniske bygga i Oslo. Det er populært å gå tur på taket, sole seg på sommaren eller oppleva ein klassisk konsert. 🎼Det er også ein kafé med uteservering her om sommaren. Deichman Bjørvika Oslos nye hovudbibliotek er ein arkitektonisk perle. Perfekt for å jobba, lese eller ta med barna for å skapa leseglede. 📚 Munchmuseet Dette imponerande bygget ruvar over Oslobukta og husar kunsten til Edvard Munch🖼️. I tillegg til utstillingane har museet ein kafé med lekre fristelsar og ein bar på toppen med fantastisk utsikt. Sørenga Går du over brua til Sørenga, finn du restaurantar på rekke nedover. Eg har prøvd Coyo , ein autentisk mexicansk restaurant, og Castillo , ein tapasrestaurant med hyggeleg stemning. 🌵Ytterst på Sørenga kan du ta eit forfriskande bad på den fine sandstranda eller leige kajakk.🛶 For barn: I Oslobukta kan ein fint kosa seg heile familien. Det er ein spennande leikeplass med klatring og sklibane midt på torget. Itillegg er det barneavdeling på Deichman bibliotek som byr på leseglede. For ikkje å gløyma dei spennande donutsa ein kan kosa seg med på Talormade, dei var super gode! Mine barn syns det var kjekt å berre gå rundt å sjå på husa, kanalane og folka!👧🏼👦🏽 Oppsummering Oslobukta er verkeleg ein av dei beste plassane i Oslo for mat, overnatting og opplevingar.🤩 Enten du vil nyte god mat, sjå vakker kunst eller berre slappe av i ein badstue med utsikt over fjorden, så er dette staden! Har du nokre favorittar i Oslobukta? Del gjerne i kommentarfeltet!
- 5 unike overnattingssteder i Europa og Asia – med sjarm og sjel
Nokre overnattingssteder set seg rett i hjartet💕 Det handlar ikkje nødvendigvis om luksus eller beliggenheit, men om detaljane, menneska, følelsen av vera velkommen! Felles for desse overnattingsstedene er at dei har ein personleghet med sjarm og sjel!🤗 Dei gjer deg noko meir enn berre ein stad å sove. I eit tidlegare innlegg skreiv eg om fem slike perler i Noreg . Denne gongen tek eg deg med ut i verda, nærare bestemt Europa og Asia. Her kjem fem av mine favorittar, pluss to bonusar du ikkje vil gå glipp av🏩 1: Nomad Hotel Xàbia Port – Spania I den vesle kystbyen Xàbia (eller Javea, som den òg blir kalla) ligg Nomad Hotel – eit lite, stilreint og gjennomtenkt hotell med utsikt rett mot havet frå dei 14 romma. Allereie då me steig inn gjennom den vesle døra, kjende eg: Her vil me trivast!🤗 Det var detaljar på kvar ein vegg, atmosfæren var lun og avslappa, og personalet møtte oss med kaldt vatn mens me sjekka inn. Rommet vårt var ein lekker, liten leilegheit med to soverom og kjøkkenkrok, alt med smakfullt og gjennomført interiør. Frå det eine soverommet hadde me utsikt rett ut mot havet. Kan du tru kor godt det var å både leggje seg og vakne opp til bølgeskvulp?🌊 På toppen av hotellet låg eit lite basseng med utsikt over det asurblå havet og strandpromenaden. 🩵Og i baren, eit nivå ned – fekk me servert dei deiligaste drinkane. Baren var òg full av lekre detaljar, akkurat som resten av hotellet🩵 Me kosa oss frå morgon til kveld – både middag og frukost nytte me på hotellet, og alt smakte fantastisk. Det blir ikkje siste gong me bur på dette vakre hotellet! Er det eit hotell ungane våre hugsar, så er det dette😄 2: Radisson Collection Hotel, Magdalena Plaza – Sevilla, Spania Eg har budd på mange Radisson-hotell, men aldri eit som dette. Midt i hjartet av Sevilla, berre nokre steg frå shopping, tapas og den magiske kveldsstemninga i byen ligg dette stilfulle og overraskande personlege hotellet💚Allereie i resepsjonen merka eg at dette ikkje var eit typisk “kjedehotell”. Interiøret er varmt og moderne, med elegante detaljar og spanande materialval som skaper ei lun og luksuriøs kjensle🌱Lukten som var rundtom i fellesariala var heilt herleg, eg syns eg kjenner den endå! Romet vårt hadde store vindauge ut mot byen, deilig komfort og ein innbydande fargepalett. Det var ein perfekt base for å oppleve Sevilla. Badet var så stillig, med lekker dusj og dobbelt vask🛁. Det var godt utvalg av både baderomsartiklar og kaffetilbehør på romma. På kvelden var det turn down service, der dei redde opp senga, satt kaldt vatn på nattbordet og trakk for gardinene🚰 er service på høgt nivå uten at det blir stivt! På toppen av hotellet var det ein takbar og eit lite basseng, herlig for ein avslappning mellom all kutur og tapas👌🏽 Frukosten var noko med den beste hotellfrukosten eg har ete!🤩 Både rikhaldig og kvalitet, med eit personale som verkeleg såg oss og sørgde for god start på dagen. Her kunne me velga både frå buffeten og Ala Carte (gratis), ja itillegg var det bobler til frukost 😉Alt i alt: Ein perfekt miks av det profesjonelle og det personlege. Eg hadde aldri trudd eg skulle finne sjarm og sjel i eit Radisson hotell, men her var det!🤩 Eg har skrive eit eige blogginnlegg om byen, fylt med inntrykk, tips og favorittar frå vårt opphald: 👉 Herregud så vakker du er, Sevilla 3: Asilo in Barolo – Italia Barolo er mest kjend for vin – men visste du at du kan bu i eit gammalt kloster midt i denne vesle italienske landsbyen? Asilo in Barolo er ein liten og heilt spesiell overnattingsplass, som i si tid var både kloster og barnehage. No er det forvandla til stilfulle og sjarmerande leilighetar – med historie i veggane og utsikt over vinmarkene🍇 Me budde her på vår vintur med vennegjengen, og fekk ein 3 roms leilighet, og det føltest som å vere inne i eit postkort🤩 Romma er innreidde med ein enkel eleganse! Llyse veggar, rolege fargar og lekre detaljar. Å våkna opp, gå ut på altanen og nyta frukosten mens ein ser utover vinrankene var eit eventyr!🤩 Det var kort veg til både vingardar og små trattoriaer. Det som gjorde oppholdet perfekt var dei vennlige og hjelpsome vertane Francesca og Alisa! Dei tipsa om sjarmerande landsbyar i nærheten og restaurantar i Barolo🤗. Om du vil oppleve meir av det beste Piemonte har å by på – med vingardar, små landsbyar og ekte italiensk stemning – så har eg skrive eit eige blogginnlegg om akkurat det: 👉 Vintur i Piemonte, Lokal mat, sjarmerende landsbyer og autentisk vinsmaking 4: Anantara Rasananda – Koh Phangan, Thailand Ein liten oase rett på stranda, omkransa av grøne fjell, palmar og det turkise havet🌸. Me budde oppe i ein strandvilla med eige basseng med flott utsikt til den vakra stranda, og ja, det var like magisk som det høyrest ut. Alt var gjennomført til minste detalj, frå handkledyr og welcome skrevet med blomar og blader på senga som venta oss ved ankomst til det rolege tempoet på heile resorten, for ikkje å gløyma den vennlige servicen! Interiøret var ein blanding av tradisjonelt thailandsk og moderne komfort – med naturmaterialar, mjuke tekstilar og store vindauge mot hagen og havet. Det beste av alt? Det var stille, fredfullt. Ingen høge musikkar, ingen stress. Berre havet, vinden i palmene, og ei kjensle av å få vere heilt til stades🌴. Vil ein gjera det endå meir avslappa kan ein nyta det flotte spa som er utendørs oppover fjellsida, med fiskar i dammane og rett i naturen🧖🏻♀️ Desse orange fiskane hadde dei fleire plassar rundtom på hotellet, så det var fint å stoppa opp å sjå på dei på vei til stranda🐠 Frukosten blei servert med tærne i sanda, og maten var ein draum – fersk, smakfull og vakkert servert🍍🥭🍉. M e nytte òg ei avslappande massasje på stranda og middag under stjernene. Til ungane sin glede hadde dei sushi i restauranten! Dei hadde to basseng som låg så og sei på stranda, reine postkort motivet🏖️ Dette er ein plass for deg som vil ha det beste, men utan å miste det ekte! Veit du kva som var skikkelig koselig? Når gjestene enten kjeme eller reiser frå hotellet med hotellets eigen båt, kjeme ein del av personellet ned på stranda og vinkar og slår på ei tromma👋🏽Den varme personligheita og sevicen gjennspegla heila hotellet og her følte me oss velkommen! Koh Phangan ligg berre ein kort båttur frå Koh Samui, og det gjer det enkelt å kombinere med fleire øyopplevingar i Thailand. Me kom oss dit med speedbåt frå Samui, ei reise i seg sjølv, med utsikt til palmestrender og klårt hav. Eg har skrive eit eige innlegg med tips, opplevingar og bilder frå Samui:👉 Koh Samui – mitt thai paradis 5:Bambu Cottages – Gili Air, Indonesia Nokon stadar har ei heilt spesiell ro over seg – og på Gili Air fann me nettopp det. Bambu Cottages ligg rett ved stranda, og alt ved staden tilseier enkelheit, harmoni og varme. Inngangen til området er pynta med rosa blomar, som rammar inn dei små bambusbungalowane og gir ein nærmast eventyraktig stemning🌸. Bungalowane ligg berre nokre skritt frå sjøen. Me kunne høyre bølgene medan me låg i senga i bambushytta vår, og det tok under eitt minutt frå døra vår til me sto med føtene i det turkise vatnet🩵. Interiøret er enkelt og naturleg, med bambus, lyse tekstilar og detaljar, nevnte eg utedusj, det var heilt herlig å stå i dusjen å kunna sjå rett opp i himmelen! Det var eit pluss med basseng og sykkelutleige på hotellet. Gutta som jobba der fiksa det meste for deg! Frukosten blei servert i hotellets vesle restaurant – rett på stranda, med utsikt over havet og Lombok-fjella i det fjerne🍉🍍🍹 Me sat der med fersk frukt, kaffi og varme i både kropp og sjel. Det var ikkje luksus i tradisjonell forstand –men det var det perfekte, uperfekte! Dette er staden du reiser til for å lande, puste og kjenne at det enkle ofte er det aller beste. Gili Air ligg utanfor nordvestkysten av Lombok, og er lett å nå med båt frå Bali. Me tok ein speedbåt på om lag 2 til 2,5 timar – avhengig av vêr og båtselskap. Litt sjø kan forekomma, men det gløymer du når du stig på land i Paradis! Det er ingen bilar eller motorsyklar på øya, berre sandvegar, syklar og hestekjerrer. Det gir heile staden ei heilt eiga ro. Vil du lese meir om Gili Air og sjå fleire bilder frå opphaldet vårt, finn du det her:👉 Reisebrev del 3 – Gili Air, paradis! ✨ Bonusar du ikkje vil gå glipp av Desse unike hotella i Europa og Asia har satt spor, og det dukkar opp fleire når eg skriver! Her kjem to bonusar som har det eg alltid ser etter: sjel, stemning og noko som gjer opphaldet heilt spesielt🤩 Bonus 1: Asia Gardens Hotel & Thai Spa – Benidorm, Spania Dette hotellet er som å klyve inn i ei anna verd, og det midt i Spania. Asia Gardens ligg som ein tropisk oase i åsane over Benidorm, med frodig vegetasjon, fiskedammar, duftande appelsintre og ein atmosfære som minner meir om Thailand enn Costa Blanca🌴🍊 Hotellet er stort, men klart å skape ei uvanleg roleg og eksklusiv stemning. Det var fleire basseng å velje mellom, og dei hadde te Asiatiske preget med utsmykkingar og tropiske vibber! Maten var heilt nydeleg, me prøvde tre av restaurantane! Tips: Hotellet kan du kombinera med ein tur til Alicante, sjå her for mine beste Alicante tips! Bonus 2: Det lilla hotellet – Nora, Sverige Dette er kanskje det mest heimakoselege hotellet eg har budd på, og ein påminnar om at ekte gjestfrihet ikkje handlar om stjerner, men om folk🤗 Det lilla hotellet i Nora er eit slikt stad. Her er det vertane Peter og Peter som set tonen, og dei gjer det med varme, humor og eit oppriktig ønske om at du skal trivast frå første sekund. Hotellet ligg i ein sjarmerande, eldre bygning i sentrum av den vesle byen Nora, ein stad full av små trehus, kaféar og ein ro som minner om ei anna tid. Rommet vårt på toppen av huset hadde små detaljar, badekåpe og små detaljer som viste omtanke: ei bok på nattbordet, kurv med snaks, ei kanne med vatn🥜Til frukost fekk me heimelaga brød og lokale råvarer. Her følte me oss ikkje som gjester, men som heime hos gode vener🤗 Vil du sjå meir frå opphaldet vårt og få tips til kva du kan oppleve i området, har eg skrive eit blogginnlegg om både Nora og nabobyen Örebro: 👉 Mat- og kulturreise til Örebro og Nora Drops for augo, og for hjartet🤩 Dei sju stadene eg har delt her er ulike, men dei har noko felles: Dei har gitt meg kjensla 🥰 Den som kjem når ein sjekkar inn og kjenner seg heime, inspirert, sett, eller berre stille glad. Det handlar ikkje alltid om anntall stjerner og mest fancy, det handlar om atmosfære, detaljar og folk. Om å høyre bølgene frå senga, kjenne dufta av nybaka brød, bli møtt med eit smil som ikkje er innøvd😊 Har du eit slikt hotell eller overnattingsstad du aldri gløymer? Eg vil gjerne høyre om det – legg gjerne igjen ein kommentar eller send meg ein melding. Eg samlar på slike drops for augo 💫 Eg gledar meg allerede til neste Drops for augo hotell eg skal besøka, eg veit berre ikkje endå kor det er 😉
- 📸 5 Instaperler i Vest-Norge du må få med deg; fjell, fjord og utsikt!
Fjell, fjord og fotoglede; dette er vestlandsperlene som ser like bra ut i virkeligheten som på skjermen! Vestlandet er fullt av dramatiske landskap og sjarmerande bygder; ein draum for både reiselystne og Instagram-glade sjeler. I dette innlegget deler eg 5 fotogene stopp du bør få med deg i sommar, frå dei turkise brevatna i Oldedalen til surfestranda på Hoddevik, blomstrande småbygder, fossefall og fjordutsiktar du vil hugsa lenge. 📷💙 📍1. Oldevatnet: turkist vatn og mektige fjell Tenk deg å padla på eit turkist brevatn, omgitt av høge fjell og isbrear, det var akkurat det eg gjorde på Oldevatnet. Eg budde på ei hytte ved Gryta Camping , og i det eg steig ut av bilen og såg vatnet, blei eg heilt bergtatt! Sola skein, og eg kasta frå meg sekken i hytta før eg lånte kajakk og padleårer i resepsjonen, no måtte eg berre ut på vatnet. Midtfjords sat eg heilt stille i kajakken og berre sugde inn utsikta: det klare vatnet, dei dramatiske fjella og breane som glinsa i det fjerne. Eit verkeleg instamoment! 📸 Om kvelden grilla eg ved vatnet og nøyt stillheita før eg sovna godt i hytta mi. Neste morgon gjekk eg til fjells til Storesteinen og Gytrifossen , ein bratt tur på ca. ein time med flott utsikt over Oldevatnet og eit mektig fossefall. Før eg reiste vidare, tok eg eit forfriskande bad i brevatnet – det var iskaldt, men herleg! På veg vidare køyrde eg til Yri Neset, der dei hadde laga til ein blomstrande «instaspot» med sirkel, utsikt og fotoglede 🌸 📍2. Stadtlandet: vill vestkyst, surfing og utsiktar Med "Ut mot havet" på full guffe køyrde eg den smale, svingete vegen opp til Vestkapp , det kjentes som eg var på veg til enden av verda. Skyene rulla raskt over himmelen, og landskapet opna seg dramatisk med grøne bakkar, sauer og bratte stup ned i havet 🌬️🌊 Det var nesten som å stå midt i eit kunstverk. Her ligg det ein kafé med panoramautsikt; perfekt for ein matbet med utsyn mot storhavet. Hoddevik er ei perle for både augo og sjela. Den svingete vegen ned er eit instamoment i seg sjølv! Nede venta ei kvit sandstrand omkransa av mektige fjell. Eg gjekk barfot i sanda, såg surfarar danse på bølgene og sat i timesvis og berre nøyt stillheita og lunsjen min. Her kunne eg blitt heile dagen! 🏄🏼♂️☀️ Ein sjølvbetjent, kul kiosk gjorde opplevinga ekstra sjarmerande. Så køyrde eg vidare til Ervik , og det var som å stiga inn i ein saga. Ein hest kom ridande langs stranda mens surfarar leika seg i bølgene, eit syn eg aldri gløymer 🐎🌊 Dette er ein av dei mest kjente surfestadane i Noreg. Er det noko eg angra på er det at eg ikkje hadde bubil, for her skulle eg blitt over natta. 📍3. Lustrafjorden: roser, ro og romantikk ved fjorden Tenk deg ei lita bygd der roser klatrar langs kvitmåla husveggar, små naust ligg tett i tett, og fjorden glitrar i turkis, Solvorn er nettopp slik 🌸 Eg sat og dingla med beina frå bryggekanten ved den koselege restauranten Kvitabui Matnaust & Galleri , og berre nøyt stemninga. Eg budde på Villa Solvorn , og det var som å gå rett inn i eit postkort. Hagen var full av blomster og ei lita fontene, og inne var romma innreia med sjarme, pastellputar og gamle skattar 🪴🛏️ Fellesområda minna om eit lite museum. Her kunne eg verkeleg senka skuldrane! Eg bada ved den vesle badestranda som såg ut til å vera eit samlingspunkt for heile bygda, her var det liv og latter i sommardagen! Litt lenger inne i fjorden, i Luster , overnatta eg i eit glampingtelt heilt nede ved vatnet på Dalsøren Camping ⛺ Eg sovna til lyden av bølgeskvulp og vakna til eit syn av den turkise Lustrafjorden badande i morgonlys. Plassen var frodig og velstelt, med badstu, blomar og gode fellesområde. Eg henta nysteikt brød frå Lustrabui og nytte frukosten i fjøresteinane- ein perfekt start på dagen 🥖🌊 📍 4. Strandebarm: Bygdenorge på sitt vakraste Velkommen til mi heimbygd , vakre Strandebarm , der husa ligg som ei perlerad langs fjorden og fjella ruvar i bakgrunnen. Her finn du ekte bygdero, vakker natur og mange små skattar langs vegen 💙 Det finst mange fjellturar å velje mellom, men favoritten min er turen til Klepp , stølen vår. Dei små sela (hyttene) ligg tett i tett, med fantastisk utsikt utover Hardangerfjorden. Turen tek ca. 1 time kvar veg frå bygda, men du kan også køyra eit stykke opp Grøningsvegen for å korte inn ruta 🥾🌿 Nede ved fjorden finn du Strandebarm Marina , eit triveleg samlingspunkt om sommaren. Her kan du nyte is og pizza på Sjøkaféen , bada på den flotte sandstranda eller låne kajakk, SUP-brett eller kano hos SjøAktiv Strandebarm . I tillegg er det grillhytte, minigolf, fine turstiar, og gjesteplassar for deg som kjem sjøvegen ⚓☀️ Ta turen innom Breievne Gard og kjøp med deg ferks juice, bær og dei tradisjonelle mjelkekakene, eller bli verande for ein smakfull glampingovernatting med utsikt over bygda! 🍓⛺ I sommar er det servering på Hallvardsnaustet , med komletorsdag, sjømatbord og søndagsmiddag, ein perfekt avslutning på ein dag i bygda. I Strandebarm finn du keramikkverkstad , kunstgalleri , retromuseum mm. 📍 Du kan lesa meir om Strandebarm i dette blogginnlegget: 📍5. Eidfjord – majestetiske fjell og mektige Vøringsfossen Eidfjord er ei instaperle som verkeleg tar pusten frå deg! Det har blitt eit fast stopp kvar gong eg køyrer over fjellet – for det første som møter deg frå aust, er dei majestetiske fjella, den stille fjorden og den sjarmerande bygda mellom alt 🌄💦 Frå rommet på Vøringfoss Hotell såg eg sola gå ned bak fjella, og neste morgon vakna eg til strålande sol og fjellutsikt frå senga. Ein perfekt start på ein aktiv dag! Eg hoppa på ein fartsfylt tur med Hardangerfjord Safari , og etterpå gjekk turen til Kjeåsen , garden «der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Her kan du velje mellom å gå den bratte stien eller køyre opp, begge delar gjer deg ei fantastisk utsikt og ei unik oppleving 🏞️🚶♀️ I Eidfjord sentrum finn du også fleire fotogene stopp, blant anna instaframe på Østangen , like ved den store huska (ca. 2 min frå hotellet), og ein annan oppe på Hodna , om lag 15 min å gå frå sentrum 📸 📍 Eg har fleire Eidfjord-tips til deg her: Majestetiske Eidfjord ✨ Klar for ditt neste instavenlege eventyr? Vestlandet byr på eit hav av vakre opplevingar, bokstaveleg talt! Frå kvite strender og dramatiske fjell til små bygder med roser i hagen og glitrande fjordar! Sesse 5 instaperlene er berre starten 🌸📸 Har du vore på nokon av desse stadene, eller har du din eigen vestlandsfavoritt? Legg igjen ein kommentar eller del innlegget med nokon du kunne tenkt deg å reisa saman med! 💬💛 Og hugs– det vakre treng ikkje alltid vera langt unna. Noko av det mest magiske finst kanskje berre ein fjelltur eller biltur unna. 🧭 Praktiske tips til turen 🚗 Beregn god tid i trafikken , i høgsesong kan det vera både vegarbeid og mykje trafikk, særleg på smale fjellvegar og ved ferjekøar. ⛺ Sjekk ut kvar det er lov med fricamping , ver alltid respektfull overfor natur og grunneigarar. ⚠️ Vær forsiktig på høgder og smale stiar , bruk godt fottøy, og ikkje ta sjansar for eit bilde. 🏡 Ikkje gå inn i hagar eller private eigedomar , sjølv om noko ser fotovennleg ut, må du alltid ha løyve. ⛴️ Last ned ferjeappar som Reis Nordvest og Entur , dei gjer deg oppdaterte rutetider og oversikt over billettar og trafikk. 🌦️ Sjekk vêret og pakk deretter , vêret kan skifte fort på Vestlandet, så ta med både solkrem og regnjakke. 🔋 Ha med powerbank og nedlasta kart, dekninga kan vera varierande i fjell og avsides område. 🧼 Ta med søppel heim , la naturen vera like fin for dei som kjem etter deg. God reise! -Eva
- Fossejakt & fjellro i Hemsedal, med overnatting på lekre Fyri Resort
Allereie eit stykke før Hemsedal sentrum blei eg ønska velkommen av mektige Hydnefossen , eit nydeleg syn som set stemninga! Eg har besøkt Hemsedal og Fyri Resort tre gongar, og eg har kosa meg like mykje kvar einaste gong. Alle turane har vore om sommaren; ein gong åleine, ein gong med mannen min og ein gong med veninner. Eit av opphalda var i samarbeid med hotellet i 2023. Hemsedal byr på spektakulære fjell, flotte turar og ei naturoppleving som gir ro langt inn i sjela. I dette innlegget deler eg mine beste tips til fossejakt i området, og ikkje minst kvifor Fyri Resort løftar turen med ei blanding av luksus, stil og sans for detaljar. Fossejakt i Hemsedal, naturopplevelser med sus i, med base på Fyri Resort Hemsedal er kjent for sine majestetiske fossar, omgitt av dramatisk og vakker natur . Før turen søkte eg etter tips både på hemsedal.com og fekk gode anbefalingar frå dei tilsette på Fyri Resort, noko som resulterte i fleire nydelege stopp! Her er nokre av dei fossane me besøkte, kvar med sin eigen karakter: 🩵 Fekjanåenefossen – Hemsedals Instagram-perle Køyr Panoramavegen mot Lykkja og ta av mot Ulsåkstølen heilt til grusvegen sluttar. Derifrå går du i retning mot Såta, kryssar ei lita bru og følgjer stien eit stykke vidare. Snart kjem du til det eventyrlege synet av Fekjanåne. Her får du både utsikt, fossebrus og bilete verdt å dele! Mange fell for fristelsen å ta seg eit bad i fossen, det tippar eg er friskt og godt etter ein god tur! Men husk å vær varsom då det til tider kan vera veldig kaldt i fossen. 🌊 Rjukandefossen– kraftfull og lett tilgjengeleg Denne fossen ligg berre ca 5 minutts gange frå parkeringsplassen og er ein av dei mest kjente i området. Rjukandefossen er kraftig og mektig, og det er viktig å vera klar over at bading i sjølve fossen ikkje er lovleg på grunn av sterke understrømmar. Men det er ein flott plass for ein pause, piknik eller fotostopp. 🌿 Trøymsånefossen– ein trollsk favoritt Fossen ligg rett opp for Hemsedal sentrum ved Steget. Du kan køyra eit lite stykke opp eller gå frå sentrum. Me fulgte ein grus-/traktorveg oppover, og fann vegen etter lyden av fossen. Omgjevnadene var grøne, mystiske og fulle av ro, ein liten juvel i nærleiken av sentrum. Frå parkeringsplassen tok det ca 10 minutter å gå. 🥾 Bonus turtips: Kjerringkjeften/ Veslehødn– Spektakulær tur, men ikkje for høgderedde Denna turen går oppforbi den kjente Hydnefossen. Følg veien opp til Torsetstølane, og parker ved kraftlaget. Derifrå er det godt merka sti, det første partiet er bratt, så flatar det ut, og du får nydeleg utsikt! Litt lenger framme ser du Hydnefossen frå oppsida, med Veslehødn og Storehødn i bakgrunnen. Den siste kneika opp til Kjerringkjeften er ganske bratt, men med nokon pausar så var det virkelig verdt utsikten på toppen! Men vær varsam på toppen, for her er det bratt ned. Me brukte ca 1 time opp, og no er ikkje me topptrente, snarare tvert i mot ;) Detta er min mest spektakulære fjelltur! Kan kombinerast med Storehødn for dei som vil gå ein endå lengre tur :) 👉 PS: Har du vore på fossejakt i Hemsedal? Del gjerne tips i kommentarfeltet, kanskje finn eg nye perler til neste tur! Fjellro med stil– mitt opphald på Fyri Resort I det eg steig inn dørene på Fyri Resort , kjente eg det: den lune, mørke stemninga som omfavnar meg! Massivt treverk i taket, gjennomførte detaljar i kvar ein krok, dempa belysning, deilig duft, her er alt laga for at du skal senka skuldrane og kjenna deg velkomen!Heile hotellet er delt inn i soner, så ein kan sitja for seg sjølv og nyta stilla, eller slå seg ned ved peisen når kvelden fell på. Dei tilsette er imøtekomande og hyggelige, og atmosfæren gir ei kjensle av luksus, men på den jordnære og behagelege måten. Eg hadde eit lekkert rom med mørke tonar, stilige bilde på veggane og ein lekker grønn sengegavl med tre hotellputer- nett slik eg likar det! Senga var komfortabel, badet hadde regnskogdusj og baderomsartiklar. For ikkje å snakka om badekåpa, den er så mjuk at eg ikkje har kjent makan før. I ein lekker mørk grøn farge som står i stil til resten av hotellet! Tips : Bestill gjerne rom med fjellutsikt, det gjer ein ekstra dimensjon til opphaldet. Pool Club– rein velvære Pool Cluben på Fyri er noko for seg sjølv. Her er det store daybeds, lekker innreiing i den same lune stilen som resten av hotellet, og ein atmosfære som inviterer til total avslapping. Inneområdet byr på flott basseng, bar og sittegrupper. Ute finn du oppvarma basseng, sauna og fjellufta som kulisse. Det er òg stille avdeling inne i lunt rom med fyr i peisen, samt gym dersom du vil halda deg aktiv innendørs. NB: Tilgang til Pool Club kjem som tillegg eller i pakke, sjekk nettsida for tilbod. Matoppleving med utsikt Å vakna til frukost med utsikt til fjella er ein opplevelse i seg sjølv. Den delikate frukostbuffeten bød på alt eg kunne ønskja meg, variert, smaksrikt og lekkert presentert. Restauranten har same stilige og gjennomførte uttrykk som resten av hotellet, med høgt servicenivå og god stemning. I helgane er lunsjrestauranten som tilhøyrer Fyri Resort, på andre sia av veien open, me åt nydeleg pizza der. Itillegg er det ein sportsbutikk der. Fyri Resort er utan tvil det mest gjennomførte og stilfulle fjellhotellet eg har vore på. Her får du luksus, komfort og estetikk, utan at det blir stivt eller overveldande. Eg trives rett og slett veldig godt her, og Fyri står no øvst på lista over mine favorittresortar i Noreg. Praktisk info og tips Hemsedal ligg midt mellom aust og vest og er lett å nå både med bil og buss. Frå Oslo tek det om lag 3 timar med bil, frå Bergen rundt 4 timar. Det går òg ekspressbussar fleire gongar dagleg, og dei stoppar rett ved sentrum. Fyri Resort har gratis parkering, og gratis lading for elbil, noko som er eit stort pluss! Fyri Resort og Hemsedal er ein heilårsdestinasjon, lika flott om vinteren når du vil stå på ski, som om sommaren når du vil gå fjellturar, sykla eller berre nyta roen og atmosfæren på hotellet. Tips: 💦 Vil du besøka Pool Cluben, bestill ei pakke som inkluderer inngang, det tryggar deg plass. ⛰ Vel rom med fjellutsikt! Det gjer ei ekstra “wow-kjensle” , spesielt ved soloppgang eller solnedgang. 🍽 Hugs å booka bord i restauranten på førehand , spesielt i helgar og høgsesong. Det kan gjerast både via nettsida, som ein del av ei pakke eller i resepsjonen. 📸 Ta med gode sko og kamera! Her er det mange flotte fotomotiv, både ute i naturen og inne på det stilige hotellet. Fossefall, fjellro og stil– Fyri Resort i Hemsedal er kanskje det mest gjennomførte og lekraste fjellhotellet i Noreg. Her kjem du tett på naturen utan å gi slepp på komfort og kvalitet. 💙Eg håpar du blei frista til ein tur til Fyri Resort og vakre Hemsedal! 📌 Du finn òg hotellet nemnt i blogginnlegget mitt: 5 hotell i Norge som er drops for augo
- Zeeksack erfaring, den mest praktiske reisesekken eg har testa🎒✈️
Når eg reiser på tur har eg alltid den praktiske reisesekken The Organizer fra Zeeksack med meg. Den er praktisk, behagelig og romma alt ein treng, utan at det blir kaos inni. Den passa lika godt til weekendtur, flyreise, glamping eller fjelltur, ja ein kan til og med vera den perfekte jobbsekken! //🎒 Reklame for Zeeksack. Her deler eg kvifor eg har blitt så begeistra! Det er ikkje lagt føringar for kva eg skal skriva, kun mine eigne opplevingar med sekken. Den siste turen min på Safari i Kenya hadde eg med meg sekken min, og reisefølget frå Amerika blei begeistra for den. Ps Safari i Kenya var ein fantastisk opplevelse! Smart og praktisk organisering Det beste med sekken er kor lett det er å halda orden. Eigne hyller gjer at du slepp å rota rundt for å finna det du treng. Små lommer til kablar, pass og småting. PC-lomme på sida , superpraktisk når du skal raskt gjennom sikkerhetskontrollen eller treng å ta fram PC-en på flyplassen. Topplokk med ekstra lomme til ting du vil ha lett tilgjengeleg, som pass, airpods, lypsyl ol. Komfortabel og stilrein reisesekk Zeeksack reisesekk er ikkje berre praktisk, men òg veldig god å ha på ryggen , sjølv når den er fullpakka. Reimene sit godt, er lett å justera, og sekken følast lettare enn du trur. Denne praktiske reisesekken frå Zeeksack har eit stilig og reint design , så den passar like godt på forretningsreiser som på eventyr med familien. Eg har The Organizer på 30L og den syns eg er passe størrelse. Reisesekken er alltid med; enten det er fly, båt eller bil 👉 Kanskje dette også kan inspirera deg : Color Line–tur med familie Praktisk reisesekk til flyrturer Ein annan genial ting: sekken passar under setet framfor deg på flyet . Det betyr at du har alt du treng i nærheten, utan å måtte strekkja deg opp i hattehylla undervegs. Min erfaring Eg har brukt Zeeksack både på korte turar og lengre reiser, og den gjer pakkingen mykje enklare. Det er så digg å veta at alt har sin plass, frå toalettsaker og klede til pc og kamera. Eg har hatt med med Zeeksacken på glamping , fjellturar, weekendturar, båtturar, Safari i Kenya og flyturar, og den passar perfekt til alle type turar! Vil du bli med vidare på reise? Eg har samla fleire personlege reisetips og erfaringar, alt frå Safari til Norgesferie, Storbyturar til solvibber 👉 Mine reisemål
- Reiseåret 2025: Frå safari til familietid, dei beste reiseopplevelsene
Reiseåret 2025 toppa seg med ei unik safari oppleving i Kenya, ei reise som sette spor og gjorde djupt inntrykk. Samtidig har året vore fylt med familietid, reiser i Norge og Spania, og minner eg kjem til å ta med meg vidare. Midt i alt dette fekk eg òg rom for ei soloreise som styrka meg. Under deler eg dei beste reiseopplelsene som gjorde 2025 til eit år eg kjem til å hugsa lenge. 🌍 Det beste eventyret: Safari i Kenya Å køyra rundt i ein safaribil og sjå dyra på nært hald, kjenna stemninga på savannen i dei tidlege morgontimane, besøka ein masai-landsby og få eit innblikk i kvardagen deira, det var sterkt. Å sitja rundt bålet om kvelden, dela dagens opplevingar og berre ta alt inn, gjorde dette til eit eventyr med stor E. ▌ Her kan du lesa meir om det fantastiske safari-eventyret mitt i Kenya ⛰️ Den mest uventa naturopplevinga: Kjerringkjeften, Hemsedal Me skulle eigentleg på ein annan fjelltur i Hemsedal , men rett før start fekk me eit tips frå ein lokal: «Dette er turen de må gå.» Og han hadde heilt rett. Kjerringkjeften blei den mest spektakulære fjellturen eg nokon gong har gått. Å kombinera denne opplevinga med overnatting på Fyri Resort blei prikken over i-en. ▌ Fossejakt, spektakulære fjellturer og Fryri Resort 💛 Beste kvalitetstid: Familietid i Spania Ferien i Spania handla om akkurat det eg set aller høgast: tid saman. Me kosa oss på casaen, saman med familie og venner, nøyt sola, roa og det å berre vera oss. Det blei mange små opplevingar og fine perler i nærområdet, spesielt rundt Gran Alacant og Santa Pola . Me starta og avslutta reiseåret 2025 på Casaen i Spania! ▌ Tips til Gran Alacant og Santa Pola 🌿 Den kjæreste plassen: Strandebarm Det er alltid noko heilt eige med å koma heim. I Strandebarm senkar tempoet seg med ein gong. Fjell og fjord, krabbefiske i fjøra, turar i fjellet, lokal mat, båtturar på fjorden, og tid med familie, slekt og vener. Dette er heime for meg. ▌ Eg spør ikkje kvar venast det er på jord, eg veit det er Strandebarm. 😅 Den mest nervepirrande opplevinga: Rekkeviddeangst på fjellet På veg til soloturen min på Vestlandet blei eg så oppslukt av det vakre landskapet at eg gløymde å følgja med på rekkevidda på bilen. Plutseleg byrja varsellampene å blinka, midt oppe på fjellet, med skodde i dalen og utan dekning. Det var mildt sagt nervepirrande. Heldigvis kom eg meg trygt ned til fjorden, fekk lada bilen, og kunne pusta ut i glampingteltet ved Lustrafjorden . Det var ein heilt unik opplevelse å våkna opp til ein blikkstille fjord ein flott sommardag! ▌ Mine 5 instaperler på Vestlandet 🏨 Det beste hotellet: Nomad Hotel Altea Det nyopna Nomad Hotel Altea måtte sjølvsagt testast, og det innfridde til fulle. Me blei møtt av vennlege tilsette, vakre detaljar, ein nydeleg spa-avdeling og komfortable rom. Altea er ein sjarmerande by på Costa Blanca som me alltid vender tilbake til når me er i området. ▌ Tips til restauranter og overnattingsplasser i Altea 💙 Den finaste plassen: Jávea Det er noko heilt spesielt med stemninga i Jávea . Ein liten by nord på Costa Blanca der pulsen senkar seg med ein gong. Her høyrer ein knapt skandinavisk, og det syns eg er ganske deilig innimellom!. Turkist hav, fargerike hus, små koselege kafear, og eit av favoritthotella mine. I år tok me båt frå Denia til Javea og fekk sett byane frå sjøsida. Det var ein fin opplevelse. ▌ Jávea er med i oversikta mi over unike overnattingsstader med sjarm og sjel. 💃 Den beste kveldsatmosfæren: Dénia Dénia er ein by nord på Costa Blanca med sjarm og ei heilt eiga stemning, særleg når kvelden kjem. Eg har vore her på dagsbesøk tidlegare og likt det godt, men det var først då me tok ei overnatting i sommar at eg verkeleg fekk oppleva byen. Me budde på La Posada del Mar , eit flott og sentralt hotell som rett og slett var drops for augo . På kveldstid fyltest torga med liv, folk sat ute og åt, lo og kosa seg. Me vandra rundt i gatene utan mål og meining, tok inn inntrykka, kjende på stemninga, og blei berre verande. Nydeleg mat, sjarmerande barar og ei lun, livleg atmosfære som gjorde inntrykk. Merk deg baren på bilde nr 3: Ca Tona, eit hull i veggen der du kan sitta å nyta noko godt! 🍽️ Den beste matopplevinga: El Portal Taberna Er det éin restaurant eg alltid må innom når me er i Spania, så er det El Portal Taberna i Alicante . Nydeleg mat, stilfullt interiør og fantastisk atmosfære. Carpaccion er blitt ein klar favoritt, og når lommeboka tillet det, unner eg meg gjerne eit glas Krug. ▌ Her finn du fleire tips til god mat og drikke i Alicante. Dette var reiseåret 2025, fullt av kontrastar, minner og opplevingar eg tek med meg vidare. Året rundast av i vakre Andalucía, før blikket allereie er retta mot nye eventyr. Tusen takk til alle dykk som har vore inne og lese blogginnlegga, til dykk som har prøvd reisetipsa mine, og til dykk som følgjer meg på sosiale medium. Du finn meg på Instagram og Facebook , der eg deler endå meir frå reisehverdagen. Eg gler meg til eit innhaldsrikt reiseår i 2026, då har eg allereie booka tur til ein heilt ny by. Så heng med! ✨ Godt nyttår frå Eva
- Safari i Kenya; guide til nasjonalparker, dyr og mine erfaringer
Enkelte reiser set seg fast i hjartet. Safari i Kenya var ein slik tur for meg. I mai fekk eg endeleg leva ut draumen, då Geoffreys Travel tok oss med gjennom sju nasjonalparker, med raud jord, varm vind og lyden av savannen som følgjesvenn gjennom desse 10 dagane. Eg kjem aldri til å gløyma følelsen av å sitte i ein safaribil medan ein elefantfamilie rusla forbi, eller jubelen i bilen då me endeleg såg dei siste dyra i The Big Five. Det var som om verda sto stille i nokre sekund. Her deler eg mine erfaringar frå safari i Kenya, frå dei sterke møta med dyr og menneske, til tips som kan gjera di eiga reise både trygg og magisk! Anten du planlegg din første safari, eller berre vil drøyma deg bort ei lita stund, håpar eg du finn inspirasjon her :) Første møte med Kenya og starten på safari eventyret Allereie då eg kom ut av flyplassen, kjende eg på stemninga i Kenya: luktene, varmen, lyden av folkelivet og alle som ville tilby taxi. Eg gjekk rett bort til sjåføren vår, Patrick, som stod med eit skilt med namnet mitt, han skulle følgja oss gjennom heile safarien. Etter ei god natt søvn på Tamarind Tree Hotel i Nairobi var me klare til å starta safarieventyret. Me fekk helsa på fleire av dei som jobbar i Geoffrey’s Travel før me satte kursen sørover mot den første av sju nasjonalparker: Tsavo National Park. Turen tok rundt sju timar, men det var så mykje å sjå langs vegen at timane flaug. Kontrastane til kvardagen heime var store, små landsbyar, folk langs vegane, marknader og varm, raud jord. Overalt me stoppa møtte me hyggelege menneske. Og ein ting vart tydeleg: ein god og trygg sjåfør betyr alt her. Trafikken er intens og vegane varierte, så me var svært glade for at Patrick hadde full kontroll. Det første som møtte oss i Tsavo East, var den raude sanden, frodig natur og ein flokk med store elefantar som rusla rett framfor bilen. Det føltest som dei helsa oss velkommen til sitt rike. Den opplevinga gløymer eg aldri, eventyret hadde verkeleg starta. Korleis ein safaridag i Kenya ser ut I løpet av turen besøkte me sju nasjonalparkar og budde på ni ulike overnattingsplassar, alt frå komfortable lodgar til enklare campar. Kvar stad hadde sin eigen sjarm, og kvar park gav heilt unike opplevingar. Ein typisk safaridag ser slik ut: 🦁 Tidleg game drive kl. 06.00 : då er dyra mest aktive, og soloppgangen over savannen er heilt magisk. 🍽️ Tilbake til lodgen/campen for frukost og litt avslapning. 🥾 Eller vidare med medbrakt frukostboks dersom ein skal køyra langt eller stoppa ved fossefall, maasailandsby, utsiktspunkt eller andre aktivitetar. 🏖️ Lunsj, avslapning og evt. ein dukkert i bassenget når temperaturen stig midt på dagen. 🦓 Ettermiddagssafari frå ca. kl. 16.00 , ofte med solnedgang over savannen som finale. 🔥 Tilbake til lodgen/campen for middag og rolege kveldar. Mange stader tennest bål, der ein kan slappa av og dela dagens opplevingar med andre reisande.opplevingar! Detta syns eg var stemningsfult! Dei ulike nasjonalparkene og kontrastane: Tsavo East: raud jord og endelause vidder Tsavo West: frodige dalar og dramatisk landskap Amboseli: Kilimanjaro, Masaier og flatt landskap Aberdare: Høgfjell og britisk kolonistemning Samburu: Ørkenfargar, unike dyreartar og samburufolket Lake Nakuru: Neshorn, fugleliv og frodig natur Masai Mara: Klassisk safarioppleving og “løvenes rike” Overnattingane: frå komfort til ekte safaristemning: På turen budde me både på lodgar og teltcampar, og kontrastane gjorde opplevinga ekstra spennande. Lodgane var komfortable og avslappande, med basseng, buffé og topp service. Teltcampane var meir autentiske, med dyrelydar om natta og ei stemning som ikkje kan samanliknast med noko anna. Maten var god overalt, og dei som jobbar i campane og lodgane var utruleg serviceinnstilte. Det som overraska meg mest, var kor komfortabelt og trygt det føltest å bu i telt, og kor magisk kveldene rundt bålet blei. Alle overnattingsplassane tok Visa kort. Siden ein gjerne byttar lodger/camper nokon gonger på reisa er det lurt å pakka i ein oversiktleg sekk. Dei overnattingsstadane som var mest spesielle var: Fig Tree Camp, Masai Mara: Her vakna eg kl. 04.00 av flodhestar som hadde fest i elva, og giraffar som kosa seg under luftballongane som svevde over oss. Magisk er eit svakt ord! Kilima Safari Camp, Amboseli: Å vakna til utsikta mot Kilimanjaro kvar morgon var ein heilt fantastisk start på dagen. Her var det nært til Maasai landsbyen som var ein fasinerande opplevelse! Surana Buffalo Springs, Samburu: Desse telta var reine drops for auga, og maten var heilt nydeleg! Lake Naivasha Sopa Resort: Her gjekk det sebra, giraffar og flodhestar rundt i hagen. Kor magisk er ikkje det? “Nokon stader sov me med lyden flodhestar som ropa, på andre plassar var det bål, utsikt og stjernehimmel som stod i fokus.” Erfaringane mine frå safari i Kenya, og tips du kan ta med deg Ein safari er noko av det mest magiske ein kan oppleva, men det er også ein heilt annan type reise enn mange kanskje ser for seg. Her er nokre av dei viktigaste erfaringane eg sit igjen med; ⏳ Reisetid og lange etapper: Ein del av safarien er sjølve transporten . Du køyrer lange avstandar mellom parkane, og mykje av dagen foregår i bil. Vær førebudd på støv, varme og ein del humpete vegar, men også på at du får sjå så mykje av Kenya langs ruta. Landsbyar, marknader, natur og dyreliv dukkar opp heile tida, og gjer turen til ein del av opplevinga. 🚙 Ein god sjåfør er gull verdt : Trafikken i Kenya er mildt sagt kaotisk, og vegane varierer frå asfalt til grus og stein. Ein god sjåfør betyr tryggleik, kunnskap og ei betre oppleving av alt dyrelivet. Eg er oppriktig takksam for Patrick frå Geoffrey’s Travel, han gjorde heile turen vår trygg, effektiv og lærerik. 🐾 Mange parkar, mange inntrykk: Å dekka sju parkar på éin tur var heilt fantastisk, men også intenst. Detta var for at me skulle sjå mest mulig på denne FAM tripen. Kvar park har sin eigen natur, sine eigne dyr og sin eigen stemning, så du får ei oppleving av kor variert Kenya eigentleg er. Samtidig blir dagane lange, så det kan vera lurt å la det vera rom for rolege ettermiddagar på lodgen. Mi anbefaling er å ta 2-3 nasjonalparkar på ein tur, då får du dekka masse av dyreopplevelsar og kultur, utan at det blir for masse kjøring. Ved å velga fleire parkar får du sjangsen til å sjå varriierte dyreartar og kanskje til og med The Big Five! 🌡️ Tempoet er annleis enn ein «vanleg ferie» Du står opp før sola, er utandørs heile dagen, og legg deg tidleg. Det er ein rytme som gjer at du verkeleg kjem tett på naturen. 🌍 Når er det best å reisa på safari? Den beste tida å reisa til Kenya for safari er i dei tørre periodane: juni–oktober og januar–mars . Då er vegetasjonen lågare, vatnhola færre og dyra lettare å sjå. Værforholda er stabile, og det er lite regn som påverkar vegane.Samtidig kan regnperiodane også vera vakre, naturen blir grønnare, prisane lågare og det er færre turistar. Eg reiste i Mai, det var ikkje noko regn i sikte, og me kom nermare på dyra pga ferre turistar. Den store migrasjonen (milionsvis av gnu og sebra) skjer gjerne mellom juli og september i Masai Mara, og er ein av verdas mest spektakulære naturopplevingar. 🎒 Pakketips: klede og utstyr som gjer safarien enklare Kle deg i lette, nøytrale fargar som beige, grønne og bruntonar slik at du glir inn i naturen. Unngå sterke fargar og kvitt. Lag-på-lag er gull, for det er kjølig om morgonen og varmt midt på dagen. Solkrem, caps/solhatt, gode sko og ein lett jakke er must. Kamera, kikkert og powerbank gjer opplevinga enda betre. 👉 Du kan lesa mi pakkeliste for safari her 🚙 Komfort i bilane, viktig om du har helse- eller ryggproblem Ein stor del av safarien skjer i bil, og mange av vegane i Kenya er støvete, humpete og ujamne. Det betyr at du sit mykje i timevis, ofte i høgare tempo enn du kanskje er vant til heime. Dersom du har rygg-, nakke- eller helseutfordringar , kan det vera lurt å tenka gjennom dette før du reiser. Velg gjerne ein turoperatør med gode, solide safaribilar, og sei frå på førehand om du treng ekstra pausar eller god demping. Det kan også hjelpe å sitja lengst framme i bilen, ta med pute eller ryggstøtte, strekke på beina ved kvar stopp. Planleggje ein tur med færre parker om du treng rolegare dagar. Det er heilt mogleg å dra på safari med helseutfordringar, men det er greit å vera litt merksam, så blir opplevinga mykje meir behageleg. Ei trygg og magisk reise, og korleis du kan komma i gang Dersom du drøymer om å reisa på safari, eller lurar på korleis du kan setja saman ein slik tur, er du meir enn velkomen til å ta kontakt med meg. Eg formidlar gjerne vidare til Geoffrey’s Travel, som eg samarbeider med, eg kan trygt kan anbefala vidare! Eg håpar du fann inspirasjon og nyttige tips her, og at du ein dag får oppleva Kenya slik eg gjorde: tett på naturen, tett på dyra, og tett på dei magiske augneblinkane ein aldri gløymer. 💛 Helsing Eva Her er eg med gjengen eg reiste med, reisebyråansatte frå rundtom i verden + sjåføren vår frå Geoffrey`s Travel.












