top of page
  • Forfatterens bildeEva

Reisebrev del 3- Gili Air- Paradis🤩

Då har me vore 7 netter i paradis med stor P! Makan til vakkert😍! Detta var drops for augo🤩. Stillheten, atmosfæren og den laid back stemninga var heilt eget her ute, me viste verken tid eller dato. Ingen bilar, kun syklar, elmopedar og hestar så her gjekk det rolig for seg. Dei fleste stråhyttene ligger langs strandlinja på øya, og mange enklare overnattingsplasser inne på øya.


Me valgte Bambu Cottage som hadde i underkant av 10 hytter av bambus. Her var det enkle forhold, men alikavel ein av dei finaste på øya (vil eg sei). Dei rosa blomane pryda både innganspartiet og strandrestauranten. Hytta vår var av enkel standard, med glipper mellom tak og vegg, utedusj, enkel reingjering, mange søte kattar (som skremte livskiten av meg midt på natta), filtrert saltvatn i springen/dusjen og kun 3 kakerlakker på hytta (2 av dei døde) - ja primitivt men bekvemt. Eg fekk testa ut mine grenser, men ville ikkje bytta sjølv kor godt eg likar meg på 5 stjernes hotell ;) Det er ein del av det å bu i paradis. Ingen store resort her. Det hadde blitt heilt feil🙌🏽


Kulturen her er meir laid back enn på Bali, så det blei eit kulturomveltning for oss, men etter nokon dagar så kom me oss inn i kulturen og greide å innfinna oss med at slik var det her🙌🏽. Gili øyane høyrer til Lombok og ligger rett utanfor. Dei på hotellet kverulerte litt med oss både på innsjekk og ved rekning med middagen. Men etter dei skjønte at det ikkje var vits blei dei hyggelig med oss. Oppholdet på denna øya var prega av sjukdom for barna og Lars, så det blei rolig, og ikkje noko voldsomme utflukter😷. Men dei fekk god legehjelp alle sammen, og eg får ikkje sagt det nok gongar kor viktig det er å ha reiseforsikringa i orden.👌🏼


Me leigde syklar og sykkla rundt på øya fleire dagar, både langs stranda og inne på øya der lokalbefolkningen bur. Her fekk me virkelig innblikk i kulturen på øya, korleis dei lever her, veldig enkelt og primitivt. Sjølv om dei virkar glade og fornøyde med livet sitt😄 Me stoppa opp å snakka med fleire på vår vei, og høyrte korleis livet deiras er, det er veldig spennande å høyra, og ikkje minst totalt annleis enn me har det. Her klagar eg på at det var hard seng på hotellet og lite futt i air con, mens dei låg på ei stråmatta i butikken sin med ein liten air con eller ingen. Ja me har det godt🙌🏽 Sentrum, som ligger rett over havna var veldig sjarmerande med små kafèer, restauranter og butikkar. Her tok me oss litt lunsj, kaker og limonade. Samt berre gjekk rundt i streeten og følte på stemningen!


Eg er så glad me budde på akkurat det hotellet me hadde booka- Bambu cottage, det var velstelt både på stranda og på hotellområdet, samt utanfor🤩👌🏼. Det var det ikkje alle hotell som hadde lika inbydande nabolag, då hadde eg ikkje tivdes lika masse. Itillegg var stranda fin, blanding mellom sand og korallstrand, og rolig sjø. Me gjekk ut 50 meter frå hotellet der var det eit fint rev med både fiskar og havskilpadde. Kvar morgon åt me frukost på stranda, me kunne velga mellom 6 retter, samt frukt og brød. Ikkje minst eit stort pluss for alle kattane😻 Som ein kattefamilien gjekk me rundt å snakka og kosa med dei, dei fekk litt mat og ekstra kos i hytta vår óg😻 Det var ein del enkle restaurantar rett attmed hotellet, så var det nokon fleire litt lenger unna. Me sykla nedover øya i ca 10 min og kom til nokon gode restaurantar der me satt på stranda og åt grill mat og det var live musikk. Prisen for middag og drikka for oss 4 på dei restaurantane var ca 700kr. Mens på dei nær hotellet kosta det ca 400 kr. Greit å veksla litt på.


Oliva og eg tok oss ein båttur ein dag og kjørte rundt øya vår og snorkla, der såg me masse fine fiskar og havskilpadder🐢. Det var stort for oss, dei kom ganske nærme😄 Me kjørte vidare bort til sundet mellom Gili T og Gili Meno der me snorkla ned for å sjå på stautane under vatn, det var stillig, men så alt for mange folk der, så blei litt kaotisk. Over på andre sia, på Gili T, nesten heilt inne på stranda snorkla me med fleire havskilpadder🐢. Eg stod med vatn til knea når eg såg skilpadder. Detta var kjekt altså:😄 Ein slik båttur kostar ca 100 kr per pers⛵️. Guiden vår var så snill at han dykka ned på sikkert 6 meters djup for å filma havsklipaddene for oss. Det hadde ikkje eg greid ;) Turen blei avslutta med lunsj på Gili Meno, den roligaste øya. Altså detta var endå meir paradis🤩

Gilli øyane passar for alle som vil ha det fredelig i paradis! Gili Air som me budde på passar godt for alle, men barnefamiliar likar seg der, og eg må sei at austsida av øya var perfekt med tanke på rolig vatn👌🏼. Heile sørsida var det meir bølger og vind. Hadde ikkje vore så kjekt for oss vaksne heller.

Gili Meno er eit rolig paradis, veeeldig rolig, men nokon likar jo det òg. Gili T kan passa for mange, men særlig dei så likar meir liv. Ein finner plassar så ikkje er midt i party området òg!


Mine tips for ein fin opplevelse på Gili Air:

  • Badesko

  • Mange overnattingsplasser hadde snorkel og dykkermaska, ellers kunne ein leiga det

  • Enkle butikkar med chips, drikka, nudlar og sanitær artiklar, ingen babymat/ bleir ol.

  • Leig ein sykkel ( 70 kr per dag) me fekk med barnesete

  • Ta ein sykkeltur inn på øya og føl på stemningen og sjå korleis dei lever der

  • Klesvask kr 5,- for ein plastpåse med kle

  • Ikkje mange minibankar, så ta ut litt. Dei fleste kioskar må ein handla for minimum 70 kr for å bruka kort.

  • Restaurantanbefalingar: Zipp Bar, Chill Out, Sharkbites, Italy, Kopi Susu.

  • Austsida for soloppgang og vestsida for solnedgang

  • Overnatting: Bambu Cottages

  • Ulike båtselska fraktar deg frå fastlandet til øyane, ca 3 timar frå Bali, rekn med litt sjø og varmt i båten.

  • Mest turistar frå april og utover, høgsesong sommarmånadane

  • Alkurat passe med turistar no

  • Kom 2 regnskurer 2 kveldar

  • Varmare klima enn Bali


Det var ingen som hadde lyst å forlata paradis, men her skal me tilbake🙌🏽Kontrastane gjorde at det blei spennande og lærerikt for oss😊 Savnar stillheten allerede! No går turen vidare til ei anna lita øy, Nusa Lembongan som ligger rett utanfor Bali⛱️


På sosiale medier deler eg fleire bilder både i storys og innlegg, ta deg gjerne ein kikk.

Reisebrev frå Sanur og Ubud finner du under😎


121 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page