top of page
  • Forfatterens bildeEva

Reisebrev del 4- Nusa Lembongan

Då er me komt oss til Nusa Lembongan. Me tok direkte båt frå Gili Air, på ca 2 timar med Scoot ferrys, kostar ca 250 per pers med båten🛥️.

Me sjekka inn på Villa Pasir som er kun 4 villaer rett på stranda, så fredeleg og fint😄! Romma hadde chabby chic stil, med betong vegger og knirkete golv, møblane var veldig sjarmerande. Her var det både trykk i dusjen, god futt i AC, delvis reint og sengeplass til 4 stykk. Senga var dessverre altfor hard for min del, men for lars var den grei. Vertane var veldig hyggelige og behjelpelige. Det var verken basseng eller frukostrestaurant på plassen, men me gjekk berre til naboane så fekk me det me ønskte.


Tempoet var rolig på øya, men ganske mykje meir støy enn på Gili som me nett kom ifrå🙌🏽 Kun scooter, sykkel og noko enkle bilar som ein sitter bakpå under tak. Det var mange restaurantar langs stranda som me åt både frukost, lunsj og middag på. Samt ein del oppi streeten rett bak overnattingsplassen vår. Så me trengte ikkje gå langt for å få oss noko å eta🍴. Tips nederst i innlegget.


Sidan me ikkje hadde basseng så tok me ein heil dag på nabohotellet Ohana`s med frukost, lunsj og badings✨. Ein leiger ei solseng, så må ein eta for så og så masse. Me kjøpte ei dagseng med plass til oss 4, då måtte me eta og drikka for 300 kr. Det gjekk fint 😄 Detta er eit flott hotell, med veldig god mat og hyggelig service. Men eg tenker at me er fornøyd med plassen me budde på. For på Ohana`s var det meir travelt, musikk heile dagen og masse folk. (men egentlig veldig lite ifht dei store syden hotella på fastlandet😄. )


Stranda på nord vest sida som me budde på var grovkorna og koralla. Så badesko må ein ha. Rolig hav, då bølgene braut lenger ute, noko så var perfekt for surfing🏄🏼‍♀️ Om morgonen når det var fjøra så var det ikkje noko særlig å bada. Dei har masse pinnar uti vatnet som dei brukar til å fanga sjøgras med, detta selger dei vidare ut i verden. Noko dei satsa ekstra på i koronaen når det ikkje var turistar der.


Eine dagen tok me ein ettermiddagsutflukt rundt på øya, me betalte han ca 300 kr for det totalt. Første stopp var Dream Beach, der var det virkelig fint, men store bølger, så me bada i bassenget og åt lunsj🤩. Så gjekk me bort til Devils Tear og såg på klippene, sjøden berre slo inn mot klippene og det blei ganske så stillig. Der er det dans nokon kveldar. Så reiste me vidare til den gule brua som binder Nusa Lembongan og Censigen sammen. Det er så kjekt å reisa rundt og sjå korleis dei bur og lever på øya😄! På vei ned stoppa me på eit utklikkspunkt og fekk eit overblikk over stranda vår. Til slutt kjørte han oss heilt nord på øya der er det mangroveskog, så me fekk oss ein tur ut i båt og såg på treea som står heilt ned i ei slags leira🌳. Båtturen tok ca 20 min og kosta ca 150 kr for oss 4. Det var kjekt å sjå litt meir rundtom på øya. For det er masse ein kan sjå, men no hadde me litt sjukdom, så då blei ikkje det prioritert. Å ta turen over til både Nusa Pedina og Nusa Censignen vil eg tru er veldig fint, ser isåfall sånn ut på bilder! I havet utanfor øyene er fisken Manta ray veldig populær å dykka etter🐟.


Solnedgangane her var heilt nydelege, me satt i sakkosekkar på stranda og berre kosa oss, såg på folk som bada, gjekk turar og leika. Ein flott avslutning på dagen!🌅


Me kosa oss masse på Nusa Lembongan, men etter å ha kommet rett frå Paradis på Gili Air, blei det litt sånn ok😉 Det er kanskje ein stopp eg ville ha droppa no i ettertid, men fint å ha vore der og ha opplevd øya og stemningen. Og super å reisa til kun 30 min frå fastlands Bali.


Mine tips:

Overnatting: Villa Pasir for fint og enkelt, Ohana`s for flott og komfort.

Restarurant: Ginger and Jamu, Ohana`s, Indiana Restaurant, Tiger Lillys.

Båt frå Nusa L til Sanur: ca 30 min med Arthamas. Veldig hyggelig betjenig, fin venteplass og fin båt.

(Merk at det ikkje er havn tpå Nusa L, så ein må vassa uti til knea for å gå oppi båten).


No går turen vidare til hovedøya Bali for dei siste dagane. Kjekt at du henger med på tur både her og på sosiale medier 😄






105 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page