top of page
  • Forfatterens bildeEva

3 hotellputer takk!

Oppdatert: 29. mai 2023

For meg er hotell meir enn berre ein plass å bu!

De så har fulgt med ei stund veit at eit ekta hotell for meg, skal ha 3 hotellputer, det er ofta eit kjennetegn på at det er eit skikkelig bra hotell😁 Det skal vera komfort, det lille ekstra, gode senger og reint🫶Jo meir forseggjort hotellet er jo bedre! Eg styrer gjerne unna dei store hotella og kjedene, då det ofta er eit maskineri og lite sjarm. Eg trives godt på botique hotel og andre sjarmerande hotell🥰. Stive hotell der ein må kle seg opp for å gå til frukost eller det er stive, kvite dukar, der finner du ikkje meg🙅🏽‍♀️!


Eg har gjort masse bommerter med hotellbestillinger, så eg har lært litt, og dermed funnet ut kva eg likar. Eg veit at det er mange av dåka så har heilt andre preferanser på overnatting. Det er jo nettopp det så er så fint med å vera forskjellige. Det er alltid ein overnattingsplass for både deg og meg😄 Følg med lenger nedi innlegget så får du nokon av mine hotellfavoritter.

Den flotte øya med det ekle hotellet

Eg har hatt nokon opplevelser der eg har berre opna døra til rommet og tenkt- "her skal ikkje eg bu" og gått rett opp til resepsjonen og enten fått bytta rom, oppgradert meg eller bytta hotell (av egen lomma). Ja for det har me gjort fleire gongar. Ein av dei verste opplevelsene var i Malaysia, det var den mest paradis stranda ein kan tenka seg, og små koselige bungalower, som undertegna hadde booka heilt sjølv. Dette var i 2009, så klart eg var ikkje så dreven på bestilling😅. Etter me hadde vore på stranda skulle me ta ein dusj, eg hadde på meg slippers i dusjen, angrar på at eg ikkje dusja ute på stranda den dagen 😅😝🤮Tannglaset hadde dei ikkje bytta sia forrige gjest eller dei 10 siste gjestane hadde vore der..... grøsss... eg tok tannglasset i eit tørkle og bar bort i resepsjonen, han kunne ikke brydd seg mindre🤐😞Når me omsider skulle legga oss så måtte me legga klea våre oppå håveputa for det stanka så ekkelt. Eg trur me greide å bu på dette hotellet i 2 netter. Me hadde booka dykkerlappen så måtte nesten bli på den vakre øya med det ekle hotellet. Eg hadde booka 5 netter der, men dei neste 3 stakk me over til naboøya og kosa oss på eit reint hotell med hyggelig betjening, og masse varaner i hagen og på stranda😎 Eg kjenner eg får grøssninger når eg tenker på det, så her hadde eg nok aldri greid å satt min fot i dag😜 Det er ein grunn til at eg må ha 3 hotellpute standard🤩


Asia- Ein hotell opplevelse

I Asia er får ein virkelig valuta for hotella, og om ein velger 4 eller 5 stjernes hotell har ikkje det så masse å sei for prislappen. Bangkok er ein storby der ein får valuta for pengane. Husa raggar høgt opp i lufta, og mange av dei har formidabel utsikt på takbaren sin. Eg har budd og besøkt fleire av dei🏩🏙️Det eg likar best med å komma inn på eit hotell i Thailand er den vennligheten folk viser oss med ein gong, Sawadikaaaa seier dei mens dei holder henna sammen framfor ansiktet😁🥰Så viser dei oss bort i lounge området der me skal setta oss ned og slappa av etter reisa, me får eit kaldt handkle som luktar friskt og enten te eller saft. Noko så passar ypperlig! Hallen er luftig og ofta med litt mørkt treverk, det er stor opning ned til hagen eller stranda så ein få viben med ein gong! Du får følga med litt lenger nede så skal eg lista opp nokon av hotella eg syns står til mine forventningar i Thailand.

Ulikt reisefølge

Reisefølget mitt har oftast litt forskjellige preferansar på kva dei ønsker og kor masse ein skal legga i ei overnatting🙌🏽 Ja for dei to tinga der høyrer ofta saman, innhold og pris. Når eg reiser med familien så er verken mann eller barn vanskelig å be med på hotell med det lille ekstra🤩! Me kosar oss alle sammen. Så har eg veninner som vil litt forskjellig, nokon av dei vil ha ein plass å sova og nokon så ønsker at overnattingen skal vera ein opplevelse! Eg blir stadig minna på når me var på jentetur og eg hadde bestilt eit 4 stjernes hotell i Tallinn. Når me kom inn så seier dei andre jentene " dette var et flott hotellrom da" 🤩 Og eg tenkte inni meg, " Dette var heilt greit dette" 😜 Jadå me er jo forskjellige! Men me hadde ein veldig artig tur! I mai skal eg på tur med nokon andre venner der me skal ta ein overnatting, med kanskje 3 hotellputer🤩De får følga med på kor me havner😄

Mitt favoritthotell

Favoritt hotellet mitt får eg ofta spm om, eg trur eg veit det😉 Det ligger i min favoritt by òg, Sevilla. Det einaste eg syns var domt med det hotellet var at det låg i vakre Sevilla, fordi Sevilla er ein by ein berre vil vera ute i gatene å sjå! Men eg var så heldig at eg fekk bu der i 2 netter i fjor. Det var over forventningene med masse! 3 hotellputer var sjølvsagt på plass😉 Men lukten, lukten i fellesareala! Eg stod faktisk og tok nokon innpust før eg gjekk ut av hotellet for den deilige lukten var heilt nydelig! Interiøret var så stilreint og lekkert🤩 Eg hadde den gongen med meg ein nesten 2 åring så var ganske vill, så var litt små nervøs for pynten i fellesarealet, for eg skulle jo ta bilder ;) men mannen min holdt auga på han! Nei dette hotellet altså! No fekk eg lyst å reisa tilbake asap! Lukten, stilen, ala carte frukosten, vennlige betjeninga, 3 hotellputer, lekre hotellrom, flott takterasse ++++ Ja dette er favoritthotellet mitt!!!


Mine tips til hotell med det lille ekstra:

- Muse hotel Bangkok

- Fyri Resort Hemsedal

- Asia Garden hotel Benidorm


Etter eg hadde skreve lista mi spurte eg mannen min kva hans topp tre hotell var. Eg hadde jo gløymt av desse😅 Men dom du ser så er det ikkje berre eg i husstanden som likar meg på gode hotell😁




173 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page