top of page
Thailand- Smilets land:)
Thailand, Koh phangan, strand, smiletsland, drink
big budda, thailand, koh samui, smilets land, buddisme

Vakre strender, vennlige smil, mat med fart i, spennande kultur og herlig atmosfære er noko av det Thailand kan by på!

Når eg reiste til Thailand første gong i 2007 skjønte eg fort at dette ikkje var min siste gong! Nettopp pga det eg skreiv over! Eg blei rett og slett forelska! Ta gjerne ein kikk på blogginnlegget frå alle plassane eg har vore på i Thailand før her :)

Det er så mange flotte plasser i Thailand og eg har besøkt fleire av dei, men eg vender stadig tilbake til Koh Samui, eg har lagt min elsk på den øya. Ja faktisk så masse at eg både folova meg, gifta meg og var på bryllupsreise der 💜

Eg var seinast tilbake på Koh Samui jula/nyttår 2021/22, og det var fantastisk å komma tilbake. Rusla barfot i sanden, eta på gode restauranter, utforska naturen og kulturen på øya, ja rett og slett berre nyta! Eit Thailands besøk blir som regel avslutta med "one night in Bangkok" ( eller fleire netter). I den byen kjedar ein seg aldri! Å vandra rundt i pulserende gater, smaka på streetfooden, ta ein fargerik tuk tuk, besøka eit tempel, gå innom dei enorme kjøpesentra, og avslutta dagen i heilt ro på ein av Bangkoks takbarar! 

Har du ikke vore i Thailand før, men ønsker, det er eit veldig enkelt land å reisa til og vera i. Det er trygt og godt, lite kriminalitet på turist plassane, enkelt å ta seg rundt med kollektivt, god legehjelp om ein trenger, god variasjon på maten og godt klima. 

Thailand- eg kjeme snart tilbake :)

I mellomtida kan du lesa om turane mine til dei forskjellige plassane rundtom i det fantastiske landet som eg vil publisera litt etter litt :)

´

bottom of page