top of page
IMG_8083.HEIC

Spania- en mi corazòn

Når eg er i Spania så blir eg så glad, glad av dei herlige folka, høyra det spansk språket og spansk musikk rundt meg, eta masse god tapas, tilbringa mange soltimer på dei milelange strendene, gå i små sjarmerende gater og sjå på den flotte arkitekturen, ja berre vera der!

Er det rart mitt hjerte er i Spania?

Spania er landet eg alltid vender tilbake til!
Frå det ekte Spania i Andalucia til strandliv på Costa Blanca, til kultur og vin i nord.

Spania har ein heilt eigen plass i hjarta mitt <3

Her finn du mine beste reisetips frå ulike regionar i Spania, samla på éin plass. Du kan gå inn på linkane for meir informasjon og blogginnlegg frå dei ulike plassane. 

b09e7178-20b2-40c5-8f2f-e36ffcd23e31.jpg

Costa Blanca

Costa Blanca har blitt som eit andre heim for oss. Her finn du lange strender, turstiar med havutsikt og sjarmerande småbyar med kvite hus og blå detaljar.

Plasser eg har besøkt:: 
Gran Alacant, Santa Pola, Altea, Javea, Denia, Murcia, Elche, Valencia, Isla de Tabarca, Polop, Guadalest, Villa Joiosa, Alicante

Sevilla1.jpg

Det ekte spania, med flamenco, tapasbarer, sjarmerande landsbyer og appelsintre

Plasser eg har besøkt: 

Sevilla, Cordoba, Granada, Ronda, Jerez de la Fontera, Nerja, Setenil de las Bodegas.

Her kan du lesa om plassane eg har besøkt i Andalucia​​​​​

IMG_0868 1_edited.jpg

Catalonia

Catalonia kombinerer pulserande storbyliv med vakker kystlinje. Barcelona er ein av favoritt byane mine!

Plasser eg har besøkt: 

Barcelona- få reisetips her

 

Pyreneene

Aragon

Aragon overraska meg. Rå natur, dramatiske fjell og små landsbyar med sjel.

Plasser eg har besøkt: 

Zaragoza, Huesca, Pyrineene, Jaca, Ainsa, Alquezàr, Salas Bajas

IMG_0785.HEIC

Mallorca

Palma er lille Barcelona, ein koselig by med sjarmerande gater, nydeleg tapas og herlig atmosfære. 

Plassar eg har besøkt: 

Palma by - les reisetips her 

Vinlagringstønner

Nord spania

Kommer, reisemål for sommaren 2026

Mine reisemål i Spania

Her finn du eit oversiktskart over stadene i Spania eg har besøkt og skrive om. Klikk på nålene for å lese meir om kvar plass.

Spania

Eg fekk tidleg eit forhold til Spania. Som barn reiste me mykje til Kanariøyane, og det var der interessa for språket og dei varme, vennlege folka byrja.

I vaksen alder fekk familien hus på Costa Blanca, og sidan har Spania blitt ein naturleg del av kvardagen vår. Somrane tilbringast på Casa Berge, med lange stranddagar, tapas på kveldstid og eit yrande folkeliv av både spanjolar og skandinavere.

Visste du at Alicante er blant dei mest solrike byane i Europa? For oss solhungrige nordmenn er det ganske så perfekt.

 Sevilla, byen som eg forelska meg i

I 2005 budde og studerte eg i Sevilla i Andalucia som ein del av bacheloren min i reiseliv og relasjonsleiing. Det vart eit semester eg aldri kjem til å gløyme. Å bu åleine i eit anna land som 21-åring gjorde noko med meg.

Sevilla er framleis ein av dei vakraste byane eg veit om! Eg har vore attende fleire gonger, og kjenner framleis at byen har ein heilt spesiell plass i hjartet mitt.

Spanske byar eg har blitt glad i

Alteaden kvite landsbyen der eg berre kan vandra rundt å suga til meg inntrykk. Drops for augo rett og slett

Barcelonaarkitektur, strand og puls i perfekt kombinasjon.

Granada: med majestetiske Alhambra og den sjarmerande bydelen Albaicín.

Javea: ein liten, koselig by nord på Costa Blanca med turkist hav og masse av bukter i nærheten. 

Costa Blanca, vår base i Spania

Om du vil ha strandliv eller byliv eller sjarmerande landsbyer finner du litt av alt på Costa Blanca. 

Spanske byar eg ikkje fekk heilt taket på:

Madrid og Cadiz. Men kanskje ved neste besøk så får eg ein anna opplevelse. kven veit. 

Eg postar jevnt frå dei spanske plassane eg besøker. Følg gjerne med på sosiale medier for meir oppdateringar og bilder der. 

Håpar eg kan frista deg med ein spania tur!

Eg svarar deg så snart eg kan.

Kontakt:

Eva Berge Reisermedglede 

  • Facebook
  • Instagram
  • LinkedIn
Reisetips rundtom i verden, reiser med glede
bottom of page