top of page
  • Forfatterens bildeEva

5 hotell i Norge som er drops for augo

Som de veit liker eg meg best på hotell som er meir enn ein plass å bu, gjerne med stilige detaljar, delikat og innbydande 🤩 Eg har vore på fleire av desse, men nokon utmerkar seg. Desse er alle i Norge og nevnt i alfabetisk rekkefølge👇🏼


Fyri Resort Hemsedal- fjellresort med stil:

Detta må vera det lekraste hotellet eg har budd på i Norge, her er det så lun atmosfære og detaljane er mange🤩. Det første så møter meg i lobbyen er den majestetiske trappa så går frå 1.etg til 3.etg, med massivt tak. Fyr i peisen, dempa belysning og flotte møblar lagar ein lun stemning🔥. Personalet tok vennlig i mot oss og me fekk tildelt eit fint dobbeltrom. Her snakkar me detaljar på høgt nivå, og sjølvsagt 3 hotellputer. Då er eg fornøyd🤩 Pool cluben har basseng både inne og ute, samt badstu og relax rom, detaljane i pool clubben appelerar godt til meg, lekre fliser på bardisken, fliser på borda, planter og peisen som lagar ein lun stemning🤩. Ein kan booka pool cluben med rommet eller seperat når ein kjeme. Men vær obs på at dei beste tidene går først. Restauranten er i toppetasjen med det massive tre taket som gjere heile restauranten. Her er det møblar og detaljar i forskjellige stilar, men samtidig harmonerar det👌🏼. Maten, ja den var veldig innovativ og smakte fortreffeleg. Særlig arancini med trøffel, nam🤩. Det er både brettspel, biliard og shuffelboard dersom ein ikkje vil sitta heilt i ro og berre nyta ein drink. Det er fleire soner i dei forskjellige etasjane som ein kan sitta og kosa seg, jobba eller berre nyta livet! Frukosten har godt utvalg og er verdt å ta ute på altanen med utsikt til fjella, dersom vèret tillater det! I nabobygget er det lunsjrestaurant og shop for kle og tilbehør. Hemsedal har jo så masse flotte turar å gå, eg har vore på fossefallsjakt og sitt flotte fossefall på både korte og lengre turar! Om vinteren er det berre å spenna på seg skia utanfor hotellet og ta skiheisen opp. Om eg kjeme tilbake- JA!

//Reklame


Hardanger Fjord Lodge- ei perla i Hardangerfjorden:

Me hadde booka ein jentetur i lokalområdet ein grå mai dag, då me annkom Hardanger Fjord Lodge gjekk me inn på det gamle Sunndal Hotell, som er renovert i ein gamal og delikat stil👌🏼 Me blei møtt av vertane som tok godt i mot oss🥰. Eg blei ståande i døropninga ei stund og berre sjå, ja for her var det detaljar på høgt nivå i ein gammal stil. Eg kjente med ein gong at detta skulle bli avslappande og hyggelig, det sørga vertane for🙌🏽. Det er 9 rom, og me fekk Prestarommet med ei dobbeltseng og ei enkeltseng. Skråtak, ein liten skrivepult, vask og utsikt opp mot fjella. Me hoppa i badekåpene og tok med oss ei korg med Hardangercider og gjekk ned i badstua som ligger på kaien, berre nokon steg frå hovedbygningen. Der satt me å nytte utsikten til fjord og fjell, og ein dukkert i den iskalde fjorden blei det òg- forfriskande💦! Det var duka for middag og alle gjestane blei tildelt kvarsitt bord i den intime, koselige spiseståva. Vertane fortalte om historien til Hardanger Fjord Lodge og om matkonseptet, her står lokale råvarer i fokus. Og maten smakte fortreffelig👌🏼 Etter middag satt me oss ut i drivhuset med fyr i peisen og masse kvalitetstid med veninner! Me sov godt i dei fredlege omgjevelsane. Frukosten blei delikat servert på ei fjøl, her òg med lokale råvarer. Ein tur til Bondhusvatnet anbefalast, det er vei rett oppfor Hardanger Fjord Lodge, og turen tar ca 1 time kvar vei⛰️


Hotel Oleana- Eit hotell med stil midt i Bergen

Å ta heisen oppover i detta hotellet var stillig, her var det store bilder i kvar etg! Så kult! Eg må innrømma at eg tok heisen opp og ned nokon gangar og filma dei ulike etasjene 😅😁 Me budde i den lilla etg med ho dansande dama 💃🏼Rommet var romslig og hadde flotte detaljar med tiger på den 3.hotellputa🐅 Badet var lite men stilreint og med RÅ skincare produkter og eit stillig bilde på utsida av dusjen. Frukosten på hotellet var topp + for ostar og caprese! I lobbyen var det lun stemning med fyr i peisen, noko som passa godt på ein regntung dag, me er jo i Bergen. Paraplyutleige hadde dei òg, smart☔️ Me sov godt i fredelege omgjevelsar, tross så sentral beliggenhet, midt på Torgalmenningen👌🏼 Heilt topp å berre kunna gå ut å så har du det meste i gå avstand. Personalet i resepsjonen var behjelpelig med å foreslå restaurant og serverdigheter😄 Me enda opp på den gode asiatiske restauranten Nama, det var smak for ganen. Er du i Bergen er ein tur rundtom på bryggen ein hyggelig tur, og sjå på alle husa i Korskirkeallmenningen og ikkje minst ta ein tur med Fløybanen. Der har du fine turområder og ein flott utsikt over vakre Bergen by! Fisketorget har blitt oppgradert på sine seinare år, og det var fint å ta seg ein tur gjennom der. Hotel Oleana kan eg virkelig anbefala dersom du tar turen til Bergen! Veldig stilig og koselig hotell litt utenom det vanlige med kunsten :)

//Reklame


Hotel Riviera- Rivierastemning i Moss🌴

Med solhatten på hovudet og strandveska på skuldera entra eg Hotel Riviera Moss ein flott junidag👒 Detta nyopna hotellet måtte eg berre prøva! Eg brukte ganske lang tid å komma meg frå parkeringen og opp til resepsjonen for mobilkameraet måtte knipsa kvar detalj, for det var mange av dei- skikkelig riviera stil📸Rommet hadde så mange lekre detaljer, at eg måtte lada telefonen fleire gongar. Veggpynten og senga var blikkfang🤩 Me fekk rom med utsikt utover fjorden, der var det herlig å berre sitta å nyta! Ein tur opp i Spaavdelingen måtte me jo sjølvsagt. Det var forskjellige badstuer og eit basseng som ein kan svømma innanifrå og ut, ute var det litt større plass i poolen med utsikt over fjorden. Som me kosa oss der🤩 Det er egen innganngsbillett for å komma inn i spa anlegget, det kan du enten kjøpa med rommet eller bestilla når du kjeme der, men vær obs på at det er ulike tider, og kan vera fullbooka på ønsket tidspunkt. Hotellet ligger rett på den nye stranda som er laga til der i år. Der var det både leikestativ, plen og sandstrand⛱️ Utanfor hotellet var det mange sittegrupper ein kunne nyta noko forfriskande i sola. Når det var duka for middag fekk me eit koselig bord i hovedområdet med god mat, nokon forbedringar kunne gjerast her, men med god dialog med servitøren blei det bra. Dei andre gjestane der var hyggelige så me slo av ein prat, og det viste seg at fleire var frå Moss, nokon tok rett og slett ein barnefri middag mens andre tok ein kjærestenatt der. Eg skjønnar godt at dei lokale vil prøva det lekre hotellet🤩 Ein kveldstur for å sjå den flotte solnedgangen var heilt innanfor🌄 Me gjekk oppover langs elva der det var gode vibber frå uteplassane. Eg har liksom ikkje høyrt så masse om Moss, men Mosselukta var vekke og sentrum var hyggelig 😄 Frukosten var topp, då dei hadde skinker og oster, nett så ho liker det! Her kjeme eg gjerne att neste sommar☀️


The Well- eit fantastisk spaanlegg

I vinter prøvde eg hotell delen på The Well for første gong, og det var lekrare enn venta🤩 Romma var stilreine og detaljar frå skogen var henta inn i romma🪵🌳 Eg likte veldig godt den eine veggen som hadde konglemønster med den sennepsgule sjeselongen💛Der kunne eg sitta å nyta utsikten lenge! Sengene var komfortable og pluss for 3 hotellputer👌🏼 Badet var så innbydande og delikat med flotte fliser og innslag av naturen🤩 Gangen utanfor heisen var stillig satt opp med sjeselong og bilder frå spa, så ein følte virkelig ein var på eit spahotell. Det besta med detta opphaldet var at ein kunne gå frå spa til rommet i morgenkåpa og tøfler! Me tok ein drink rundt den stemningsfulle peisen, og bartenderen brillierte med skikkelig gode drinker til oss. Her var det hyggestemning! Etterpå var det dags å nyta middagen oppe i Mori, det var masse gode smaker, lekkert dandert. Frukosten var bra. Me hadde kjøpt inngang til spa begge dager, så me fekk verkeleg nytt spaavdelingen fult ut. Det er eit stort og flott spa anlegg, dei har noko som passar for dei aller fleste, enten med eller uten kle. Er du litt skeptisk til nakenhet, så går det over ganske fort, ein befrielse å go with the flow der😅 (ellers går det fint å ha badiken på). Eg vart veldig glad i badsturitualene, her er min skildring av den eine: "Badstua er fullsatt, saunamesteren ønsker oss velkommen til Nordisk Rituale. Han legger ei iskule med duft på badstuovene og heller vatn over. Så beveger han seg og handkleet i takt med musikken. Den deilige lukten og varmen brer seg rundt i rommet. Nokon vevlger å lukka augene, pusta og meditera, mens andre følger med og nyter kunsten til saunamesteren. Dei gode duftane, bevegelsen og varmen skapte ein heilt spesiell atmosfære". 🙏🏻

Total pakken med å bu på eit lekkert hotell og ha spa i samme bygg var heilt topp, det blir ikkje siste gong eg reiser dit!

(Det er fotoforbud inne i spa, desse bilda har eg tatt etter stengetid med avtale).


Som du skjønnar har me virkelig flotte hotell i Norge, og eg er så glad for at eg har fått oppleva dei, både på privaten og i jobbsamanheng! Fyri Resort og Oleanna er reklame som eg har merka dei med. Det er ikkje lagt noko føringar for kva eg skal skriva eller legga ut. Detta er mine ærlige reiseskildringar.

Håpar du blei frista og vil prøva nokon av dei! Eller kanskje du allerede har prøvd dei. Legg gjerne igjen ein kommentar om kva du syns! Og har du tips til andre hotell som er drops for augo, både innlands og utlands, så gje meg gjerne eit pip! Eg får aldri nok av lekre hotell! Eg skal laga eit innlegg om samme type hotell i verden- så følg med!


Instagram og Facebook profilen min har eg laga reels og bilder frå dei ulike hotella, ta gjerne ein kikk😄



144 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page