top of page
  • Forfatterens bildeEva

Reisebrev del 1: Sanur

Hei frå Sanur, Bali👋🏽


Her kjeme turens første reisebrev på Balituren!

Me reiste altså avgårde til Bali 9.desember for å få kvalitetstid saman som familie, nye opplevelsar og varme😎


Første stopp på turen er Sanur, sør-aust på Bali. I skrivande stund sitter eg på stranda mens Olivia får fletta håret sitt av ei lokal dama. Ho er så takknemlig for me valgte å støtta businessen hennas sia det er rolig her no. Dagens inntekt for ho var dei 100 kr ho fekk for å fletta håret. Eg støttar gjerne dei lokale framfor store kjeder, både når det gjelder mat, opplevelsar, massasje ol. Det er jo noko med å ta del i kulturen i det landet ein reiser til, samt oppleva det autentiske🙌🏽

Sanur er ein rolig plass, men alikavel ein del butikkar/bazarer, restauranter, puber både langs stranda og i streeten. Dei lokale står uti vatnet og fiskar dagens middag til seg sjølv eller restaurantane. Det kan vera litt masete her, då ein merkar at dei lokale trenger kvar krona dei kan få. Ein skal prøva å vera hyggelig men samtidig kan ein ikkje kjøpa alt av alle. Det er då eg tenker på kor godt me har det, og kort godt me har det som bur i Norge. Alikavel er alle blide og glade, det virkar så dei har gode liv <3 Barna er med foreldra på jobb i sjappene og restaurantane deiras når dei ikkje er i bhg/skulen, Olivia fant seg nokon lokale leikekompiser 😄 Det er ein strandpromenade med restauranter og sjapper som er hyggelig å gå langs. Det er mulig å gå med barnevogn, men vi ikkje sei det er rullestolvennlig her, då det er nokon smale parti. Fortaua i streeten er veldig oppstykka og smale, så det egnar seg ikkje for rullestol, og ikkje særlig barnevogn vennlig.

Stranda er kanskje ikkje av den finaste men me har basseng på hotellet og leitar etter skjell i strandkanten🐚 Det var få så bada på stranda, og det var masse boss der. Det er eit trist syn på Bali generelt. Stranda til hotellet vårt var rydda og fin kvar dag.


Frå Sanur tok me dagstur til Eat, pray, love stranda, Padang Padang Beach som var utruleg vakker ( ca 1 time frå Sanur)🤩 Azur blått hava, lita strand, laid back stemning og surfere. Det var akkurat passe med folk der. Ved nedgangen til stranda blei me møtt av nokon apekattar som sprang rundt, der gjekk me ned ei trapp gjennom eit trangt smug. Me fekk eit morsomt minne frå turen og det var at eg var nær på å få krabbeklo i undiken, ein diger krabbe krabba mellom beina mine og eg hylte så heile stranda såg på oss😆 Krabbeskrekken til Ludwig blei ikkje bedre av detta😆😂 Det var eit par strandrestauranter der som serverte enkle retter og nokon sjapper med kle.


Etter strandturen tok me turen til Uluwatu tempel. Masse apekattar her, så hald på hatten og brillene, og unngå augnekontakt, så går det bra🐒 Dei stjal brillene til ei dama og mobildekselet til ein annen;) Me hadde tenkt å sjå på kvelds ritualet med bålbrenning og dans ved solnedgang, men det var lang kø og varmt, så me droppa det.


På fredag var me me på Sundays Beachclub i Uluwatu, heilt nydeleg strand og hyggelig betjening. For ikkje å snakka om digg mat! Egen reels på sosiale medier frå der! Slike strender finner ein ikkje i Sanur.


Me er her i regntida, så eit par dagar har me fått ein halvtimes regnskur ved frukost tid og på ettermiddagen. Det er jo så varmt, så det er ingen fare å bli litt våt, er jo stortsett i poolen alikavel☔️😎⛱️


Hotellet me bur på er i skikkelig Balinesisk stil med skulpturer, farger og dekorative dører. Betjeningen på Puri Santrian er vennlige og hjelper til med det ein trenger. Eg likar å velga hotell med sjel og i den stilen til landet eg reiser til. Rommet me fekk var litt slitt, så fekk bytta til eit litt bedre, så då blei me fornøyd :)


Me booka ein sjåfør via hotellet, og det er han me har brukt til alle utfluktene. Pålitelig og hyggelig kar. Å leiga han ein heil dag kostar ca 450kr. Då kjørte han oss dei plassane me ønskte på sydspissen og var med oss rundt på tempelet.


Restaurantar og barar som me prøvde og var fornøyd:

  • Lilla Pantai- Nydeleg mat på stranda

  • Massimo- Italiensk mat

  • Coco Bistro- god mat med fine Balinesiske parasollar

  • Double O - Enkel strandrestaurant med hyggelig servitør

  • Linga Longa Bar med live musikk


No går ferden vidare til Ubud👋🏽

Følger du med på Instagram og Facebook får du fleire bilder og video frå turen😎📱📸


158 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page