top of page
  • Forfatterens bildeEva

Mektige Eidfjord

Det første møtet ein får med Hardanger når ein kjører fra aust til vest over Hardangervidda er Eidfjords mektige natur⛰️☀️Det er høge fjell så stuper heilt ned i den djupe fjorden. Når eg kjører fra Gjøvik og heim til Strandebarm er Eidfjord eit flott stoppested. Faktisk så flott at denna gongen ønskte eg å ta ein overnatting her så eg fekk utforska meir av denna perla. Dette i samarbeid med fleire aktørar her i Eidfjord // Vøringfoss hotell, Hardanger Fjordsafari og Norsk Natursenter.

(Ord med strek under er klikkbare).


Første stopp på ruta mi var Vøringsfossen.

Det har blitt ein obligatorisk stopp dei siste åra. Det er jo tross alt Norges mest kjente foss💦Altså det er så utrulig flott med fossen så stupar ned 182 meter og dei høge fjella i bakgrunnen⛰️. Det er skilta godt opp til den store parkeringsplassen rett nedanfor Fossli Hotell. Der er det eit bra toalettanlegg òg. Det er mange utsiktsramper ein kan sjå fossen på i på forskjellige vinklar. Om ein ønsker å sjå fossen på nærare hald kan ein gå ned på den nye brua så opna i 2020. Dar får ein sett fossen fra eit anna hold, noko så eg gjorde for fyrste gong no. Det tar ca 5-10 min å gå ned fra utsiktsrampene i ulent terreng til brua. Har du høgdeskrekk kan detta vera ein god plass å øva på den, for her står du veldig trygt!🤩


Måbødalen er jo ein oppleving i seg sjølv.

Der vegen snurrar seg rundt i rundt, gjennom tunellar og nedover. Ein får allikavel sjå litt av dei høge fjella og fossen.⛰️💦 Det er mange lommer ein kan parkera på så ein kan gå ut å fotografera. Ja for det er storslått natur der. Parkerer ein etter Måbøtunellen på vei oppover kan ein gå innover dalen og møta på Vøringsfossen, det skal vera ein flott tur, men det rakk eg ikkje denna gongen.


Norsk natursenter

Eit opplevelsessenter for med fokus på norsk natur, klima og miljø som passar for heile familien. 🦌Ein går gjennom det 3.etg senteret med masse informasjon, videoer, utstillingar, her kan ein gå nermare inn på samspelet mellom kultur og natur. 🦌Det er veldig spennande og masse læring for liten og stor. Alt var teksta på Norsk, engelsk og tysk, tillegg var nokon av stasjonane teksta på 10 andre språk. 🌎Det må eg sei er eit pluss i margen. 👌🏻Eg avslutta runden med å sjå den spektakulære panoramafilmen om naturen i området. Detta må væra den beste filmen eg nokon gong har sett🤩👏🏼. Folk i salen gispa, jubla og klappa av begeistring, og eg fekk til og med gåsehud. Noko vakrare film av norsk natur skal litt til for å slå!🏆Ein følte ein var inn i filmen og det var topp kvalitet på bilder og film. Filmen i seg sjølv er verdt eit stopp på Norsk natursenter. Eg slo av ein prat med dagleg leiar Oddvard Brakestad som er ein sambygding fra Strandebarm. Han let vel over godt besøkande på senteret! Restauranten Hardangerviddahallen ligger rett attmed og serverar lokal mat. Og på taket er det nokon geiter som beitar i sommar, så husk å sjå opp på dei óg🐐


Eit fartsfylt eventyr på fjorden med Hardanger fjordsafari

Vel nede i Eidfjord sentrum parkerte eg bilen og gjekk ned til kaien og møtte Hardanger Fjordsafari. Dei har ein stor tilhengar med logo,bilder og kart på, så ein ser dei godt. Me fekk tildelt vestar, informasjon om ruta og sikkerthetsrutinar før me tok plass i ribbåten. 🚤No skulle me ut på fjorden og få oppleva Eidfjord fra sjøsida. Frå ein Harding så er vakse opp ved fjorden, så har du ikkje sitt heile plassen før du har komt deg ut på fjorden.🚤💦 Du får sitt ting på ein heilt anna måte då. Me kjørte inn i Simadalsfjorden der me blei fortalt om Sima Kraftverk og den historiske fjellgarden Kjeåsen, "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu". 🏡Der fekk me virkelig sjå kor utruleg bratt det faktisk er opp😱. Me passerte eit par flotte fossefall og sjåføren/guiden Helge fortalte kjekke historiar. I eit av fossefalla kjørte me heilt innåt med båten, opplevelse på nært hald for å sei det sånn. 💦 På berget såg me ein liten sel så skulle ta ettermiddagsbadet sitt. 🦭Alt etter vêr og årstid er det mogleg å sjå ulike dyreartar, som sel, ørn og spekkhoggarar. 🦅🐬Litt fart og spenning blei det òg utpå fjorden. På slutten såg me bort til Hardangerbrua. Turen tok ca 1 time. Ein nydeleg og kjekk tur med god kvalitet på historiane som blei fortalt og innhaldet på turen.👏🏼 Turen kan bookast her


Room with a view på Vøringfoss Hotel

Hotellet ligger midt i sentrum av Eidfjord, rett ved fjorden, der ein har utsikt til fjell og fjord på nokon av romma. 🏩Eg fekk eit romslig rom med utsikt tatt ut av eit maleri.🤩 Berre sjå på bilda under. På hotellet åt eg god middag som var buffet med salater, kaldmat, varmmat og dessertar. Eg blei mett og god, og igjen var det så herlig å sitta i så fine omgjevelsar å eta! 😄Eg kunne ikkje trekka for gardinene den natta, for den utsikten skulle eg både sovna til og våkna til. 🤩 Senga var god, for eg sov som ein stein, og eg høyrte ikkje ein lyd frå ute gjennom heila natta. Frokosten var òg god, det var eit bra utvalg og rikelig med mat på buffeten👌🏻. Og du, nevnte eg at det er nydelig utsikt fra hotellet? 😉


#Eidfjord er ein instaspot i seg sjølv

Rundtom i Eidfjord er det satt opp nokon fotorammer der #Eidfjord er skreve inni. 📸 Ein kan få nokon kule bilder der med det flotte landskapet i ramma. På Ostangen, ca 2 min å gå fra Vøringfoss Hotel og cruisebåthavna finner du den eine ramma, då kjem fjord og fjell nært inni bildet ditt⛰️📸 . Der er det òg ei diger dissa. Eg dissa meg inn i solnedgangen. Vidare gjekk eg opp i byggefeltet og til neste instaramme som ligger på Hodna. Du ser ramma på toppen av byggefeltet når du står i sentrum. Der var det nydeleg utsikt utover Eidfjord sentrum, fjella og fjorden!🤩 Eg anbefaler ein kveldstur opp der, det var magisk. Det tok ca 10-15 min å gå fra sentrum og opp. Ein kan gjera denna turen litt lenger om ein går opp langs Eidfjordvatnet med den fine sandstranda og ei til #Eidfjord ramma. Vidare opp til Hæreidterasse med gamle gravhaugar frå jern og vikingtida, og bort til Hodna som er utsiktspunktet med #Eidfjord ramma så vist i bildet nedanfor. Den rundturen får eg ta neste gong!😄


Kjeåasen- "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu"

Ja det må eg sei meg einig i! For ein fasinerande historie om dei to bruka så ligger ca 530moh, der folk budde fra 1650 talet. Til husbygging frakta dei materiale opp den stupbratte fjellsida, det var òg bornas skuleveg😱🤩. Eg tar av meg hatten, eg så ikke gjekk opp ein gong, eg køyrde. Rett og slett pga litt vonde kne, hofter osv, skulle jo tross alt gå nedatt òg, så det får eg ha tilgode ein gong.😅 Men eg møtte på nokon spreke damer så gjekk både opp og ned og syns det var ein flott tur! 🤩Ein kan kjøra opp til Kjeåsen kvar heile time og ned kvar halve time. Det er ca 10 min å kjøra fra eidfjord sentrum til veien så føre deg opp til Kjeåsen. Berre husk å ta til høgre og ikke mot Sima kraftverk. (det er kun for gåande). Fra parkeringsplassen og ned til Kjeåsen tok det ca 5 min å gå. Du og du for ein utsikt, dette slod pusten ut av meg!!!😱🤩 Ein kjeme bort til dwt eine huset, så er det ei grind med privat skilt på. Tillegg til at ein har lest litt om historien, så får ein litt frysningar, rett og slett! Detta er mitt hottaste tips enten du går den flotte turen eller køyrer!🤩 Eg var der oppe i 20 min før eg køyrde nedatt, burde jo ha venta ein runde til på nedkøyring, men eg hadde litt anna eg skulle den dagen. Turen ned tok ca 10 min med bil gjennom ein tunell og smal veg. Vel nede kjørte eg inn mot parkeringsplassen attmed Sima Kraftlag, og gjekk bortover Simaldalsfjorden på stien så går oppover til Kjeåsen. Altså for ein vakker tur, der kom eg så tett innpå dei stupbratte fjella så gjekk rett ned i fjorden, eg gjekk på ei lita bru berre⛰️Det anbefalast å gå turen bortover i 10 min sjølv om du ikkje skal heilt opp🤩👌🏻


Du Eidfjord du Eidfjord

For eit fantastisk opphald hos deg! 🤩 Eg kosa meg gløgg, og veit du kva det herligaste var med heile turen var, eller her må eg sei to ting;) Det var utsikten mot dei mektige fjella og fjorden, og stillheten. Det var heilt stille der eg tusla rundt på kveldstid! Her får ein lada batteria og ta ein heilt time out. Eg var på solotur, og trivdes så godt i mitt eige selskap der😄. Folka er veldig hyggelige og slår gjerne av ein prat! Så takk til samarbeidspartnere så var med på å gjorde opphaldet mitt ekstra fint: Vøringsfoss Hotel, Norsk Natursenter og Hardanger Fjordsafari. 🤩


Andre ting så er verdt å besøka er:

- Trolltoget som går frå sentrum og ein rundtur på ca 50 min.

- Italiensk is som er laga på lokal frukt på DolceVidda

- Tur til Hjørmodalen/Hjølmotun, det var fortsatt snø der no i begynnelsen av juni, så eg får ta det neste gong.

- Eta digg mat på Anchakee`s Thai Mat, her var det fult heile tida eg gjekk forbi. Vårrullene kan eg anbefala

- Kajakk padling på fjorden med Best Adventures til venstre for kaien.

- Kunsten/utstillinga i trea fra sentrum og utover. Her kler dei opp trea i ulike tema som er underhaldande for turistane

- På veien utover fjorden møter ein på Hardangerbrua som er verdens 10.lengste hengebru. Det er mogleg å stoppa på Bu rasteplass for å få brua nermare deg, samt gå/sykla over brua.

- Eg må sei Eidfjord er ein fremoverlent turistkommune som henger med i tida og er svært opplyst til sine turistar :) På kaien finner du Turistinformasjonen, som var flittig besøkt mens eg var der. Her kan ein leiga syklar óg.

- Det er mange turistar som både stoppar i Eidfjord og tilbringer tid der, samt cruisegjester. Noko så gjere at det er bra liv i gatene. Eg oppfordrar deg til å stoppa i Eidfjord neste gong, ikkje berre køyra forbi! For du ser vel av bildene og skildringa at det er det verdt! Eg gler meg allerede til å ta aust/vest stoppen min i Eidfjord i slutten av juni!

- Ein kjeme til Eidfjord via Rv 7 over Hardangervidda til/frå Bergen/Hardanger.

-Eg har skreve blogginnlegg frå kva det er å gjera i områda rundt òg. Ta gjerne ein kikk på innlegget mitt om heimbygda mi Strandebarm, Hardangerfjorden og Voss







206 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page