top of page
  • Forfatterens bildeEva

Ohrid-og Prespasjøen, Nord-Makedonia🇲🇰

I vår var eg på studietur til Europas billigaste ferieland, Nord-Makedonia, og hadde ei rundreise der i regi av Macedonia Experience. Me var 6 reisebloggere på tur som fekk opplevd masse kjekt. Sjølve rundturen kan du lesa om her. Ein av områda som virkelig merka seg var området rundt Ohrid- og Prespasjøen.

(Alle navna og linkane med understrek kan du klikka deg inn og besøka nettstaden eller sosiale medier til bedrifta).


Det første så møtte oss var dei kvite kirsebærtrea som pryda innkjørselen🌸. Det me fekk veta var at dei lagar deilig rakia av desse kirsebæra, og me fekk sjølvsagt smaka🍒! Orce møtte oss og tok oss ned i det forseggjorte smakings lokalet under jorda , det var stillig innreda med masse tønner. Dei hadde dekka på med deilige ostar og pølser frå distriketet. Er det noko me tidlig fekk erfara på turen var at det var masse deilige delikatesser som dei spanderte på oss, både tørt og vått😄. Orce og far hans fortalte om produksjonen og planane for utviklinga av plassen. Dei skulle laga til nokon leiligheter der ein kunne bu i fredelige omgjevelsar og styra seg meir og mindre sjølv. Det er klart no, så du kan sjekka ut leilighetane her. Ei par netter her kunne eg godt tenka meg. Eit godt utgangspunkt for å utforskla området meir😄.

I Ohrid Sentrum blei me innlosjert på Villa & Winery Mal Sveti Kliment.

Der fekk me eit koselig rom og sov godt den natta. Me våkna til ein flott utsikt over Ohrid Sjøen, dessverre litt overskya den dagen, men me fekk alikavel inntrykk over kor flott det var der! Frukosten blei servert i restauranten og vertskapet var pratsom og hyggelig! Så hyggelig at dei inviterte oss på vinsmaking etter sightseeingen vår🍷.


Me begynte vandringa vår oppover dei brusteinslagte gatene og trappene.

Det var små smug og utsikt ettersom me gjekk oppover. På toppen kom me til Tsar Samuel`s fort med nydeleg utsikt over heile Ohrid og sjøen! Me beundra den flotte utsikten før me gjekk nedover til Ohridsjøen. Der kom me til den kjente kjørkja; Chruch of Saint John at Kaneo⛪️. Som du ser av bildene var det ganske så flott, og med den blå sjøen i bakgrunnen blei det ganske så flott spot!


Frå kjørkja og lags sjøen begynte den vakraste turen.

Me gjekk langs ein liten sti bortover, det var så fredeleg og flott😊! Små viker med steinstrender, små brygger, båter som låg på land, og om litt kom me bort til nokon små hus og gater. Der er ein av dei vakraste bildene på turen tatt. Ned mot Fisherman`s House Kaneo gjekk me ned ei steintrapp og blei møtt av eigarane som hadde ein båt me var så heldige me skulle få bli med⛵️. Dei lokale fiskarane hadde vore ute å fiska før me kom så dei viste oss fangsten sin🐠. Gamlefar holdt stolt opp ein kasse med både små og store fiskar. Fiskeskjella skrapa dei av og brukar til dei kjente Ohrid perlene som blei solgt rundtom i byen🫧. Me gjekk ombord i båten deiras og dei kjørte oss langs land så me fekk sjå både kjørkja og dei små koselige husa frå sjøsida⛵️. Det var ein veldig flott tur. Dagens første høgdepunkt🤩. Me gjekk av båten nærmare sentrum igjen, og der låg det masse fargerike båtar bortover. Snakk om å få flotte bilder 📸 Me gjekk gjennom små gater med koselige butikkar for å komma tilbake til hotellet vårt Vila & Winery Mal Sveti Kliment. Der var dei klare med vinsmaking. Dei hadde vinranker på eget område ein kjøretur utanfor sentrum. Vinen var god og me fekk kjøpa med oss litt heim. Sentrum av Ohrid var koselig med restaurantar, barar og butikkar. Fint å gjera aktivitetar på sjøen. Veldig fint for deg så vil ha nærhet til sjøen og hyggelig kveldsliv, langt vekke frå "syden". Men med gode temperaturar frå mai-oktober. Og ikkje minst hyggelige prisar🤩


Så kom me til høgdepunkt nr 2 den dagen

Ca 15-20 min kjøretur frå Ohrid Sentrum kom me til Ramne hos Pirustija Nedanoski. Natasha ønskte oss vennlig velkommen. Me skulle få vera med ho å laga autentisk Nord-Makedonsk lunsj, nemlig det Makedonske brødet + masse anna godt🧑🏽‍🍳. Ho og mannen driver dette gjestehuset, eit lite steinhus med to gjesterom. Her var det heilt fredeleg og flott med utsikt nedover mot Ohrid. Det var duka for matlaging, me satt oss til bords, og mens ho begynte å laga brødet fekk me smaka på Makedonske delkatesser, oster, salater, dipper, kjøttpudding mm. Det var fasinerande å sjå på måten ho laga brødet på😄. Ho hadde ein egen kna og kjevle teknikk. Me satt og fulgte nøye med. Ho hadde i kvitløk, smør, spinat, ferskost bla. Så la ho brødet i ei jerngryta så ho satt på ein bålplass🔥. Ho snudde på brødet og la på glør jevnlig, slik at brødet blei godt steikt på alle sider uten å bli svidd. Meir nysteikt makedonsk brød skal du leita lenge etter, og det er noko du bør prøva!🤩 Altså!! Det var skikkelig godt! Det var vanskelig å stoppa å eta😅Ei natt eller to kunne eg godt tenkt meg å hatt hos Natasha, så vennlig, gjestfri og hyggelig dama. Her kjeme du tett på kulturen, naturen og stillheten! Heilt autentisk og flott! De så har fulgt meg på sosiale medier har sett denna flotte plassen og deilige maten i både bilder og video! Ps: her må ein bestilla matlagingskurs på førehand.

Vel mette og gode gjekk turen vidare til Jane og Alex sitt familiedreve leiligheter Villa Prespa.

Det ligger ved nabosjøen, Prespa. Her blei me møtt av dei gjestfrie foreldra deiras som styrer Villa Prespa i turistsesongen. Så flott hus med 4 koselige rom og eit felles matrom. To av rommene hadde delt bad, det var nytt og fresht. Dei to romma nede hadde eget bad. Ute var det ein koselig hage med ein pavilijong ein kunne sitta ute, under tak✨. Frå hagen kunne ein sjå både til Hellas og Albania, samt til Prespasjøen. Me fekk ein deilig middag laga av mora deiras den kvelden. Sjølvsagt det gode makedonske brødet, og ei gryta med kjøtt og grønsaker. Me blei mette og gode, som vanleg her nede, og la oss nok ein kveld med masse kjekke inntrykk og opplevelsar😄! Det var heilt stille og fredeleg, igjen var me langt på landsbygda. Neste morgon våkna me til deilig frukost av vertane og satt oss på sykkelen og sykla litt rundt og såg oss om🚴🏼‍♀️. Dei har syklar til utleie til gjestene sine på Villa Prespa. Me gjekk litt oppover åsen òg. På veien tilbake var me innom ein lokal forhandlar og fekk oss litt kaffe og slo av ein prat. Det var skikkelig koselig, og folk var veldig glade for å sjå oss🥰! Detta er slike minner som festar seg! Dei lever enkelt, og er så glade 😀 Detta området er topp for sykkel og gå turar. Ein må ha bil for å ta seg rundt. På Prespasjøen kan ein bada og supa om ein ønsker🏄🏼‍♀️. Det er så mange muligheter for utflukter i området. Detta er ein litt roligare plass enn Ohrid.


Tusen takk for gjestfriheten og smila me fekk på denna turen😄🥰

Det var ein stor opplevelse og eg kan gje mine beste anbefalingar. Ønsker du å besøka Ohrid og Prespa er Jane i Macedonia Experience mannen å kontakta: info@macedoniaexperience.com

Dei skreddersyr turen din enten du vil reisa på eigenhand med bil eller ha ein rundtur med dei! Resten av turen vår i Nord Makedonia kan du lesa her . Der skriver eg óg meir om praktisk info om reisa dit.


Håpar du blir inspirert til ein tur til detta vakre landet og alt det har å by på! Gå gjerne inn på Instagram eller Facebook for å sjå fleire bilder og video. På Instagram profilen min har eg laga eit eget høgdepunkt så heiter Nord-Makedonia🇲🇰 der kan du sjå storys frå heile turen📸


280 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page