top of page
  • Forfatterens bildeEva

Eg spør 'kje kvar venast det er på jord, eg veit det er STRANDEBARM!

Oppdatert: 22. jul. 2022

Slik let det i Strandebarms songen, og eg kan sei meg einig i! Den bittevetla bygda der husa ligg som ei perlerand langs fjorden, med fjella rundt.


Det er jo klart eg er litt inhabil sia eg er vakse opp i bygda, men det er ein utruleg flott plass. Skal du legga ferien til Hardanger er Strandebarm ein kjekk plass å legga ei overnatting eller fem. Enten du kjem med båt, har med deg telt eller vil sova godt i ei seng inne- Mogleghetane er mange.



Det er så mange kjekke ildsjeler i bygda så har ordna og laga det så fint til i Strandebarm Marina. Dette er reine ferieparadiset. Når eg posta bildet under på snap i fjor fekk eg spørsmål om kva flott sydenland eg var i! Her har du eit hav av aktivitetar å finna på både på land og i havet. Kjem ein med båt så er det gjesteplassar, samt dusj og toalettanlegg. Her kan du leiga sup brett, kajakker eller hoppa uti fra den populære flytebrygga⛵️🏄🏼‍♀️🏊🏽‍♀️.Om sommaren er kafeen open så du kan få deg ein pizza eller is. Har du lyst på ei treningsøkt er det utandørs treningsapparat oppe ved idrettsbanen og heilt nytt minigolfanlegg. Skulle vêret vera litt ruskete så er det mogeleg å fyra opp i grillhytta🔥.

Legg merke til dei små skjønne nausta i vannkanten. Det er populært for barna å ha på seg støvler og gå å banka på å høyra om det er nokon heima.



Som ein ser på bileta er det så mange flotte naturopplevelser, ein kan bestiga den eine fjelltoppen etter den andre🏔🏕. Og har ein lasta ned postkassetrim appen så kan ein sjekka inn på stølane og fjella. Det er ein ekstra motivasjon. Når ein går fra bygda og opp til stølane og fjella så går det rett opp. Så her får ein trimma seg, men du verden for ein utsikt på toppen! Det er premien i seg sjølv😄Stølen vår Klepp tar ca ein time om ein går fra fjorden og opp, det er òg mogleg å kjøra halvveis oppover Grøningsveien. Der er det bomavgift på 30 kr. Ivarstien er godt merka oppover, her har Ivar Riise sjølv laga flott til med tau å halda seg i og ein kvilebenk. Ja ein må jo setja seg ned å nyta utsikten litt òg! På klepp ligg sela bortover så dei aller fleste har fjordutsikt. Her budde me store delar av sommerferien før då me gjekk til sauene.



Fra klepp kan ein nå masse flotte toppar lenger opp, ein av dei er Daurmålseggjå, der har ein panoramautsikt til Hardangerfjorden, Bjørnafjorden, Hålandsdalen, der ingen skulle tru at nokon kunne bu plassar, og fleire høgare fjell. På vei opp til Daurmålseggjå fra Klepp er det fleire kjøddn ein kan ta seg ein dupp i om det trengst. Det var isåfall veldig populært for min gjeng så gjekk opp der i fjor sommar når gradestokken var opp i 30 grader. Andre flotte turar er; Fløyen, Kråkenos, Haukåsfjellet, Vesolda, Ullhovda og Tåkenuten. Ellers så har ein òg veldig mange flotte kortare turar.



Å eta kortreist mat og sjå gardane der maten blir dyrka/produsert er ekstra kjekt. På Breievne Gard har dei forskjellige bær, grønnsaker, egg og nydelig drikkande ein kan kjøpa. Itillegg kan ein kosa med dei skjønne kaninene og hønene. Har du lyst å overnatta i glampingtelt å våkna opp til vakker utsikt over Hardanger er dette plassen, lar bilda tala for seg! Med på kjøpet får du dei koslege vertane så alltid har ein historie om bygda eller gården på lager.⛺️🍓🐓



Linga Gard og gardsutsalg har dei alt fra eige produsert kjøt fra kyr til gåver og nystekte mjelkekaker. Her kan ein òg leiga lokale til selskap, det er reine museumet inni husa med masse gamle ting fra gården. Dei har nokon koselige kaniner, høner og kyr på beite. For ikkje å snakka om kosepusen Tussi, ho er med der det skjer, og viser deg gladleg rundt på tunet mot litt kos :)



Oppover Grøningsveien med fabelaktig utsikt over den vena bygda og Hardangerfjorden finner du keramikkverkstaden og utsalet til Linda Lid. Ho har dreve med keramikk i 30 år og ein av få så dreier store ting, så her ser ein godt handverk. For nokon år sia bygde dei ein stor vedfyrt ovn til å brenna keramikken i. Det krevs tid for her må ein laga opp 3 månaders arbeid i verkstaden, stabla ved i ei veka, fyra/brenna i 3 dagar og kjøla ned i 4 dagar. Linda arrangerar keramikk kurs og dreiekurs, noko så er veldig populært. Tillegg kan du bu på gården i nabohuset, det legges ut via Airbnb. Her kan du våkna opp til nydelig utsikt over hardangerfjorden på eit småbruk på toppen av bygda med eit koselig vertskap.



På vei opp til Strandadalen finner du Hardanger Retro, her har dei virkelig funne masse gamle skattar. Alt frå god gammaldagse telefonar, magasin, jukeboks til kronespel og kasettar. Du kan kjøpa deg ei flaska brus og sjå gjennom dei gamle samlingene med magasin mens du høyrer på LP plater. Utanfor står Norges einaste telefon kiosk med summetone. Så her er det berre å sleppa på myntar og ringa ein venn! Ved Retroen, er det skilta opp til Jettegrytene, det er fasinerande å få med seg. Då går du etter skiltinga i ca 10 min.



Å komma seg ut på fjorden er eit must vil eg sei;) Det er nokon så har båtar til utleige. Ein kan fiska, siga rundt på fjorden, sjå på det vakre landskapet, eller gå i land på Svanholm, der kan du møta på to flotte geiter i sommar. Dei beitar der, men husk å ikkje mat dei eller skrem dei, for dei kan ikke symja.



Det er jo mange kjente navn fra Strandebarm, du har kanskje høyrt om Jon Fosse, ein kjent forfattar og dramatikar. Han har eget hus, Fossehuset, med utstillingar og kulturelle tilstelningar. Samt turen opp til Haukåsfjellet, der har Strandebarm Skule laga sauer med sitat fra stykket til Jon Fosse "Kvar vår det same". Det er kjekt for heile familien og stadig finna nye saueskilt oppover. Og er ein heldig finner ein orntlige sauer på toppen om sommaren. Andre kjente navn er Hans E Kinck, han har ein eigen gård som tilbyr omvisning, det er Kinck dagar der på gitt datoar om sommaren.



Verdt å få med seg i forbifarten:

Strandebarm Kyrkje

Høno til Jostein

Bruosen

Omaholmen

Bløming i Mai


Overnattingsplasser:

Båthuset på Bru: Ein kjeme nesten ikkje nermare fjorden. Gjestane trives så godt her at dei kjeme att år etter år, og det er jo ikkje rart med den beliggenheten og dei koselige vertane så gjere alt for at gjestane skal trivast :D Ein kan leiga båt, noko så er veldig populært. Båthuset er innreda med masse gamle skatter frå familien, nesten så eit museum!



Airbnb Linda Lid/ Keramikkverkstaden: Her kan du leiga eit hus på ein idyllisk gård med utsikt over Hardangerfjorden. Fjella er rett bak så det er berre å spenna på seg skoa og ta seg ein tur i dei oppmerka stiene.



Glamping i Hardanger / Breievne Gard: Tenkt deg å våkna opp i eit glamping telt med utsikt til fjella og Omaholmen.



Hardingasete: Ei historisk perla der det gamla møter det nya, her kan du overnatta i historiske stabbur og hytter med nærhet til fjorden.



Eikeneset: Bu i ein nyoppussa herregård fra 1917 med nydelig utsikt over fjord og fjell. Her er det geiter på beitet om sommaren. Ein kan leiga heile herregården med venner eller familie. Ynskjer ein matservering kan Barmen diska opp med nokon lokale retter.




Sportellet : Enkel overnatting med felles oppholdsrom nær Marinaen




Mange veier fører til Strandebarm:

Strandebarm ligger inni Hardangerfjorden, ca 1,45 time kjøretur fra Bergen sentrum.

Det er ypperlig å kombinera Strandebarm med andre reisemål i Norges land, no har vegen blitt mykje finare enn den ein gong var, så det er enklare å ferdas på veien, (Men det er fortsatt smale parti, svingete og masse flott å sjå på).


Håpar du vil ta deg ein tur til denna flotta bygda! Eller for deg så bur her, bruka nokon av dei flotte naturopplevingane, attraksjonene og områda det er i bygda:)









3 427 visninger2 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page