top of page
  • Forfatterens bildeEva

Sov godt i hovedstaden😴

Kva er vel ikkje deiligare enn å legga seg i ei god seng, gjerne med 3 hotellputer, ta ein dusj med deilige såper og våkna opp til ein delikat frukost🙌🏽

I Oslo kan du det! Der finner ein hotell som passer for alle, enten du vil ha det enkelt og greit, komfort og fasiliteter eller meir stil og luksus🏩


Når eg velger hotell i Oslo tenker eg først på kva del av byen eg skal vera mest i, god komfort, deilig frukost og stilen på hotellet. Eg liker sjarmerande og stillige hotell.


Her er mi topp 5 lista over Oslo Hotell:


🏩 Amerikalinjen

🏩 Clarion hotel Oslo

🏩 Clarion Hotel The Hub

🏩 Hotel Christiania Teater

🏩 Comfort Hotel Karl Johan


Innlegget er ikkje sponsa av Nordic Choice Hotels, men eg likar meg godt i denna hotelkjeda👌🏽 Så samlar ein jo poeng når ein bur i samma kjeda. Meir om det i eit eget innlegg snart.







🏩Amerikalinjen: Lukten så møtte meg i lobbyen var nydelig👌🏽 Resepsjonistane var proffe og vennlege, noko så eg sett pris på😄 Rommet var delikat og stilreint innreda med kule detaljar, sjå berre veggen attmed senga på det første bildet under ☎️ Eg likte badet svært godt, med svarte og kvite fliser, samt svarte detaljer 🛁 Ein tur ned i baren er eit must, her kan dei drinkar! Ikkje kva som helst drinkar, men alle med eit tema og navn relatert til Amerika🗽 Itilleg til at dei smakte godt var dei stillige og forseggjort🤩 Herlig stemning og dedikerte bartendera🍹Sengene var så gode at det var vanskelig å stå opp, men heldigvis fekk eg ein frukostkvil etter ein god frukost👌🏽 Frukosten blei servert på eit brett coronastyle. Det var utvalg av det viktigsiste, og pannekakene på slutten var digg! Berre ein liten frukostkvil før utsjekk. I will be back Amerikalinjen👋🏽


🏩 Clarion Hotel Oslo: Eit stilreint og lekkert hotel i Bjørvika. Allerede i den delikate lobbyen skjønte eg at her vil eg trivast👌🏽 Så masse stilige detaljar at eg blei ståande å betrakta, ja litt bilder måtte eg ta óg📸 Eg fekk eit stilig rom med delvis utsikt til fjorden og ei behagelig seng. Det var baderomsartiklar i rituales, noko eg setter pris på da eg ikkje alltid vil drassa med meg bodylotion og shampo. Det ovala speglet ved pulten gav eit uttrykk til rommet, og det blei fort både eit blikkfang og eit flott bildeobjekt. Etter ei god natt søvn var det duka for frukost; Delikat, bra utvalg og god kvalitet, det er den beste hotellfrukosten eg har ete i Oslo. Her kosa eg meg lenge og berre nytte både den deilige frukosten og dekorert i det akkurat passelig store frukostrommet. Det blir ein lun stemning når det ikkje er så store frukostsalar. Hotellet ligger ypperlig til om ein skal nyta alt det kjekke det Bjørvika, Oslobukta og Sørenga har å by på! Ingen tvil, her skal eg bu igjen😄




🏩 Clarion Hotel The Hub: Glam midt i sentrum.

Det første så møtte meg i resepsjonen var gull og glam på delikat vis, det er jo noko eg syns er veldig stillig🤩 For å ta heisen opp til rommet måtte eg velga etg før eg gjekk inn i heisen. På rommet blei eg møtt av ein kul fyr så heng over senga. Her var det innbydende rom med masse hotellputer og godt utstyrt baderomsartikler. Romstørrelsen varierer ein del fra romtype, men det er alltid bra med plass. Eg spente på meg joggeskoa og tok heisen ned i kjellaren for ei effektiv treningsøkt etterfulgt av ein tur i motstandsbassenget og badstua! Etter dette syns eg at eg fortjente ein drink på uteserveringa på toppen av hotellet. Den sentrale beliggenheten midt på jernbanetorget gjordet at eg lett kunne nå shopping og restauranter innen nær gange, trikkene og bussene stoppar så og sei rett utanfor hotellet. Eg avslutta kvelden med ein drink i den stillige baren ved inngangen. Dagen etter våkna eg opp både utkvilt og svulten, ja det er det best å vera, for her var det masse utvalg, alt frå fleire sortar korn og youghurtar, til grønt, skinker, ostar til varriert pålegg, varm frukostmat finner ein i egen stasjon. Ein fin avslutning på frukosten er frukt og makroner🥐 Her får du sentral beliggenhet, komfort og god frukost! Eg kjem gjerne att!




🏩 Hotel Christiania Teater; Eg gjekk inn i ein delikat lobby og lobbybar, her var det så innbydende at eg satt meg ned for eit glas før eg blei sjekka inn av ein hyggelig resepsjonist🥂 Rommet eg fekk var romslig og fint, men eg ville ha fått fresha opp litt på stilen her😉 Litt lytt ut i gangen men eg sov godt i ei behagelig seng gjennom natta! Frukostrommet var oppholdets høgdepunkt; Mørk og stilig innreda med store speglar, gullfuglar i bur og masse detaljar, nett så ho likar det🤩 Frukosten hadde godt utvalg, nett passe masse, og kvaliteten på maten var veldig bra👌🏽 Huskar endå den goda gulrotkaka eg åt til dessert, akkurat passe stykke for å få ein god avslutning på frukosten! Dette er ein frukostsal ein berre sitter å nyter og kosar seg! Eg kjeme tilbake å nyte ein god frukost her ein anna gong🍳🥓🥝






🏩 Komfort hotel Karl Johan; Inn ein liten passasje midt i Karl Johan opnar seg seg ein koslig bakggård! I lobbyen blir eg møtt av hyggelig betjening, her er det mulig å kjøpa med seg litt nøtter og noko å drikka. Rommet er lite og enkelt, men stilig veggdekor bak senga. God frukost med ferske brød, og dei hadde nugatti, ikkje berre sjokoladepålegg så mange hotell har. Då blir ho fornøyd👌🏽 Dette er eit rimelig og bra hotel, og ikkje minst topp beliggenhet!


Hadde hotell Cæsar funnes så hadde eg nok likt å hatt ei natt der, men eg seier meg veldig fornøyd med mine topp 5 hotell👌🏽

Kanskje det blir ein Oslotur på deg snart og vil prøva eit av desse hotella😄 Eg veit om fleire så deler samme topphotellet med meg!


God tur!












Siste innlegg

Se alle
bottom of page