top of page
  • Forfatterens bildeEva

Du Verden så flott!

Kjøreturen ut til Verdens ende var ein opplevelse i seg sjølv, så masse koselige hus, hagar og natur.


Lags veien låg det sjarmerande utsalget Tjøme Kolonial, der måtte me sjølvsagt stoppa. Det første så møtte oss var dei fargerike stolane og borda på utsida, her var det berre å slå seg ned på bordet med favorittfargen! Hyllene var lekkert og delikat fylt opp med godsaker. Masse deilige oster, skinker og andre delikatesser. Ei eiga hylla for sjokolade, noko så passar ein sjokolade elskar som meg godt. Ja kva skal ein velge her då! Nabo butikkane var òg nisje butikkar, ein med barnekle, ein med vaksen kle og ein for dei med strikkedilla.



Me kjørte litt vidare før me seg ein rosa truck stod på høgre sida, her var det altså den mest sjarmerande rosa foodtrucken eg har sett. Her var det godt utvalg av asiatisk mat og slush for ein kvar smak.



Me kjørte ned ei gate som var så smal at spegla tok borti hekken på kvar sia, nokon meter ned så kom me til ei sjarmerande strand og brygga. Her kan ein kosa seg med bading og hygge. Meir sjarmerande nabolag skal ein leita lenge etter.



Ein liten stopp på Toråas fort som er nedlagt kystfort med masse historie. Her kan du ta ein historisk vandring med eller uten guide, samt besøka museumet som viser fram ein del av utstyret som blei brukt av Stay Behind organisasjonen etter krigen.


Ved eit ridesenter stoppa veien og me parkerte bilen. Ein liten vei med god vegetasjon leda oss ut til verdens ende. Altså, der var det så vakkert, fyret, masse skjær og holmar i havet, folk så åt is, kosa seg i båtane sine og berre nytte det fine pinsevèret. Her er det god plass å legga til kai for båtane. Nokon hadde hoppa uti og tatt ein dukkert, mens andre leika i vannkanten, nokon gjekk ein tur mens andre berre satt heilt i ro å nytte- sånn som underteikna. Her ute var det ein heilt egen ro og atmosfære. Eg kunne berre vore der heile dagen. Vippefyret pryda Verdens Ende, det er bygd med rullestein fra Tjømes strender.


Det nærma seg lunsjtider og me fekk eit bord ute på restauranten med flott utsikt utover vippefyret og heile skjærgården. Her snakkar ein lunsj with a view! Tenk deg å ta middagen i solnedgang her då! Det har eg satt på do do reiselista mi. Me fekk servert ein deilig lunsj; biffsandwich med ein god bernè og akkurat passe steikt kjøtt. At lunsjen blei nytt i så flotte omgivelser gjorde heile opplevelsen topp! Eg skjønnar godt at det er populært å ta ein matbete her!


Eg hadde ikke lyst å reisa frå denna vakre plassen, men det er greit å veta at her skal eg tilbake :)


På vei tilbake stoppa me innom den kuleste restauranten. Det var som å komma til syden, her var det palmar både høgt og lavt, skilt som viser vei til eksotiske reisemål, ja eg fekk til og med sand myddlo tedna. Skikkelig sydenstemning! Fengande musikk, kule drinker og god mat har dei har òg.

Eg har skjønt at det er ein ting som gjelder i Vestfold, og det er å ha båt. Så mange kule og flotte plassar ein kan stoppa innom enten for å kosa seg på ein holme eller eta ein god mat på ein kafe i ei havn. Det er rett og slett vakkert!


Prekæs!




100 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Vennetur

bottom of page