Gran Alacant og Santa Pola- Den perfekte ferieplassen i Spania
- Eva
- 6. juni 2023
- 6 min lesing
Oppdatert: 27. juli
Casa Berge, Vårt paradis i Spania
Gran Alacant er blitt vårt andre heim, og me reiser hit så ofte me kan. Me er så heldige å ha Casa Berge, vår hytte i Spania, berre 10 minutt frå Alicante flyplass. Etter under fire timar med fly frå Sør-Noreg, landar me i sol og varme. Det er ein grunn til at så mange skandinavere har funne vegen hit; klimaet er fantastisk heile året! Gran Alacant har ein fin miks av fastbuande spanjolar, skandinavar og andre europearar, noko som gjer det både levande og trygt.
Ein sosial plass; Du møter alltid kjensfolk
Sia me kjøpte Casa Berge i 2013, har me besøkt staden på ulike tider av året. Sommaren tilbringer me minst tre veker her, for kva er vel betre enn solgaranti og palmesus? 🌴☀️
Kvar gong me er her, møter me kjende. Gran Alacant har få hotell, men mange flotte leilegheiter og hus med fleire soverom, takterrassar og ofte felles basseng. Her kan du reise både som par og storfamilie. Det finst også ein Norsk klubb som arrangerer sosiale samankomstar, vinlotteri, turar og 17. mai-feiring. Det er lett å føle seg heime her! Me leiger ut den eine leiligheten vår i Altomar 2, ta kontakt på info@reisermedglede.no dersom du ønsker meir informasjon.
Slik kjem du deg rundt i Gran Alacant og Santa Pola
Å komme seg frå flyplassen til Gran Alacant eller Santa Pola er enkelt, du kan ta buss, taxi eller leigebil. Bussen går jevnleg mellom Gran Alacant og Santa Pola, og vidare til Playa Carabassi eller Alicante by. Frå Alicante kan du ta trikken oppover kysten eller hurtigtoget til Madrid. Me som har bil, køyrer mykje rundt i området og får oppleve mange sjarmerande plassar.
🚖 Taxi-tips: Du må ofte bestille taxi på førehand. Kontakt Elvis Taxi på
WhatsApp: 0034 667 50 8017.
Aktivitetar for heile familien
Spania er suverene på utandørs leikeplassar, og i Gran Alacant finst det tre flotte leikeområde der barn frå ulike nasjonalitetar leiker saman. Det er også mange aktivitetar å utforske:
Turisttog frå toppen av Gran Alacant ned til senteret, (sommaren 2025 er den ute av drift)
Leikeområde på Gran Alacant senteret, inkludert karuseller, hoppeslott og trampoliner.
Dyrepark og badeland i Rio Safari Elche (10 min køyring).
Fornøyelsespark i Pola Park ved Santa Pola.
Mirador del Faro, fantastisk utkikkspunkt mellom Gran Alacant og Santa Pola.
💡 Reisetips: Skal du reise med småbarn? Ta med bleier frå Noreg (billegare) og sjekk ingrediensane på babymat – mykje inneheld honning, som ikkje er anbefalt til små barn. Du finner fleire tips i innlegget mitt her.
Vamos a la Playa- Strender i området
Ein tur til Playa Carabassi er obligatorisk! Dette er ei av dei flottaste strendene i området, og strekkjer seg nesten 10 km frå Santa Pola til Alicante. Her er det brei sandstrand, langgrunt vatn og tre strandbarer, éin med godt utval av mat.
I Spania er det vanleg å ta med eigne solstolar og parasollar, samt kjølebag med mat og drikke. Søndagar er familiedag, der spanske familiar samlast med store telt, mat, ballspel og sosialt samvær. Då kan det bli veldig fult på parkeringen ved stranda.
Santa Pola har fleire mindre strender med rolegare bølger; Playa Varadero og Playa Levante er populære strender. Det er flott å stoppa langs kystvegen mellom Carabassi og Santa Pola, her er det flott snorkling og koselige bukter. Husk badesko!
Om vinteren er strendene fulle av turgåarar, og me elskar å spasere langs havet uansett årstid. I romjula hoppa ungane i havet, kanskje ikkje like lenge som om sommaren, men temperaturen var som ein god norsk sommardag!
Marknader og shopping
🛍 Marknader i området:
Gran Alacant-markedet (torsdagar) – ferske grønsaker, frukt, klede og husartiklar.
Santa Pola-markedet (laurdag og måndag), større marked med meir utval, samt bruktmarked.
Fiskemarked på Playa Levante; fersk sjømat rett frå båten!
Alle landsbyer og byer langs Costa Blanca har markeder på ulike dager. Me har vore på Lemon Tree Marked ved Guadalest, det er stort og rikelig utvalg av det meste ein kan tenka seg. Dette er på søndager.
🛒 Beste shoppingstadar i nærheten:
Kinabutikkar: her finn du alt frå kjøkkenutstyr til solstolar. Dette har dei fleire av på Gran Alacant og Santa Pola, samt andre plassar langs kysten.
Gran Alacant Senteret: Her er det optikar, parfymeri, skjønnhetssalong, klesbutikker og kafeer.
Vil du reisa litt lenger er dess sentra topp:
La Zenia: utandørs kjøpesenter med butikkar og leikeområde for barn sør for Torrevieja
Plaza Mar 2 og Gran Via: store handlesenter rett utanfor Alicante sentrum.
The Outlet Store Alicante: for gode tilbod.
Santa Pola; Sjarmerande hamneby med spansk sjarm
Santa Pola er perfekt for ein avslappande dag langs havna. Her kan du rusle, nyte god mat eller ta ein joggetur ved sjøkanten. Her er det mange spanjolar og livlig på kveldstid i gatene. Langs havna er det mange restauranter med utsikt til båtane. Vidare bortover havna ligger fiskabåtane, garna ligger fint langs med havna. Det er eit postkortmotiv i deg sjølv. Inni sjølve byen er det yrande liv rundt borga. Spanjolane er gode på å gå ut å kosa seg og eta god mat!
🥘 Anbefalte restaurantar i Santa Pola:
Zvra: fantastisk italiensk mat i ved havna i Santa PolaClub Nautico-bygget.
Mesón Cervantes: Autentisk spansk mat.
Posito Pesquero Restaurante: masse god sjømat rett ved båten som står på land.
La Sidreria: Gode tapastretter og veldig god biff! Her får du egen tappekran på bordet.
Ca lla i to: Moderne retter i eit instavennlig lokale
Restaurante Venecia Tapas: Nydeleg mat i fresht lokale
Choco & Latte: den beste kaffen og kakene i byen.
🚤 Utflukt: Ta båten frå Santa Pola til Isla Tabarca, ei idyllisk øy med sjarmerande små hus og krystallklart vatn. Billetter kjøpast ved hamna – ver ute i god tid om sommaren!
Mat og drikke på Gran Alacant
🍽 Favorittrestaurantar:
Ohana: argentinsk grillrestaurant med saftig kjøt. Det den beste biff restauranten oppe på Gran Alacant. Prøv provoleta osten der til forrett!
Sol e Luna: herleg italiensk pizza med stor uteservering.
Atipico: smårettar inspirert av Spania, Asia og Latin-Amerika. Den beste restauranten på Gran Alacant syns me!
Tuttis: variert meny med gode drinkar (prøv mojitoen!).
Cielo Largo: populær asiatisk restaurant der eigarane helsar deg velkomen på norsk!
Kesari Indian Restaurant god indisk mat på Gran Alacant senteret
🧀 Matbutikkar: Butikkane i Gran Alacant har godt utval av fersk fisk, kjøt, glutenfrie og laktosefrie produkt, samt eit lite utval norske varer.
Mitt ettermiddagsritual? 🍷 Spansk skinke, ost og eit glas sangria!
Kor kan ein bu?
Gran Alacant har mange flotte leilegheiter og hus til utleige. Me leiger ut vår andre leilegheit i Altomar 2, send meg ein e-post på info@reisermedglede.no for meir informasjon.
Kva kan ein gjera i området rundt:
- Dyreparken (med vannland om sommaren) - Rio Safari Elche ca 10 min å kjøra
- Fornøyelse parken Pola Park rett utanfor Santa pola
- Dyrelivet ved Saltsjøane i Santa Pola ( må ha bil)
- Mirador del Faro, kan gå frå GA og SP eller ta inn ein stikkvei på veien mellom GA til SP
- La Marina Vannpark ( på Campingplassen, ikkje mulig for drop in i høgsesongen).
- Utendørs Shopping på La Zenia med litt vannfontener for barna
- Shopping på La Habaneras, Plaza Mar 2, Gran Via og The Outlet store Alicante
- Den rosa Saltsjøen utenfor Torrevieja med Saltmuseumet
- Palmeparken i Elche med super leikeplass
- Alicante by med borga og Santa Cruz - les eget blogginnlegg her
- Dyrepark, badeland og fornøyelsepark utenfor Benidorm
- Asia garden hotel utenfor Benidorm
- Utflukt til Isla Tabarca- Les eget blogginnlegg her
- Altea og ei sjult perla- Les eget blogginnlegg her
- Vingårder, eg har vore på besøk til Bodega Enrique Mendoza
- Utflukt til den fargerike byen La Vila Joyosa- Les blogginnlegget frå mine reisevenner i Reisekick her
- El Palmeral de Alicante
- Solnedgangen ved Torre Tamarit (må kjøra)
- Masse flotte vandreturar
- Tur i Clot de Galvany
- Kinabutikkane der finner du alt du trenger av kle, verktøy, kjøkkenutstyr, solstolar, badesko mm. Gabe marked nede på Gran Alacant er digert og forholdsvis nytt.
- Ønsker du ein tur til frisøren eller stella neglene då er MJJ plassen. Ei familiebedrift der mora Mavi og dattera Jenny lagar deg flott på håret mens den andre dattera Jessica steller negler og føtter. Dei snakkar englesk, tysk og spansk, så dei fleste blir forstått her. Prisen er ca halvpris av Norge. Eg har allrede booka min time der i sommar, då det er meget populært.
- Er du glad i god mat er Alicante byen for deg- fleire tips på sosiale medier og her
- Gå rundt og kjenn på stemningen- herlig vil eg sei!
Håpar du blei frista til å reisa til Gran Alacant og Santa Pola!
Spania er ein fantastisk plass å reise til – enkelt å komme seg rundt, vennlege folk og ein avslappa atmosfære. Gran Alacant og Santa Pola er stader me aldri blir lei av! Kanskje me møtast på Casa Berge? 😎 Følg meg på Instagram og Facebook for fleire tips! 📸✨
Skriv gjerne dine gode tips under, så testar eg neste gong!
Kommentarer