top of page
  • Forfatterens bildeEva

Ærlighet varer lengst! eller....

Oppdatert: 9. nov. 2023


"Er du alltid ærlig i dine skildringar" fekk eg spørsmål om førre helg og det fekk meg til å tenka litt.🤔


Dåka så kjenne meg veit at eg stikker ikkje noko under ein stol😅. Og de så har fulgt meg ei stund merkar kanskje når eg brukar masse adjektiv og ikkje i innlegga mine. Eg syns jo det er fint å beskriva mine opplevelsar med gode ord der det fortjenes, føler historien blir meir levande då. Itillegg er det jo kjekt for dei aktørane så eg besøker å få gode ord 😄


Lojalitet

Skal eg anbefala dåka noko så vil eg jo at det skal væra reelt og ikkje pynta på sanninga, då vil eg tru de mista truverdigheten og lojaliteten til meg🙌🏽. Det hadde isåfall eg gjort. No er det jo slik at me har forskjellige ønsker og preferansar på ting, så eg skriver min meining og begrunner det ofta med noko. Til dømes, eg likar meg best på eit hotell med god standard og 3 hotellputer👌🏼 Reiser eg på eit hotell der det ikkje er tre hotell puter, seier eg jo ikkje at det er eit dårlig hotell og anbefalar deg aldri å reisa dar. Då trekker eg fram dei positive sidene med overnattingsplassen og skriver at det var eit bra opphold til å vera 3* feks😊.

Går eg på fjelltur er eg heilt ærlig på at det var jæklig bratt og ein tøff tur, og kjeme med tips som eg har erfart som kan gjera turen bedre for nettopp deg så leser😄

Dialog med aktøren

Eg ønsker ikkje å snakka stygt om ein restaurant eller overnattingsstad der eg ikkje har fått den servicen eg forventa eller at det var noko galt med maten ol🙅🏽‍♀️. Dersom det er noko så ikkje svarar til forventningane eller noko var dårlig snakkar eg med dei på plassen først, før eg skriver noko om det her inne. Det er jo fair at dei får mulighet å retta opp i det eller forklart seg.😄 "Eg skal aldri meir reisa med SAS" var det ganske mange så skreiv i fjor. Ja ein har lov å vera lei når ferien blir ødelagt eller det er hompar på veien. Men det er jo ofta ei forklaring på det.


Servicepolitiet

Etter å ha jobba i servicebransjen i alle år, er det noko så eg brenner for, og er litt "skada" når eg er ute på noko 😜God service er viktig for meg, og eg trur og håpar eg har gitt god service på jobbane mine oppover😊 Seinaste no når eg var på tur til Vestfold var me innom ein restaurant til lunsj der det rett og slett ikkje var service. Me fekk god mat etter 1 time. Det er jo då naturlig å tenka at det var tidlig i sesongen og dei så jobba der var veldig unge. Men då må ledelsen gå inn å læra opp desse stakkar ungdommane så ikkje har lært korleis dei skal takla situasjoner der ting blir så kraftig forsinka. Kva med å komma bort å sei at beklager det tar dessverre litt tid i dag, eller sei det i det me får bord. Så kan me ta eit standpunkt til det før me evt setter oss. Det vil jo eg sei er god service👌🏼. Nokon veker seinare var veinninna mi der og fekk både god service og mat kjapt. Så ting varrierar og ein kan ikkje gje avskjed på grått papir med det samme. Etter det restaurantbesøket skreiv eg på instagram storys at me hadde ete god mat men at dei burde hatt opplæring i service (av meg) 😆😅


Bacheloroppgava i Service

Jadå, eg skreiv Bachelor oppgava i service, så viktig er det for meg! Det er jo klart at service folk leverar påvirkas av forskjellige faktorar. Det var ei interessant oppgåva så eg kanskje burde leita fram for å lesa nærmare på. Er visst eit par år sia eg skreiv den😜. Ein av mine draumejobbar er å vera mysteri shopper eller restaurant anmelder🍴🏩Eg er jo kanskje litt det no når eg er ute på oppdrag for ulike aktørar, men då ikkje hemmelig😊


Syns du Reiser med glede er truverdig?

Eg håpar at eg virkar truverdig når eg skriver eit blogginnlegg, deler i storys eller post på sosiale medier🤗. Det er jo det eg vi framstå som, at de skal tenka at eg er lojal og truverdig. At me er forskjellige i ønsker og behov når det gjelder reise er jo klart. Men eg håpar eg er tydelig på at det er slik eg likar det, ikkje at det er feil på den andre måten😄. Eg pyntar lite på sannheten, skriver når noko er krevjande med enten helsa eller borna. Alt er ikkje fint og flott fordet om me reiser masse med born. Det ville jo vera unaturlig. Eg føler isåfall eg har delt ein del av det. Men som eg skriver, det stoppar ikkje meg i å reisa! Utfordringar er til for å taklast, og det gjere ting meir spennande! Tenk kor kjedelig verden hadde vore om alt var heilt perfekt😁😉

Istadenfor deler eg tips, der er har hatt det utfordrande på reise slik at du kan ta med deg tipsa til di reise feks 😄 Reiser med barn er eit blogginnlegg der eg deler tips utifrå eigne erfaringar.


Den usminka sannhet

Bildene eg legger ut er nokon gonger fint dandert mat, mens andre gonger berre kleist oppå📸 Eg ønsker ikkje å framstå perfekt, for det er ingen. Eg jåler meg lite til å vera på instagram, eg er meg, Eva Berge. Ho så sminkar seg sjeldent, ho så ikkje redigerer bildene ho legger ut, ho så har valkar både her og der, ho så gjere bommertar. Ja eg er meg, og dei så likar det følger meg og dei så ikkje, deiras tap 😁Men for meg så er det viktig å væra meg, væra ærlig i bilder og skildringar, og ikkje pynta på sannheten! Eg håpar det er truverdig og at det skapar lojalitet for deg!💖😁


Forrige veka hadde eg samarbeid med nokon aktørar i Eidfjord. Du kan lesa mi ærlige meining her


Takk for at du følger meg og leser innlegga mine. Det betyr masse for meg 💖




196 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page