top of page
  • Svart Facebook Ikon
  • Svart Instagram Ikon

Søkeresultat

51 elementer funnet for «»

  • Nou Manolin- meir enn ein vanlig tapas bar!

    Baren er fullsatt- "Dos cañas por pavor" skriker hovmesteren til servitøren bak baren! "Si Claro"! 2 sekunder seinare har han begynt å tappa i ølen. Er han for treig klapper hovmesteren i henna og ølen kjeme kjappare👏🏼🍻 Musikken er lav i bakgrunnen, folk snakkar og stemningen er god! Bardisken er i mørk tre med gammeldagse mønstrete fliser på. Bak bardisken jobber servitørene på, dei tapper øl og serverer mat mens dei pratar i vei med både gjestene og seg i mellom. Det er ingenting å sei på stemninga😄 Hovmesteren kjem bort og spør kva me ønsker å eta og drikka- surprise me seier eg! Eg ete kun kjøtt, min mann elskar sjømat. Hovmesteren fikser det! Først kjeme store deilige østers med ein hint av sitron,  så kjeme denia reker, dei så har smak desse rekene skjønnar detta🦐 Me fekk anbefalt crocetas, om dei var gode- JA! Rettane kom på løpande band, akkurat slik det skal vera i Spania, ein rekker å eta opp eit par rettar før neste kjeme🤩 På den måten kosar ein seg med det så er på bordet og kan sitta i fleire timar og eta. Me satt der i 3 timar 😎 Me fekk kongebordet- altså ved døra. Så me helsa på alle så gjekk, det var i den kalde perioden i begynnelsen av mars. Det var kun Skandanaverane så skjønte at dei skulle lukka døra fort etter seg 😉 Me hadde fult overblikk over kva så skjedde ved baren, fekk sett kva tempo dei jobba i og alt gode så blei servert. Me trengte ikkje snakka så masse saman, eg og min mann, for det var så masse så skjedde der. Det var underholdning å berre sitta å sjå på alt så skjedde bak bardisken og måten dei jobba på 😄 Servitørane snakka både engelsk og spansk, og spurte me dei om anbefaling på maten kom dei med masse spennande! Kommunikasjonen mellom hovmesteren og personellet bak baren var fantastisk. Han hadde full kontroll. Mannen i svart kokkeskjorte skjærte skinke heile kvelden, skulle ønske det var til meg😋Det blir neste gong, for det blir ein neste gong! Skinkene hentar dei berre nokon om gangen fra Salamaca slik at dei ikkje skal tapa seg i kvalitet, for det er ganske stor forskjell på klimaet i Salamanca og ved Middelhavet😎 Eg har både lese at Hellstrøm har vore her og har fått anbefaling av venner, men utifrå bildene eg har sett har det ikkje heilt appellert til meg. (Bildene eg har sett var frå 2.etg, mens me satt i baren nede). Så no tenkte me at no får me stikka innom å prøva, og det angra me ikke på👌 Det er nok ikkje uten grunn Hellstrøm syns dette var topp! Prisen ligger litt høgare enn ein vanlig tapas bar i gata, men som Hellstrøm seier; "Nou Manolin er kanskje litt mer enn en tapasbar". For deg så er glad i god mat og ekte spansk stemning på tapasbaren er detta verdt eit besøk! Slike tapasbarer så detta har me savna i Alicante. Husk å bestill i god tid på forhand, eller stikk innom akkurat når dei opnar viss du skal få sjans til å få plass ;) Me likte oss veldig godt nede i baren. Her kjeme me gjerne igjen, for slike ekte spanske tapasbarar har eg savna i Alicante.

  • Sjokolade himmelen i Gjøvik sentrum

    Det er ikkje til å stikka under ein stol at eg er utrulig glad i sjokolade😍 Eg blei raskt introdusert til Gjøvik Sjokolade når eg begynte å reisa hit i 2005, dei rundt meg hadde nok skjønt kor glad eg er i sjokolade😁 Den einaste haka med å introdusera meg for sjokoladen, var at eg måtte innom kvar gong eg var på Gjøvik, og etter å ha flytta hertil må eg styra meg litt 😅😉 Sjokoladen er så god så den er blitt ein favoritt hos familien min i Hardanger òg! Eg kjøper ofta med meg sjokolade når eg skal på besøk til nokon eller det er ein spesiell anledning. Og når folk kjeme på besøk til meg så tar eg dei med innom. Det er jo ikkje alle så kan skimta med ein egen sjokoladefabrikk i byen sin! Gjøvik Sjokoladefabrikk blei opna i 1996, i 2022 fekk Kristina, Heidi og Mariann muligheten å kjøpa opp butikken og ønske om å driva den vidare var stor. No under navnet Gjøvik Sjokolade. Det har vore ei bratt læringskurve for dei tre damene, men dei syns det er kjekt! Siden den tid har dei flytta i mindre og koseligere lokale nederst i Storgata. Der har dei utsalg av all sjokoladen dei lagar, kaffe, varm sjokolade, milkshake og deias eigen gelato. Eg møtte Kristina i lokalet i Storgata 2 og tok ein snakk med ho om korleis det er å driva ein sjokoladefabrikk, og eiga bedrift saman med 2 andre. Kristina er utdanna konditor og begynte i Gjøvik Sjokoladefabrikk i 2015 som ekstrahjelp. Mens i 2018 fekk ho fast jobb som konditor då dei trengte meir folk i produksjonen. Det året begynte dei bla med utsalg på CC Gjøvik. I 2019 blei ho produksjonssjef, ansvaret for produksjonen er noko ho likar svært godt. "Det er så gøy å få utvikle sine egne smaker og kombinasjoner" seier Kristina. Ho lagar sjokolade i produksjonslokalet i sentrum kvar dag. Ein av sjokoladene ho har utvikla som har blitt meget populær blant kundane er Nøtteliten som består av sjokolade, gull karamell, hasselnøtter og flytande karamell. Høyres og smakar himmelsk ut spør du meg😁 "Det er veldig kjekt når folk etterspør smaker og en kan lage det kundane ønsker". Seier Kristina som er kreativ og får brukt konditor kunnskapane. Favoritten hennas er Butterfly med kokoskrem. Folk kjeme med tips til kva dei ønsker i sjokoladen og Kristina eksprimenterer seg fram og finner den riktige smaken, slik får dei fornøyde kunder og eit bredt utvalg der dei aller fleste finner noko dei likar. Salt karamell og kvit sjokolade som Kristina har utvikla er blitt veldig poppis. Ja og den sukkerfrie sjokoladen er veldig populær blant dei så ynskjer det. I 2018 kom Gjøvik Sjokoladefabrikk på riksdekkande TV for at dei var ein av dei første i Norge som laga Ruby sjokoladen. Folk fra Oslo reiste omveier til hytta for å komma innom Gjøvik for å kjøpa denna populære sjokoladen. Noko så slo positivt ut på salget. Ruby sjokoladen er ein naturlig rosa sjokolade som er utvikla av ei rosa kakaobønne, så her er farge og smak heilt naturlig. Den er litt fruktig og litt syrlig. Ruby sjokoladen er forska på i over 10 år, så dette måtte jo berre bli bra. Min ruby favoritt er den fisken med pasjonsfrukt inni. I tillegg til all den gode sjokoladen lagar dei sin egen gelato. Gelato er ein ordentlig italiensk is som serveres ved ein høgare temperatur enn den norske fløyteisen. Noko så gjer ein bedre smaksopplevelse, det smaker så mykje meir, og ekte smak! Sommeren er høgsesong av is, men dei har gelato med ulike smaker heile året. Eg fekk smaka sjokolade gelato og rips sorbet som begge var nydelege! Rips sorbeten er så heimelaga så den kan få blitt, med egne plukka bær fra hagen. Det er både Kristina og mange barn sin favoritt, pga den syrlige smaken og den lekre rosa fargen. Kristina var på gelato kurs, og etter det utvikla ho si eiga oppskrift utifrå det ho lærte der. Det er jo kun fantasien som setter stopper. Til jul hadde dei pepperkakegelato feks. Det fine er at ein betalar per hekto gelato, så ein kan ta ein liten smak av fleire i begeret. Som de ser av bildene under er det så mange forskjellige figurer og former sjokoladene kjeme i. Så det passar godt til ulike anledninger; gaver til bursdag, dåp, konfirmasjon, utdrikningslag, eller berre i konfektskåla! Bestselgerene til Gjøvik Sjokolade er: Bananskum sjokolade Karamell Nougat No har dei begynt med Donuts på fredagane, og det har vore veldig populært! Så populært at dei skal ha det nokon laurdagar innimellom, det blir det gitt beskjed på via sosiale medier. Eg gler meg til å smaka :) Tillegg til butikken i Storgata 2 har dei nettbutikk òg, så her kan ein bestille til heile landet. (det anbefaler eg deg å gjera dersom du ikke har smakt den gode sjokoladen enda). Du finner dei på Instagram og Facebook, der legger dei ut fristande bileter og videoer av gelatoen, sjokoladane og produksjonen av dei.

  • 1 år med Reisermedglede!

    Eit år med Reisermedglede- eit år med reiseglede, eit år med mase flotte opplevelser, eit år med masse nye bekjentskaper, eit år med masse morro, eit år med hygge, eit år med pleie av vennskap, eit år med nye vennskap, eit år med utvikling av business, eit år med befrielse, eit år med personlig utvikling! Takk til deg så er inne å leser bloggposten mine, så er inne på Instagram og på Facebook og følger med, liker, kommenterer og deler det eg legg ut🤩🤗 Takk til deg så heier på meg, og skjønnar kor viktig denna draumen min er😍 Det betyr utrulig masse for meg! Nokon av dåka har vore inn på Instagram kvar dag sia eg oppretta kontoen, nokon har komt til etterkvart som dei har høyrt det frå andre eller at eg har dukka opp ein plass. Uansett kven du er så er det utrulig kjekt at nettopp du er her inne💖 Kvifor oppretta eg reisermedglede? Eg var på ei strand i Thailand for 1 år sia og som de sikkert har fått med dåka så elskar eg å ta bilete. Itillegg fulgte eg nokon reisebloggera på min private insta og tenkte detta ser kjekt ut, kvifor kan ikkje eg prøva... Etter eg kom heim oppretta eg Reisermedglede. Fekk hjelp av ein kollega til å finna navn og laga heimasia mi. Så var det berre å posta då, men kor skulle eg begynna, hadde jo uendeleg med reisebilder📸 Og korleis skulle eg strukturera detta. Veien gjekk til mens eg gjekk og eg møtte på så masse kjekt på min vei! Reiseåret 2022 blei knallbra- Eg var eg så underkua på reiser at det måtte jo bli bra🥳 Året starta med eit brak på Bangkok tak med rakettar i alle regnbuens fargar og båtar flott dekorert på elva. Å booka Lebua at State tower med river view er eit hot nyttårsafta tips! Vel heimatt i Norge begynte eg med ein Oslotur med veninder frå reiselivshøgskolen, med middag, hotell, spa og alt. Skikkelig koselig og veldig fin kvalitetstid! Eg kan anbefale the Well på det varmaste🤗 Etterfulgt av ein kjærestetur til Dublin, der eg virkelig fekk augene opp for den flotte byen🤩 Pubkultur og dørjakt var topp👌🏽 Ein tur heim til Strandebarm måtte eg jo, vakrare plass enn det skal ein leita lenge etter😍 Den turen avslutta eg med ein tretopptur i Odda, nermare naturen kjeme ein ikkje innandørs isåfall🌳 Sjekk ut Woodnest. Eg tok meg ein togtur til Trondheim for å få litt faglig påfyll med Markedsføring, der stifta eg bekjentskap som utvikla seg til jobbmuligheter🤓 Då var berre rett heim å pakka om kofferten til vår og sommarkle, for no skulle me vera 5 veker i Spania😎 Som du sikkert har fått med deg har me ein Casa i Spania- Casa Berge som me reiser til så ofta me får mulighet🤩🥳 Me naut kvart sekund, vera ute, få sol på oss, vera sammen som familie, nyta den spanske kulturen og få nye venna😄 Itillegg hadde me oss ein road trip til Andalucia me var innom Granada i piss regn, og den vakraste byen av dei alle- Sevilla😍 Der har eg budd og studert i 2005, så den byen betyr masse for meg. Herregud så vakker du er Sevilla🤩 Eg toppa turen med å sei opp jobben min- ADIOS! Ein klump løsna frå brystet og eg kunne endelig pusta ned i magen igjen! Kva eg skulle gå til var no endå litt usikkert, men eg hadde eit par idear😁 Mai og juni hadde me nokon fine Norgesturar til Strandebarm og ellers rundt i Norge. Kvalitetstid med familie og venner i Hardanger var godt🥰 Og sjølvsagt masse flotte naturopplevelser. Eg skreiv eit blogginnlegg om heimbygda mi Strandebarm, og det fekk eg enorm respons på🤩🥳 Eg setter umåteleg pris på alle så har lest og delt det innlegget. Det slod alle rekordar🌟 Så Strandebarm er eit hot tips til Norgesferien, ta gjerne ein kikk på innlegget her. Ikkje nok med at Strandebarm er vakkert, men eg fekk oppleva det i bløminga, tenk deg snødekte fjell, turkis fjord og blomar på epletrea🌸 Nei, det er drops for auga og ro i sjela, det må rett og slett opplevast. 🙌🏽 Sommarferien blei magisk, og varm- me reiste til Casa Berge og nytte ekstremvarme der med familie og venner😎 Itillegg reiste me rundt på Costa Blanca og fekk besøkt mi favorittøy Isla Tabarca og vakre Altea. Begge plassane skal eg tilbake til i år🤩 Itillegg fant eg ei skjult perla, nettopp fordi eg følger med på reisetips, den har eg delt vidare her. Hausten bau på nokon flotte samarbeidsturar i nærområdet, både tretopphytta i Brummunddal og hausteventyr i Sjodalen. Ikkje nok med det, me rakk ein tur heim til Hardanger i haustferien med krabbefiske og familiehygge🥰 I eit par år hadde me planlagt ein vingårdsferie, og det blei det i september, til Toscana🍷 Pasta og vin på ein nydeleg vingård, små landsbyer og hyggelig selskap var heilt innanfor👌🏽 Eg avslutta utlandskarrieren for i år(trudde eg) med ein studietur til Aragon i Nord Spania, det var ein annleis opplevelse enn eg er vant med i Spania. Der var det lite palmesus, men flotte natur opplevelser og ikkje minst nydeleg mat, me var heilt oppi Pyrineane, og det var ein magisk opplevelse🤩👌🏽 Det ligger bileter fra turen på instagram under høydepunkter dersom du vil sjå. Etter ein mørk og kald haust fant eg ut at me ikkje kunne legga utenlandsturane heilt på hylla. 1.juladag fekk me nok av snø, kulde og konstant fyring i peisen, me måtte til Sola😎 Sola fant me på Casa Berge☀️ Det blir ikkje siste gongen me reiser ned der i julaferien! Håpar på masse flotte reiseopplevelser i detta året! Eg elskar å formidla reisene mine både her på bloggen og med bilder/videoer på sosiale medier, så håpar du har lyst å følga med vidare😄 🤩 Instagram heiter eg @reisermedglede og på Facebook heiter eg Reiser med glede Første turen i 2023 begynte i Spania, så er neste tur bestilt til Casaen i vinterferien. Ein tur til Oslo i mellomtida blir det, men om det dukkar opp ein mulighet før det takkar eg ikkje nei til det🤩 Kom gjerne med ønske og forlsag til kva du vil sjå meir av og kor eg bør reisa, så tar eg utfordringen din😁😁 Eg ønsker meg fleire samarbeid både i Norge og utlandet, så eg kjeme gjerne til di bedrift og promoterer den! Gje meg ein lyd på info@reisermedglede.no. Eg har brukt hausten til å jobba med diverse prosjekter og tenkt gjennom kva eg vil- eg vil vera ein digital normale der eg kan jobba fra kor som helst, sleppa å stressa i kvardagen og vera her med familien. Og det viktigaste, jobba med noko eg likar! No har eg eit firma som skal hjelpa bedrifter med digital markedsføring og salgskonsulent i ei reiselivsbedrift. Vil du ha meir informasjon om dette send meg gjerne ein mail på info@reisermedglede.no Håpar du er klar for eit nytt år med reiseglede, det er isåfall eg! Det er ikkje til å legga skjul på at eg elskar Spania og Thailand, og blir glad av å vera under ein palme. Men eg prøver å varriera litt på reisemåla mine. Igjen, tusen takk for at du blir med meg på reiseeventyret mitt😁 Og takk til samabeidspartnera så lar meg få testa og formidla produkta og opplevelsane dåkas😁 Og ikkje minst takk til min tolmodige mann, barn, familie og venner som er med meg rundt om, stiller opp på bilder og venta med å eta til eg har tatt bilde av maten osv🤩🙌🏽 Helsing Eva Reisermedglede

  • Dublin er meir enn pub og irsk musikk

    Dublin er ein akkurat passe by for ein weekend tur, enten du reiser med kjærasten, familen, venner eller solo. Ein finne kvarandre lett igjen dersom ein skiller litt lag og får sett masse både til fots og med transport. Det er ikkje til å stikka under ein stol at Dublin har ein livlig pubkultur, det er faktisk ein stor del av det å vera turist i byen. Det er ein egen stemning, folk skravler i vei mens dei drikker favoritt ølet sitt, nokon plasser er det ein trubadur som speler fengande irske toner, då er det ikkje mange i rommet som sitter stille og dei fleste synger stemningsfult med! Temple bar er jo eit kjent område for mange, og det er hyggelig å ta ein tur innom der å føla på atmosfæren, men det er klart at det kan vera kjekt å bevega seg litt utanfor det område å sjå meir av byen. Du skal få mine tips til stemningsfulle puber lenger nede i innlegget. Dublin har meir å by på enn pubkultur. Eg var på dørjakt i gatene og fant dører i alle regnbuens fargar. Det er fleire historiar bak Doors of Dublin, en av historiene strekker seg tilbake til 20 tallet der den berømte forfattaren Moore malte døra si grønn så naboen ikke skulle ta feil dør når han kom heim fra byen. Eg syns uansett kva historie som er sann at det lyser opp eit vanleg nabolag med desse dørene. Nokon av gatene eg fant dei fargerike dørene: Merrion Square, Saint Stephen's Green og Fitzwilliam Square bla. Er du interessert i kultur så er Collage of Trinity verdt eit besøk, inni der er Books of Kells. Altså det var så gjennomført og så flott i djupe eikefargar. Ein kan kjøpa audioguide på stedet og høyra historien bak, det er det mange så likar. Ute på plassen ved The Berkely Library står skulpturen Sfera con Sfera, den indre ballen representerer Jorda og den ytre Kristendommen. Tannhjula symboliserer sjørheten og kompleksiteten i verden. Ta ein kikk å sjå, ganske så kul. Mat må man ha! Du veit, eg elskar god mat og godt drikka, så for meg så er det viktig å finna nokon gode restaurantar på tur. Denna gongen hadde eg kun bestilt ein restaurant, og sjølv om me var to personar, så var det vanskelig å få plass på kveldane i 7 tia. Du kan tru frk Berge var litt hangry då :P Men heldigvis for reisefølge fekk me oss ein god restaurant med masse god tapas, og ein perfekt Porn Star Martini til dessert. Farrier & Draper heiter den. Eine dagen hadde eg bestilt Brunch på Pink Restaurant, det var jo tross alt Valentines dag rett rundt hjørne <3 Der kunne dei mat, virkelig! Eg tippar det er lika godt til både frukost, lunsj og middag. Ja ein hjerte dessert måtte eg ha òg. Alt var rosa der inne, interiøret, service, pynten, boblene, og innslag i maten. Her går eg gjerne igjen! Har høyrt at afternoon tea skal vera god der òg. Eit realt kjøttstykke er noko eg setter pris på, og gjerne tørrhengt! Det fekk me på den koselige restauranten F.X. Buckley. Eine kvelden tok me turen til ein anna bydel som er litt meir sånn Løkka i Oslo, der var det barer og restauranter på kvar ei side av gata. Me åt litt forskjellig der, både thai og libanesisk. begge deler var middels god. På turen nedover fant me ein av dei eldste pubene i Dublin The Brazen Head, den var stillig, men mangla litt atmosfære syns eg. Så me gjekk nedover til den sentrum igjen. Der var det god stemning på stam baren vår; Merchant`s Arch. Den var stillig innreda, Ein tur over elva på kveldstid er koselig, då får ein sett alle dei fine fargane som lyser opp bruene. Og det er verdt å nevnt den italienske restauranten med den gode servicen på andra sia av elva Bar Italia. Der fekk me masse god italiensk mat. Brunch er jo inn i tiden, og i Dublin så var det masse plassar med brunch, og her var det berre å drikka bellini med begge henna, dei kaldt det for bottomless bellini. Me skulle reisa den dagen, så det blei med maten for vår del;) Men maten på Cleavereast var veldig god! Hot tips til bar- Vintage Cocktail Club! Men bestill eller regn god tid i kø- det er baren med svart dør uten navneskilt. Du booker bord, dinger på døra og får komma inn til oppsatt tid. Du går opp den smale trappa og blir guida inn i det vetle lokalet som er i vintage stil. Her får du bestilt ein drink mens du studerer alle detaljene i rommet. Dette var kult! Me budde på Hard Rock hotell og det anbefalast virkelig! Detta var stillig og gjennomført! Bildene taler for det. Frokosten var ala carte og veldig god! Dei hadde ein god restaurant på hotellet der òg, me testa eit par gode drinker der. Veldig hyggelig betjening på hotellet, reint og fresht. Det var grei størrelse til 2 personer på rommet, skal ein vera fleire så bør ein ha eit større rom. Ellers så kan eg nevna restaurant og baren The Church som eg var på i 2008 på studietur, den er veldig populær, god mat og hygge stemning. Mange trekkes til Guiness og Jameson museumet, i følge mannen var det ein kjekk opplevelse, her får du ein bra historie om Guiness og Jameson. På Guness museet kjøpe han ein billett der det var inkl ein Guniess, den kan ein velga ta i skybaren med utsikt over byen, eller nede i museet der ein kan læra seg å tappa guniess. På Jameson museumet fekk han ein guida tur gjennom dei gamle produksjonslokalene, der de fortalte om historien og produksjonen. Smaksprøver på de forskjellige typane. Prisane var ganske rimelige begge steder, og ein fekk valuta for pengane. Som du ser av innlegget så er mat og drikka ein stor del av turane mine, eg likar å kosa meg, og heldigvis er eg gift med ein så er lika glad i det som meg! Denna turen var me på uten barn, så fekk testa litt forskjellig restaurantar og pubar. Eg syns Dublin er ein fin by å reisa på året rundt. Me var det i februar og gjekk i joggesko og boblejakka. Så det var ikkje sånn kjempe kaldt då. Eg tenker at på hausten/vinteren er det ekstra koselig å gå inn på ein pub å varma seg på noko varmt og godt å drikka. Eg kan godt tenka meg å reisa meir rundt både i byen og utanfor, det er masse flott og annleis natur i Irland. Og eg har allerede fått fleire hint om vennepar som vil på tur til Dublin, det seier eg ikkje nei til :D Tips til turar generelt, gå inn på kartet, finn det gule/fersken farga området i byen og gå litt rundt der, då er du som regel i sentrum. Skriv gjerne ned nokon gatnenavn, severdigheter ol før du reiser så veit du om du kan ta to fluer i en smekk om byen er litt størrelse på. Eg anbefaler å booka eit par restauranter så de har noko å gå til så ein slepper å gå rundt å vera svulten;) Så eg får sei som eg ofta seier- I will be back!

  • Møt jula i Europa

    Kva er vel ikkje herligare enn skikkelig julestemning før jul🎄 Både små og store byer i Europa lager til dei flottaste og koseligaste julamarkeda. Her er det store julatre, masse julabelysning, mat frå forskjellige kulturar, gavetips, ja og sjølvaste julanissen tar ein tur innom og helser på🎅🏼 Om detta er stas for både store og små- ja, det syns me!🤩 Eg har alltid vore vant til å reisa vekk i romjula frå eg var ungdom, me reiste til Granka med heile storfamilien og kosa oss i sola. Etter eg blei vaksen har eg valgt vekk jula og heller sett muligheten for å sjå fridagar og bruka pengane på noko eg heller setter pris på🤩🌍🌴 Dei siste åra etter me fekk ungar har me gjort begge deler, delt opp litt. Så istadenfor å reisa vekk i jula har me heller reist på eit koselig julamarked i Europa🎄🎅🏼 Kva med å legga flybillettar/tog/hotell i julakalenderen ein dag, og vipps så kosar de dåka ei helg med julamarked! Det er jo koselig å ta ein pust frå julastria og ta tid til kvarandre🥰 Er det ikkje det jula handlar om då, å vera med sine kjære😍 Eg tippar barna vil sjå sine foreldre som er tilstedes og ikkje stressar med gulvvask og handling! Det finns så mange julamarked både i Norge og Europa, og kva skal ein velga? Mitt tips her er viss du har sett deg ut ein plass du vil besøka, så er det lurt å sjekka flybilletta i god tid, samt overnatting. Viss du ikkje veit kor du vil dra, du vil berre ha litt julastemning, og ein rimelig tur. Då ville eg begynt med å sjekka flybillettar til forskjellige byar, når ein har funne ei flyruta som passar, sjå etter overnattingsplass, aust Europa har ofta rimelige overnattingsplassar. Prøva å finna eit hotell så ikkje er så langt unna julamarkedet, om det er ein stor by. Deretter sjekka om det er eit julemarked eller fleire i byen. Sjekka restauranttips påforhand, og gjerne booka bord. Det er ofta masse mennesker i byen, så fyller seg fort opp. Er det andre aktiviteter/sightseeing du vil sjå i byen mens du første er der? Eg vil dela mine opplevingar frå julamarked. Eg har ikkje vore på så mange enda, men dei eg har vore på har vore veldig koselige🎄Eg ønsker meg svært gjerne å reisa på eit julemarked i år, men me får sjå kva tiden bringer. Warszawa er ein ganske passe stor by. I gamlebyen hadde dei laga til eit koselig julamarked med boder, varmt å drikka og masse fint å kjøpa. Det er små pynta parker før sjølve julamarkedet i gamlebyen så var hyggelig å gå innom. Me budde på Mariott, noko så var kjempe flott! Det ligger midt i smørøye i den nye delen av byen, med kollektivt rett utanfor døra og shoppingsenter rett attmed, dei har sømmebasseng/spa, restaurantar, lounge og bar der. Me brukte shoppingsenteret, restaurantar og litt sightseeing itillegg til julamarked. Tips til restaurant: Beef n`Pepper, Aioli Cantine Bar Cafe Deli, Culiniinaria Italia, Zapiecek Bratislava: For ein liten, koselig by! Og her kunne dei julastemning, tom trikken var pynta til jul! Julamarkedet foregjekk i sentrum av byen. Her var det eit stort julatre midt på plassen, nokon boder rundt, og det koseligaste markedet fant me på Main Square, her var det stemning. Folk kosa seg med gløgg mens dei små åt frå bodene, handla med seg litt julapynt og presangar, ja og det vart sjølvsagt spela julamusikk. Detta var stemning! På dagtid var me innom eit anna julamarked ved det gamle rådhuset, der hadde dei sauer som ein kunne klappa, detta var stas for kidsa! Me budde godt, Sheraton Bratislava Hotel med ei nydelig suita. Sånn er det når ein er konsekvent med bestillinga si veit du, då får ein fordelar:) Det låg ikkje midt i sentrumsgryta, men 10 min å gå så var me i streeten. Me åt veldig god mat itillegg til å kikka litt rundt i byen. To netter her var topp. For å komma seg til Bratislava, tok me direktefly til Wien og tog i ca 45 min til Bratislava. Enklare får du det ikkje. Wien: Altså her kunne dei julamarked🤩 Eg kom utav tellinga her, me gjekk innom det eine etter det andre. Og felles for alle var at dei var veldig stemningsfulle på sin måte. Eg hadde notert meg ned 3 stykk som me skulle sjå, men det blei no minst dobbelte. Den dagen hadde eg langt over anbefalt skritt på klokka, men å berre gå rundt å sjå i ein så vakker by med så mange flotte julamarked, var ein fryd! Julemarked på Karlsplatz var veldig lagt til rette for barn, her var det hopp i høyet, kosa med dyr, formgjeving og ellers familiehygge! Me tok det mest spektakulære til slutt, og det var lurt. Då var det nett begynt å bli mørkt og lysa i markedet tentes. Me såg det opplyste pariserhjulet på avstand, parken var så flott pynta og stemningen så god! Eg såg lysa tentes i augene til 3 åringen! Eg vil trekka fram det koselige markedet på Am Hof med alle gode matbodene. Litt roligare stemning og folk kosa seg:) Jammen kom ikke nissen der òg, det var stas! Du Vienna du Vienna, for ein vakker by🤩 Som sagt, me gjekk og me gjekk den dagen, så fekk jo sett kor utrulig nydeleg byen var😍 Her skal eg tilbake. Eg har vore så lite i sentral europa. Me kom med morgentoget frå Bratislava og hadde eit døgn på oss før flyet gjekk heimatt. Det var klart altfor lite, men sånn blei det den gongen. Kjempe flott å kombinera Wien og Bratislava. Max ein times togtur mellom byane, og ein brukar flyplassen i Wien for direktefly. Hotellet me budde på hugsar eg ikkje navnet på, men eit heilt greit 3* hotell. Me var nesten ikkje inne på hotellet for det var så masse fint i gatene. Klart det var litt teit å gå fra 5* i Bratislava til 3* i Wien, men prisane..... ;) Skal ein reisa til Wien på julamarked, kan det vera lurt å ta ein kikk på kor det er marked i byen, har ein fleire dagar, konsentrer deg om eit område eine dagen og eit anna område neste dag. Når ein første er i Wien bør ein smaka på schnitzelen, den er ikke berre god, men diger! Me fekk skikkelig god schnitzel på 7Stern. På kvelden hadde me digg mexicansk på Santos Neubau. Oslo: Julamarkedet som lyser opp Spikersuppa er så koseleg! Her er det glade barn som står på skøyter, boder med masse godt i og ting å få kjøpt med seg. Her kan ein enten ta ein dagstur eller gjera det til ei hyggelig helg. Eg har jo allerede laga guide til restauranter og hotell for deg:) Berre ta ein kikk på desse innlegga om du vil ha tips :) København: Her var me faktisk på romjulsmarked i tivoli for x anntall år sia. Me segla med DFDS over og nytte ei natt i køben med det julapynta tivoli. Manchester: Fotball og julamarked det kan vera ein fin kobo. Det gjorde min mann for nokon år sia, og dei hadde laga det veldig hyggelig i gatene med lys, nisse og masse boder. Og du, Manchester er så mykje meir enn fotball. Eg gler meg allerede til neste gong eg blir invitert med, for her var det så hyggelig stemning, bra shopping og ikkje minst masse gode restaurantar! Ja det er så mange plassar å reisa på julamarked! Tyskeland skal jo vera heilt rå på julamarked, så det har eg på lista mi! Personlig syns eg dei små koselige julamarkeda er koseligste! Men det er ei smakssak. Der får ein ei heilt anna stemning. Sånn så i Wien så fant me begge deler, men det blir meir avstandar og gåing. Vil du ha eit koselig lite julamarked vil eg ha satsa på ein av byane i Aust Europa, og der er det jo ofta rimelig både hotell og fly. Eg kunne tenkt meg Tallinn til neste julamarkedtur til Aust Europa, det er jo ein koselig by i seg sjølv. Skal du reisa til ein litt større by med masse julamarked; velg deg ut eit område og konsentrer deg om det ein dag og eit anna område neste dag feks:) Eg snører på meg joggeskoa på kvar ein storbytur, så eg er forberedt på masse gåing, det er jo då ein får oppleva koselige gater, torg så opnar seg og hyggelige restaurantar som ein ikkje ville gått forbi om ein tar kollektivt. Det finns så masse koselige lokale julamarked så ein kan besøka på dagstur, kanskje du har eit i din by/tettstad:) Følg med på facebook eller i avisa, så kjeme det heilt sikkert opp noko snart! Har du vore på julamarked og har eit tips til meg, skriv det gjerne i kommentarfeltet under:)

  • Mine restaurant tips i Oslo

    God mat på reise er pri nr 1 for meg! Eg trenge ikkje gå på fancy restauranter, men det må vera god kvalitet, hyggelig betjening og eit inbydande lokale. Dette føler eg at eg finner masse av i Oslo. Så å ta toget inn i hovedstaden og eta god mat er heilt herlig! Gjerne sammen med andre så nyter det lika masse som meg. Når eg reiser til Oslo så prøver eg å finna matkategoriar/land som me ikkje har her på Gjøvik eller som eg ikkje er så god på å laga sjølv. Eg vil skriva litt om mine restaurantopplevelsar i Oslo dei siste åra, kanskje du plukker med deg eit tips eller to til neste Oslo tur :D Asiatisk fusion: Nodee i Barcode og Asia på Aker brygge. Her får du nydelege asiatiske smakar! Eg pleier å bestilla litt småretter og dela med bodkammeraten så får ein smaka litt av kvart! Litt sånn astiatisk tapas:) Og du, på dei asiatiske restaurantane laga dei skikkelig gode drinkar! Dei med passjonsfrukt er min favoritt. Biff: Köd kan köd rett og slett!👌🏽 Her får du saftige biffar med godt tilbehør. Carpaccioen til forret var heilt nydeleg!👌🏽Hyggelig stemning og god mat! Arts Restaurant: Ein fancy og stillig restaurant med god atmosfære, hyggelige servitørar og ein vinkelnar så virkelig kunne jobben sin! Kjøttet her var nydeleg!Og den burrataen!!! Eg har tatt med meg eit godt tips frå den heim i min matlaging;) Og vil du ta ein tur å sjå på kunsten, er det galleri der. Tapas: Barramon på Mathallen; Pintxos tapasbar midt i mathallen, der sitter du på barkrakker og tapasen er dandert på brød delikat inni disken. Eg pleier å bestilla to pintxos i slengen, eta og nya mens eg ser over utvalget. Eit godt glas med cava høyrer med. Når du er ferdig teller mannen bak disken opp kor mange tannpirkere du har, og summerar det. Castello på Sørenga må eg nevnt av fleire grunnar, utsikten når ein sitter ute; å sjå rett bort på barcode og Oslobukta mens ein ete digg tapas og ein nydeleg sangria! Ikkje berre har dei vanleg sangria, dei har både kvit, rose og med cava. Utvalget er bra og så er smaken på sangriaen! Tapasen er nett så me likar den, og den blir servert delikat :) Mexicansk: Coyo og Tijuana. Når ein ete mexicansk mat, så syns eg ein bør ha litt mexicanske rytmer og fargerik restaurant. Det har begge desse to greid! På Sørenga finner du Coyo i eit supert fresht og lyst lokale. Altså her kan dei interiør, masse stillig men på ein innbydande måte. Ein kan sitta ute og nyta utsikten om ein vil her òg! Maten, drinkane, atmosfæren, ja altså detta er snadder! Viss eg skal trekka fram ein drink er det smoked margaritas. På Løkka finner du den stilige Tijuana, her er det dødningehoder og kule farger som preger lokalet. Godt utvalg og digg mexicansk mat! Indisk: Jewel of India og Mantra. Er det ein ting eg syns eg skikkelig digg så eg ikkje greiar å laga sjølv, så er det indisk mat. Smakane der altså, og risen, sånn ris får ikkje eg til å laga heima! Så nesten kvar gong me er i Oslo så må me eta indisk. Eg har lagt min elsk på Jewel of india som har koselige lokaler, skikkelig god mat, hyggelig betjening! I ei sidegate nederst i Karl Johan finner du den flotte restauranten Mantra by Mr Indria med den stilige tandoriovnen. Lokalet er lunt, folka er hyggelige og maten er topp! Gourmet: Vil du kosa deg litt ekstra og smaka deg gjennom nydelege rettar er Kontrast å anbefala! Dei har ei Michelin stjerna, men dette er ikkje ein type stiv restaurant. Me hadde ein 11 retters meny og alt smakte godt! Eg hugsar den eine retten med ost, sjølv om det er 4 år sia me var der! Flott mat og vin presentasjon til kvar rett. Lokalet er anonymt, men allikavel stillig! Vil du ha litt av alt, kanskje følget ikkje er enig med dine matønsker, då er det berre å gå på Mathallen eller Oslo Streetfood, bestille mat frå kva sin restaurant og setta seg i midten på fellesborda. På den måten kan ein smaka litt av fleire og alle blir fornøyd med sitt matvalg :) Og du, vil du gå på ein skikkelig koselig liten bar med gode drinkar, då er Perla på Sofienberg plassen! Har du plana om ein Oslo tur og trenger tips til ein plass å sova, ta gjerne ein kikk på innlegget om mine hotell favoritter:) Og vil du rusla nedover langs Akerselva kan du bli med på min tur først! God middag og kos deg i hovedstaden!

  • Søk, bestill, pakk, reis 🌍

    For å søka etter flyreise går eg først inn på Skyscanner og sjekker kven så flyr til den plassen eg skal. Setter inn kriterier på direktefly der det lar seg gjera. Er det flygning i europa, så går eg direkte inn på nettsida til Flyr, Norwegian eller Sas og bestiller der mens eg er logga inn på min konto. Ja for ein må jo samla opp bonuspoeng når ein bestiller. Når ein bestiller fly sammen fleire i følge så får ein som regel sitta attmed kvarandre, men ingen garanti. I bestillingsprosessen velger ein om ein skal legga på setereservasjon, baggasje og måltider. Skal eg og mannen på ein storbytur ei helg, bestiller me ein koffert sammen, og ikkje setereservasjon, altså den billigste billetten. Det er hyggelig å sitta sammen, men ikkje noko must på eit par timas flytur. Så der er det allerede spart nokon hundrelapper, og ved å dela ein koffert har ein spart eit par lappar til. Når eg bestiller overnatting loggar eg inn og brukar konsekvent Hotels.com , ja for her samlar ein bonusnetter med programmet hotels.com rewards . For kva natt ein bur får ein ein reward, når ein har samla 10 overnattinger/rewards får ein ei bonus/gratisnatt. Når ein har nådd eit vist anntall overnattinger får ein Silver eller Gold medlemskap. Me som er gold medlemmer får gratis oppgradering av romkategori dersom tilgjengelig, samt på nokon plassar % på spa, mat og drikka, eller ei flaska på rommet på utvalgte hotell. Detta står det opplyst om ved booking. Så nokon gongar har me gratis overnatting, summen på denne natta er gjennomsnittet av dei tidligare booka nettene. Eg har jamført med til dømes booking.com men det er så lite så skiller at då booker eg som regel på hotels.com for å få med bonusen. Eg bestiller oftast med gratis avbestilling, sjølv om eg har avbestillingsforsikring. Plutselig blei ein invitert i ein 40 års dag den helga ein hadde planer om ein Oslotur, då kan ein avbestilla uten kostnad og booka ein ny dato dersom ein ynskjer det. I Norge bestiller eg oftast hotell rett på Nordic Choice hotel, innlogga sjølvsagt. Då tenar eg opp bonuspoeng kvar gong eg bestiller og bur på Choice hotel. Medlemmer får egen pris, og det er egne fordelar som gjelder på dei ulike nivåa av bonusprogrammet. Sist eg var i Oslo på hyggetur booka eg eit hotel med oppsparte bonuspoeng, så der betalte eg ingenting. Det er kjekt å ha innimellom! Det lønner seg å følga/lika dei ulike reiselivsaktørene sine facebook, instagram sider, samt melda seg på nyhetsbrev. Då får ein veta om kampanjer først. Nokon gongar kan det lønna seg då dei beste hotella, flyavgangene, datoane går først. I vinter fekk eg eit veldig godt tilbud når eg budde på Clarion Oslo, nettopp fordi eg såg at Petter hadde lagt ut eit tilbud på facebook sida til Nordic Choice. Det var halv pris på det hotellrommet, og eg fekk meg eit nytt favoritt hotell i Oslo :D Skal du ta deg ein tur til Hovedstaden kan du lesa om min topp 5 liste her. Ein anna måte å tjena seg opp godt med bonuspoeng er å melda seg inn i fordelsklubbane til flyselskapa og vera innlogga der kvar gong ein bestiller flybilletter. samt ha kredittkort som er knytta til flyselskapa og bonusprogramma deiras. Ifht oppsparing er det lurt å bruka kortet på store kjøp og kvardagskjøp, (dersom ein kan å bruka kredittkort/har mulighet å bruka kredittkort). Eg har brukt kredittkortet til Bank Norwegian bevist ved handling, då særlig av store ting, då får ein Cash Points til bruk til reise. I Thailand i jula fekk me spørsmål frå ein kompis om kvifor me ikkje hadde Amex kort for å tjena opp Sas Eurobonus poeng. Det var eit godt spørsmål, så det blei skaffa og det er det me brukar no, itillegg til Trumf opptjening, for det kan ein jo føra over til Sas Eurobonus poeng. Fleire tips frå denne kloke mannen kan du lesa her . (Viss du har Vg+ då). Ved betaling av minimum 50% av transport reisa med desse kredittkorta får ein reiseforsikring inkl. Meir om fordelane finner du på nettsida til korta. Minner igjen om at ein må setta seg inn i bruken av kredittkorta og bruka dei med vet. Brukar du ikkje kredittkort til bestilling av reise, husk å sjekk at du har reiseforsikring og avbestillingsforsikring i orden. Det er ikkje alltid så lett å begrensa seg når ein skal pakka kofferten, helsing frøken viss-som-atte ;) Men eg jobbar med det kvar gong! Ein kan jo starta med å sjekka værvarslet for der ei skal og prøva å pakka etter det. Kanskje ein skal shoppa litt på plassen, eller ut å eta på nokon fine restaurantar. I nokon land må menna ha buksa og tette sko for å komma inn på finare restaurantar, så det kan vera greit å sjekka dresskoden når ein bestiller. Samt om ein skal til muslimske land, så må ein tenka på korleis ein kler seg, og pakka deretter. Nokon kjolar som er nedom kena og dekka skuldre osv. Både Sas, Norwegian og Flyr har 23 kg som maksvekt på innsjekka baggasje. Merk deg at dette gjelder ikkje for alle flyselskap i Europa, så skal du vidare med eit anna flysekslap sjekk alltid baggasje reglane på det. Det er òg egne reglar på kor masse ein får lov å ha med seg i handbagasje, dette avhenger av kva billett type ein kjøper. Nokon flyselskap både måler og veger baggasjen enten på innsjekk eller gate. Har du for masse med deg kan du risikera at noko av handbagasjen må bli sendt. Det er litt kjipt om du har kjøpt ein flott vase på tur. Ein anna ting så ein ikkje skal ha i innsjekka baggasje er ladebank. Då blir ein stoppa og må ta den ut. Det er lite kult å måtte gå utav bussen på flyplassen i Bangkok for å grava i kofferten etter ladebanken mens heile bussen ser oppgitt på deg. Då huskar me isåfall det til neste gong ;) Kø er jo noko me nordmenn likar svært dårlig, men har du tenkt på kva du kan gjera for å få køen til å gå knappare og kva du kan gjera for å tilføra reisefølge ditt og deg sjølv positive vibber? Du kan jo begynna med å sjekka at du har pass og reisedokument klar i innsjekkingen, passa på at du har tatt fram laptop/ipad, tømt vannflasker og tatt ut andre ting som skal ut når du går gjennom sikkerhetskontrollen. Husk at det er kun lov å ha med sjampo/såpe/sprit i beholdere så rommer inntil 100ml, og legg dei i ein gjennomsiktig påse, helst før du har gått inn i sikkerhetskontrollen. Barnemat og medisinar til reisa er lov, sjekk liste for kva som er lov å ha med inn på flyet og ikkje her. Det er greit å følga med på tavlene inne på flyplassen om flyet er i rute, kortid du skal gå til gate osv. Ein trur ofta ein har veldig god tid, men nokon flygninga kreve at du må borda ekstra tidlig, da det enten er passkontroll eller ein må ta buss ut. Ein vil jo ikkje vera den så blir ropt opp på flyplassen eller klappa på i det ein går inn på flyet. Det er flaut, helsing undertegna :D Har du ikke fått flysete attmed den du skal reisa med og flyet er fult, så kan du høyra med kabinpersonellet om det er nokon som kan bytta, men det er fint å venta med dette til flyet er i lufta. Eg pleier alltid bestille taxfree varer slik at det står klart når eg ankommer Gardermoen. Når ein lander har ein jo berre lyst å komma seg heim. Det er eigen kasse for klikk og hent. Nokon tips til deg så reiser med barn: *Når du reiser med barn får du inkl eit bilsete og barnevogn per barn på Sas, Norwegian og Flyr, andre flyselskap har egne reglar så då må ein sjekka dei enkelte flysekslapa sine reglar *Det er egen sluse i sikkerhetskontrollen for barnefamilier og dei så trenger assistanse på fleire flyplasser i Norge. Merk i Spania må barnet vera under året for at ein skal gå i familieslusa. * Når ein bestiller flybillett til ein destinasjon med fleire flyavganger, kan ein tenka på om ein skal legga litt meir penga i flybilletten for å reisa med fly på dagen feks. Slik at ein ikke ødelegger døgnrytmen, og sleppe å komma ned på destinasjonen kjempe seint eller stå opp grytidlig. Det må ein finna ut kva som er best for sin familie. * På langdistanse fly syns eg det er best å ta nattfly, då kan heile familien sova godt og vera utkvilt når ein kjeme fram på destinasjonen. * Når eg reiste med barn under 1 år brukte eg å ha dei i bæresele på flyet. Då har du alltid to hender ledig til boardingkort og øvrig baggasje. Samt babyen kan sova mens ein går ombord. Etter take off og landlig syns eg det var trygt og godt å ha babyen i bæreselen då både mor og barn tok seg ein dupp. * Det er kjekt å med ein liten sekk til barna med leiker, tegnesaker, spel ol. *Kofferten frå Trunkie er kjekk å ha med på flyplassen, då kan barna sitta på den samt ha leiker i den. Då gjenstår det berre å ynskja GOD TUR!

  • Vamos a la Playa!

    Det er snart tid for sommarferie og mange har tenkt seg til sydligere strøk for å få ein flott ferie med strand, sol og alt anna herleg så høyrer med på ein skikkelig sydenferie! Eg pleier å skru musikken på full guffe i bilen på vei ned til stranda mens me synger Vamos a la Playa - som betyr: Kom, la oss dra på stranda! Men før ein kjem seg til strandparadiset er det ganske mange ting ein tenker på, isåfall nokon av oss. Nokon likar å ta ting på sparket, då ein kanskje berre reiser for å få sol og gjerne uten så mange i reisefølge. Mens andre skal ha med seg både born, besteforeldre og onkler. Det å finna noko så passar for alle er ikkje berre berre. Derfor kan det vera greit å ha ei lista med kriterier og finna ein plass som kan passa utifrå det. Skal ein reisa på øyhopping i Hellas, strandferie i trygge Spania, skjærgården i Kroatia, det billigare alternativet Bulgaria eller det nye og spennande Albania? Ja her gjelder det å finna eit land og konsentrera seg om kva plassar ein skal velge der. Her er nokon ting det kan vera greit å tenka på før ein bestiller reisa (gjerne dersom du har med deg ungar): 😎Reisetidspunkt, å komma ned seint på kvelden med små ungar er kanskje ikke den besta. Har ein mulighet å velga ein tidligare flygning kan det henda passar deg bedre. 😎 Kor er det trygt å ferdas no til dags. Med dagens verdsbilete er det stadig fleire så tenker på detta. Eg kan ikkje sei kva ein bør og ikkje, men ein kan tenka seg geografisk område, retning, korleis er helsetilstanden i landet ifht korona, er det nokon sjukehus i nærheta ol. 😎 Reiseforsikring og avbestillingsforsikring er alltid greit å ha kontroll på. 😎 Velg deg eit land så du liker/kunne tenkt deg og sjekk ut om dei forskjellige plassane i det landet. 😎 Kor viktig er beliggenhet ifht strand, sentrum, serverdighetar. 😎 Nærhet/transport til/fra flyplassen 😎 Kva finnst det av fasiliteter i nærheten 😎 Kor langt er det til stranda, kan ein gå eller må ein ha bil/kollektivt 😎 Kva fastilitetar ønsker ein på overnattingsplassen; basseng, restaurant, leikeplass, aktivitetar. 😎 Skal ein velga hotell med frukost og basseng eller leiga leilighet så heile storfamilien får plass og kan ordna seg sjølv. 😎 Er det mulig å få/leiga barneseter på buss/bil. Mange flyselskap har inkl bilstol og vogn i billettprisen. 😎 Ønsker ein å oppleva det autentiske, kulturen i landet eller berre sol og strand. 😎 Har pris ein betydning. Reiser har generelt blitt litt dyrare no med alt så foregår i verden. Men for nokon er det viktig å komma seg på ferie og slappa av langt vekke fra heima. Så kan ein tenka om ein ønsker alt tilrettelagt på bustaden + gode flytider så må ein gjerne betala for det. 😎 Ønsker ein å vera på samme plass heile tida eller bytta mellom to plasser, område, byer, øyer, land. 😎 Les reisebloggar, få tips fra bekjente, les reisebøker, spør gjerne underteikna etter nokon tips :) Alt dette kjeme an på korleis ein er som person og kva ein verdsetter, så dette er nokon av dei tinga mange tenker på/kan tenka på ved valg av sommarferie. Mine siste strandferiar har gått til Casa Berge på fastland Spania, der har me det lokale landsbylivet med ein god blanding av spanjoler og turistar, milelange strender, masse fasiliteter i nærheten for heile familien og ein god dose spansk kultur. Her veit me kva så ventar oss, det er trygt og godt, bra tilbod til heile familien, herlige temperaturar heile døgnet, god mat og lange strender. Det er gode muligheter å oppleva severdigheter, parkar, byar og andre spennande plassar i nærleiken. Med bil så får ein opplevd masse kjekt innan ein times kjøring fra Gran Alacant. Sist sommarferie avslutta me ferien med 3 netter i Palma på Mallorca. det er jo berre ein liten times flytur ut til Mallorca, Ibiza og Menorca fra Alicante flyplass. Og flyturen heim derifrå kan ein finna billigare eller tilsvarande som fra fastlandet. For meg er standard og fasilitetar på overnattingsplassen viktig, samt kva du finner i nærheten. Eg likar godt å oppleva nokon skjulte perler og gjerne lokal idyll på plassen. Store turistmaskiner appelerar ikkje heilt til meg. Og det må sjølvsagt vera ein palme eller to der ;) Det er så mange muligheter! Ein må berre sjå dei og gripa dei- etter det som passar ein.

  • Sjå, lukte, høyre og føla

    Å sjå eit bilde av ei flott strand med ein palme, eit torg i ein storby eller ein vingård i Italia. Det er masse så ser flott ut på bilde, men det er oftast ein heilt anna opplevelse å vera der! Alt ein ser rundt sjølva bildet, lukten på plassen, lydane, temperaturen, vennlighet til menneska, og sjølve atmosfæren. Det er ikkje alltid så lett å få fram i eit bilete! Derfor er reiseskildringar viktig, slik at du kan danna deg eit bilde av plassen utifrå opplevelsane. For ikkje så lenge sia posta eg eit bilde på Instagram uten å skriva noko særlig om plassen rundt og kva eg gjorde. Det var eit heilt anna budskap eg skreiv om då. Fekk kommentarar på at det såg ut så eg kosa meg på tur! Men sannheten er at nett på den plassen kosa eg meg ikkje så veldig, det var skittent, litt små shabby og ikkje heilt de stemningen eg er vant til på tur når eg skal kosa meg. Men sola stakk akkurat fram og eg hadde fått meg ein sangria, så ja eg kosa meg jo litt. Nettopp derfor er det så kjekt å kunna skriva litt om opplevelsen rundt, situasjonen eller historien bak bilete! Og ikkje minst at akkurat du tar deg tid å lesa! Håpar du syns det er kjekt å lesa reiseskildringar og håpar eg kan inspirera deg til reising:) Eg er stadig på farten og får nye opplevelsar å skriva om! Det så er så fint er at me har forskjellige ønsker og behov, oppfatningar og opplevelse av ting og plassar. Detta er mine reiseskildringar utifrå mine opplevelsar, behov og oppfattelse. Eg har vore på plassar der me har heilt forskjellig oppfattelse av plassen. Nettopp for me likar forksjellige ting, har forskjellige behov og oppfattelse av ting!

  • Koh Samui- Mitt thai paradis

    Koh Samui har alt som skal til for at eg trives på ferien! Det er ikke uten grunn eg har besøkt øya 5 gongar, forlova meg, gifta meg og vore på bryllupsreise dar! Sist me besøkte Koh Samui var i jula, eg gler meg alt til neste gong! Kva er det med Koh Samui så gjere at eg likar meg så godt spør folk; - Øya har eit bra utvalg av aktivitetar for heile familien - Det er flotte strender og fin natur - Menneska er veldig vennlige - Det er lekre hotel - Det er litt liv på kveldstid og i gatene uten stor grad av sex turismen som ein finner andre plassar - Masse gourmetrestaurantar - Lett å kombinera med nærliggande øyer og andre plassar i Thailand (Trykk her for eget innlegg). - Dei er så glade i barn, så her er det berre å setta seg ned på stolen og la dei få leika med barna - Eg føler meg trygg der! "Mitt 3.møte med Thailand var på Koh Samui, etter å ha vore på forskjellige plassar tidlegare kjente eg på ein egen atmosfære når me landa på Koh Samui. Flyplassen var jo berre så sjarmerande i seg sjølv, liten og koselig. Sawaadiiiikkaaaaa helse dei oss velkommen med syngande stemma og vennlige ansikt. Her følte me oss virkelig velkommen! Ein blid mann med eit skilt der det stod Miss Berge kjørte oss til Bandara Resort der me skulle bu dei neste 11 nettene. Me blei ønska velkommen med kald drikka i den store og luftige lobbyen, og ein mann visa oss rommet vårt, ein liten penge fekk han sjølvsagt. Det var så herlig å berre vera der, pusta inn thai lufta, vera rundt så mange vennlige folk og berre nyta omgjevelsane". Ein liten guide til plassane på øya: Me har budd i Bo Put kvar gong me har reist te Koh Samui,(foruten om eit par netter andre plassar innimellom), der likar me oss best pga vennlige folk, rolig stemning, masse flotte resort bortover stranda, Fishermans village i enden av stranda med restauranter på kvar side av streeten, god kvalitet på maten, ingen sex barar og herlig atmosfære. Eg kjenner eg får heilt vondt når eg skriver om det! Bo Put Beach/Fishermans Village: Her er det masse flotte hotell langs den grovkorna stranda, sentrum med rolig og hyggelig stemning, masse gode restaurantar. Chaweng: Her er det litt meir liv, meir vanlige restaurantar, både enkel og flotte hotell, shopping. Finkorna sand, masse vannsport, meir pågåande strandselgara. Lamai: her er det meir hipt, ikke fult så trygt, eg syns rett og slett det var shabby i streeten her. Enkle og rimeligere overnattingsplasser. Fin strand, men eg gjekk ikke uti å bada uten veska mi her. Området mellom Lamai og Chaweng, mange fine hotell, men ikkje noko særlig strand og strandmoglegheter. Choeng Mon: Koselig område, fin strand, roleg og nokon restauranter. Kva kan ein gjera på Koh Samui: Før me fekk kids låg me pal på stranda heile dagen, tok ein after sun før me gjekk opp på rommet og kvilte middag og så var me klare for middag og ein drink. Så me har egentlig ikkje sett oss så masse rundt på øya før i fjor;) Det som gjorde mest inntrykk på oss då var den flotte elefant farmen Samui Elephant Kingdom . Her kom me tett på elefantane som gjekk fritt inne på eit stort område. Dei hadde det godt der, og me såg kor folka kosa seg med elefantene og omvendt! Me tok med oss ein kurv og gjekk opp på rampen og mata dei derifrå, det var både stas og litt spennande for ungane. Elefantene er jo store dyr. Etterpå gjekk me ned på bakken til dei, fekk klappa dei, sett på når dei bada og ja dei besja til og med i det vatnet dei bada i;) Det var litt fasinerande syns 5 åringen. (Når du skal besøka dyreparker, sjekk og les anmeldelsar, så du ser at dei har bra dyrehold der. Det er dessverre ikkje alle plassar i verden dei tar godt vare på dyra). Mitt beste tips: Finn ein sjåfør så kan kjøra deg rundt der du vil på øya. Me avtalte med vår mann at me skulle i elefantparken først, så til Big buddah etterpå. Me brukte han på fleire ting, og han var presis og pålitelig. Ønsker du at barnet ditt skal bruka barnestol så må du spørre om dei har det eller medbringe sjølv. Ikke forvent at dei har iso fix. Ikkje alle har dei nyaste bilane med godt utstyrt air conditon, så husk det. Attraksjoner som me har vore på, det finns masse meir: *Big Buddah- eget område med buddha statuer, ingen inngangspenger. *Elefantpark- Samui Elephant kingdom *Granmother and Grandfathers rocks * Båttur til Nasjonalparken Ang Thong *Shopping på markedet i streetane eller i butikkane i Chaweng *Massasje- altså 60 kr for 1 time massasje! Og dei er flinke og tar i! Kor kan ein bu på Koh Samui: Hotella me har budd på syns eg er ein opplevelse i seg sjølv, dei er så forseggjort, lekre felles områder, frodige hagar og god mat! Som de veit likar eg å bu godt, det har eg alltid gjort på Koh Samui foruten om ein gong når me skulle spara litt pengar, men endte opp med å bu på eit bra hotel resten ;) At folka er så vennlige er eit pluss på overnattingsplassene òg, ein blir så godt tatt vare på liksom! For deg så likar gode frukostar er det topp i Thailand med egen omelettstasjon, godt utvalg av fersk frukt og masse anna digg! Det er jo klart Peace Resort er spesielt for oss sia me gifta oss der, og det var nydeleg å vera tilbake der i jula, med nyoppussa bungalows med eget basseng og uteområde løfta oppholdet eit hakk. Hotella er i kronologisk rekkefølge etter kor me likte oss best: *Anantara Boput Resort; Frodig hage, skikkelig god og digg mat og kule, smakfulle drinkar, det lille ekstra med turn down service, apekattene, nydeleg frukost med masse gode korn og frukt. På Anantara hotell blir ein litt ekstra tatt vare på og blir invitert med på happenings i hagen. * Banyan Tree; Luksuriøst og lekkert hotell i thai stil, turn down service, nydelig frukost med bobler, boogie serivice inne på området, topp service, fleire aktivitetar på stranda inkludert og barneklubb. * Peace Resort; Flotte og romslege bungalow med eget basseng, god mat, bra leikerom, solsenger og supbrett/kajakk på stranda * Bandara Resort; Stort og fleire bassengområder, romslige rom i thai stil, bra treningsrom og spa, supert for barnefamiliar. * Rocky's Boutique Resort; Stillig hotell i fredlege omgivelser og topp service og nydeleg mat, ala carte frukost som var det lille ekstra. Heile hotellet har ein herlig atmosfære. Ingen sentrum i gåavstand her. (ikke fint å bada på stranda) * Deva Resort; Flotte rom, med eget basseng, (ikkje fint å bada på stranda) * Smile House; Greit, rimelig og sentralt. + for fleire soverom i bungalow. * World Resort; Been there done that ;) for dei så likar det enkelt. Eta og drikka på Koh Samui * Sea Sun Samui ved big buddha. God kvalitet på maten og leskende lemonader, relaxing plass. * Ashore på Anantara Resort . Digg mat som passer alle og gode drinker på stranda * Kawin`s kitchen; God mat og spennande smaker, ligger oppe ved veien. * The Shaks; Australsk biff på kullgrill. * Coco Tams: kjempe god mat, digge drinkar og flammeshow på kvelden. * Karma Resort; herlig atmosfære og god mat i stillige omgjevelsar * Kohco Tow ; Fransk Inspirert mat med god service "I can take your baby so you can eat"- det er god service det! * Nikki Beach- sunday brunch; Detta var noko for seg sjølv, all maten var god og det var så masse forskjellig! Siden 2009 har det skjedd litt i Fishermanns Village, blant anna favorittplassen vår Coco Tams, som ligger heilt nede på stranda. Her er det no komt eit 2.etg restauranthus som er stillig innreda i naturfargar og med knallgod mat. På stranda nedanfor er det sakosekker i sanden og lave bord. Du er heldig om du får eit bord her i 7-9 tia, ja for då er det jo fire show. Det er ein egen kunst syns eg, og 5 åringen var heilt fasinert over dette, og ville gå der kvar kveld. Å sitta på desse sakkosekkane og nyta musikken, varmen, thai atmosfæren, sjå på folk og berre nyta livet mens ein tar seg ein smakfull drink er livet :D Her fekk me den største drinken eg har sett, god var den òg! I Do💍 Kvar gong me har vore på Koh Samui så har me møtt på kjensfolk, det er kanskje ein grunn til det, det er ei populær ferieøy! Når me gifta oss her i 2013 fekk me introdusert øya til 60 venner og familie, det er ein opplevelse eg (og forhåpentligvis dei) seint vil gløyma! Eg har skjønt på gjestane som om at dei var rimeleg fornøyd med øya dei òg, og nokon har reist tilbake etter det. " Skal me ikke berre nett gå opp i gata å sjå litt hos ho bryllupsplanleggaren sa eg til mannen i 2011, lite viste eg at nokon dagar seinare fridde han på stranda "vår" og 2 år seinare gjekk eg barfot ned "strandgolvet", ein draum blei til verkelighet". Går du med ein draum om å gifta deg i utlandet, DO IT! Thailand er perfekt land å gifta seg i, det er gode bryllupsplanleggara der. Det einaste du må gjera er å informera gjestane dine i god tid så dei får spart opp litt og ordna seg reisa. Reisetips: Når me reiser til Koh Samui flyr me ofta rett ned frå Oslo, berre ein mellomlanding i Bangkok. Husk å ha greit med tid så du rekker innom passkontrollen i BKK, baggasjen blir sendt heile veien om du kjøper billett heilt fram. Det er fint å kombinera Koh Samui med andre strandparadis, byar eller andre land. Bangkok er ein by så er verdt eit besøk. Innlegg fra byen kjeme seinare i haust! Ein liten båttur på ca 40 min kommer du til naboøya Koh Phangang som er kjent for full moon partys, her er det shabby og lite liv ellers. Men Nord på øya er det heilt nydeleg. Det fortjener eit eget innlegg som eg gler meg til å skriva. Koh Tao som ligger 1,5 time med båt fra Koh Samui er dykkerparadis! Eg har kun vore i land der som dykkargjest, men neste gong skal eg reisa over å bu der! *Trafikken på Koh Samui er litt voldsom, å leiga bil er det få turistar som gjere, få heller nokon så kan kjøra deg rundt, evt leie ein scooter. *Tuk tuk er ikkje så poppis på øya, men det er masse taxier. *Det er masse minibankar rundtom, men dei fleste restaurntar tar kort. Sjåførar, taxi, massasjeplassar tar cash. *Koh Samui egnar seg godt som ein sommar destinasjon, med godt klima. Ei og anna regnskur kjemi sjølvsagt. *Eg vil sei Koh Samui egnar seg lika godt til alle målgrupper. Fantastisk for barnefamiliar som for par! Det er vanskelig å beskriva Koh Samui heilt, eg har så masse meir å fortelle, men du har sikkert skjønt at eg likar meg på øya, og eg kan varmt anbefale alle ein tur til Thailand og særlig Koh Samui! Eg seier berre- reis der og prøv det sjølv! Ta gjerne med deg eit tips eller to! Liker du det du har lest blir eg glad om du trykker på hjertet under <3 Ta gjerne ein kikk på innlegget mitt om Smilets land-der eg har skreve om dei forskjellige plassane eg har vore. Har du spørsmål om Koh Samui eller Thailand er du velkommen til å senda meg ei melding på Instagram eller facebook!

  • Smilets land- kor skal ein reisa

    Første møte mitt med Thailand var i 2007 og eg blei bitt av basillen! Etter det har me reist masse rundt i Thailand og vore der 8 gonger! Me har møtt på forskjellig og funne dei plassane me likar best. Dei 3 første reisene til Thailand reiste me med charter, da det var trygt og godt, samt me var ikkje kjent og ville ha litt tips og hjelp til kor me skulle reisa. Etterkvart som me hadde vore der nede og skjønte korleis ting fungerte med transport, kva plassar som var bra og ikkje, bestilte me resten av turane våre på egenhand. Det har gått heilt smertefritt. Det er eit veldig enkelt land å ta seg rundt i. Alle gongane me har vore i Thailand så har me budd på forskjellige plassar og vore minimum 2 veker og opptil 4 veker. Dette fordi eg syns det er kjekt å sjå litt forskjellig frå landet når ein første reiser så langt, samt kjekt å få litt forskjellige vibber, ingen plassar er like. Me har reist både i jula og i sommarferien, ein må berre velga riktig tid og sted! Koh Samui og øyane i Thailandsbukta har me alltid reist til på sommaren og det har vore ganske bra vèr då! Det kjeme alltids ei regnskur, men det er litt av sjarmen med Thailand. No i jula var første gongen me var på Koh Samui på vinteren, litt luftigare enn på sommaren og heilt topp klima! Resten av plassane har me reist på i desember/januar. Å reisa vekk i jula og berre nyta sol og sommar i Thailand er fantastisk! Desse kombinasjonane har me hatt: Khao Lak+ Phuket/Patong Krabi/Ao Nang + Koh Lanta Koh Samui + Bangkok Koh Chang + Koh Samui + Bangkok Koh Samui + Koh Phangang + Bangkok Khao Lak + Phuket/Kamala+ Bangkok Thailand er jo klart spesielt for oss som har både forlova oss, feira bryllup og bryllupsreisa der. Det var ein heilt fantastisk opplevelse så eg anbefalar dåka så går med ein draum om å gifta deg i utlandet å gjera! Me var så heldige å fekk med oss 60 stykk familie og venner, store og små på denna feiringen som blei ein 2-3 vekes ferie sammen! Me gjorde masse kjekt sammen, ikkje berre denna dagen. Det er flinke bryllupsplanleggara der nede som hjelper deg med det praktiske. Så er det lurt å sei ifrå til gjestane god tid iforveien, så dei rekker å spara opp og ordna seg fri ;) Eg håpar eg blir bedt i eit utenlandsbryllup ein gong (hint hint). Her er mine opplevelsar av dei forskjellige plassane eg har vore med favoritten på toppen: * Koh Samui- Øya så passar for dei fleste med den herlige stemningen og vennlige folka. Eget blogginnlegg om øya kan du lesa her <3 Fly frå Bangkok ca 1 time. * Khao Lak: Roleg og vakker plass med nydelege solnedgangar! Her er det strandliv, hygge, god mat, naturopplevelsar som gjelder, det er ingen kjøpesenter, kun ei street med thai butikker og restauranter. Passer godt for alle, men den breie stranda og langgrundt gjer det ekstra attraktivt for barnefamilier. Ca 1-1,5 time frå flyplassen i Phuket. * Koh Lanta: Åh her var det så herlig stemning, rolig og laid back. masse strandrestaurantar og barar der folk berre nytte livet! Ingen shoppingsenter eller go go barar! Perfekt å ta båturar nedover kysten til Koh Lipe feks. * Koh Phangan: Min opplevelse her er todelt. Sørsida av øya er prega av full måne fest og er dødt ellers, nord sia av øya har flotte resort, nydelege strender og naturopplevelser både på land og i havet. Eget blogginnlegg av vår opplevelse på Anantara Rassandra i vinter kjeme ila hausten. Båt frå Koh Samui tar ca 30 min. *Koh Chang: Den frodige elefantøya med flotte strender og fine naturopplevelser. Laid back stemning på stranda på kvelden med sakosekkar, vannpipe og fireshow. Ypperlig å leiga scooter å kjøra rundt på øya. * Krabi/Ao Nang: Sjølve Ao Nang var litt kjedlig da streeten var oppover ein vei og ein fekk ikkje vore så masse nede ved stranda. Ingen solstoler på stranda pga freda nasjonalpark. Men tar ein long tail båtane ut til øyane så er det nok det vakraste Thailand eg har opplved! Dei bilene du ser av Thailand med fjella, strendene og longtail båtane er frå Krabi Provinsen. * Phuket Kamala: Eg hadde lovt meg sjøl at me ikkje skulle reisa til Phuket fleire gongar, men skulle ta eit par netter her for å testa ut plassen og møta nokon venner. Det kunne jo henda det var bedre her enn i Patong, det var det, eit lite hakk ;) Heilt ok strand og Swissotel så me budde på va bra, men folka var dessverrre ikkje lika smilande så ellers i Thailand, eg skjønnar kvifor. Cafe del Mar hadde dei lekker og digg mat, så ålreit å leiga ei solseng der og få god mat og musikk. * Phuket Patong: (med fare for å vera negativ her) mini Pattaya, du kan liksågod bruka pengane på å reisa til Kanariøyane, for her er det svenske kjøttbollar i restaurantane, bunad hos skreddarane, masse liv og go go barar. Lite sjel og vennlighet. Dette var mi første reise til Thailand, heldigvis var me i Khao Lak 1 veka først og fekk oppleva det ekte Thailand. Lang strand, masse resort på oppsida av veien. Her får du både mat i alle varianter, shopping og liv. *One Night in Bangkok blir alltid til 3 ;) Dette er den byen i verden eg likar meg best i og trives så godt der! Lekre hotell, god mat, spennande kultur, gatemat, marked, templer, nei det er så masse opplevelser her så det må komma eit eget innlegg på denna byen òg! Hot tips; Nyttårsafta på Lebua at state tower med river view! Resten av hotellanbefalingane kjeme i blogginnlegget, her har me berre budd godt og det har berre vore bra og billig! Dette er mine beskrivelsar av Thailand, me har alle forskjellige opplevelser og kva me verdsetter. Reisetips: *Per i dag er det ingen så flyr direkte frå Oslo, mellomlanding i Europa eller Midtøsten. *Eg har flydd med Thai, Sas, Turkish, Klm og Norwegian til Thailand og alle har vore veldig bra. Natte flygning anbefalast! *Det er masse hotell med bra standard så ikkje kostar så masse. God service finner ein stort sett alle plassar. *Sjekk kartet kor hotella ligger, om det er mulig å gå til sentrum feks. Nokon plssser der det berre er ein km til sentrum kan det feks ikkje vera mulig å gå kun kjøra. *Tuk tuk er billig og greit framkomstmiddel *Poppulært å kjøra scooter, men på dei større plassane så går det fort i trafikken *Dei fleste plasser tar kort, men greit å ha cash til massasje, taxi og små restauranter/barer. *Thai folka gjere alt for deg, det er veldig hyggelig, men prøv å ikkje utnytt det. *Det er vanlig å tipsa litt til den så bære bagasjen din eller viser deg veien. 10 kr er lite for oss, men kan vera masse for dei. *Sjekk vaksinasjonsprogrammet i god tid før avreise. *Me har opplevd svært lite kriminalitet, men ein trenge ikkje gå rundt med alle korta sine og alle pengane. Legg litt i safen. Eg håpar desse beskrivelsane kan vera med på å hjelpa deg på din vei mot Thailands ferien! Eg har allerede lista klar for neste Thailandsferie, litt av det gamle og nokon nye plassar. Chang Mai er ein plass som står høgt på lista. Eg blir glad om du vil hjerta innlegget når du har lest om du likte det! Og har du nokon reiseglade venner eller nokon som skal til Thailand, del det gjerne med dei:)

  • Altea- den kvite sjarmerande byen

    Eg hadde berre sett eit bilde av ei kvit gata i Altea, og syns det såg fint ut. I sommar var det endeleg dags å ta turen. Altså makan til vakkert! Augene mine knipsa minst lika masse bilder som telefonen! Og minnene sitter godt lagra endå! Etter ein liten times kjøretur frå Casa Berge (Gran Alacant) kom me til Altea, eg skjønte ganske fort at detta kom til å bli ein fin opplevelse. Me parkerte på ein parkeringsplass i nedre delen av byen og gjekk ned på promenaden for ein lunsj. Her var det koselig, til tross for at det var eit byggeprsjekt som har vart og rekt, men det blir skikkelig bra tilslutt. Følelsen når me kom ned på strandpromenaden var ikkje heilt spansk, det var reint, stillige restaurantar og til og med ei norsk servirtise. Kanskje litt meir fransk eller kroatisk stemning?! Etter litt rusling på promenaden tok me med oss sakene og fant hostalet (!!) som heiter Altea House. Du veit jo, eg er kresen på overnatting, men du og du så flott det var! Kvitt med blå detaljar, heilt nytt og reint bad, gode senger og ein liten takterasse med havutsikt. Etter ein liten strekk og dusj måtte me ut i gatene. Denna gongen gjekk me opp i gamlebyen. Kvite hus med blå vinduskarmar og dører, kan det bli vakrare?💙🤍 Trapper med små steinar på førte oss oppover, og desse kvite husa tok aldri slutt. Det så me merka fort var at det ikkje var luftgjennomstrøming i denna byen, lufta stod heilt stille. Kjempe flott når me skulle gå oppover gatene. Men me var ikkje dei einaste så svetta😅😆. Nesten på toppen fant me den Norsk eigde restauranten Casa Vitale, her fekk me eit bord med nydelig utsikt over havet. Eg veit ikkje kor mange mennesker som var innom og trudde dei skulle få bord den kvelden, men her er det så poppis at ein må bestilla. Til forrett fekk me ein delilg Carpaccio, svin og norsk torsk til hovedrett👌🏽. Mens me satt der fekk me sett den flotte solnedgangen, og me var ikkje den einaste så nytte synet. Halve Altea stod på kanten og fotograferte. Etter eit nydelig måltid rusla me vidare oppover gatene. Eg trudde eg hadde sett det vakre, men no kom det virkelig vakre!!! Ei trapp førte oss gjennom buen, og der var det ei kvit gata oppover med sjarmerande butikkar, restaurantar og kioskar på kvar side. Ikkje nok med det, når me kom på toppen opna det seg eit torg, stemningen var på topp og folk berre kosa seg. Her var òg kirka som har den blå kuppelen. Å berre ha ei natt i Altea var for lite, men då har me det på agendaen til neste år! Me gjekk nedover alle dei trappene og brusteinsbelagte gatene, sugde til oss alle inntrykk me kunne få! Det var dags å legga håve på håveputa, for ein ny dag venta neste dag. Hostalet hadde ikkje noko frukost eller resepsjon, så me fiksa frukosten sjølv nede på strandpromenaden. Der fekk me fersk appelsinjuice, toast med avocado, skinka, egg og pannekaker. Noko for ein kvar smak! Då var det berre å setta seg i bilen og reisa litt lenger oppover til ei paradis strand så eg hadde funne på instagram. Jammen var det lika paradis der som på bilete! Berre sjå sjølv! Me svinga ned ved Pueblo Mascarat, og gjekk ned 5 min til stranda. Store rullesteinar på stranda, nokon solsenger, cafe og turkist hav🤩💙. I vatnet var det sand, ganske brådjupt og ingen bølger. Det var masse fiskar å sjå om ein svømte litt rundt, så det er berre å ta med svømmebrillene! Eg stod uti vatnet å berre beundra, her var det altså så vakkert! Prøvde å få til bilder som var lika vakre som i verkeligheta. Nei altså, sånne plassar er eit syn for auga, og veldig kjekt å finna🤩.Husk badesko. Etter litt badings satt me kursen mot Calpe, sia me var så nerme kunne me jo nett sjå korleis det var der. På veien kjørte me inn mot utsiktspunktet Mirador Morro de Toix og du verden for ein utsikt! Der var det utsikt til det blenkande havet, Calpe sine to strender og fjellet som deler dei. Eg gjekk ikkje opp til sjølve utsiktspunktet, men fekk meir så fin nok utsikt frå bilen. Etter nokon minuttar var med i Calpe og parkerte på ein gratis parkeringsplass like ved alle flamingoane og gjekk ned til promenaden. Her likte eg meg, stemningen var hyggelig! Masse strandrestaurantar, butikkar og kioskar låg langs promenaden. Me testa paella på La Terraza og jammen var det godt! Gode og mette måtte me kikka litt i butikkar, så det blei både souvenirar, leiker og kle med heim! Me berre kjørte gjennom gamlebyen, så fekk ikkje sett så masse av den, men etter å ha sett bilder frå andre så må me minst ha 2 netter her neste gong! Takk for oss Nord Costa Blanca! På gjensyn neste år :D Har du lyst å lesa om andre flotte plassar i Spania så trykk på reisemål, Spania så kan fu velga mellom Sevilla, Isla Tabarca og Alicante.

bottom of page