top of page
  • Forfatterens bildeEva

Hardangerfjorden- naturopplevelser i fleng ved fjord og fjell!

Oppdatert: 12. jul. 2022

I Hardanger finner du den eine naturopplevelsen etter den andre enten det er ved fjorden eller oppå ein av dei mange toppane🏔⛵️💦 Det er masse kjekt å gjera for heile familien. Bygdene og tettstadane ligg som perler på ei snor langs fjorden, med flotte fjell i bakgrunnen. Mi heimbygd Strandebarm har eg laga eit eige innegg om, det kan du lesa her. Sjølv om det er den venaste bygda i Hardangerfjorden (Syns eg då), så er det så mange andre flotte bygder så er verdt å besøka når ein er på tur🤩.


Eg har lyst å begynna med Kvinnherad, vakrare og meir nasjonalromantisk naturlandskap skal ein leita lenge etter. Her finner du den eina perla etter den andra. Det er høge fjell, djupe dalar, grøne bakkar og smeltevannet fra Folgefonna gjere at vatnet får ein nydelig blåfarget🏔🍀🐏Enten ein vil gå seg ein tur innover dalen, sjå på eit fossefall, padla innover eit vatn og møta isbreen eller gå seg ein skikkelig fjelltur, ja fjelltoppane skal det ikkje stå på i Kvinnherad, nokon av dei har til og med fått navnet Rosendalsalpene🏔⛰.



Ein tur innom Baroniet i Rosendal, som er eit slott fra 1660 tallet, er eit must når ein er i området. Her er det masse historie i veggane som blir formidla via dyktige guidar mens ein går rundt å ser i dei ulike romma. Ute kan ein beundra den 300 år gamle renessansehager med masse fine blomar, rosene som klatrar opp den kvite husveggen, og i gartneriet kan ein ta seg ein lunsj eller is🌹🌷🌺🌸. Fra Baroniet går det ein veg bak der ein kan gå opp til Hattebergfossen og ned på andre sida. Noko så nydeleg! Her er det nett så tatt utifrå eit nasjonalromantisk maleri; bratte fjell, grøne bakkar, turkis foss og sauer på beite⛰🍀🐏💦. Denne turen tok ca ein times tid, og me gjekk heile vegen med barnevogn. Det er flott ny turveg laga rundt heile fossen med nokon bratte parti og trapper.



Det kjente Bondhusvatnet er godt besøk, men det skjønnar eg, det er heilt nydelig der oppe. Det er vakkert allerede i det ein parkerar på oppmerka parkeringsplass i Sundal🤩. Skilta viser retning innover dalen, der ein går med høge fjell på kvar side og turkis blå elv på eine sia. Etter ca 45 mins gange opnar naturen seg der bondhusvatnet ligger så praktfull og fjella og skyene spegla seg i det klare vatnet☀️🏔🛶. Store steinar i vatnet er med å skapa eit flott bilde. Ja, eg har til og med sett ein krokodille av steinene oppi der🐊.På høgre sida går det ein sti innover langs vatnet, den er populær å følga om ein vil overnatta i telt eller gå vidare inn mot breen🏕. Ein ser litt av isbreen i enden av vatnet. MERK: dette er ei drikkevasskjelde, og ikkje lov å bada der. Så er det jo fint å tenka generelt sett kor i naturen ein er, å ta med seg bosset sitt. Ein vil jo ta vare på naturen og komma til ein plass så ser hyggelig ut. Om ikkje den før deg har tatt med sjokoladepapiret sitt, kanskje du har plass til det i sekken din😊Dette er ein tur som går ganske greit innover uten for masse stigning, det er mulig å gå med barnevogn òg.



På kaien i Sundal finner du ein av dei mest sjarmerande overnattingsplassene eg har vore på!🥰 Eg gjekk opp ei steintrapp i eit kvitt hus med trekanta tak og flotte utsmykkinga. I døra blei eg møtt av Caroline, som er ein av dei to eigarane av Hardangerfjord Lodge. Ho var gentlewomen å hjalp meg med baggasjen opp dei bratte trappene mens ho fortalte om hotellet. Rommet var sjarmerande med gamle senger, skråtak og ein liten vask🥰. Skal ein på do eller ta ein dusj må ein gå ned trappa, der er det felles dusj og do. Med ein gong eg skjønte at det ikkje var egen do på rommet frika eg litt ut, men det gjekk jo heilt fint😉 Romma er kalla opp etter fjell rundtom i Kvinnherad. Me fekk med oss ein kurv med Hardangersider og snaks, og gjekk ned til fjorden, der har dei ei lita badstue med fjordutsikt🍾🏊🏽‍♀️🚣🏻‍♀️. Jammen blei det ikkje ein dukkert i den kalde fjorden, desto bedre var det å gå inn å varma seg litt igjen i badstua. Me brukte nokon timar der då me tre venindene hadde masse å snakka om. Då det var duka for middag åt alle gjestane felles i det koselige middagsrommet. Sjølv om det er lite og intimt rom har dei så masse planter og møbler så gjere at ein blir adskilt. Eg blei heilt fasinert av alle detaljane i rommet🤩. Caroline fortalte om sjølve Hardangerfjord Lodge og veien dei har gått for å komma dit, samt litt om kvar rett og drikka til. Dei brukar masse lokale råvarer og samarbeider med gårder rundtom i Hardangerfjorden. Me fekk eit kortreist og godt måltid! Byggotto med ramsløk plukka i nærområdet var min favoritt👌🏽🌱. Etter middagen satt me oss ut i gartneriet med fyr i peisen og fekk servert ein deilig cocktail. Stemningen å sitta der med teppe på seg, prata og kosa seg medan regndråpane tappa ned på taket var heilt herlig, det er jo tross alt vestlandet!🔥💦🌫🍹Å våkna opp til deilig kortreist frukost med utsikt til dei bratte fjella og skodda så hang nedover fjellsida var veldig sjarmerande. Detta er ei overnatting med sjel og sjarm som er verdt opplevelsen. Passer perfekt for deg så setter pris på sjarm, ro, livsnyting i nydelige omgjevelsar, enten det er med partneren, veninder eller eit familiemedlem😄.



Ein liten time lenger inni fjorden på ein skikkelig smal vei kjeme ein til Herand, ei pittelita bygd med rundt 200 innbyggjarar. Det skal ein ikke kjimsa av, for der var det sjarmerande😍. Det fyrste så møter ein er ein gul restaurant og ein kai. Me fulgte veien vidare oppover for å gå den flotte og harde turen til Samlen. Det er skilta parkering frå Åsleite, derifrå går ein vidare 10 min på hovedveien før det står eit skilt på venstre sida til Samlen. Stien opp er godt merka så her er det berre å følga den raude T-en. Den første halvtimen var rett opp, og i ulendt terreng med steinar, det var hardt syns eg🥵😅. Resten av turen var ganske hard den òg, men ein liten % mindre bratt😉. Etter 1,5 timar var me på toppen, og du hendelse så vakkert! Her snakkar me panoramautsikt over Hardangerfjorden, både innover og utover, Folgefonna og ned til Herand🤩. Dette er den flotteste fjellturen eg har gått! Litt fordi det var så bratt, og mest for utsikten. Ein er så nærme Hardangerfjorden og ser alt så tydeleg. Det er ein krevjande tur og merka raud i løypekartet, eg er veldig glad eg ikke hadde med ungane då det var så bratt, det var veldig sleipt enkelte plassar, så eg hadde nok med meg sjølv;) Vel nedatt var det tid for å smaka pizzaen på Meieriet som ligger nede ved Kaien i eit gult hus, innreda i sjarmerande gammal stil. Pizzaen med samma navn så fjellet me akkurat hadde bestige; Samlen, var nydeleg🍕. Det er flott å reisa inn til Herand med båt og leggja til på kaien der. Vil ein overnatta i nærheten er Hardanger House i Jondal virkelig å anbefala. Her får du stilrein overnatting i natuskjønne og rolege omgjevelsar med gode matopplevingar.



Ein ferjetur over på hi sia av fjorden og eit kvarters tid innover kjeme ein til "sentrum av Hardanger", tettstadane Norheimsund og Øystese. Her har ein fleire aktivitetar å gjera, samt butikkar, overnattingsplassar og restauranter. I Norheimsund er det butikkar ned mot havna, her finner du óg det ærverdige og flotte hotellet Thon Hotel Sandven. Ein tur opp til Steinsdalsfossen er eit must når ein er der inne. Fossen har eit fritt fall på 50 meter og ein kan gå under. Det er ganske fasinerande faktisk! Det er fint laga til med vei opp der, så ein kan gå med både barnevogn og rullestol eit stykke oppover🌼💦.



Nokon minuttar lenger innover kjeme ein til Øystese, der kan ein få fartsfylte eventyr både inne i Hardangerbadet med sklier, varmebasseng og hinderløype i vatnet. Samt ute på Fjorden i Rib Båt med Hardangerfjord Adventure. Eg var så heldig å fekk vera med på Basic fjordsafari som går ifrå brygga i Øystese ved hotellet🚤. Første plassen me passerte var Kvamsøy som eg kun har sett på avstand fra veien. Då er det jo ekstra kjekt å komma nermare å sjå. Vidare gjekk turen over fjorden til Herand. Ein tur rundt den sjarmerande Herandsholmen, som tidlegare var ein handelsstad. No er det mogeleg å overnatta og ha selskap der. Naturen er litt annleis på denna sida av fjorden, idyllisk med svaberg og gule bygningar. Båtføraren fortalte interessante historiar fra kvar plass me stoppa. Eg lærte isåfall masse nytt frå mine nabobygder, så veldig kjekt med litt lokal historie😄. Me kjørte over til andre sida av fjorden, inn ein fjordarm av Hardangerfjorden, under Fykesundbrua og inn til den veglause bygda Botnen. For ein spektakulær natur det var innover der, det eina fossefallet etter det andra nedover dei høge fjellsidene. Detta var ein fantastisk opplevelse, sjølv for meg så er vakse opp ikkje langt unna🤩. Når ein ser ut i Hardangerfjorden så er ein masse fiskeoppdrett, det er ei stor næring i Hardangerfjorden. Det kan du kombinera med ein av safariene til Hardangerfjord Adventure🐟🐠.



Sørfjorden er ein anna fjordarm til Hardangerfjorden, der finner du sidergardane oppover fjellsidene på begge sider av fjorden. Det er eit nydeleg landskap i Sørfjorden med sine høge fjell og den tirrkvite Folgefonna på toppen. Fjorden er ikkje så vid, så fjell og fjord kjeme endå tettare på kvarandre her! Dei fleste sidergardane tilbyr sidersmaking, som du kan booka enkeltvis eller med siderbåten Vision of the Fjords. Då er du innom fleire sidergardar på ruta. Eg har vore på sidersmaking på Aga Sideri, der kan ein få omvisning og lunsj på Agatunet tillegg til sidersmaking. Det er kjekt å høyra historien til garden og bakgrunnen til at sideren smakar som den gjere. Her fekk me ulike ostar til kvar sider🍏🍎.

Ein ting så er felles for alle siderbondane er at dei er veldig hyggelige og likar å slå av ein prat. Ein pizza på kaien til Hardangergutane er virkelig verdt ein stopp, for den var skikkelig god🍕! Her kan ein kjøpa med seg juice og sider. Har ein med seg ungar er Mikkelparken i Kinsarvik, som ligger 20 min lenger inn i fjorden, eit eldorado for familien. Dette er ein utendørs fornøyelse og vannpark.



Vil ein ta ein overnatting litt utenom det vanlege kan eg trygt anbefala Woodnest, ein natt i toppen av eit tre med utsikt over Sørfjorden🤩🏕🌳🌲. Fra Odda sentrum kjørte me 3 min oppover og parkerte i ein garasje som anvist i beskrivelsen. Derifrå gjekk turen rett oppover i ca 20 min i ulendt terreng. Nokon plasser var det laga til trapper med rekkverk. Her er det viktig å ha gode sko og ikkje for tung børa på ryggen. Det er to hytter som ligger i passe avstand mellom kvarandre. Ein rampe førte oss inn i hytta som ser ut så ein kongle utenpå og skikkelig forseggjort inni. Dette er det me kan kalla luksus tretopphytta med innlagt vatn, straum, dusj og do. Ja ein kan ta seg ein dusj og sjå opp i trea etter ekkorn og fuglar🐿🦉. Me hadde med oss ost, skinka og sider fra dei lokale produsentane i området. Kvelden gjekk med til å sitta å sjå utover det nydelige landskapet med høge fjell, kvite toppar og fjorden, samstundes så me kosa oss med god mat og hyggelig prat🥂. Senga var god, men ein bør kjenna den ein skal sova med for det er ikkje den breieste senga. Å legga seg til stjernehimmel og våkna opp til nydelig soloppgang var heilt fantastisk🌄🌅! Sola farga dei ellers så kvite fjelltoppane rosa og orange. Frukosten blei sjølvsagt nytt med utsikt og lokal juice. Prisen er inkludert sengakle og utvask. Ein kan bestilla frukostpakke om ein ynskjer. Vel ned i Odda blei det tid til ein lunsj og rusling i dei koselige gatene.



Vil du lesa meir av den veneste bygd i Hardanger, ta deg gjerne ein kikk på blogginnlegget frå Strandebarm, som er mi heimbygd.


Håpar ein tur til Hardanger fristar og at du har plukka med deg eit tips eller to😁

Og du, vil du sjå meir bilder og videoer kan du gå inn på Instagram profilen min, @reisermedglede der har eg lagt ut masse frå dei ulike turane📸










341 visninger1 kommentar

Siste innlegg

Se alle
bottom of page