top of page
  • Forfatterens bildeEva

Palma- Lille Barcelona

Det er ikkje uten grunn Palma blir kalla lillel Barcelona. Ein nydeleg by, men med mykje lavare puls enn storesøstera. Ja her har du òg alt, sjarmerande gater, deilig tapas, vakre bygg, havn, små torg, strandklubber og sjølvsagt eit katedral.



Palma by er flott både som storbytur for par, venner og familiar, samt fint som ein dagstur dersom ein ferierar på øya. Det er enkelt å komma seg ned der, då Norwegian, Flyr og Sas flyr direkte frå Oslo, Bergen og Stavanger, samt båt og fly fra fastlandet i Spania. Kanskje øyhopping mellom Mallorca, Menorca og Ibiza kan vera fristande! Ein ting er sikkert, du får både palmesus og krystall klart turkist hav.



Å rusla rundt i dei koselige gatene i Palma by er heilt herlig, atmosfæren er roleg, det luktar god mat og ein høyrer hestar så går, folk så har det hyggelig og lite bilstøy. Det er masse små torg der ein kan setja seg ned å ta seg ein iskald sangria og litt tapas. Eg må sei at tapasen i Palma var noko av det bedre eg har ete. Kvaliteten var veldig bra og dei laga den på ein litt anna måte enn i andre spanske byer. Er det ikkje det så er litt kjekt då, at dei har litt forskjellig fra by til by :)



Eit par restauranter som er verdt å notert seg er Ombu med nydeleg tapas på bildene under, og La Paloma med den deiligste t-bone steaken i dei flotte lokala. Den beste drinken eg nokon sinne har drukke var på Bar Nicholas. Det var 3 åringen som bestilte seg ein drink, og satt spent i baren å fulgte med, dei gjorde seg virkelig flid her. Og ein liten smaksprøve på frukta fekk ho sjølvsagt sia ho sjarmerte dei ;) Me var enige om at henas drink danka ut dei vaksne sine. Det var berre domt eg ikkje noterte navnet.

Vil ein ha ein drink opplevelse utenom det vanlege så bør ein ta ein tur innom Abaco. Du går inn ei svær, tung dør, der ligger det masse frukt dekorert i heile lokalet. Stemningen er rolig og herlig, folk pratar og det er bakgrunnsmusikk. I bakgården er ein stor oase med palmer, planter, fontene, fugler i bur og flott dekor på veggane. Her er det appelsiner som er i fokus i drinkane. Jentungen fekk deilig ferskpressa appelsinjuice i stettaglas, det var stas, og ikkje minst å sjå på fuglane i buret. Me vaksne fekk kvarsin drink av noko slag med appelsin. Det var så leskelig og godt. Å sitta i bakgården å berre nyta var ein nydeleg opplevelse. Det kjeme alltid godt med med tips til skjulte skatter, så takk til den lokalkjente reiselivs tanta mi!


Ein tur innom katedralen var fint å gjera mens ein rusla rundt i dei sjarmerande gatene. Det er både lokale butikkar der ein finner unike kle, vesker, sko ol, samt kjedebutikkene. I gatene avenyene Avinguda Jaume III og Passeig des Born finner ein butikker for ein kvar smak.

Vil ein få litt mein luft under vingene er det godt å komma seg ned på havna, der er det ein del barar og restauranter så ein kan slappa av og nyta god mat og drikka i forskjellige prisklasser.


Midt på sommaren er det godt å kunna kjøla seg ned litt, då ein er midt inn i ein storby. Me tok taxi ut til Zhero Beach Club . Det var ca 10 min kjøretur. Eg ringte å booka plass i forveien. Me gjekk ned ei trapp fra hovedveien og kom til dei flotte klippene, eit basseng, restaurant og område ved havet. Eg hadde ikkje sett klarere og meir turkist hav før, dette var drops for auga. Det var ingen strand på denna beach klubben, men klipper, trapper og steger. Greit å merka seg at det kan vera litt bølger, så om ein har små ungar så er ivrige på å leika i sanden og vassa uti vatnet så er kanskje ikkje detta plassen. 3 åringen syns det var stas å hoppa uti og likte seg godt både i havet og i bassenget. Maten me fekk var nydelig, og for ikkje å snakka om utsikten og location. Det var heilt perfekt! Det er mange beach clubber innen 20 min frå Palma By, nokon av hotella har eigne beach clubber òg. Reiser ein på austsida av byen, mot flyplassen finner ein meir strender, mens på vestsida mot Illes er det meir klipper. Noko så gjere det meir vakkert, syns eg då. Ein betalar ein sum for å få handkle og solstol, så kjøper ein det ein vil ha av mat og drikka. Eg syns det var topp å ta den nest siste dagen på beach clubben, då hadde me fått sett oss litt rundt, gått oss litt varme og var klare for ein dukkert.

Det er masse hotell å velga mellom, men dei fleste hotella har ikkje store plassen inni gatene der, men ein takkar/restaurant har mange av hotella. Me budde på Almundaina Det låg oppe i byen, med akkurat passe avstand til streeten med severdigheter, restauranter og butikkar. Rommene var bra, reine og lite støy. Høgdepunktet var takbaren med utsikt til bla katedralen. Silen var ganske kvit og lekker, med god plass til gjestane. Ein drink og litt nøtter blei rituale før me gjekk ut å åt på kvelden. Deilig å sitta å skua utover byen og ned på havna mens ein kvilte beina sine etter dagens vandring i gatene.



Palma - Eg kjeme tilbake! Og då skal eg reisa rundt og oppleva meir av kva den vakre øya har å by på! Det er jo rart at ein reiselivsentusiast som meg ikkje kom seg til Mallorca før eg var 35 år gammal ;)

Når eg ser gjennom kamerarullen så har eg tatt veldig lite bilde ifht kor vakkert det var der🤩 Men eg håpar du blei frista lell😁




204 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Vennetur

bottom of page