top of page
  • Forfatterens bildeEva

Tretoppeventyr

Eg har lenge hatt lyst å tatt ei natt i tretopphyttene i Brumunddal, og no var det endelig dags å få prøva🌳🛖

• Sponsa overnatting www.tretopphyttene.no


Og ikkje nok med det, me skulle få prøva det nyaste innslaget i tretopphytte familien- nemleg Utsiktsredet. Det er truleg verdens første dreibare tretopphytte! Det var skikkelig kult😄 Altså ein kan legga seg til solnedgang og våkna til soloppgang🌄🌅


Me ankom hytta med bil, og parkerte rett utanfor. Hytta var stillig å sjå på både frå avstand og heilt nært. Eg gjekk opp trappa som snurra seg rundt hytta på utsida. Der blei eg møtt av ikodnet som helste meg velkommen🐿 Eg hadde sjølvsagt pakka nokon nøtter i sekken så han skulle få ila turen🌰 Eg låste meg inn med nøkkelen så låg i kodeboksen. Og wow for ei flott hytta🤩 Her var det lekkert innreda med rustikke gjennbruksmaterial og spennande løysingar i ulik høgdenivå. Ein sofa med fargerike puter, eit langt bord i tre, ein kjøkkenkrok med det du trenger, ei seng så kan heisast ned, og mange fine detaljer😄 Store glas i heile hytta gjorde at du fekk sett den flotte naturen på alle sider. Det stod kikkert, bok om fuglar og fuglafrø der så ein kan utforska kva naturen har å by på. Ja for nermare naturen kjeme ein nesten ikkje!

I døra attmed var det ein biodo, vask og dusj. Doen kan ein bruka til nødige formål, mens utedoen rett nedafor kan ein bruka så masse ein vil.


Eg var ikkje på toppen endå, for ei trapp på utsida av hytta førte meg opp til ein stor flott takrerasse. Altså makan til utsikt og så koselig det var der🤩 Bord med stolar, benk, bålpanna, lykter og lenestol, her var alt lagt til rette for å kunna ha det hyggelig. No var me nesten 9 meter over bakken.

Men fyrst måtte me sjekka ut området rundt hytta, for véret var heilt nydeleg ☀️ Rett nedanfor hytta låg eit lite vatn med kano ein kunne bruka🛶 Me tok på oss redningsvestane så hang på utedassen og gjekk nedover. Barna var lika spent som meg på å padla kano, for det har me ikkje gjort før. Det blei mange stopp på veien ned, for det var masse blåbær og tyttebær tuer🫐 Ein må jo ha litt bensin på veien😅 Me snudde kanoen og fekk den uti vatnet, så steig me ein etter ein ombord. Oj kor det var jaglete med kano😅 Detta var ein ny opplevelse, her var det berre å ta rolige bevegelsar og tenka kor ein setter beina sine😆 Men me kom oss oppi kanoen alle sammen🛶. Me padla rundt på vatnet og såg på endene så svømte og berre nytte stillheten og den flotte naturen🤩 Så kom det nokon kyr og skulle drikka litt🐄 Det var både stas og litt skummelt for 2 åringen som er veldig opptatt av Mø🐮. Men dei var heldigvis på avstand og gjekk inn i skogen att. Vatnet var heilt stille og det var ikkje ein lyd rundt oss, trena og skyene spegla seg i vatnet. Eg kunne ikkje vore heldigare med foto véret 📸


Me kom oss trygt i land alle mann og utforska naturen rundt, der kom det jammen meg eit par forskar hoppande forbi🐸 Det var veldig stas for 5,5 åringen som fekk halda ein óg! Naturen har så masse flott å by på, og ungane undra seg over kvifor ting er slik og lærer masse kjekt dei kan ta med seg vidare! Me kjente det romla i magen så det var dags å gå oppatt til hytta. Litt blåbær stopp på veien opp måtte til. Men no var kyddna komt nermare så me satte inn eit ekstra gir opp bakken. Dei var ikkje farlige, men som de veit har kyra eit blikk så du ikkje veit heilt kva dei vil😅. Men me var tygge oppi tretopphytta vår😄.



Me gjekk rett opp på taket og fyrte i bålpanna🪵🔥 Å spidda pølser på bål uti naturen er skikkelig godt👌🏽 Matlysten blir ekstra god når ein er ute😄 Det smakte godt med både grilla pølser og marshmallows! Å sitta oppå takterassen å nyta utsikten og naturen var heilt nydeleg. Kyra var komt heilt bort til hytta så detta var jo eit eldorado for ungane, og særlig 2 åringen🤩 Han drømte nok om kyr den natta🐮 Dei stod nok oppå takterassen og berre såg på kyra i nokon timar! Me hengte opp hengekøyer som høyrte hytta til der oppe, og tok oss ein liten middagsheng🙌🏽 Er det ikkje deilig å berre henga litt, ingenting ein skal rekka eller må gjera🤩



Då var det dags å gjera klart sengene, først måtte me dreia hytta i retning soloppgang🌅. Eina senga heisa me ned og 5 åringen si seng var akkurat passe for ho, og var heilt under taket. Ho klatra opp og la seg fint. 2 åringen la me på ei madrass på golvet, det skjønnar de sikkert kvitfor😅. Dei sovna full i inntrykk og masse flotte naturopplevelsar! Dette var midt i solnedgangstida, så eg var i sving med å ordna til oppå takterassen, for jammen var det idyll der oppe då🤩



Me hadde med litt spekemat og heimabaka knekkebrød til brien. (Det er mulig å bestilla nokon rettar til middag mens ein gjere bestillinga). Å sitta å sjå på dei vakraste fargane i himmelen mens ein sitter i toppen av eit tre- Nei altså, det er noko så berre må opplevast🤩 Fargane i himmelen endra seg, og varte nokon timar, så me fekk virkelig nytt! Me fyrte i bålpanna for litt ekstra kos, for det blei jo både mørkt og litt kaldt. Me hadde med oss både ull og boblejakka, så det blei nokon timar på taket. Sitta i heilt ro, sjå utover, høyra sauene og kyra sine bjeller i det fjerne, ja sist men ikkje minst sjå på stjernene. Det var DEN stjernehimmelen den kvelden🌟✨ Når du er uti skogen uten lys rundt og stjernene tennes, meir romantisk enn det kan det ikkje bli🌟 Så har du plana om å fri til nokon er detta plassen💍😍



Då blei det kveld på oss òg, og etter masse frisk luft og naturopplevelsar sovna me fort.

Det var gode senger og bra temperatur så me sov godt! Neste morgon våkna me til ein flott soloppgang, ja for me hadde jo dreia hytta den retningen!🌅 Ikodna og fuglane satt klare på matbrettet rett utanfor glaset. Den opplevelsen å vera så tett på naturen var kjempe flott! Dei store glasa var ein pluss! Me satte på kaffekjelen og åt litt knekkebrød før me måtte vidare på skule, barnehage og jobb. Ikodnet fekk mat av barna mens mor og far pakka i bilen og vaska ut av hytta.



Me takkar for oss og sitter igjen med masse gode minner alle 4🤩 Detta er ein kjempe flott opplevelse for alle sammen! Både for barnefamiliar, par, venner, kollegaer eller om du vil nyta natureventyret heilt for deg sjølv🤩


Litt praktisk info:

🌳Dei første tretopphytter i Norge

🌳Det tar ca 25 min å kjøra frå Brumunddal sentrum, det er ikkje merka, men legg inn tretopphyttene på gps

🌳 Det er utedo nede på bakken, bio do kun ved nødvendighet

🌳 Ein kan bestilla mat til hytta

🌳 Kjøkkenkrok med kokeplate, steikeovn, kjøleskap og vask

🌳 Ha med nok kle, det kan bli kaldt på kvelden

🌳 Legg vekk telefonen og nyt kvalitetstid sammen med dine i naturen

🌳 Ta ein padletur på vatnet i kanoen

🌳Du kan bestilla utvask og sengakle, dyner er det

🌳 Det er 6 sengeplasser, men 4 personer var greit syns eg

🌳 Ikkje tillatt med hund

🌳Informasjon og booking på www.tretopphytter.no


•sponsa overnatting•



116 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Vennetur

bottom of page