top of page
  • Forfatterens bildeEva

Altea- den kvite sjarmerande byen

Oppdatert: 15. sep. 2022

Eg hadde berre sett eit bilde av ei kvit gata i Altea, og syns det såg fint ut. I sommar var det endeleg dags å ta turen. Altså makan til vakkert! Augene mine knipsa minst lika masse bilder som telefonen! Og minnene sitter godt lagra endå!


Etter ein liten times kjøretur frå Casa Berge (Gran Alacant) kom me til Altea, eg skjønte ganske fort at detta kom til å bli ein fin opplevelse. Me parkerte på ein parkeringsplass i nedre delen av byen og gjekk ned på promenaden for ein lunsj. Her var det koselig, til tross for at det var eit byggeprsjekt som har vart og rekt, men det blir skikkelig bra tilslutt. Følelsen når me kom ned på strandpromenaden var ikkje heilt spansk, det var reint, stillige restaurantar og til og med ei norsk servirtise. Kanskje litt meir fransk eller kroatisk stemning?!

Etter litt rusling på promenaden tok me med oss sakene og fant hostalet (!!) som heiter Altea House. Du veit jo, eg er kresen på overnatting, men du og du så flott det var! Kvitt med blå detaljar, heilt nytt og reint bad, gode senger og ein liten takterasse med havutsikt. Etter ein liten strekk og dusj måtte me ut i gatene.

Denna gongen gjekk me opp i gamlebyen. Kvite hus med blå vinduskarmar og dører, kan det bli vakrare?💙🤍 Trapper med små steinar på førte oss oppover, og desse kvite husa tok aldri slutt. Det så me merka fort var at det ikkje var luftgjennomstrøming i denna byen, lufta stod heilt stille. Kjempe flott når me skulle gå oppover gatene. Men me var ikkje dei einaste så svetta😅😆.

Nesten på toppen fant me den Norsk eigde restauranten Casa Vitale, her fekk me eit bord med nydelig utsikt over havet. Eg veit ikkje kor mange mennesker som var innom og trudde dei skulle få bord den kvelden, men her er det så poppis at ein må bestilla. Til forrett fekk me ein delilg Carpaccio, svin og norsk torsk til hovedrett👌🏽. Mens me satt der fekk me sett den flotte solnedgangen, og me var ikkje den einaste så nytte synet. Halve Altea stod på kanten og fotograferte.


Etter eit nydelig måltid rusla me vidare oppover gatene. Eg trudde eg hadde sett det vakre, men no kom det virkelig vakre!!! Ei trapp førte oss gjennom buen, og der var det ei kvit gata oppover med sjarmerande butikkar, restaurantar og kioskar på kvar side. Ikkje nok med det, når me kom på toppen opna det seg eit torg, stemningen var på topp og folk berre kosa seg. Her var òg kirka som har den blå kuppelen. Å berre ha ei natt i Altea var for lite, men då har me det på agendaen til neste år!

Me gjekk nedover alle dei trappene og brusteinsbelagte gatene, sugde til oss alle inntrykk me kunne få!

Det var dags å legga håve på håveputa, for ein ny dag venta neste dag.


Hostalet hadde ikkje noko frukost eller resepsjon, så me fiksa frukosten sjølv nede på strandpromenaden. Der fekk me fersk appelsinjuice, toast med avocado, skinka, egg og pannekaker. Noko for ein kvar smak!

Då var det berre å setta seg i bilen og reisa litt lenger oppover til ei paradis strand så eg hadde funne på instagram. Jammen var det lika paradis der som på bilete! Berre sjå sjølv! Me svinga ned ved Pueblo Mascarat, og gjekk ned 5 min til stranda. Store rullesteinar på stranda, nokon solsenger, cafe og turkist hav🤩💙. I vatnet var det sand, ganske brådjupt og ingen bølger. Det var masse fiskar å sjå om ein svømte litt rundt, så det er berre å ta med svømmebrillene! Eg stod uti vatnet å berre beundra, her var det altså så vakkert! Prøvde å få til bilder som var lika vakre som i verkeligheta. Nei altså, sånne plassar er eit syn for auga, og veldig kjekt å finna🤩.Husk badesko.

Etter litt badings satt me kursen mot Calpe, sia me var så nerme kunne me jo nett sjå korleis det var der. På veien kjørte me inn mot utsiktspunktet Mirador Morro de Toix og du verden for ein utsikt! Der var det utsikt til det blenkande havet, Calpe sine to strender og fjellet som deler dei. Eg gjekk ikkje opp til sjølve utsiktspunktet, men fekk meir så fin nok utsikt frå bilen. Etter nokon minuttar var med i Calpe og parkerte på ein gratis parkeringsplass like ved alle flamingoane og gjekk ned til promenaden. Her likte eg meg, stemningen var hyggelig! Masse strandrestaurantar, butikkar og kioskar låg langs promenaden. Me testa paella på La Terraza og jammen var det godt! Gode og mette måtte me kikka litt i butikkar, så det blei både souvenirar, leiker og kle med heim! Me berre kjørte gjennom gamlebyen, så fekk ikkje sett så masse av den, men etter å ha sett bilder frå andre så må me minst ha 2 netter her neste gong!


Takk for oss Nord Costa Blanca! På gjensyn neste år :D


Har du lyst å lesa om andre flotte plassar i Spania så trykk på reisemål, Spania så kan fu velga mellom Sevilla, Isla Tabarca og Alicante.






562 visninger1 kommentar

Siste innlegg

Se alle
bottom of page