top of page
  • Forfatterens bildeEva

Sommargøy i Innlandet

Oppdatert: 20. jul. 2022

I Innlandet er det masse kjekt å gjera for heile familien enten på Mjøsa eller på land.


Forrige helg gjekk min første tur til Hamar som turist, eg har jobba der, men aldri utforska byen, så det var virkelig på tide! Ein skulle jo nesten tru ein var komt til Syden med sand, solstolar, palmar, strandbarar, vannaktivitetar og matvogner. Itillegg hadde me med oss sola på veien, så det gjorde jo turen ekstra kjekk☀️.



Me parkerte i Vestre torg parkeringshus, der var det lademuligheter så me fekk fylla på bilen mens me kosa oss i byen. Det første så møtte oss når me kom ut frå parkeringshuset var ein kjekk leikeplass med klatrevegg og sklier. Den var veldig poppis. Etter litt leik gjekk me under togskinna og ned til Mjøsa, der var det ein kjempe flott sandstrand, så eg tippar det er populært å bada på. Temperaturen var ikkje den beste, så me rusla vidare bortover promeaden før me høyrte stemningsfull musikk på Brygga Bar. Her var dei i gang med å opna for dagen, fargerike og behagelige stolar, benker og parasoller var plassert på grasplenen. Drikka kan ein kjøpa frå baren mens mat kjøper ein frå matvogna til Smakfull. På brygga til Skibladner var det ingen hvit svane å sjå, men det ryktast at ho skal begynna å gå no 22.juli.



Når me gjekk inn i Mjøsfroten var det nett så å komma til syden, her var det herlig musikkvibber, folk så chilla i hengekøyer og kosa seg med god mat frå matbilane😎 Litt lenger borte var det ein strandbar med disser, digge drinker, sand og solstolar⛱🍹Her satt me å nytte god mat mens me skua utover Mjøsa. Området var ope og luftig så her kunne ungane springa fritt. Lenger bort på promenaden møtte me på fleire vannsport aktiviteter hos Seaside Cablepark, bla wakeboard og tube, trakkebåtar og Kajakker🚣🏄🏼‍♀️.Rett bak var det ein vel benytta paddle tennisbane og ein liten skatepark🏸🛼🛹. I enden av promeaden ligger Kok Mjøsa si flytande badeståva med motor, så her kan ein ha masse morro utpå Mjøsa. Eg tenker Hamar bør få sommarnavnet Costa del Mjøsa, for her var det virkelig sommarstemning😎! Oppi byen var det yrande folkeliv på søndagsloppemarked der mange var på jakt etter skattar. Så kjekt å sjå at så mange brukar byen! Men det er jo ikkje rart då det er så masse kjekt å gjera der! I eine enden av lopåpemarkedet var det ein kjekk leikeplass der kidsa var i full leik. Eg fekk litt storbyfølelse når eg gjekk i byen og såg på restaurantane, hotella ol. Hamar, eg kjeme gjerne igjen seinare i sommar😁!



På vei heim stoppa me i Mjøsparken i Brummundal, den ligger like ved Verdens høgaste trehus🏙. Wow seier berre eg- Her trives heile familien, noko så forseggjort og kjekke aktivitetar for alle aldersgrupper enten du vil rusla deg ein tur langs promenaden, setta deg ned å eta tapas, bada på den fine sandstranda, leika i leikeparken, ta zip line, skata/sykla i den store skateparken, eller eta ein is og ta livet med ro. Ja mulighetane er mange og folk kosa seg virkelig her🙌🏽!



Ein halvtimes kjøring frå Mjøsparken kom me til idylliske Helgøya. Smale veiar, store åkrar og standsmessige florar prydar veien utover. Her snakkar me landet. Det er fint å legga til med båt, og ei gjestehavn med bra aktivitet på cafèen og vannaktivitetane. Me kjørte vidare nedover til tuppen av Helgøya, der parkerte me ved Skafferiet og gjekk inn i ein hage med roser og masse andre blomar, kvite bord og stola, lave epletre og ein raud kafe🌸🌷🪷. Litt mat og hygge i hagen var sjølv om skuffelsen var stor då dei ikkje hadde sommarmenyen som stod på heimasida deiras. Det var kun 5 utvalgte retter ein kunne velga mellom. Etter maten traska me rundt på garden og møtte på nokon skjønne små hestar, dei var virkelig kosete. Her ute finner du òg Helgøya klatrepark dersom du vil testa høgdeskrekken, styrken din og balanseferdighetane dine! Ein sykkeltur rundt Helgøya er veldig populært🚴🏼‍♀️



På andre sia av Mjøsa, nermare bestemt Totenåsen er det flotte naturopplevelser. Eg tok meg ein kveldstur til den kjente Hervenknappen. Eg som er vant med bratte stigningar og høge fjell blei litt overraska over denna turen som var så slakk men med den flotte utsikten! Me parkerte ved parkeringsplassen Herva og gjekk innover på godt skogsunderlag. Her var det masse molter så var på vei til å bli modna. Dei siste minuttane var det stigning og på toppen nydelig utsikt over Innlandet. På godvèrsdagar kan ein sjå heilt bort til Sälen i Sverige og Jotunheimen bla. Her oppe er det geocaching boks, så ein til grunn å få med ungane ut på tur! Turen tok ca 23 min, men uten ein hund så skulle skvetta for kvar ein meter og eg så skulle fotografera så tenker eg me hadde greid turen på ca 17 min ;) Dette er ein tur som passar godt til dei fleste aldrar. Ønsker ein ein lenger og brattare tur kan ein parkera ved Evjua Strandpark og gå oppover Totenåsen, som tar ca 2,5 time kvar veg.



Homlas Hage på Skreia kan ein plukka bringebær mellom åkrene, det er òg godvèrs cafe, ein kan handle i sluttreistbutikken, sjå på grisane i grisebingen eller bli med på homlesafari.



Vil du ha ein god og morsom restaurant opplevelse med Mjøsutsikt er Fjorn plassen! Her får ein digg pizza og andre retter i flotte lokaler eller ute rett ved båthavna. Menyen er inspirert av Urbane Totninger showet som du finner nokon meter lenger borte. Ein helaften med middag og show er å anbefala, så det er noko å notera seg til neste års sommarshow. Pluss i margen for ei skål med chips mens ein ventar på maten! Den morsomaste desserten er heilt gratis, og det er dagens vits frå servitøren 😉 Ein tur inn på badet er ein opplevelse med morsomme plakater og bøyning av Toten ord, itillegg får ein vitsar på høgtalarannlegget😂



Skulle det vera ein regnværsdag så er Totenbadet på Raufoss eit eldorado for heile familien. Her er det stupetårn, terapibasseng, sklier, boblebad og matservering


Ellers er kjente Hunderfossen og Lilleputthammer kjekke parkar for familien.

På Gaupne finner du den kjekke parken Snilsberg familiepark med masse skjønne dyr ein kan kosa med og hage ein kan nyta lunsjen i.

På Skumsjøen er det flott å gå turar, bada, leika i klatreparken( som forøvrig er gratis), eller ta ein matbet på osbakkenkafe.




166 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page