top of page
  • Forfatterens bildeEva

Isla de Tabarca- Den sjarmerande fangeøya

Oppdatert: 5. aug. 2022


I det eg gjekk i land på Tabarca blei eg forelska med ein gong! Noko så vakkert, og det viste seg at eg var lika forelska under heile opphaldet! På havna var det nett så eit postkortmotiv med små fiskebåter, joller som låg snudd opp ned på land, palmer, berg og steinstrender. Folk satt i strandkanten, nokon plaska i vatnet og andre satt i båtane sine som dei hadde komt med frå fastlandet. Felles for alle var at dei nytte livet, varmt var det, men då var det ikkje mange stega før ein var i havet! Her var det kvilepuls og hyggefaktor. Det koslegaste på den sida var dei små kattehusa som låg heilt ned ved sjøen, snakk om kattehus med utsikt!



På andre sida opna det seg ei sandstrand der folk låg tett i tett enten i solsengene eller på stranda med medbrakt parasoll og solstol. Store høgtalarar med spanske vibber, folk så stod å snakka sammen og ungar som leika med ball. Me leigde oss ei solseng til den nette sum av 10 euro, då kunne ein ha senga heile dagen og flytta ein seg så blei det straffegebyr på 8 euro. Her var det berre å smila fint til sidekompisen på solsenga attmed, for det var heile 20 cm mellom sengene, så me blei kjent på godt og vondt ;) Med to små ungar så vart det ikkje så masse ligging på den solsenga, men mest bading i det klare og salte vatnet. Det var litt friskare enn inne på fastlandet. Stranda var mørk øverst ved solsengene, litt steinete ned mot havet og sand i vatnet. Så det var fint å bada der. Litt bølger var det, men det er jo berre action for kidsa. Litt lenger uti havet låg båtene som perler på ei snor, daycruiser, seglebåtar og litt større båtar. Spanjolane brukte fridagen sin nyttig her!



Det var tid for lunsj og me gjekk opp på restaurant Mar Azul som me hadde fått anbefalt av nokon vennar. Det var nyoppussa der så interiøret var stillig og luftige lokaler, me fekk bord rett på utsida med utikt mot stranda. Maten var upåklagelig, samma med utsikten og servicen, gode i engelsk var enkelte òg. Her går eg gjerne igjen! Me hadde litt forskjellige småretter og ein deilig cava sangria var leskelig i varmen.



Øya sitt høgaste punkt er heile 15 meter over havet, så den vetle stigningen opp til porten gjorde at me fekk eit flott overblikk over havnområdet, klippene og inn til Santa Pola og fyret. Me gjekk gjennom porten og der opna det seg fleire sjarmerande gater, kvite hus med blå, gule, grønne skodder, korallfarga, grønne, gule hus, ja her var det så gjennomført stil på kvart hus uten at det blei rotetet. Eg lar bildene tala for seg. Nokon små botique buikker med suvenirer, kjoler, badesko ol møtte eg på, samt cafear og restaurantar.



Eg gjekk innom Hostal Masin for å sjekka inn, må sei eg var veldig spent, eg har aldri budd på eit hostal før!! Eg likar god standard på overnattingen, og ikkje minst at det må vera reint, ingen kryp og eit bra bad. Eg fekk nøkkelen og blei vist to kvartal lenger bort. Dei hadde pussa opp nokon nye rom i eit bygg. Trappa opp var sjølvsagt flislagt og alle dørene hadde kvar sin farge. Eg låste meg inn den grønne døra, og eg blei positivt overraska over standarden på detta hostalet. Det kan samanlignast med standarden til eit 3 stjernes hotell, med lyse rom, air condition, gratis internett, 2 soverom, flott bad med trøkk i dusjen, sjampo og såpa. Ein liten luftealtan var det òg, der kunne ein sjå utover den sjarmerande gata. Eg hadde forberedt meg på å ta båten heimatt om detta ikkje var bra, men detta var veldig bra! Viss eg skal setta fingeren på noko så må det vera at det var litt harde senger til meg, men det gjekk greit for ei natt. Frukosten fekk me servert i cafèen, der kunne me velga mellom rista brød med skinka, mosa tomat eller ost, samt juice og kaffe. Heilt enkelt og bra! Detta hostalet kan eg fint anbefala vidare!



Etter litt trasking og bildetaking i gatene var det tid for ein lemonade i skuggen, det fant me litt lenger inn på øya, på det lille torget. Det er jo ikkje å stikka under ein stol at det er varmt i solsteiken! Ein pause frå sola er lurt for dei fleste kroppar sjølv kor høg solfaktor ein brukar. På torget var det ein leikeplass så ungane fekk ut litt energi og fekk seg nye leikekameratar. Det er herleg å berre sitta å sjå på folk, høyra på andre språk, beundra husa rundt og snakka om dagen! Og heilt roleg var det sia det ikkje er bilar på øya. Det er mange kattar i gatene, så det opptok den katteglade(gale) familien. Dei var ikkje spesielt kosete, men likte at me snakka med dei! Hola Gato! gjekk ungane rundt å sa til alle kattane dei møtte og då rulla dei seg rundt å visa kor flotte dei var!




Det var tid for ein iskald dusj og klesbytte før me skulle ut til middag. Eg hadde reservert bord kl 20 via Whats App og fått bekrefta reservasjonen, når me kom til restauranten så opna dei ikkje før kl 21. Litt skuffa, men då fekk me jo med oss den nydelege solnedgangen! Allerede i gatene begynte me å sjå fargane i himmelen. Me gjekk nedover til me kom til porten der den nydelege sola stakk seg gjennom. Me gjekk heilt ned i havet der sola laga stripa i havet og forandra farge. Noko så vakkert!! Detta var høgdepunktet med heile turen! Å sitta heilt ned mot havet og sjå at sola går ned mens ein høyrer på bølgene er heilt nydeleg! Dette minnet kjeme eg til å leva lenge på. Me gjekk litt oppover langs muren og bort mot kyrkja. Der var det lika flott. Dette synet blei eg ikkje lei. Hadde me ikkje hatt med to små kunne eg såtte der til sola var heilt vekke, det må bli neste gong. Solnedgangen var verdt overntattingen i seg sjølv!



Me måtte jo ha mat, isåfall nokon av oss. Då me omsider fekk bestilt, var det ein del rettar dei ikkje hadde. Me hadde gleda oss til å prøva risen, sia det er ein spesialitet i området, men det hadde dei sjølvsagt ikkje. Ungane og mannen fekk maten sin, som var god, og dei var trøtte og ferdig med å sitta i ro, så eg sa dei kunne berre rusla heimover. Eg spurte om dei kunne avlysa min mat, men det kunne dei ikkje, men til slutt kunne dei det. Eg hadde isåfall fått meg litt brød og eit glas vin. Svulten la eg meg og gleda meg til frukost dagen etter.

Eg hadde ete ein veldig god lunsj så det var ikkje synd på meg;)



Etter frukost pakka me tinga våre og gjekk mot den nydelege vika for bading og snorkling. Det er to ting ein må huska når ein skal ut på Tabarca, badesko og dykkermaska. Det er så masse flott å sjå på under vatn! Ein trenger nesten ikkje legga på svøm ein gong før ein ser fiskane. Me var der litt over 10 og då var det ikkje masse folk, men det strømma på, sjølv på ein mandag. Dei fleste låg med hovudet under vatn, nokon suppa, andre hoppa frå klippene mens nokon berre nytte livet og utsikten. Ja for det er virkelig vakkert! Eg var litt lysten på å hoppa frå klippene, men eg slo det frå meg då eg sikkert hadde hyla så høgt at dei hadde høyrt meg heilt inn til Santa Pola. Det gjekk greit å ha med barna, men det er steinete og ikkje det mest idielle for dei minste barna. Men det meste går fint når ein vil:) 5 åringen låg å flaut uti havoverflata og såg på fiskane heile tida, og 2 åringen satt i strandkanten og leika.




Då var det dags å ta båten heimatt. Me missa ein båt for den hadde ikkje orange farge på seg, det skjønte me ikkje heilt. Billettane til dei ulike ferjeselskapa har forskjellige fargar, så spør gjerne dei så jobbar på kaien kva båt som gjelder for den fargekoden. Og husk å ta vare på billetten, eller så må du kjøpa ny. Dette var ein minnerik og koselig tur som anbefalas til alle.




Eg har sett ut til øya kvar gong eg er på stranda og når me er i Santa Pola, og lurt fælt på korleis det er der ute, og etter å ha vore der ute så ser eg tydeleg inndelinga av øya, kvar kyrkja er, byningane og den delen av øya der det ikkje er noko bebyggelse. Eg lengtar tilbake allereie! Det skal ikkje gå 9 år til neste gong!




Noko å tenka på når du skal besøka øya:

- Sjekk rutetider til det selskapet du kjøper billett hos, det er ikkje allitd tida på nettet stemmer overens med faktisk rutetid.

- Du kjøper billett på kaien, du velger sjølv kva avgang du skal ta. Det kostar 10 euro for vaksne og barn over 5 år.

- Dei mest poppulære tidene med båten (særlig på sommaren) er på formiddagen i 10-11 tida bort til Tabarca og heimatt i 16-18 tida. Skal du reisa i dei tidene berekn god tid, det kan vera litt kø, og husk drikka i køen. Det er ikkje sikkert du kjeme med nett den båten du hadde tenkt.

- Husk å ta vare på billetten til returen

- Nokon av båtane har glas under vatn, så rett før båten kjeme inn til Tabarca bremser den ned og ein kan gå ned å sjå på fiskane

- Ta med badesko, dykkermaske og snorkel. (kan kjøpast der ute)

- Sjekk opningstider på restaurantar, særlig på kveldstid, og i lavsesong

- Det er ein minibank på øya, men alle plasser eg var innom tok kort

- Det er litt dyrare enn på fastlandet, av naturlege årsaker- alt må fraktast ut der med båt.

- Ei flaska vatn kostar 2,50 Euro på kiosk, mens 1,50 på cafèar

- Husk å ta med bosset ditt, det er jo hyggeleg å komma til ein plass slik du ønsker å finna den! Det står bosspann over alt, og dei kildesorterer plast, papir og restavfall. Dessverre er det masse sneipar rundtom, det kan me ikkje skulda på oss skandinavera i desse snus tider;)

- Nyt dagen din og ha med gode sko om du vil gå rundt på øya, det er flott å gå rundt både i gatene og på land langs marinereservaret.

- Det er flott alle årstider, men vil ein gå litt rundt og sjå og

- Det er masse spennande historie her, da dette er ei gammal fangeøy. Eg har dessverre ikkje satt meg nok inni dette til å kunna skriva om det, men er du interessert- Google it!






1 004 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page