top of page
  • Forfatterens bildeEva

Hausteventyr i Sjodalen

Oppdatert: 13. sep. 2022

Me hadde pakka turkle og mat i bilen før me satte kursen oppover mot Sjodalen Hyttetun for helga. Sola skein og det var vakkert naturlandskap heile veien oppover! Å kjøra Rv 51 over Valdresflye var ein ny og flott opplevelse for meg!


*Sponsa overnatting*


I resepsjonen møtte me på nokon hyggelege damer som fortalte oss litt om plassen og me fekk nøkkelen til Villmarkshytta som me skulle bu i 2 netter. Me parkerte bilen rett utanfor hytta og låste oss inn. Hytta var innreda med ein skikkelig hyttesofa, med bilde av ein rev over sofaen og i taket hang ein gevir lampe. Kjøkkenet var utstyrt med det du trenger for å laga mat; vask, kjøleskap, 2 kokeplater, servise til 5 personer, kjøkkenredskaper, vannkoker og kaffetrakter. Badet hadde toalett, vask og dusj. Det var to soverom, eit med dobbel nedrekøy og ei øvrekøy, og det andre med ei vanleg køyeseng. Så Detta var ein plass me kunne trivas!

Me lessa inn tinga mens ungane var i god gang å hoppa på trampolina og var i sagatrimmem rett nedanfor hytta. Vêret var flott så me fant ut at me tok med kveldsmaten ned til elva. Ungane leika i vatnet mens dei åt. Og den nydelege solnedgangen farga himmelen i flotte fargar. Det er drops for augo! Det var ein heilt spesiell ro her, ikkje ein lyd frå bilane, dyr eller noko, kun elva så brusa! Gode og mette satt me kursen opptatt til hytta (3 min å gå), no var det dags å finna senga for dei to minste, mor og far var ganske så slitne sjølv, så det blei hyttekos med kabal og ei bok. Mobilen var lagt vekk for inne på hytta var det ikkje mobildekning, og utanfor var det ganske laber dekning òg. Noko så passa meg bra! Eg syns det var utrulig deilig å ikkje "måtte" sitta på telefonen heila tia. Det er noko eg må ta med meg tilbake i kvardagen!

Sola kikka inn i vindussprekken og fuglane kvitra, no var det dags for ny dag! Me steikte oss egg og bacon til frukost, og hadde med heimabaka brød fra svigermor, så me hadde alt for å nyta ein god frukost! Me kledde på oss ull og utekle, og gjekk opp til Sagaskogen. Me begynte med den raude ruta, eventyret om Rødhette og ulven. Flotte tavler med deler av eventyret på kvar tavla bortover stien. Det var ein fin motivasjon og turen gjekk lett då dei var ivrige etter å finna neste tavla. Det var ein heilt anna natur her enn me er vant til på Gjøvik, så det var masse å sjå på. Måsen var veldig populær å sjå på. Klatring på steinar og i tre var òg veldig kjekt! På slutten tok me vårt egen versjon av Bukkene bruse over brua, det er alltid veldig populært. Me gjekk vidare i den blå løypa. Her var det om gutane og Hedalstrollet. Det var mange undringar om kvifor trollet har 3 hovudet og kun 1 auga. Ja det kan ikkje eg svaret på isåfall ;) Me gjekk ned til bålpanne plassen og spidda pølser, det smakte godt etter turen.

5 åringen henta fiskestanga og var klar for ein tur ned til elva og prøva fiskelykken. Det var stas sjølv om ikkje fisken beit. Fiskekort får ein kjøpt i resepsjonen på hyttetunet. Det var så fredelig og fint nede ved elva og kjekt for ungane å leika dar! Utsikten til fjella rundt var og heilt nydeleg! Energien til ungane var ikkje brukt opp endå, for litt hopping på trampolina måtte dei før me gjekk til middag i Gammen. Der var det koselig fyrt opp i midten med bord og krakker rundt. Folk var svoltne etter ein dag i naturen, så dei fleste hadde forhandsbestilt mat. Me hadde pizza og burger. Her var det spel og teiknesaker til barna, veldig kjekt å ha noko å driva med mens me venta på maten. Senga kalla etter ein heil dag ute i naturen. Eg trur me sovna på eit blunk allemann!

Søndag og tid for heimreise, me laga oss ein enkel frukost, pakka og vaska oss ut av hytta før me satt kursen nedover Sjodalen. Takk for no Sjodalen Hyttetun, det var eit opphald med masse kjekke naturopplevelsar som eg anbefaler vidare til alle som vil ha ein fredelig overnatting i naturflotte omgjevelsar! Og for barnefamilier var detta topp! Vil ein som par/venner ha ein litt meir unik overnatting, kan eg anbefale Eventyrhyttene. Desse var kjempe stilige!

På turen nedover Sjodalen tok me masse stopp, nettopp fordi det var så mange flott plassar! Øvre Sjodalsvatnet var ei perla! Her var det heilt rolig, vatnet var speglblankt og det var heilt nydelige omgjevelsar. Her reiste me ned fordi mannen pleide å vera på hytta der når han var liten. Der skjønnar eg dei trivdes! Me kosa oss og leikte ved vatnet. Det er jo fint å berre stoppa og sjå seg litt rundt på plassar ein ikkje har vore før. Me hadde satt av dagen til å ta litt stopp nedover. Me kjørte forbi ein bubil så hadde parkert heilt nedtil vatnet, snakk om idyll!


Eit skilt førte oss inn mot foten av Besseggen, elva og vatnet med det turkise havet var heilt nydeleg! At eg skal gå besseggen ein dag er berre sikkert, det må planleggast inn til neste haust! Og då bestiller eg lika fint vêr! Eit tips er å kjøra over veien mot Maurvangen, der var det nokon skikkelig fine fotospots langs elva!

Vidare over valdresflye var naturen kledd seg for hausten, og reinsdyra sprang heilt ved veien, det var jo litt stas å sjå for oss så ikkje er vant med slike eksotiske vidde dyr! Ein matpause og stopp blei det midt oppå Flye. Mat smakar ekstra godt i naturen! Me såg masse flotte naturopplevelsar og horn me vil gå på til neste år. Dette må eg sei er den finaste fjellheims turen eg har vore på her borte på Austlandet! Me var jo ekstra heldig med vêret òg då, så klart det har litt å sei. Eg gledar meg allereie til fleire natureventyr i haust!

Litt info om Sjodalen Hyttetun

* Villmarkshytter for opptil 5 pers, bra utstyrt

* Eventyr hytter for 2 pers

* Campingplass for bubilar og campingvogner

* Sanitæranlegg og kjøkken i hovedhuset

*Servering i gommen på oppsatte dager

*Kan bestilla frukostpakke

*Masse fine turområder i nærheten

*passer for alle som ønsker nærhet til naturen og ro

*Sagastien er fin for barnefamilier som ønsker å vera ute i naturen men ikkje vil legga ut på noko topptur

*Gå inn å sjekk tilgjengelighet og informasjon om hyttene på https://sjodalenhyttetun.no



86 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page