top of page
  • Forfatterens bildeEva

På Gjøvik der har vi det bra.Der væks det blommer i gaten......

Oppdatert: 22. jul. 2022

Ja det er skikkelig trivelig når dei pyntar opp gatene med fargerike blommer!


Det er så masse kjekt å gjera for heile familien på Gjøvik, både utendørs og innendørs. Gjøvik har turstier med forskjellig lengde og styrke, enten ein vil gå ein tur i byens hjerte- Gjøvik Gård, rusla langs Mjøsa eller gå i skogen. Mjøspromenaden er flott tillaga og populær blant både gåande, joggande, syklande, barnevogner og rullestolbrukere. Langs Mjøspromeaden finner ein forskjellige leikestativ og treningsapparat for heile familien. Ønsker ein å ta ein dukkert er det flott strand både på Vikenstranda og Fredvika. Skulle ein ønska å varma seg litt etter badet kan ein booka den flunkande nye badstua til DNT i Fredvika.



Eg som er vakse opp på Vestlandet med fjell og fjord har ein klar tur favoritt her på Gjøvik, og det er Bergstoppen. Der får ein nydeleg utsikt. Fra parkeringsplassen på Øverby går det mange turstiar i ulik terreng i skogen. Eg pleier å begynna turen frå Eiktunet, gå bakveien forbi koia med dei skjønne og tamme ekorna. Det er ekstra koselig å ha med nøtter og slå av ein prat med Mr. Ikodn før eg går vidare. På veien er det laga ei "sjeip øpp løypa" der ein kan ta forskjellige øvelser, turbingo og skilt med kva tresortar, dyr ol det er oppover stien. Det er fint å gå innom å sjå på kongle dekorasjonane til den kreative blomadekoratøren i byen- Floral design. Etter ein halvtime på flat mark er det tid for stigning, og på toppen får ein premien- nemleg utsikt over Mjøsa, byen, Toten og Helgøya. Eit lite bilde må knipsas i den runde spegelen på toppen. Her er det òg innsjekk på postkassetrimmen og bok å skriva seg i. Det fine med å gå denna veien er at då kan ein nyta utsikten heile veien nedover. Denne turen kan ein gå med barnevogn, nokon hompar på veien, men ein kjeme seg fram. Vel nedatt kjeme ein til Eiktunet som har masse flotte tømmerbygninger som er Gjøviks bygdemuseum. Her blir det arrangert familiedagar med natursti, fisking etter karrusse i dammen ol. Itillegg er det ein Kafe der ein kan få seg nystekte vafler og kaffe, ja ein is kan frista i varmen òg. Vil ein hiva seg på fresbeegolf bølga er det store muligheter for det på Øverby.



Ein tur opp til Ramberget er virkelig verdt ein tur for der kan ein dissa med utsikt, eta nista på benkene med bålplassen. Dette er ein forholdsvis lett tur og tar ca 20 min ein veg. Det er lite oppover og nedover, men ein del røtter og ulendt terreng så egnar seg ikkje med barnevogn eller rullestol. Du går store delar av turen inn i skogen.



Er det tid for ein dukkert kan Fastland friluftsbad frista med eit stort utendørs basseng med både stupetårn og sone for dei minste. Det er grasplen ein kan sitta å sola seg på. Vil ein ta eit avbrekk fra badinga er leikeplassen i eine enden av bassenget, og kiosk i motsatt ende ved parkeringa. Er ein av den sporty typen kan ein prøva seg opp skibakken i Hovedebakken. Går ein nok gongar opp og ned så når ein både til Galdhøpiggen og Mount Everest. Ein fin aktivitet å gjera dei dagane sola ikkje steiker mest, for det er bratt og tungt å gå opp der i solsteik;) På toppen av Hovdebakken kan ein setta seg ned å ta ein burger mens ein nyte utsikten over byen. Her arrangeres det òg konserter om sommaren med kjente band som Di Derre, Dum Dum Boys ++ Det går shuttle buss opp til Hovdetoppen om ein ikkje vil gå den ca 20 min turen opp.



På Vind har du mange turløyper i rimelig flatt terreng, men her har dei ei kjekk terreng sykkelløpa dersom kidsa har med deg sykkelen på ferie og vil ha litt action. Den reative blomadekoratøren Marianne Leren på Floral Design har òg laga til ein kjempe flott skigard, med alt fra gamle ski og stavar til meir moderne, det er nærmast eit skimuseum. På Vind er det fleire gapahukar der ein kan setta seg ned å eta nista si. Kanskje ein møter på ein hare eller eit anna skogsdyr.



På Gjøvik Klatrepark på Øverby får ein testa styrke, høgdeskrekken og leika seg i toppen av eit tre. Dette er virkelig ein kjekk park med løyper for dei fleste aldrar. Ein blir først tatt med gjennom ei testløypa med sikkerhetsinkstruksar og blir vist korleis ein festar krokane mm. I løypene er det behjelpelige og vennlige ungdommar så veileder, er moralsk støtte og hjelper deg. Eg måtte bruka meg av dei som moralsk støtte nokon gongar, for det er utfordrande nokon plasser. Men fy søren så masse ein lærer av seg sjølv, ein må berre tørra og hoppa uti, og så kjekt ein har det! Eg klatra opp stegen og tok grønn+ løypa, eg burde jo tatt den vanlig grønne som er lettast, men då fekk eg utfordra meg sjølv litt. Trenge me ikkje alle gå litt utav komfort sonen og utfordra oss litt av og til?! Det trur eg er veldig sunt! Mannen tok den lilla løypa, eit par hakk tøffare løypa, eg fekk vondt i magen berre av å sjå kor høgt han klatra opp. Men han syns det var ei kjekk og utfordrande løypa. 5 åringen tok barneløypa for dei under 115cm. Det syns ho var storveies! Det er mestring for dei å skulla ta av og på krokane sjølv og balansere seg gjennom løypa. Me vaksne avslutta med den lange Zip Linen, kjenner eg får sug i magen av å berre skriva det, men det var kjempe moro! Det mest utfordrande med den var å klatra opp den høge taustegen og skulle setta utfor. Men ein lyte berre hoppa i det! Alle tre var einige om at det var ein herlig dag, kjekt å vera sammen på ein aktivitet samt å utfordra seg mentalt og fysisk. Klatreparken er open sommerhalvåret på dagtid, og er supert å reisa som familie, venner, teambuilding med jobben eller om ein vil prøva seg på eigenhand. Det er lurt å bruka arbeidshandskar, det får ein kjøpt i resepsjonen. Husk å reserver sele før ankomst på nettsida til Gjøvik Klatrepark.



Ein anna park der ein får opp pulsen er Skyland i Hunndalen. Her fekk me hoppa og spretta i nye freshe lokaler. Det er ei sone for dei minste barna med lita sklie, ballbasseng, klatrevegg, små disser ol. Her er det luftig og god plass. I hoved teampolinerommet er det mange forskjellige trampoliner å velga mellom, samt nokon hinderløyper, sklier, og ulike challenger. Ein skikkelig artig time der me fekk trimma oss og hatt det moro sammen. Ja for det er lika kjekt for oss vaksne som barn, syns no eg då! Og barna syns jo det er kjekt å ha med foreldra på litt sprell:) Folk var flinke å respektere reglane som er på skjermar rundtom i lokalet. Me avslutta med slush og pizza i resepsjonen, det det var koselig innreda resepsjons/kafe område. Sokkar får ein kjøpt i resepsjonen for 30 kr paret, det er lurt å ta vare på dei til neste gong. Det har isåfall eg gjort, for eg vil tilbake for ein fun day! Hoppetid kan ein booka på forhand på nettsida til Skyland.



Midt i sentrum på Jernbanetorget er det laga til ein kjempe flott skatepark, her er det alltid liv både tidlig og seint. Kidsa har med seg sparkesykler eller skateboard og viser sine kunster. Det er òg leikestativ og fontener som er veldig populær å springa gjennom om sommaren. Vil ha seg ein is er rundkiosken rett attmed.



Det er trivelig å gå i gågata/ Storgata og kikka. Her finner ein bla den spennande barnebutikken Sirkus Rebell med den kosligste dama bak kassen! Trenger barna nye kle eller kanskje ein aktivitets leike å gjera på i sommar er det er flott utvalg her. Syns du dei hadde masse fint i butikken, men kun er på gjennomreis, fortvil ikkje- Sirkus Rebell har nettbutikk. Rett over gata ligger Gjøviks eigen Sjokoladefabrikk med eit godt utvalg av sjokolade i forskjellige figurer og innhold som passar heile familien. Minfavoritt er ruby sjokoladen med pasjonsfrukt og faro med mokka. I Storgata er det både klesbutikker, interiørbutikkar, cafèer og sist men ikkje minst Gjøviks nye tilskudd; Tjønnåsdelikatesser. Disken er fylt opp med masse gode skinker og oster som den trivelige eigaren bak disken gladleg skjærer opp. Butikken er har masse anna digg ein kan kjøpa med seg heim, no trenge eg ikke reisa til Oslo for å få tak i favoritt olivena mine lenger! Utanfor butikken kan ein nyta ein kopp kaffe og is i sola. Det koselige her er at dei sammarbeider med masse lokale produsentar i området. Dette er eit veldig godt tilskudd på Gjøvik, så her skal eg gå flittig! Har ein lyst på ei god kaka, er det fint å gå innom jentene på Vibes Kafé litt lenger oppi gata, her er dei lekreste kakene fint utstilt i disken, og dei smakar godt òg, eg har prøvd dei fleste! Kanskje jentungen skal ta hol i øyra før skulestart eller ho mor vil letta på sveisen, då er Kleppe Frisør plassen å gå, Louise er skikkelig god på farging og klipping, dei andre kan òg å bruka saksa riktig!



Vil ein ta ein tur innendørs på kjøpesenter ligger CC Gjøvik like ved Skateparken. Her har du alt fra kjedebutikker til nisjebutikkar. I sommar har dei egen barnestasjon i 2.etg med hoppeku og fargelegging + popcorn til barna i 1.etg. Det er svært populært med ein is på Funky Frozen Youghurt blant barna her i huset. Då kan dei velga den toppinga dei vil og kosa seg med is i freshe lokaler. Ein god matbete med Mjøsutsikt får du på Lasse Liten på toppen av senteret.



Det er eit variert restaurant tilbod i byen, på Salt og pepper får ein alt frå Asiatiske til Mexicanske smakar og ein saftig biff. Det er eit stort pluss for sushi på barnemenyen for 5 åringen. Eg har lagt min elsk på Chrispy chicken, jammen var det fart i den! Skikkelig italiensk pizza får ein på Fauno. Dei har ein flott uteservering framfor restauranten og bakgård der dei har show og konserter. Pizzabunnen er akkurat slik som du får i Italia og pizzaen er toppa med masse digg! Å sitta ute ein sommarkveld å ta ein aperol og pizza er heilt nydelig!




Andre kjekke ting å gjera med familien i Gjøvik:

Vitensenteret ligger i sentrum, og er moro læring både for små og store.

Skumsjøen for bading, friluftsliv og klatrepark

Utsalg av deilige jordbær midt i Storgata

Skibladner- Så seiler vi på Mjøsa, det står at ho skal vera i rute igjen frå 26.juli.

Stolpejakt - last ned appen og gå på stopejakt både i byen og skogen.


Det er 2 hotell i byen ein kan overnatta på; Hotel Strand og Grand Hotel Gjøvik, vandrehjem, samt Sveastranda Camping som ligger ca 12 min å kjøra unna sentrum. Campingplassen ligger idyllisk til ved Mjøsa og har leikeapparat til barna både på land og uti vatnet. Her er det både faste campingvogner og tilreisande med både telt, campingvogn og bubilar. Ja me i vennegjengen tok til og med ein kortreist ferie der i helga og var samla Ca 40 stykk i alderen 0-45 år. Både ungar og vaksne stortrivdes da det er masse å finna på, samt ei oversiktlig campingplass. Det er mulig å leiga kano, båt, spela minigolf og fiska mm. Middagen kan ein enten laga på kjøkkenet, i grillhytta eller på den gode thairestauranten Malai der det er uteservering om sommaren. Her serverer dei digg thaimat med fart i!



Gjøvik ligger berre 2 timer frå Oslo, Kva med å kjøra RV4 neste gong du skal nord/sørover, så får du med deg alt den kvite byen ved Mjøsa har å by på. Det er òg nærhet til dei andre Mjøsbyene. Vælkømmin tel øss på Gjøvik!










551 visninger1 kommentar

Siste innlegg

Se alle
bottom of page