top of page
  • Forfatterens bildeEva

Søk, bestill, pakk, reis 🌍

Oppdatert: 23. okt. 2022


For å søka etter flyreise går eg først inn på Skyscanner og sjekker kven så flyr til den plassen eg skal. Setter inn kriterier på direktefly der det lar seg gjera. Er det flygning i europa, så går eg direkte inn på nettsida til Flyr, Norwegian eller Sas og bestiller der mens eg er logga inn på min konto. Ja for ein må jo samla opp bonuspoeng når ein bestiller. Når ein bestiller fly sammen fleire i følge så får ein som regel sitta attmed kvarandre, men ingen garanti. I bestillingsprosessen velger ein om ein skal legga på setereservasjon, baggasje og måltider. Skal eg og mannen på ein storbytur ei helg, bestiller me ein koffert sammen, og ikkje setereservasjon, altså den billigste billetten. Det er hyggelig å sitta sammen, men ikkje noko must på eit par timas flytur. Så der er det allerede spart nokon hundrelapper, og ved å dela ein koffert har ein spart eit par lappar til.



Når eg bestiller overnatting loggar eg inn og brukar konsekvent Hotels.com , ja for her samlar ein bonusnetter med programmet hotels.com rewards . For kva natt ein bur får ein ein reward, når ein har samla 10 overnattinger/rewards får ein ei bonus/gratisnatt. Når ein har nådd eit vist anntall overnattinger får ein Silver eller Gold medlemskap. Me som er gold medlemmer får gratis oppgradering av romkategori dersom tilgjengelig, samt på nokon plassar % på spa, mat og drikka, eller ei flaska på rommet på utvalgte hotell. Detta står det opplyst om ved booking. Så nokon gongar har me gratis overnatting, summen på denne natta er gjennomsnittet av dei tidligare booka nettene. Eg har jamført med til dømes booking.com men det er så lite så skiller at då booker eg som regel på hotels.com for å få med bonusen. Eg bestiller oftast med gratis avbestilling, sjølv om eg har avbestillingsforsikring. Plutselig blei ein invitert i ein 40 års dag den helga ein hadde planer om ein Oslotur, då kan ein avbestilla uten kostnad og booka ein ny dato dersom ein ynskjer det.



I Norge bestiller eg oftast hotell rett på Nordic Choice hotel, innlogga sjølvsagt. Då tenar eg opp bonuspoeng kvar gong eg bestiller og bur på Choice hotel. Medlemmer får egen pris, og det er egne fordelar som gjelder på dei ulike nivåa av bonusprogrammet. Sist eg var i Oslo på hyggetur booka eg eit hotel med oppsparte bonuspoeng, så der betalte eg ingenting. Det er kjekt å ha innimellom!


Det lønner seg å følga/lika dei ulike reiselivsaktørene sine facebook, instagram sider, samt melda seg på nyhetsbrev. Då får ein veta om kampanjer først. Nokon gongar kan det lønna seg då dei beste hotella, flyavgangene, datoane går først. I vinter fekk eg eit veldig godt tilbud når eg budde på Clarion Oslo, nettopp fordi eg såg at Petter hadde lagt ut eit tilbud på facebook sida til Nordic Choice. Det var halv pris på det hotellrommet, og eg fekk meg eit nytt favoritt hotell i Oslo :D


Skal du ta deg ein tur til Hovedstaden kan du lesa om min topp 5 liste her.




Ein anna måte å tjena seg opp godt med bonuspoeng er å melda seg inn i fordelsklubbane til flyselskapa og vera innlogga der kvar gong ein bestiller flybilletter. samt ha kredittkort som er knytta til flyselskapa og bonusprogramma deiras. Ifht oppsparing er det lurt å bruka kortet på store kjøp og kvardagskjøp, (dersom ein kan å bruka kredittkort/har mulighet å bruka kredittkort). Eg har brukt kredittkortet til Bank Norwegian bevist ved handling, då særlig av store ting, då får ein Cash Points til bruk til reise. I Thailand i jula fekk me spørsmål frå ein kompis om kvifor me ikkje hadde Amex kort for å tjena opp Sas Eurobonus poeng. Det var eit godt spørsmål, så det blei skaffa og det er det me brukar no, itillegg til Trumf opptjening, for det kan ein jo føra over til Sas Eurobonus poeng. Fleire tips frå denne kloke mannen kan du lesa her . (Viss du har Vg+ då). Ved betaling av minimum 50% av transport reisa med desse kredittkorta får ein reiseforsikring inkl. Meir om fordelane finner du på nettsida til korta. Minner igjen om at ein må setta seg inn i bruken av kredittkorta og bruka dei med vet. Brukar du ikkje kredittkort til bestilling av reise, husk å sjekk at du har reiseforsikring og avbestillingsforsikring i orden.



Det er ikkje alltid så lett å begrensa seg når ein skal pakka kofferten, helsing frøken viss-som-atte ;) Men eg jobbar med det kvar gong! Ein kan jo starta med å sjekka værvarslet for der ei skal og prøva å pakka etter det. Kanskje ein skal shoppa litt på plassen, eller ut å eta på nokon fine restaurantar. I nokon land må menna ha buksa og tette sko for å komma inn på finare restaurantar, så det kan vera greit å sjekka dresskoden når ein bestiller. Samt om ein skal til muslimske land, så må ein tenka på korleis ein kler seg, og pakka deretter. Nokon kjolar som er nedom kena og dekka skuldre osv.

Både Sas, Norwegian og Flyr har 23 kg som maksvekt på innsjekka baggasje. Merk deg at dette gjelder ikkje for alle flyselskap i Europa, så skal du vidare med eit anna flysekslap sjekk alltid baggasje reglane på det. Det er òg egne reglar på kor masse ein får lov å ha med seg i handbagasje, dette avhenger av kva billett type ein kjøper. Nokon flyselskap både måler og veger baggasjen enten på innsjekk eller gate. Har du for masse med deg kan du risikera at noko av handbagasjen må bli sendt. Det er litt kjipt om du har kjøpt ein flott vase på tur. Ein anna ting så ein ikkje skal ha i innsjekka baggasje er ladebank. Då blir ein stoppa og må ta den ut. Det er lite kult å måtte gå utav bussen på flyplassen i Bangkok for å grava i kofferten etter ladebanken mens heile bussen ser oppgitt på deg. Då huskar me isåfall det til neste gong ;)



Kø er jo noko me nordmenn likar svært dårlig, men har du tenkt på kva du kan gjera for å få køen til å gå knappare og kva du kan gjera for å tilføra reisefølge ditt og deg sjølv positive vibber? Du kan jo begynna med å sjekka at du har pass og reisedokument klar i innsjekkingen, passa på at du har tatt fram laptop/ipad, tømt vannflasker og tatt ut andre ting som skal ut når du går gjennom sikkerhetskontrollen. Husk at det er kun lov å ha med sjampo/såpe/sprit i beholdere så rommer inntil 100ml, og legg dei i ein gjennomsiktig påse, helst før du har gått inn i sikkerhetskontrollen. Barnemat og medisinar til reisa er lov, sjekk liste for kva som er lov å ha med inn på flyet og ikkje her.



Det er greit å følga med på tavlene inne på flyplassen om flyet er i rute, kortid du skal gå til gate osv. Ein trur ofta ein har veldig god tid, men nokon flygninga kreve at du må borda ekstra tidlig, da det enten er passkontroll eller ein må ta buss ut. Ein vil jo ikkje vera den så blir ropt opp på flyplassen eller klappa på i det ein går inn på flyet. Det er flaut, helsing undertegna :D



Har du ikke fått flysete attmed den du skal reisa med og flyet er fult, så kan du høyra med kabinpersonellet om det er nokon som kan bytta, men det er fint å venta med dette til flyet er i lufta. Eg pleier alltid bestille taxfree varer slik at det står klart når eg ankommer Gardermoen. Når ein lander har ein jo berre lyst å komma seg heim. Det er eigen kasse for klikk og hent.



Nokon tips til deg så reiser med barn:

*Når du reiser med barn får du inkl eit bilsete og barnevogn per barn på Sas, Norwegian og Flyr, andre flyselskap har egne reglar så då må ein sjekka dei enkelte flysekslapa sine reglar

*Det er egen sluse i sikkerhetskontrollen for barnefamilier og dei så trenger assistanse på fleire flyplasser i Norge. Merk i Spania må barnet vera under året for at ein skal gå i familieslusa.

* Når ein bestiller flybillett til ein destinasjon med fleire flyavganger, kan ein tenka på om ein skal legga litt meir penga i flybilletten for å reisa med fly på dagen feks. Slik at ein ikke ødelegger døgnrytmen, og sleppe å komma ned på destinasjonen kjempe seint eller stå opp grytidlig. Det må ein finna ut kva som er best for sin familie.

* På langdistanse fly syns eg det er best å ta nattfly, då kan heile familien sova godt og vera utkvilt når ein kjeme fram på destinasjonen.

* Når eg reiste med barn under 1 år brukte eg å ha dei i bæresele på flyet. Då har du alltid to hender ledig til boardingkort og øvrig baggasje. Samt babyen kan sova mens ein går ombord. Etter take off og landlig syns eg det var trygt og godt å ha babyen i bæreselen då både mor og barn tok seg ein dupp.

* Det er kjekt å med ein liten sekk til barna med leiker, tegnesaker, spel ol.

*Kofferten frå Trunkie er kjekk å ha med på flyplassen, då kan barna sitta på den samt ha leiker i den.


Då gjenstår det berre å ynskja GOD TUR!





273 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page