top of page
  • Svart Facebook Ikon
  • Svart Instagram Ikon

Søkeresultat

53 resultater funnet for «»

  • Den hvite sjarmerende byen på Costa Blanca- Mine reisetips til Altea🤍

    Trange gater slyngjer seg oppover byen, flankert av kvite hus med blå skodder. 💙🤍 Overalt ser du fargerike potter, frodige blomar og små bord utanfor husa der lokalbefolkninga nyt dagen.🌸 Små nisjebutikker, koselige restaurantar og eit livleg torg skapar ein unik atmosfære. Er det rart eg har blitt forelska i Altea?Makan til vakker by!💙🤍 Augene mine knipsa minst like mange bilete som telefonen, og minna er godt lagra! 📸✨ Her får du mine reisetips til Altea: Strandpromenaden i Altea – Perfekt for morgentur og kafébesøk ☕️☀️ Altea har blitt ein fast destinasjon for oss dei siste åra. Det er noko heilt spesielt med stemninga her – roleg og avslappa, men likevel fullt av liv året rundt😎. Den nyoppussa strandpromenaden  er ein av byens perler, med aktivitetsområde for både barn, vaksne og hundar. 🛝 Langs promenaden finn du ei rekkje kafear og restaurantar med utsikt over det asurblå havet. Her kan ein sitje i timevis og berre nyte stemninga – noko eg sjølvsagt har gjort mange gongar!😎 Stranda består av krittkvite rullesteinar , som reflekterer dei same kvite og blå tonane ein finn i gamlebyen. 💙🤍 Perfekt for ein morgontur langs havet eller ein frukost i sola. 🌊🌅 Mitt beste restaurant tips langs strandpromenaden er LaCena by Nola , masse god mat og topp beliggenhet! Mine beste overnattingstips i Altea: Me har testa fleire overnattingstadar i Altea, og felles for alle er god standard, komfortable senger og flotte beliggenheiter. Dersom du finn ei leilegheit med balkong, er det eit stort pluss! Her er mine anbefalingar: 🏡 Casa Los Yayos by Nomad Stays  – Nyoppussa leilegheitskompleks i gamlebyen. Lekkert interiør med palmevegg og deilige hotellputer. Kjøkkenkrok, komfortabel sofa og altan (dersom du bestiller med dette). 😄Detta var virkelig ein komfortabel og lekker leilighet med det lille ekstra👌🏽🤩 Absolutt ingenting å utsetje her! 🏡 Casa Familiar en pleno Casco Antiguo de Altea  – Også kjent som "Den blå leilegheita".💙 Her blir du møtt av ei stor, lyseblå dør og ein sykkel som pynter inngangen. Blå skodder, blå panner og blå dekor skapar eit gjennomført og harmonisk uttrykk. Eit visuelt meisterverk!💙 🏡 Altea House  – Nyoppussa hostal med komfortable senger, flott bad og koselig terrasse. Aircondition på rommet. Ligg perfekt plassert mellom strandpromenaden og gamlebyen🫶🏼. 🏡 Hostal Perla Blanca  – Eit lite, sjarmerande hostal i ei sidegate nær kyrkja med dei ikoniske blå kuplane. Romslig, komfortabelt rom med utsikt til sjøen. 🐚🫧 (Eg deler mine beste hotelltips heilt gratis, og hotell lenkene er affiliate-lenker. Viss du bestiller gjennom dei, får eg ein liten provisjon – utan at det kostar deg noko ekstra. Tusen takk for støtta, det betyr mykje ! ) Mine beste Altea reisetips for mat og drikke: Altea er full av fantastiske restaurantar , mange med takterrassar og panoramautsikt over gamlebyen og havet. Her er nokre av favorittane mine: 🍽 MÒN Restaurant  – Kvalitetsmat og topp service! Her kan du sitje på takterrassen og nyte fantastisk utsikt. T-bone steiken var så god at tilbehøret nesten ikkje var nødvendig! 🍇 Shiraz Vino y Gastrobar  – Ein restaurant med herleg atmosfære på eit ope torg. Fantastisk mat og vin! Om du besøkjer på sommaren, hugs myggspray om du vil sitje ute. 🌿 FAM by Shabby Chic  – Ein av dei vakraste restaurantane i Altea. Bestill bord ute for å få den beste opplevinga av både maten og utsikta! 🍝 Little The Italy  – Midt i smørauga på det travle torget. Perfekt for å sjå på folkelivet mens du nyt ein god pastarett. 💙 Casa Vitale  – Norsk-eigd restaurant med ein magisk utsikt over havet. Dei er òg kjende for sin blå vin  – eit must å smake! 🍷 Shiraz Vinoteca- ein liten koselig vinbar med vin ein kan nyta i baren eller kjøpa med seg heim. Hyggelig personale og god snacks!👌🏽 ☕ LaCena by Nola  – Min faste frukostplass ved strandpromenaden. Fantastisk ferskpressa appelsinjuice, pannekaker og tostadas – ein perfekt start på dagen!🥞☕️ Gå gatelangs og sjå og kjenn på atmosfæren Ein tur til Altea er ikkje komplett utan å utforske dei sjarmerande, smale og fargerike gatene .💙🤍 Her treng du berre komfortable sko og ei vassflaske – resten ordnar byen for deg! Gamlebyen er eit kunstverk i seg sjølv, og dei lokale har gjort ein fantastisk jobb med å pynte opp med blomar, dekor på veggane og sjarmerande møblar. 🤩 Det er tydeleg at både fastbuande og besøkande respekterer omgjevnadene – gatene er ryddige og velstelte.👏🏽 Ta deg tid til å stikke innom nisjebutikkane , små kunstgalleri og sjølvsagt den ikoniske kyrkja med dei blå kuplane . 💙💙 Herifrå får du panoramautsikt over byen og havet – eit postkortmotiv i virkeligheta! Vil du ha eit hot tips kun ei liten kjøretur frå Altea? Mascarat stranda. Her er det idyll med rullesteinar og turkistblått hav! Det er flott å snorkla der òg. Det er mulig å leiga solstoler her om ein vil det. Ein kan parkera langs vegen og gå ned 5 min så er ein på ei så flott og mindre strand. Nei altså, sånne plassar er eit syn for auga, og veldig kjekt å finna🤩.Husk badesko. Korleis komma seg til Altea: Det er ca 45 min kjøretur frå Alicante. Rett ved veien, som deler Strandpromenaden med gamlebyen, er det fleire parkeringsmuligheter. Nokon er gratis òg! Det er òg parkeringsplass oppe på høgda ved kirka. Det går tram frå Alicante til Altea med stopp på fleire av landsbyane oppover. Det tar ca 1 time med tram frå Alicante til Altea. Takk for oss Altea, me sjåast att til sommaren! Altea er ein stad som set seg i hjartet 💙. Kombinasjonen av fargerike gater, god mat, fantastisk utsikt og avslappa atmosfære  gjer byen til ein av mine absolutte favorittar langs Costa Blanca. Så om du vurderer ein tur til denne delen av Spania – ikkje gå glipp av Altea!  ✨ Del gjerne ditt Altea tips med meg i kommentarfeltet så testar eg det ut neste gong! Har du lyst å lesa om andre flotte plassar i Spania så trykk på reisemål, Spania så kan du velga mellom Sevilla , Isla Tabarca og Alicante .

  • God mat og drikka i Europas mest solrike by- Alicante!

    Kulden begynnar å setta inn her i nord og det er mange solhungrige Nordmenn som ikkje er har lagt vekk sommarklea. Då er Alicante den perfekte plassen å reisa. Det er nemleg den mest solrike byen ved middelhavet. Her får du gourmetmat, heilt vanleg tapas, strand, gamleby, ei borg, fargerike hus, bra shopping og takbarar. Er det noko eg er god på så er det å kosa meg med skikkelig god mat! Det skal helst ikkje vera stivt, men med god kvalitet og spennande rettar, ja og god service! Bli med på ein typisk ettermiddag i Alicante (uten kids). Me begynnar på baren Noray, som ligger i enden av havna. Er du heldig så får du bord heilt uti sjøkanten, her er det ingen gjerde, så vær litt obs om du ikkje vil ta ein dukkert ;) Vidare går ferden bortover promenaden med dei bølgete flisene og palmar så lager nermast eit tak over promenaden. Her er det boder med nips på eina sia og restauranter på andra sia. Vil du sjå på alle svære båtane så ligger i havna kan du gå over veien og langs havna. I enden av promenaden møter me på ei fontena og det store hotellet Melia ut på ein odde. Rett framfor hotellet setter me oss ned på favorittbaren vår, Samoa Cafe del puerto, her diskar dei opp med dei beste drinkane, itillegg til god smak er dei lekre! For min mann som er veldig glad i gin så er dette drømme plassen. Etter me har nytt ein drink eller to ruslar me 5 min til ein av mine favoritt restaurantar El Portal Taberna. Altså her får du nydelig mat, med trøffelsmak i stillige omgivelsar, nett så ho likar det! Prøv Steve jobs, trøffel carpaccio og Denia rekene, gjerne med eit glas Krug til. Eg avsluttar alltid med eit lunka kjeks med sjokolade, olja og havsalt, og med ein nydelig coctail etter desserten;) Er det ein plass dei gjere seg flid med coctailen, så er det her! Det er underholdning å sjå på bartenderane! Lenger nede i blogginnlegget finner du fleire restaurantar som er verdt å merka seg for mat elskarar! All denna gode maten må jo fordøyast, så då blir det ein rusletur oppover gamlebyen, her er det masse liv og masse restaurantar. Vidare oppover kjeme me til bydelen Santa Cruz, her er det hus i alle regnbogens fargar, med koselige uteparti med blomar, skilt og fontener. Dette er virkelig drops for augo. Det begynnar å skumra så me går vidare oppover til borga Castillo de Santa Barbra og nyter solnedgangen og 360 graders utsyn over Alicante! Eg kjenner all gåinga fremmar svult, så me går rett og slett nedatt og setter oss i streeten Carrer Tarifa. Der kosar me oss med små tapas mens me ser på folk som svingar seg på det utendørs "Dansegolvet" til spanske rytmer. Det er bra liv i gamlebyen og folk hyggar seg, ja ein kan jo sitta ute og nyta! Det er mange barar om ein vil fortsetta kvelden, men me gjekk tilbake til hotellet vårt Dormirdcine Alicante. skal ein komma seg opp til frukost er det greit å legga. På bildene under ser du det stilige hotellet. God natt og takk for turen! Under bildene har eg lista opp fleire av mine favoritt restaurantar og kva anna ein kan finna på i Alicante by! Litt tips til deg som skal besøka Alicante: Gode restaurantar: Bar Manero, El Portal, Nou Manolin , District 41, La Taberna, Monastrell I Carrer Tarifa og området rundt finner du dei tradisjonelle tapas restaurantane som er eit hakk rimelegare enn dei over. Der er det lagt opp til at ein skal sitta ute. La Taberna de San Pascual, Cervezas Alhambra, Cerveceria Koki for å nevna nokon. Takbarar og barar: Fleire av hotella har takbarar så ein kan nyta utsikt til borga; Hotell Hospes Amerigo og Highbar på hotel Odyssey Rooms Alicante har me testa og var veldig bra! Området rundt Plaza del Portal de Elche er det fleire gode coctailbarer på bakkenivå. Aktivitetar for heile familien: Med barn er det eit eldorado å gå på det utendørs leikparken/tivoli El Mundo de los Ninos i begynnelsen av havna. "Soppegata"/ Carrer Sant Francesc kjekk å leika i og eta tapas. Ein kan både gå og ta heis opp på borga, Castillo de Santa Barbra Bystranda er flott å bada på; El Postiguet beach Ta båt ut til øya Tabarca , går frå havna. Les meir her . Mercat Central d'Alacant, med masse gode råvarer, så du kan kjøpa med deg heim å laga mat. Shopping: Shopping streeten Maisonave har butikkar som Zara, Mango, Sephora og senteret El Corte Ingles. Shoppingsenter utanfor Alicante sentrum: Gran Via og Plaza Mar 2, samt Outlet. Transport Gateparkering og parkeringshus, me brukar Calle Rafael Terol. Buss frå Gran Alacant og Santa Pola stoppar på busstasjonen i enden av havna. Trikken går frå Alicante og oppover kysten til byane med endestasjon i Denia. Taxi er lett å få tak i på taxi haldeplassane rundtom i byen Toget går til ulike byar i Spania, samt hurtigtog til Madrid på 2 timar. Frå Oslo går det dagleg flygningar, samt bra med flygningar frå nokon av dei andre byane i Norge, kun 3,5 times flytur! Overnatting: Melia og Porta Maris er populære, og har basseng. Dormirdcine Alicante er eit enkelt men stilig innreda hotell i gamlebyen. Eit lite basseng på toppen. *Når eg reiser med ungane inn til Alicante legger eg opp løpet litt anleis enn i beskrivelsen over, gjerne innom ein leikeplass, iskiosk, shopping ol. Mitt første inntrykk av Alicante når ein ser på byen frå utsida, er at den er langt ifrå lika vakker slik som Barcelona og Sevilla . Men her har dei ikkje samme sans for arkitekturen. Eg kosar meg i byen for det om eg! Casa Berge ligger berre 20 min med bil frå Alicante by, så naturlegvis reiser me inn til byen når me er på ferie. Bildene er frå forskjellige turar oppover dei 10 åra me har feriert på Casa Berge. Alicante er faktisk den byen utanfor Norge som eg har besøkt flest gonger!, Eg har delt masse av Alicante opplevelsane mine i Sosiale medier , ta gjerne ein kikk. På Instagram har eg eit eiget høgdepunkt som heiter Alicante. Har du spørsmål til Alicante, send meg gjerne ein melding ! Håpar du fekk lyst å ta deg ein tur til den koselige byen med dei mange gode restaurantane!

  • Gran Alacant og Santa Pola- Den perfekte ferieplassen i Spania

    Casa Berge – Vårt paradis i Spania Gran Alacant er blitt vårt andre heim, og me reiser hit så ofte me kan. Me er så heldige å ha Casa Berge, vår hytte i Spania, berre 10 minutt frå Alicante flyplass . Etter under fire timar med fly frå Sør-Noreg, landar me i sol og varme. Det er ein grunn til at så mange skandinavere har funne vegen hit – klimaet er fantastisk heile året! Gran Alacant har ein fin miks av fastbuande spanjolar, skandinavar og engelskmenn, noko som gjer det både levande og trygt. Ein sosial plass – Du møter alltid kjensfolk Sidan me kjøpte Casa Berge i 2013 , har me besøkt staden på ulike tider av året. Sommaren tilbringer me minst tre veker her – for kva er vel betre enn solgaranti og palmesus ? 🌴☀️ Kvar gong me er her, møter me kjende. Gran Alacant har få hotell, men mange flotte leilegheiter og hus med fleire soverom, takterrassar og ofte felles basseng. Her kan du reise både som par og storfamilie. Det finst også ein Norsk klubb  som arrangerer sosiale samankomstar, vinlotteri, turar og 17. mai-feiring. Det er lett å føle seg heime her! Slik kjem du deg rundt i Gran Alacant og Santa Pola Å komme seg frå flyplassen til Gran Alacant eller Santa Pola er enkelt – du kan ta buss, taxi eller leigebil . Bussen går jevnleg mellom Gran Alacant og Santa Pola, og vidare til Playa Carabassi  eller Alicante by . Frå Alicante kan du ta trikken oppover kysten eller hurtigtoget til Madrid . Me som har bil, køyrer mykje rundt i området og får oppleve mange sjarmerande plassar. 🚖 Taxi-tips:  Du må ofte bestille taxi på førehand. Kontakt Elvis Taxi  på WhatsApp: 0034 667 50 8017. Aktivitetar for heile familien Spania er suverene på utandørs leikeplassar , og i Gran Alacant finst det tre flotte leikeområde der barn frå ulike nasjonalitetar leiker saman. Det er også mange aktivitetar å utforske: Turisttog  frå toppen av Gran Alacant ned til senteret – perfekt for barnefamiliar. Leikeområde på Gran Alacant senteret , inkludert karuseller, hoppeslott og trampoliner. Dyrepark og badeland  i Rio Safari Elche (10 min køyring). Fornøyelsespark i Pola Park  ved Santa Pola. Mirador del Faro  – fantastisk utkikkspunkt mellom Gran Alacant og Santa Pola. 💡 Reisetips:  Skal du reise med småbarn? Ta med bleier  frå Noreg (billegare) og sjekk ingrediensane på babymat – mykje inneheld honning, som ikkje er anbefalt til små barn. Du finner fleire tips i innlegget mitt her. Vamos a la Playa – Strender i området Ein tur til Playa Carabassi  er obligatorisk! Dette er ei av dei flottaste strendene i området , og strekkjer seg nesten 10 km  frå Santa Pola til Alicante. Her er det brei sandstrand , langgrunt vatn og tre strandbarer – éin med godt utval av mat. I Spania er det vanleg å ta med eigne solstolar og parasollar , samt kjølebag med mat og drikke. Søndagar er familiedag , der spanske familiar samlast med store telt, mat, ballspel og sosialt samvær. Santa Pola har fleire mindre strender med rolegare bølger og flott snorkling  mellom steinformasjonane langs kystvegen. Om vinteren er strendene fulle av turgåarar , og me elskar å spasere langs havet uansett årstid. I romjula hoppa ungane i havet – kanskje ikkje like lenge som om sommaren, men temperaturen var som ein god norsk sommardag! Marknader og shopping 🛍 Marknader i området: Gran Alacant-markedet  (torsdagar) – ferske grønsaker, frukt, klede og husartiklar. Santa Pola-markedet  (laurdag og måndag) – mykje større utval, samt bruktmarked. Fiskemarked på Playa Levante  – fersk sjømat rett frå båten! 🛒 Beste shoppingstadar: La Zenia  – utandørs kjøpesenter med butikkar og leikeområde for barn sør for Torrevieja Plaza Mar 2 og Gran Via  – store handlesenter i Alicante. The Outlet Store Alicante  – for gode tilbod. Kinabutikkar  – her finn du alt frå kjøkkenutstyr til solstolar. Santa Pola – Sjarmerande hamneby Santa Pola er perfekt for ein avslappande dag langs havna . Her kan du rusle, nyte god mat eller ta ein joggetur ved sjøkanten. 🥘 Anbefalte restaurantar i Santa Pola: Zvra  – fantastisk italiensk mat i Club Nautico-bygget . Mesón Cervantes & Posito Pesquero  – autentisk spansk mat i gamlebyen. Choco & Latte  – den beste kaffen og kakene i byen. 🚤 Utflukt:  Ta båten frå Santa Pola til Isla Tabarca , ei idyllisk øy med sjarmerande små hus og krystallklart vatn. Billetter kjøpast ved hamna – ver ute i god tid om sommaren! Mat og drikke på Gran Alacant 🍽 Favorittrestaurantar: Ohana  – argentinsk grillrestaurant med saftig kjøt. Sol e Luna  – herleg italiensk pizza med stor uteservering. Atipico  – smårettar inspirert av Spania, Asia og Latin-Amerika. Tuttis  – variert meny med gode drinkar (prøv mojitoen!). Cielo Largo  – populær asiatisk restaurant der eigarane helsar deg velkomen på norsk! Azafran Indian Restaurant & Bar  – god indisk mat på torget ved Dial Prix. 🧀 Matbutikkar:  Butikkane i Gran Alacant har godt utval av fersk fisk, kjøt, glutenfrie og laktosefrie produkt , samt eit lite utval norske varer. Mitt ettermiddagsritual? 🍷 Spansk skinke, ost og eit glas sangria! Kor kan ein bu? Gran Alacant har mange flotte leilegheiter og hus til utleige . Me leiger ut vår andre leilegheit i Altomar 2  – send meg ein e-post på info@reisermedglede.no  for meir informasjon. Kva kan ein gjera: - Dyreparken (med vannland om sommaren) - Rio Safari Elche ca 10 min å kjøra - Fornøyelse parken Pola Park rett utanfor Santa pola - Dyrelivet ved Saltsjøane i Santa Pola ( må ha bil) - Mirador del Faro, kan gå frå GA og SP eller ta inn ein stikkvei på veien mellom GA til SP - La Marina Vannpark ( på Campingplassen, ikkje mulig for drop in i høgsesongen). - Utendørs Shopping på La Zenia med litt vannfontener for barna - Shopping på La Habaneras, Plaza Mar 2, Gran Via og The Outlet store Alicante - Den rosa Saltsjøen utenfor Torrevieja med Saltmuseumet - Palmeparken i Elche med super leikeplass - Alicante by med borga og Santa Cruz - les eget blogginnlegg her - Dyrepark , badeland og fornøyelsepark utenfor Benidorm - Asia garden hotel utenfor Benidorm - Utflukt til Isla Tabarca- Les eget blogginnlegg her - Altea og ei sjult perla- Les eget blogginnlegg her - Vingårder, eg har vore på besøk til Bodega Enrique Mendoza - Utflukt til den fargerike byen La Vila Joyosa- Les blogginnlegget frå mine reisevenner i Reisekick her - El Palmeral de Alicante - Solnedgangen ved Torre Tamarit (må kjøra) - Masse flotte vandreturar - Tur i Clot de Galvany - Kinabutikkane der finner du alt du trenger av kle, verktøy, kjøkkenutstyr, solstolar, badesko mm. Gabe marked nede på Gran Alacant er digert og forholdsvis nytt. - Ønsker du ein tur til frisøren eller stella neglene då er MJJ plassen. Ei familiebedrift der mora Mavi og dattera Jenny lagar deg flott på håret mens den andre dattera Jessica steller negler og føtter. Dei snakkar englesk, tysk og spansk, så dei fleste blir forstått her. Prisen er ca halvpris av Norge. Eg har allrede booka min time der i sommar, då det er meget populært. - Er du glad i god mat er Alicante byen for deg- fleire tip s på sosiale medier og her - Gå rundt og kjenn på stemningen- herlig vil eg sei! Håpar du blei frista til å reisa til Gran Alacant og Santa Pola! Spania er ein fantastisk plass å reise til – enkelt å komme seg rundt, vennlege folk og ein avslappa atmosfære. Gran Alacant og Santa Pola er stader me aldri blir lei av!  Kanskje me møtast på Casa Berge? 😎 Følg meg på Instagram og Facebook  for fleire tips! 📸✨ Skriv gjerne dine gode tips under, så testar eg neste gong!

  • Oppdag Oslobukta – Guide til Restauranter, Hotell og Opplevinger

    🌆Mine beste tips til Restauranter, Hotell og Opplevinger i Oslobukta: Oslobukta har blitt eit av mine favorittområde i Oslo! Her finn du spennande restauranter, herleg atmosfære og kjekke aktivitetar for ein kvar smak🍴🖼️🛶 Kanalane slyngjer seg mellom dei stilige bygga og skapar luftig og urbant preg på byromområdet. Det er rett og slett ei glede å rusle rundt her og berre sjå🤩. Når eg reiser til Oslo, vel eg ofta å bu og eta i Oslobukta. Området er urbant, men har likevel ei rolegare stemning enn andre delar av byen🌟. Kvaliteten på maten er høg, servicen er god, og atmosfæren gjer opplevinga komplett. Overnatting Mitt favoritt hotell Clarion Hotel Oslo , ligg sentralt plassert med trikk og buss like utanfor døra, berre fem minutt å gå frå Oslo S. Dette hotellet har alt eg ser etter: topp service, delikate rom og ein nydeleg frukost. Allereie i det eg kjem inn, møter eg ein behageleg duft, imøtekomande personale og stilrein innreiing. Romma er lekkert designa, og eg ber alltid om utsikt mot Barcode. Sengene er komfortable, badet romsleg, og dusjprodukta av god kvalitet. Frukosten er blant dei beste eg har smakt i Oslo, med eit godt utval av førsteklasses råvarer. Dei serverer blant anna eplejuice av høg kvalitet, spekeskinke, ostar og ein utruleg god kjøleskapsgraut. Dei har også godt utval av gluten- og laktosefrie alternativ. Pluss:  Sentrale rom, topp frukost, hyggeleg personale. NB:  Kan vera populært, så bestill i god tid! Restaurantar og kafear Eg prøver ofte nye restauranter når eg er i Oslo, men nokre favorittar vender eg alltid tilbake til: Asiatisk mat Dinner og Nodee Sky   – Begge har skikkeleg god mat i stilige lokale med topp service. Vil du nyte ein drink med utsikt eller fantastisk asiatisk mat, bestill bord på Nodee Sky  i 14. etasje. Eg elskar dumplingsane og money bags-a på Dinner !🤩 Koie Ramen  – Eit nyare tilskot i Oslobukta som byr på autentiske og smaksrike ramenrettar. Servitøren guida oss gjennom menyen, og me valde heilt andre rettar enn me fyrst hadde tenkt – noko me ikkje angra på! Ekstra pluss for god service.👏🏽 Europeisk mat Lutlaget  – På dagtid er dette eit bakeri med dei deiligaste bakverka, og på kveldstid ein flott restaurant med nedpå stemning. Me starta med kamskjell og biff tartar – heilt nydeleg! 👍🏽Biffretten deira med den berømte café de paris sausen var òg ein innertiar. Eg avslutta kvelden med ein perfekt miks av dessert og cocktail: ein Porn Star Martini🌟. Vin og drikke Vin Bjørvika  – Ein liten og intim vinbar med stilrein innreiing og bilete frå ulike vinområder. 🍷Dei har eit imponerande utval av vin, heile 130 slag på glas og over 600 ulike typar vin på flaske🌟. Menyen er smart laga med druer og symbol som gjer det enkelt å finna noko ein likar🍇🍷Servicen er fantastisk – vinkelnaren hugsa til og med kva eg drakk sist gong! Eg har smaka på både speke og ostetallerken, der ostane er para med gode syltetøy og gelèar🧀🥖. Hammer Hai  – Ein cocktailbar med kult interiør og kreative drinkar🍹 I Baren - Ein gastrobar med godt utvalg av drikka og nokon gode mat rettar tilpassa sesong. Her kan ein nyta utsikten utover Oslobukta.🍻 Cafear: Talormade - Her finner du donut i lekre fargar og smakar. Dei sklei rett ned hos oss!🍩 Paradis - Detta må vera den beste sorbet isen eg har ete! Sitron var favoritten! Så freshe og fargerike lokaler til å bli glad av!🍧 Mat du kan ta med heim Annies Oslobukta  – Perfekt for dei som vil ha med seg noko godt heim. Her finn du kjøt av alle slag, eit stort utval av ostar og masse godt tilbehør. Me pleier å ta med oss heim ein tørrhengt T-bone steak til helgekosen!🥩 Aktivitetar i Oslobukta Oslo Badstuforening Ein av dei mest forfriskande opplevingane i byen! 🤩 Her kan du varma deg opp i ei av badstuene med panoramautsikt over Oslofjorden, før du hoppar i det kalde vatnet. Dette er ein sosial og litt utfordrande aktivitet – perfekt for vennegjengar eller dei som vil teste komfortsona si🎖️Pris: 220-260 kr for ikkje medlemar for 1,5 time. Det er òg mogleg å leiga ei heil badstu for vennegjengen. Hugs å ta med hengelås eller kjøp på staden. Booking skjer via nettsida . 🏊🏼‍♀️ Operahuset Operahuset er eit av dei mest ikoniske bygga i Oslo. Det er populært å gå tur på taket, sole seg på sommaren eller oppleva ein klassisk konsert. 🎼Det er også ein kafé med uteservering her om sommaren. Deichman Bjørvika Oslos nye hovudbibliotek er ein arkitektonisk perle. Perfekt for å jobba, lese eller ta med barna for å skapa leseglede. 📚 Munchmuseet Dette imponerande bygget ruvar over Oslobukta og husar kunsten til Edvard Munch🖼️. I tillegg til utstillingane har museet ein kafé med lekre fristelsar og ein bar på toppen med fantastisk utsikt. Sørenga Går du over brua til Sørenga, finn du restaurantar på rekke nedover. Eg har prøvd Coyo , ein autentisk mexicansk restaurant, og Castillo , ein tapasrestaurant med hyggeleg stemning. 🌵Ytterst på Sørenga kan du ta eit forfriskande bad på den fine sandstranda eller leige kajakk.🛶 For barn: I Oslobukta kan ein fint kosa seg heile familien. Det er ein spennande leikeplass med klatring og sklibane midt på torget. Itillegg er det barneavdeling på Deichman bibliotek som byr på leseglede. For ikkje å gløyma dei spennande donutsa ein kan kosa seg med på Talormade, dei var super gode! Mine barn syns det var kjekt å berre gå rundt å sjå på husa, kanalane og folka!👧🏼👦🏽 Oppsummering Oslobukta er verkeleg ein av dei beste plassane i Oslo for mat, overnatting og opplevingar.🤩 Enten du vil nyte god mat, sjå vakker kunst eller berre slappe av i ein badstue med utsikt over fjorden, så er dette staden! Har du nokre favorittar i Oslobukta? Del gjerne i kommentarfeltet!

  • Vingårdsferie i Toscana

    Drueranker, landsbyliv og masse god mat og vin var det som venta oss på denna Vingårdsferien! Alt eg har drømt om med ein slik tur gjekk i oppfyllelse! (Forutenom vêret, men det kan ein ikkje gjera noko med, ein lyte berre gjera det beste utav det!). Me var 6 venner som reiste på denna turen og me hadde det topp alle sammen! Me flydde til Pisa med Flyr, tok taxi inn til Pisa by for å sjå på det skeive tårnet og fekk tatt eit obligatorisk bilde når me første var der. Etterfulgt av ein deilig pizza og pasta lunsj i kvartalet rundt. Det seies vel at dei beste restaurantane finner ein ikkje rundt tårnet, men no hadde me kun 2 timar til rådighet før tidenes taxisjåfør kom å henta oss og kjørte oss til vingården. Det viste seg at han blei vår sjåfør for resten av opphaldet. Me fekk masse gode tips av han og masse morsome historiar fra hans liv rundtom i verden. Han var til å stola på og møtte alltid opp før avtalt tid, både tidleg og seint på dagen. På vei ut til vingården opna det seg eit flott Toscansk landskap med toppar der vingårdene og landsbyane låg oppå og dei tynne høge trea laga ein paviljong oppover. Nesten litt herskapleg enkelte plassar. Det samme var det med vår vingård Casale Pomendovo . Ein flott vedlikeholdt vingård. Me hadde booka toppleiligheten med 3 soverom med tilhøyrande bad, stova og kjøkken, egen uteplass hadde me nedanfor leiligheten. Sola steikte og det var bra varme i lufta, så det var berre å hiva på seg bikinien og gå ned til bassenget. Her kunne me vore i timasvis og berre nytt hyggelig selskap og det flotte Toscanske landskapet, ja og roen. For no var me langt ute på landsbygda. På kvelden var det duka for middag på vingården, der me fekk pasta og deilig kjøt med vingårdens egen vin! Vertskapet på vingården var hyggelige og behjelpelige, så her følte me oss velkommen! Me våkna til ein nydeleg soloppgang, og me hadde fått toppetasjen med panoramautsikt til "heile Toscana", så takk til dåka andre for at eg fekk velga rom og fekk tatt så masse flotte bilde! Berre sjekk bildene, heilt nydeleg! Det var duka for frukost ute i restauranten. Det var litt buffet og litt ala carte, så me blei gode og mette. Me kunne velge mellom yoghurt, brød, croissanter, egg, bacon, skinke, ost, frukt og kaker, ja for ikke å gløyma dei smakfulle tomatene altså! Etter frukost tok me jentene tok oss ein rusletur gjennom drue rankene, på veien fant me masse oliventre òg. Tilhøyrande leiligheta vår hadde me ein pergola nedanfor der me kosa oss med ein bellini mens me skravla og nytte det Toscanske landskapet. Og igjen roen, det var heilt nydeleg! Langt vekke frå bråk, her var det berre oss og nokon gjester til. Så me satt heilt uforstyrra i vår koselige pergola. Detta er det ein kan kalla kvalitetstid med venner! På ettermiddagen kom sjåføren vår å henta oss for å ta oss med til vinsmaking på ein gård nokon hakk lenger borte. Der fekk me omvisning i produksjonslokale og litt innføring i korleis dei laga vinen. Så gjekk me opp for å smaka, her fekk me ost og skinka attåt. Vinsmaking er kjekt, sjølv om me ikkje var overbegeistra over vinen. Men eg syns me fekk masse for 200 kr per pers. Taxi sjåføren var på plass å kjørte oss til ein vakker landsby som heiter San Gimigano ca 45 min unna. Det pøsregna og i det me entra bymuren gjekk straumen og heile landsbyen blei mørklagt. Detta var ein morsom opplevelse, nett så i ein skummel film. Me hoppa inn på den første og beste restauranten. Naturlegvis kunne dei ikkje laga mat, men me delte ei flaska Prosecco mens me kosa oss i mørket. Etter ei stund fekk me høyra at dei hadde straum på andre sia av byen, så då var det berre å slå opp paraplyen, setta på lommelykta og gå gjennom byen, for mat måtte me jo ha. Våte som nokon drukna kattar såg me endeleg lys og kom oss inn på den første restauranten. Det var nok ikkje den beste, men me fekk ly, mat og drikka. Og jammen hadde me det ikkje ganske så morsomt òg. Turen heim var våt og mørk, men sjåføren kjørte oss nesten til døra! Vêret får ein ikkje gjort noko med, så då må ein gjera det besta utav det! Når eg våka neste morgon tenkte eg at eg kunne gløyma soloppgangen, men det var mystisk og stillig soloppgang, der skodda hang over det flotte landskapet og sola prøvde å bana vei gjennom. Det letta og blei bra utover dagen. Me hadde ein date med taxi mannen og han kjørte oss til ein ny landsby, Volterra. Som ligger ca 30 min fra vingården. Landskapet på den kjøreturen var heilt nydeleg og ganske annleis enn det me hadde sett dei andre dagane. Eg var jo utnevnt så reiseleder så måtte sitta framme ;) Då fekk eg sett ganske bra. Volterra låg oppe på ein høgde med flott utsikt utover. Denna ettermiddagen fekk me gått tørrskodd! Masse små trange gater, med koselige souvenirbutikker, delikatessebutikker og barer og restauranter. Her var det hygge stemning! Me poppa inn på ein vinbar der heile veggen var fylt av vin, og det var mørkt interiør, me måtte bøya oss for å komma inn. Veldig sjarmerande. Her blei det smaking av litt forskjellige vinar i distriktet, og den beste osten på heile turen. Skikkelig koselig stemning og ein engasjert drivar. Her blei me sittande eit par timar, og litt godsaker blei det kjøpt med heim òg. Men me måtte jo gå litt i gatene òg før mørket kom. Me handla litt kjøkken redskaper laga av oliventre, is, og andre delikatesser til å ta med heim. Rett før middag rakk me den fine solnedgangen. Me hadde fått anbefalt restauranten Enoteca del Duca av vingården. Den var kanskje litt stiv for vår del, men nydeleg biff då! Den litt arrogante servitøren la ein demper på totalinntrykket, så me gjekk vidare for dessert. Me fant den koseligste restauranten med digg tiramisu og hyggelig vertskap! Ja for eg kan jo ikkje reisa til Italia uten å eta tirramisu! Ein nydeleg vingårdsferie har det vore, og me har kosa oss masse med kvalitetstid, hygge og nye opplevelsar! Me skulle egentlig ha nokon aktivitetar som trøffeljakt og matlagingskurs, men pga vêret og tidlig avreise droppa me det. Eg syns det var topp å ikkje ha for masse program. For det var heilt nydeleg å berre nyta! Av og til trenger ein slike feriar. Når omgjevelsane er så vakre og selskapet så hyggelig så trenger ein ikkje alltid så masse opplegg! Eg fekk masse hyggelige meldingar på instagram om kor flott det såg ut, og om det virkelig var så flott så det såg ut til, eg svarte: endå flottare 😁 Det er noko med heile settingen, lukten, atmosfæren, folka tillegg til det vakra! Eg fekk inn masse spørsmål så eg tenkte å dela under her, samt litt praktisk info om ein vingårdsferie. Det er masse planlegging som trengs før ein slik tur, og sjølv kor masse eg har reist så har eg ikkje vore så masse i italia, så eg kontakta PrimaToscana for å finna ein fin plass å bu. Dei er ekspertar på Toscana, og kjenner plassen. Det var bra service og plassen var super! Q&A Pris på reisa?: Det kjeme heilt an på når ein reiser og når ein bestiller. Men me bestilte fly og overnatting eit halvt år i forveien. Fly per pers Osl-Pisa: 2300kr + Overnatting inkl frukost: 2200kr per pers. Hadde dere leigebil?: Nei, men det var anbefalt da det er store avstandar og lite kollektivt. Me skulle på vingårdsferie og drikka vin, så derfor hadde me sjåfør. Taxi mannen vår heite Filippo Perferi tlf: +39 333 341 8844 på WhatsApp. Han var veldig pålitelig, rimelig og hyggelig. t/rt flyplassen ca 500kr per pers. Viktig å bestille taxi forkant, da det er få så tar meir enn 4 personer. Hvor bodde dere?: Me budde på Vingården Casale Podernova ved ein liten landsby så heite Terrecciola. Leiligheten hadde 3 soverom med tilhøyrande bad, stova og kjøkken + ein pergola utanfor. Det var frukost inkl i prisen, og ein kunne eta middag der òg. Ein bitteliten landsby og eit par vingårdar i gåavstand fra vingården, mulig å låna syklar. Hvordan gikk du fram for å bestille: Først sjekka eg flybilletter både til Milano(Piemonte) og Pisa (Toscana), og sjekka avstandar fra flyplassene til vindistrikta. Valgte så Toscana pga kortare transfer fra flyplassen og flytider. Gjorde eit kjapt google søk om vingårder, så kom PrimaToscana opp. Eg kontakta dei og skreiv kva me ønskte og dei sendte meg nokon alternativ. Dei kjenner Toscana ut og inn, så her er det berre å stola på kunnskapen deiras! Og det svarte til forventningene. Taxi kontakten fekk eg via ein vingård eg spurte. Turene til landsbyane bestilte me direkte via taxi sjåføren vår. Vinsmakinga booka eg på nettsida til vingården. Snakkar dei engelsk der: Dei snakka greit engelsk på restaurantene og vingården. Men ein kjeme langt med eit smil og litt peiking òg. Var det restauranter i nærheten: Det var eit par i ca 20 min gåavstand til Terrecciola, restaurant på vingården, ellers måtte ein ha bil/taxi. Det var òg muligheter for å laga seg mat på kjøkkenet i leiligheten. Nærmeste landsbyer: Me fekk god innføring av taxisjåføren kva landsbyer som var verdt å besøka og ikkje, så me fulgte hans råd om San Gimigiano og Volterra. Heilt nydeleg. Men då i taxi/kjøreavstand 30-45 min unna. Prisnivå i Italia: Ganske greit, ein middag på ein vanlig restaurant ute kostar ca 300 kr, forrett, hovedrett og vin. Ei flaska prosecco på ein bar ca 250 kr. Alt på matbutikken var billig. Type Mat: Dei har alt, men sjølvsagt er det godt å smaka på pizza og pasta når ein er i Italia, og for ikke å snakka om alle dei gode ostane og skinkene! Masse godt kjøt var det òg! Opplevelsen rundt: Ja det var ein nydeleg opplevelse med ein herlig atmosfære. Eg likte å bu på ein vingård, med det flotte landskapet rundt. Å vera samla vennegjengen der, og ikke vera spredd til kvar vår kant som ein ofta kan bli i ein storby. Det er masse å finna på, så ein må legga opp ein plan etter kva ein ønsker for sitt reisefølge. Servicen i Italia: Dei fleste var hyggelige, men nokon var litt arrogante, og det appellerte ikkje heilt til oss. Eg tenker det er lov å smila litt meir på generell basis. Vår sjåfør var veldig hyggelig då :D Kva områder egner seg for vingårdsferie i Italia: Dei to store er Toscana kor me var og Piemonte lenger i nord. Hvordan finner man aktiviteter: Spør overnattingsstedet eller dei du bestiller reiser gjennom. Me blei anbefalt aktiviteter gjennom Arianna and friends , dei er godt kjent i området der me budde. Og har bla matlagingskurs, trøffeljakt, oliven og vinsmaking. Mine tips her; ikkje legg opp til for mange aktiviteter, det er godt å nyta litt òg. Håpar du blei inspirert til ein vingårdsferie, det anbefalast! Likte du det du leste, trykk gjerne på hjerta under, og del med dine vininteresserte venner:) Ciao Bella!

  • Vintur i Piemonte – Lokal mat, sjarmerende landsbyer og autentisk vinsmaking 🍇

    Ei smaksrik vintur gjennom Piemonte I september fekk me høve til å utforske dei sjarmerande landskapa i Piemonte, Italia. 🍇 Denne regionen, kjend for sine verdskjende vinar og rike kulinariske tradisjonar, tok oss med på ei reise gjennom vingardar, lokale delikatesser og autentiske smaksopplevingar. Me var tre vennepar som reiste på årets vintur og landa i Milano MXP , der sjåføren vår venta på oss. Frå Milano til Barolo, Piemonte  tok det ca. to timar med bil. Turen vår var primært for å nyta god mat, smaka på lokale vinar og oppdaga dei sjarmerande landsbyane . Alt dette fekk me oppfylt – og meir til! Dette var rett og slett eit eventyr! Dag 1 – Ankomst til Barolo og første smaksoppleving Vel framme i Barolo sjekka me inn på Asilo in Barolo , ein nydeleg leilighet med sentral beliggenheit. Som velkomst fekk me servert ein frisk italiensk boblevin – den perfekte starten på vinturen!  🥂 Lunsj med utsikt Etter innsjekk gjekk me ut i dei sjarmerande gatene i Barolo for å finne lunsj. Me slo oss ned på Petit Bistrot , ein tilfeldig valdt restaurant – men for ein fulltreffar! Me fekk ein av dei beste utsiktene ein kan tenkje seg , med panoramautsikt over vinrankane. Her nøyt me deilige pastarettar og kjøttretter, sjølvsagt akkompagnert av vin frå området. Middag på Osteria La Cantinella På kvelden hadde eg booka bord på Osteria La Cantinella , ein koseleg restaurant i gåavstand frå leiligheten. Her fekk me servert autentisk italiensk mat i ein avslappa atmosfære. Det var heilt fullt i lokalet – og ikkje utan grunn! Barolo har ikkje mange opne restaurantar på kveldstid, så å booka på førehand er eit must . Etter middag rusla me rundt i dei stille, historiske gatene  før me trekte oss tilbake for natta. Dag 2 – Vinsmaking og besøk til vakre Monteforte d'Alba Dagen starta med ein roleg morgonkaffe på altanen før me gjekk til frukost på DiVin Cafè , ein kafé anbefalt av vertane våre på Asilo . Her sat me blant lokalbefolkninga og såg korleis byen vakna til liv. Vinsmaking på Pietro Rinaldi Så var det tid for turens første vinsmaking! 🍷 Me vart henta av sjåføren vår og køyrde ca. 20 minutt mot Alba, til den idylliske vingarden Pietro Rinaldi . Vingarden låg på ein bakketopp med ein fantastisk utsikt over vinlandskapet! Me fekk ein elegant velkomst med bobler , før me sette oss ned for ein mat- og vinparing  med fem vinar og tilhøyrande smårettar. Dei fleste rettane var himmelske, medan eit par var litt meir spennande. 😉Dei har nokon rom der òg, så mulig å overnatta der. Eg møtte Mr Rinaldi  på Fauno restautant på Gjøvik i vinter og fekk kontaktinformasjonen hans der. Monteforte d'Alba – Ein landsby rett ut av eit postkort Etter vinsmakinga tok sjåføren oss vidare til Monteforte d'Alba , ein liten landsby som var ei fryd for auga ! Dei fargerike husa som slynga seg oppover gatene skapte ei magisk atmosfære. Tips:  Book bord på førehand! Me hadde ikkje gjort det, og enda opp på ein heilt enkel pizzeria – Pizzeria in Piazza. Likevel fekk me ein fin oppleving i denne nydelege byen. Fleire restaurant tips i Monteforte d`Alba kjeme lenger ned i innlegget. Dag 3 – Takbar med utsikt og vinsmaking på Diego & Damiano Me starta dagen med restepizza til frukost – toppa med mimosa  på altanen. Perfekt start! 🍊🥂 Takbar med panoramautsikt Etter frukost gjekk me til Borgogno Takbar  i Barolo, der me fekk ein av dei beste utsiktene over Piemonte . Vinsmaking på Diego & Damiano Deretter rusla me vidare til vingarden Diego & Damiano , berre 5-10 minutt unna sentrum. Her fekk me ei grundig innføring i vinproduksjon , og han fortalde med ekte lidenskap om vinen, druene og tradisjonane. Veldig flott og autentisk vinkjellar dei hadde der! Me fekk smaka på 5 forskjellige vinar som falt i smak og jammen blei det ikkje med nokon heim òg! 📝 Tips:  Ikkje still spørsmål før vinen er skjenkt opp! 😉 Han var så entusiastisk at han kunne snakke i evigheiter før smakinga starta. Vinsmakinga var gratis om ein kjøpte vin, elles kosta det 20 euro – vel verdt det! La Morra – Vin og shopping Etter smakinga tok sjåføren oss til La Morra , ein litt større og meir populær landsby. På vegen fekk me sjå vinmarkene på nært hald , noko som berre forsterka magien i denne regionen. La Morra hadde mange små nisjebutikkar og vinbarer, og me stakk innom Vineria Sociale  og Vicino DiVino  for å smaka på nokre vinar. Her fekk me òg kjøpt med oss oljer, pasta og andre lokale spesialitetar. På kvelden hadde me booka bord på Uve Rooms & Wine Bar , ein av dei mest populære restaurantane i La Morra – og det med god grunn! Maten var heilt fantastisk, og servicen var på topp. Her har dei òg overnatting. Dag 4 – Heimreise frå Barolo Dagen starta med regn, men det gjorde ingenting – me skulle likevel heim. På altanen, som var overbygd, fekk me servert frukost frå vertane våre på Asilo , før det var tid for å pakka koffertane og reisa til flyplassen. Sjåføren vår stod klar og kjørte oss til Milano MXP. Me rekna litt god tid itilfelle det skulle vera nokon hindringar på veien. For ein tur dette har vore!  Piemonte leverte på alle plan – vin, mat, natur og atmosfære. Overnatting hos Asilo in Barolo Eg hadde booka ein flott leilighet til oss i Barolo, Asilo in Barolo , den var ny i år. Det tok kun eit par min å gå til streeten i Barolo, med restauranter og koselige enoteca. Den var romslig med 3 soverom med tilhøyrande bad. Det siste rommet hadde kjøkkenkrok, så der var det ikkje fult så privatliv, men det gjekk fint for oss. Det var ein stor altan med sittegruppe og spiseplass. Her hadde dei lagt vekt på interiør og hadde ein stilig finish på heile leiligheten. Vertane Elisa og Francesca var så hyggelig og behjelpelig både i forkant og under opphaldet. Så uten dei så hadde ikkje turen blitt så bra! Eine dagen fekk me servert frukost i leiligheten. Me kosa oss med den på altanen. Viss me skal setta fingeren på ein ting, så var det at det ikkje var sofa/lenestolar. Etter ein dag på farten med masse god mat og vin kunne me tenka oss å synka ned i sofaen før me skulle finna senga. Eg anbefalar denna leiligheten på det sterkaste! Praktisk informasjon og reisetips Overnatting i Piemonte 🏡 Asilo in Barolo  – Nydeleg leilighet med sentral beliggenheit og flotte fasilitetar. 🏨 Hotel Barolo  – Tradisjonelt hotell i Barolo. 🏨 Uve Rooms & Wine Bar  – Populær overnattingsplass i La Morra. Beste vingardar å besøke 🍷 Diego & Damiano  – 5-10 minutt gåtur frå Barolo sentrum. 🍷 Pietro Rinaldi  – Litt utanfor Alba, 20 minutt frå Barolo. Transport 🚗 Taxi:  Book transport på førehand, spesielt i høgsesong! Me brukte Taxi Service Valsusa . ✈️ Fly:  Direkte til Milano MXP med Norwegian eller SAS. Restaurantar og Vinbarer: Petti`t Bistrot   -Barolo Osteria La Cantinella -Barolo Pizzeria Rosticceria Spacca Napoli -Barolo DiVin Cafè frukostcafè -Barolo Borgogno Takbar -Barolo Uve Rooms & Winebar -La Morra Vicino DiVino Enoteca -La Morra Vineria Sociale Vinbar og restaurant -La Morra Osteria More e Macine - La Morra Felincin restaurant - Monteforte de Alba Le Case della Saracca -Monteforte de Alba Osteria dei Cátari - Monteforte de Alba (Desse restaurantane som eg har lista opp her, som me ikkje var på, har eg fått anbefalt av både sjåføren og vertane på leiligheten), Tips: Beste tid å reisa- hausten august-oktober Husk å bestill bord til middag, det er ikkje så mange restaurantar i sentrum og dei fleste er booka. Dei aller fleste plassane tar kort, finns minibank der. Tips er ikkje inkludert på restaurant, så fint å ha med kontanter Ha gode sko, det er brustein og nivåforskjeller Vinmuseumet i Barolo er fint å besøka. Leigebil anbefalast om du vil sjå masse av områda, og ikkje har behov for å drikka vin. Har du lyst til å oppleve Piemonte? Eg kan varmt anbefale denne turen! Har du nokon gong besøkt Piemonte eller smakt dei fantastiske vinane deira? Del gjerne dine opplevingar i kommentarfeltet under! Har du spørsmål? Send meg gjerne ein melding på sosiale medier eller på info@reisermedglede.no . 😊 Eg skreddersyr gjerne din vintur til Piemonte! Detta var ein privat tur der ruta var lagt opp av meg med god hjelp frå dei koselige vertane på Asilo in Barolo . Det er ikkje lett å finna ut kor ein skal reisa, kva restaurantar som er bra, og kva landsby ein bør bu i. Men eg må sei at valget med å bu i Barolo var heilt topp! Flybillettane bestilte eg på SAS i god tid, og fekk greie prisar. Eg booka ein leilighet i Alba først, men det følte eg ikkje var riktig, så fant me heldigvis denna leiligheten i Barolo, og hadde det heilt topp! Håpar du blei inspirert til å ta turen til Piemonte! 🍷✨ For 3 år sia var me på Vintur til Toscana, du kan lesa om turen her.

  • Ting å gjøre i Murcia – Spansk sjarm mellom tapas, torg og tradisjon

    Murcia – Ting å gjøre i Murcia- Spansk sjarm mellom tapas, torg og tradisjon I mars sette me oss i bilen og køyrde frå Gran Alacant til Murcia – ein tur på cirka ein time. Det første som møtte oss i bykjernen var sjarmerande, trange gater, akkurat slik ein ser for seg i ein ekte spansk by! Murcia er ikkje ein stor by, men han har mykje å by på. Me fann parkering like ved hotellet vårt, Hotel Murcia Rincón de Pepe Affiliated by Meliá , og kunne sjekka inn. Rommet var romsleg, badet fresht, og senga heilt grei. Perfekt som base for opphaldet vårt! Første møte med byen – tapas, torg og solskinn Etter innsjekk la me frå oss koffertane og vandra ut i dei livlege gatene. Berre nokre minutt unna hotellet oppdaga me eit koselig torg, der me slo oss ned på Cerveceria el Pasaje de Belluga for tapas og forfriskningar. Altså for ein cava! 🍾 Den beste eg har smakt! Me sat der og såg på folkelivet – folk som rusla rundt, slo av ein prat og nøyt den gode stemninga. Det var mest spanjolar, noko som alltid er eit godt teikn på at ein har funne dei beste plassane. Sola kikka fram, gensaren kom av, og følelsen av vår i Spania var komplett :) Det er mange ting å gjøre i Murcia, men vår favoritt var å nyte tapas på dei lokale torga. Real Casino de Murcia – eit arkitektonisk smykke Neste stopp var Real Casino de Murcia , eit av dei mest ikoniske bygga i byen. Wow – for eit syn! 😍Dette praktfulle bygget blei grunnlagt i 1847 og kombinerer fleire arkitektoniske stilartar, frå modernisme til eklektisisme. Etter ei omfattande restaurering i 2009, er det no eit av Murcias mest besøkte bygg. Me v andra gjennom dei storslåtte romma og las informasjonstavlene undervegs. Det var verkeleg ein opplevelse å sjå og kjenne historia i veggane her! Nisjebutikkar og historiske torg På veg tilbake mot sentrum gjekk me forbi ein liten, unik klesbutikk – ein sånn som berre ropar på deg! Eg kunne ikkje la sjansen gå frå meg og enda opp med nokre små skattar, inkludert ein hatt. 🎩 Eg elskar å handle på slike butikkar – det er jo ekstra kjekt å ha noko ingen andre har! Husk at siestaen lever i beste velgåande i Murcia! Her tar folk seg tid til lunsj og ein liten kvil før byen våknar til liv igjen utpå kvelden. Noko så betyr at fleire av dei små butikkane og nokon restauranter er stengde midt på dagen. Vidare møtte me på fleire nisjebutikkar, historiske bygningar og flotte torg, blant anna det forseggjorte torget utanfor rådhuset. Med velstelte blomar, fontener og elegant arkitektur var det ein fryd å berre rusle rundt her. Like ved låg elva Segura , som deler byen i to. Me gjekk over brua og utforska litt, men fann ut at me likte oss best på den andre sida, der folkelivet var meir livleg. Katedralen i Murcia På vår rusletur gjennom byen passerte me den imponerande Santa María-katedralen – eit av dei vakraste byggverka i Murcia. Den detaljerte fasaden i barokkstil var heilt fantastisk, og me kunne sjå korleis katedralen ruva over torget. Flisene på bakken laga eit flott mønster og trea rundt gjorde det til ein lun stemning. Hadde me hatt litt meir tid, ville me absolutt gått inn, for interiøret skal visstnok vera like imponerande! Ein uforgløymeleg middag på La Pequeña Taberna Etter ein liten tur innom hotellet for å skifta, var det klart for middag. Me hadde forhåndsbestilt bord på La Pequeña Taberna , noko eg verkeleg vil anbefale! Her fekk me ein skikkeleg spansk matoppleving! Restauranten hadde eit rustikt, men stilfullt preg, med mørke møblar, kvite dukar og ein avslappa, men elegant atmosfære. Menyen? Sju rettar med alt frå kjøtt og skinke til grønsaker og fisk – servert med gode vinar. 🍷 Dette var ein skikkeleg innertiar, og eg kan varmt anbefale denne restauranten vidare! Natteliv i Murcia – drinkar med historie Murcia har eit levande uteliv, og denne laurdagskvelden var ikkje noko unntak. Spanjolane er kjende for å ete seint og kose seg ute, og det var lange køar utanfor fleire utestadar. Me hadde på førehand funne ein bar via Google, Conjugoo The Cóctel Shop , som spesialiserer seg på drinkar inspirerte av Murcias historie. Ikke bare var drinkane stilige – dei smakte òg fantastisk! 🍸 Her har dei òg mat som såg fristande ut. Søndag i Murcia – ein by full av liv Etter ein god natt søvn (trass i nattklubben rett utanfor hotellet 😅) starta me dagen med hotellfrukost. Overraskande bra utval til å vere ein spansk hotellfrukost! Søndag er familiedag i Spania, og då me kom ut ved 11-tida, var gatene fulle av folk som nøyt sola og familietid. Me sette oss på torget og sugde til oss den herlege stemninga før me sette kursen tilbake til Gran Alacant. Ekstra oppleving: Terra Natura Murcia Nokon dagar seinare tok me med oss barna til dyreparken Terra Natura Murcia . Dette var ein veldig fin dyrepark, med store område for dyra og godt tilrettelagt for besøkande. Høgdepunktet var å få helse på ei løvinne og babyane hennar! 🦁 Så skjønne! Terra Natura har òg ein tilhøyrande vatnpark, som naturlegvis ikkje var open i mars, men den såg heilt topp ut for ein varm sommardag! Kvifor besøke Murcia? Murcia er ein ekte spansk by , full av sjarmerande torg, nisjebutikkar, flotte bygningar og ekte lokal atmosfære . Me fekk berre ein smakebit denne gongen, men eg kunne gjerne vore her lenger for å oppdage endå meir. Vil du besøke Murcia? Du kan enkelt komme deg hit med bil, tog eller buss. Det går direkte tog frå Alicante og Cartagena (ca. 1 time) og Madrid (3,5 timar). Overnatting:   Hotel Murcia Rincón de Pepe Affiliated by Meliá Kan eg anbefala. Det var komfortable rom, god frukost og låg veldig sentralt. I nærleiken av Murcia finner du fleire plasser eg har besøkt som du kan la deg inspirera av: Alicante Gran Alacant og Santa Pola Isla Tabarca Detta var ei privat presse reise med turistkontoret i Murcia. Det er ikkje lagt føringar for kva eg skal skriva, det er bassert på mine egne tankar og opplevingar. Del gjerne dine erfaringar og restaurant tips med meg, så noterer eg meg dei til neste besøk i byen!

  • Kvilepuls blant tretoppane: Ei magisk oppleving hos Lauv Tretopphytter!

    Har du nokon gong drøymt om å våkna opp til ekorn som hopper fra tre til tre og utsikt over fredelege skoger? Det får du hos Lauv Tretopphytter , som ligger i Eidsvoll kommune, kun 1 times kjøring frå Oslo. Reklame// Lauv Tretopphytter. Eg vil jo sei at slagordet til Lauv Tretopphytter : Logg av stress- Logg på hvilepuls , symboliserer akkurat opplevelsen der! Det var første fredag i Desember og me satt oss i bilen etter skule og jobb for å reisa ned til Feiring og Lauv Tretopphytter. Sekken var pakka med kosekle, pølser og spel, for no skulle me på hyttetur! Heile familien gledde seg og var spente på å sjå tretopphyttene. Me blei møtt av eit vakkert vinterlandskap på vei opp. Marit som driver Lauv Tretopphytter kom gåande nedover vegen med hesten sin. Me slo av ein prat før me gjekk oppover vegen. Det var ca 300 meter å gå frå parkeringen til tretopphyttene, Ospero, som me budde i, og Knausen som låg like ved. Men med nokon tre mellom så me såg ikkje den andre hytta. Eg opna spent døra til Ospero og såg kor flott hytta var inni, her var det eit flott skandinavisk design med heimakoselig stemning. Rett innanfor døra var det ein godt utstyrt kjøkenkrok med steiketopp, steikeovn, kjøleskap, innlagt vatn og godt med kjøkenredskaper og service! På kjøkkenbenken stod det sjokolade frå Gjøvik Sjokolade og venta på oss, midt i blinken! Bak kjøkkenet var det eit bad med toalett, vask og dusj. Veldig god komfort vil eg sei! Eit par steg opp kom me til stova med store glas, her var me rett i naturen! Med sofa attåt begge vindauga, bord, eit par stolar og vedovn hadde me det me trengte! På hemsen var det to senger. Utsikten og roen slo meg med ein gong! Her var det kvilepuls! Eg fyrte i peisen og tok meg ein foto session inne mens ungane og mannen fyrte i bålpanna og leika ute. Det var dags for litt pølser og marshmellows på bålpanna. Det smaka godt! Me kosa oss med aking, lommelykt tur i mørket og trugene som var tilgjengelig for oss før me gjekk inn og resten av gjengen fekk utforska hytta. Det er klart det var spennande å klatra opp på hemsen og sjå både ut og ned på resten av hytta. Me hadde med oss spel og quiz. Veit du kva ein av dei beste tingene med hytteturen var? At det ikkje var dekning der, mobilane låg i sekken og fokuset var på familiehygge. Noko så koselig. Alle har godt av ein SoMe detox! Det hadde isåfall eg :) (Men det er mogeleg å få internett tilkobling i hytta dersom det er eit must. Eg anbefalar det ikkje). Etter litt speling og hygge kjente me at me var svultne att, i kjøleskapet stod det ferdig laga speke og ostefjøl som ein kan bestilla. Flatbrød frå Holmen Crisp spekepølse fra Totenkjøtt, ost, grønsaker og bær. Detta kosa me oss vel og lenge med! Den heimalaga rips gelèen var så god, me satt å lurte på smakane, og fekk svar på det i detta instagram innlegget seinare;) Ungane begynte å kjenna at det var fredagskveld og puta ropte på dei, så det bar opp på hemsen der dei sovna søtt etter ein kjekk dag! Lars og eg satt oss i sofaen nede og berre nytte roen og hadde gode samtalar. Du veit når du snakkar med nokon til vanlig, og nesten alltid ila ein samtale må inn å sjekka noko av samtaleevnte på mobilen, om det er vèret for morgodagen eller noko ein skal gjera neste dag. Det eksisterte ikkje, altså så herlig :D Sitta å sjå på flammane i ovnen mens ein kosar seg, det er hyttekos det! Det er to senger oppe på hemsen og to senger nede, under sofaen så finner ein sengakle til å ligga nede. Siden det er store glas så fekk me sovemasker. Me sov som nokon steinar, og når me våkna låg me berre å såg ut glaset jammen kom det ikkje eit ekorn hoppande frå tre til tre på jakt etter frukost! Det var magisk for heile familien å berre ligga å sjå ut på det! Frukosten stod klar i kjøleskapet og me kosa oss vel og lenge med heimalaga rundstykker, pålegg, egg og grønskaer. Både spekefatet og frukostpakken kan du legga til i bestillinga, På Lau Tretopphytter har dei fokus på bruk av lokale råvarer og brukar lokale matprodusenter. Kvilepulsen var der fortsatt hos alle oss, så me hadde lite lyst å forlata detta flotta tretoppeventyret! Me pakka saman, vaska oss ut og satt oss på akematta ned til gården. Å hei hvor det går! Nede på garden slo me av ein prat med vertane og fekk vera med å sjå på dyra deiras, sauene var i fjøset, pusen luska rundt oss på tunet og hestane stod på beitet. Dei var så rolige alle sammen, me skjønnar at dei er flinke med dyr her. Me er jo ein familie som er så glad i dyr, så detta var heilt topp avslutning på eit fantastisk kvilepuls eventyr! Dette var ei helg som ga oss meir energi enn me kunne forestille oss. Eg håpar du tar deg tid til å oppleve den same roa blant tretoppane! Fram til 1.april får du 20% på overnatting hos Lauv Tretopphytter ved å bruka koden: Eva20 Praktisk info: Beliggende i Feiring, heilt nord i Eidsvoll kommune, er hyttene lett tilgjengelige, kun ein time fra Oslo og 45 minutter fra Oslo Lufthavn. Hyttene inneheld: Godt utstyrt kjøkken med steikeovn, koketopp, kjøleskap, service og kjøkkenredskap 300 meter frå parkeringen til hyttene Mulighet for å bestilla Opplevelser på gården: Guida fottur eller trugetur i nærområdet med lunsj og god drikke. 3- retters middag med drikke. Middag serveres i veslehuset på tunet, ca 200 m fra hyttene.  Dei tilbyr pick up fra togstasjon eller Gardermoen. Det er fleire opplevelser ein kan gjera i området rundt; Eidsvoll bygningen, Feiring Jernverk, isfiske, Skeikampen mm. På Trip advisor har Lauv Tretopphytter fått 5 av 5 , noko så eg kan sei meg enig i! Nettside: https://lauvtretopphytter.no/ Takk for eit fantastisk kvilepuls eventyr blant tretoppane! Me kjeme gjerne tilbake :) Detta var eit samarbeid med Lauv Tretopphytter. Det er ikkje lagt føringar for kva eg skal skriva, detta er mine eigne skildringar!

  • Ærlighet varer lengst! eller....

    "Er du alltid ærlig i dine skildringar" fekk eg spørsmål om førre helg og det fekk meg til å tenka litt.🤔 Dåka så kjenne meg veit at eg stikker ikkje noko under ein stol😅. Og de så har fulgt meg ei stund merkar kanskje når eg brukar masse adjektiv og ikkje i innlegga mine. Eg syns jo det er fint å beskriva mine opplevelsar med gode ord der det fortjenes, føler historien blir meir levande då. Itillegg er det jo kjekt for dei aktørane så eg besøker å få gode ord 😄 Lojalitet Skal eg anbefala dåka noko så vil eg jo at det skal væra reelt og ikkje pynta på sanninga, då vil eg tru de mista truverdigheten og lojaliteten til meg🙌🏽. Det hadde isåfall eg gjort. No er det jo slik at me har forskjellige ønsker og preferansar på ting, så eg skriver min meining og begrunner det ofta med noko. Til dømes, eg likar meg best på eit hotell med god standard og 3 hotellputer👌🏼 Reiser eg på eit hotell der det ikkje er tre hotell puter, seier eg jo ikkje at det er eit dårlig hotell og anbefalar deg aldri å reisa dar. Då trekker eg fram dei positive sidene med overnattingsplassen og skriver at det var eit bra opphold til å vera 3* feks😊. Går eg på fjelltur er eg heilt ærlig på at det var jæklig bratt og ein tøff tur, og kjeme med tips som eg har erfart som kan gjera turen bedre for nettopp deg så leser😄 Dialog med aktøren Eg ønsker ikkje å snakka stygt om ein restaurant eller overnattingsstad der eg ikkje har fått den servicen eg forventa eller at det var noko galt med maten ol🙅🏽‍♀️. Dersom det er noko så ikkje svarar til forventningane eller noko var dårlig snakkar eg med dei på plassen først, før eg skriver noko om det her inne. Det er jo fair at dei får mulighet å retta opp i det eller forklart seg.😄 "Eg skal aldri meir reisa med SAS" var det ganske mange så skreiv i fjor. Ja ein har lov å vera lei når ferien blir ødelagt eller det er hompar på veien. Men det er jo ofta ei forklaring på det. Ein anna viktig ting eg gjere er å svara på tilbakemeldingsskjema frå aktørane i etterkant av opplevinga, eller skriva på tripadvisor feks. Det er med på at aktøren får dei tilbakemeldingane dei trenger for å enten bli bedre eller rosa sine ansatte for ein god jobb! Itillegg hjelper det andre reisande å velga nettopp den aktøren. Men husk å vær konstruktiv! Er du god på å legga att ein tilbakemelding etter eit hotellopphald, flyreisa, restaurantbesøk og andre opplevingar? Servicepolitiet Etter å ha jobba i servicebransjen i alle år, er det noko så eg brenner for, og er litt "skada" når eg er ute på noko 😜God service er viktig for meg, og eg trur og håpar eg har gitt god service på jobbane mine oppover😊 Seinaste no når eg var på tur til Vestfold var me innom ein restaurant til lunsj der det rett og slett ikkje var service. Me fekk god mat etter 1 time. Det er jo då naturlig å tenka at det var tidlig i sesongen og dei så jobba der var veldig unge. Men då må ledelsen gå inn å læra opp desse stakkar ungdommane så ikkje har lært korleis dei skal takla situasjoner der ting blir så kraftig forsinka. Kva med å komma bort å sei at beklager det tar dessverre litt tid i dag, eller sei det i det me får bord. Så kan me ta eit standpunkt til det før me evt setter oss. Det vil jo eg sei er god service👌🏼. Nokon veker seinare var veinninna mi der og fekk både god service og mat kjapt. Så ting varrierar og ein kan ikkje gje avskjed på grått papir med det samme. Etter det restaurantbesøket skreiv eg på instagram storys at me hadde ete god mat men at dei burde hatt opplæring i service (av meg) 😆😅 Bacheloroppgava i Service Jadå, eg skreiv Bachelor oppgava i service, så viktig er det for meg! Det er jo klart at service folk leverar påvirkas av forskjellige faktorar. Det var ei interessant oppgåva så eg kanskje burde leita fram for å lesa nærmare på. Er visst eit par år sia eg skreiv den😜. Ein av mine draumejobbar er å vera mysteri shopper eller restaurant/hotell anmelder🍴🏩Eg er jo kanskje litt det no når eg er ute på oppdrag for ulike aktørar, men då ikkje hemmelig😊 Syns du Reiser med glede er truverdig? Eg håpar at eg virkar truverdig når eg skriver eit blogginnlegg, deler i storys eller post på sosiale medier🤗. Det er jo det eg vi framstå som, at de skal tenka at eg er lojal og truverdig. At me er forskjellige i ønsker og behov når det gjelder reise er jo klart. Men eg håpar eg er tydelig på at det er slik eg likar det, ikkje at det er feil på den andre måten 😄. Eg pyntar lite på sannheten, skriver når noko er krevjande med enten helsa eller borna. Alt er ikkje fint og flott fordet om me reiser masse med born. Det ville jo vera unaturlig. Eg føler isåfall eg har delt ein del av det. Men som eg skriver, det stoppar ikkje meg i å reisa! Utfordringar er til for å taklast, og det gjere ting meir spennande! Tenk kor kjedelig verden hadde vore om alt var heilt perfekt😁😉 Istadenfor deler eg tips, der er har hatt det utfordrande på reise slik at du kan ta med deg tipsa til di reise feks 😄 Reiser med barn er eit blogginnlegg der eg deler tips utifrå eigne erfaringar. Den usminka sannhet Bildene eg legger ut er nokon gonger fint dandert mat, mens andre gonger berre kleist oppå📸 E g ønsker ikkje å framstå perfekt, for det er ingen. Eg jåler meg lite til å vera på instagram, eg er meg, Eva Berge. Ho så sminkar seg sjeldent, ho så ikkje redigerer bildene ho legger ut, ho så har valkar både her og der, ho så gjere bommertar. Ja eg er meg, og dei så likar det følger meg og dei så ikkje, deiras tap 😁Men for meg så er det viktig å væra meg, væra ærlig i bilder og skildringar, og ikkje pynta på sannheten! Eg håpar det er truverdig og at det skapar lojalitet for deg!💖😁 Takk for at du følger meg og leser innlegga mine. Det betyr masse for meg 💖

  • Speilhytte eventyr- Furu Natur & Kultur

    Tenk deg kor herleg å tulla deg inn i ei mjuk dyna og berre nyta freden og naturen mens du er saman med nokon du er glad i <3 I speglhyttene til Furu Natur og Kultur kan du virkelig la skuldrane senka seg og kosa deg! Speilhytte- Furu Natur & kultur innlandet. unike overnattingssteder i norge Speglhyttene har glas frå vegg til golv rundt nesten heile hytta, her er du midt i skogen og det er berre naturen sine egne lydar du høyrer! Hyttene er innreda i delikat og lekker stil med kvalitetsmøbler, sengakle, servise og kunst! Det er drops for auga for oss så likar flott innredning! Det er ingen tvil om at Friedrike (eigaeen) har sans for stil og interiør! For her var det lekkert! Berre sjå på bildene! Eg reiste over Mjøsa og opp til Åsmarka i Ringsaker saman med ei veninda, me var invitert av Furu Natur og Kultur til å ta ei overnatting her. Gps-en viste oss vei, og me parkerte nokon få meter frå hytta. Det er to hytter på eigendommen, men med god avstand mellom, så du føler du er i fred! Når me hadde satt ifrå oss tinga var det berre å fyre i bålpanna ute på altanen og spidda oss ei pølsa og marshmellows. Me satt ute å kosa oss i skumringa og berre nytte roen! Skravla og lo, sånn så ein veninnetur skal vera! Har du tenkt på kor digg det er å berre sitta å sjå på ein flamme i bålet?! Den er aldri lik og dansar så flott! Den hyggelige verten Friedrike kom å helsa på oss, ho fortalte om heile prosessen til hyttene. Så flott gjennomført! Mørket hadde senka seg og det begynte å bli kaldt, så me gjekk inn i hytta vår som heiter Lys, her var det godt og varmt, med både varmekablar og varmepumpe. Me måtte ha litt kveldskos så me hadde fått med ein helgepakke frå Tjønnås Delikatesser på Gjøvik som me kosa oss med. Det var deilige oster, skinker, oliven, mandler og foccacia. Til dessert hadde me fått med oss sjokolade og marsipan frå Gjøvik Sjokolade , mmm- så me kosa oss! Det var nokon brettspel i hytta som me spelte resten av kvelden. Når me la oss så tenkte eg kvifor hadde eg ikkje lagt meg før, for gurimalla for ei deilig Jensen seng og dyner fra Norsk Dun ! Her sov eg som ein stein heile natta! Og når me våkna så satt me i senga til me måtte reisa! Stod berre opp å tok ein deilig dusj med Rå skincare produkter og utsikt i skogen! Frukosten nytte me i senga, hytta hadde eit praktisk frukostbrett med bein som kunne stå i senga. Med surdeigsbrød frå Sofia Cash frå Gjøvik, restane av skinka frå Tjønnås Delikatesser og litt sjokolade dessert frå Gjøvik Sjokolade vart det ein prima frukost! Det er òg mogleg å bestilla mat på hytta på nettsida til Furu Natur og Kultur. Sjekk det lekre bildet over senga, det er kunstnaren Maria Natalie Skjeset som har laga, ho har brukt elementer fra naturen, det passa perfekt i hytta! Det var dags for utsjekk, sjølv om me egentlig ikkje var mentalt klare for å bryta opp detta herliga speglhytte eventyret, måtte me vidare til familien vår. Detta er ein opplevelse eg unnar deg å gjera! Ta eit avbrekk med nokon du er glad i, nyt freden og kvarandre i ei lekker speglhytta! I desember kjeme det badestampar som du kan leiga ved opphaldet ditt, samt det er mulig med hundekjøring hos Sjusjøen Huskytours og hesteridning hos Mesna opplevelser og overnatting . Håpar du blei inspirert til å ta eit avbrekk frå kvardagen og berre nyta! Praktisk info: Ankomst: Hyttene ligger ca 20 min kjøretur frå Moelv i Innlandet fylke. Hytter: Det er to ulike hytter; Lys og Mørket. Bildene i innlegget er frå hytta Lys. Inkludert i prisen: Overnatting, sengakle og dyner fra Norsk Dun , tepper, grillspyd, lekkert service, panner, knivar, kaffe, te, baderomsartikler frå Rå Skincare , bålpanne, For meir info sjå på heimasida til Furu Natur & Kultur . Tilleggsprodukter kan bestillast på nettsida. Nermaste butikk: Kiwi Næroset ca 5 min med bil. //Reklame. Detta er eit samarbeid med Furu Natur & Kultur, det er ikkje lagt føringar for kva eg skal skriva. Innlegget er bassert på mine eigne opplevingar. //reklame Takk for oss!

  • Barcelona- vakker og pulserande

    Altså, Barcelona er ein by som er drops for augo og har ein herlig atmosfære! Det tok meg 3 turar til Barcelona før eg gjekk inn i La Sagrada Familia, du veit det er så masse gode tapas barar og herlig stemning at det er stort sett det me har gjort når me har vore der😄 No i april var eg tilbake til den herlige byen på jentetur💃🏼 Overnatting Mitt hottaste tips til overnatting er å bu mellom Barri Gotic og El Born, for då er du rundt der det skjer. Me budde på eit bra hotell som heiter H10 Montcada rett ved Metro stasjonen Jaume I, 3 min å gå til katedralen i Barri Gotic og 2 min ned til tapasbarane i El Born. Kunne ikkje hatt bedre beliggenhet👌🏽 Itillegg var det veldig god frukostbuffet og eit flott tak med jaccuzi, solsenger, bar og restaurant. Ja for å ikkje snakka om utsikten!🤩! Her såg ein så og sei det mesta av Barcelona, og vekke frå folkelivet i gatene. Ellers kan eg anbefala Hotel Ciutadella Barcelona , mellom El Born og Stranda/Barcelonetta😎 Mesteparten av tida gjekk me rundt i dei sjarmerande gatene og berre kjente på viben, gjekk innom små butikkar og satt oss ned å nytte livet på ein fortauskafe eller tapasbar. Når du skal til Barcelona må du legga inn tid til å nyta🙌🏽 Det er masse folk i byen heila året, for Barcelona har jo det eina underverket etter det andra🤩 Attraksjonar og serverdighetar: La Sagrada Famila som er eit av Gaudis verk, og verdens største byggeplassar🤩Det er jo utrulig fasinerande å berre sjå bygget utanpå, gå rundt heile bygget, for det er forskjellig frå alle kantar. Legg merke til alle dei små detaljane. Skal ein inn, er det lurt å kjøpa billett, og gjerne i lang tid på førehand. Eit tips er å bestilla billett på ettermiddagen i 4-6 tida får du eit nydeleg lysspel inne i katedralen💫 Fint bilde med vatn framfor katedralen kan takas frå parken ved hovedinngangen🌳. Casa Vicens er eit av Gaudis første viktige verk. Kanskje det vakraste?🥰 Her var det betraktlig mindre folk enn Sagrada Familia. Altså for nokon vakre detlajar og kunst overalt! Eg blei bergtatt 😍 Ta deg noko forfriskande i kafèen og berre nyt alle dei vakre flisene og detaljane på bygget. Casa Batllo ligger hovedgata Passeig de Gràcia. pynta med flotte blomar som du ser fra gata🌸 Park Ciudat Vella, er ein her ein søndag, så anbefalar eg å ta spaserturen her på formiddagen. Då er det yrande folkeliv, folk samlast og dansar💃🏼 Ein stor statue som kjenneteiknar parken. Catedral de Barcelona ligger i Barri Gotic, stor plass rundt med yrande folkeliv. Placa dÌsidre Noell. Her har fotograf Fontcuberta og keramiker Cumella samla inn bilder frå 4000 innbyggjarar , som representerar øyeblikk av frihet💋💋 Gatekunst i El Born, ta deg ein gåtur morgen eller kveld og sjå på all den flotte kunsten som er på portane i gatene. Barceloneta, enten du vil ta eit forfriskande bad, vandra langs strandpromenaden eller setta deg ned for forfriskningar på dei mange strandrestaurantane🌴⛱️. Som du skjønnar, kjedar ein seg ikkje i Barcelona, men viktig å velga seg ut nokon av attraksjonane og bestilla inngangsbillett, for dei beste tidspunktene går først. Me har ikkje sett halvparten av serverdighetane Barcelona har å by på, men det er jo ein grunn til å komma tilbake😄 Mat og drikka- det er halve opplevelsen Bilbao Berria- ein Pintxos bar rett ved katedralen i Barri Gotic. Her velger du deg pintxos og tar med til bordet, så teller servitøren antall tannpirkere etter du er ferdig. Ganske rimelig og god kvalitet👌🏽 Tapeo- ein heilt nydeleg og liten tapas bar i El Born🤩Her var det veldig god kvalitet på maten og dei var service minded. Må bestillast Bar del Pla- Ein uhøgtidlig og litt andre tapasrettar enn dei andre restaurantane i El Born. Hyggelige servitørar, høgt tempo og god kvalitet på maten😊! Barna Brew- ein hyggelig tapas bar i El Born dreve av Norske Chris. Her fekk me masse gode skinker, ostar og tapas. Kortreist vin og øl🥂🍻. Arcano- ein av restaurantane i El Born som kom høgast på scoore på TripAdvisor. Me fekk ikkje bord her, for me ikkje hadde bestilt. Men lokalet og maten såg veldig flott ut😄 Orio- ein Pintxos bar der skjevene står utstilt på bardisken og ein kan forsyna seg med det ein ønsker og teller tannstikker etter ein har ete. Her er det òg god "vanlig" tapas frå menyen. Koselig lokale i kjellaren for kvelden. Mercado de la Boqueria- mathallen eit par hakk bortanfor La Rambla. Her kan ein både handla med seg mat og få servert. Chök- her hadde dei masse digge kaker som dei laga sjølv i kafèen🍫. Paradiso- ranka til å vera den 3.best e baren i verden, liten og lang kø. 🍹 Terraza del Sercotel Rosellòn-her frå du utsikt til La Segrada Familia på nært hald. Dei har snax her, men om du ikkje er kjempe svulten kan du spara pengane til eit bedre måltid i byen. Men ein drink mens ein nyter utsikten kan anbefalast🤩. Me gjekk på nokon bommertar, og det me har lært er at ein må planlegga litt meir og bestilla serverdighetar og restaurantar😅😂. Særlig dersom du likar å eta litt meir enn ok mat. Transport: Metroen er ganske enkel å ta seg fram med, for byen er stor og om ein vil spara beina litt kan ein ta metro ein vei og gå tilbake feks🚈. Det er godt opplyst på stasjonane med kart og retning. Me tok feil vei eit par gongar, men det høyrer vel med 😅😜Det går òg an å ta metro frå flyplassen til sentrum. Taxi er ikkje så ille pris på, og då kjeme ein frå A-B, men ver obs på ein del trafikk, så kan ta litt lenger tid enn metroen feks🚖. Me betalte ca 400kr frå Flyplassen til hotellet vårt. Skal du nå eit fly er det lurt å forhandsbestilla taxi og gjerne ha litt god tid. Husk å avtal pris med sjåføren før du setter deg inni. Shopping: Du finner sjarmernade, små butikkar på eit kvart hjørne i Barri Gotic og El Born, enten det er handlaga ting, mobildeksel, vesker, kle, souvenirer. I gata Carrer dels Boters og Carrer de la Portaferrissa i Barri Gotic finner du slike butikkar👜💍👒Det blei nokon vesker på desse jentene😉 Ønsker du dei vanlige butikkane som Zara, Stradivarius, Massimo Dutti++ finner du det i Av. del Portal de L`Angel og Passeig de Gràcia. Mitt hottaste tips er å ta på seg joggeskoa og gå rundt å berre opplev deg vakre byen🥰. Ein må ikkje kjøpa inngangar på alle plassane, velg deg ut eit par attraksjonar du vil sjå og kos deg resten! Det blir ikkje siste gong eg reiser til den vakre byen😍🤩 Det går fint an å reisa til Barcelona med barn, men husk at nokon av tapasbarane er veldig trange og høge krakkar, samt at det ikkje er alle som opnar før 8 på kvelden. Det er ein storby med masse folk, så det er greit å ha i bakhovudet. Men samtidig masse kjekt å finna på, både stranda, leikeplassar, zoo mm. Håpar du blei inspirert og fekk nokon tips til din neste Barcelonatur😄! Eg gledar meg alt til å reisa tilbake til ein av mine favorittbyar 😍 Fleire bilder og videoar ligger på Instagram og Facebook profilen min.

  • Reiseåret 2024- Fylt med opplevelsar!

    Året begynte med eit brak, eller uendelige brak på stranda i Bali, der skaut dei opp fyrverkeri i eit sett, litt for masse av det gode- ja! Men me hadde ein fantastisk ferie på Bali då! Det har vore eit år fylt av masse gleder, opplevelser, sorger, utforingar og kvardagen. Årets reise høgdepunkt kjeme lenger nede i innlegget, så følg med! (Alle ord/plasser med understrek er link til blogginnlegg derifrå, god lesing!) Januar: Me nytte siste rest av Balituren vår. Denna reisa hadde vore fantastisk og spennande! Me fekk oppleva ein ny kultur, sjå flotte plassar og ta del i lokalbefolkningen . Du kan lesa meir om reisebreva frå dei ulike plassane her. Eg stilte på årets happening Travel Match i Oslo der eg fekk møtt mange spennande reiselivsaktørar frå verden og andre kjekke bloggkollegaer. Og jammen blei det ikkje eit samarbeid på meg denna gongen òg! Februar: Me tok ein kortreist middag på Fauno på Gjøvik med italiensk aften der me fekk kontakt med ein vinprodusent me skulle besøka seinare i år i Piemonte . Ellers var det leik i snø som prega den månenden. Før me satt oss på flyet til Casaen i Spania for påfyll av sol. Masse flotte opplevelsar fekk me der, og nye plassar blei besøkt. Bla eit besøk til Murcia, sitronfarm, turar og masse god mat! Mars: I påsken satt me oss i bilen og kjørte over fjellet til heimbygda mi Strandebarm i Hardanger. Der blei det hygge ved fjell og fjord. Samt eit besøk til Stord på jubileum med familien. April: Samarbeidet som eg fekk på Travel Match gjekk til Riga der eg og min mann fekk ein koselig tur med masse god mat, spa og sightseeing i byen. Det var berre heim å bytta om kofferten før jubileumsturen med 2 andre veninner fant sted i Barcelona ! For ein herlig by! Eg blir aldri lei :) Her får du mange gode Barcelona tips ! Mai: var ein rolig måned med fryd over at snøen var forsvunne og sommaren var komt! Mange flotte stunder i hagen med familie og venner! Så var det var duka for konfirmasjon i Strandebarm , og me fekk nytt fjell, fjord og familiehygge heima, i den flottaste tida, nemlig bløming i Hardanger ! Me avslutta Vestlandsturen med ein overnatting i ekstrembygda Voss i strålande sol. Juni: Detta var ein måned med skrekkblanda fryd, eg fylte nemlig 40! Det skulle gå forbi i stillhet, men eg hadde mange gode venner som kom på døra med blomar og blobler, så utrulig koselig :) Ein tur til Oslo blei det òg, vandra turen langs Akerselva , som er så koselig! Juni enda veldig flott, eg fekk plutselig barnefri 1 veka og satt meg i bilen og kjørte over fjellet til vestlandet, fekk sett både Oldefjorden, Nordfjord, Stadt og Solvorn, heilt magisk! Avslutta med ei veka heima i Strandebarm med familien. Blogginnlegg om turen kjeme! Juli: er forbeholdt tur til Casaen i Spania , ja for solgaranti og palmesus må eg ha! Me kosa oss masse med strandliv og gode venner og familie. Ein tur til favorittøya mi Isla Tabarca blei det sjølvsagt, altså eg er forelska <3 August: Ferien fortsatte på Casaen, det blei ca 4 veker her nede. Ein overnatting i vakre Altea var sjølvskreven og nye perler oppover kysten blei oppdaga! Det må komma i blogginnlegg snart. Costa Blanca har så mange flotte plasser, herlig klima og behagelig atmosfære. Vel heima var det å pakka i bilen og setta kursen mot Söta Bror. Ein bloggetur til Örebro og Nora var ein kjempe flott opplevelse! September: Skal me sei eit av årets høgdepunkt? Ja det vil eg sei, nemleg vintur til Piemonte . Altså makan til ein flott opplevelse! Ta gjerne ein kikk her , masse tips og skildringar frå turen. Denna turen lever eg lenge på! Det var berre å bytta ut vin antrekket med fjellsko og strikkagensar for eg var så heldig å få lov til å reisa opp på H ardangervidda og halda workshop på Halne Fjellstugu med elevar frå salg, service og reiseliv. Det er eit eventyr å få vera på vakre Halne! Oktober: I haustferien satt eg og ungane oss i bilen og reiste over fjellet til heimbygda Strandebarm i Hardanger. Der var det naturopplevelsar og familiehygge. Det er ein eigen ro å komma heim! Hardangerfjorden er ein flott destinasjon alle årstider, det finns ikke dårlig vær, bare dårlige klær seies det ;) Me tok den siste helga i haustferien i hovedstaden. Oslo bada i sol og flotte haustfargar! Me fekk sett det flotte lyskreasjonen Nordic Pixel Forest på Ekeberg! Eg har tips til både kor ein kan bu og kvar ein kan eta i Oslo. Som om det ikkje var nok, reiste eg og ei veninna på eit kortreist speglhytte eventyr på andre sia av Mjøsa. Det var ein unik opplevelse! Hos Furu Natur & Kultur ligger alt til rette for eit avslappande opphald i naturen. November: det var ein måned eg ikkje var utanfor fylkesgrensa, ja eg må jo jobba og vera med familien litt heima òg. Men ein tur over Mjøsa blei det, eg fekk halda workshop for ein skuleklasse i Ringsaker Vidaregåande skule i digital markedsføring . Så kjekt og lærerikt! Eg kosa meg med familien og vennner med litt julehygge seint i november. Desember: Julamåneden, me begynte tidlig å pynta og kosa oss med julaforberedelser. Så bar det ut på nok eit kortreist eventyr, nermare bestemt Lauv Tretopphytter i Feiring, Eidsvoll kommune. Der var det virkelig ro i sjela og avkobling for heile familien. Eg har ein rabattkode om du lot deg frista etter innlegga eg la ut på sosiale medier: Eva20 gjer 20% på overnatting i Lauv Tretopphytter fram til 1.april. Ein tur til julepynta Oslo blei det òg, med veninnehygge og litt networking med andre i min bransje. Herlig påfyll! I jula kosa me oss på Gjøvik med mine foreldre og jammen kom ikkje nissen på besøk! 1.juladag forlot me snøen og satt oss på flyet til Casaen i Spania ! Altså så herleg å komma ned til SOL!!! lysare dagar og berre avslapning med familien. Det er kvalitetstid <3 Håpar du har blitt frista til nokon av reisemåla eg har lagt ut detta året òg! Setter stor pris på dåka så er inne å leser mine blogginnlegg, følger meg på sosiale medier og kjeme med tilbakemelding! TAKK! Når det skal seiast, ser detta veldig flott og luksus ut å reisa og oppleva så masse, og det er eg evig takknemlig for at eg kan! Men me har alle utfordringar, så detta året har vore skikkelig dritt, særlig helsemessig. Men å reisa er å leva for meg! Å komma seg til sol og varme er meir enn berre opplevelsar, det er medisin for min kropp, her slepper smertene og sinnet blir lettare. I 2025 ønsker eg meg flybilett på blå resept! Grunnen til at eg kan ha det fleksibelt og reisa avgårde midt i veka, er at eg driver mi eiga synleghetsbedrift der eg hjelper bedrifter til å vera synleg på nett, digital markedsføring, sosiale medier manager, workshops, laga nettsider mm . Du er velkommen til å ta ein kikk på www.egserdeg.no Riktig godt nyttår alle saman! Reiseklem frå Eva :)

Eg svarar deg så snart eg kan.

Kontakt:

Eva Berge Reisermedglede 

  • Facebook
  • Instagram
  • LinkedIn
bottom of page