top of page
  • Svart Facebook Ikon
  • Svart Instagram Ikon

Søkeresultat

51 elementer funnet for «»

  • Reisebrev del 4- Nusa Lembongan

    Då er me komt oss til Nusa Lembongan. Me tok direkte båt frå Gili Air, på ca 2 timar med Scoot ferrys, kostar ca 250 per pers med båten🛥️. Me sjekka inn på Villa Pasir som er kun 4 villaer rett på stranda, så fredeleg og fint😄! Romma hadde chabby chic stil, med betong vegger og knirkete golv, møblane var veldig sjarmerande. Her var det både trykk i dusjen, god futt i AC, delvis reint og sengeplass til 4 stykk. Senga var dessverre altfor hard for min del, men for lars var den grei. Vertane var veldig hyggelige og behjelpelige. Det var verken basseng eller frukostrestaurant på plassen, men me gjekk berre til naboane så fekk me det me ønskte. Tempoet var rolig på øya, men ganske mykje meir støy enn på Gili som me nett kom ifrå🙌🏽 Kun scooter, sykkel og noko enkle bilar som ein sitter bakpå under tak. Det var mange restaurantar langs stranda som me åt både frukost, lunsj og middag på. Samt ein del oppi streeten rett bak overnattingsplassen vår. Så me trengte ikkje gå langt for å få oss noko å eta🍴. Tips nederst i innlegget. Sidan me ikkje hadde basseng så tok me ein heil dag på nabohotellet Ohana`s med frukost, lunsj og badings✨. Ein leiger ei solseng, så må ein eta for så og så masse. Me kjøpte ei dagseng med plass til oss 4, då måtte me eta og drikka for 300 kr. Det gjekk fint 😄 Detta er eit flott hotell, med veldig god mat og hyggelig service. Men eg tenker at me er fornøyd med plassen me budde på. For på Ohana`s var det meir travelt, musikk heile dagen og masse folk. (men egentlig veldig lite ifht dei store syden hotella på fastlandet😄. ) Stranda på nord vest sida som me budde på var grovkorna og koralla. Så badesko må ein ha. Rolig hav, då bølgene braut lenger ute, noko så var perfekt for surfing🏄🏼‍♀️ Om morgonen når det var fjøra så var det ikkje noko særlig å bada. Dei har masse pinnar uti vatnet som dei brukar til å fanga sjøgras med, detta selger dei vidare ut i verden. Noko dei satsa ekstra på i koronaen når det ikkje var turistar der. Eine dagen tok me ein ettermiddagsutflukt rundt på øya, me betalte han ca 300 kr for det totalt. Første stopp var Dream Beach, der var det virkelig fint, men store bølger, så me bada i bassenget og åt lunsj🤩. Så gjekk me bort til Devils Tear og såg på klippene, sjøden berre slo inn mot klippene og det blei ganske så stillig. Der er det dans nokon kveldar. Så reiste me vidare til den gule brua som binder Nusa Lembongan og Censigen sammen. Det er så kjekt å reisa rundt og sjå korleis dei bur og lever på øya😄! På vei ned stoppa me på eit utklikkspunkt og fekk eit overblikk over stranda vår. Til slutt kjørte han oss heilt nord på øya der er det mangroveskog, så me fekk oss ein tur ut i båt og såg på treea som står heilt ned i ei slags leira🌳. Båtturen tok ca 20 min og kosta ca 150 kr for oss 4. Det var kjekt å sjå litt meir rundtom på øya. For det er masse ein kan sjå, men no hadde me litt sjukdom, så då blei ikkje det prioritert. Å ta turen over til både Nusa Pedina og Nusa Censignen vil eg tru er veldig fint, ser isåfall sånn ut på bilder! I havet utanfor øyene er fisken Manta ray veldig populær å dykka etter🐟. Solnedgangane her var heilt nydelege, me satt i sakkosekkar på stranda og berre kosa oss, såg på folk som bada, gjekk turar og leika. Ein flott avslutning på dagen!🌅 Me kosa oss masse på Nusa Lembongan, men etter å ha kommet rett frå Paradis på Gili Air, blei det litt sånn ok😉 Det er kanskje ein stopp eg ville ha droppa no i ettertid, men fint å ha vore der og ha opplevd øya og stemningen. Og super å reisa til kun 30 min frå fastlands Bali. Mine tips: Overnatting: Villa Pasir for fint og enkelt, Ohana`s for flott og komfort. Restarurant: Ginger and Jamu, Ohana`s, Indiana Restaurant, Tiger Lillys. Båt frå Nusa L til Sanur: ca 30 min med Arthamas. Veldig hyggelig betjenig, fin venteplass og fin båt. (Merk at det ikkje er havn tpå Nusa L, så ein må vassa uti til knea for å gå oppi båten). No går turen vidare til hovedøya Bali for dei siste dagane. Kjekt at du henger med på tur både her og på sosiale medier 😄

  • Ei spennande reiseår - 2023

    Året begynte solrikt og varmt på hytta i Spania. Det blei nemlig bråbestemt i jula at me "måtte" reisa ned for å få litt varme, for her på Gjøvik var det så kaldt og eg var lei fyringa ;) Det nye året blei ringa inn med druer og raketter på takterassen på Casa Berge. Me kosa oss med leik på standa, ja kidsa bada litt og turar til byen Alicante, masse god mat og kvalitetstid sammen. Så bar det tilbake til kulda på Gjøvik. Det er jo ganske så fine vintrar her på Gjøvik, einaste er at dei varar litt lenge ;) Men for dei så likar snø, godt skiføre og snødekte tre så er det jo topp! Eg fekk ein flott opplevelse til Iskjørkja i Fåvang, det var ei skjult perla i Innlandet! Eg tok turen til Oslo for min første Travel Match der eg møtte aktørar frå mange forskjellige land og fekk presentert meg og reisebloggen min. Det baud på mange gode kontakter og eit par samarbeid! Itillegg fekk eg møta mine hyggelige reisekollegaer:) Når eg reiser til Oslo bur eg som regel alltid på favoritt hotellet mitt Clarion Oslo (Strawberry). I vinterferien blei det ny tur til Casaen, me måtte jo ha litt sol ;) Me har familiehus rett utanfor Alicante, Gran Alacant, så der kosar me oss så sant me har anledning! Nett denna vinterferien var litt kald og sur, eller ikkje sånn vinternorge kald då;) Men me måtte ha på oss vindjakka og panneband nokon dagar. Masse solstråler og hyggetid fekk me uansett :D Du må gjerne ta ein kikk på nærområdet vårt i dette blogginnlegget. Påsken har me som tradisjon å reisa heim til Strandebarm, Hardanger. Då kosar me oss med familien heima, går tur i fjellet og er ved fjorden. Ro i sjela! Ja det blei til og med ein tur heim i konfirmasjon i april. For dei så ikkje veit det, er Standebarm den venaste bygda, berre ta ein kikk her! I mai blei eg invitert på min første blogg tur saman med 5 andre reisebloggarar til Nord- Makedonia. Det var ein kjempe flott opplevelse! Eit land med utrulig vennlige mennesker, nydeleg mat og flotte plassar. Eg har skreve eit par blogginnlegg frå turen. Kanskje det kan frista deg, det er langt vekke frå masseturismen! I medio mai forsvant snøen i hagen vår.... altså for ein lang vinter ;) Men då skal eg sei våren og sommaren kom fort og det blei grøne bakkar og fine blomar! Eg tok turen til Vestfold og hadde jenteweekend med barndomsvenindene mine. Me starta på Farris bad og besøkte nokon skjulte perler langs kysten. Sånne venindehelger er så godt! I juni var det dags for å setta snuten vestover att, denna gongen reiste eg åleina for eg skulle på, hold deg fast, 20 (!) års reunion med russen! Første stopp var i vakre Eidfjord der eg hadde samarbeid med ulike aktører der. Det var ein heilt nydeleg tur som eg huskar så godt! Ta gjerne ein kikk på blogginnlegget her. På slutten av månaden fekk me skvist inn ein kjæraste tur til det nyopna hotellet i Moss òg, makan til lekkert! Juli vart det ein ny tur heim til bygdå der det blei masse hygge med familie og venner, leik i fjørå og turar til fjells. Før me satt kursen til Casaen i Spania. Ja for eg må jo ha solgaranti og palmesus på sommaren. I spania kosa me oss i 3 veker på stranda med familie og venner. Gran Alacant er eit topp reisemål med kort vei frå flyplassen, milevis strand, masse god mat og hyggelig nabolag. Me reiste litt oppover kysten og fant så masse flotte perler🤩 Det er enkelt å ta seg rundt på Costa Blanca og me kjeme langt på ein time i bil. Vel heimatt til regnet i august var det berre å gå i devale, då sa kroppen stopp. Som eg har nevnt før har eg fibromyalgi og ein del plager med hofte og bekken. Så kroppen likte ikkje skifte frå solrike Spania til regnfulle Gjøvik. Men eg kom meg opp og fekk ein herlig tur til Fyri resort Hemsedal med min kjære, lekrare hotell i Norge skal ein leita lenge etter! Detta var eit samarbeid eg hadde. Som du veit så likar eg hotell som er drops for augo! September og første haustmånad baud på ein nydeleg tur til Hardangervidda. Første stopp var Halne Fjellstugu der eg og Ludwig tok ein overnatting som ein del av eit samarbeid. Haustfargane pryda naturen og me fekk bli med båten innover Halnefjorden. Eit eventyr på Hardangervidda, blogginnlegg om detta kjeme om få strakser! Så suste me vidare vestover, for eg hadde eit oppdrag i bygdå. Tidligare i vår starta eg synlighetsbyrået Eg ser deg. Så der har eg fått nokon oppdrag, det er veldig stas! Seinare i september suste eg tilbake til Halne Fjellstugu for å vera med nokon studentar frå Ål Vidaregåande. Haldt foreldrag i sosiale medier og vinklingar på foto og video. Eit kjempe kjekt oppdrag så eg vaks masse på! Itillegg fekk eg vera i dei flotte haustfargane. Oktober på Gjøvik var òg masse flotte haustfargar, så fleire turar blei det i nærområdet her! Haustferien stod for tur og me reiste heile familien heimatt til bygdå. Det er ein eigen ro å komma heim, berre sitta å sjå utover fjorden og nyta stillheten! Itillegg få væra med familien! Nokon turar til fjells blei det sjølvsagt! Eg blei att etter haustferien og hadde eit par oppdrag i bygdå. Det var nydeleg haustvèr så fekk vore masse ute å kosa meg! November kan jo vera litt mørk og trist, så då satt eg meg på flyet til Spania for å vera med på ein ny bloggertur. Sola fant eg i Elche der eg møtte 4 andre som skulle på samme tur, og me kosa oss i kjente og ukjente plassar langs Costa Blanca. November slutta nydeleg med det flotta nordlyset over Mjøsa. Desember med masse snø og kulde var nok for meg i 9 daga, så då satte me oss på flyet til Bali. Ein heilt ny plass skulle opplevast, og herre gud for ein flott opplevelse! Det var så mange fine plassar, herlige mennesker, god mat og ikkje minst kvalitetstid med mine 3. Eg har laga reisebrev frå Sanur, Ubud og Gili Air, resten kjeme etterkvart. Eit nydeleg år blei avslutta på stranda i Bali med takksamhet og glede! Det er masse inntrykk som skal fordøyast, me har berre vore heima i 2 dagar, så er litt susen etter tidsforskjellen, men det går seg nok snart til. Tusen takk for at du er inne å leser blogginnlegga mine, følger meg på sosiale medier og møter meg på min vei! Alle gode ønsker for 2024!

  • Reisebrev del 3- Gili Air- Paradis🤩

    Då har me vore 7 netter i paradis med stor P! Makan til vakkert😍! Detta var drops for augo🤩. Stillheten, atmosfæren og den laid back stemninga var heilt eget her ute, me visste verken tid eller dato. Ingen bilar, kun syklar, elmopedar og hestar så her gjekk det rolig for seg. Dei fleste stråhyttene ligger langs strandlinja på øya, og mange enklare overnattingsplasser inne på øya. Gili øyane høyrer til Lombok og ligger rett utanfor Me valgte Bambu Cottage som hadde i underkant av 10 hytter av bambus. Her var det enkle forhold, men alikavel ein av dei finaste på øya (vil eg sei). Dei rosa blomane pryda både innganspartiet og strandrestauranten. Hytta vår var av enkel standard, med glipper mellom tak og vegg, utedusj, enkel reingjering, mange søte kattar (som skremte livskiten av meg midt på natta), filtrert saltvatn i springen/dusjen og kun 3 kakerlakker på hytta (2 av dei døde) - ja primitivt men bekvemt. Eg fekk testa ut mine grenser, men ville ikkje bytta sjølv kor godt eg likar meg på 5 stjernes hotell ø😉 Det er ein del av det å bu i paradis. Ingen store resort her. Det hadde blitt heilt feil🙌🏽 Kulturen her er meir laid back enn på Bali, så det blei eit kulturomveltning for oss, men etter nokon dagar så kom me oss inn i kulturen og greide å innfinna oss med at slik var det her🙌🏽. Dei på hotellet kverulerte litt med oss både på innsjekk og ved rekning med middagen. Men etter dei skjønte at det ikkje var vits blei dei hyggelig med oss. Oppholdet på denna øya var prega av sjukdom for barna og Lars, så det blei rolig, og ikkje noko voldsomme utflukter😷. Men dei fekk god legehjelp alle sammen, og eg får ikkje sagt det nok gongar kor viktig det er å ha reiseforsikringa i orden.👌🏼 Me leigde syklar og sykkla rundt på øya fleire dagar, både langs stranda og inne på øya der lokalbefolkningen bur. Her fekk me virkelig innblikk i kulturen på øya, korleis dei lever her, veldig enkelt og primitivt. Sjølv om dei virkar glade og fornøyde med livet sitt😄 Me stoppa opp å snakka med fleire på vår vei, og høyrte korleis livet deiras er, det er veldig spennande å høyra, og ikkje minst totalt annleis enn me har det. Her klagar eg på at det var hard seng på hotellet og lite futt i air con, mens dei låg på ei stråmatta i butikken sin med ein liten air con eller ingen. Ja me har det godt🙌🏽 Sentrum, som ligger rett over havna var veldig sjarmerande med små kafèer, restauranter og butikkar. Her tok me oss litt lunsj, kaker og limonade. Samt berre gjekk rundt i streeten og følte på stemningen! Eg er så glad me budde på akkurat det hotellet me hadde booka- Bambu cottage, det var velstelt både på stranda og på hotellområdet, samt utanfor🤩👌🏼. Det var det ikkje alle hotell som hadde lika inbydande nabolag, då hadde eg ikkje tivdes lika masse. Itillegg var stranda fin, blanding mellom sand og korallstrand, og rolig sjø. Me gjekk ut 50 meter frå hotellet der var det eit fint rev med både fiskar og havskilpadde. Kvar morgon åt me frukost på stranda, me kunne velga mellom 6 retter, samt frukt og brød. Ikkje minst eit stort pluss for alle kattane😻 Som ein kattefamilien gjekk me rundt å snakka og kosa med dei, dei fekk litt mat og ekstra kos i hytta vår óg😻 Det var ein del enkle restaurantar rett attmed hotellet, så var det nokon fleire litt lenger unna. Me sykla nedover øya i ca 10 min og kom til nokon gode restaurantar der me satt på stranda og åt grill mat og det var live musikk. Prisen for middag og drikka for oss 4 på dei restaurantane var ca 700kr. Mens på dei nær hotellet kosta det ca 400 kr. Greit å veksla litt på. Oliva og eg tok oss ein båttur ein dag og kjørte rundt øya vår og snorkla, der såg me masse fine fiskar og havskilpadder🐢. Det var stort for oss, dei kom ganske nærme😄 Me kjørte vidare bort til sundet mellom Gili T og Gili Meno der me snorkla ned for å sjå på stautane under vatn, det var stillig, men så alt for mange folk der, så blei litt kaotisk. Over på andre sia, på Gili T, nesten heilt inne på stranda snorkla me med fleire havskilpadder🐢. Eg stod med vatn til knea når eg såg skilpadder. Detta var kjekt altså:😄 Ein slik båttur kostar ca 100 kr per pers⛵️. Guiden vår var så snill at han dykka ned på sikkert 6 meters djup for å filma havsklipaddene for oss. Det hadde ikkje eg greid ;) Turen blei avslutta med lunsj på Gili Meno, den roligaste øya. Altså detta var endå meir paradis🤩 Gilli øyane passar for alle som vil ha det fredelig i paradis! Gili Air som me budde på passar godt for alle, men barnefamiliar likar seg der, og eg må sei at austsida av øya var perfekt med tanke på rolig vatn👌🏼. Heile sørsida var det meir bølger og vind. Hadde ikkje vore så kjekt for oss vaksne heller. Gili Meno er eit rolig paradis, veeeldig rolig, men nokon likar jo det òg. Gili T kan passa for mange, men særlig dei så likar meir liv. Ein finner plassar så ikkje er midt i party området òg! Mine tips for ein fin opplevelse på Gili Air: Badesko Mange overnattingsplasser hadde snorkel og dykkermaska, ellers kunne ein leiga det Enkle butikkar med chips, drikka, nudlar og sanitær artiklar, ingen babymat/ bleir ol. Leig ein sykkel ( 70 kr per dag) me fekk med barnesete Ta ein sykkeltur inn på øya og føl på stemningen og sjå korleis dei lever der Klesvask kr 5,- for ein plastpåse med kle Ikkje mange minibankar, så ta ut litt. Dei fleste kioskar må ein handla for minimum 70 kr for å bruka kort. Restaurantanbefalingar: Zipp Bar, Chill Out, Sharkbites, Italy, Kopi Susu. Austsida for soloppgang og vestsida for solnedgang Overnatting: Bambu Cottages Ulike båtselska fraktar deg frå fastlandet til øyane, ca 3 timar frå Bali, rekn med litt sjø og varmt i båten. Mest turistar frå april og utover, høgsesong sommarmånadane Alkurat passe med turistar no Kom 2 regnskurer 2 kveldar Varmare klima enn Bali Det var ingen som hadde lyst å forlata paradis, men her skal me tilbake🙌🏽Kontrastane gjorde at det blei spennande og lærerikt for oss😊 Savnar stillheten allerede! No går turen vidare til ei anna lita øy, Nusa Lembongan som ligger rett utanfor Bali⛱️ På sosiale medier deler eg fleire bilder både i storys og innlegg, ta deg gjerne ein kikk. Reisebrev frå Sanur og Ubud finner du under😎

  • Reisebrev del 2- Ubud

    Eg blei tipsa om både hektisk sentrum, heftig trafikk og at det var nok med 2 dagar i ubud, ingenting av det syns eg stemte. Eg digga Ubud😄 Men no er me jo forskjellige då😉 Det var så hyggelig atmosfære og masse opplevelsar. Me hadde booka 4 netter på Maya Ubud resort , eg ville bu midt i jungelen mellom rismarker, og nettopp det var det her! Før me kom til hotellet stoppa me innom kaffeplantasjen Celuk Swing and Luwak coffee☕️ Historien her er at desse katteliknande dyra, Civet eter kaffebæra, fordøyer kjøttet og besjar ut dei heile😺💩 Kaffebønnene vaskar dei, soltørkar og brenner, då blir det nydeleg kaffe, Kopi Luwak, verdens dyraste kaffe☕️ Me fekk eit brett med ulike kaffe og tesortar som falt i smak hos voksne og barn. Me svinga oss òg i ein av dissene. Det var ein fin park. Etterpå tok me turen til eit av dei mest kjente vannfalla, Tegenungan Waterfall med eit fossefall på 15 meter💦. Det var ein koselig liten street med sjapper og restaurantar på kvar sida der ein kunne kjøpa souvenirar. Det var ca 10 min å gå frå parkeringen og ned til vannfallet. Eit fint vannfall med disser og ulike rammer som ein kunne ta bilde i📸. Samt ein restaurant med basseng. Egen inngangskostnad på 15 kr for å komma inn i parken. Eg syns kanskje ikkje detta var sånn kjempe spesielt, men ein fin park med flotte omgjevelsar. Maya Ubud resort var eit nydeleg hotell med stor hage med høge palmar, hyggelig personale, og fine rom. Det var to basseng, eit voksen basseng heilt nede ved elva og eit basseng med barnedel for alle. Maten på hotellet var veldig god og dei var gode på å kjenna oss att og vennlige med barna. Barna hadde kokkekurs der dei laga 5 forskjellige rettar. Detta var stor stas! Kokken var så flink med barna og laga den beste opplevelsen for dei! På detta hotellet kunne me budd ei veka og berre kosa oss. Det var ca 7 min med bil bort til streeten i Ubud, shuttle buss frå hotellet ein gong i timen fram til kl 17. Mulig å gå òg, men ikkje noko særlig med barn då det ikkje var fortau. Hotellet låg ved ei rismark, det var felles turar ut på rismarka og rundt i området. Samt fleire aktivitetar som morgen yoga ( hadde tenkt meg på det, med eg var vist ikkje våken då 😆 ). Dei hadde eit gym som ho mor var på mens barna leika i kids cluben:) Ubud sentrum var veldig trendy, med masse veggis kafèar og hygge stemning! Her likte me oss 😄 Ei av hovedgatene me hang mest i, Jalan Gootamama var bilfri, men ikkje scooterfri. Det er vel få plassar i Bali så er scooterfri 😉 Masse restaurantar å velga mellom i streeten, men dei fleste var enten baliesiske eller vegetarisk. Eg hadde fått tips om Pasir som me åt nydeleg mat på eine kvelden. Så fant eg meg ein koselig vinbar, Bacari med små snax som eg åt på eine kvelden når eg var åleina i sentrum. Eg tok massasje hos ei dama først, heilt nydeleg for ca 70 kr💆🏽‍♀️. Det er så mange små tempel i kvar inngang i streeten der. Lazy cat Cafe er òg verdt å nevna for ein vegitarisk lunsj. Monkey forrest er eit must når ein besøker Ubud🐵 Den ligger nokon min sør for sjølve sentrum. Ein for seg gjort park med masse apar🙈🙉🙊 Dei var rolige og det foregjekk ikkje noko voldsomme greier der. Men ein må huska på at ein er på besøk til apane og te seg etter deiras reglar🐒. Unngå å få augnekontakt med dei, ikkje ha med vannflasker, droppa solbriller og andre gjenstander. Me la frå oss hattar ol i bilen. Innngangspengar 55kr for vaksne og 40 for barn. Me brukte ca 1 time rundtom i parken. Det var vakter der så passa på. Apane slang se frå tre til tre og kosa seg i vanndammen, nokon tok ein middagskvil mens andre åt litt mat. Nokon apar var trent opp til å ta selfie med turistane. Det var morsomt 🐒📸😄 Etterpå tok me turen til Tegalalang Rice Terrace, det var ei flott rismark🌱 Men klart det er laga for turistane, her er det Bali Swing som er hoved attraksjonen. Me betalte 25 kr for å komma inn, samt 250 kr for å ta 4 disser. Eg og Olivia betalte for det. Ca 70 kr for å leiga ein kjole syns eg var veldig verdt pengane, berre sjå på bildet💃🏼I parken kunne ein rusla rundt i rismarkene, ta noko leskelig å drikka og hygga seg. ca 1-1,5 time brukte me der inne. Det er eit hav med aktivitetar å gjera i Ubud, så ein kjedar seg ikkje. Me valgte å ta det litt med ro nokon av dagane, og ein av dagane tok me halvdags utflukt. Det er jo ganske varmt, og barna (og vaksne) blir trøtte av å gå rundt å sjå på ting😅. Iom at me hadde eit flott hotell så kosa me oss der👌🏼. Alt i alt, Ubud er ein herlig plass, roleg, trendy og koselig😄Me er her i regntida og ikkje fått ein dråpe på oss desse 5 dagane. Det var godt å bu så fredeleg til, midt i rismarkene. 4 netter her var heilt innanfor, eg kunne godt ha vore her ei veka🤩 Men no går turen ut på øyane, vekk frå Bali, til Gilli Air som høyrer til Lombok🏖️. Håpar du vil følga med på Instagram eller Facebook sida mi, der publiserer eg jevnlig bilder på storys og innlegg😊 Innlegget frå Sanur finner du her .

  • Reisebrev del 1: Sanur

    Hei frå Sanur, Bali👋🏽 Her kjeme turens første reisebrev på Balituren! Me reiste altså avgårde til Bali 9.desember for å få kvalitetstid saman som familie, nye opplevelsar og varme😎 Første stopp på turen er Sanur, sør-aust på Bali. I skrivande stund sitter eg på stranda mens Olivia får fletta håret sitt av ei lokal dama. Ho er så takknemlig for me valgte å støtta businessen hennas sia det er rolig her no. Dagens inntekt for ho var dei 100 kr ho fekk for å fletta håret. Eg støttar gjerne dei lokale framfor store kjeder, både når det gjelder mat, opplevelsar, massasje ol. Det er jo noko med å ta del i kulturen i det landet ein reiser til, samt oppleva det autentiske🙌🏽 Sanur er ein rolig plass, men alikavel ein del butikkar/bazarer, restauranter, puber både langs stranda og i streeten. Dei lokale står uti vatnet og fiskar dagens middag til seg sjølv eller restaurantane. Det kan vera litt masete her, då ein merkar at dei lokale trenger kvar krona dei kan få. Ein skal prøva å vera hyggelig men samtidig kan ein ikkje kjøpa alt av alle. Det er då eg tenker på kor godt me har det, og kort godt me har det som bur i Norge. Alikavel er alle blide og glade, det virkar så dei har gode liv <3 Barna er med foreldra på jobb i sjappene og restaurantane deiras når dei ikkje er i bhg/skulen, Olivia fant seg nokon lokale leikekompiser 😄 Det er ein strandpromenade med restauranter og sjapper som er hyggelig å gå langs. Det er mulig å gå med barnevogn, men vi ikkje sei det er rullestolvennlig her, då det er nokon smale parti. Fortaua i streeten er veldig oppstykka og smale, så det egnar seg ikkje for rullestol, og ikkje særlig barnevogn vennlig. Stranda er kanskje ikkje av den finaste men me har basseng på hotellet og leitar etter skjell i strandkanten🐚 Det var få så bada på stranda, og det var masse boss der. Det er eit trist syn på Bali generelt. Stranda til hotellet vårt var rydda og fin kvar dag. Frå Sanur tok me dagstur til Eat, pray, love stranda, Padang Padang Beach som var utruleg vakker ( ca 1 time frå Sanur)🤩 Azur blått hava, lita strand, laid back stemning og surfere. Det var akkurat passe med folk der. Ved nedgangen til stranda blei me møtt av nokon apekattar som sprang rundt, der gjekk me ned ei trapp gjennom eit trangt smug. Me fekk eit morsomt minne frå turen og det var at eg var nær på å få krabbeklo i undiken, ein diger krabbe krabba mellom beina mine og eg hylte så heile stranda såg på oss😆 Krabbeskrekken til Ludwig blei ikkje bedre av detta😆😂 Det var eit par strandrestauranter der som serverte enkle retter og nokon sjapper med kle. Etter strandturen tok me turen til Uluwatu tempel. Masse apekattar her, så hald på hatten og brillene, og unngå augnekontakt, så går det bra🐒 Dei stjal brillene til ei dama og mobildekselet til ein annen;) Me hadde tenkt å sjå på kvelds ritualet med bålbrenning og dans ved solnedgang, men det var lang kø og varmt, så me droppa det. På fredag var me me på Sundays Beachclub i Uluwatu, heilt nydeleg strand og hyggelig betjening. For ikkje å snakka om digg mat! Egen reels på sosiale medier frå der! Slike strender finner ein ikkje i Sanur. Me er her i regntida, så eit par dagar har me fått ein halvtimes regnskur ved frukost tid og på ettermiddagen. Det er jo så varmt, så det er ingen fare å bli litt våt, er jo stortsett i poolen alikavel☔️😎⛱️ Hotellet me bur på er i skikkelig Balinesisk stil med skulpturer, farger og dekorative dører. Betjeningen på Puri Santrian er vennlige og hjelper til med det ein trenger. Eg likar å velga hotell med sjel og i den stilen til landet eg reiser til. Rommet me fekk var litt slitt, så fekk bytta til eit litt bedre, så då blei me fornøyd :) Me booka ein sjåfør via hotellet, og det er han me har brukt til alle utfluktene. Pålitelig og hyggelig kar. Å leiga han ein heil dag kostar ca 450kr. Då kjørte han oss dei plassane me ønskte på sydspissen og var med oss rundt på tempelet. Restaurantar og barar som me prøvde og var fornøyd: Lilla Pantai- Nydeleg mat på stranda Massimo- Italiensk mat Coco Bistro- god mat med fine Balinesiske parasollar Double O - Enkel strandrestaurant med hyggelig servitør Linga Longa Bar med live musikk No går ferden vidare til Ubud👋🏽 Følger du med på Instagram og Facebook får du fleire bilder og video frå turen😎📱📸

  • Ærlighet varer lengst! eller....

    "Er du alltid ærlig i dine skildringar" fekk eg spørsmål om førre helg og det fekk meg til å tenka litt.🤔 Dåka så kjenne meg veit at eg stikker ikkje noko under ein stol😅. Og de så har fulgt meg ei stund merkar kanskje når eg brukar masse adjektiv og ikkje i innlegga mine. Eg syns jo det er fint å beskriva mine opplevelsar med gode ord der det fortjenes, føler historien blir meir levande då. Itillegg er det jo kjekt for dei aktørane så eg besøker å få gode ord 😄 Lojalitet Skal eg anbefala dåka noko så vil eg jo at det skal væra reelt og ikkje pynta på sanninga, då vil eg tru de mista truverdigheten og lojaliteten til meg🙌🏽. Det hadde isåfall eg gjort. No er det jo slik at me har forskjellige ønsker og preferansar på ting, så eg skriver min meining og begrunner det ofta med noko. Til dømes, eg likar meg best på eit hotell med god standard og 3 hotellputer👌🏼 Reiser eg på eit hotell der det ikkje er tre hotell puter, seier eg jo ikkje at det er eit dårlig hotell og anbefalar deg aldri å reisa dar. Då trekker eg fram dei positive sidene med overnattingsplassen og skriver at det var eit bra opphold til å vera 3* feks😊. Går eg på fjelltur er eg heilt ærlig på at det var jæklig bratt og ein tøff tur, og kjeme med tips som eg har erfart som kan gjera turen bedre for nettopp deg så leser😄 Dialog med aktøren Eg ønsker ikkje å snakka stygt om ein restaurant eller overnattingsstad der eg ikkje har fått den servicen eg forventa eller at det var noko galt med maten ol🙅🏽‍♀️. Dersom det er noko så ikkje svarar til forventningane eller noko var dårlig snakkar eg med dei på plassen først, før eg skriver noko om det her inne. Det er jo fair at dei får mulighet å retta opp i det eller forklart seg.😄 "Eg skal aldri meir reisa med SAS" var det ganske mange så skreiv i fjor. Ja ein har lov å vera lei når ferien blir ødelagt eller det er hompar på veien. Men det er jo ofta ei forklaring på det. Servicepolitiet Etter å ha jobba i servicebransjen i alle år, er det noko så eg brenner for, og er litt "skada" når eg er ute på noko 😜God service er viktig for meg, og eg trur og håpar eg har gitt god service på jobbane mine oppover😊 Seinaste no når eg var på tur til Vestfold var me innom ein restaurant til lunsj der det rett og slett ikkje var service. Me fekk god mat etter 1 time. Det er jo då naturlig å tenka at det var tidlig i sesongen og dei så jobba der var veldig unge. Men då må ledelsen gå inn å læra opp desse stakkar ungdommane så ikkje har lært korleis dei skal takla situasjoner der ting blir så kraftig forsinka. Kva med å komma bort å sei at beklager det tar dessverre litt tid i dag, eller sei det i det me får bord. Så kan me ta eit standpunkt til det før me evt setter oss. Det vil jo eg sei er god service👌🏼. Nokon veker seinare var veinninna mi der og fekk både god service og mat kjapt. Så ting varrierar og ein kan ikkje gje avskjed på grått papir med det samme. Etter det restaurantbesøket skreiv eg på instagram storys at me hadde ete god mat men at dei burde hatt opplæring i service (av meg) 😆😅 Bacheloroppgava i Service Jadå, eg skreiv Bachelor oppgava i service, så viktig er det for meg! Det er jo klart at service folk leverar påvirkas av forskjellige faktorar. Det var ei interessant oppgåva så eg kanskje burde leita fram for å lesa nærmare på. Er visst eit par år sia eg skreiv den😜. Ein av mine draumejobbar er å vera mysteri shopper eller restaurant anmelder🍴🏩Eg er jo kanskje litt det no når eg er ute på oppdrag for ulike aktørar, men då ikkje hemmelig😊 Syns du Reiser med glede er truverdig? Eg håpar at eg virkar truverdig når eg skriver eit blogginnlegg, deler i storys eller post på sosiale medier🤗. Det er jo det eg vi framstå som, at de skal tenka at eg er lojal og truverdig. At me er forskjellige i ønsker og behov når det gjelder reise er jo klart. Men eg håpar eg er tydelig på at det er slik eg likar det, ikkje at det er feil på den andre måten😄. Eg pyntar lite på sannheten, skriver når noko er krevjande med enten helsa eller borna. Alt er ikkje fint og flott fordet om me reiser masse med born. Det ville jo vera unaturlig. Eg føler isåfall eg har delt ein del av det. Men som eg skriver, det stoppar ikkje meg i å reisa! Utfordringar er til for å taklast, og det gjere ting meir spennande! Tenk kor kjedelig verden hadde vore om alt var heilt perfekt😁😉 Istadenfor deler eg tips, der er har hatt det utfordrande på reise slik at du kan ta med deg tipsa til di reise feks 😄 Reiser med barn er eit blogginnlegg der eg deler tips utifrå eigne erfaringar. Den usminka sannhet Bildene eg legger ut er nokon gonger fint dandert mat, mens andre gonger berre kleist oppå📸 Eg ønsker ikkje å framstå perfekt, for det er ingen. Eg jåler meg lite til å vera på instagram, eg er meg, Eva Berge. Ho så sminkar seg sjeldent, ho så ikkje redigerer bildene ho legger ut, ho så har valkar både her og der, ho så gjere bommertar. Ja eg er meg, og dei så likar det følger meg og dei så ikkje, deiras tap 😁Men for meg så er det viktig å væra meg, væra ærlig i bilder og skildringar, og ikkje pynta på sannheten! Eg håpar det er truverdig og at det skapar lojalitet for deg!💖😁 Forrige veka hadde eg samarbeid med nokon aktørar i Eidfjord. Du kan lesa mi ærlige meining her Takk for at du følger meg og leser innlegga mine. Det betyr masse for meg 💖

  • 5 hotell i Norge som er drops for augo

    Som de veit liker eg meg best på hotell som er meir enn ein plass å bu, gjerne med stilige detaljar, delikat og innbydande 🤩 E g har vore på fleire av desse, men nokon utmerkar seg. Desse er alle i Norge og nevnt i alfabetisk rekkefølge👇🏼 Fyri Resort Hemsedal - fjellresort med stil: Detta må vera det lekraste hotellet eg har budd på i Norge, her er det så lun atmosfære og detaljane er mange🤩. Det første så møter meg i lobbyen er den majestetiske trappa så går frå 1.etg til 3.etg, med massivt tak. Fyr i peisen, dempa belysning og flotte møblar lagar ein lun stemning🔥. Personalet tok vennlig i mot oss og me fekk tildelt eit fint dobbeltrom. Her snakkar me detaljar på høgt nivå, og sjølvsagt 3 hotellputer. Då er eg fornøyd🤩 Pool cluben har basseng både inne og ute, samt badstu og relax rom, detaljane i pool clubben appelerar godt til meg, lekre fliser på bardisken, fliser på borda, planter og peisen som lagar ein lun stemning🤩. Ein kan booka pool cluben med rommet eller seperat når ein kjeme. Men vær obs på at dei beste tidene går først. Restauranten er i toppetasjen med det massive tre taket som gjere heile restauranten. Her er det møblar og detaljar i forskjellige stilar, men samtidig harmonerar det👌🏼. Maten, ja den var veldig innovativ og smakte fortreffeleg. Særlig arancini med trøffel, nam🤩. Det er både brettspel, biliard og shuffelboard dersom ein ikkje vil sitta heilt i ro og berre nyta ein drink. Det er fleire soner i dei forskjellige etasjane som ein kan sitta og kosa seg, jobba eller berre nyta livet! Frukosten har godt utvalg og er verdt å ta ute på altanen med utsikt til fjella, dersom vèret tillater det! I nabobygget er det lunsjrestaurant og shop for kle og tilbehør. Hemsedal har jo så masse flotte turar å gå, eg har vore på fossefallsjakt og sitt flotte fossefall på både korte og lengre turar! Om vinteren er det berre å spenna på seg skia utanfor hotellet og ta skiheisen opp. Om eg kjeme tilbake- JA! //Reklame Hardanger Fjord Lodge- ei perla i Hardangerfjorden : Me hadde booka ein jentetur i lokalområdet ein grå mai dag, då me annkom Hardanger Fjord Lodge gjekk me inn på det gamle Sunndal Hotell, som er renovert i ein gamal og delikat stil👌🏼 Me blei møtt av vertane som tok godt i mot oss🥰. Eg blei ståande i døropninga ei stund og berre sjå, ja for her var det detaljar på høgt nivå i ein gammal stil. Eg kjente med ein gong at detta skulle bli avslappande og hyggelig, det sørga vertane for🙌🏽. Det er 9 rom, og me fekk Prestarommet med ei dobbeltseng og ei enkeltseng. Skråtak, ein liten skrivepult, vask og utsikt opp mot fjella. Me hoppa i badekåpene og tok med oss ei korg med Hardangercider og gjekk ned i badstua som ligger på kaien, berre nokon steg frå hovedbygningen. Der satt me å nytte utsikten til fjord og fjell, og ein dukkert i den iskalde fjorden blei det òg- forfriskande💦! Det var duka for middag og alle gjestane blei tildelt kvarsitt bord i den intime, koselige spiseståva. Vertane fortalte om historien til Hardanger Fjord Lodge og om matkonseptet, her står lokale råvarer i fokus. Og maten smakte fortreffelig👌🏼 Etter middag satt me oss ut i drivhuset med fyr i peisen og masse kvalitetstid med veninner! Me sov godt i dei fredlege omgjevelsane. Frukosten blei delikat servert på ei fjøl, her òg med lokale råvarer. Ein tur til Bondhusvatnet anbefalast, det er vei rett oppfor Hardanger Fjord Lodge, og turen tar ca 1 time kvar vei⛰️ Hotel Oleana - Eit hotell med stil midt i Bergen Å ta heisen oppover i detta hotellet var stillig, her var det store bilder i kvar et g ! Så kult! Eg må innrømma at eg tok heisen opp og ned nokon gangar og filma dei ulike etasjene 😅😁 Me budde i den lilla etg med ho dansande dama 💃🏼Rommet var romslig og hadde flotte detaljar med tiger på den 3.hotellputa🐅 Badet var lite men stilreint og med RÅ skincare produkter og eit stillig bilde på utsida av dusjen. Frukosten på hotellet var topp + for ostar og caprese! I lobbyen var det lun stemning med fyr i peisen, noko som passa godt på ein regntung dag, me er jo i Bergen. Paraplyutleige hadde dei òg, smart☔️ Me sov godt i fredelege omgjevelsar, tross så sentral beliggenhet, midt på Torgalmenningen👌🏼 Heilt topp å berre kunna gå ut å så har du det meste i gå avstand. Personalet i resepsjonen var behjelpelig med å foreslå restaurant og serverdigheter😄 Me enda opp på den gode asiatiske restauranten Nama, det var smak for ganen. Er du i Bergen er ein tur rundtom på bryggen ein hyggelig tur, og sjå på alle husa i Korskirkeallmenningen og ikkje minst ta ein tur med Fløybanen. Der har du fine turområder og ein flott utsikt over vakre Bergen by! Fisketorget har blitt oppgradert på sine seinare år, og det var fint å ta seg ein tur gjennom der. Hotel Oleana kan eg virkelig anbefala dersom du tar turen til Bergen! Veldig stilig og koselig hotell litt utenom det vanlige med kunsten :) //Reklame Hotel Riviera - Rivierastemning i Moss🌴 Med solhatten på hovudet og strandveska på skuldera entra eg Hotel Riviera Moss ein flott junidag👒 Detta nyopna hotellet måtte eg berre prøva! Eg brukte ganske lang tid å komma meg frå parkeringen og opp til resepsjonen for mobilkameraet måtte knipsa kvar detalj, for det var mange av dei- skikkelig riviera stil📸Rommet hadde så mange lekre detaljer, at eg måtte lada telefonen fleire gongar. Veggpynten og senga var blikkfang🤩 Me fekk rom med utsikt utover fjorden, der var det herlig å berre sitta å nyta! Ein tur opp i Spaavdelingen måtte me jo sjølvsagt. Det var forskjellige badstuer og eit basseng som ein kan svømma innanifrå og ut, ute var det litt større plass i poolen med utsikt over fjorden. Som me kosa oss der🤩 Det er egen innganngsbillett for å komma inn i spa anlegget, det kan du enten kjøpa med rommet eller bestilla når du kjeme der, men vær obs på at det er ulike tider, og kan vera fullbooka på ønsket tidspunkt. Hotellet ligger rett på den nye stranda som er laga til der i år. Der var det både leikestativ, plen og sandstrand⛱️ Utanfor hotellet var det mange sittegrupper ein kunne nyta noko forfriskande i sola. Når det var duka for middag fekk me eit koselig bord i hovedområdet med god mat, nokon forbedringar kunne gjerast her, men med god dialog med servitøren blei det bra. Dei andre gjestane der var hyggelige så me slo av ein prat, og det viste seg at fleire var frå Moss, nokon tok rett og slett ein barnefri middag mens andre tok ein kjærestenatt der. Eg skjønnar godt at dei lokale vil prøva det lekre hotellet🤩 Ein kveldstur for å sjå den flotte solnedgangen var heilt innanfor🌄 Me gjekk oppover langs elva der det var gode vibber frå uteplassane. Eg har liksom ikkje høyrt så masse om Moss, men Mosselukta var vekke og sentrum var hyggelig 😄 Frukosten var topp, då dei hadde skinker og oster, nett så ho liker det! Her kjeme eg gjerne att neste sommar☀️ The Well - eit fantastisk spaanlegg I vinter prøvde eg hotell delen på The Well for første gong, og det var lekrare enn venta🤩 Romma var stilreine og detaljar frå skogen var henta inn i romma🪵🌳 E g likte veldig godt den eine veggen som hadde konglemønster med den sennepsgule sjeselongen💛Der kunne eg sitta å nyta utsikten lenge! Sengene var komfortable og pluss for 3 hotellputer👌🏼 Badet var så innbydande og delikat med flotte fliser og innslag av naturen🤩 Gangen utanfor heisen var stillig satt opp med sjeselong og bilder frå spa, så ein følte virkelig ein var på eit spahotell. Det besta med detta opphaldet var at ein kunne gå frå spa til rommet i morgenkåpa og tøfler! Me tok ein drink rundt den stemningsfulle peisen, og bartenderen brillierte med skikkelig gode drinker til oss. Her var det hyggestemning! Etterpå var det dags å nyta middagen oppe i Mori, det var masse gode smaker, lekkert dandert. Frukosten var bra. Me hadde kjøpt inngang til spa begge dager, så me fekk verkeleg nytt spaavdelingen fult ut. Det er eit stort og flott spa anlegg, dei har noko som passar for dei aller fleste, enten med eller uten kle. Er du litt skeptisk til nakenhet, så går det over ganske fort, ein befrielse å go with the flow der😅 (ellers går det fint å ha badiken på). Eg vart veldig glad i badsturitualene, her er min skildring av den eine: "Badstua er fullsatt, saunamesteren ønsker oss velkommen til Nordisk Rituale. Han legger ei iskule med duft på badstuovene og heller vatn over. Så beveger han seg og handkleet i takt med musikken. Den deilige lukten og varmen brer seg rundt i rommet. Nokon vevlger å lukka augene, pusta og meditera, mens andre følger med og nyter kunsten til saunamesteren. Dei gode duftane, bevegelsen og varmen skapte ein heilt spesiell atmosfære". 🙏🏻 Total pakken med å bu på eit lekkert hotell og ha spa i samme bygg var heilt topp, det blir ikkje siste gong eg reiser dit! (Det er fotoforbud inne i spa, desse bilda har eg tatt etter stengetid med avtale). Som du skjønnar har me virkelig flotte hotell i Norge, og eg er så glad for at eg har fått oppleva dei, både på privaten og i jobbsamanheng! Fyri Resort og Oleanna er reklame som eg har merka dei med. Det er ikkje lagt noko føringar for kva eg skal skriva eller legga ut. Detta er mine ærlige reiseskildringar. Håpar du blei frista og vil prøva nokon av dei! Eller kanskje du allerede har prøvd dei. Legg gjerne igjen ein kommentar om kva du syns! Og har du tips til andre hotell som er drops for augo, både innlands og utlands, så gje meg gjerne eit pip! Eg får aldri nok av lekre hotell! Eg skal laga eit innlegg om samme type hotell i verden- så følg med! På Instagram og Facebook profilen min har eg laga reels og bilder frå dei ulike hotella, ta gjerne ein kikk😄

  • Ohrid-og Prespasjøen, Nord-Makedonia🇲🇰

    I vår var eg på studietur til Europas billigaste ferieland, Nord-Makedonia, og hadde ei rundreise der i regi av Macedonia Experience. Me var 6 reisebloggere på tur som fekk opplevd masse kjekt. Sjølve rundturen kan du lesa om her. Ein av områda som virkelig merka seg var området rundt Ohrid- og Prespasjøen. (Alle navna og linkane med understrek kan du klikka deg inn og besøka nettstaden eller sosiale medier til bedrifta). Me ankom Ohrid på kvelden og fekk ein flott omvisning i Gostivar hos Chateau Orman Det første så møtte oss var dei kvite kirsebærtrea som pryda innkjørselen🌸. Det me fekk veta var at dei lagar deilig rakia av desse kirsebæra, og me fekk sjølvsagt smaka🍒! Orce møtte oss og tok oss ned i det forseggjorte smakings lokalet under jorda , det var stillig innreda med masse tønner. Dei hadde dekka på med deilige ostar og pølser frå distriketet. Er det noko me tidlig fekk erfara på turen var at det var masse deilige delikatesser som dei spanderte på oss, både tørt og vått😄. Orce og far hans fortalte om produksjonen og planane for utviklinga av plassen. Dei skulle laga til nokon leiligheter der ein kunne bu i fredelige omgjevelsar og styra seg meir og mindre sjølv. Det er klart no, så du kan sjekka ut leilighetane her. Ei par netter her kunne eg godt tenka meg. Eit godt utgangspunkt for å utforskla området meir😄. I Ohrid Sentrum blei me innlosjert på Villa & Winery Mal Sveti Kliment. Der fekk me eit koselig rom og sov godt den natta. Me våkna til ein flott utsikt over Ohrid Sjøen, dessverre litt overskya den dagen, men me fekk alikavel inntrykk over kor flott det var der! Frukosten blei servert i restauranten og vertskapet var pratsom og hyggelig! Så hyggelig at dei inviterte oss på vinsmaking etter sightseeingen vår🍷. Me begynte vandringa vår oppover dei brusteinslagte gatene og trappene. Det var små smug og utsikt ettersom me gjekk oppover. På toppen kom me til Tsar Samuel`s fort med nydeleg utsikt over heile Ohrid og sjøen! Me beundra den flotte utsikten før me gjekk nedover til Ohridsjøen. Der kom me til den kjente kjørkja; Chruch of Saint John at Kaneo⛪️. Som du ser av bildene var det ganske så flott, og med den blå sjøen i bakgrunnen blei det ganske så flott spot! Frå kjørkja og lags sjøen begynte den vakraste turen. Me gjekk langs ein liten sti bortover, det var så fredeleg og flott😊! Små viker med steinstrender, små brygger, båter som låg på land, og om litt kom me bort til nokon små hus og gater. Der er ein av dei vakraste bildene på turen tatt. Ned mot Fisherman`s House Kaneo gjekk me ned ei steintrapp og blei møtt av eigarane som hadde ein båt me var så heldige me skulle få bli med⛵️. Dei lokale fiskarane hadde vore ute å fiska før me kom så dei viste oss fangsten sin🐠. Gamlefar holdt stolt opp ein kasse med både små og store fiskar. Fiskeskjella skrapa dei av og brukar til dei kjente Ohrid perlene som blei solgt rundtom i byen🫧. Me gjekk ombord i båten deiras og dei kjørte oss langs land så me fekk sjå både kjørkja og dei små koselige husa frå sjøsida⛵️. Det var ein veldig flott tur. Dagens første høgdepunkt🤩. Me gjekk av båten nærmare sentrum igjen, og der låg det masse fargerike båtar bortover. Snakk om å få flotte bilder 📸 Me gjekk gjennom små gater med koselige butikkar for å komma tilbake til hotellet vårt Vila & Winery Mal Sveti Kliment. Der var dei klare med vinsmaking. Dei hadde vinranker på eget område ein kjøretur utanfor sentrum. Vinen var god og me fekk kjøpa med oss litt heim. Sentrum av Ohrid var koselig med restaurantar, barar og butikkar. Fint å gjera aktivitetar på sjøen. Veldig fint for deg så vil ha nærhet til sjøen og hyggelig kveldsliv, langt vekke frå "syden". Men med gode temperaturar frå mai-oktober. Og ikkje minst hyggelige prisar🤩 Så kom me til høgdepunkt nr 2 den dagen Ca 15-20 min kjøretur frå Ohrid Sentrum kom me til Ramne hos Pirustija Nedanoski. Natasha ønskte oss vennlig velkommen. Me skulle få vera med ho å laga autentisk Nord-Makedonsk lunsj, nemlig det Makedonske brødet + masse anna godt🧑🏽‍🍳. Ho og mannen driver dette gjestehuset, eit lite steinhus med to gjesterom. Her var det heilt fredeleg og flott med utsikt nedover mot Ohrid. Det var duka for matlaging, me satt oss til bords, og mens ho begynte å laga brødet fekk me smaka på Makedonske delkatesser, oster, salater, dipper, kjøttpudding mm. Det var fasinerande å sjå på måten ho laga brødet på😄. Ho hadde ein egen kna og kjevle teknikk. Me satt og fulgte nøye med. Ho hadde i kvitløk, smør, spinat, ferskost bla. Så la ho brødet i ei jerngryta så ho satt på ein bålplass🔥. Ho snudde på brødet og la på glør jevnlig, slik at brødet blei godt steikt på alle sider uten å bli svidd. Meir nysteikt makedonsk brød skal du leita lenge etter, og det er noko du bør prøva!🤩 Altså!! Det var skikkelig godt! Det var vanskelig å stoppa å eta😅Ei natt eller to kunne eg godt tenkt meg å hatt hos Natasha, så vennlig, gjestfri og hyggelig dama. Her kjeme du tett på kulturen, naturen og stillheten! Heilt autentisk og flott! De så har fulgt meg på sosiale medier har sett denna flotte plassen og deilige maten i både bilder og video! Ps: her må ein bestilla matlagingskurs på førehand. Vel mette og gode gjekk turen vidare til Jane og Alex sitt familiedreve leiligheter Villa Prespa. Det ligger ved nabosjøen, Prespa. Her blei me møtt av dei gjestfrie foreldra deiras som styrer Villa Prespa i turistsesongen. Så flott hus med 4 koselige rom og eit felles matrom. To av rommene hadde delt bad, det var nytt og fresht. Dei to romma nede hadde eget bad. Ute var det ein koselig hage med ein pavilijong ein kunne sitta ute, under tak✨. Frå hagen kunne ein sjå både til Hellas og Albania, samt til Prespasjøen. Me fekk ein deilig middag laga av mora deiras den kvelden. Sjølvsagt det gode makedonske brødet, og ei gryta med kjøtt og grønsaker. Me blei mette og gode, som vanleg her nede, og la oss nok ein kveld med masse kjekke inntrykk og opplevelsar😄! Det var heilt stille og fredeleg, igjen var me langt på landsbygda. Neste morgon våkna me til deilig frukost av vertane og satt oss på sykkelen og sykla litt rundt og såg oss om🚴🏼‍♀️. Dei har syklar til utleie til gjestene sine på Villa Prespa. Me gjekk litt oppover åsen òg. På veien tilbake var me innom ein lokal forhandlar og fekk oss litt kaffe og slo av ein prat. Det var skikkelig koselig, og folk var veldig glade for å sjå oss🥰! Detta er slike minner som festar seg! Dei lever enkelt, og er så glade 😀 Detta området er topp for sykkel og gå turar. Ein må ha bil for å ta seg rundt. På Prespasjøen kan ein bada og supa om ein ønsker🏄🏼‍♀️. Det er så mange muligheter for utflukter i området. Detta er ein litt roligare plass enn Ohrid. Tusen takk for gjestfriheten og smila me fekk på denna turen😄🥰 Det var ein stor opplevelse og eg kan gje mine beste anbefalingar. Ønsker du å besøka Ohrid og Prespa er Jane i Macedonia Experience mannen å kontakta: info@macedoniaexperience.com Dei skreddersyr turen din enten du vil reisa på eigenhand med bil eller ha ein rundtur med dei! Resten av turen vår i Nord Makedonia kan du lesa her . Der skriver eg óg meir om praktisk info om reisa dit. Er du interessert i hovedstaden Skopje har min reisekollega Torill i Reisekick skreve eit artikkel derifrå, den kan du lesa her :) Håpar du blir inspirert til ein tur til detta vakre landet og alt det har å by på! Gå gjerne inn på Instagram eller Facebook for å sjå fleire bilder og video. På Instagram profilen min har eg laga eit eget høgdepunkt så heiter Nord-Makedonia🇲🇰 der kan du sjå storys frå heile turen📸

  • Mektige Eidfjord

    Det første møtet ein får med Hardanger når ein kjører fra aust til vest over Hardangervidda er Eidfjords mektige natur⛰️☀️Det er høge fjell så stuper heilt ned i den djupe fjorden. Når eg kjører fra Gjøvik og heim til Strandebarm er Eidfjord eit flott stoppested. Faktisk så flott at denna gongen ønskte eg å ta ein overnatting her så eg fekk utforska meir av denna perla. Dette i samarbeid med fleire aktørar her i Eidfjord // Vøringfoss hotell, Hardanger Fjordsafari og Norsk Natursenter. (Ord med strek under er klikkbare). Første stopp på ruta mi var Vøringsfossen. Det har blitt ein obligatorisk stopp dei siste åra. Det er jo tross alt Norges mest kjente foss💦Altså det er så utrulig flott med fossen så stupar ned 182 meter og dei høge fjella i bakgrunnen⛰️. Det er skilta godt opp til den store parkeringsplassen rett nedanfor Fossli Hotell. Der er det eit bra toalettanlegg òg. Det er mange utsiktsramper ein kan sjå fossen på i på forskjellige vinklar. Om ein ønsker å sjå fossen på nærare hald kan ein gå ned på den nye brua så opna i 2020. Dar får ein sett fossen fra eit anna hold, noko så eg gjorde for fyrste gong no. Det tar ca 5-10 min å gå ned fra utsiktsrampene i ulent terreng til brua. Har du høgdeskrekk kan detta vera ein god plass å øva på den, for her står du veldig trygt!🤩 Måbødalen er jo ein oppleving i seg sjølv. Der vegen snurrar seg rundt i rundt, gjennom tunellar og nedover. Ein får allikavel sjå litt av dei høge fjella og fossen.⛰️💦 Det er mange lommer ein kan parkera på så ein kan gå ut å fotografera. Ja for det er storslått natur der. Parkerer ein etter Måbøtunellen på vei oppover kan ein gå innover dalen og møta på Vøringsfossen, det skal vera ein flott tur, men det rakk eg ikkje denna gongen. Norsk natursenter Eit opplevelsessenter for med fokus på norsk natur, klima og miljø som passar for heile familien. 🦌Ein går gjennom det 3.etg senteret med masse informasjon, videoer, utstillingar, her kan ein gå nermare inn på samspelet mellom kultur og natur. 🦌Det er veldig spennande og masse læring for liten og stor. Alt var teksta på Norsk, engelsk og tysk, tillegg var nokon av stasjonane teksta på 10 andre språk. 🌎Det må eg sei er eit pluss i margen. 👌🏻Eg avslutta runden med å sjå den spektakulære panoramafilmen om naturen i området. Detta må væra den beste filmen eg nokon gong har sett🤩👏🏼. Folk i salen gispa, jubla og klappa av begeistring, og eg fekk til og med gåsehud. Noko vakrare film av norsk natur skal litt til for å slå!🏆Ein følte ein var inn i filmen og det var topp kvalitet på bilder og film. Filmen i seg sjølv er verdt eit stopp på Norsk natursenter. Eg slo av ein prat med dagleg leiar Oddvard Brakestad som er ein sambygding fra Strandebarm. Han let vel over godt besøkande på senteret! Restauranten Hardangerviddahallen ligger rett attmed og serverar lokal mat. Og på taket er det nokon geiter som beitar i sommar, så husk å sjå opp på dei óg🐐 Eit fartsfylt eventyr på fjorden med Hardanger fjordsafari Vel nede i Eidfjord sentrum parkerte eg bilen og gjekk ned til kaien og møtte Hardanger Fjordsafari. Dei har ein stor tilhengar med logo,bilder og kart på, så ein ser dei godt. Me fekk tildelt vestar, informasjon om ruta og sikkerthetsrutinar før me tok plass i ribbåten. 🚤No skulle me ut på fjorden og få oppleva Eidfjord fra sjøsida. Frå ein Harding så er vakse opp ved fjorden, så har du ikkje sitt heile plassen før du har komt deg ut på fjorden.🚤💦 Du får sitt ting på ein heilt anna måte då. Me kjørte inn i Simadalsfjorden der me blei fortalt om Sima Kraftverk og den historiske fjellgarden Kjeåsen, "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu". 🏡Der fekk me virkelig sjå kor utruleg bratt det faktisk er opp😱. Me passerte eit par flotte fossefall og sjåføren/guiden Helge fortalte kjekke historiar. I eit av fossefalla kjørte me heilt innåt med båten, opplevelse på nært hald for å sei det sånn. 💦 På berget såg me ein liten sel så skulle ta ettermiddagsbadet sitt. 🦭Alt etter vêr og årstid er det mogleg å sjå ulike dyreartar, som sel, ørn og spekkhoggarar. 🦅🐬Litt fart og spenning blei det òg utpå fjorden. På slutten såg me bort til Hardangerbrua. Turen tok ca 1 time. Ein nydeleg og kjekk tur med god kvalitet på historiane som blei fortalt og innhaldet på turen.👏🏼 Turen kan bookast her Room with a view på Vøringfoss Hotel Hotellet ligger midt i sentrum av Eidfjord, rett ved fjorden, der ein har utsikt til fjell og fjord på nokon av romma. 🏩Eg fekk eit romslig rom med utsikt tatt ut av eit maleri.🤩 Berre sjå på bilda under. På hotellet åt eg god middag som var buffet med salater, kaldmat, varmmat og dessertar. Eg blei mett og god, og igjen var det så herlig å sitta i så fine omgjevelsar å eta! 😄Eg kunne ikkje trekka for gardinene den natta, for den utsikten skulle eg både sovna til og våkna til. 🤩 Senga var god, for eg sov som ein stein, og eg høyrte ikkje ein lyd frå ute gjennom heila natta. Frokosten var òg god, det var eit bra utvalg og rikelig med mat på buffeten👌🏻. Og du, nevnte eg at det er nydelig utsikt fra hotellet? 😉 #Eidfjord er ein instaspot i seg sjølv Rundtom i Eidfjord er det satt opp nokon fotorammer der #Eidfjord er skreve inni. 📸 Ein kan få nokon kule bilder der med det flotte landskapet i ramma. På Ostangen, ca 2 min å gå fra Vøringfoss Hotel og cruisebåthavna finner du den eine ramma, då kjem fjord og fjell nært inni bildet ditt⛰️📸 . Der er det òg ei diger dissa. Eg dissa meg inn i solnedgangen. Vidare gjekk eg opp i byggefeltet og til neste instaramme som ligger på Hodna. Du ser ramma på toppen av byggefeltet når du står i sentrum. Der var det nydeleg utsikt utover Eidfjord sentrum, fjella og fjorden!🤩 Eg anbefaler ein kveldstur opp der, det var magisk. Det tok ca 10-15 min å gå fra sentrum og opp. Ein kan gjera denna turen litt lenger om ein går opp langs Eidfjordvatnet med den fine sandstranda og ei til #Eidfjord ramma. Vidare opp til Hæreidterasse med gamle gravhaugar frå jern og vikingtida, og bort til Hodna som er utsiktspunktet med #Eidfjord ramma så vist i bildet nedanfor. Den rundturen får eg ta neste gong!😄 Kjeåasen- "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" Ja det må eg sei meg einig i! For ein fasinerande historie om dei to bruka så ligger ca 530moh, der folk budde fra 1650 talet. Til husbygging frakta dei materiale opp den stupbratte fjellsida, det var òg bornas skuleveg😱🤩. Eg tar av meg hatten, eg så ikke gjekk opp ein gong, eg køyrde. Rett og slett pga litt vonde kne, hofter osv, skulle jo tross alt gå nedatt òg, så det får eg ha tilgode ein gong.😅 Men eg møtte på nokon spreke damer så gjekk både opp og ned og syns det var ein flott tur! 🤩Ein kan kjøra opp til Kjeåsen kvar heile time og ned kvar halve time. Det er ca 10 min å kjøra fra eidfjord sentrum til veien så føre deg opp til Kjeåsen. Berre husk å ta til høgre og ikke mot Sima kraftverk. (det er kun for gåande). Fra parkeringsplassen og ned til Kjeåsen tok det ca 5 min å gå. Du og du for ein utsikt, dette slod pusten ut av meg!!!😱🤩 Ein kjeme bort til dwt eine huset, så er det ei grind med privat skilt på. Tillegg til at ein har lest litt om historien, så får ein litt frysningar, rett og slett! Detta er mitt hottaste tips enten du går den flotte turen eller køyrer!🤩 Eg var der oppe i 20 min før eg køyrde nedatt, burde jo ha venta ein runde til på nedkøyring, men eg hadde litt anna eg skulle den dagen. Turen ned tok ca 10 min med bil gjennom ein tunell og smal veg. Vel nede kjørte eg inn mot parkeringsplassen attmed Sima Kraftlag, og gjekk bortover Simaldalsfjorden på stien så går oppover til Kjeåsen. Altså for ein vakker tur, der kom eg så tett innpå dei stupbratte fjella så gjekk rett ned i fjorden, eg gjekk på ei lita bru berre⛰️Det anbefalast å gå turen bortover i 10 min sjølv om du ikkje skal heilt opp🤩👌🏻 Du Eidfjord du Eidfjord For eit fantastisk opphald hos deg! 🤩 Eg kosa meg gløgg, og veit du kva det herligaste var med heile turen var, eller her må eg sei to ting;) Det var utsikten mot dei mektige fjella og fjorden, og stillheten. Det var heilt stille der eg tusla rundt på kveldstid! Her får ein lada batteria og ta ein heilt time out. Eg var på solotur, og trivdes så godt i mitt eige selskap der😄. Folka er veldig hyggelige og slår gjerne av ein prat! Så takk til samarbeidspartnere så var med på å gjorde opphaldet mitt ekstra fint: Vøringsfoss Hotel, Norsk Natursenter og Hardanger Fjordsafari. 🤩 Andre ting så er verdt å besøka er: - Trolltoget som går frå sentrum og ein rundtur på ca 50 min. - Italiensk is som er laga på lokal frukt på DolceVidda - Tur til Hjørmodalen/Hjølmotun, det var fortsatt snø der no i begynnelsen av juni, så eg får ta det neste gong. - Eta digg mat på Anchakee`s Thai Mat, her var det fult heile tida eg gjekk forbi. Vårrullene kan eg anbefala - Kajakk padling på fjorden med Best Adventures til venstre for kaien. - Kunsten/utstillinga i trea fra sentrum og utover. Her kler dei opp trea i ulike tema som er underhaldande for turistane - På veien utover fjorden møter ein på Hardangerbrua som er verdens 10.lengste hengebru. Det er mogleg å stoppa på Bu rasteplass for å få brua nermare deg, samt gå/sykla over brua. - Eg må sei Eidfjord er ein fremoverlent turistkommune som henger med i tida og er svært opplyst til sine turistar :) På kaien finner du Turistinformasjonen, som var flittig besøkt mens eg var der. Her kan ein leiga syklar óg. - Det er mange turistar som både stoppar i Eidfjord og tilbringer tid der, samt cruisegjester. Noko så gjere at det er bra liv i gatene. Eg oppfordrar deg til å stoppa i Eidfjord neste gong, ikkje berre køyra forbi! For du ser vel av bildene og skildringa at det er det verdt! Eg gler meg allerede til å ta aust/vest stoppen min i Eidfjord i slutten av juni! - Ein kjeme til Eidfjord via Rv 7 over Hardangervidda til/frå Bergen/Hardanger. -Eg har skreve blogginnlegg frå kva det er å gjera i områda rundt òg. Ta gjerne ein kikk på innlegget mitt om heimbygda mi Strandebarm, Hardangerfjorden og Voss

  • Med barn på reise

    Blir du svett av tanken på å reisa med barn, eller tar du det med knusande ro? Mitt hotteste tips er å pusta med magen, forbereda deg både med å pakka litt saker lett tilgjengelig og forbereda deg på at alt ikkje trenger å gå på skinner, for det gjere det ikke alltid. Eg får kommentarar av venner som "hva er vitsen å reise med barna når de er så små, de husker jo ingenting" vitsen skal eg fortella dåka: KVALITETSTID sammen som ein familie😍 At barna skal læra seg å te seg i ulike situasjonar, at dei skal få oppleva at me lever forskjellig i verden, møta andre kulturar, ja rett og slett få ein smakebete av verden🙌🏽 Me har hatt permisjonen på begge kidsa i Thailand i 1 månad. Og det er ein så utrulig god invistering for familien💖 «Kjeme barnet mitt til å skrika heile flyturen og forstyrra alle andre, kva skal eg gjera når barnet mitt bæsjer på bilturen? Me har aldri vore ute å ete på restaurant, korleis kjeme barnet mitt til å oppføre seg? Skal ein bu på eit barnevennlig hotell med alt tilrettelagt eller skal me ha ein AirBnB leilighet på eit sjarmerande sted? Skal ein ha med bleier og baby mat?» Ja mange slike spørsmål dukkar opp. Eg kan ikkje fasiten på kva så passar deg og din familie, men eg kan komma med nokon tips til deg:) Del gjerne med nokon du kjenner som kunne trengt eit tips eller to for å reisa med barn:) Eg har reist med mine barn sia dei var ganske små, første flytur til dattera mi var når ho var 1,5 måned og ho sov heile flyturen over fjellet! Masse fordi eg slappa av og ikkje stressa. Eg har tenkt at, ja la han bak meg i sikkerhetskontrollen sukka litt ekstra for at eg hadde litt masse eg skulle legga oppi korga tillegg til å holda ein liten baby, eg har sett rundt meg på flyet når babyen min har skreke og berre møtt vennlige blikk. Eg har faktisk aldri stressa, noko ungane merkar òg. Eg kan ikkje sei at eg har hatt problemfrie reiser eller at eg har såtte i ro i flysetet og tenkt at alt er fryd og gammen. Nei, eg har gått opp og ned midtgangen x antall ganger, bedt barna mine stoppa å sparka i setet framfor, sølt MME utover i flyet, skifta bleie i bagasjerommet++ Men eg meinar masse handler om at ein er forberedt i nokon situasjonar og prøver å ikke kava seg opp. Her skal du få nokon av mine tips. Før eg begynner med det, så må eg berre sei at eg er utrulig glad i palmesus og solgaranti, og derav er tipsa mine mest med fly. Men håpar du får med deg eit tips eller tre :D Pakk med ein liten sekk med leiker/aktivitetsaker/fargelegging ol så barnet ditt er opptatt av. Last nest spel eller seriar på telefon/ipad så ein kan ha ved ein lenger tur BEGYNN alltid med å sjå ut bilvinduet/flyvinduet, ser ein ein lastebil, gravemaskin, korleis er omgivelsene rundt deg/ korleis er det på ein flyplass. Ta fram nokon leiker/aktivitet etterkvart og avslutt etter ei stund med ein evt ipad/telefon. La det kjekkeste venta til slutt. Ikkje bruk det opp tidlig. Pakk litt snaks/frukt/gulrøtter/kjeks ol så ein kan ha med. Forsinkelser/uhell kan skje, så greit å kunna fylla opp lageret KØ….. kjedelig for både barn og vaksne, men alt som me er negative til blir barna oppmerksom på òg. Gjer kjipe situasjoner om til noko meir spennande:) Sikkerhetskontrollen kjeme ikke utenom der dersom ein skal ut å fly. Tenk etter kva du pakker i handbagasjen. Det er lov å ha med termos med kokande vatn, flaska med kaldt kokt vatn, MME, Skyr påsar, og tom drikkeflaska. Ta med ei tom drikkeflaska gjennom sikkerhetskontrollen, du kan fylla på i egne drikkefontener på mange av flyplassene. Sparar deg for nokon kroner. Dersom du ammer/flaske eller barnet brukar smokk kan det vera lurt å gjera det ved take off for å redusera trykk i øyra. Bleier er dyrare i utlandet, og særlig no med bleiekutt. Så har du ledig plass i baggasjen, ta med. Valg av bustad der ein skal: ønsker ein minst mulig stress booker ein hotell med alt tilrettelagt, eks sunwing hotell. Mens ønsker ein enklare og oppleva det meir sjarmerande må ein prøva seg fram med bookinger. På flyreise på sas og Norwegian får du inkl bilsete og barnevogn når du kjøper billett til barn under 12 år. Ikke alle land har lik standard på bilstoler, så er ikkje domt å ha med seg sjølv. Du leverer dei i skranken ved spesialbagasje. Skal du senda ei vogn med flyet, då er det lurt å bruka pram pack. Dersom vogna blir ødelagt er det kun gyldig med erstatning dersom den er pakka inni Pram Pack. Bæresele er supert å ha babyen sin i ved reise, då har ein to hender fri til andre ting. På flytur brukte eg den masse, etter take off og landlig syns eg det var trygt og godt å ha babyen i bæreselen då både mor og barn tok seg ein dupp. Kofferten frå Trunkie er kjekk å ha med på flyplassen, då kan barna sitta på den samt ha leiker i den. På gardermoen er det barnevogner etter sikkerhetskontrollen, i høgsesong kan ein vera obs på at det kan vera fleire om beinet. Har ein mulighet å kjøra når barna skal sova, ta fly på natta på langdistanse, ta fly midt på dagen på kortdistanse, prøv det. Gjer det som funker best for barnet ditt Det er egen sluse i sikkerhetskontrollen for barnefamilier og dei så trenger assistanse på fleire flyplasser i Norge. Merk i Spania må barnet vera under året for at ein skal gå i familieslusa. Når ein bestiller flybillett til ein destinasjon med fleire flyavganger, kan ein tenka på om ein skal legga litt meir penga i flybilletten for å reisa med fly på dagen feks. Slik at ein ikke ødelegger døgnrytmen, og sleppe å komma ned på destinasjonen kjempe seint eller stå opp grytidlig. Det må ein finna ut kva som er best for sin familie. Du finner dei fleste apotekvarene i andre land, men ta med om barnet ditt har veldig god effekt av noko. Solkrem tildømes likar nokon å ha med seg då det ikkje alltid er lika bra utvalg som her heima. Uv-drakt og solhatt er fint å ha på stranda då sola er sterkare lenger sør. Slip stop sko er super å ha ved bassenget eller på stranda. Fås kjøpt på Sirkus Rebell Ei lita matta eller handkle til å stella babyen på, det er ikkje alltid det er stellebord på restauranter, så greit å kunna legga babyen oppå noko. Sjekk muligheten for å kunna vaska kle der du skal, så slepper du å ta med deg så masse skittne kle. Jo før du hoppar i det og reiser med barn jo enklare blir det PUST MED MAGEN Gjer det så funkar best for deg og din familie, prøv og feil- det er slik du lærer :) GOD TUR! Håpar du har fått eit par tips på veien:) som sagt eg har ikkje fasiten, men har god erfaring med å reisa med barn:) Ta gjerne ein kikk på instagram eller Facebook sida mi, så deler eg små tips og inspirasjon der òg:) Eg har óg laga eit innlegg om bestilling og generelle tips til reise her

  • Rundreise i Europas billigste ferieland, Nord-Makedonia🇲🇰

    Eg var invitert til Nord-Makedonia av Jane i Macedonia Experience. Han tok oss med på ei flott rundreisa i landet og me fekk oppleva det autentiske så ein kanskje ikkje finner på egenhand😊. Så å booka nokon aktivitetar med dei vil gjera opplevelsen komplett. Ord du ser som er understreka kan du trykka deg inn på så kjem du rett inn i firmaet eg besøkte si nettside. Røykeri, trøffel og god mat🍗 Me blei henta på Flyplassen i Skopje og kjørte ei lita stund til den vetle landsbyen Gostivar, her fekk me besøka røykeriet Gavrilovski. Der hadde dei lina opp eit flott bord med deira eigne skinker og pølser, og ein lokal trøffeljeger, Sasa truffles, kom med trøflene sine. Om det smakte godt, JA! Me fekk gå inn i røykerommet å sjå, her hadde dei både varmt og kaldt røykerom🍗🍖🥓. Det var artig å sjå korleis dei laga det, og ikkje minst å smaka! Trøflane hentar dei i skogen ein times tid unna🌳. Dei brukar hundar til å leita fram trøflane. Den aktiviteten kan ein booka og bli med på sjølv via Macedonia Experience. Kloster og Tyrkisk kaffe og Rakia☕️ Oppover fjellsidene kom me til eit gammalt kloster; Saint Jovan Bigorski Monastery, her var det heilt fredeleg og rolig stemning. Eit par munkar gjekk på plassen der. Stillheten og utsikten mot fjella var ro i sjela⛰️. Rett nedanfor klosteret tok me oss ein tyrkisk kaffe i koselige omgjevelsar på House of Mijaks Ethno Restaurant☕️. Sjekk det lekre serviset! Vidare kjørte me nedover mot Ohrid sjøen, der stoppa me innom destilleriet Distillery Balaklija som var så utrulig for seg gjort. Kvite kirsebærblomar på trea og eit flott smakslokale under jorda🌸. Her lagar dei forskjellige rakia. Dei drive å lagar flotte leiligheter der, så ein kan bu, laga seg mat og nyta naturen og roen! Det kjeme til å bli kjempe flott:)👌🏼 Gode, mette og klar for ei god natt søvn🏩 På kvelden fekk me eit nydelig måltid langt oppi ein liten landsby som heiter Kuratica. På restaurant Plevna blei me møtt av det koselige vertskapet🤗. Dei viste oss inn i ei lita ståva med fyr i ovnen og dekka bord, ja det var litt kaldt der på kvelden. Det skulle vera veldig koselig og fin utsikt der, men litt mørkt når me kom fram. Men maten, den var det ingenting å sei på👌🏼! Altså mat kan dei i Nord- Makedonia😄. Forretten bestod av ein slags meze med masse godt; oster, salsa, skinker++ Til hovedrett fekk me ei deilig gryta. Mette og gode la me oss til å sova på Hotel Villa & Winery i Orhild🏩. Vakre Ohrid🐚 Me våkna til solglimt og koselige gater i Ohrid, der me tok oss ein vandretur rundt i gatene, oppå eit fort og ned mot sjøen der me fekk ein nydelig båttur med Fisherman's House Kaneo ⛵️ Denna nydelige byen skal eg skriva eit eget innlegg om, så følg med! For her kan eg virkelig anbefale deg å reisa!😎 Me fekk delta på eit fantstisk kokkekurs hos Natasha/ Pirustija Nedanoski. Nok ein gong fekk me eta deilig mat! Villa Prespa Me kjørte vidare litt utpå dagen til huset til Jane frå Macedonia Experience, Villa Prespa. 🏡Han og familien leiger ut 4 flotte leiligheter med god stand i fredelige omgjevelsar. Mulighet for sykkel, fotturer, bading og vannaktiviteter🚴🏼‍♀️🏄🏼‍♂️🚣. Det blir meir skildring og bilder på innlegget om Ohrid. Bitola🛕 Neste dag kom me til den vetle byen Bitola, og blei innlosjert på Hotel Teatar. Ein byvandring der me fekk sett korleis byen var og kor ein kunne eta. Hovedgata Широк Сокак strakk seg langt oppover med butikker og restauranter på kvar side. Me fekk helsa på ein hyggelig mann så driver ei gourmetbutikk; Food Republic han skjærte opp oster og skinker til oss, og me fekk smaka på god vin🧀🍗🍷 Me handla med oss litt lokale ting herfra. Middagen med skikkelig Makedonsk musikk hadde me på hotellet🎸🎷🪕Eg seier berre god mat som vanleg. Neste dag våkna me til fuglekvitter og solskinn, så då var det berre å spenna på seg joggeskoa og gå til markedet; Gradski Pazar. Det var ein fin opplevelse. Masse lokale folk stod å solgte frukt og grønt, litt keramikk og ting. 🍓🥝🥕Eg kjøpte med meg heim nokon keramikk skåler og den nyaste fotballdrakta til kidsa. Tips til restauranter: Aurum Kitchen and bar. Nok ein nydeleg lunsj fekk me på Old House Bn som òg tilbyr to flotte leiligheter. Dei hadde òg ein biefarm der me fekk smaka på forskjellig honning og såg korleis han dreiv det. 🐝Hadde me komt tidlig, tidlig den morgonen hadde me fått helst på ein bjørn🐻 Vinsmaking Dagen etter reiste me på austsida av landet, der besøkte me 3 vinprodusenter. 🍇🥂Ja for i Nord-Makedonia lagar dei sin egen vin! Ofta i kjellaren sin eller garasjen. Vinrankene er eit lite stykke unna. Me møtte så vennlige og hyggelige vinprodusenter og dei viste oss gladelig rundt i produksjonslokala!🤗Me fekk både smaka vin og litt tilbehør. Kjekt å høyra på når dei fortalte om vinen og produksjonen. Mange av dei har leiligheter dei leiger ut til turistar i tilknytning til husa deira. Eg kjøpte med meg nokon flasker heim. Vinprodusentane me besøkte var: Family winery Peshkov ,Naumchevi Winery og Wine cellar Popovi Hovedstaden Skopje🎠 Vidare gjekk turen til hovedstaden Skopje. Her vandra me rundt i dei koselige gatene og igjen åt masse god mat! 👌🏼Det kjeme eit eget blogginnlegg på Skopje om ikkje lenge. Torill fra Reisekick har publisert sitt blogginnlegg fra Skopje, så ta gjerne ein kikk på det😄 Denna turen har vore heilt unik og super, me har virkelig fått opplevd og sett det autentiske som Nord-Makedonia har å by på😍 Og det så beit meg mest merke var vennligheten til folk! Altså dei var så imøtekommande, interessert, ville invitera oss inn på kaffe. Varme og koselige mennesker🥰😍 Og ikkje minst blide. Dei lever enklare enn oss, det var som ei tidsreisa å vera der, men dei virkar så lykkelige for det. Det er jo masse historie i det landet. Det er mine reisevenner Reisekick og Catrines reiser bedre på:) Så kven passar Nord-Makedonia til?🇲🇰 Eg vil sei til dei aller fleste så likar å oppleva noko anna, likar å oppleva det autentiske og ikkje masseturismen og syden. Det er masse restauranter i landsbyene og byane, så ein kan få litt forskjellig mat😊 Det kan vera lurt å ha leiebil for å komma seg rundt. Det er ikke så utbygd med kollektivt. Nord-Makedonia er Europas billigste ferieland så her kostar det ikke masse å leva. Tillegg er det veldig lite kriminalitet der ifølge vår guide, så er det veldig trygt der🙌🏽 Reisetips - Fly til Skopje fra Torp tirsdagar og laurdagar med Wizz. (litt tidlig flygning) - Fly til Skopje fra Gardermoen fredagar og mandagar fra slutten av juni til medio august med Norwegian - Ta deg rundt i Makedonia, leiga bil eller bestilla rundreise med Macedonia Experience. - Det kan vera lurt å bestille overnatting på førehand, då det er små overnattingsplassar med få rom. - Standarden er enkel på dei små plassane, men det er reint. Strøm, dusj, do, internett, frukost ol. - Prisane; Middag ca 10-15 euro per pers Øl: 2-3 euro Vin: 2-4 euro per glas. Me kan vel sei at detta er rimelig :) - Det er best å besøka Nord-Makedionia mellom mai og november med hovedvekt på Juni/juli og September/Oktober Macedonia Experience og reisefølge Alt detta så me har opplevd og alt me har fått opplevd er rett og slett pga Jane og Alex fra Macedona Experience. Dei har virkelig satt sammen eit topp program til oss! 👌🏼Og me var enige alle 6 som var på tur at dette var ein kjempe flott blogger tur! Me er 6 forskjellige personar som tar bilder i forskjellige vinkler, fokuserer på forskjellige ting og ser ulike ting. Eg feks, fokuserer lite på årstall og historie, så då blir det meir fokus på skildringer av plassar og tips til aktivitietar, buplassar og mat. Så her er det kjekt å ta ein kikk på dei andre sine innlgg òg, eller følga dei på sosiale medier. Denna flotte, hoppande glade gjengen var eg på tur med: Catrine frå @CatrinesReiser Fanny frå @Reisehygge Merete fra @Worldwithsuitcase Torill fra @reisekick Veronica frå @Norwegianwanderer

  • 3 hotellputer takk!

    For meg er hotell meir enn berre ein plass å bu! De så har fulgt med ei stund veit at eit ekta hotell for meg, skal ha 3 hotellputer, det er ofta eit kjennetegn på at det er eit skikkelig bra hotell😁 Det skal vera komfort, det lille ekstra, gode senger og reint🫶Jo meir forseggjort hotellet er jo bedre! Eg styrer gjerne unna dei store hotella og kjedene, då det ofta er eit maskineri og lite sjarm. Eg trives godt på botique hotel og andre sjarmerande hotell🥰. Stive hotell der ein må kle seg opp for å gå til frukost eller det er stive, kvite dukar, der finner du ikkje meg🙅🏽‍♀️! Eg har gjort masse bommerter med hotellbestillinger, så eg har lært litt, og dermed funnet ut kva eg likar. Eg veit at det er mange av dåka så har heilt andre preferanser på overnatting. Det er jo nettopp det så er så fint med å vera forskjellige. Det er alltid ein overnattingsplass for både deg og meg😄 Følg med lenger nedi innlegget så får du nokon av mine hotellfavoritter. Den flotte øya med det ekle hotellet Eg har hatt nokon opplevelser der eg har berre opna døra til rommet og tenkt- "her skal ikkje eg bu" og gått rett opp til resepsjonen og enten fått bytta rom, oppgradert meg eller bytta hotell (av egen lomma). Ja for det har me gjort fleire gongar. Ein av dei verste opplevelsene var i Malaysia, det var den mest paradis stranda ein kan tenka seg, og små koselige bungalower, som undertegna hadde booka heilt sjølv. Dette var i 2009, så klart eg var ikkje så dreven på bestilling😅. Etter me hadde vore på stranda skulle me ta ein dusj, eg hadde på meg slippers i dusjen, angrar på at eg ikkje dusja ute på stranda den dagen 😅😝🤮Tannglaset hadde dei ikkje bytta sia forrige gjest eller dei 10 siste gjestane hadde vore der..... grøsss... eg tok tannglasset i eit tørkle og bar bort i resepsjonen, han kunne ikke brydd seg mindre🤐😞Når me omsider skulle legga oss så måtte me legga klea våre oppå håveputa for det stanka så ekkelt. Eg trur me greide å bu på dette hotellet i 2 netter. Me hadde booka dykkerlappen så måtte nesten bli på den vakre øya med det ekle hotellet. Eg hadde booka 5 netter der, men dei neste 3 stakk me over til naboøya og kosa oss på eit reint hotell med hyggelig betjening, og masse varaner i hagen og på stranda😎 Eg kjenner eg får grøssninger når eg tenker på det, så her hadde eg nok aldri greid å satt min fot i dag😜 Det er ein grunn til at eg må ha 3 hotellpute standard🤩 Asia- Ein hotell opplevelse I Asia er får ein virkelig valuta for hotella, og om ein velger 4 eller 5 stjernes hotell har ikkje det så masse å sei for prislappen. Bangkok er ein storby der ein får valuta for pengane. Husa raggar høgt opp i lufta, og mange av dei har formidabel utsikt på takbaren sin. Eg har budd og besøkt fleire av dei🏩🏙️Det eg likar best med å komma inn på eit hotell i Thailand er den vennligheten folk viser oss med ein gong, Sawadikaaaa seier dei mens dei holder henna sammen framfor ansiktet😁🥰Så viser dei oss bort i lounge området der me skal setta oss ned og slappa av etter reisa, me får eit kaldt handkle som luktar friskt og enten te eller saft. Noko så passar ypperlig! Hallen er luftig og ofta med litt mørkt treverk, det er stor opning ned til hagen eller stranda så ein få viben med ein gong! Du får følga med litt lenger nede så skal eg lista opp nokon av hotella eg syns står til mine forventningar i Thailand. Ulikt reisefølge Reisefølget mitt har oftast litt forskjellige preferansar på kva dei ønsker og kor masse ein skal legga i ei overnatting🙌🏽 Ja for dei to tinga der høyrer ofta saman, innhold og pris. Når eg reiser med familien så er verken mann eller barn vanskelig å be med på hotell med det lille ekstra🤩! Me kosar oss alle sammen. Så har eg veninner som vil litt forskjellig, nokon av dei vil ha ein plass å sova og nokon så ønsker at overnattingen skal vera ein opplevelse! Eg blir stadig minna på når me var på jentetur og eg hadde bestilt eit 4 stjernes hotell i Tallinn. Når me kom inn så seier dei andre jentene " dette var et flott hotellrom da" 🤩 Og eg tenkte inni meg, " Dette var heilt greit dette" 😜 Jadå me er jo forskjellige! Men me hadde ein veldig artig tur! I mai skal eg på tur med nokon andre venner der me skal ta ein overnatting, med kanskje 3 hotellputer🤩De får følga med på kor me havner😄 Mitt favoritthotell Favoritt hotellet mitt får eg ofta spm om, eg trur eg veit det😉 Det ligger i min favoritt by òg, Sevilla. Det einaste eg syns var domt med det hotellet var at det låg i vakre Sevilla, fordi Sevilla er ein by ein berre vil vera ute i gatene å sjå! Men eg var så heldig at eg fekk bu der i 2 netter i fjor. Det var over forventningene med masse! 3 hotellputer var sjølvsagt på plass😉 Men lukten, lukten i fellesareala! Eg stod faktisk og tok nokon innpust før eg gjekk ut av hotellet for den deilige lukten var heilt nydelig! Interiøret var så stilreint og lekkert🤩 Eg hadde den gongen med meg ein nesten 2 åring så var ganske vill, så var litt små nervøs for pynten i fellesarealet, for eg skulle jo ta bilder ;) men mannen min holdt auga på han! Nei dette hotellet altså! No fekk eg lyst å reisa tilbake asap! Lukten, stilen, ala carte frukosten, vennlige betjeninga, 3 hotellputer, lekre hotellrom, flott takterasse ++++ Ja dette er favoritthotellet mitt!!! Mine tips til hotell med det lille ekstra: - Radisson Collection Hotell Magdalena Plaza - Anantara Rasanada Villa Koh Phangang - Muse hotel Bangkok - Hardangerfjord Lodge - Fyri Resort Hemsedal - Clarion Oslo - Asia Garden hotel Benidorm -Vingårdsferie i Toscana Etter eg hadde skreve lista mi spurte eg mannen min kva hans topp tre hotell var. Eg hadde jo gløymt av desse😅 Men dom du ser så er det ikkje berre eg i husstanden som likar meg på gode hotell😁 Renaissance Bangkok Ratchaprasong Hotel Banyantree Koh Samui Amerikalinjen Oslo

bottom of page