top of page
  • Forfatterens bildeEva

Vingårdsferie i Italia

Drueranker, landsbyliv og masse god mat og vin var det som venta oss på denna Vingårdsferien! Alt eg har drømt om med ein slik tur gjekk i oppfyllelse! (Forutenom vêret, men det kan ein ikkje gjera noko med, ein lyte berre gjera det beste utav det!). Me var 6 venner som reiste på denna turen og me hadde det topp alle sammen!


Me flydde til Pisa med Flyr, tok taxi inn til Pisa by for å sjå på det skeive tårnet og fekk tatt eit obligatorisk bilde når me første var der. Etterfulgt av ein deilig pizza og pasta lunsj i kvartalet rundt. Det seies vel at dei beste restaurantane finner ein ikkje rundt tårnet, men no hadde me kun 2 timar til rådighet før tidenes taxisjåfør kom å henta oss og kjørte oss til vingården. Det viste seg at han blei vår sjåfør for resten av opphaldet. Me fekk masse gode tips av han og masse morsome historiar fra hans liv rundtom i verden. Han var til å stola på og møtte alltid opp før avtalt tid, både tidleg og seint på dagen.

På vei ut til vingården opna det seg eit flott Toscansk landskap med toppar der vingårdene og landsbyane låg oppå og dei tynne høge trea laga ein paviljong oppover. Nesten litt herskapleg enkelte plassar. Det samme var det med vår vingård Casale Pomendovo. Ein flott vedlikeholdt vingård. Me hadde booka toppleiligheten med 3 soverom med tilhøyrande bad, stova og kjøkken, egen uteplass hadde me nedanfor leiligheten. Sola steikte og det var bra varme i lufta, så det var berre å hiva på seg bikinien og gå ned til bassenget. Her kunne me vore i timasvis og berre nytt hyggelig selskap og det flotte Toscanske landskapet, ja og roen. For no var me langt ute på landsbygda. På kvelden var det duka for middag på vingården, der me fekk pasta og deilig kjøt med vingårdens egen vin! Vertskapet på vingården var hyggelige og behjelpelige, så her følte me oss velkommen!

Me våkna til ein nydeleg soloppgang, og me hadde fått toppetasjen med panoramautsikt til "heile Toscana", så takk til dåka andre for at eg fekk velga rom og fekk tatt så masse flotte bilde! Berre sjekk bildene, heilt nydeleg! Det var duka for frukost ute i restauranten. Det var litt buffet og litt ala carte, så me blei gode og mette. Me kunne velge mellom yoghurt, brød, croissanter, egg, bacon, skinke, ost, frukt og kaker, ja for ikke å gløyma dei smakfulle tomatene altså! Etter frukost tok me jentene tok oss ein rusletur gjennom drue rankene, på veien fant me masse oliventre òg. Tilhøyrande leiligheta vår hadde me ein pergola nedanfor der me kosa oss med ein bellini mens me skravla og nytte det Toscanske landskapet. Og igjen roen, det var heilt nydeleg! Langt vekke frå bråk, her var det berre oss og nokon gjester til. Så me satt heilt uforstyrra i vår koselige pergola. Detta er det ein kan kalla kvalitetstid med venner!

På ettermiddagen kom sjåføren vår å henta oss for å ta oss med til vinsmaking på ein gård nokon hakk lenger borte. Der fekk me omvisning i produksjonslokale og litt innføring i korleis dei laga vinen. Så gjekk me opp for å smaka, her fekk me ost og skinka attåt. Vinsmaking er kjekt, sjølv om me ikkje var overbegeistra over vinen. Men eg syns me fekk masse for 200 kr per pers. Taxi sjåføren var på plass å kjørte oss til ein vakker landsby som heiter San Gimigano ca 45 min unna. Det pøsregna og i det me entra bymuren gjekk straumen og heile landsbyen blei mørklagt. Detta var ein morsom opplevelse, nett så i ein skummel film. Me hoppa inn på den første og beste restauranten. Naturlegvis kunne dei ikkje laga mat, men me delte ei flaska Prosecco mens me kosa oss i mørket. Etter ei stund fekk me høyra at dei hadde straum på andre sia av byen, så då var det berre å slå opp paraplyen, setta på lommelykta og gå gjennom byen, for mat måtte me jo ha. Våte som nokon drukna kattar såg me endeleg lys og kom oss inn på den første restauranten. Det var nok ikkje den beste, men me fekk ly, mat og drikka. Og jammen hadde me det ikkje ganske så morsomt òg. Turen heim var våt og mørk, men sjåføren kjørte oss nesten til døra! Vêret får ein ikkje gjort noko med, så då må ein gjera det besta utav det!

Når eg våka neste morgon tenkte eg at eg kunne gløyma soloppgangen, men det var mystisk og stillig soloppgang, der skodda hang over det flotte landskapet og sola prøvde å bana vei gjennom. Det letta og blei bra utover dagen. Me hadde ein date med taxi mannen og han kjørte oss til ein ny landsby, Volterra. Som ligger ca 30 min fra vingården. Landskapet på den kjøreturen var heilt nydeleg og ganske annleis enn det me hadde sett dei andre dagane. Eg var jo utnevnt så reiseleder så måtte sitta framme ;) Då fekk eg sett ganske bra. Volterra låg oppe på ein høgde med flott utsikt utover. Denna ettermiddagen fekk me gått tørrskodd! Masse små trange gater, med koselige souvenirbutikker, delikatessebutikker og barer og restauranter. Her var det hygge stemning! Me poppa inn på ein vinbar der heile veggen var fylt av vin, og det var mørkt interiør, me måtte bøya oss for å komma inn. Veldig sjarmerande. Her blei det smaking av litt forskjellige vinar i distriktet, og den beste osten på heile turen. Skikkelig koselig stemning og ein engasjert drivar. Her blei me sittande eit par timar, og litt godsaker blei det kjøpt med heim òg. Men me måtte jo gå litt i gatene òg før mørket kom. Me handla litt kjøkken redskaper laga av oliventre, is, og andre delikatesser til å ta med heim. Rett før middag rakk me den fine solnedgangen. Me hadde fått anbefalt restauranten Enoteca del Duca av vingården. Den var kanskje litt stiv for vår del, men nydeleg biff då! Den litt arrogante servitøren la ein demper på totalinntrykket, så me gjekk vidare for dessert. Me fant den koseligste restauranten med digg tiramisu og hyggelig vertskap! Ja for eg kan jo ikkje reisa til Italia uten å eta tirramisu!

Ein nydeleg vingårdsferie har det vore, og me har kosa oss masse med kvalitetstid, hygge og nye opplevelsar! Me skulle egentlig ha nokon aktivitetar som trøffeljakt og matlagingskurs, men pga vêret og tidlig avreise droppa me det. Eg syns det var topp å ikkje ha for masse program. For det var heilt nydeleg å berre nyta! Av og til trenger ein slike feriar. Når omgjevelsane er så vakre og selskapet så hyggelig så trenger ein ikkje alltid så masse opplegg!


Eg fekk masse hyggelige meldingar på instagram om kor flott det såg ut, og om det virkelig var så flott så det såg ut til, eg svarte: endå flottare 😁 Det er noko med heile settingen, lukten, atmosfæren, folka tillegg til det vakra! Eg fekk inn masse spørsmål så eg tenkte å dela under her, samt litt praktisk info om ein vingårdsferie.



Det er masse planlegging som trengs før ein slik tur, og sjølv kor masse eg har reist så har eg ikkje vore så masse i italia, så eg kontakta PrimaToscana for å finna ein fin plass å bu. Dei er ekspertar på Toscana, og kjenner plassen. Det var bra service og plassen var super!


Q&A

Pris på reisa?:

Det kjeme heilt an på når ein reiser og når ein bestiller. Men me bestilte fly og overnatting eit halvt år i forveien. Fly per pers Osl-Pisa: 2300kr + Overnatting inkl frukost: 2200kr per pers.


Hadde dere leigebil?: Nei, men det var anbefalt da det er store avstandar og lite kollektivt. Me skulle på vingårdsferie og drikka vin, så derfor hadde me sjåfør. Taxi mannen vår heite Filippo Perferi tlf: +39 333 341 8844 på WhatsApp. Han var veldig pålitelig, rimelig og hyggelig. t/rt flyplassen ca 500kr per pers. Viktig å bestille taxi forkant, da det er få så tar meir enn 4 personer.


Hvor bodde dere?: Me budde på Vingården Casale Podernova ved ein liten landsby så heite Terrecciola. Leiligheten hadde 3 soverom med tilhøyrande bad, stova og kjøkken + ein pergola utanfor. Det var frukost inkl i prisen, og ein kunne eta middag der òg. Ein bitteliten landsby og eit par vingårdar i gåavstand fra vingården, mulig å låna syklar.


Hvordan gikk du fram for å bestille: Først sjekka eg flybilletter både til Milano(Piemonte) og Pisa (Toscana), og sjekka avstandar fra flyplassene til vindistrikta. Valgte så Toscana pga kortare transfer fra flyplassen og flytider. Gjorde eit kjapt google søk om vingårder, så kom PrimaToscana opp. Eg kontakta dei og skreiv kva me ønskte og dei sendte meg nokon alternativ. Dei kjenner Toscana ut og inn, så her er det berre å stola på kunnskapen deiras! Og det svarte til forventningene. Taxi kontakten fekk eg via ein vingård eg spurte. Turene til landsbyane bestilte me direkte via taxi sjåføren vår. Vinsmakinga booka eg på nettsida til vingården.


Snakkar dei engelsk der: Dei snakka greit engelsk på restaurantene og vingården. Men ein kjeme langt med eit smil og litt peiking òg.


Var det restauranter i nærheten: Det var eit par i ca 20 min gåavstand til Terrecciola, restaurant på vingården, ellers måtte ein ha bil/taxi. Det var òg muligheter for å laga seg mat på kjøkkenet i leiligheten.


Nærmeste landsbyer: Me fekk god innføring av taxisjåføren kva landsbyer som var verdt å besøka og ikkje, så me fulgte hans råd om San Gimigiano og Volterra. Heilt nydeleg. Men då i taxi/kjøreavstand 30-45 min unna.


Prisnivå i Italia: Ganske greit, ein middag på ein vanlig restaurant ute kostar ca 300 kr, forrett, hovedrett og vin. Ei flaska prosecco på ein bar ca 250 kr. Alt på matbutikken var billig.


Type Mat: Dei har alt, men sjølvsagt er det godt å smaka på pizza og pasta når ein er i Italia, og for ikke å snakka om alle dei gode ostane og skinkene! Masse godt kjøt var det òg!


Opplevelsen rundt: Ja det var ein nydeleg opplevelse med ein herlig atmosfære. Eg likte å bu på ein vingård, med det flotte landskapet rundt. Å vera samla vennegjengen der, og ikke vera spredd til kvar vår kant som ein ofta kan bli i ein storby. Det er masse å finna på, så ein må legga opp ein plan etter kva ein ønsker for sitt reisefølge.


Servicen i Italia: Dei fleste var hyggelige, men nokon var litt arrogante, og det appellerte ikkje heilt til oss. Eg tenker det er lov å smila litt meir på generell basis. Vår sjåfør var veldig hyggelig då :D


Kva områder egner seg for vingårdsferie i Italia: Dei to store er Toscana kor me var og Piemonte lenger i nord.


Hvordan finner man aktiviteter: Spør overnattingsstedet eller dei du bestiller reiser gjennom. Me blei anbefalt aktiviteter gjennom Arianna and friends, dei er godt kjent i området der me budde. Og har bla matlagingskurs, trøffeljakt, oliven og vinsmaking. Mine tips her; ikkje legg opp til for mange aktiviteter, det er godt å nyta litt òg.


Håpar du blei inspirert til ein vingårdsferie, det anbefalast! Likte du det du leste, trykk gjerne på hjerta under, og del med dine vininteresserte venner:)


Ciao Bella!






352 visninger1 kommentar

Siste innlegg

Se alle
bottom of page