Det er ikkje til å stikka under ein stol at eg er utrulig glad i sjokolade😍 Eg blei raskt introdusert til Gjøvik Sjokolade når eg begynte å reisa hit i 2005, dei rundt meg hadde nok skjønt kor glad eg er i sjokolade😁 Den einaste haka med å introdusera meg for sjokoladen, var at eg måtte innom kvar gong eg var på Gjøvik, og etter å ha flytta hertil må eg styra meg litt 😅😉 Sjokoladen er så god så den er blitt ein favoritt hos familien min i Hardanger òg! Eg kjøper ofta med meg sjokolade når eg skal på besøk til nokon eller det er ein spesiell anledning. Og når folk kjeme på besøk til meg så tar eg dei med innom. Det er jo ikkje alle så kan skimta med ein egen sjokoladefabrikk i byen sin!
Gjøvik Sjokoladefabrikk blei opna i 1996, i 2022 fekk Kristina, Heidi og Mariann muligheten å kjøpa opp butikken og ønske om å driva den vidare var stor. No under navnet Gjøvik Sjokolade. Det har vore ei bratt læringskurve for dei tre damene, men dei syns det er kjekt! Siden den tid har dei flytta i mindre og koseligere lokale nederst i Storgata. Der har dei utsalg av all sjokoladen dei lagar, kaffe, varm sjokolade, milkshake og deias eigen gelato.
Eg møtte Kristina i lokalet i Storgata 2 og tok ein snakk med ho om korleis det er å driva ein sjokoladefabrikk, og eiga bedrift saman med 2 andre. Kristina er utdanna konditor og begynte i Gjøvik Sjokoladefabrikk i 2015 som ekstrahjelp. Mens i 2018 fekk ho fast jobb som konditor då dei trengte meir folk i produksjonen. Det året begynte dei bla med utsalg på CC Gjøvik. I 2019 blei ho produksjonssjef, ansvaret for produksjonen er noko ho likar svært godt. "Det er så gøy å få utvikle sine egne smaker og kombinasjoner" seier Kristina. Ho lagar sjokolade i produksjonslokalet i sentrum kvar dag. Ein av sjokoladene ho har utvikla som har blitt meget populær blant kundane er Nøtteliten som består av sjokolade, gull karamell, hasselnøtter og flytande karamell. Høyres og smakar himmelsk ut spør du meg😁 "Det er veldig kjekt når folk etterspør smaker og en kan lage det kundane ønsker". Seier Kristina som er kreativ og får brukt konditor kunnskapane. Favoritten hennas er Butterfly med kokoskrem. Folk kjeme med tips til kva dei ønsker i sjokoladen og Kristina eksprimenterer seg fram og finner den riktige smaken, slik får dei fornøyde kunder og eit bredt utvalg der dei aller fleste finner noko dei likar. Salt karamell og kvit sjokolade som Kristina har utvikla er blitt veldig poppis. Ja og den sukkerfrie sjokoladen er veldig populær blant dei så ynskjer det.
I 2018 kom Gjøvik Sjokoladefabrikk på riksdekkande TV for at dei var ein av dei første i Norge som laga Ruby sjokoladen. Folk fra Oslo reiste omveier til hytta for å komma innom Gjøvik for å kjøpa denna populære sjokoladen. Noko så slo positivt ut på salget. Ruby sjokoladen er ein naturlig rosa sjokolade som er utvikla av ei rosa kakaobønne, så her er farge og smak heilt naturlig. Den er litt fruktig og litt syrlig. Ruby sjokoladen er forska på i over 10 år, så dette måtte jo berre bli bra. Min ruby favoritt er den fisken med pasjonsfrukt inni.
I tillegg til all den gode sjokoladen lagar dei sin egen gelato. Gelato er ein ordentlig italiensk is som serveres ved ein høgare temperatur enn den norske fløyteisen. Noko så gjer ein bedre smaksopplevelse, det smaker så mykje meir, og ekte smak! Sommeren er høgsesong av is, men dei har gelato med ulike smaker heile året. Eg fekk smaka sjokolade gelato og rips sorbet som begge var nydelege! Rips sorbeten er så heimelaga så den kan få blitt, med egne plukka bær fra hagen. Det er både Kristina og mange barn sin favoritt, pga den syrlige smaken og den lekre rosa fargen. Kristina var på gelato kurs, og etter det utvikla ho si eiga oppskrift utifrå det ho lærte der. Det er jo kun fantasien som setter stopper. Til jul hadde dei pepperkakegelato feks. Det fine er at ein betalar per hekto gelato, så ein kan ta ein liten smak av fleire i begeret.
Som de ser av bildene under er det så mange forskjellige figurer og former sjokoladene kjeme i. Så det passar godt til ulike anledninger; gaver til bursdag, dåp, konfirmasjon, utdrikningslag, eller berre i konfektskåla!
Bestselgerene til Gjøvik Sjokolade er:
Bananskum sjokolade
Karamell
Nougat
No har dei begynt med Donuts på fredagane, og det har vore veldig populært! Så populært at dei skal ha det nokon laurdagar innimellom, det blir det gitt beskjed på via sosiale medier. Eg gler meg til å smaka :)
Tillegg til butikken i Storgata 2 har dei nettbutikk òg, så her kan ein bestille til heile landet. (det anbefaler eg deg å gjera dersom du ikke har smakt den gode sjokoladen enda). Du finner dei på Instagram og Facebook, der legger dei ut fristande bileter og videoer av gelatoen, sjokoladane og produksjonen av dei.
Comentarios