top of page
  • Forfatterens bildeEva

Møt jula i Europa

Kva er vel ikkje herligare enn skikkelig julestemning før jul🎄 Både små og store byer i Europa lager til dei flottaste og koseligaste julamarkeda. Her er det store julatre, masse julabelysning, mat frå forskjellige kulturar, gavetips, ja og sjølvaste julanissen tar ein tur innom og helser på🎅🏼

Om detta er stas for både store og små- ja, det syns me!🤩


Eg har alltid vore vant til å reisa vekk i romjula frå eg var ungdom, me reiste til Granka med heile storfamilien og kosa oss i sola. Etter eg blei vaksen har eg valgt vekk jula og heller sett muligheten for å sjå fridagar og bruka pengane på noko eg heller setter pris på🤩🌍🌴 Dei siste åra etter me fekk ungar har me gjort begge deler, delt opp litt. Så istadenfor å reisa vekk i jula har me heller reist på eit koselig julamarked i Europa🎄🎅🏼 Kva med å legga flybillettar/tog/hotell i julakalenderen ein dag, og vipps så kosar de dåka ei helg med julamarked! Det er jo koselig å ta ein pust frå julastria og ta tid til kvarandre🥰 Er det ikkje det jula handlar om då, å vera med sine kjære😍 Eg tippar barna vil sjå sine foreldre som er tilstedes og ikkje stressar med gulvvask og handling!

Det finns så mange julamarked både i Norge og Europa, og kva skal ein velga?

Mitt tips her er

  • viss du har sett deg ut ein plass du vil besøka, så er det lurt å sjekka flybilletta i god tid, samt overnatting.

  • Viss du ikkje veit kor du vil dra, du vil berre ha litt julastemning, og ein rimelig tur. Då ville eg begynt med å sjekka flybillettar til forskjellige byar, når ein har funne ei flyruta som passar, sjå etter overnattingsplass, aust Europa har ofta rimelige overnattingsplassar.

  • Prøva å finna eit hotell så ikkje er så langt unna julamarkedet, om det er ein stor by.

  • Deretter sjekka om det er eit julemarked eller fleire i byen.

  • Sjekka restauranttips påforhand, og gjerne booka bord. Det er ofta masse mennesker i byen, så fyller seg fort opp.

  • Er det andre aktiviteter/sightseeing du vil sjå i byen mens du første er der?


Eg vil dela mine opplevingar frå julamarked. Eg har ikkje vore på så mange enda, men dei eg har vore på har vore veldig koselige🎄Eg ønsker meg svært gjerne å reisa på eit julemarked i år, men me får sjå kva tiden bringer.


  • Warszawa er ein ganske passe stor by. I gamlebyen hadde dei laga til eit koselig julamarked med boder, varmt å drikka og masse fint å kjøpa. Det er små pynta parker før sjølve julamarkedet i gamlebyen så var hyggelig å gå innom. Me budde på Mariott, noko så var kjempe flott! Det ligger midt i smørøye i den nye delen av byen, med kollektivt rett utanfor døra og shoppingsenter rett attmed, dei har sømmebasseng/spa, restaurantar, lounge og bar der. Me brukte shoppingsenteret, restaurantar og litt sightseeing itillegg til julamarked. Tips til restaurant: Beef n`Pepper, Aioli Cantine Bar Cafe Deli, Culiniinaria Italia, Zapiecek


  • Bratislava: For ein liten, koselig by! Og her kunne dei julastemning, tom trikken var pynta til jul! Julamarkedet foregjekk i sentrum av byen. Her var det eit stort julatre midt på plassen, nokon boder rundt, og det koseligaste markedet fant me på Main Square, her var det stemning. Folk kosa seg med gløgg mens dei små åt frå bodene, handla med seg litt julapynt og presangar, ja og det vart sjølvsagt spela julamusikk. Detta var stemning! På dagtid var me innom eit anna julamarked ved det gamle rådhuset, der hadde dei sauer som ein kunne klappa, detta var stas for kidsa! Me budde godt, Sheraton Bratislava Hotel med ei nydelig suita. Sånn er det når ein er konsekvent med bestillinga si veit du, då får ein fordelar:) Det låg ikkje midt i sentrumsgryta, men 10 min å gå så var me i streeten. Me åt veldig god mat itillegg til å kikka litt rundt i byen. To netter her var topp. For å komma seg til Bratislava, tok me direktefly til Wien og tog i ca 45 min til Bratislava. Enklare får du det ikkje.


  • Wien: Altså her kunne dei julamarked🤩 Eg kom utav tellinga her, me gjekk innom det eine etter det andre. Og felles for alle var at dei var veldig stemningsfulle på sin måte. Eg hadde notert meg ned 3 stykk som me skulle sjå, men det blei no minst dobbelte. Den dagen hadde eg langt over anbefalt skritt på klokka, men å berre gå rundt å sjå i ein så vakker by med så mange flotte julamarked, var ein fryd! Julemarked på Karlsplatz var veldig lagt til rette for barn, her var det hopp i høyet, kosa med dyr, formgjeving og ellers familiehygge! Me tok det mest spektakulære til slutt, og det var lurt. Då var det nett begynt å bli mørkt og lysa i markedet tentes. Me såg det opplyste pariserhjulet på avstand, parken var så flott pynta og stemningen så god! Eg såg lysa tentes i augene til 3 åringen! Eg vil trekka fram det koselige markedet på Am Hof med alle gode matbodene. Litt roligare stemning og folk kosa seg:) Jammen kom ikke nissen der òg, det var stas! Du Vienna du Vienna, for ein vakker by🤩 Som sagt, me gjekk og me gjekk den dagen, så fekk jo sett kor utrulig nydeleg byen var😍 Her skal eg tilbake. Eg har vore så lite i sentral europa. Me kom med morgentoget frå Bratislava og hadde eit døgn på oss før flyet gjekk heimatt. Det var klart altfor lite, men sånn blei det den gongen. Kjempe flott å kombinera Wien og Bratislava. Max ein times togtur mellom byane, og ein brukar flyplassen i Wien for direktefly. Hotellet me budde på hugsar eg ikkje navnet på, men eit heilt greit 3* hotell. Me var nesten ikkje inne på hotellet for det var så masse fint i gatene. Klart det var litt teit å gå fra 5* i Bratislava til 3* i Wien, men prisane..... ;) Skal ein reisa til Wien på julamarked, kan det vera lurt å ta ein kikk på kor det er marked i byen, har ein fleire dagar, konsentrer deg om eit område eine dagen og eit anna område neste dag. Når ein første er i Wien bør ein smaka på schnitzelen, den er ikke berre god, men diger! Me fekk skikkelig god schnitzel på 7Stern. På kvelden hadde me digg mexicansk på Santos Neubau.

  • Oslo: Julamarkedet som lyser opp Spikersuppa er så koseleg! Her er det glade barn som står på skøyter, boder med masse godt i og ting å få kjøpt med seg. Her kan ein enten ta ein dagstur eller gjera det til ei hyggelig helg. Eg har jo allerede laga guide til restauranter og hotell for deg:) Berre ta ein kikk på desse innlegga om du vil ha tips :)


  • København: Her var me faktisk på romjulsmarked i tivoli for x anntall år sia. Me segla med DFDS over og nytte ei natt i køben med det julapynta tivoli.


  • Manchester: Fotball og julamarked det kan vera ein fin kobo. Det gjorde min mann for nokon år sia, og dei hadde laga det veldig hyggelig i gatene med lys, nisse og masse boder. Og du, Manchester er så mykje meir enn fotball. Eg gler meg allerede til neste gong eg blir invitert med, for her var det så hyggelig stemning, bra shopping og ikkje minst masse gode restaurantar!


Ja det er så mange plassar å reisa på julamarked! Tyskeland skal jo vera heilt rå på julamarked, så det har eg på lista mi! Personlig syns eg dei små koselige julamarkeda er koseligste! Men det er ei smakssak. Der får ein ei heilt anna stemning. Sånn så i Wien så fant me begge deler, men det blir meir avstandar og gåing. Vil du ha eit koselig lite julamarked vil eg ha satsa på ein av byane i Aust Europa, og der er det jo ofta rimelig både hotell og fly. Eg kunne tenkt meg Tallinn til neste julamarkedtur til Aust Europa, det er jo ein koselig by i seg sjølv. Skal du reisa til ein litt større by med masse julamarked; velg deg ut eit område og konsentrer deg om det ein dag og eit anna område neste dag feks:) Eg snører på meg joggeskoa på kvar ein storbytur, så eg er forberedt på masse gåing, det er jo då ein får oppleva koselige gater, torg så opnar seg og hyggelige restaurantar som ein ikkje ville gått forbi om ein tar kollektivt.

Det finns så masse koselige lokale julamarked så ein kan besøka på dagstur, kanskje du har eit i din by/tettstad:) Følg med på facebook eller i avisa, så kjeme det heilt sikkert opp noko snart!


Har du vore på julamarked og har eit tips til meg, skriv det gjerne i kommentarfeltet under:)



97 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page