top of page
  • Forfatterens bildeEva

Mine restaurant tips i Oslo

God mat på reise er pri nr 1 for meg! Eg trenge ikkje gå på fancy restauranter, men det må vera god kvalitet, hyggelig betjening og eit inbydande lokale. Dette føler eg at eg finner masse av i Oslo. Så å ta toget inn i hovedstaden og eta god mat er heilt herlig! Gjerne sammen med andre så nyter det lika masse som meg. Når eg reiser til Oslo så prøver eg å finna matkategoriar/land som me ikkje har her på Gjøvik eller som eg ikkje er så god på å laga sjølv. Eg vil skriva litt om mine restaurantopplevelsar i Oslo dei siste åra, kanskje du plukker med deg eit tips eller to til neste Oslo tur :D


Asiatisk fusion: Nodee i Barcode og Asia på Aker brygge. Her får du nydelege asiatiske smakar! Eg pleier å bestilla litt småretter og dela med bodkammeraten så får ein smaka litt av kvart! Litt sånn astiatisk tapas:) Og du, på dei asiatiske restaurantane laga dei skikkelig gode drinkar! Dei med passjonsfrukt er min favoritt.

Biff: Köd kan köd rett og slett!👌🏽 Her får du saftige biffar med godt tilbehør. Carpaccioen til forret var heilt nydeleg!👌🏽Hyggelig stemning og god mat!

Arts Restaurant: Ein fancy og stillig restaurant med god atmosfære, hyggelige servitørar og ein vinkelnar så virkelig kunne jobben sin! Kjøttet her var nydeleg!Og den burrataen!!! Eg har tatt med meg eit godt tips frå den heim i min matlaging;) Og vil du ta ein tur å sjå på kunsten, er det galleri der.

Tapas: Barramon på Mathallen; Pintxos tapasbar midt i mathallen, der sitter du på barkrakker og tapasen er dandert på brød delikat inni disken. Eg pleier å bestilla to pintxos i slengen, eta og nya mens eg ser over utvalget. Eit godt glas med cava høyrer med. Når du er ferdig teller mannen bak disken opp kor mange tannpirkere du har, og summerar det. Castello på Sørenga må eg nevnt av fleire grunnar, utsikten når ein sitter ute; å sjå rett bort på barcode og Oslobukta mens ein ete digg tapas og ein nydeleg sangria! Ikkje berre har dei vanleg sangria, dei har både kvit, rose og med cava. Utvalget er bra og så er smaken på sangriaen! Tapasen er nett så me likar den, og den blir servert delikat :)

Mexicansk: Coyo og Tijuana. Når ein ete mexicansk mat, så syns eg ein bør ha litt mexicanske rytmer og fargerik restaurant. Det har begge desse to greid! På Sørenga finner du Coyo i eit supert fresht og lyst lokale. Altså her kan dei interiør, masse stillig men på ein innbydande måte. Ein kan sitta ute og nyta utsikten om ein vil her òg! Maten, drinkane, atmosfæren, ja altså detta er snadder! Viss eg skal trekka fram ein drink er det smoked margaritas. På Løkka finner du den stilige Tijuana, her er det dødningehoder og kule farger som preger lokalet. Godt utvalg og digg mexicansk mat!

Indisk: Jewel of India og Mantra. Er det ein ting eg syns eg skikkelig digg så eg ikkje greiar å laga sjølv, så er det indisk mat. Smakane der altså, og risen, sånn ris får ikkje eg til å laga heima! Så nesten kvar gong me er i Oslo så må me eta indisk. Eg har lagt min elsk på Jewel of india som har koselige lokaler, skikkelig god mat, hyggelig betjening! I ei sidegate nederst i Karl Johan finner du den flotte restauranten Mantra by Mr Indria med den stilige tandoriovnen. Lokalet er lunt, folka er hyggelige og maten er topp!


Gourmet: Vil du kosa deg litt ekstra og smaka deg gjennom nydelege rettar er Kontrast å anbefala! Dei har ei Michelin stjerna, men dette er ikkje ein type stiv restaurant. Me hadde ein 11 retters meny og alt smakte godt! Eg hugsar den eine retten med ost, sjølv om det er 4 år sia me var der! Flott mat og vin presentasjon til kvar rett. Lokalet er anonymt, men allikavel stillig!

Vil du ha litt av alt, kanskje følget ikkje er enig med dine matønsker, då er det berre å gå på Mathallen eller Oslo Streetfood, bestille mat frå kva sin restaurant og setta seg i midten på fellesborda. På den måten kan ein smaka litt av fleire og alle blir fornøyd med sitt matvalg :)

Og du, vil du gå på ein skikkelig koselig liten bar med gode drinkar, då er Perla på Sofienberg plassen!


Har du plana om ein Oslo tur og trenger tips til ein plass å sova, ta gjerne ein kikk på innlegget om mine hotell favoritter:) Og vil du rusla nedover langs Akerselva kan du bli med på min tur først!


God middag og kos deg i hovedstaden!


371 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page