top of page
  • Forfatterens bildeEva

Dublin er meir enn pub og irsk musikk

Dublin er ein akkurat passe by for ein weekend tur, enten du reiser med kjærasten, familen, venner eller solo. Ein finne kvarandre lett igjen dersom ein skiller litt lag og får sett masse både til fots og med transport.


Det er ikkje til å stikka under ein stol at Dublin har ein livlig pubkultur, det er faktisk ein stor del av det å vera turist i byen. Det er ein egen stemning, folk skravler i vei mens dei drikker favoritt ølet sitt, nokon plasser er det ein trubadur som speler fengande irske toner, då er det ikkje mange i rommet som sitter stille og dei fleste synger stemningsfult med! Temple bar er jo eit kjent område for mange, og det er hyggelig å ta ein tur innom der å føla på atmosfæren, men det er klart at det kan vera kjekt å bevega seg litt utanfor det område å sjå meir av byen. Du skal få mine tips til stemningsfulle puber lenger nede i innlegget.



Dublin har meir å by på enn pubkultur. Eg var på dørjakt i gatene og fant dører i alle regnbuens fargar. Det er fleire historiar bak Doors of Dublin, en av historiene strekker seg tilbake til 20 tallet der den berømte forfattaren Moore malte døra si grønn så naboen ikke skulle ta feil dør når han kom heim fra byen. Eg syns uansett kva historie som er sann at det lyser opp eit vanleg nabolag med desse dørene. Nokon av gatene eg fant dei fargerike dørene: Merrion Square, Saint Stephen's Green og Fitzwilliam Square bla.



Er du interessert i kultur så er Collage of Trinity verdt eit besøk, inni der er Books of Kells. Altså det var så gjennomført og så flott i djupe eikefargar. Ein kan kjøpa audioguide på stedet og høyra historien bak, det er det mange så likar. Ute på plassen ved The Berkely Library står skulpturen Sfera con Sfera, den indre ballen representerer Jorda og den ytre Kristendommen. Tannhjula symboliserer sjørheten og kompleksiteten i verden. Ta ein kikk å sjå, ganske så kul.

Mat må man ha! Du veit, eg elskar god mat og godt drikka, så for meg så er det viktig å finna nokon gode restaurantar på tur. Denna gongen hadde eg kun bestilt ein restaurant, og sjølv om me var to personar, så var det vanskelig å få plass på kveldane i 7 tia. Du kan tru frk Berge var litt hangry då :P Men heldigvis for reisefølge fekk me oss ein god restaurant med masse god tapas, og ein perfekt Porn Star Martini til dessert. Farrier & Draper heiter den. Eine dagen hadde eg bestilt Brunch på Pink Restaurant, det var jo tross alt Valentines dag rett rundt hjørne <3 Der kunne dei mat, virkelig! Eg tippar det er lika godt til både frukost, lunsj og middag. Ja ein hjerte dessert måtte eg ha òg. Alt var rosa der inne, interiøret, service, pynten, boblene, og innslag i maten. Her går eg gjerne igjen! Har høyrt at afternoon tea skal vera god der òg.

Eit realt kjøttstykke er noko eg setter pris på, og gjerne tørrhengt! Det fekk me på den koselige restauranten F.X. Buckley. Eine kvelden tok me turen til ein anna bydel som er litt meir sånn Løkka i Oslo, der var det barer og restauranter på kvar ei side av gata. Me åt litt forskjellig der, både thai og libanesisk. begge deler var middels god. På turen nedover fant me ein av dei eldste pubene i Dublin The Brazen Head, den var stillig, men mangla litt atmosfære syns eg. Så me gjekk nedover til den sentrum igjen. Der var det god stemning på stam baren vår; Merchant`s Arch. Den var stillig innreda, Ein tur over elva på kveldstid er koselig, då får ein sett alle dei fine fargane som lyser opp bruene. Og det er verdt å nevnt den italienske restauranten med den gode servicen på andra sia av elva Bar Italia. Der fekk me masse god italiensk mat. Brunch er jo inn i tiden, og i Dublin så var det masse plassar med brunch, og her var det berre å drikka bellini med begge henna, dei kaldt det for bottomless bellini. Me skulle reisa den dagen, så det blei med maten for vår del;) Men maten på Cleavereast var veldig god!

Hot tips til bar- Vintage Cocktail Club! Men bestill eller regn god tid i kø- det er baren med svart dør uten navneskilt. Du booker bord, dinger på døra og får komma inn til oppsatt tid. Du går opp den smale trappa og blir guida inn i det vetle lokalet som er i vintage stil. Her får du bestilt ein drink mens du studerer alle detaljene i rommet. Dette var kult!


Me budde på Hard Rock hotell og det anbefalast virkelig! Detta var stillig og gjennomført! Bildene taler for det. Frokosten var ala carte og veldig god! Dei hadde ein god restaurant på hotellet der òg, me testa eit par gode drinker der. Veldig hyggelig betjening på hotellet, reint og fresht. Det var grei størrelse til 2 personer på rommet, skal ein vera fleire så bør ein ha eit større rom.



Ellers så kan eg nevna restaurant og baren The Church som eg var på i 2008 på studietur, den er veldig populær, god mat og hygge stemning. Mange trekkes til Guiness og Jameson museumet, i følge mannen var det ein kjekk opplevelse, her får du ein bra historie om Guiness og Jameson. På Guness museet kjøpe han ein billett der det var inkl ein Guniess, den kan ein velga ta i skybaren med utsikt over byen, eller nede i museet der ein kan læra seg å tappa guniess. På Jameson museumet fekk han ein guida tur gjennom dei gamle produksjonslokalene, der de fortalte om historien og produksjonen. Smaksprøver på de forskjellige typane. Prisane var ganske rimelige begge steder, og ein fekk valuta for pengane.




Som du ser av innlegget så er mat og drikka ein stor del av turane mine, eg likar å kosa meg, og heldigvis er eg gift med ein så er lika glad i det som meg! Denna turen var me på uten barn, så fekk testa litt forskjellig restaurantar og pubar. Eg syns Dublin er ein fin by å reisa på året rundt. Me var det i februar og gjekk i joggesko og boblejakka. Så det var ikkje sånn kjempe kaldt då. Eg tenker at på hausten/vinteren er det ekstra koselig å gå inn på ein pub å varma seg på noko varmt og godt å drikka. Eg kan godt tenka meg å reisa meir rundt både i byen og utanfor, det er masse flott og annleis natur i Irland.

Og eg har allerede fått fleire hint om vennepar som vil på tur til Dublin, det seier eg ikkje nei til :D


Tips til turar generelt, gå inn på kartet, finn det gule/fersken farga området i byen og gå litt rundt der, då er du som regel i sentrum. Skriv gjerne ned nokon gatnenavn, severdigheter ol før du reiser så veit du om du kan ta to fluer i en smekk om byen er litt størrelse på. Eg anbefaler å booka eit par restauranter så de har noko å gå til så ein slepper å gå rundt å vera svulten;)


Så eg får sei som eg ofta seier- I will be back!




279 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Vennetur

bottom of page