top of page
  • Forfatterens bildeEva

1 år med Reisermedglede!

Eit år med Reisermedglede- eit år med reiseglede, eit år med mase flotte opplevelser, eit år med masse nye bekjentskaper, eit år med masse morro, eit år med hygge, eit år med pleie av vennskap, eit år med nye vennskap, eit år med utvikling av business, eit år med befrielse, eit år med personlig utvikling!


Takk til deg så er inne å leser bloggposten mine, så er inne på Instagram og på Facebook og følger med, liker, kommenterer og deler det eg legg ut🤩🤗

Takk til deg så heier på meg, og skjønnar kor viktig denna draumen min er😍 Det betyr utrulig masse for meg! Nokon av dåka har vore inn på Instagram kvar dag sia eg oppretta kontoen, nokon har komt til etterkvart som dei har høyrt det frå andre eller at eg har dukka opp ein plass. Uansett kven du er så er det utrulig kjekt at nettopp du er her inne💖

Kvifor oppretta eg reisermedglede?

Eg var på ei strand i Thailand for 1 år sia og som de sikkert har fått med dåka så elskar eg å ta bilete. Itillegg fulgte eg nokon reisebloggera på min private insta og tenkte detta ser kjekt ut, kvifor kan ikkje eg prøva... Etter eg kom heim oppretta eg Reisermedglede. Fekk hjelp av ein kollega til å finna navn og laga heimasia mi. Så var det berre å posta då, men kor skulle eg begynna, hadde jo uendeleg med reisebilder📸 Og korleis skulle eg strukturera detta. Veien gjekk til mens eg gjekk og eg møtte på så masse kjekt på min vei!


Reiseåret 2022 blei knallbra- Eg var eg så underkua på reiser at det måtte jo bli bra🥳 Året starta med eit brak på Bangkok tak med rakettar i alle regnbuens fargar og båtar flott dekorert på elva. Å booka Lebua at State tower med river view er eit hot nyttårsafta tips! Vel heimatt i Norge begynte eg med ein Oslotur med veninder frå reiselivshøgskolen, med middag, hotell, spa og alt. Skikkelig koselig og veldig fin kvalitetstid! Eg kan anbefale the Well på det varmaste🤗

Etterfulgt av ein kjærestetur til Dublin, der eg virkelig fekk augene opp for den flotte byen🤩 Pubkultur og dørjakt var topp👌🏽

Ein tur heim til Strandebarm måtte eg jo, vakrare plass enn det skal ein leita lenge etter😍 Den turen avslutta eg med ein tretopptur i Odda, nermare naturen kjeme ein ikkje innandørs isåfall🌳 Sjekk ut Woodnest.

Eg tok meg ein togtur til Trondheim for å få litt faglig påfyll med Markedsføring, der stifta eg bekjentskap som utvikla seg til jobbmuligheter🤓

Då var berre rett heim å pakka om kofferten til vår og sommarkle, for no skulle me vera 5 veker i Spania😎 Som du sikkert har fått med deg har me ein Casa i Spania- Casa Berge som me reiser til så ofta me får mulighet🤩🥳 Me naut kvart sekund, vera ute, få sol på oss, vera sammen som familie, nyta den spanske kulturen og få nye venna😄 Itillegg hadde me oss ein road trip til Andalucia me var innom Granada i piss regn, og den vakraste byen av dei alle- Sevilla😍 Der har eg budd og studert i 2005, så den byen betyr masse for meg. Herregud så vakker du er Sevilla🤩

Eg toppa turen med å sei opp jobben min- ADIOS! Ein klump løsna frå brystet og eg kunne endelig pusta ned i magen igjen! Kva eg skulle gå til var no endå litt usikkert, men eg hadde eit par idear😁

Mai og juni hadde me nokon fine Norgesturar til Strandebarm og ellers rundt i Norge. Kvalitetstid med familie og venner i Hardanger var godt🥰 Og sjølvsagt masse flotte naturopplevelser. Eg skreiv eit blogginnlegg om heimbygda mi Strandebarm, og det fekk eg enorm respons på🤩🥳 Eg setter umåteleg pris på alle så har lest og delt det innlegget. Det slod alle rekordar🌟 Så Strandebarm er eit hot tips til Norgesferien, ta gjerne ein kikk på innlegget her. Ikkje nok med at Strandebarm er vakkert, men eg fekk oppleva det i bløminga, tenk deg snødekte fjell, turkis fjord og blomar på epletrea🌸 Nei, det er drops for auga og ro i sjela, det må rett og slett opplevast. 🙌🏽


Sommarferien blei magisk, og varm- me reiste til Casa Berge og nytte ekstremvarme der med familie og venner😎 Itillegg reiste me rundt på Costa Blanca og fekk besøkt mi favorittøy Isla Tabarca og vakre Altea. Begge plassane skal eg tilbake til i år🤩 Itillegg fant eg ei skjult perla, nettopp fordi eg følger med på reisetips, den har eg delt vidare her.

Hausten bau på nokon flotte samarbeidsturar i nærområdet, både tretopphytta i Brummunddal og hausteventyr i Sjodalen. Ikkje nok med det, me rakk ein tur heim til Hardanger i haustferien med krabbefiske og familiehygge🥰


I eit par år hadde me planlagt ein vingårdsferie, og det blei det i september, til Toscana🍷 Pasta og vin på ein nydeleg vingård, små landsbyer og hyggelig selskap var heilt innanfor👌🏽 Eg avslutta utlandskarrieren for i år(trudde eg) med ein studietur til Aragon i Nord Spania, det var ein annleis opplevelse enn eg er vant med i Spania. Der var det lite palmesus, men flotte natur opplevelser og ikkje minst nydeleg mat, me var heilt oppi Pyrineane, og det var ein magisk opplevelse🤩👌🏽 Det ligger bileter fra turen på instagram under høydepunkter dersom du vil sjå.

Etter ein mørk og kald haust fant eg ut at me ikkje kunne legga utenlandsturane heilt på hylla. 1.juladag fekk me nok av snø, kulde og konstant fyring i peisen, me måtte til Sola😎 Sola fant me på Casa Berge☀️ Det blir ikkje siste gongen me reiser ned der i julaferien!

Håpar på masse flotte reiseopplevelser i detta året! Eg elskar å formidla reisene mine både her på bloggen og med bilder/videoer på sosiale medier, så håpar du har lyst å følga med vidare😄 🤩 Instagram heiter eg @reisermedglede og på Facebook heiter eg Reiser med glede


Første turen i 2023 begynte i Spania, så er neste tur bestilt til Casaen i vinterferien. Ein tur til Oslo i mellomtida blir det, men om det dukkar opp ein mulighet før det takkar eg ikkje nei til det🤩

Kom gjerne med ønske og forlsag til kva du vil sjå meir av og kor eg bør reisa, så tar eg utfordringen din😁😁 Eg ønsker meg fleire samarbeid både i Norge og utlandet, så eg kjeme gjerne til di bedrift og promoterer den! Gje meg ein lyd på info@reisermedglede.no.


Eg har brukt hausten til å jobba med diverse prosjekter og tenkt gjennom kva eg vil- eg vil vera ein digital normale der eg kan jobba fra kor som helst, sleppa å stressa i kvardagen og vera her med familien. Og det viktigaste, jobba med noko eg likar! No har eg eit firma som skal hjelpa bedrifter med digital markedsføring og salgskonsulent i ei reiselivsbedrift. Vil du ha meir informasjon om dette send meg gjerne ein mail på info@reisermedglede.no



Håpar du er klar for eit nytt år med reiseglede, det er isåfall eg!

Det er ikkje til å legga skjul på at eg elskar Spania og Thailand, og blir glad av å vera under ein palme.

Men eg prøver å varriera litt på reisemåla mine.

Igjen, tusen takk for at du blir med meg på reiseeventyret mitt😁 Og takk til samabeidspartnera så lar meg få testa og formidla produkta og opplevelsane dåkas😁

Og ikkje minst takk til min tolmodige mann, barn, familie og venner som er med meg rundt om, stiller opp på bilder og venta med å eta til eg har tatt bilde av maten osv🤩🙌🏽


Helsing Eva

Reisermedglede



93 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page