top of page
  • Forfatterens bildeEva

Smilets land- kor skal ein reisa

Oppdatert: 20. sep. 2022

Første møte mitt med Thailand var i 2007 og eg blei bitt av basillen! Etter det har me reist masse rundt i Thailand og vore der 8 gonger! Me har møtt på forskjellig og funne dei plassane me likar best.


Dei 3 første reisene til Thailand reiste me med charter, da det var trygt og godt, samt me var ikkje kjent og ville ha litt tips og hjelp til kor me skulle reisa. Etterkvart som me hadde vore der nede og skjønte korleis ting fungerte med transport, kva plassar som var bra og ikkje, bestilte me resten av turane våre på egenhand. Det har gått heilt smertefritt. Det er eit veldig enkelt land å ta seg rundt i. Alle gongane me har vore i Thailand så har me budd på forskjellige plassar og vore minimum 2 veker og opptil 4 veker. Dette fordi eg syns det er kjekt å sjå litt forskjellig frå landet når ein første reiser så langt, samt kjekt å få litt forskjellige vibber, ingen plassar er like.

Me har reist både i jula og i sommarferien, ein må berre velga riktig tid og sted!

Koh Samui og øyane i Thailandsbukta har me alltid reist til på sommaren og det har vore ganske bra vèr då! Det kjeme alltids ei regnskur, men det er litt av sjarmen med Thailand. No i jula var første gongen me var på Koh Samui på vinteren, litt luftigare enn på sommaren og heilt topp klima!

Resten av plassane har me reist på i desember/januar. Å reisa vekk i jula og berre nyta sol og sommar i Thailand er fantastisk!


Desse kombinasjonane har me hatt:

Khao Lak+ Phuket/Patong

Krabi/Ao Nang + Koh Lanta

Koh Samui + Bangkok

Koh Chang + Koh Samui + Bangkok

Koh Samui + Koh Phangang + Bangkok

Khao Lak + Phuket/Kamala+ Bangkok



Thailand er jo klart spesielt for oss som har både forlova oss, feira bryllup og bryllupsreisa der. Det var ein heilt fantastisk opplevelse så eg anbefalar dåka så går med ein draum om å gifta deg i utlandet å gjera! Me var så heldige å fekk med oss 60 stykk familie og venner, store og små på denna feiringen som blei ein 2-3 vekes ferie sammen! Me gjorde masse kjekt sammen, ikkje berre denna dagen. Det er flinke bryllupsplanleggara der nede som hjelper deg med det praktiske. Så er det lurt å sei ifrå til gjestane god tid iforveien, så dei rekker å spara opp og ordna seg fri ;) Eg håpar eg blir bedt i eit utenlandsbryllup ein gong (hint hint).



Her er mine opplevelsar av dei forskjellige plassane eg har vore med favoritten på toppen:


* Koh Samui- Øya så passar for dei fleste med den herlige stemningen og vennlige folka. Eget blogginnlegg om øya kan du lesa her <3 Fly frå Bangkok ca 1 time.

* Khao Lak: Roleg og vakker plass med nydelege solnedgangar! Her er det strandliv, hygge, god mat, naturopplevelsar som gjelder, det er ingen kjøpesenter, kun ei street med thai butikker og restauranter. Passer godt for alle, men den breie stranda og langgrundt gjer det ekstra attraktivt for barnefamilier. Ca 1-1,5 time frå flyplassen i Phuket.

* Koh Lanta: Åh her var det så herlig stemning, rolig og laid back. masse strandrestaurantar og barar der folk berre nytte livet! Ingen shoppingsenter eller go go barar! Perfekt å ta båturar nedover kysten til Koh Lipe feks.

* Koh Phangan: Min opplevelse her er todelt. Sørsida av øya er prega av full måne fest og er dødt ellers, nord sia av øya har flotte resort, nydelege strender og naturopplevelser både på land og i havet. Eget blogginnlegg av vår opplevelse på Anantara Rassandra i vinter kjeme ila hausten. Båt frå Koh Samui tar ca 30 min.

*Koh Chang: Den frodige elefantøya med flotte strender og fine naturopplevelser. Laid back stemning på stranda på kvelden med sakosekkar, vannpipe og fireshow. Ypperlig å leiga scooter å kjøra rundt på øya.

* Krabi/Ao Nang: Sjølve Ao Nang var litt kjedlig da streeten var oppover ein vei og ein fekk ikkje vore så masse nede ved stranda. Ingen solstoler på stranda pga freda nasjonalpark. Men tar ein long tail båtane ut til øyane så er det nok det vakraste Thailand eg har opplved! Dei bilene du ser av Thailand med fjella, strendene og longtail båtane er frå Krabi Provinsen.

* Phuket Kamala: Eg hadde lovt meg sjøl at me ikkje skulle reisa til Phuket fleire gongar, men skulle ta eit par netter her for å testa ut plassen og møta nokon venner. Det kunne jo henda det var bedre her enn i Patong, det var det, eit lite hakk ;) Heilt ok strand og Swissotel så me budde på va bra, men folka var dessverrre ikkje lika smilande så ellers i Thailand, eg skjønnar kvifor. Cafe del Mar hadde dei lekker og digg mat, så ålreit å leiga ei solseng der og få god mat og musikk.

* Phuket Patong: (med fare for å vera negativ her) mini Pattaya, du kan liksågod bruka pengane på å reisa til Kanariøyane, for her er det svenske kjøttbollar i restaurantane, bunad hos skreddarane, masse liv og go go barar. Lite sjel og vennlighet. Dette var mi første reise til Thailand, heldigvis var me i Khao Lak 1 veka først og fekk oppleva det ekte Thailand. Lang strand, masse resort på oppsida av veien. Her får du både mat i alle varianter, shopping og liv.

*One Night in Bangkok blir alltid til 3 ;) Dette er den byen i verden eg likar meg best i og trives så godt der! Lekre hotell, god mat, spennande kultur, gatemat, marked, templer, nei det er så masse opplevelser her så det må komma eit eget innlegg på denna byen òg! Hot tips; Nyttårsafta på Lebua at state tower med river view! Resten av hotellanbefalingane kjeme i blogginnlegget, her har me berre budd godt og det har berre vore bra og billig!


Dette er mine beskrivelsar av Thailand, me har alle forskjellige opplevelser og kva me verdsetter.



Reisetips:

*Per i dag er det ingen så flyr direkte frå Oslo, mellomlanding i Europa eller Midtøsten.

*Eg har flydd med Thai, Sas, Turkish, Klm og Norwegian til Thailand og alle har vore veldig bra. Natte flygning anbefalast!

*Det er masse hotell med bra standard så ikkje kostar så masse. God service finner ein stort sett alle plassar.

*Sjekk kartet kor hotella ligger, om det er mulig å gå til sentrum feks. Nokon plssser der det berre er ein km til sentrum kan det feks ikkje vera mulig å gå kun kjøra.

*Tuk tuk er billig og greit framkomstmiddel

*Poppulært å kjøra scooter, men på dei større plassane så går det fort i trafikken

*Dei fleste plasser tar kort, men greit å ha cash til massasje, taxi og små restauranter/barer.

*Thai folka gjere alt for deg, det er veldig hyggelig, men prøv å ikkje utnytt det.

*Det er vanlig å tipsa litt til den så bære bagasjen din eller viser deg veien. 10 kr er lite for oss, men kan vera masse for dei.

*Sjekk vaksinasjonsprogrammet i god tid før avreise.

*Me har opplevd svært lite kriminalitet, men ein trenge ikkje gå rundt med alle korta sine og alle pengane. Legg litt i safen.


Eg håpar desse beskrivelsane kan vera med på å hjelpa deg på din vei mot Thailands ferien! Eg har allerede lista klar for neste Thailandsferie, litt av det gamle og nokon nye plassar. Chang Mai er ein plass som står høgt på lista.


Eg blir glad om du vil hjerta innlegget når du har lest om du likte det! Og har du nokon reiseglade venner eller nokon som skal til Thailand, del det gjerne med dei:)




748 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page