top of page

Søkeresultat

64 resultater funnet med et tomt søk

  • Topp 5 hotell i Oslo; komfort, frokost og stil midt i byen

    Kva er vel deiligare enn å legga seg i ei god seng, gjerne med tre hotellputer, ta ein lang dusj med deilige såper og vakna opp til ein delikat frokost? 🙌🏽 I Oslo kan du få alt dette! Her finn du hotell som passar for alle, enten du vil ha noko enkelt og greit, god komfort med fine fasilitetar, eller litt ekstra stil og luksus. 🏩 Når eg vel hotell i Oslo, tenker eg først på kva del av byen  eg skal vere mest i, deretter komforten, frukosten  og stilen på hotellet . Eg har ein svakhet for dei sjarmerande og stilige hotell med litt personlegheit og særpreg. ✨ Her er mine topp 5 hotell sentralt i Oslo: 🏩 Amerikalinjen 🏩 Clarion hotel Oslo 🏩 Radisson Red Oslo City Centre 🏩 Clarion Hotel The Hub 🏩 Hotel Christiania Teater 🏩 Comfort Hotel Karl Johan Innlegget er ikkje sponsa av Strawberry, men eg trivst godt i denne hotellkjeda. 👌🏽 Ein bonus er at du samlar poeng når du bur på fleire av hotella i kjeda – meir om det kjem i eit eige innlegg snart. 🏩 Amerikalinjen : Lukten så møtte meg i lobbyen var nydelig👌🏽 Resepsjonistane var både profesjonelle og vennlege, noko eg set stor pris på 😄 Rommet var delikat og stilreint innreidd, med mange kule detaljar. Sjå berre på veggen ved senga på det første bildet under ☎️Eg likte badet spesielt godt, klassisk med svarte og kvite fliser, og lekre svarte detaljar 🛁 Ein tur ned i baren er eit must ! Her kan dei verkeleg det med drinkar 🍹Ikkje kva som helst drinkar heller, alle har tema og namn inspirert av Amerika 🗽 Dei var både stilige, forseggjorte og, viktigast av alt, veldig gode 🤩Stemninga var herleg, og bartendarane dedikerte og blide. Sengene var så gode at det nesten var umogleg å stå opp, men frukosten lokka 😉Den frukosten er noko av det beste eg har ete i Oslo, og ja Norge! 👌🏽Etterpå blei det ein liten frukostkvil før utsjekk. I’ll be back, Amerikalinjen 👋🏽 🏩 Clarion Hotel Oslo: Eit stilreint og lekkert hotel i Bjørvika. Allereie i den delikate lobbyen skjønte eg at her kjem eg til å trivast  👌🏽Så mange stilige detaljar at eg blei ståande og berre beundra, og ja, det blei nokre bilder òg 📸 Eg fekk eit moderne rom med delvis utsikt mot fjorden og ei særs behageleg seng. På badet venta baderomsartiklar frå Rituals, noko eg alltid set pris på, spesielt når eg slepp å dra med meg shampo og bodylotion sjølv. Det ovale speglet ved skrivepulten gav rommet eit ekstra løft, eit ekte blikkfang og eit perfekt fotoobjekt ✨Etter ei god natt søvn var det tid for frukost: delikat, variert og av høg kvalitet, det er nok ein av dei beste hotellfrukostane eg har hatt i Oslo. Eit pluss for skinka, ost, eplejuice frå ein gård og den deilige brownisen 🥐☕Eg sat lenge og berre nøyt både maten og den lune stemninga i det akkurat passe store frukostrommet. Det blir noko heilt anna når salen ikkje er for stor, det følest meir personleg og roleg. Hotellet ligg perfekt til for å oppleva alt det kjekke Bjørvika, Oslobukta og Sørenga har å by på !   Detta er mitt favoritt hotell og her har eg budd ganske mange gonger no 😄 🏩 Radisson Red Oslo City Centre: Hotell med detaljar sentralt i Oslo🔴 Her var det verkeleg gjennomført med raude detaljar – frå lobby til hotellrom ❤️Det første som møtte meg var den store, raude buen i lobbyen som ramma inn rommet og gav hotellet eit særpreg frå første stund. Dei raude detaljane heldt fram i baren og resten av fellesområda, og alt føltes både moderne og leikent på same tid🔴 Rommet var romsleg, med sovesofa til barna og ein av dei mest komfortable sengene eg har sove i i Oslo! For meg er gode senger eit stort pluss, og eg tippar det er det for deg òg 🛏️ Stemninga på rommet var lun, med mørke tredetaljar og eit stort bilde over senga. Dei same kunstmotiva gjekk att over heile hotellet, til og med på badet 🖼️ Badet var passeleg stort, med gode såper, frisk dusj og eit stilig motiv frå golv til tak i dusjen, sjølvsagt med ein raud detalj der òg. Frukosten hadde eit fint utval av både varme og kalde rettar, akkurat passeleg stort. Einaste minuset var at maten stod på høge diskar, noko som gjer det litt mindre rullestol- og barnevennleg. Servicen var god, og det stod alltid kaldt vatn og drops tilgjengeleg i lobbyen. Ungane fekk kvar sin is medan me kosa oss med kaffi, eit lite, men veldig hyggelig pluss! Hotellet ligg flott plassert, berre eit par sidegater frå Karl Johan. Her skal eg definitivt tilbake!❤️ 🏩 Clarion Hotel The Hub : Glam midt i sentrum ✨ Det første som møtte meg i resepsjonen var gull og glam på delikat vis, akkurat slik eg likar det 🤩For å ta heisen opp til rommet måtte eg velje etasje før  eg gjekk inn i heisen, noko som kjentes både moderne og litt luksus. På rommet blei eg møtt av ein kul fyr på veggen over senga, eit lite kunstverk som sette tonen. Rommet var innbydande, med masse hotellputer og gode baderomsartiklar. Romstorleiken varierer litt frå type til type, men det er alltid bra med plass. Eg har budd her nokre gongar, og dessverre har det vore småting med rommet kvar gong, men dei har ordna opp i det. Eg spente på meg joggeskoa og tok turen ned i kjellaren for ei effektiv treningsøkt, etterfulgt av eit forfriskande bad i motstraumsbassenget og ein runde i badstua 💦Etterpå syns eg absolutt at eg hadde fortent ein drink på uteserveringa på toppen av hotellet, utsikta derfrå er verdt turen i seg sjølv! 🍸 Den sentrale beliggenheita midt på Jernbanetorget gjer at du har alt innan rekkevidde; shopping, restaurantar, trikk og buss like utanfor døra. Eg avslutta kvelden med ein drink i den stilige baren ved inngangen, elegant, men avslappa stemning. Dagen etter vakna eg både utkvilt og svolten, og godt er det, for her er det mykje å velje i! Alt frå ulike typar korn og yoghurtar, til grønt, pålegg, ostar og varme rettar i eigen stasjon. Og som prikken over i-en: frisk frukt og makronar til dessert 🥐🍓 Her får du alt, sentral beliggenheit, komfort og ein frukost verdt å stå opp for! Eg kjem gjerne att. 🏩 Hotel Christiania Teater ; Der frukostsalen stjel showet 🍳 Eg kom inn i ein delikat lobby og lobbybar, så innbydande at eg like godt sette meg ned med eit glas før innsjekk 🥂Ein blid resepsjonist tok imot meg, og rommet eg fekk var både romsleg og fint. Stilen kunne kanskje hatt eit lite løft, men det var likevel både triveleg og komfortabelt 😉 Det var litt lytt ut mot gangen, men senga var så god at eg sov som ein stein gjennom natta 😴 Frukostrommet var derimot opphaldet sitt høgdepunkt ! Mørkt og stilfullt innreidd med store speglar, gullfuglar i bur og mengder av spennande detaljar, akkurat slik eg likar det 🤩 Frukosten hadde eit godt og passe stort utval, og kvaliteten på maten var topp 👌🏽Eg hugsar enno den deilige gulrotkaka eg tok til dessert, akkurat passe stykke for å runde av frukosten på beste vis 🥕🍰 Dette er ein frukostsal ein gjerne blir sittande lenge i, berre for å nyte stemninga og atmosfæren. Eg kjem definitivt tilbake, om så berre for frukosten! 🍳🥓🥝 Hadde Hotel Cæsar  funnest, så hadde eg nok likt å tatt ei natt der, men eg seier meg veldig fornøyd med mine topp fem hotell i Oslo 👌🏽 Kanskje det blir ein Oslotur på deg snart? Då håpar eg du finn eit hotell som passar akkurat deg, kanskje eit av desse 😄Eg veit om fleire som deler dei same favorittane! Eg deler òg tips til restauranter i Oslo, ta ein kikk her God tur, og god hotellfrukost! 🥐☕️

  • Color Line til Kiel: komfort, familieglede og ein smak av Tyskland

    Haustens familieferie gjekk til Kiel, og turen starta alt på kaien i Oslo, der det store skipet frå Color Line  låg klart til avreise. I det båten sakte segla ut Oslofjorden, skein sola, og haustfargane spegla seg i vatnet. Heile familien kjente på forventninga: No venta to dagar med komfort, god mat, aktivitetar for både store og små , og litt tysk småbystemning i Kiel . Turen med Color Line frå Oslo til Kiel  vart ei perfekt blanding av avslapping, underhaldning og nye smakar , med noko for alle, både barn, vaksne og eventyrlystne sjeler som likar å utforska noko nytt utan å reisa langt. ⚓ Om bord på Color Line: komfort og opplevingar Me segla med Color Magic frå Oslo til Kiel , med avreise frå Hjortneskaia kl. 14.Bussen går dagleg frå Oslo Bussterminal og Oslo S (utanfor apoteket) kl. 12. Innsjekkinga gjekk raskt , med eigne automatar, men det kan vera lurt å ha med litt aktivitetar eller teiknesaker til barna i ventetida. Det er òg mogleg å kjøpa enkel mat på kaien (pølser, kaffi og sjokolade). I det me steig om bord på skipet, føltest det som eit ekte cruiseskip , lekkert innreidd, med restaurantar, barar, spa og aktivitetar for heile familien . 🛏️ Lugar med promenadeutsikt Me budde i ein Color Class-lugar med promenadeutsikt , perfekt for fire personar (to vaksne og to barn). Lugaren var romsleg, med dobbeltseng, ei seng frå taket, og ein stol som kunne leggast ut som seng. Her var det både pult, klesskap, sofa og vindu ut mot promenadegata , ein favoritt hos barna! Badet hadde det nødvendige, og minibaren er inkludert i prisen for denne lugarkategorien. Det var lite støy, bortsett frå litt lyd i gangane når nokon sprang forbi og når naboen trakk ned i toalettet. 🍽️ Matopplevingar til sjøs Maten om bord på Color Magic  var verkeleg god. Me starta med ein 3-rettars middag i Oceanic à la carte-restaurant , med nydelege smakar og god drikke til. Det var òg ein bra barnemeny, og i haustferien fekk barna eiga buffet, noko som var heilt topp! Frukosten blei òg servert i Oceanic, med majestetisk utsikt gjennom dei store vindauga. Det var eit av høgdepunkta! Frukostbuffeten  var rikhaldig og smakfull, alt frå ferske bakevarer til egg, frukt og juice. Omeletten der var skikkelig god, og pluss for ingefærshoten! Andre dagen åt me middag i Grand Buffet , som bokstaveleg talt bugna av mat. Eg har vore på mange buffetar tidlegare, men denne var verkeleg topp! Til lunsj prøvde me den italienske restauranten Mama Bella Pizza Ristorante , med pizza og pasta som smakte Italia. Eg har òg tidlegare prøvd 7-rettars menyen i Cosmopolitan/Manhattan Gourmetrestaurant , og den anbefalast varmt for deg som vil unne deg noko ekstra. Vil du ha flott utsikt medan du nyt ein drink eller ein snack, er Observation Lounge  plassen å vera. 🌊 Aktivitetar for store og små Ein kjedar seg ikkje om bord på Color Line, her er det noko for alle. Me tok turen i Aqualand , med sklier, boblebad og “steam river”. Tips: reserver tid her så snart du kjem om bord! På dekk 7 , hovudetasje med promenadegata, finn du butikkar, serveringsplassar og eige leikerom for dei minste. Vil du ha meir fart og spenning, er det spelerom både for barn og ungdom. For vaksne er det mogleg å ta ein tur innom Casinoet , eller berre slappa av med noko godt i glaset. Er du av den aktive sorten (eller vil ha total ro), finn du både treningsrom og spaavdeling  med boblebad og badstu med utsikt, kun for vaksne. Eg anbefalar ein tur her for ekte feriefølelse! 💙 Kven passar turen for? 👨‍👩‍👧‍👦 Familier:  Trygt, alt på ein plass og mange aktivitetar for barna. 💑 Par:  Spa, gode middagar og tid til ro. 👥 Venner/bedrifter:  Show, barar og sosial stemning. 🇩🇪 Kiel, ein smak av Tyskland og shopping Klokka 10 låg båten til kai i Kiel , og då var det berre å ta med boardingkort og pass/ID-kort  før me rusla ut i byen. Det tar berre 5 minutt å gå frå terminalen, og før du veit ordet av det står du midt i Kiel sentrum  – klar for ein liten dose tysk småbystemning. Her finn du shoppingsenter, kafear og den populære gågata Holstenstrasse , der butikkane ligg tett i tett. Alt frå Primark og Only til New Yorker og lokale spesialbutikkar , perfekt for ein liten shoppingrunde før heimreisa. Til lunsj gjekk me for ein ekte tysk klassikar: Bratwurst med kålsalat  på den trivelege restauranten Jan & Hein & Kaas & Pit . Her kan du òg smaka deg gjennom eit godt utval av tysk øl . Etter eit par timar med mat og handel gjekk me tilbake til skipet klokka 13.30, klare for å segle heimatt til Oslo med Color Line , mette, fornøgde og fulle av inntrykk frå både Noreg og Tyskland. 🌍 Miniferie med alt på ein plass Ein tur med Color Line til Kiel er meir enn transport, det er ei oppleving i seg sjølv! Det eg likar aller best med denne turen, er at du har alt under eitt tak , god mat, shopping, avslapping og aktivitetar for både store og små. Barna leika, me såg i butikkar, åt nydeleg mat og viktigast av alt; me hadde kvalitetstid saman utan stress og styr. ✨ Praktiske tips til turen 📘 Pass/ID-kort:  Hugs at alle reisande må ha med gyldig pass eller ID-kort. 🍽️ Book måltid i forkant:  Restaurantane blir fort fulle i feriar og helger, så reserver gjerne ved bestilling. 🩱 Ta med badekle:  Aqualand er populært blant både barn og vaksne. 🥿 Innesko:  Komfortable sko eller sandalar er gull verdt på skipet. 👧 Avtal møtestad:  Gjer barna kjende med kvar informasjonen er dersom de skulle mista kvarandre. 💳 Betaling:  Alle stader på båten tek kort. Det er òg ein minibank på skipet. 🛏️ Lugar-tips:   Color Class med promenadeutsikt  har god plass til ein familie på fira, og utsikta gjer mykje for stemninga! 📶 Wi-Fi:  Gratis i Color Class  og Color Suite . På andre lugarar kan du kjøpa tilgang i resepsjonen, men det er òg litt deilig å kobla heilt av 😉 🚗 Parkering:  Det er mogleg å førehandbestilla parkering på kaia i Oslo. 🚌 Transport til terminalen: Eiga Color Line-buss  går frå Jernbanetorget, eller du kan ta rutebuss nr. 81 frå Tollbugata til Hjortneskaia  (Ruter-billett). Ship O`Hoi! -Eva

  • Isla de Tabarca, den skjulte perla ved Alicante, reiseguide

    I det eg steig i land på Isla deTabarca for 4 år sia, blei eg forelska med ein gong🥰 Det er nett som eit postkort, med små fiskebåtar og joller som ligger snudd opp ned på land, palmer, fargerike hus og folk som kosar seg! 🌴⛵️ Isla de Tabarca, den vesle øya utanfor Alicante , har vunne hjartet mitt 🩷 Eg har vore der fem gongar dei siste åra, og kvar gong kjenner eg den same roen senke seg. Fargerike små hus, salt havbris, gode måltid og eit rolegare tempo, her ligg alt til rette for eit lite eventyr på spanias minste busette øy🫶🏼 I denne reiseguiden deler eg mine beste tips til overnatting, mat, aktivitetar og kva du bør vite før du reiser ut hit. Alle tipsa er frå mine 5 turar hit. 🏝️ Om Isla de Tabarca 📜 Ei øy med historie i kvar stein Isla de Tabarca er den einaste busette øya i Valencia-regionen, og ligg berre ein kort båttur frå fastlandet. Øya har ei fascinerande historie, på 1700-talet vart ho brukt som fangeøy for piratar. Spor etter denne historia lever vidare i dei smale gatene, bymuren og dei særprega steinhusa med pastellfarga dører og skodder🩷💚💙💛. Tabarca er òg ein del av eit marine naturreservat, og har klart å bevara både sitt rolege tempo og særeigne sjarm gjennom åra. ⛴️ Lokasjon og korleis koma seg til Isla de Tabarca Isla de Tabarca ligg utanfor kysten av Santa Pola, Costa Blanca og er lett tilgjengeleg med båt frå fleire byar🛳️Du kan ta båt frå Santa Pola , Alicante  eller Torrevieja , alle med daglege avgangar i høgsesongen. 🚤 Frå Santa Pola: Frå hamna i Santa Pola finn du ei rekkje boder som sel billettar til båtane ut til Tabarca. Det er fleire selskap å velja mellom, og turen tek rundt 30 minutt . Dette er den kortaste og mest populære ruta. 🚤 Frå Alicante : Båtane går frå hamna i Alicante, rett ved baren Noray . Turen tek omtrent 1 time , og gir ei flott utsikt langs kysten før du kjem fram til øya. 🚤 Frå Torrevieja: Du kan òg reisa frå hamna i Torrevieja, med ei overfart på om lag 1 time . Denne ruta har færre avgangar, så sjekk tidene på førehand. 🎟️ Praktisk info: Ein tur/retur-billett kostar ca 8-10 euro , og barn under 5 år reiser gratis. Det kan bli fullt på båtane i høgsesong, så møt opp i god tid, spesielt viss du vil sikra deg gode plassar utandørs. Dei tidlige avgangane mellom 9-11 er dei mest populære ut til Tabarca, og 17-19 heimatt. Husk å ta vare på billetten til heimturen. Det er fargekodar på dei ulike fergeselskapa. Det er òg mogleg å kjøpa billettar på nett til dei ulike ferjeselskapene. 💡 Tips til turen: Båtturen er ei oppleving i seg sjølv! Nyt utsikta, og hugs å ta med drikke og caps, det kan bli varmt undervegs. Nokre båtar sel også snacks og drikke om bord. For billettar og rutetider, sjekk nettsidene til dei ulike båtselskapa (f.eks. Transtabarca , Tabarceras ) Nokon av båtane har glas botn så før ein ankjem øya stoppar dei for å mata fiskane. Så då er det berre å gå ned å sjå🐠 🍽️ Mat og drikke på Isla de Tabarca Å eta på Tabarca er ein del av opplevinga. Mange restaurantar ligg idyllisk til med utsikt mot havet, og sjømat er sjølvsagt i fokus. 🧡 Mine favorittplassar Mar Azul ligger like ved havna, rett oppanfor stranda. Her serverer dei nydelege salatar, paella og sjømat. Dei har òg spagetti til barna. Her er det hyggelig service og flott utsikt til stranda! Denna restauranten pleie me å eta ein sein lunsj påkvar gong me er her, så minnfavoritt💚! Prøv Cava Sangriaen her 🍹 Cafeteria Àngela finner du rett innforbi hovedporten, her serverar dei gode rettar i hyggelig atmosfære. Dei ansatte er koselige og gjestfrie. Nou Collonet har nydeleg utsikt over stranda. Mann og barn fekk god mat men dei rota litt med bestillinga når me var der, så eg måtte gå derifrå uten mat, det kan skje dei beste ;) Heldigvis fekk eg brød og vin😉 Restaurante La Muralla får du nydeleg utsikt inn mot Santa Pola. Ein koselig restaurant med god mat. Restaurant Casa Ramos, ligger midt på toget med leikeplassen. Likar du sjømat er sjømatgryta heilt nydeleg i følge reisefølget mitt! Isla Bonita er ein bar som ligger like ved Casa Ramos, og serverar lekre og gode (kanskje litt sterke) drinkar. Her er det litt latino vibe, med turkis og kvite fargar, disser ved baren og hygge stemning🍸🩵 Den beste slusjen eg har fått nokon sinne kjøpte eg på Souvenirs, art i regals. Mango og jordbær er mine favoritter der. Shopen ligger rett innanfor hovedporten💛❤️ 💡Alle restaurantane tar kort, men dersom du vil tipsa, er det lurt å ha med kontanter. Restaurantene har siesta midt på dagen og opnar på kvelden i 8-9 tia. Restaurantane er ujålete og enkle, det kan henda dei er tomme for enkelte ting på menyen. Husk å bestill bord dersom du ønsker ein spesiell restaurant i sommarmånadene. 🐚 Ting å gjere på isla de Tabarca Ta med snorkel , dykkermaske og badesko!🤿 Denna øya er eit undervannsparadis! Tabarca er Spanias første marine reservat (1986), og vatnet er kjent for sin klarheit og rike liv under overflata, her kan du møte alt frå fisk og sjøstjerner til sjøgrasenger. Du trenger berre ta eit par steg uti vatnet så svømmer fiskane rundt deg!🐠 🏖️ Strender, bukter og bading – Platja de Tabarca : hovedstranda som du kjeme til eit par minutters gange frå havna, er ei populær strand. Ta med deg handkle, solstol eller leig solsenger for 10 euro. Det er lurt å ha badesko sjølv om det er sandbotn, for den første meteren på stranda er med steiner. Det er berre å ha snorkelen klar for her er det fiskar langt inne. Vatnet er klart og reint. Ei paradis strand vil eg sei!🐠🤿 Rundtom på øya er det fleire små bukter eller calas så det heite. Her kan ein snorkla, svømma inn i grotter eller hoppa frå klippene. Det siste gjorde eg no sist, og det var ein opplevelse, heilt forferdelig, men så kult🤩 Sjekk alltid nedi vatnet først om det er egna for å hoppa, for ein vil ikkje ha ulykker. 🚶‍♀️ Rundtur på øya, dette bør du få med deg til fots 🌿 Utforsk den ubebudde delen – Torre de San José & fyret: Når du går austover frå havna, kjem du inn i den ubebudde delen av øya, eit ope og karrig landskap med utsikt mot havet på alle kantar. Her ligg det gamle fyret , som i dag fungerer som biologisk stasjon for det marine reservatet. Vidare utover finn du den vesle kyrkjegarden , vakkert og roleg plassert med utsyn mot havet. Lengst ute på odden ligg Torre de San José , ei steinbygning frå 1700-talet som ein gong blei brukt som vakttårn og fengsel. Heile denne delen av øya gir ei heilt anna ro enn den livlege landsbyen. Husk gode sko her, og ta gjerne turen på morgonen eller kvelden i sommarmånadane, då er det varmt. 🎨 Fargar, sjarm og historie i landsbyen Det å rusla rundt i landsbyen på Tabarca er som å vandra gjennom eit levande postkort. Dei små steingatene snirklar seg mellom pastellfarga hus , blå og grønne skodder , og sjarmerande dører  i alle nyansar💛🩷💚💙. På øya er det òg mange kattar, dei har eigne kattehotell der dei kan sova og få mat😻. Husk å sjå an kor godt kattane er stelt før du klappar dei. Me er jo crazy catfamily som går rundt å snakkar med alle kattane me møter😺 Eit hot tips, om du overnattar på øya er det magisk å gå rundt når den siste båten har reist, og alle turistane er vekke, samt på morgonen før båtane kjeme inn. Alt her inne har eit eige tempo og ei slags stillferdig magi, som gjer at ein berre har lyst til å bli verande litt til🥰 🕳️ Glimt inn i ei anna tid, fangane på Tabarca På nordsida av øya, ikkje langt frå Torre de San José, kan du sjå små gittervindauge og opningar i bakken , spor etter øyas tid som fangeøy  på 1700-talet. Her skal piratar ha blitt haldne fangar, og delar av området blei brukt som både lager, fengselsceller og vakttårn . Detta er veldig spennande for både barn og vaksne!🏴‍☠️ Det gjer ein spennande kontrast til dei fargerike husa og det idylliske landsbylivet. Midt i landsbyen ligg den vakre kyrkja San Pedro y San Pablo , bygd i 1779, med eit enkelt og solid uttrykk som står i fin kontrast til dei livlege husa rundt.⛪️ Landsbyen er omgitt av ein gammal bymur , og ein kan gå gjennom dei tre historiske portane; kvar av dei fører deg ut i landskapet på kvar si side av øya. 🌇 Solnedgang i stillheit – eit magisk høgdepunkt Når dagsturistane har reist heim og roen senkar seg over øya, er det som om Tabarca pustar ut😮‍💨 Rundt kl. 20.30–21.00  er det berre dei som bur her, og dei få som overnattar, som får oppleva dette: Å gå heilt ut til den austlege spissen  av øya, setja seg ned, og berre nyta solnedgangen  bak fastlandet. Det er heilt stille. Berre lyden av havet og lyset som sakte skiftar farge🌅 For meg er dette eitt av dei store høgdepunkta med å overnatta på Tabarca. Det gir ei ro i sjela  som er vanskeleg å forklara, men lett å kjenna når du sit der. Å vera på ei lita øy langt ute i havet, heilt utan stress og støy, og sjå sola forsvinna i horisonten- det er rett og slett magisk 🤩🤩 🛏️ Overnatting på Isla de Tabarca , sjarmerande, enkelt og gjestfritt Å overnatta på Tabarca gjer deg ein heilt annan oppleving enn om du berre kjem på dagstur. Når siste båt har gått, senkar roen seg over øya, det er då magien verkeleg kjem til sin rett. Me har budd på tre ulike stader på Tabarca, og alle har vore reine, enkle og fulle av lokal sjarm og gjestfrihet . Her er mine erfaringar: 🏨 Hotel Isla Plana: Dette hotellet har me faktisk budd på to gonger, og det seier sitt! Her følte me oss ekte velkomne  takka vere dei hyggelege og omsorgsfulle tilsette. Romma er romslige og nyoppussa , med god aircondition, reint og med moderne bad. Me budde på eit familierom med fire senger og kjøleskap, veldig praktisk for barnefamiliar. Frukosten er enkel, men god, og ekstra pluss for at dei kunne tilby glutenfritt brød  på førespurnad. Delt uteplass med eit par stolar og klesstativ til dei våte badeklea 🌿 Hotel Boutique Isla Tabarca : Ei sjarmerande perle i eit vakkert bygg med grøne dører og vindaugskarmar , og mange fine detaljar både inne og ute. Me budde i toppetasjen i eit romslig familierom med god aircondition  og stort bad. Her var det godt reinhald  og ein roleg atmosfære. Frukosten kunne nytast ute, noko me verkeleg sette pris på i dei vakre omgjevnadene. 🏠 Hostal Masin: Eit enkelt, men reint og ryddig  alternativ som passar godt om du vil bu rimeleg, men komfortabelt. Me hadde familierom med fire senger fordelt på to rom, og hadde fint bad. . Frukosten var enkel, men god, perfekt start på dagen før ein ruslar ut i gatene. 💡 Tips:  Desse overnattingsstadene blir fort fulle i høgsesongen, så det lønner seg å vera ute i god tid. Og hugs: på Tabarca er det ikkje snakk om luksushotell, men heller genuin, enkel komfort og ekte gjestfrihet. (Desse overnattingsplassane er affiliate linker, bu betalar ikkje noko ekstra for å bestilla gjennom desse linkane, men eg får ein liten sum sia eg anbefalar dei vidare. Setter stor pris på dåka så bestiller overnatting via desse linkane :) ) ✨ Oppsummering / avslutning: Isla de Tabarca har blitt ein av mine favorittplassar , ei lita øy med stor sjel. Enten du kjem for ein dag eller vel å bli over natta, håpar eg denne guiden kan inspirera deg til å oppleva den magiske stemninga som ventar der ute i havgapet. Me har hus p å Gran Alacant , som ligger 10 min kjøretur frå Santa Pola, her finner du mine tips. Tabarca er flott å besøka heila året, det er mindre turistar utanom sommarsesongen. Då er det òg meir behageleg å vandra rundt å sjå seg om, særlig på den ubebudde delen av øya. På våren er det flott bløming🌸 Sjølv om det er rolig her, så kjeda me oss ikkje eit sekund, me nyter rett og slett alt! Det blir ein overnattingstur neste år òg! Mine venner i Reisekick har skreve ein artikkel frå deiras tur til Isla de Tabarca, du kan lesa den her Har du vore på Isla Tabarca, del gjerne dine tips i kommentarfeltet, så tester eg neste gong!

  • Smart reiseplanlegging: Søk, bestill, pakk, reis utan stress og samle bonuspoeng🌍

    Drøymer du om ei reise utan stress og kaos i forkant?  ✈️ Då er smart reiseplanlegging nøkkelen! I denne guiden får du konkrete tips til korleis du enkelt finn billige flybillettar , bestiller gode hotell , pakkar effektivt  og sparar pengar , uansett om du skal på familietur, kjærestetur eller ein solo-getaway. Med litt planlegging og dei rette verktøya kan du gjere førebuinga til noko du faktisk gler deg over, og ikkje berre noko du må "komma deg gjennom". Her får du alt samla på ein plass! ✈️ Søk smart, finn beste flyruta Eg startar alltid med å søka etter fly først, for då ser eg kva datoar som er rimelege i forhold til når eg vil reisa. Enten brukar eg kalenderen til Skyscanner  for å sjå kven som flyr dit eg skal, eller eg sjekkar lavpriskalenderen  til det aktuelle flyselskapet. Eg bestiller som regel direkte hos flyselskapet. Då kan eg logga inn på kontoen min, registrera reisa og samla bonuspoeng. Å velja direktefly sparar ofte mykje tid, sjølv om det ikkje alltid er billigast. Hugs at ein ofte brukar pengar på mat og drikke under mellomlandingar 😉 Det er òg ein fordel å ha bestilt heile reisa samla, spesielt dersom det skulle oppstå forsinkelser, sjukdom eller endringar , då har du betre rett på hjelp. Når ein reiser saman i gruppe, får ein som regel sitja saman, men det er ikkje alltid garantert. Under bestilling kan du velja tillegg som setereservasjon, bagasje og måltid . Til dømes: Når eg og mannen skal på storbytur ei helg, bestiller me ein koffert saman og droppar setereservasjon. Det er koseleg å sitja saman, men ikkje kritisk på ein kort flytur, og vips har me spart fleire hundrelappar berre på billetten og bagasjen! 🏨 Smart overnatting med bonuspoeng– meir enn ei seng Når eg skal bestilla overnatting, loggar eg alltid inn og brukar Hotels.com , fordi her samlar eg bonusnetter gjennom Hotels.com Rewards . For kvar natt du bur, får du éin reward. Når du har samla 10 overnattingar, får du éi bonusnatt , bassert på prisgjennomsnittet av dei 10 førre bookingane. Etter eit visst antal overnattingar får du òg Silver- eller Gold-medlemskap , som gir ekstra gode fordelar. Me som har Gold-medlemskap  har ofte fått:Gratis oppgradering av romkategori (ved tilgjengelighet), rabattar på mat, drikke, spa, og evt ei velkomst drikke. Dersom Hotels.com ikkje har overnatting på staden eg skal til, brukar eg gjerne Booking.com . Dei har ofte større utval på mindre stader og eigne bonusordningar for innlogga brukarar (t.d. Genius-rabattar ). Nokre gonger kan det løna seg å bestilla direkte hos overnattingsstaden, men ofte skil det så lite i pris at det er verdt å samla opp bonuspoeng  via lojalitetsprogramma. 📝 Eg vel som regel å bestilla med gratis avbestilling , sjølv om eg har reiseforsikring. Livet skjer, og plutseleg blir du invitert i ein 40-årsdag akkurat den helga du hadde planlagt ein Oslotur 😉 Då er det enkelt å avbestilla og flytta turen til ny dato, utan ekstra kostnad. Når eg reiser innanlands – spesielt i Noreg – bestiller eg ofte direkte hos Strawberry (tidlegare Nordic Choice Hotels) . Eg er sjølvsagt innlogga når eg bookar, slik at eg tjenar bonuspoeng kvar gong eg bur på eit av hotella deira . 📅 Når bør du bestilla fly og overnatting? Det finst ikkje eit enkelt svar på når  det er best å bestilla, men her er nokre generelle erfaringar eg har gjort meg: Bestiller du tidlig,  har du størst sjanse til å sikre deg: Dei beste flytidene Dei beste setene (t.d. ved sida av kvarandre) Dei beste romma på dei mest populære hotella Bestiller du seint,  kan du av og til  få gode siste liten-tilbod, men du risikerer også at dei mest ettertrakta overnattingane og avgangane er utseld eller dyrare. Eg pleier som regel å bestilla så snart eg har bestemt meg, spesielt dersom det er ein populær destinasjon, helg eller ferietid. Då har eg fleire val, meir kontroll og mindre stress. 💡 Tips: Ein tommelfingerregel for Europa-reiser er å bestilla flybillettar 6–8 veker før, og hotell gjerne 1–3 månader før, spesielt om du vil ha bonuspoeng, oppgraderingar eller gode romvalg. 📢 Følg kampanjane; få førstemannstilgang til gode tilbod Det kan verkeleg lønna seg å følgja reiselivsaktørar på Facebook, Instagram og nyheitsbrev . Mange hotell og flyselskap annonserer kampanjar og spesialtilbod i eigne kanalar før dei dukkar opp andre stader, og ofte går dei beste romma og avgangane først. 💡 Eit konkret eksempel: I vinter fekk eg eit supert tilbod på Clarion Hotel Oslo , berre fordi eg hadde sett at Petter Stordalen sjølv la det ut på Facebook-sida til Strawberry. Halv pris på hotellromm, og eg fekk meg eit nytt favoritt-hotell i Oslo! Sjekk hotell favorittane mine i Oslo her 😍 💳 Bruk rett kort – få poeng og forsikring (om du brukar kredittkort med vet) Mange kredittkort  gir deg både bonuspoeng, reiseforsikring og andre reise­fordelar . Eg brukar sjølv Bank Norwegian  eller American Express (AmEx)  for å samle poeng på flybillettar og hotell, spesielt når eg bestiller direkte frå flyselskap eller hotellkjeder. 💡Visste du at dersom du betaler minst 50 % av reisa med kredittkort , får du ofte avbestillingsforsikring inkludert  via kortet? Dette kan spare deg for både pengar og stress dersom noko skjer før avreise. 🟡 Viktig:  Bruk kredittkort med omtanke. Det er berre lønnsomt dersom du betalar alt tilbake kvar månad. Sett deg godt inn i vilkåra før bruk. 👉 Dersom du ikkje ønskjer å bruke kredittkort, er det ekstra viktig å sjekke at du har gyldig reiseforsikring og avbestillingsforsikring  frå anna hald, anten via innbu, arbeidsgivar eller eigen avtale. 🧳 Pakk med plan – unngå overvekt og tull Det er ikkje alltid like lett å begrensa seg når kofferten skal pakkast, helsing frøken viss-som-atte  😉 Men eg prøver å bli flinkare for kvar gong, og her er mine beste tips til deg som vil pakka smart og unngå stress. 🔹 Start med vêrvarslet  for reisemålet og pakk etter det. Ta gjerne med ein ekstra genser om vêret er usikkert, men ikkje overdriv – spesielt ikkje om du har vaskemoglegheiter der du skal bu. Det kan spare deg for mykje bagasje og vekt. 🔹 Tenk over kultur og kleskode  i landet du besøker. I mange land er det venta at ein kler seg tildekt, spesielt ved besøk i tempel, moskéar eller religiøse område. Nokre restaurantar har òg kleskode, som lange bukser og tette sko , sjølv om det er varmt ute. 🎒 Bagasjereglar og flytips Dei fleste norske flyselskap som SAS og Norwegian  tillét 23 kg innsjekka bagasje . Men merk deg at dette ikkje nødvendigvis gjeld dersom du skal vidare med utanlandske eller lågprisselskap, dei har ofte strengare grenser og eigne reglar for både innsjekka og handbagasje . Eg har testa ut den geniale sekken; The Organizer frå Zeeksack og den gjer deg lett oversikt over kva eg har pakka med meg, mange praktiske lommer og den er perfekt som handbaggasje. Du finner meir info om sekken her. (affiliatelink, eg tipsar om gode råd, og blir veldig glad om du brukar mine linkar til bestilling av produkta, då eg får ein liten sum for at du bestiller via linken, mens du betalar ikkje noko ekstra) ✈️ Tips: Les alltid bagasjereglane for det spesifikke flyselskapet  du skal reise med. Nokre selskap veg og måler handbagasjen ved gate, og har du for mykje, kan du risikere at den må sendast (ofte mot ekstra gebyr). Ladebank (powerbank)  skal aldri pakkast i innsjekka bagasje! Den må med i handbagasjen, og det er ikkje lenger lov å lada telefonen med den under flygning. Ha den i veska under setet framfor deg. ✈️ Flyplass-hacks, smidigare inn- og utreise Kø er jo noko me nordmenn likar svært dårleg 😅 Men visste du at du faktisk kan bidra til å gjera både din eigen reise og køen for alle andre mykje smidigare ? Her er nokre enkle tips for å få ein god start på flyplassen – og kanskje spre litt gode vibbar på vegen: 🔹 Ha reisedokument klart Ha pass og boardingkort lett tilgjengeleg før du kjem til innsjekk og sikkerhetskontroll. Det sparar både deg og dei bak deg for tid og stress. 🔹 Forbered deg på sikkerhetskontrollen Ta fram laptop, nettbrett og evt. kamera før du stiller deg i kø Tøm vassflasker og legg flytande middel i ein gjennomsiktig pose Legg posen i ei lett tilgjengeleg lomme i handbaggasjen Fjern eventuelle beltar, klokker eller metallgjenstandar på førehand 🔹 Barnemat og medisinar er lov. Du får ta med barnemat og nødvendige medisinar til flyreisa, men hugs å sjekke reglane  for væske og spesialvarer før avreise. Det er ulike krav frå flyplass til flyplass, og oppdatert informasjon finn du på Avinor eller det aktuelle flyselskapet si nettside. 🔹På mange flyplassar er det mulighet for å fylla på vannflasker, så ta med ei tom vannflaske i handbaggasjen og fyll den opp etter sikkerhetskontrollen. Det sparar deg for nokon kroner! 🧘 Bonus-tips:  Viss du reiser med barn eller nokon som blir stressa på flyplass, kan det vere fint å ha med snacks, musikk på øyra eller ein liten overraskelse i veska. Det gir ei god stemning heilt frå start! Ta gjerne ein kikk på blogginnlegget mitt "Med barn på reise" for fleire tips 🛫 Følg med! Ikkje ver den som blir ropt opp på flyplassen 🙈 Det er alltid lurt å følgja med på infoskjermane inne på flyplassen . Der ser du om flyet ditt er i rute, når boarding startar og kva gate du skal til. Det kan virka som du har god tid – men enkelte flygningar krev at du møter tidlegare enn vanleg. Detta har eg brent meg på fleire gongar, og særlig store på flyplassar. ✈️ Nokre gongar må du gjennom passkontroll , eller du må ta buss ut til flyet  – og då begynner boarding gjerne tidlegare enn du hadde forventa. Og let’s be honest... ingen vil vere den som blir ropa opp over høgtalaranlegget  eller som får ein aplaus av heile flyet i det ein kjeme heseblesande inn på flyet i siste liten 😅 → Flaut, helsing underteikna. 🪑 Flysete, taxfree og smarte triks ved landing Har du ikkje fått flysete ved sida av den du reiser med, og flyet er fullt?👉 Då kan du spør kabinpersonalet om det er mogleg å bytta plass , men vent gjerne til flyet er i lufta. Når boarding og takeoff er ferdig, har mannskapet betre oversikt over setefordelinga, og det er enklare å ordna bytte utan stress for dei andre passasjerane. 🛍️ Taxfree-tips: Eg pleier alltid å bestilla taxfree-varene mine på førehand, slik at dei står klare når eg landar på Gardermoen. Det sparar tid, og du slepp å stå i lang kø etter ein lang flytur.→ Det er eiga kasse for «Klikk og hent», og det går kjapt å henta varene før du går vidare. 🎯 Dette er små ting, men dei gjer faktisk ein stor forskjell når du vil ha ein mest mogleg sømlaus avslutning på reisa. 👨‍👩‍👧‍👦 Tips til deg som reiser med barn Å reise med barn krev litt ekstra planlegging– men det treng ikkje vere stress! Her er mine beste tips for ein smidigare familietur, basert på eigne erfaringar: ✈️ Bagasje og innsjekk for barnefamiliar Når du reiser med barn på SAS og Norwegian , får du inkludert eit bilsete og ei barnevogn per barn . Andre flyselskap har eigne reglar, så sjekk alltid med selskapet du skal reise med. Mange norske flyplassar har eiga familiesluse i sikkerhetskontrollen – det er gull verdt når du har mykje å halde styr på!📌 OBS:  I Spania td må barnet vera under 1 år for å få bruke familieslusa. 🕰️ Velg avgangstid som passar familien Når du vel flyavgang, kan det vere lurt å legga litt ekstra i billetten for å få ei dagtid-avgang  – spesielt viss det hjelper å halde døgnrytmen. For langdistanse  anbefaler eg nattfly. Då får barna (og vaksne!) sove, og de kjem meir opplagte fram til destinasjonen. 🤱 Praktiske tips med små barn Med barn under 1 år brukte eg alltid bæresele  på flyet. Det gav meg frie hender til boardingkort og bagasje – og babyen kunne sove trygt både under boarding, take-off og landing. Eg syns det gav ein god tryggleik å ha babyen tett inntil under flyging – og eg kunne til og med ta meg ein liten dupp sjølv! 🎒 Aktivisering og underhaldning Pakk ein eigen sekk til barna  med leiker, teiknesaker, klistremerker, spel eller lydbøker. Trunki-kofferten  er også genial – barna kan både sitte på den  og ha med sine eigne ting. Perfekt til lange korridorar på flyplassen! 📌 Eg har også skrive eit eige blogginnlegg om å reise med barn – ta gjerne ein kikk her: ✨ Då gjenstår det berre å seie: GOD TUR!

  • Glamping og glasskunst, ein perfekt familieutflukt på Hadeland Glassverk og Thorbjørnrud Hotell

    Tenk deg å vakna opp i eit glampingtelt med utsikt over Randsfjorden, høyra fuglane kvitre og kjenna sommarroa bre seg, før dagen fortset med glasblåsing, kreative aktivitetar og bollar frå bakeriet på Hadeland Glassverk . Detta var ei perfekt, kortreist familieutflukt med overnatting på Thorbjørnrud Hotell i glampingtelta deiras og ein heil dag med opplevingar for både store og små på Hadeland Glassverk . //Reklame, opphaldet var i samarbeid med Thorbjørnrud Hotell og Hadeland Glassverk, og me fekk ein tur me seint vil gløyma! Glampingopplevinga på Thorbjørnrud hotell Når me svinga inn til Thorbjørnrud Hotell, var det første som møtte oss på sida av vegen vinrankane og dei majestetiske trea som danna ein allé fram til hotellet. Den historiske delen av hotellet er eit flott kvitt hus med ein velstelt hage utanfor. Me blei tatt godt imot i resepsjonen og vist til glampingteltet vårt, der me skulle tilbringa natta. Teltet var romsleg og fresht, med fargerike dekorputer. Me budde i eit familietelt med dobbeltseng og to enkle senger, og med utsikt rett mot Randsfjorden. Ungane sprang straks ned på stranda for å utforska. Det var ikkje heilt badetemperatur då me var der i starten av juni, men me tippar det blir topp seinare i sommar! Til middag rusla me bort til hotellet og fekk bord i den flotte spisesalen, sjå den sjarmerande tapeten! Me fekk servert ein 4-retters middag: and til forrett, nydeleg jordskokksuppe (dei smakane hugsar eg endå!), langtidssteikt okse med ein smakfull saus til hovudrett, og panacotta med bær til dessert. Barna kunne velja mellom pizza og pølse, med sorbet til dessert. Me var mette og nøgde! Servitørane var oppmerksame og serviceinnstilte, det gjer heile restaurantopplevinga ekstra god. Etter middag blei det speling og legobygging i loungen på hotellet, og me rusla rundt og såg på den flotte kunsten i gangane. For kveldsstellet hadde me tilgang til eit hotellrom med do og dusj, snakk om luksus for glamping! Alle fire sovna godt og sov heile natta. Neste morgon vakna me til fuglekvitter og utsikt over Randsfjorden. Så fredeleg! Ungane leika på stranda medan eg pakka. Frukosten fekk me servert på hotellet, ein rikhaldig og innbydande frukostbuffet. Etterpå vandra me ein runde i hagen og såg på urtene, blomane og bikubene. I det koselige drivhuset heng lampar frå Hadeland Glassverk, så gjennomført og vakkert! Etter dette var det klart for neste etappe: berre nokre få minutt i bil til Hadeland Glassverk. Familiedag på Hadeland Glassverk Hadeland Glassverk byr på mykje for både små og store. Me starta med å gå rundt og sjå på alt det vakre dei lagar der, og jammen blei det med eit par glas heim! Barna ville støypa lys, så me gjekk inn i Lys- og Tinnstøyperiet. Der kunne dei støypa to lys kvar, stas å ha eigne lys å ta med heim. Så gjekk me vidare til Glasshytta, der ungane fekk blåsa sitt eige glas, ei stor oppleving! Me sette oss ned og såg på dei dyktige glasblåsarane i arbeid. Det er fascinerande å sjå teknikken, tolmodigheita og presisjonen deira. Mange sat og lot seg fasinera, inkludert oss. I samme lokale laga me glas mosaikk bilder, så masse kjekke aktiviteter å gjera! Me kjente at no var det dags for litt mat så me satt oss ute på Mester Pizzeria og nytte nydelege italienske pizza i sola, så deilig bunn! Like ved var det leikeplass så ungane kunne leika der. Honninghuset var ekstra sjarmerande, med nydeleg lukt og gjennomført stil. Me avslutta besøket med deilige bollar frå Bakeriet, og var både mette og fornøgde! Sommartilbod og aktivitetar No i sommar (29. juni til 4. august) har Hadeland Glassverk Barnas Bondegård , der ein kan helsa på sauer, bukkar, esel, kaniner og høner, samt ri på hest mot ein liten kostnad. Kvar dag mellom kl. 10 og 16.30 kan du blåsa ditt eige glas, delta i aktivitetar som lysstøyping, Ung Arna, og mykje meir, ta ein kikk på nettsida her . På Hadeland Glassverk et nok å gjera, heile dagen for heile familien! Praktiske tips og info: Glasblåste glas må stå i ca. 1,5 time før dei kan takast med heim Mosaikkkunst må òg tørke litt Ca. 1 time køyring frå både Oslo og Gjøvik Gratis parkering Ca. 10 min å gå frå Jevnaker stasjon til både hotellet og Hadeland Glassverk 10 min med bil til Kistefos Museum Randsfjorden Badepark ligg ca. 5 min unna med bil Telta har vifteovn, tepper og dyner, men om ein er kald av seg kan det vera lurt å ha med tjukkesokkar og fleece genser. Utanfor telta er det sitteplasser så ein kan nyta sola og omgjevelsane For oss var dette den perfekte kombinasjonen av ro, opplevingar og kvalitetstid med familien, utan å måtte reise langt. Me kosa oss verkeleg på denne turen, og fekk med oss både glamping i naturskjønne omgjevnader, god mat på Thorbjørnrud Hotell , og ein dag full av opplevingar på Hadeland Glassverk . Tusen takk for oss, me kjem gjerne att! 🏕️🧡

  • God mat og drikka i Europas mest solrike by- Alicante!

    Kulden begynnar å setta inn her i nord og det er mange solhungrige Nordmenn som ikkje er har lagt vekk sommarklea. Då er Alicante den perfekte plassen å reisa. Det er nemleg den mest solrike byen ved middelhavet. Her får du gourmetmat, heilt vanleg tapas, strand, gamleby, ei borg, fargerike hus, bra shopping og takbarar. Er det noko eg er god på så er det å kosa meg med skikkelig god mat! Det skal helst ikkje vera stivt, men med god kvalitet og spennande rettar, ja og god service! Bli med på ein typisk ettermiddag i Alicante (uten kids). Me begynnar på baren Noray, som ligger i enden av havna. Er du heldig så får du bord heilt uti sjøkanten, her er det ingen gjerde, så vær litt obs om du ikkje vil ta ein dukkert ;) Vidare går ferden bortover promenaden med dei bølgete flisene og palmar så lager nermast eit tak over promenaden. Her er det boder med nips på eina sia og restauranter på andra sia. Vil du sjå på alle svære båtane så ligger i havna kan du gå over veien og langs havna. I enden av promenaden møter me på ei fontena og det store hotellet Melia ut på ein odde. Rett framfor hotellet setter me oss ned på favorittbaren vår, Samoa Cafe del puerto, her diskar dei opp med dei beste drinkane, itillegg til god smak er dei lekre! For min mann som er veldig glad i gin så er dette drømme plassen. Etter me har nytt ein drink eller to ruslar me 5 min til ein av mine favoritt restaurantar El Portal Taberna. Altså her får du nydelig mat, med trøffelsmak i stillige omgivelsar, nett så ho likar det! Prøv Steve jobs, trøffel carpaccio og Denia rekene, gjerne med eit glas Krug til. Eg avsluttar alltid med eit lunka kjeks med sjokolade, olja og havsalt, og med ein nydelig coctail etter desserten;) Er det ein plass dei gjere seg flid med coctailen, så er det her! Det er underholdning å sjå på bartenderane! Lenger nede i blogginnlegget finner du fleire restaurantar som er verdt å merka seg for mat elskarar! All denna gode maten må jo fordøyast, så då blir det ein rusletur oppover gamlebyen, her er det masse liv og masse restaurantar. Vidare oppover kjeme me til bydelen Santa Cruz, her er det hus i alle regnbogens fargar, med koselige uteparti med blomar, skilt og fontener. Dette er virkelig drops for augo. Det begynnar å skumra så me går vidare oppover til borga Castillo de Santa Barbra og nyter solnedgangen og 360 graders utsyn over Alicante! Eg kjenner all gåinga fremmar svult, så me går rett og slett nedatt og setter oss i streeten Carrer Tarifa. Der kosar me oss med små tapas mens me ser på folk som svingar seg på det utendørs "Dansegolvet" til spanske rytmer. Det er bra liv i gamlebyen og folk hyggar seg, ja ein kan jo sitta ute og nyta! Det er mange barar om ein vil fortsetta kvelden, men me gjekk tilbake til hotellet vårt Dormirdcine Alicante. skal ein komma seg opp til frukost er det greit å legga. På bildene under ser du det stilige hotellet. God natt og takk for turen! Under bildene har eg lista opp fleire av mine favoritt restaurantar og kva anna ein kan finna på i Alicante by! Litt tips til deg som skal besøka Alicante: Gode restaurantar: Bar Manero, El Portal, Nou Manolin , District 41, La Taberna, Monastrell I Carrer Tarifa og området rundt finner du dei tradisjonelle tapas restaurantane som er eit hakk rimelegare enn dei over. Der er det lagt opp til at ein skal sitta ute. La Taberna de San Pascual, Cervezas Alhambra, Cerveceria Koki for å nevna nokon. Takbarar og barar: Fleire av hotella har takbarar så ein kan nyta utsikt til borga; Hotell Hospes Amerigo og Highbar på hotel Odyssey Rooms Alicante har me testa og var veldig bra! Området rundt Plaza del Portal de Elche er det fleire gode coctailbarer på bakkenivå. Aktivitetar for heile familien: Med barn er det eit eldorado å gå på det utendørs leikparken/tivoli El Mundo de los Ninos i begynnelsen av havna. "Soppegata"/ Carrer Sant Francesc kjekk å leika i og eta tapas. Ein kan både gå og ta heis opp på borga, Castillo de Santa Barbra Bystranda er flott å bada på; El Postiguet beach Ta båt ut til øya Tabarca , går frå havna. Les meir her . Mercat Central d'Alacant, med masse gode råvarer, så du kan kjøpa med deg heim å laga mat. Shopping: Shopping streeten Maisonave har butikkar som Zara, Mango, Sephora og senteret El Corte Ingles. Shoppingsenter utanfor Alicante sentrum: Gran Via og Plaza Mar 2, samt Outlet. Transport Gateparkering og parkeringshus, me brukar Calle Rafael Terol. Buss frå Gran Alacant og Santa Pola stoppar på busstasjonen i enden av havna. Trikken går frå Alicante og oppover kysten til byane med endestasjon i Denia. Taxi er lett å få tak i på taxi haldeplassane rundtom i byen Toget går til ulike byar i Spania, samt hurtigtog til Madrid på 2 timar. Frå Oslo går det dagleg flygningar, samt bra med flygningar frå nokon av dei andre byane i Norge, kun 3,5 times flytur! Overnatting: Melia og Porta Maris er populære, og har basseng. Dormirdcine Alicante er eit enkelt men stilig innreda hotell i gamlebyen. Eit lite basseng på toppen. *Når eg reiser med ungane inn til Alicante legger eg opp løpet litt anleis enn i beskrivelsen over, gjerne innom ein leikeplass, iskiosk, shopping ol. Mitt første inntrykk av Alicante når ein ser på byen frå utsida, er at den er langt ifrå lika vakker slik som Barcelona og Sevilla . Men her har dei ikkje samme sans for arkitekturen. Eg kosar meg i byen for det om eg! Casa Berge ligger berre 20 min med bil frå Alicante by, så naturlegvis reiser me inn til byen når me er på ferie. Bildene er frå forskjellige turar oppover dei 10 åra me har feriert på Casa Berge. Alicante er faktisk den byen utanfor Norge som eg har besøkt flest gonger!, Eg har delt masse av Alicante opplevelsane mine i Sosiale medier , ta gjerne ein kikk. På Instagram har eg eit eiget høgdepunkt som heiter Alicante. Har du spørsmål til Alicante, send meg gjerne ein melding ! Håpar du fekk lyst å ta deg ein tur til den koselige byen med dei mange gode restaurantane!

  • Vingårdsferie i Toscana

    Drueranker, landsbyliv og masse god mat og vin var det som venta oss på denna Vingårdsferien! Alt eg har drømt om med ein slik tur gjekk i oppfyllelse! (Forutenom vêret, men det kan ein ikkje gjera noko med, ein lyte berre gjera det beste utav det!). Me var 6 venner som reiste på denna turen og me hadde det topp alle sammen! Me flydde til Pisa med Flyr, tok taxi inn til Pisa by for å sjå på det skeive tårnet og fekk tatt eit obligatorisk bilde når me første var der. Etterfulgt av ein deilig pizza og pasta lunsj i kvartalet rundt. Det seies vel at dei beste restaurantane finner ein ikkje rundt tårnet, men no hadde me kun 2 timar til rådighet før tidenes taxisjåfør kom å henta oss og kjørte oss til vingården. Det viste seg at han blei vår sjåfør for resten av opphaldet. Me fekk masse gode tips av han og masse morsome historiar fra hans liv rundtom i verden. Han var til å stola på og møtte alltid opp før avtalt tid, både tidleg og seint på dagen. På vei ut til vingården opna det seg eit flott Toscansk landskap med toppar der vingårdene og landsbyane låg oppå og dei tynne høge trea laga ein paviljong oppover. Nesten litt herskapleg enkelte plassar. Det samme var det med vår vingård Casale Pomendovo . Ein flott vedlikeholdt vingård. Me hadde booka toppleiligheten med 3 soverom med tilhøyrande bad, stova og kjøkken, egen uteplass hadde me nedanfor leiligheten. Sola steikte og det var bra varme i lufta, så det var berre å hiva på seg bikinien og gå ned til bassenget. Her kunne me vore i timasvis og berre nytt hyggelig selskap og det flotte Toscanske landskapet, ja og roen. For no var me langt ute på landsbygda. På kvelden var det duka for middag på vingården, der me fekk pasta og deilig kjøt med vingårdens egen vin! Vertskapet på vingården var hyggelige og behjelpelige, så her følte me oss velkommen! Me våkna til ein nydeleg soloppgang, og me hadde fått toppetasjen med panoramautsikt til "heile Toscana", så takk til dåka andre for at eg fekk velga rom og fekk tatt så masse flotte bilde! Berre sjekk bildene, heilt nydeleg! Det var duka for frukost ute i restauranten. Det var litt buffet og litt ala carte, så me blei gode og mette. Me kunne velge mellom yoghurt, brød, croissanter, egg, bacon, skinke, ost, frukt og kaker, ja for ikke å gløyma dei smakfulle tomatene altså! Etter frukost tok me jentene tok oss ein rusletur gjennom drue rankene, på veien fant me masse oliventre òg. Tilhøyrande leiligheta vår hadde me ein pergola nedanfor der me kosa oss med ein bellini mens me skravla og nytte det Toscanske landskapet. Og igjen roen, det var heilt nydeleg! Langt vekke frå bråk, her var det berre oss og nokon gjester til. Så me satt heilt uforstyrra i vår koselige pergola. Detta er det ein kan kalla kvalitetstid med venner! På ettermiddagen kom sjåføren vår å henta oss for å ta oss med til vinsmaking på ein gård nokon hakk lenger borte. Der fekk me omvisning i produksjonslokale og litt innføring i korleis dei laga vinen. Så gjekk me opp for å smaka, her fekk me ost og skinka attåt. Vinsmaking er kjekt, sjølv om me ikkje var overbegeistra over vinen. Men eg syns me fekk masse for 200 kr per pers. Taxi sjåføren var på plass å kjørte oss til ein vakker landsby som heiter San Gimigano ca 45 min unna. Det pøsregna og i det me entra bymuren gjekk straumen og heile landsbyen blei mørklagt. Detta var ein morsom opplevelse, nett så i ein skummel film. Me hoppa inn på den første og beste restauranten. Naturlegvis kunne dei ikkje laga mat, men me delte ei flaska Prosecco mens me kosa oss i mørket. Etter ei stund fekk me høyra at dei hadde straum på andre sia av byen, så då var det berre å slå opp paraplyen, setta på lommelykta og gå gjennom byen, for mat måtte me jo ha. Våte som nokon drukna kattar såg me endeleg lys og kom oss inn på den første restauranten. Det var nok ikkje den beste, men me fekk ly, mat og drikka. Og jammen hadde me det ikkje ganske så morsomt òg. Turen heim var våt og mørk, men sjåføren kjørte oss nesten til døra! Vêret får ein ikkje gjort noko med, så då må ein gjera det besta utav det! Når eg våka neste morgon tenkte eg at eg kunne gløyma soloppgangen, men det var mystisk og stillig soloppgang, der skodda hang over det flotte landskapet og sola prøvde å bana vei gjennom. Det letta og blei bra utover dagen. Me hadde ein date med taxi mannen og han kjørte oss til ein ny landsby, Volterra. Som ligger ca 30 min fra vingården. Landskapet på den kjøreturen var heilt nydeleg og ganske annleis enn det me hadde sett dei andre dagane. Eg var jo utnevnt så reiseleder så måtte sitta framme ;) Då fekk eg sett ganske bra. Volterra låg oppe på ein høgde med flott utsikt utover. Denna ettermiddagen fekk me gått tørrskodd! Masse små trange gater, med koselige souvenirbutikker, delikatessebutikker og barer og restauranter. Her var det hygge stemning! Me poppa inn på ein vinbar der heile veggen var fylt av vin, og det var mørkt interiør, me måtte bøya oss for å komma inn. Veldig sjarmerande. Her blei det smaking av litt forskjellige vinar i distriktet, og den beste osten på heile turen. Skikkelig koselig stemning og ein engasjert drivar. Her blei me sittande eit par timar, og litt godsaker blei det kjøpt med heim òg. Men me måtte jo gå litt i gatene òg før mørket kom. Me handla litt kjøkken redskaper laga av oliventre, is, og andre delikatesser til å ta med heim. Rett før middag rakk me den fine solnedgangen. Me hadde fått anbefalt restauranten Enoteca del Duca av vingården. Den var kanskje litt stiv for vår del, men nydeleg biff då! Den litt arrogante servitøren la ein demper på totalinntrykket, så me gjekk vidare for dessert. Me fant den koseligste restauranten med digg tiramisu og hyggelig vertskap! Ja for eg kan jo ikkje reisa til Italia uten å eta tirramisu! Ein nydeleg vingårdsferie har det vore, og me har kosa oss masse med kvalitetstid, hygge og nye opplevelsar! Me skulle egentlig ha nokon aktivitetar som trøffeljakt og matlagingskurs, men pga vêret og tidlig avreise droppa me det. Eg syns det var topp å ikkje ha for masse program. For det var heilt nydeleg å berre nyta! Av og til trenger ein slike feriar. Når omgjevelsane er så vakre og selskapet så hyggelig så trenger ein ikkje alltid så masse opplegg! Eg fekk masse hyggelige meldingar på instagram om kor flott det såg ut, og om det virkelig var så flott så det såg ut til, eg svarte: endå flottare 😁 Det er noko med heile settingen, lukten, atmosfæren, folka tillegg til det vakra! Eg fekk inn masse spørsmål så eg tenkte å dela under her, samt litt praktisk info om ein vingårdsferie. Det er masse planlegging som trengs før ein slik tur, og sjølv kor masse eg har reist så har eg ikkje vore så masse i italia, så eg kontakta PrimaToscana for å finna ein fin plass å bu. Dei er ekspertar på Toscana, og kjenner plassen. Det var bra service og plassen var super! Q&A Pris på reisa?: Det kjeme heilt an på når ein reiser og når ein bestiller. Men me bestilte fly og overnatting eit halvt år i forveien. Fly per pers Osl-Pisa: 2300kr + Overnatting inkl frukost: 2200kr per pers. Hadde dere leigebil?: Nei, men det var anbefalt da det er store avstandar og lite kollektivt. Me skulle på vingårdsferie og drikka vin, så derfor hadde me sjåfør. Taxi mannen vår heite Filippo Perferi tlf: +39 333 341 8844 på WhatsApp. Han var veldig pålitelig, rimelig og hyggelig. t/rt flyplassen ca 500kr per pers. Viktig å bestille taxi forkant, da det er få så tar meir enn 4 personer. Hvor bodde dere?: Me budde på Vingården Casale Podernova ved ein liten landsby så heite Terrecciola. Leiligheten hadde 3 soverom med tilhøyrande bad, stova og kjøkken + ein pergola utanfor. Det var frukost inkl i prisen, og ein kunne eta middag der òg. Ein bitteliten landsby og eit par vingårdar i gåavstand fra vingården, mulig å låna syklar. Hvordan gikk du fram for å bestille: Først sjekka eg flybilletter både til Milano(Piemonte) og Pisa (Toscana), og sjekka avstandar fra flyplassene til vindistrikta. Valgte så Toscana pga kortare transfer fra flyplassen og flytider. Gjorde eit kjapt google søk om vingårder, så kom PrimaToscana opp. Eg kontakta dei og skreiv kva me ønskte og dei sendte meg nokon alternativ. Dei kjenner Toscana ut og inn, så her er det berre å stola på kunnskapen deiras! Og det svarte til forventningene. Taxi kontakten fekk eg via ein vingård eg spurte. Turene til landsbyane bestilte me direkte via taxi sjåføren vår. Vinsmakinga booka eg på nettsida til vingården. Snakkar dei engelsk der: Dei snakka greit engelsk på restaurantene og vingården. Men ein kjeme langt med eit smil og litt peiking òg. Var det restauranter i nærheten: Det var eit par i ca 20 min gåavstand til Terrecciola, restaurant på vingården, ellers måtte ein ha bil/taxi. Det var òg muligheter for å laga seg mat på kjøkkenet i leiligheten. Nærmeste landsbyer: Me fekk god innføring av taxisjåføren kva landsbyer som var verdt å besøka og ikkje, så me fulgte hans råd om San Gimigiano og Volterra. Heilt nydeleg. Men då i taxi/kjøreavstand 30-45 min unna. Prisnivå i Italia: Ganske greit, ein middag på ein vanlig restaurant ute kostar ca 300 kr, forrett, hovedrett og vin. Ei flaska prosecco på ein bar ca 250 kr. Alt på matbutikken var billig. Type Mat: Dei har alt, men sjølvsagt er det godt å smaka på pizza og pasta når ein er i Italia, og for ikke å snakka om alle dei gode ostane og skinkene! Masse godt kjøt var det òg! Opplevelsen rundt: Ja det var ein nydeleg opplevelse med ein herlig atmosfære. Eg likte å bu på ein vingård, med det flotte landskapet rundt. Å vera samla vennegjengen der, og ikke vera spredd til kvar vår kant som ein ofta kan bli i ein storby. Det er masse å finna på, så ein må legga opp ein plan etter kva ein ønsker for sitt reisefølge. Servicen i Italia: Dei fleste var hyggelige, men nokon var litt arrogante, og det appellerte ikkje heilt til oss. Eg tenker det er lov å smila litt meir på generell basis. Vår sjåfør var veldig hyggelig då :D Kva områder egner seg for vingårdsferie i Italia: Dei to store er Toscana kor me var og Piemonte lenger i nord. Hvordan finner man aktiviteter: Spør overnattingsstedet eller dei du bestiller reiser gjennom. Me blei anbefalt aktiviteter gjennom Arianna and friends , dei er godt kjent i området der me budde. Og har bla matlagingskurs, trøffeljakt, oliven og vinsmaking. Mine tips her; ikkje legg opp til for mange aktiviteter, det er godt å nyta litt òg. Håpar du blei inspirert til ein vingårdsferie, det anbefalast! Likte du det du leste, trykk gjerne på hjerta under, og del med dine vininteresserte venner:) Ciao Bella!

  • Vintur i Piemonte – Lokal mat, sjarmerende landsbyer og autentisk vinsmaking 🍇

    Ei smaksrik vintur gjennom Piemonte I september fekk me høve til å utforske dei sjarmerande landskapa i Piemonte, Italia. 🍇 Denne regionen, kjend for sine verdskjende vinar og rike kulinariske tradisjonar, tok oss med på ei reise gjennom vingardar, lokale delikatesser og autentiske smaksopplevingar. Me var tre vennepar som reiste på årets vintur og landa i Milano MXP , der sjåføren vår venta på oss. Frå Milano til Barolo, Piemonte  tok det ca. to timar med bil. Turen vår var primært for å nyta god mat, smaka på lokale vinar og oppdaga dei sjarmerande landsbyane . Alt dette fekk me oppfylt – og meir til! Dette var rett og slett eit eventyr! Dag 1 – Ankomst til Barolo og første smaksoppleving Vel framme i Barolo sjekka me inn på Asilo in Barolo , ein nydeleg leilighet med sentral beliggenheit. Som velkomst fekk me servert ein frisk italiensk boblevin – den perfekte starten på vinturen!  🥂 Lunsj med utsikt Etter innsjekk gjekk me ut i dei sjarmerande gatene i Barolo for å finne lunsj. Me slo oss ned på Petit Bistrot , ein tilfeldig valdt restaurant – men for ein fulltreffar! Me fekk ein av dei beste utsiktene ein kan tenkje seg , med panoramautsikt over vinrankane. Her nøyt me deilige pastarettar og kjøttretter, sjølvsagt akkompagnert av vin frå området. Middag på Osteria La Cantinella På kvelden hadde eg booka bord på Osteria La Cantinella , ein koseleg restaurant i gåavstand frå leiligheten. Her fekk me servert autentisk italiensk mat i ein avslappa atmosfære. Det var heilt fullt i lokalet – og ikkje utan grunn! Barolo har ikkje mange opne restaurantar på kveldstid, så å booka på førehand er eit must . Etter middag rusla me rundt i dei stille, historiske gatene  før me trekte oss tilbake for natta. Dag 2 – Vinsmaking og besøk til vakre Monteforte d'Alba Dagen starta med ein roleg morgonkaffe på altanen før me gjekk til frukost på DiVin Cafè , ein kafé anbefalt av vertane våre på Asilo . Her sat me blant lokalbefolkninga og såg korleis byen vakna til liv. Vinsmaking på Pietro Rinaldi Så var det tid for turens første vinsmaking! 🍷 Me vart henta av sjåføren vår og køyrde ca. 20 minutt mot Alba, til den idylliske vingarden Pietro Rinaldi . Vingarden låg på ein bakketopp med ein fantastisk utsikt over vinlandskapet! Me fekk ein elegant velkomst med bobler , før me sette oss ned for ein mat- og vinparing  med fem vinar og tilhøyrande smårettar. Dei fleste rettane var himmelske, medan eit par var litt meir spennande. 😉Dei har nokon rom der òg, så mulig å overnatta der. Eg møtte Mr Rinaldi  på Fauno restautant på Gjøvik i vinter og fekk kontaktinformasjonen hans der. Monteforte d'Alba – Ein landsby rett ut av eit postkort Etter vinsmakinga tok sjåføren oss vidare til Monteforte d'Alba , ein liten landsby som var ei fryd for auga ! Dei fargerike husa som slynga seg oppover gatene skapte ei magisk atmosfære. Tips:  Book bord på førehand! Me hadde ikkje gjort det, og enda opp på ein heilt enkel pizzeria – Pizzeria in Piazza. Likevel fekk me ein fin oppleving i denne nydelege byen. Fleire restaurant tips i Monteforte d`Alba kjeme lenger ned i innlegget. Dag 3 – Takbar med utsikt og vinsmaking på Diego & Damiano Me starta dagen med restepizza til frukost – toppa med mimosa  på altanen. Perfekt start! 🍊🥂 Takbar med panoramautsikt Etter frukost gjekk me til Borgogno Takbar  i Barolo, der me fekk ein av dei beste utsiktene over Piemonte . Vinsmaking på Diego & Damiano Deretter rusla me vidare til vingarden Diego & Damiano , berre 5-10 minutt unna sentrum. Her fekk me ei grundig innføring i vinproduksjon , og han fortalde med ekte lidenskap om vinen, druene og tradisjonane. Veldig flott og autentisk vinkjellar dei hadde der! Me fekk smaka på 5 forskjellige vinar som falt i smak og jammen blei det ikkje med nokon heim òg! 📝 Tips:  Ikkje still spørsmål før vinen er skjenkt opp! 😉 Han var så entusiastisk at han kunne snakke i evigheiter før smakinga starta. Vinsmakinga var gratis om ein kjøpte vin, elles kosta det 20 euro – vel verdt det! La Morra – Vin og shopping Etter smakinga tok sjåføren oss til La Morra , ein litt større og meir populær landsby. På vegen fekk me sjå vinmarkene på nært hald , noko som berre forsterka magien i denne regionen. La Morra hadde mange små nisjebutikkar og vinbarer, og me stakk innom Vineria Sociale  og Vicino DiVino  for å smaka på nokre vinar. Her fekk me òg kjøpt med oss oljer, pasta og andre lokale spesialitetar. På kvelden hadde me booka bord på Uve Rooms & Wine Bar , ein av dei mest populære restaurantane i La Morra – og det med god grunn! Maten var heilt fantastisk, og servicen var på topp. Her har dei òg overnatting. Dag 4 – Heimreise frå Barolo Dagen starta med regn, men det gjorde ingenting – me skulle likevel heim. På altanen, som var overbygd, fekk me servert frukost frå vertane våre på Asilo , før det var tid for å pakka koffertane og reisa til flyplassen. Sjåføren vår stod klar og kjørte oss til Milano MXP. Me rekna litt god tid itilfelle det skulle vera nokon hindringar på veien. For ein tur dette har vore!  Piemonte leverte på alle plan – vin, mat, natur og atmosfære. Overnatting hos Asilo in Barolo Eg hadde booka ein flott leilighet til oss i Barolo, Asilo in Barolo , den var ny i år. Det tok kun eit par min å gå til streeten i Barolo, med restauranter og koselige enoteca. Den var romslig med 3 soverom med tilhøyrande bad. Det siste rommet hadde kjøkkenkrok, så der var det ikkje fult så privatliv, men det gjekk fint for oss. Det var ein stor altan med sittegruppe og spiseplass. Her hadde dei lagt vekt på interiør og hadde ein stilig finish på heile leiligheten. Vertane Elisa og Francesca var så hyggelig og behjelpelig både i forkant og under opphaldet. Så uten dei så hadde ikkje turen blitt så bra! Eine dagen fekk me servert frukost i leiligheten. Me kosa oss med den på altanen. Viss me skal setta fingeren på ein ting, så var det at det ikkje var sofa/lenestolar. Etter ein dag på farten med masse god mat og vin kunne me tenka oss å synka ned i sofaen før me skulle finna senga. Eg anbefalar denna leiligheten på det sterkaste! Praktisk informasjon og reisetips Overnatting i Piemonte 🏡 Asilo in Barolo  – Nydeleg leilighet med sentral beliggenheit og flotte fasilitetar. 🏨 Hotel Barolo  – Tradisjonelt hotell i Barolo. 🏨 Uve Rooms & Wine Bar  – Populær overnattingsplass i La Morra. Beste vingardar å besøke 🍷 Diego & Damiano  – 5-10 minutt gåtur frå Barolo sentrum. 🍷 Pietro Rinaldi  – Litt utanfor Alba, 20 minutt frå Barolo. Transport 🚗 Taxi:  Book transport på førehand, spesielt i høgsesong! Me brukte Taxi Service Valsusa . ✈️ Fly:  Direkte til Milano MXP med Norwegian eller SAS. Restaurantar og Vinbarer: Petti`t Bistrot   -Barolo Osteria La Cantinella -Barolo Pizzeria Rosticceria Spacca Napoli -Barolo DiVin Cafè frukostcafè -Barolo Borgogno Takbar -Barolo Uve Rooms & Winebar -La Morra Vicino DiVino Enoteca -La Morra Vineria Sociale Vinbar og restaurant -La Morra Osteria More e Macine - La Morra Felincin restaurant - Monteforte de Alba Le Case della Saracca -Monteforte de Alba Osteria dei Cátari - Monteforte de Alba (Desse restaurantane som eg har lista opp her, som me ikkje var på, har eg fått anbefalt av både sjåføren og vertane på leiligheten), Tips: Beste tid å reisa- hausten august-oktober Husk å bestill bord til middag, det er ikkje så mange restaurantar i sentrum og dei fleste er booka. Dei aller fleste plassane tar kort, finns minibank der. Tips er ikkje inkludert på restaurant, så fint å ha med kontanter Ha gode sko, det er brustein og nivåforskjeller Vinmuseumet i Barolo er fint å besøka. Leigebil anbefalast om du vil sjå masse av områda, og ikkje har behov for å drikka vin. Har du lyst til å oppleve Piemonte? Eg kan varmt anbefale denne turen! Har du nokon gong besøkt Piemonte eller smakt dei fantastiske vinane deira? Del gjerne dine opplevingar i kommentarfeltet under! Har du spørsmål? Send meg gjerne ein melding på sosiale medier eller på info@reisermedglede.no . 😊 Eg skreddersyr gjerne din vintur til Piemonte! Detta var ein privat tur der ruta var lagt opp av meg med god hjelp frå dei koselige vertane på Asilo in Barolo . Det er ikkje lett å finna ut kor ein skal reisa, kva restaurantar som er bra, og kva landsby ein bør bu i. Men eg må sei at valget med å bu i Barolo var heilt topp! Flybillettane bestilte eg på SAS i god tid, og fekk greie prisar. Eg booka ein leilighet i Alba først, men det følte eg ikkje var riktig, så fant me heldigvis denna leiligheten i Barolo, og hadde det heilt topp! Håpar du blei inspirert til å ta turen til Piemonte! 🍷✨ For 3 år sia var me på Vintur til Toscana, du kan lesa om turen her.

  • Ting å gjøre i Murcia – Spansk sjarm mellom tapas, torg og tradisjon

    Murcia – Ting å gjøre i Murcia- Spansk sjarm mellom tapas, torg og tradisjon I mars sette me oss i bilen og køyrde frå Gran Alacant til Murcia – ein tur på cirka ein time. Det første som møtte oss i bykjernen var sjarmerande, trange gater, akkurat slik ein ser for seg i ein ekte spansk by! Murcia er ikkje ein stor by, men han har mykje å by på. Me fann parkering like ved hotellet vårt, Hotel Murcia Rincón de Pepe Affiliated by Meliá , og kunne sjekka inn. Rommet var romsleg, badet fresht, og senga heilt grei. Perfekt som base for opphaldet vårt! Første møte med byen – tapas, torg og solskinn Etter innsjekk la me frå oss koffertane og vandra ut i dei livlege gatene. Berre nokre minutt unna hotellet oppdaga me eit koselig torg, der me slo oss ned på Cerveceria el Pasaje de Belluga for tapas og forfriskningar. Altså for ein cava! 🍾 Den beste eg har smakt! Me sat der og såg på folkelivet – folk som rusla rundt, slo av ein prat og nøyt den gode stemninga. Det var mest spanjolar, noko som alltid er eit godt teikn på at ein har funne dei beste plassane. Sola kikka fram, gensaren kom av, og følelsen av vår i Spania var komplett :) Det er mange ting å gjøre i Murcia, men vår favoritt var å nyte tapas på dei lokale torga. Real Casino de Murcia – eit arkitektonisk smykke Neste stopp var Real Casino de Murcia , eit av dei mest ikoniske bygga i byen. Wow – for eit syn! 😍Dette praktfulle bygget blei grunnlagt i 1847 og kombinerer fleire arkitektoniske stilartar, frå modernisme til eklektisisme. Etter ei omfattande restaurering i 2009, er det no eit av Murcias mest besøkte bygg. Me v andra gjennom dei storslåtte romma og las informasjonstavlene undervegs. Det var verkeleg ein opplevelse å sjå og kjenne historia i veggane her! Nisjebutikkar og historiske torg På veg tilbake mot sentrum gjekk me forbi ein liten, unik klesbutikk – ein sånn som berre ropar på deg! Eg kunne ikkje la sjansen gå frå meg og enda opp med nokre små skattar, inkludert ein hatt. 🎩 Eg elskar å handle på slike butikkar – det er jo ekstra kjekt å ha noko ingen andre har! Husk at siestaen lever i beste velgåande i Murcia! Her tar folk seg tid til lunsj og ein liten kvil før byen våknar til liv igjen utpå kvelden. Noko så betyr at fleire av dei små butikkane og nokon restauranter er stengde midt på dagen. Vidare møtte me på fleire nisjebutikkar, historiske bygningar og flotte torg, blant anna det forseggjorte torget utanfor rådhuset. Med velstelte blomar, fontener og elegant arkitektur var det ein fryd å berre rusle rundt her. Like ved låg elva Segura , som deler byen i to. Me gjekk over brua og utforska litt, men fann ut at me likte oss best på den andre sida, der folkelivet var meir livleg. Katedralen i Murcia På vår rusletur gjennom byen passerte me den imponerande Santa María-katedralen – eit av dei vakraste byggverka i Murcia. Den detaljerte fasaden i barokkstil var heilt fantastisk, og me kunne sjå korleis katedralen ruva over torget. Flisene på bakken laga eit flott mønster og trea rundt gjorde det til ein lun stemning. Hadde me hatt litt meir tid, ville me absolutt gått inn, for interiøret skal visstnok vera like imponerande! Ein uforgløymeleg middag på La Pequeña Taberna Etter ein liten tur innom hotellet for å skifta, var det klart for middag. Me hadde forhåndsbestilt bord på La Pequeña Taberna , noko eg verkeleg vil anbefale! Her fekk me ein skikkeleg spansk matoppleving! Restauranten hadde eit rustikt, men stilfullt preg, med mørke møblar, kvite dukar og ein avslappa, men elegant atmosfære. Menyen? Sju rettar med alt frå kjøtt og skinke til grønsaker og fisk – servert med gode vinar. 🍷 Dette var ein skikkeleg innertiar, og eg kan varmt anbefale denne restauranten vidare! Natteliv i Murcia – drinkar med historie Murcia har eit levande uteliv, og denne laurdagskvelden var ikkje noko unntak. Spanjolane er kjende for å ete seint og kose seg ute, og det var lange køar utanfor fleire utestadar. Me hadde på førehand funne ein bar via Google, Conjugoo The Cóctel Shop , som spesialiserer seg på drinkar inspirerte av Murcias historie. Ikke bare var drinkane stilige – dei smakte òg fantastisk! 🍸 Her har dei òg mat som såg fristande ut. Søndag i Murcia – ein by full av liv Etter ein god natt søvn (trass i nattklubben rett utanfor hotellet 😅) starta me dagen med hotellfrukost. Overraskande bra utval til å vere ein spansk hotellfrukost! Søndag er familiedag i Spania, og då me kom ut ved 11-tida, var gatene fulle av folk som nøyt sola og familietid. Me sette oss på torget og sugde til oss den herlege stemninga før me sette kursen tilbake til Gran Alacant. Ekstra oppleving: Terra Natura Murcia Nokon dagar seinare tok me med oss barna til dyreparken Terra Natura Murcia . Dette var ein veldig fin dyrepark, med store område for dyra og godt tilrettelagt for besøkande. Høgdepunktet var å få helse på ei løvinne og babyane hennar! 🦁 Så skjønne! Terra Natura har òg ein tilhøyrande vatnpark, som naturlegvis ikkje var open i mars, men den såg heilt topp ut for ein varm sommardag! Kvifor besøke Murcia? Murcia er ein ekte spansk by , full av sjarmerande torg, nisjebutikkar, flotte bygningar og ekte lokal atmosfære . Me fekk berre ein smakebit denne gongen, men eg kunne gjerne vore her lenger for å oppdage endå meir. Vil du besøke Murcia? Du kan enkelt komme deg hit med bil, tog eller buss. Det går direkte tog frå Alicante og Cartagena (ca. 1 time) og Madrid (3,5 timar). Overnatting:   Hotel Murcia Rincón de Pepe Affiliated by Meliá Kan eg anbefala. Det var komfortable rom, god frukost og låg veldig sentralt. I nærleiken av Murcia finner du fleire plasser eg har besøkt som du kan la deg inspirera av: Alicante Gran Alacant og Santa Pola Isla Tabarca Detta var ei privat presse reise med turistkontoret i Murcia. Det er ikkje lagt føringar for kva eg skal skriva, det er bassert på mine egne tankar og opplevingar. Del gjerne dine erfaringar og restaurant tips med meg, så noterer eg meg dei til neste besøk i byen!

  • Kvilepuls blant tretoppane: Ei magisk oppleving hos Lauv Tretopphytter!

    Har du nokon gong drøymt om å våkna opp til ekorn som hopper fra tre til tre og utsikt over fredelege skoger? Det får du hos Lauv Tretopphytter , som ligger i Eidsvoll kommune, kun 1 times kjøring frå Oslo. Reklame// Lauv Tretopphytter. Eg vil jo sei at slagordet til Lauv Tretopphytter : Logg av stress- Logg på hvilepuls , symboliserer akkurat opplevelsen der! Det var første fredag i Desember og me satt oss i bilen etter skule og jobb for å reisa ned til Feiring og Lauv Tretopphytter. Sekken var pakka med kosekle, pølser og spel, for no skulle me på hyttetur! Heile familien gledde seg og var spente på å sjå tretopphyttene. Me blei møtt av eit vakkert vinterlandskap på vei opp. Marit som driver Lauv Tretopphytter kom gåande nedover vegen med hesten sin. Me slo av ein prat før me gjekk oppover vegen. Det var ca 300 meter å gå frå parkeringen til tretopphyttene, Ospero, som me budde i, og Knausen som låg like ved. Men med nokon tre mellom så me såg ikkje den andre hytta. Eg opna spent døra til Ospero og såg kor flott hytta var inni, her var det eit flott skandinavisk design med heimakoselig stemning. Rett innanfor døra var det ein godt utstyrt kjøkenkrok med steiketopp, steikeovn, kjøleskap, innlagt vatn og godt med kjøkenredskaper og service! På kjøkkenbenken stod det sjokolade frå Gjøvik Sjokolade og venta på oss, midt i blinken! Bak kjøkkenet var det eit bad med toalett, vask og dusj. Veldig god komfort vil eg sei! Eit par steg opp kom me til stova med store glas, her var me rett i naturen! Med sofa attåt begge vindauga, bord, eit par stolar og vedovn hadde me det me trengte! På hemsen var det to senger. Utsikten og roen slo meg med ein gong! Her var det kvilepuls! Eg fyrte i peisen og tok meg ein foto session inne mens ungane og mannen fyrte i bålpanna og leika ute. Det var dags for litt pølser og marshmellows på bålpanna. Det smaka godt! Me kosa oss med aking, lommelykt tur i mørket og trugene som var tilgjengelig for oss før me gjekk inn og resten av gjengen fekk utforska hytta. Det er klart det var spennande å klatra opp på hemsen og sjå både ut og ned på resten av hytta. Me hadde med oss spel og quiz. Veit du kva ein av dei beste tingene med hytteturen var? At det ikkje var dekning der, mobilane låg i sekken og fokuset var på familiehygge. Noko så koselig. Alle har godt av ein SoMe detox! Det hadde isåfall eg :) (Men det er mogeleg å få internett tilkobling i hytta dersom det er eit must. Eg anbefalar det ikkje). Etter litt speling og hygge kjente me at me var svultne att, i kjøleskapet stod det ferdig laga speke og ostefjøl som ein kan bestilla. Flatbrød frå Holmen Crisp spekepølse fra Totenkjøtt, ost, grønsaker og bær. Detta kosa me oss vel og lenge med! Den heimalaga rips gelèen var så god, me satt å lurte på smakane, og fekk svar på det i detta instagram innlegget seinare;) Ungane begynte å kjenna at det var fredagskveld og puta ropte på dei, så det bar opp på hemsen der dei sovna søtt etter ein kjekk dag! Lars og eg satt oss i sofaen nede og berre nytte roen og hadde gode samtalar. Du veit når du snakkar med nokon til vanlig, og nesten alltid ila ein samtale må inn å sjekka noko av samtaleevnte på mobilen, om det er vèret for morgodagen eller noko ein skal gjera neste dag. Det eksisterte ikkje, altså så herlig :D Sitta å sjå på flammane i ovnen mens ein kosar seg, det er hyttekos det! Det er to senger oppe på hemsen og to senger nede, under sofaen så finner ein sengakle til å ligga nede. Siden det er store glas så fekk me sovemasker. Me sov som nokon steinar, og når me våkna låg me berre å såg ut glaset jammen kom det ikkje eit ekorn hoppande frå tre til tre på jakt etter frukost! Det var magisk for heile familien å berre ligga å sjå ut på det! Frukosten stod klar i kjøleskapet og me kosa oss vel og lenge med heimalaga rundstykker, pålegg, egg og grønskaer. Både spekefatet og frukostpakken kan du legga til i bestillinga, På Lau Tretopphytter har dei fokus på bruk av lokale råvarer og brukar lokale matprodusenter. Kvilepulsen var der fortsatt hos alle oss, så me hadde lite lyst å forlata detta flotta tretoppeventyret! Me pakka saman, vaska oss ut og satt oss på akematta ned til gården. Å hei hvor det går! Nede på garden slo me av ein prat med vertane og fekk vera med å sjå på dyra deiras, sauene var i fjøset, pusen luska rundt oss på tunet og hestane stod på beitet. Dei var så rolige alle sammen, me skjønnar at dei er flinke med dyr her. Me er jo ein familie som er så glad i dyr, så detta var heilt topp avslutning på eit fantastisk kvilepuls eventyr! Dette var ei helg som ga oss meir energi enn me kunne forestille oss. Eg håpar du tar deg tid til å oppleve den same roa blant tretoppane! Fram til 1.april får du 20% på overnatting hos Lauv Tretopphytter ved å bruka koden: Eva20 Praktisk info: Beliggende i Feiring, heilt nord i Eidsvoll kommune, er hyttene lett tilgjengelige, kun ein time fra Oslo og 45 minutter fra Oslo Lufthavn. Hyttene inneheld: Godt utstyrt kjøkken med steikeovn, koketopp, kjøleskap, service og kjøkkenredskap 300 meter frå parkeringen til hyttene Mulighet for å bestilla Opplevelser på gården: Guida fottur eller trugetur i nærområdet med lunsj og god drikke. 3- retters middag med drikke. Middag serveres i veslehuset på tunet, ca 200 m fra hyttene.  Dei tilbyr pick up fra togstasjon eller Gardermoen. Det er fleire opplevelser ein kan gjera i området rundt; Eidsvoll bygningen, Feiring Jernverk, isfiske, Skeikampen mm. På Trip advisor har Lauv Tretopphytter fått 5 av 5 , noko så eg kan sei meg enig i! Nettside: https://lauvtretopphytter.no/ Takk for eit fantastisk kvilepuls eventyr blant tretoppane! Me kjeme gjerne tilbake :) Detta var eit samarbeid med Lauv Tretopphytter. Det er ikkje lagt føringar for kva eg skal skriva, detta er mine eigne skildringar!

  • Ærlighet varer lengst! eller....

    "Er du alltid ærlig i dine skildringar" fekk eg spørsmål om førre helg og det fekk meg til å tenka litt.🤔 Dåka så kjenne meg veit at eg stikker ikkje noko under ein stol😅. Og de så har fulgt meg ei stund merkar kanskje når eg brukar masse adjektiv og ikkje i innlegga mine. Eg syns jo det er fint å beskriva mine opplevelsar med gode ord der det fortjenes, føler historien blir meir levande då. Itillegg er det jo kjekt for dei aktørane så eg besøker å få gode ord 😄 Lojalitet Skal eg anbefala dåka noko så vil eg jo at det skal væra reelt og ikkje pynta på sanninga, då vil eg tru de mista truverdigheten og lojaliteten til meg🙌🏽. Det hadde isåfall eg gjort. No er det jo slik at me har forskjellige ønsker og preferansar på ting, så eg skriver min meining og begrunner det ofta med noko. Til dømes, eg likar meg best på eit hotell med god standard og 3 hotellputer👌🏼 Reiser eg på eit hotell der det ikkje er tre hotell puter, seier eg jo ikkje at det er eit dårlig hotell og anbefalar deg aldri å reisa dar. Då trekker eg fram dei positive sidene med overnattingsplassen og skriver at det var eit bra opphold til å vera 3* feks😊. Går eg på fjelltur er eg heilt ærlig på at det var jæklig bratt og ein tøff tur, og kjeme med tips som eg har erfart som kan gjera turen bedre for nettopp deg så leser😄 Dialog med aktøren Eg ønsker ikkje å snakka stygt om ein restaurant eller overnattingsstad der eg ikkje har fått den servicen eg forventa eller at det var noko galt med maten ol🙅🏽‍♀️. Dersom det er noko så ikkje svarar til forventningane eller noko var dårlig snakkar eg med dei på plassen først, før eg skriver noko om det her inne. Det er jo fair at dei får mulighet å retta opp i det eller forklart seg.😄 "Eg skal aldri meir reisa med SAS" var det ganske mange så skreiv i fjor. Ja ein har lov å vera lei når ferien blir ødelagt eller det er hompar på veien. Men det er jo ofta ei forklaring på det. Ein anna viktig ting eg gjere er å svara på tilbakemeldingsskjema frå aktørane i etterkant av opplevinga, eller skriva på tripadvisor feks. Det er med på at aktøren får dei tilbakemeldingane dei trenger for å enten bli bedre eller rosa sine ansatte for ein god jobb! Itillegg hjelper det andre reisande å velga nettopp den aktøren. Men husk å vær konstruktiv! Er du god på å legga att ein tilbakemelding etter eit hotellopphald, flyreisa, restaurantbesøk og andre opplevingar? Servicepolitiet Etter å ha jobba i servicebransjen i alle år, er det noko så eg brenner for, og er litt "skada" når eg er ute på noko 😜God service er viktig for meg, og eg trur og håpar eg har gitt god service på jobbane mine oppover😊 Seinaste no når eg var på tur til Vestfold var me innom ein restaurant til lunsj der det rett og slett ikkje var service. Me fekk god mat etter 1 time. Det er jo då naturlig å tenka at det var tidlig i sesongen og dei så jobba der var veldig unge. Men då må ledelsen gå inn å læra opp desse stakkar ungdommane så ikkje har lært korleis dei skal takla situasjoner der ting blir så kraftig forsinka. Kva med å komma bort å sei at beklager det tar dessverre litt tid i dag, eller sei det i det me får bord. Så kan me ta eit standpunkt til det før me evt setter oss. Det vil jo eg sei er god service👌🏼. Nokon veker seinare var veinninna mi der og fekk både god service og mat kjapt. Så ting varrierar og ein kan ikkje gje avskjed på grått papir med det samme. Etter det restaurantbesøket skreiv eg på instagram storys at me hadde ete god mat men at dei burde hatt opplæring i service (av meg) 😆😅 Bacheloroppgava i Service Jadå, eg skreiv Bachelor oppgava i service, så viktig er det for meg! Det er jo klart at service folk leverar påvirkas av forskjellige faktorar. Det var ei interessant oppgåva så eg kanskje burde leita fram for å lesa nærmare på. Er visst eit par år sia eg skreiv den😜. Ein av mine draumejobbar er å vera mysteri shopper eller restaurant/hotell anmelder🍴🏩Eg er jo kanskje litt det no når eg er ute på oppdrag for ulike aktørar, men då ikkje hemmelig😊 Syns du Reiser med glede er truverdig? Eg håpar at eg virkar truverdig når eg skriver eit blogginnlegg, deler i storys eller post på sosiale medier🤗. Det er jo det eg vi framstå som, at de skal tenka at eg er lojal og truverdig. At me er forskjellige i ønsker og behov når det gjelder reise er jo klart. Men eg håpar eg er tydelig på at det er slik eg likar det, ikkje at det er feil på den andre måten 😄. Eg pyntar lite på sannheten, skriver når noko er krevjande med enten helsa eller borna. Alt er ikkje fint og flott fordet om me reiser masse med born. Det ville jo vera unaturlig. Eg føler isåfall eg har delt ein del av det. Men som eg skriver, det stoppar ikkje meg i å reisa! Utfordringar er til for å taklast, og det gjere ting meir spennande! Tenk kor kjedelig verden hadde vore om alt var heilt perfekt😁😉 Istadenfor deler eg tips, der er har hatt det utfordrande på reise slik at du kan ta med deg tipsa til di reise feks 😄 Reiser med barn er eit blogginnlegg der eg deler tips utifrå eigne erfaringar. Den usminka sannhet Bildene eg legger ut er nokon gonger fint dandert mat, mens andre gonger berre kleist oppå📸 E g ønsker ikkje å framstå perfekt, for det er ingen. Eg jåler meg lite til å vera på instagram, eg er meg, Eva Berge. Ho så sminkar seg sjeldent, ho så ikkje redigerer bildene ho legger ut, ho så har valkar både her og der, ho så gjere bommertar. Ja eg er meg, og dei så likar det følger meg og dei så ikkje, deiras tap 😁Men for meg så er det viktig å væra meg, væra ærlig i bilder og skildringar, og ikkje pynta på sannheten! Eg håpar det er truverdig og at det skapar lojalitet for deg!💖😁 Takk for at du følger meg og leser innlegga mine. Det betyr masse for meg 💖

  • Speilhytte eventyr- Furu Natur & Kultur

    Tenk deg kor herleg å tulla deg inn i ei mjuk dyna og berre nyta freden og naturen mens du er saman med nokon du er glad i <3 I speglhyttene til Furu Natur og Kultur kan du virkelig la skuldrane senka seg og kosa deg! Speilhytte- Furu Natur & kultur innlandet. unike overnattingssteder i norge Speglhyttene har glas frå vegg til golv rundt nesten heile hytta, her er du midt i skogen og det er berre naturen sine egne lydar du høyrer! Hyttene er innreda i delikat og lekker stil med kvalitetsmøbler, sengakle, servise og kunst! Det er drops for auga for oss så likar flott innredning! Det er ingen tvil om at Friedrike (eigaeen) har sans for stil og interiør! For her var det lekkert! Berre sjå på bildene! Eg reiste over Mjøsa og opp til Åsmarka i Ringsaker saman med ei veninda, me var invitert av Furu Natur og Kultur til å ta ei overnatting her. Gps-en viste oss vei, og me parkerte nokon få meter frå hytta. Det er to hytter på eigendommen, men med god avstand mellom, så du føler du er i fred! Når me hadde satt ifrå oss tinga var det berre å fyre i bålpanna ute på altanen og spidda oss ei pølsa og marshmellows. Me satt ute å kosa oss i skumringa og berre nytte roen! Skravla og lo, sånn så ein veninnetur skal vera! Har du tenkt på kor digg det er å berre sitta å sjå på ein flamme i bålet?! Den er aldri lik og dansar så flott! Den hyggelige verten Friedrike kom å helsa på oss, ho fortalte om heile prosessen til hyttene. Så flott gjennomført! Mørket hadde senka seg og det begynte å bli kaldt, så me gjekk inn i hytta vår som heiter Lys, her var det godt og varmt, med både varmekablar og varmepumpe. Me måtte ha litt kveldskos så me hadde fått med ein helgepakke frå Tjønnås Delikatesser på Gjøvik som me kosa oss med. Det var deilige oster, skinker, oliven, mandler og foccacia. Til dessert hadde me fått med oss sjokolade og marsipan frå Gjøvik Sjokolade , mmm- så me kosa oss! Det var nokon brettspel i hytta som me spelte resten av kvelden. Når me la oss så tenkte eg kvifor hadde eg ikkje lagt meg før, for gurimalla for ei deilig Jensen seng og dyner fra Norsk Dun ! Her sov eg som ein stein heile natta! Og når me våkna så satt me i senga til me måtte reisa! Stod berre opp å tok ein deilig dusj med Rå skincare produkter og utsikt i skogen! Frukosten nytte me i senga, hytta hadde eit praktisk frukostbrett med bein som kunne stå i senga. Med surdeigsbrød frå Sofia Cash frå Gjøvik, restane av skinka frå Tjønnås Delikatesser og litt sjokolade dessert frå Gjøvik Sjokolade vart det ein prima frukost! Det er òg mogleg å bestilla mat på hytta på nettsida til Furu Natur og Kultur. Sjekk det lekre bildet over senga, det er kunstnaren Maria Natalie Skjeset som har laga, ho har brukt elementer fra naturen, det passa perfekt i hytta! Det var dags for utsjekk, sjølv om me egentlig ikkje var mentalt klare for å bryta opp detta herliga speglhytte eventyret, måtte me vidare til familien vår. Detta er ein opplevelse eg unnar deg å gjera! Ta eit avbrekk med nokon du er glad i, nyt freden og kvarandre i ei lekker speglhytta! I desember kjeme det badestampar som du kan leiga ved opphaldet ditt, samt det er mulig med hundekjøring hos Sjusjøen Huskytours og hesteridning hos Mesna opplevelser og overnatting . Håpar du blei inspirert til å ta eit avbrekk frå kvardagen og berre nyta! Praktisk info: Ankomst: Hyttene ligger ca 20 min kjøretur frå Moelv i Innlandet fylke. Hytter: Det er to ulike hytter; Lys og Mørket. Bildene i innlegget er frå hytta Lys. Inkludert i prisen: Overnatting, sengakle og dyner fra Norsk Dun , tepper, grillspyd, lekkert service, panner, knivar, kaffe, te, baderomsartikler frå Rå Skincare , bålpanne, For meir info sjå på heimasida til Furu Natur & Kultur . Tilleggsprodukter kan bestillast på nettsida. Nermaste butikk: Kiwi Næroset ca 5 min med bil. //Reklame. Detta er eit samarbeid med Furu Natur & Kultur, det er ikkje lagt føringar for kva eg skal skriva. Innlegget er bassert på mine eigne opplevingar. //reklame Takk for oss!

Eg svarar deg så snart eg kan.

Kontakt:

Eva Berge Reisermedglede 

  • Facebook
  • Instagram
  • LinkedIn
Reisetips rundtom i verden, reiser med glede
bottom of page