Smart reiseplanlegging: Søk, bestill, pakk, reis utan stress og samle bonuspoeng🌍
- Eva
- 7. juli 2022
- 8 min lesing
Oppdatert: for 12 minutter siden
Drøymer du om ei reise utan stress og kaos i forkant? ✈️ Då er smart reiseplanlegging nøkkelen! I denne guiden får du konkrete tips til korleis du enkelt finn billige flybillettar, bestiller gode hotell, pakkar effektivt og sparar pengar, uansett om du skal på familietur, kjærestetur eller ein solo-getaway.
Med litt planlegging og dei rette verktøya kan du gjere førebuinga til noko du faktisk gler deg over – og ikkje berre noko du må "komma deg gjennom". Her får du alt samla på ein plass!
✈️Søk smart, finn beste flyruta
Eg startar alltid med å søka etter fly først, for då ser eg kva datoar som er rimelege i forhold til når eg vil reisa. Enten brukar eg kalenderen til Skyscanner for å sjå kven som flyr dit eg skal, eller eg sjekkar lavpriskalenderen til det aktuelle flyselskapet.
Eg bestiller som regel direkte hos flyselskapet. Då kan eg logga inn på kontoen min, registrera reisa og samla bonuspoeng. Å velja direktefly sparar ofte mykje tid, sjølv om det ikkje alltid er billigast. Hugs at ein ofte brukar pengar på mat og drikke under mellomlandingar 😉 Det er òg ein fordel å ha bestilt heile reisa samla, spesielt dersom det skulle oppstå forsinkelser, sjukdom eller endringar, då har du betre rett på hjelp.
Når ein reiser saman i gruppe, får ein som regel sitja saman, men det er ikkje alltid garantert. Under bestilling kan du velja tillegg som setereservasjon, bagasje og måltid.
Til dømes: Når eg og mannen skal på storbytur ei helg, bestiller me ein koffert saman og droppar setereservasjon. Det er koseleg å sitja saman, men ikkje kritisk på ein kort flytur, og vips har me spart fleire hundrelappar berre på billetten og bagasjen!
🏨Smart overnatting med bonuspoeng– meir enn ei seng
Når eg skal bestilla overnatting, loggar eg alltid inn og brukar Hotels.com, fordi her samlar eg bonusnetter gjennom Hotels.com Rewards. For kvar natt du bur, får du éin reward. Når du har samla 10 overnattingar, får du éi bonusnatt, bassert på prisgjennomsnittet av dei 10 førre bookingane. Etter eit visst antal overnattingar får du òg Silver- eller Gold-medlemskap, som gir ekstra gode fordelar. Me som har Gold-medlemskap har ofte fått:Gratis oppgradering av romkategori (ved tilgjengelighet), rabattar på mat, drikke, spa, og evt ei velkomst drikke.
Dersom Hotels.com ikkje har overnatting på staden eg skal til, brukar eg gjerne Booking.com. Dei har ofte større utval på mindre stader og eigne bonusordningar for innlogga brukarar (t.d. Genius-rabattar).
Nokre gonger kan det løna seg å bestilla direkte hos overnattingsstaden, men ofte skil det så lite i pris at det er verdt å samla opp bonuspoeng via lojalitetsprogramma.
📝 Eg vel som regel å bestilla med gratis avbestilling, sjølv om eg har reiseforsikring. Livet skjer, og plutseleg blir du invitert i ein 40-årsdag akkurat den helga du hadde planlagt ein Oslotur 😉 Då er det enkelt å avbestilla og flytta turen til ny dato, utan ekstra kostnad.
Når eg reiser innanlands – spesielt i Noreg – bestiller eg ofte direkte hos Strawberry (tidlegare Nordic Choice Hotels). Eg er sjølvsagt innlogga når eg bookar, slik at eg tjenar bonuspoeng kvar gong eg bur på eit av hotella deira.
📅 Når bør du bestilla fly og overnatting?
Det finst ikkje eit enkelt svar på når det er best å bestilla, men her er nokre generelle erfaringar eg har gjort meg:
Bestiller du tidlig, har du størst sjanse til å sikre deg:
Dei beste flytidene
Dei beste setene (t.d. ved sida av kvarandre)
Dei beste romma på dei mest populære hotella
Bestiller du seint, kan du av og til få gode siste liten-tilbod, men du risikerer også at dei mest ettertrakta overnattingane og avgangane er utseld eller dyrare.
Eg pleier som regel å bestilla så snart eg har bestemt meg, spesielt dersom det er ein populær destinasjon, helg eller ferietid. Då har eg fleire val, meir kontroll og mindre stress.
💡 Tips: Ein tommelfingerregel for Europa-reiser er å bestilla flybillettar 6–8 veker før, og hotell gjerne 1–3 månader før, spesielt om du vil ha bonuspoeng, oppgraderingar eller gode romvalg.
📢 Følg kampanjane – få førstemannstilgang til gode tilbod
Det kan verkeleg lønna seg å følgja reiselivsaktørar på Facebook, Instagram og nyheitsbrev. Mange hotell og flyselskap annonserer kampanjar og spesialtilbod i eigne kanalar før dei dukkar opp andre stader, og ofte går dei beste romma og avgangane først.
💡 Eit konkret eksempel: I vinter fekk eg eit supert tilbod på Clarion Hotel Oslo, berre fordi eg hadde sett at Petter Stordalen sjølv la det ut på Facebook-sida til Strawberry. Halv pris på hotellromm, og eg fekk meg eit nytt favoritt-hotell i Oslo! Sjekk hotell favorittane mine i Oslo her😍
💳 Bruk rett kort – få poeng og forsikring (om du brukar kredittkort med vet)
Mange kredittkort gir deg både bonuspoeng, reiseforsikring og andre reisefordelar. Eg brukar sjølv Bank Norwegian eller American Express (AmEx) for å samle poeng på flybillettar og hotell – spesielt når eg bestiller direkte frå flyselskap eller hotellkjeder.
💡Visste du at dersom du betaler minst 50 % av reisa med kredittkort, får du ofte avbestillingsforsikring inkludert via kortet? Dette kan spare deg for både pengar og stress dersom noko skjer før avreise.
🟡 Viktig: Bruk kredittkort med omtanke. Det er berre lønnsomt dersom du betalar alt tilbake kvar månad. Sett deg godt inn i vilkåra før bruk.
👉 Dersom du ikkje ønskjer å bruke kredittkort, er det ekstra viktig å sjekke at du har gyldig reiseforsikring og avbestillingsforsikring frå anna hald – anten via innbu, arbeidsgivar eller eigen avtale.
🧳 Pakk med plan – unngå overvekt og tull
Det er ikkje alltid like lett å begrensa seg når kofferten skal pakkast – helsing frøken viss-som-atte 😉 Men eg prøver å bli flinkare for kvar gong, og her er mine beste tips til deg som vil pakka smart og unngå stress.
🔹 Start med vêrvarslet for reisemålet og pakk etter det. Ta gjerne med ein ekstra genser om vêret er usikkert, men ikkje overdriv – spesielt ikkje om du har vaskemoglegheiter der du skal bu. Det kan spare deg for mykje bagasje og vekt.
🔹 Tenk over kultur og kleskode i landet du besøker. I mange land er det venta at ein kler seg tildekt, spesielt ved besøk i tempel, moskéar eller religiøse område. Nokre restaurantar har òg kleskode, som lange bukser og tette sko, sjølv om det er varmt ute.
🎒 Bagasjereglar og flytips
Dei fleste norske flyselskap som SAS og Norwegian tillét 23 kg innsjekka bagasje. Men merk deg at dette ikkje nødvendigvis gjeld dersom du skal vidare med utanlandske eller lågprisselskap, dei har ofte strengare grenser og eigne reglar for både innsjekka og handbagasje.
✈️ Tips:
Les alltid bagasjereglane for det spesifikke flyselskapet du skal reise med.
Nokre selskap veg og måler handbagasjen ved gate, og har du for mykje, kan du risikere at den må sendast (ofte mot ekstra gebyr).
Ladebank (powerbank) skal aldri pakkast i innsjekka bagasje! Den må med i handbagasjen, og det er ikkje lenger lov å lada telefonen med den under flygning. Ha den i veska under setet framfor deg.
✈️ Flyplass-hacks, smidigare inn- og utreise
Kø er jo noko me nordmenn likar svært dårleg 😅 Men visste du at du faktisk kan bidra til å gjera både din eigen reise og køen for alle andre mykje smidigare?
Her er nokre enkle tips for å få ein god start på flyplassen – og kanskje spre litt gode vibbar på vegen:
🔹 Ha reisedokument klartHa pass og boardingkort lett tilgjengeleg før du kjem til innsjekk og sikkerhetskontroll. Det sparar både deg og dei bak deg for tid og stress.
🔹 Forbered deg på sikkerhetskontrollen
Ta fram laptop, nettbrett og evt. kamera før du stiller deg i kø
Tøm vassflasker og legg flytande middel i ein gjennomsiktig pose
Legg posen i ei lett tilgjengeleg lomme i handbaggasjen
Fjern eventuelle beltar, klokker eller metallgjenstandar på førehand
🔹 Barnemat og medisinar er lovDu får ta med barnemat og nødvendige medisinar til flyreisa – men hugs å sjekke reglane for væske og spesialvarer før avreise. Det er ulike krav frå flyplass til flyplass, og oppdatert informasjon finn du på Avinor eller det aktuelle flyselskapet si nettside.
🧘 Bonus-tips: Viss du reiser med barn eller nokon som blir stressa på flyplass, kan det vere fint å ha med snacks, musikk på øyra eller ein liten overraskelse i veska. Det gir ei god stemning heilt frå start!
Ta gjerne ein kikk på blogginnlegget mitt "Med barn på reise" for fleire tips
🛫 Følg med – ikkje ver den som blir ropt opp på flyplassen 🙈
Det er alltid lurt å følgja med på infoskjermane inne på flyplassen. Der ser du om flyet ditt er i rute, når boarding startar og kva gate du skal til. Det kan virka som du har god tid – men enkelte flygningar krev at du møter tidlegare enn vanleg. Detta har eg brent meg på fleire gongar, og særlig store på flyplassar.
✈️ Nokre gongar må du gjennom passkontroll, eller du må ta buss ut til flyet – og då begynner boarding gjerne tidlegare enn du hadde forventa.
Og let’s be honest... ingen vil vere den som blir ropa opp over høgtalaranlegget eller som får ein aplaus av heile flyet i det ein kjeme heseblesande inn på flyet i siste liten 😅
→ Flaut, helsing underteikna.
🪑 Flysete, taxfree og smarte triks ved landing
Har du ikkje fått flysete ved sida av den du reiser med, og flyet er fullt?👉 Då kan du spør kabinpersonalet om det er mogleg å bytta plass, men vent gjerne til flyet er i lufta. Når boarding og takeoff er ferdig, har mannskapet betre oversikt over setefordelinga, og det er enklare å ordna bytte utan stress for dei andre passasjerane.
🛍️ Taxfree-tips:Eg pleier alltid å bestilla taxfree-varene mine på førehand, slik at dei står klare når eg landar på Gardermoen. Det sparar tid – og du slepp å stå i lang kø etter ein lang flytur.→ Det er eiga kasse for «Klikk og hent», og det går kjapt å henta varene før du går vidare.
🎯 Dette er små ting, men dei gjer faktisk ein stor forskjell når du vil ha ein mest mogleg sømlaus avslutning på reisa.
👨👩👧👦 Tips til deg som reiser med barn
Å reise med barn krev litt ekstra planlegging– men det treng ikkje vere stress! Her er mine beste tips for ein smidigare familietur, basert på eigne erfaringar:
✈️ Bagasje og innsjekk for barnefamiliar
Når du reiser med barn på SAS og Norwegian, får du inkludert eit bilsete og ei barnevogn per barn. Andre flyselskap har eigne reglar, så sjekk alltid med selskapet du skal reise med.
Mange norske flyplassar har eiga familiesluse i sikkerhetskontrollen– det er gull verdt når du har mykje å halde styr på!📌 OBS: I Spania td må barnet vera under 1 år for å få bruke familieslusa.
🕰️ Velg avgangstid som passar familien
Når du vel flyavgang, kan det vere lurt å legga litt ekstra i billetten for å få ei dagtid-avgang – spesielt viss det hjelper å halde døgnrytmen.
For langdistanse anbefaler eg nattfly. Då får barna (og vaksne!) sove, og de kjem meir opplagte fram til destinasjonen.
🤱 Praktiske tips med små barn
Med barn under 1 år brukte eg alltid bæresele på flyet. Det gav meg frie hender til boardingkort og bagasje – og babyen kunne sove trygt både under boarding, take-off og landing.
Eg syns det gav ein god tryggleik å ha babyen tett inntil under flyging – og eg kunne til og med ta meg ein liten dupp sjølv!
🎒 Aktivisering og underhaldning
Pakk ein eigen sekk til barna med leiker, teiknesaker, klistremerker, spel eller lydbøker.
Trunki-kofferten er også genial – barna kan både sitte på den og ha med sine eigne ting. Perfekt til lange korridorar på flyplassen!
📌 Eg har også skrive eit eige blogginnlegg om å reise med barn – ta gjerne ein kikk her:
Comments