Reiseåret 2025: Frå safari til familietid, dei beste reiseopplevelsene
- Eva

- 28. des. 2025
- 4 min lesing
Reiseåret 2025 toppa seg med ei unik safari oppleving i Kenya, ei reise som sette spor og gjorde djupt inntrykk. Samtidig har året vore fylt med familietid, reiser i Norge og Spania, og minner eg kjem til å ta med meg vidare. Midt i alt dette fekk eg òg rom for ei soloreise som styrka meg. Under deler eg dei beste reiseopplelsene som gjorde 2025 til eit år eg kjem til å hugsa lenge.
🌍 Det beste eventyret: Safari i Kenya
Å køyra rundt i ein safaribil og sjå dyra på nært hald, kjenna stemninga på savannen i dei tidlege morgontimane, besøka ein masai-landsby og få eit innblikk i kvardagen deira, det var sterkt. Å sitja rundt bålet om kvelden, dela dagens opplevingar og berre ta alt inn, gjorde dette til eit eventyr med stor E.
⛰️ Den mest uventa naturopplevinga: Kjerringkjeften, Hemsedal
Me skulle eigentleg på ein annan fjelltur i Hemsedal, men rett før start fekk me eit tips frå ein lokal: «Dette er turen de må gå.» Og han hadde heilt rett. Kjerringkjeften blei den mest spektakulære fjellturen eg nokon gong har gått. Å kombinera denne opplevinga med overnatting på Fyri Resort blei prikken over i-en.
💛 Beste kvalitetstid: Familietid i Spania
Ferien i Spania handla om akkurat det eg set aller høgast: tid saman. Me kosa oss på casaen, saman med familie og venner, nøyt sola, roa og det å berre vera oss. Det blei mange små opplevingar og fine perler i nærområdet, spesielt rundt Gran Alacant og Santa Pola. Me starta og avslutta reiseåret 2025 på Casaen i Spania!
🌿 Den kjæreste plassen: Strandebarm
Det er alltid noko heilt eige med å koma heim. I Strandebarm senkar tempoet seg med ein gong. Fjell og fjord, krabbefiske i fjøra, turar i fjellet, lokal mat, båtturar på fjorden, og tid med familie, slekt og vener. Dette er heime for meg.
😅 Den mest nervepirrande opplevinga: Rekkeviddeangst på fjellet
På veg til soloturen min på Vestlandet blei eg så oppslukt av det vakre landskapet at eg gløymde å følgja med på rekkevidda på bilen. Plutseleg byrja varsellampene å blinka, midt oppe på fjellet, med skodde i dalen og utan dekning. Det var mildt sagt nervepirrande. Heldigvis kom eg meg trygt ned til fjorden, fekk lada bilen, og kunne pusta ut i glampingteltet ved Lustrafjorden. Det var ein heilt unik opplevelse å våkna opp til ein blikkstille fjord ein flott sommardag!
🏨 Det beste hotellet: Nomad Hotel Altea
Det nyopna Nomad Hotel Altea måtte sjølvsagt testast, og det innfridde til fulle. Me blei møtt av vennlege tilsette, vakre detaljar, ein nydeleg spa-avdeling og komfortable rom. Altea er ein sjarmerande by på Costa Blanca som me alltid vender tilbake til når me er i området.
💙 Den finaste plassen: Jávea
Det er noko heilt spesielt med stemninga i Jávea. Ein liten by nord på Costa Blanca der pulsen senkar seg med ein gong. Her høyrer ein knapt skandinavisk, og det syns eg er ganske deilig innimellom!. Turkist hav, fargerike hus, små koselege kafear, og eit av favoritthotella mine. I år tok me båt frå Denia til Javea og fekk sett byane frå sjøsida. Det var ein fin opplevelse.
💃 Den beste kveldsatmosfæren: Dénia
Dénia er ein by nord på Costa Blanca med sjarm og ei heilt eiga stemning, særleg når kvelden kjem. Eg har vore her på dagsbesøk tidlegare og likt det godt, men det var først då me tok ei overnatting i sommar at eg verkeleg fekk oppleva byen. Me budde på La Posada del Mar, eit flott og sentralt hotell som rett og slett var drops for augo.
På kveldstid fyltest torga med liv, folk sat ute og åt, lo og kosa seg. Me vandra rundt i gatene utan mål og meining, tok inn inntrykka, kjende på stemninga, og blei berre verande. Nydeleg mat, sjarmerande barar og ei lun, livleg atmosfære som gjorde inntrykk. Merk deg baren på bilde nr 3: Ca Tona, eit hull i veggen der du kan sitta å nyta noko godt!
🍽️ Den beste matopplevinga: El Portal Taberna
Er det éin restaurant eg alltid må innom når me er i Spania, så er det El Portal Taberna i Alicante. Nydeleg mat, stilfullt interiør og fantastisk atmosfære. Carpaccion er blitt ein klar favoritt, og når lommeboka tillet det, unner eg meg gjerne eit glas Krug.
Dette var reiseåret 2025, fullt av kontrastar, minner og opplevingar eg tek med meg vidare.
Året rundast av i vakre Andalucía, før blikket allereie er retta mot nye eventyr.
Tusen takk til alle dykk som har vore inne og lese blogginnlegga, til dykk som har prøvd reisetipsa mine, og til dykk som følgjer meg på sosiale medium. Du finn meg på Instagram og Facebook, der eg deler endå meir frå reisehverdagen.
Eg gler meg til eit innhaldsrikt reiseår i 2026, då har eg allereie booka tur til ein heilt ny by. Så heng med! ✨
Godt nyttår frå Eva


























































Kommentarer