top of page

Safari i Kenya; guide til nasjonalparker, dyr og mine erfaringer

  • Forfatterens bilde: Eva
    Eva
  • for 4 døgn siden
  • 6 min lesing

Oppdatert: for 4 døgn siden

Enkelte reiser set seg fast i hjartet. Safari i Kenya var ein slik tur for meg. I mai fekk eg endeleg leva ut draumen, då Geoffreys Travel tok oss med gjennom sju nasjonalparker, med raud jord, varm vind og lyden av savannen som følgjesvenn gjennom desse 10 dagane.


Eg kjem aldri til å gløyma følelsen av å sitte i ein safaribil medan ein elefantfamilie rusla forbi, eller jubelen i bilen då me endeleg såg dei siste dyra i The Big Five. Det var som om verda sto stille i nokre sekund.

Her deler eg mine erfaringar frå safari i Kenya, frå dei sterke møta med dyr og menneske, til tips som kan gjera di eiga reise både trygg og magisk! Anten du planlegg din første safari, eller berre vil drøyma deg bort ei lita stund, håpar eg du finn inspirasjon her :)


Første møte med Kenya og starten på safari eventyret

Allereie då eg kom ut av flyplassen, kjende eg på stemninga i Kenya: luktene, varmen, lyden av folkelivet og alle som ville tilby taxi. Eg gjekk rett bort til sjåføren vår, Patrick, som stod med eit skilt med namnet mitt, han skulle følgja oss gjennom heile safarien.


Etter ei god natt søvn på Tamarind Tree Hotel i Nairobi var me klare til å starta safarieventyret. Me fekk helsa på fleire av dei som jobbar i Geoffrey’s Travel før me satte kursen sørover mot den første av sju nasjonalparker: Tsavo National Park. Turen tok rundt sju timar, men det var så mykje å sjå langs vegen at timane flaug.


Kontrastane til kvardagen heime var store, små landsbyar, folk langs vegane, marknader og varm, raud jord. Overalt me stoppa møtte me hyggelege menneske. Og ein ting vart tydeleg: ein god og trygg sjåfør betyr alt her. Trafikken er intens og vegane varierte, så me var svært glade for at Patrick hadde full kontroll.


Det første som møtte oss i Tsavo East, var den raude sanden, frodig natur og ein flokk med store elefantar som rusla rett framfor bilen. Det føltest som dei helsa oss velkommen til sitt rike. Den opplevinga gløymer eg aldri, eventyret hadde verkeleg starta.



Korleis ein safaridag i Kenya ser ut

I løpet av turen besøkte me sju nasjonalparkar og budde på ni ulike overnattingsplassar, alt frå komfortable lodgar til enklare campar. Kvar stad hadde sin eigen sjarm, og kvar park gav heilt unike opplevingar.

Ein typisk safaridag ser slik ut:

🦁 Tidleg game drive kl. 06.00: då er dyra mest aktive, og soloppgangen over savannen er heilt magisk.

🍽️ Tilbake til lodgen/campen for frukost og litt avslapning.

🥾 Eller vidare med medbrakt frukostboks dersom ein skal køyra langt eller stoppa ved fossefall, maasailandsby, utsiktspunkt eller andre aktivitetar.

🏖️ Lunsj, avslapning og evt. ein dukkert i bassenget når temperaturen stig midt på dagen.

🦓 Ettermiddagssafari frå ca. kl. 16.00, ofte med solnedgang over savannen som finale.

🔥 Tilbake til lodgen/campen for middag og rolege kveldar. Mange stader tennest bål, der ein kan slappa av og dela dagens opplevingar med andre reisande.opplevingar! Detta syns eg var stemningsfult!


Dei ulike nasjonalparkene og kontrastane:

Tsavo East: raud jord og endelause vidder

Tsavo West: frodige dalar og dramatisk landskap

Amboseli: Kilimanjaro, Masaier og flatt landskap

Aberdare: Høgfjell og britisk kolonistemning

Samburu: Ørkenfargar, unike dyreartar og samburufolket

Lake Nakuru: Neshorn, fugleliv og frodig natur

Masai Mara: Klassisk safarioppleving og “løvenes rike”



Overnattingane: frå komfort til ekte safaristemning:

På turen budde me både på lodgar og teltcampar, og kontrastane gjorde opplevinga ekstra spennande. Lodgane var komfortable og avslappande, med basseng, buffé og topp service. Teltcampane var meir autentiske, med dyrelydar om natta og ei stemning som ikkje kan samanliknast med noko anna.

Maten var god overalt, og dei som jobbar i campane og lodgane var utruleg serviceinnstilte. Det som overraska meg mest, var kor komfortabelt og trygt det føltest å bu i telt, og kor magisk kveldene rundt bålet blei. Alle overnattingsplassane tok Visa kort. Siden ein gjerne byttar lodger/camper nokon gonger på reisa er det lurt å pakka i ein oversiktleg sekk.


Dei overnattingsstadane som var mest spesielle var:

Fig Tree Camp, Masai Mara: Her vakna eg kl. 04.00 av flodhestar som hadde fest i elva, og giraffar som kosa seg under luftballongane som svevde over oss. Magisk er eit svakt ord!

Kilima Safari Camp, Amboseli: Å vakna til utsikta mot Kilimanjaro kvar morgon var ein heilt fantastisk start på dagen. Her var det nært til Maasai landsbyen som var ein fasinerande opplevelse!

Surana Buffalo Springs, Samburu: Desse telta var reine drops for auga, og maten var heilt nydeleg!

Lake Naivasha Sopa Resort: Her gjekk det sebra, giraffar og flodhestar rundt i hagen. Kor magisk er ikkje det?

“Nokon stader sov me med lyden flodhestar som ropa, på andre plassar var det bål, utsikt og stjernehimmel som stod i fokus.”

Erfaringane mine frå safari i Kenya, og tips du kan ta med deg

Ein safari er noko av det mest magiske ein kan oppleva, men det er også ein heilt annan type reise enn mange kanskje ser for seg. Her er nokre av dei viktigaste erfaringane eg sit igjen med;


⏳ Reisetid og lange etapper: Ein del av safarien er sjølve transporten. Du køyrer lange avstandar mellom parkane, og mykje av dagen foregår i bil. Vær førebudd på støv, varme og ein del humpete vegar, men også på at du får sjå så mykje av Kenya langs ruta. Landsbyar, marknader, natur og dyreliv dukkar opp heile tida, og gjer turen til ein del av opplevinga.


🚙 Ein god sjåfør er gull verdt: Trafikken i Kenya er mildt sagt kaotisk, og vegane varierer frå asfalt til grus og stein. Ein god sjåfør betyr tryggleik, kunnskap og ei betre oppleving av alt dyrelivet. Eg er oppriktig takksam for Patrick frå Geoffrey’s Travel, han gjorde heile turen vår trygg, effektiv og lærerik.


🐾 Mange parkar, mange inntrykk: Å dekka sju parkar på éin tur var heilt fantastisk, men også intenst. Detta var for at me skulle sjå mest mulig på denne FAM tripen. Kvar park har sin eigen natur, sine eigne dyr og sin eigen stemning, så du får ei oppleving av kor variert Kenya eigentleg er. Samtidig blir dagane lange, så det kan vera lurt å la det vera rom for rolege ettermiddagar på lodgen. Mi anbefaling er å ta 2-3 nasjonalparkar på ein tur, då får du dekka masse av dyreopplevelsar og kultur, utan at det blir for masse kjøring. Ved å velga fleire parkar får du sjangsen til å sjå varriierte dyreartar og kanskje til og med The Big Five!


🌡️ Tempoet er annleis enn ein «vanleg ferie» Du står opp før sola, er utandørs heile dagen, og legg deg tidleg. Det er ein rytme som gjer at du verkeleg kjem tett på naturen.



🌍 Når er det best å reisa på safari?

Den beste tida å reisa til Kenya for safari er i dei tørre periodane: juni–oktober og januar–mars. Då er vegetasjonen lågare, vatnhola færre og dyra lettare å sjå. Værforholda er stabile, og det er lite regn som påverkar vegane.Samtidig kan regnperiodane også vera vakre, naturen blir grønnare, prisane lågare og det er færre turistar.

Eg reiste i Mai, det var ikkje noko regn i sikte, og me kom nermare på dyra pga ferre turistar.


Den store migrasjonen (milionsvis av gnu og sebra) skjer gjerne mellom juli og september i Masai Mara, og er ein av verdas mest spektakulære naturopplevingar.


🎒 Pakketips: klede og utstyr som gjer safarien enklare

Kle deg i lette, nøytrale fargar som beige, grønne og bruntonar slik at du glir inn i naturen. Unngå sterke fargar og kvitt. Lag-på-lag er gull, for det er kjølig om morgonen og varmt midt på dagen. Solkrem, caps/solhatt, gode sko og ein lett jakke er must. Kamera, kikkert og powerbank gjer opplevinga enda betre.


🚙 Komfort i bilane, viktig om du har helse- eller ryggproblem

Ein stor del av safarien skjer i bil, og mange av vegane i Kenya er støvete, humpete og ujamne. Det betyr at du sit mykje i timevis, ofte i høgare tempo enn du kanskje er vant til heime.

Dersom du har rygg-, nakke- eller helseutfordringar, kan det vera lurt å tenka gjennom dette før du reiser. Velg gjerne ein turoperatør med gode, solide safaribilar, og sei frå på førehand om du treng ekstra pausar eller god demping.

Det kan også hjelpe å sitja lengst framme i bilen, ta med pute eller ryggstøtte, strekke på beina ved kvar stopp. Planleggje ein tur med færre parker om du treng rolegare dagar.

Det er heilt mogleg å dra på safari med helseutfordringar, men det er greit å vera litt merksam, så blir opplevinga mykje meir behageleg.



Ei trygg og magisk reise, og korleis du kan komma i gang


Dersom du drøymer om å reisa på safari, eller lurar på korleis du kan setja saman ein slik tur, er du meir enn velkomen til å ta kontakt med meg. Eg formidlar gjerne vidare til Geoffrey’s Travel, som eg samarbeider med, eg kan trygt kan anbefala vidare!


Eg håpar du fann inspirasjon og nyttige tips her, og at du ein dag får oppleva Kenya slik eg gjorde: tett på naturen, tett på dyra, og tett på dei magiske augneblinkane ein aldri gløymer. 💛


Helsing Eva

Geoffreys Travel Kenya
Her er eg med gjengen eg reiste med, reisebyråansatte frå rundtom i verden + sjåføren vår frå Geoffrey`s Travel.





Kommentarer


Eg svarar deg så snart eg kan.

Kontakt:

Eva Berge Reisermedglede 

  • Facebook
  • Instagram
  • LinkedIn
Reisetips rundtom i verden, reiser med glede
bottom of page