top of page

Color Line til Kiel: komfort, familieglede og ein smak av Tyskland

  • Forfatterens bilde: Eva
    Eva
  • 11. okt.
  • 4 min lesing

Oppdatert: 12. okt.

Haustens familieferie gjekk til Kiel, og turen starta alt på kaien i Oslo, der det store skipet frå Color Line låg klart til avreise.

I det båten sakte segla ut Oslofjorden, skein sola, og haustfargane spegla seg i vatnet. Heile familien kjente på forventninga: No venta to dagar med komfort, god mat, aktivitetar for både store og små, og litt tysk småbystemning i Kiel.

Turen med Color Line frå Oslo til Kiel vart ei perfekt blanding av avslapping, underhaldning og nye smakar, med noko for alle, både barn, vaksne og eventyrlystne sjeler som likar å utforska noko nytt utan å reisa langt.


⚓ Om bord på Color Line: komfort og opplevingar


Me segla med Color Magic frå Oslo til Kiel, med avreise frå Hjortneskaia kl. 14.Bussen går dagleg frå Oslo Bussterminal og Oslo S (utanfor apoteket) kl. 12. Innsjekkinga gjekk raskt, med eigne automatar, men det kan vera lurt å ha med litt aktivitetar eller teiknesaker til barna i ventetida. Det er òg mogleg å kjøpa enkel mat på kaien (pølser, kaffi og sjokolade).

I det me steig om bord på skipet, føltest det som eit ekte cruiseskip, lekkert innreidd, med restaurantar, barar, spa og aktivitetar for heile familien.


🛏️ Lugar med promenadeutsikt

Me budde i ein Color Class-lugar med promenadeutsikt, perfekt for fire personar (to vaksne og to barn). Lugaren var romsleg, med dobbeltseng, ei seng frå taket, og ein stol som kunne leggast ut som seng. Her var det både pult, klesskap, sofa og vindu ut mot promenadegata, ein favoritt hos barna! Badet hadde det nødvendige, og minibaren er inkludert i prisen for denne lugarkategorien. Det var lite støy, bortsett frå litt lyd i gangane når nokon sprang forbi og når naboen trakk ned i toalettet.



🍽️ Matopplevingar til sjøs

Maten om bord på Color Magic var verkeleg god. Me starta med ein 3-rettars middag i Oceanic à la carte-restaurant, med nydelege smakar og god drikke til. Det var òg ein bra barnemeny, og i haustferien fekk barna eiga buffet, noko som var heilt topp!

Frukosten blei òg servert i Oceanic, med majestetisk utsikt gjennom dei store vindauga. Det var eit av høgdepunkta! Frukostbuffeten var rikhaldig og smakfull, alt frå ferske bakevarer til egg, frukt og juice. Omeletten der var skikkelig god, og pluss for ingefærshoten!

Andre dagen åt me middag i Grand Buffet, som bokstaveleg talt bugna av mat. Eg har vore på mange buffetar tidlegare, men denne var verkeleg topp! Til lunsj prøvde me den italienske restauranten Mama Bella Pizza Ristorante, med pizza og pasta som smakte Italia.

Eg har òg tidlegare prøvd 7-rettars menyen i Cosmopolitan/Manhattan Gourmetrestaurant, og den anbefalast varmt for deg som vil unne deg noko ekstra. Vil du ha flott utsikt medan du nyt ein drink eller ein snack, er Observation Lounge plassen å vera.



🌊 Aktivitetar for store og små

Ein kjedar seg ikkje om bord på Color Line, her er det noko for alle. Me tok turen i Aqualand, med sklier, boblebad og “steam river”. Tips: reserver tid her så snart du kjem om bord!

dekk 7, hovudetasje med promenadegata, finn du butikkar, serveringsplassar og eige leikerom for dei minste. Vil du ha meir fart og spenning, er det spelerom både for barn og ungdom. For vaksne er det mogleg å ta ein tur innom Casinoet, eller berre slappa av med noko godt i glaset.

Er du av den aktive sorten (eller vil ha total ro), finn du både treningsrom og spaavdeling med boblebad og badstu med utsikt, kun for vaksne. Eg anbefalar ein tur her for ekte feriefølelse!


💙 Kven passar turen for?

👨‍👩‍👧‍👦 Familier: Trygt, alt på ein plass og mange aktivitetar for barna.

💑 Par: Spa, gode middagar og tid til ro.

👥 Venner/bedrifter: Show, barar og sosial stemning.




🇩🇪 Kiel, ein smak av Tyskland og shopping


Klokka 10 låg båten til kai i Kiel, og då var det berre å ta med boardingkort og pass/ID-kort før me rusla ut i byen. Det tar berre 5 minutt å gå frå terminalen, og før du veit ordet av det står du midt i Kiel sentrum – klar for ein liten dose tysk småbystemning.

Her finn du shoppingsenter, kafear og den populære gågata Holstenstrasse, der butikkane ligg tett i tett. Alt frå Primark og Only til New Yorker og lokale spesialbutikkar, perfekt for ein liten shoppingrunde før heimreisa.

Til lunsj gjekk me for ein ekte tysk klassikar: Bratwurst med kålsalat på den trivelege restauranten Jan & Hein & Kaas & Pit. Her kan du òg smaka deg gjennom eit godt utval av tysk øl.

Etter eit par timar med mat og handel gjekk me tilbake til skipet klokka 13.30, klare for å segle heimatt til Oslo med Color Line, mette, fornøgde og fulle av inntrykk frå både Noreg og Tyskland.




🌍 Miniferie med alt på ein plass

Ein tur med Color Line til Kiel er meir enn transport, det er ei oppleving i seg sjølv!

Det eg likar aller best med denne turen, er at du har alt under eitt tak, god mat, shopping, avslapping og aktivitetar for både store og små.

Barna leika, me såg i butikkar, åt nydeleg mat og viktigast av alt; me hadde kvalitetstid saman utan stress og styr.


✨ Praktiske tips til turen

📘 Pass/ID-kort: Hugs at alle reisande må ha med gyldig pass eller ID-kort.

🍽️ Book måltid i forkant: Restaurantane blir fort fulle i feriar og helger, så reserver gjerne ved bestilling.

🩱 Ta med badekle: Aqualand er populært blant både barn og vaksne.

🥿 Innesko: Komfortable sko eller sandalar er gull verdt på skipet.

👧 Avtal møtestad: Gjer barna kjende med kvar informasjonen er dersom de skulle mista kvarandre.

💳 Betaling: Alle stader på båten tek kort. Det er òg ein minibank på skipet.

🛏️ Lugar-tips: Color Class med promenadeutsikt har god plass til ein familie på fira, og utsikta gjer mykje for stemninga!

📶 Wi-Fi: Gratis i Color Class og Color Suite. På andre lugarar kan du kjøpa tilgang i resepsjonen, men det er òg litt deilig å kobla heilt av 😉

🚗 Parkering: Det er mogleg å førehandbestilla parkering på kaia i Oslo.

🚌 Transport til terminalen: Eiga Color Line-buss går frå Jernbanetorget, eller du kan ta rutebuss nr. 81 frå Tollbugata til Hjortneskaia (Ruter-billett).


Ship O`Hoi!

-Eva



Kommentarer


Eg svarar deg så snart eg kan.

Kontakt:

Eva Berge Reisermedglede 

  • Facebook
  • Instagram
  • LinkedIn
Reisetips rundtom i verden, reiser med glede
bottom of page