top of page

Zeeksack erfaring, den mest praktiske reisesekken eg har testađŸŽ’âœˆïž

  • Forfatterens bilde: Eva
    Eva
  • 15. okt. 2025
  • 2 min lesing

Oppdatert: for 21 timer siden

NĂ„r eg reiser pĂ„ tur har eg alltid den praktiske reisesekken The Organizer fra Zeeksack med meg. Den er praktisk, behagelig og romma alt ein treng, utan at det blir kaos inni. Den passa lika godt til weekendtur, flyreise, glamping eller fjelltur, ja ein kan til og med vera den perfekte jobbsekken! //🎒 Reklame for Zeeksack. Her deler eg kvifor eg har blitt sĂ„ begeistra! Det er ikkje lagt fĂžringar for kva eg skal skriva, kun mine eigne opplevingar med sekken.

Den siste turen min pÄ Safari i Kenya hadde eg med meg sekken min, og reisefÞlget frÄ Amerika blei begeistra for den. Ps Safari i Kenya var ein fantastisk opplevelse!


Smart og praktisk organisering

Det beste med sekken er kor lett det er Ă„ halda orden.

  • Eigne hyller gjer at du slepp Ă„ rota rundt for Ă„ finna det du treng.

  • SmĂ„ lommer til kablar, pass og smĂ„ting.

  • PC-lomme pĂ„ sida, superpraktisk nĂ„r du skal raskt gjennom sikkerhetskontrollen eller treng Ă„ ta fram PC-en pĂ„ flyplassen.

  • Topplokk med ekstra lomme til ting du vil ha lett tilgjengeleg, som pass, airpods, lypsyl ol.



Komfortabel og stilrein reisesekk

Zeeksack reisesekk er ikkje berre praktisk, men ĂČg veldig god Ă„ ha pĂ„ ryggen, sjĂžlv nĂ„r den er fullpakka. Reimene sit godt, er lett Ă„ justera, og sekken fĂžlast lettare enn du trur.


Denne praktiske reisesekken frÄ Zeeksack har eit stilig og reint design, sÄ den passar like godt pÄ forretningsreiser som pÄ eventyr med familien. Eg har The Organizer pÄ 30L og den syns eg er passe stÞrrelse.


Reisesekken er alltid med; enten det er fly, bÄt eller bil

👉 Kanskje dette ogsĂ„ kan inspirera deg: Color Line–tur med familie



Praktisk reisesekk til flyrturer

Ein annan genial ting: sekken passar under setet framfor deg pÄ flyet. Det betyr at du har alt du treng i nÊrheten, utan Ä mÄtte strekkja deg opp i hattehylla undervegs.



Min erfaring

Eg har brukt Zeeksack bÄde pÄ korte turar og lengre reiser, og den gjer pakkingen mykje enklare. Det er sÄ digg Ä veta at alt har sin plass, frÄ toalettsaker og klede til pc og kamera.

Eg har hatt med med Zeeksacken pÄ glamping, fjellturar, weekendturar, bÄtturar, Safari i Kenya og flyturar, og den passar perfekt til alle type turar!


Vil du bli med vidare pÄ reise?

Eg har samla fleire personlege reisetips og erfaringar, alt frÄ Safari til Norgesferie, Storbyturar til solvibber






Kommentarer


Eg svarar deg så snart eg kan.

Kontakt:

Eva Berge Reisermedglede 

  • Facebook
  • Instagram
  • LinkedIn
Reisetips rundtom i verden, reiser med glede
bottom of page