top of page

Fossejakt & fjellro i Hemsedal, med overnatting på lekre Fyri Resort

  • Forfatterens bilde: Eva
    Eva
  • for 6 døgn siden
  • 5 min lesing

Allereie eit stykke før Hemsedal sentrum blei eg ønska velkommen av mektige Hydnefossen , eit nydeleg syn som set stemninga!

Eg har besøkt Hemsedal og Fyri Resort tre gongar, og eg har kosa meg like mykje kvar einaste gong. Alle turane har vore om sommaren; ein gong åleine, ein gong med mannen min og ein gong med veninner //reklame, eit av opphalda var i samarbeid med hotellet.

Hemsedal byr på spektakulære fjell, flotte turar og ei naturoppleving som gir ro langt inn i sjela.

I dette innlegget deler eg mine beste tips til fossejakt i området, og ikkje minst kvifor Fyri Resort løftar turen med ei blanding av luksus, stil og sans for detaljar.


Fossejakt i Hemsedal, naturopplevelser med sus i, med base på Fyri Resort


Hemsedal er kjent for sine majestetiske fossar, omgitt av dramatisk og vakker natur.

Før turen søkte eg etter tips både på Google og fekk gode anbefalingar frå dei tilsette på Fyri Resort, noko som resulterte i fleire nydelege stopp!


Her er nokre av dei fossane me besøkte, kvar med sin eigen karakter:


🩵 Fekjanåenefossen– Hemsedals Instagram-perle

Køyr Panoramavegen mot Lykkja og ta av mot Ulsåkstølen heilt til grusvegen sluttar. Derifrå går du i retning mot Såta, kryssar ei lita bru og følgjer stien eit stykke vidare. Snart kjem du til det eventyrlege synet av Fekjanåne. Her får du både utsikt, fossebrus og bilete verdt å dele! Mange fell for fristelsen å ta seg eit bad i fossen, det tippar eg er friskt og godt etter ein god tur! Men husk å vær varsom då det til tider kan vera veldig kaldt i fossen.


🌊 Rjukandefossen– kraftfull og lett tilgjengeleg

Denne fossen ligg berre ca 5 minutts gange frå parkeringsplassen og er ein av dei mest kjente i området. Rjukandefossen er kraftig og mektig, og det er viktig å vera klar over at bading i sjølve fossen ikkje er lovleg på grunn av sterke understrømmar. Men det er ein flott plass for ein pause, piknik eller fotostopp.


🌿 Trøymsånefossen– ein trollsk favoritt

Fossen ligg rett opp for Hemsedal sentrum ved Steget. Du kan køyra eit lite stykke opp eller gå frå sentrum. Me fulgte ein grus-/traktorveg oppover, og fann vegen etter lyden av fossen. Omgjevnadene var grøne, mystiske og fulle av ro, ein liten juvel i nærleiken av sentrum. Frå parkeringsplassen tok det ca 10 minutter å gå.


🥾 Bonus turtips: Storhøvda– utsiktstur for alle

Dersom du har lyst på ein litt lengre tur, kan eg varmt anbefale Storhøvda. Turen tek om lag to timar t/r i lett terreng, og byr på fantastisk utsikt over fjella og dalen. Dette er ein tur som passar dei fleste, og ein flott måte å oppleva Hemsedals landskap på frå høgda.


👉 PS: Har du vore på fossejakt i Hemsedal? Del gjerne tips i kommentarfeltet, kanskje finn eg nye perler til neste tur!


Fjellro med stil– mitt opphald på Fyri Resort


I det eg steig inn dørene på Fyri Resort, kjente eg det: den lune, mørke stemninga som omfavnar meg!

Massivt treverk i taket, gjennomførte detaljar i kvar ein krok, dempa belysning, deilig duft, her er alt laga for at du skal senka skuldrane og kjenna deg velkomen!Heile hotellet er delt inn i soner, så ein kan sitja for seg sjølv og nyta stilla, eller slå seg ned ved peisen når kvelden fell på. Dei tilsette er imøtekomande og hyggelige, og atmosfæren gir ei kjensle av luksus, men på den jordnære og behagelege måten.


Eg hadde eit lekkert rom med mørke tonar, stilige bilde på veggane og ein lekker grønn sengegavl med tre hotellputer- nett slik eg likar det! Senga var komfortabel, badet hadde regnskogdusj og baderomsartiklar. For ikkje å snakka om badekåpa, den er så mjuk at eg ikkje har kjent makan før. I ein lekker mørk grøn farge som står i stil til resten av hotellet! Tips: Bestill gjerne rom med fjellutsikt, det gjer ein ekstra dimensjon til opphaldet.


Pool Club– rein velvære

Pool Cluben på Fyri er noko for seg sjølv. Her er det store daybeds, lekker innreiing i den same lune stilen som resten av hotellet, og ein atmosfære som inviterer til total avslapping. Inneområdet byr på flott basseng, bar og sittegrupper. Ute finn du oppvarma basseng, sauna og fjellufta som kulisse. Det er òg stille avdeling inne i lunt rom med fyr i peisen, samt gym dersom du vil halda deg aktiv innendørs.

NB: Tilgang til Pool Club kjem som tillegg eller i pakke, sjekk nettsida for tilbod.


Matoppleving med utsikt

Å vakna til frukost med utsikt til fjella er ein opplevelse i seg sjølv. Den delikate frukostbuffeten bød på alt eg kunne ønskja meg, variert, smaksrikt og lekkert presentert. Restauranten har same stilige og gjennomførte uttrykk som resten av hotellet, med høgt servicenivå og god stemning.

I helgane er lunsjrestauranten som tilhøyrer Fyri Resort, på andre sia av veien open, me åt nydeleg pizza der. Itillegg er det ein sportsbutikk der.


Fyri Resort er utan tvil det mest gjennomførte og stilfulle fjellhotellet eg har vore på. Her får du luksus, komfort og estetikk, utan at det blir stivt eller overveldande. Eg trives rett og slett veldig godt her, og Fyri står no øvst på lista over mine favorittresortar i Noreg.


//reklame, eit av opphalda eg hadde på Fyri Resort er o samarbeid med hotellet, men dei har ikkje lagt føringar for kva eg skal skriva, det er mine ærlige opplevelsar.


Praktisk info og tips



Hemsedal ligg midt mellom aust og vest og er lett å nå både med bil og buss. Frå Oslo tek det om lag 3 timar med bil, frå Bergen rundt 4 timar. Det går òg ekspressbussar fleire gongar dagleg, og dei stoppar rett ved sentrum. Fyri Resort har gratis parkering, og gratis lading for elbil, noko som er eit stort pluss!

Fyri Resort og Hemsedal er ein heilårsdestinasjon, lika flott om vinteren når du vil stå på ski, som om sommaren når du vil gå fjellturar, sykla eller berre nyta roen og atmosfæren på hotellet.


Tips:

💦 Vil du besøka Pool Cluben, bestill ei pakke som inkluderer inngang, det tryggar deg plass.

Vel rom med fjellutsikt! Det gjer ei ekstra “wow-kjensle” , spesielt ved soloppgang eller solnedgang.

🍽 Hugs å booka bord i restauranten på førehand, spesielt i helgar og høgsesong. Det kan gjerast både via nettsida, som ein del av ei pakke eller i resepsjonen.

📸 Ta med gode sko og kamera! Her er det mange flotte fotomotiv, både ute i naturen og inne på det stilige hotellet.


Fossefall, fjellro og stil– Fyri Resort i Hemsedal er kanskje det mest gjennomførte og lekraste fjellhotellet i Noreg. Her kjem du tett på naturen utan å gi slepp på komfort og kvalitet. 💙Eg håpar du blei frista til ein tur til Fyri Resort og vakre Hemsedal!


📌 Du finn òg hotellet nemnt i blogginnlegget mitt:5 hotell i Norge som er drops for augo




Comments


Eg svarar deg så snart eg kan.

Kontakt:

Eva Berge Reisermedglede 

  • Facebook
  • Instagram
  • LinkedIn
Reisetips rundtom i verden, reiser med glede
bottom of page