top of page

The Big Five safari Kenya, fakta og mine erfaringer

  • Forfatterens bilde: Eva
    Eva
  • for 4 døgn siden
  • 5 min lesing

Oppdatert: for 4 døgn siden

Safarituren til Kenya var komplett då me fekk sjå alle dyra i The Big Five på ein og same reise 🤩 Det er nemlig ikkje noko som er garantert når ein reiser på safari! Eg var på safari i Kenya i mai 2025, arrangert av Geoffrey’s Travel, og me besøkte heile sju nasjonalparkar. The Big Five såg me i ulike parkar, noko som også er vanleg, sidan ikkje alle fem finst i éin og same park. No skal eg ta deg med på mineerfaringar med desse fascinerande dyra, pluss fakta om kvar av dei.



Kva betyr egentlig The Big Five?

The Big Five er eit uttrykk som ofte blir brukt når ein snakkar om safari, men mange veit ikkje heilt kva det eigentleg betyr. Det handlar nemleg ikkje om at desse fem dyra er dei største eller farlegaste i Afrika, sjølv om fleire av dei definitivt er det.

Uttrykket kjem frå kolonitida då storviltjegerar meinte at desse fem var dei vanskelegaste og farlegaste dyra å jakta på til fots. I dag har omgrepet fått ein heilt annan betydning: for oss som reiser på safari, er The Big Five rett og slett dei fem mest ikoniske, spennande og ettertrakta dyra å oppleva i naturen.

The Big Five består av:

🦁 Løve: lever i flokkar og søv opptil 20 timar om dagen. Dei første me såg sov isåfall godt :)

🐘 Afrikansk elefant: kan drikka over 150 liter vatn på ein dag. Detta var det dyret me såg mest på turen!

🐆 Leopard: det mest sky dyret av dei fem, og ber ofte byttet sitt opp i tre. Når me såg leoparden klatra den nettopp oppi eit tre og satt der og såg utover savana etter Aniloper.

🦬 Bøffel: rekna som eit av dei mest uforutsigbare og farlege dyra i Afrika. Det skjønnar eg for dei var digre ;)

🦏 Neshorn: finst som både black og white rhino, og er blant dei mest trua dyra i verda. Black Rhino har krokforma, spiss munn for å plukka lau og greiner. White Rhino har brei, flat munn og beitar gras. Utrulig fredeleg og skjønne.


Kvar kan ein sjå The Big Five i Kenya?

Kenya er kjent for å vera eit av dei beste landa i verda for safari, men det er ikkje sånn at alle fem dyra finns i éin og same park. Derfor er det lurt å besøka minst 2–3 ulike nasjonalparkar for å øka sjansen for å sjå alle. Under finn du eit oversyn over dei mest kjende parkane + mine erfaringar frå dei me besøkte:


Masai Mara: løver, leopard, bøffel og elefant

Masai Mara er kanskje den mest ikoniske parken i Kenya, og her har du veldig gode sjansar til å sjå fire av fem Big Five. Neshorn finst, men er sjeldne. I Masai Mara såg me løveflokker som gjekk heilt attmed bilen, masse elefanter, leopard ( det var stort, og det siste av The Big Five som lot venta på seg), og bøffel som gjekk rundt saman med sjiraffar.


Tsavo East & Tsavo West: store elefantflokkar og kraftige løvehannane

Dette området er kjent for dei raudfarga elefantane, og du kan ofte sjå store flokkar. Løver og bøfler er vanlege, medan leopardar er meir sjeldne. Neshorn finst vanlegvis berre i beskytta områder. Det første som møtte oss når me kjørte inn i Tsavo West National Park var elefantflokkar som helsa oss velkommen til riket sitt mens dei vandra rundt på den raude sanden. Detta var magisk :D


Lake Nakuru National Park: neshorn, løver og bøffel i frodig natur

Lake Nakuru var ein heilt spesiell oppleving. Stemninga denne morgonen var nesten mystisk, med lett morgendis som låg over innsjøen der ein bøffel tok seg eit tidleg morgonbad. Her fekk me òg vårt aller første møte med eit løvepar, som var «babymoon», der løvene trekker seg unna flokken i fleire dagar for å para seg i fred. Og som om ikkje dette var nok, kom eit neshorn roleg beitande forbi, med ungen sin tett ved sidan av. Naturen i Lake Nakuru er overraskande frodig.


Amboseli: beste staden i Afrika for elefantar

Amboseli er ikonisk med Kilimanjaro i bakgrunnen og enorme mengder elefantar som vandrar over slettene. Du kan òg sjå løver og bøffel her, men leopard og neshorn er meir sjeldne.


Ta gjerne ein kikk på heile safariopplevelsen min her.


Tips til deg som skal oppleva The Big Five


Korleis pakke til Safari:

– Lette, nøytrale fargar (beige, grønt, khaki) som blandar seg med naturen

– Unngå sterke fargar

– Joggesko eller lette fjellsko funkar heilt topp

– Lag på lag! Det er ofte kjølig om morgonen, men varmt midt på dagen


Ta deg god tid, det er ikkje ein dyrehage

Safari handlar om tålmodighet. Nokre av dei mest magiske augeblikka fekk me ved å berre stoppa bilen, lytta og venta. Plutseleg står dyra der.


Gode guidar betyr alt

Ein erfaren guide kjenner både landskapet og dyreåtferda. Mange av dyra såg me takka vere at guiden vår frå Geofferys Travel stoppa opp, speida eit bestemt punkt, og der var dei!


Ver open for alle dyr, ikkje berre Big Five

Sjølv om mange reiser for å sjå dei fem, er det ofte dei uventa møta som blir mest spesielle. Giraffar som vandrar i morgonsol, sebraflokkane som beitar i stillheit, antiloper som hoppar over stien. Det gjer heile opplevinga komplett.


Sist men ikkje minst, nyt augenblinka, detta er fantastisk!


Du treng ikkje alltid vera på game drive for å sjå The Big Five

Mange lodgar og campane har eigne vannhull rett utanfor inngjerdinga, der dyra kjem for å drikka vatn, heilt utan at du treng å sitja i ein jeep. Me fekk oppleva dette på fleire av stadene me budde på, og nokre av dei mest magiske augeblikka skjedde faktisk utan  at me var på safari.


Eit av dei sterkaste minna mine er frå The Ark, der både elefantar, bøflar og andre dyr kom tuslande ned til vannholet, spesielt på kvelden. Me sat bak dei store panoramavindauga, åt middag og drakk ein kopp te medan dyra rusla rundt og kosa seg i mørket. Det var magisk!


Å få vera så tett på naturen, utan å forstyrra, gjorde safariopplevinga enno meir spesiell.


Erfaringar frå Safari og møte med The Big Five

Å få oppleva The Big Five i Kenya var ein draum som gjekk i oppfyllelse. Det handlar ikkje berre om å sjå dyra, men om heile stemninga rundt: lukta av morgendugg, lyden av savanna som vaknar til liv, stillheita når ein står og speider etter dyr, og dei små augeblinkane som plutseleg blir store minner.


Me var utrulig heldige som fekk sjå alle fem dyra i The Big Five, og eg sit igjen med ei enorm takknemlighet for guidane våre, naturen og alle opplevingane me samla underveis. Og midt mellom The Big Five vandra det alltid andre dyr, giraffar, sebra og antiloper, som gjorde opplevinga heilt unik.


Lurer du på korleis du kan planlegga din eigen safaritur? Send meg gjerne ein e-post, så set eg deg i kontakt med Geoffrey’s Travel, dei skreddarsydde heile opplegget vårt og eg anbefaler dei på det varmaste.


-Eva


Kommentarer


Eg svarar deg så snart eg kan.

Kontakt:

Eva Berge Reisermedglede 

  • Facebook
  • Instagram
  • LinkedIn
Reisetips rundtom i verden, reiser med glede
bottom of page