top of page

Isla de Tabarca, den skjulte perla ved Alicante, reiseguide

  • Forfatterens bilde: Eva
    Eva
  • 5. aug. 2022
  • 8 min lesing

Oppdatert: 27. juli

I det eg steig i land på Isla deTabarca for 4 år sia, blei eg forelska med ein gong🥰 Det er nett som eit postkort, med små fiskebåtar og joller som ligger snudd opp ned på land, palmer, fargerike hus og folk som kosar seg! 🌴⛵️


Isla de Tabarca, den vesle øya utanfor Alicante, har vunne hjartet mitt 🩷

Eg har vore der fem gongar dei siste åra, og kvar gong kjenner eg den same roen senke seg. Fargerike små hus, salt havbris, gode måltid og eit rolegare tempo, her ligg alt til rette for eit lite eventyr på spanias minste busette øy🫶🏼 I denne reiseguiden deler eg mine beste tips til overnatting, mat, aktivitetar og kva du bør vite før du reiser ut hit. Alle tipsa er frå mine 5 turar hit.



🏝️ Om Isla de Tabarca


📜 Ei øy med historie i kvar stein

Isla de Tabarca er den einaste busette øya i Valencia-regionen, og ligg berre ein kort båttur frå fastlandet. Øya har ei fascinerande historie, på 1700-talet vart ho brukt som fangeøy for piratar. Spor etter denne historia lever vidare i dei smale gatene, bymuren og dei særprega steinhusa med pastellfarga dører og skodder🩷💚💙💛. Tabarca er òg ein del av eit marine naturreservat, og har klart å bevara både sitt rolege tempo og særeigne sjarm gjennom åra.


⛴️ Lokasjon og korleis koma seg til Isla de Tabarca

Isla de Tabarca ligg utanfor kysten av Santa Pola, Costa Blanca og er lett tilgjengeleg med båt frå fleire byar🛳️Du kan ta båt frå Santa Pola, Alicante eller Torrevieja, alle med daglege avgangar i høgsesongen.

🚤 Frå Santa Pola: Frå hamna i Santa Pola finn du ei rekkje boder som sel billettar til båtane ut til Tabarca. Det er fleire selskap å velja mellom, og turen tek rundt 30 minutt. Dette er den kortaste og mest populære ruta.

🚤 Frå Alicante: Båtane går frå hamna i Alicante, rett ved baren Noray. Turen tek omtrent 1 time, og gir ei flott utsikt langs kysten før du kjem fram til øya.

🚤 Frå Torrevieja: Du kan òg reisa frå hamna i Torrevieja, med ei overfart på om lag 1 time. Denne ruta har færre avgangar, så sjekk tidene på førehand.


🎟️ Praktisk info: Ein tur/retur-billett kostar ca 8-10 euro, og barn under 5 år reiser gratis. Det kan bli fullt på båtane i høgsesong, så møt opp i god tid, spesielt viss du vil sikra deg gode plassar utandørs. Dei tidlige avgangane mellom 9-11 er dei mest populære ut til Tabarca, og 17-19 heimatt. Husk å ta vare på billetten til heimturen. Det er fargekodar på dei ulike fergeselskapa. Det er òg mogleg å kjøpa billettar på nett til dei ulike ferjeselskapene.

💡 Tips til turen: Båtturen er ei oppleving i seg sjølv! Nyt utsikta, og hugs å ta med drikke og caps, det kan bli varmt undervegs. Nokre båtar sel også snacks og drikke om bord. For billettar og rutetider, sjekk nettsidene til dei ulike båtselskapa (f.eks. Transtabarca, Tabarceras) Nokon av båtane har glas botn så før ein ankjem øya stoppar dei for å mata fiskane. Så då er det berre å gå ned å sjå🐠


🍽️ Mat og drikke på Isla de Tabarca

Å eta på Tabarca er ein del av opplevinga. Mange restaurantar ligg idyllisk til med utsikt mot havet, og sjømat er sjølvsagt i fokus.


🧡 Mine favorittplassar

  • Mar Azul ligger like ved havna, rett oppanfor stranda. Her serverer dei nydelege salatar, paella og sjømat. Dei har òg spagetti til barna. Her er det hyggelig service og flott utsikt til stranda! Denna restauranten pleie me å eta ein sein lunsj påkvar gong me er her, så minnfavoritt💚! Prøv Cava Sangriaen her 🍹

  • Cafeteria Àngela finner du rett innforbi hovedporten, her serverar dei gode rettar i hyggelig atmosfære. Dei ansatte er koselige og gjestfrie.

  • Nou Collonet har nydeleg utsikt over stranda. Mann og barn fekk god mat men dei rota litt med bestillinga når me var der, så eg måtte gå derifrå uten mat, det kan skje dei beste ;) Heldigvis fekk eg brød og vin😉

  • Restaurante La Muralla får du nydeleg utsikt inn mot Santa Pola. Ein koselig restaurant med god mat.

  • Restaurant Casa Ramos, ligger midt på toget med leikeplassen. Likar du sjømat er sjømatgryta heilt nydeleg i følge reisefølget mitt!

  • Isla Bonita er ein bar som ligger like ved Casa Ramos, og serverar lekre og gode (kanskje litt sterke) drinkar. Her er det litt latino vibe, med turkis og kvite fargar, disser ved baren og hygge stemning🍸🩵

  • Den beste slusjen eg har fått nokon sinne kjøpte eg på Souvenirs, art i regals. Mango og jordbær er mine favoritter der. Shopen ligger rett innanfor hovedporten💛❤️


    💡Alle restaurantane tar kort, men dersom du vil tipsa, er det lurt å ha med kontanter. Restaurantene har siesta midt på dagen og opnar på kvelden i 8-9 tia. Restaurantane er ujålete og enkle, det kan henda dei er tomme for enkelte ting på menyen. Husk å bestill bord dersom du ønsker ein spesiell restaurant i sommarmånadene.


🐚 Ting å gjere på isla de Tabarca


Ta med snorkel , dykkermaske og badesko!🤿 Denna øya er eit undervannsparadis!

Tabarca er Spanias første marine reservat (1986), og vatnet er kjent for sin klarheit og rike liv under overflata, her kan du møte alt frå fisk og sjøstjerner til sjøgrasenger. Du trenger berre ta eit par steg uti vatnet så svømmer fiskane rundt deg!🐠


🏖️ Strender, bukter og bading

Platja de Tabarca: hovedstranda som du kjeme til eit par minutters gange frå havna, er ei populær strand. Ta med deg handkle, solstol eller leig solsenger for 10 euro. Det er lurt å ha badesko sjølv om det er sandbotn, for den første meteren på stranda er med steiner. Det er berre å ha snorkelen klar for her er det fiskar langt inne. Vatnet er klart og reint. Ei paradis strand vil eg sei!🐠🤿


Rundtom på øya er det fleire små bukter eller calas så det heite. Her kan ein snorkla, svømma inn i grotter eller hoppa frå klippene. Det siste gjorde eg no sist, og det var ein opplevelse, heilt forferdelig, men så kult🤩 Sjekk alltid nedi vatnet først om det er egna for å hoppa, for ein vil ikkje ha ulykker.


🚶‍♀️ Rundtur på øya, dette bør du få med deg til fots

🌿 Utforsk den ubebudde delen – Torre de San José & fyret:

Når du går austover frå havna, kjem du inn i den ubebudde delen av øya, eit ope og karrig landskap med utsikt mot havet på alle kantar. Her ligg det gamle fyret, som i dag fungerer som biologisk stasjon for det marine reservatet. Vidare utover finn du den vesle kyrkjegarden, vakkert og roleg plassert med utsyn mot havet. Lengst ute på odden ligg Torre de San José, ei steinbygning frå 1700-talet som ein gong blei brukt som vakttårn og fengsel. Heile denne delen av øya gir ei heilt anna ro enn den livlege landsbyen. Husk gode sko her, og ta gjerne turen på morgonen eller kvelden i sommarmånadane, då er det varmt.


🎨 Fargar, sjarm og historie i landsbyen

Det å rusla rundt i landsbyen på Tabarca er som å vandra gjennom eit levande postkort. Dei små steingatene snirklar seg mellom pastellfarga hus, blå og grønne skodder, og sjarmerande dører i alle nyansar💛🩷💚💙. På øya er det òg mange kattar, dei har eigne kattehotell der dei kan sova og få mat😻. Husk å sjå an kor godt kattane er stelt før du klappar dei. Me er jo crazy catfamily som går rundt å snakkar med alle kattane me møter😺 Eit hot tips, om du overnattar på øya er det magisk å gå rundt når den siste båten har reist, og alle turistane er vekke, samt på morgonen før båtane kjeme inn. Alt her inne har eit eige tempo og ei slags stillferdig magi, som gjer at ein berre har lyst til å bli verande litt til🥰



🕳️ Glimt inn i ei anna tid, fangane på Tabarca

På nordsida av øya, ikkje langt frå Torre de San José, kan du sjå små gittervindauge og opningar i bakken, spor etter øyas tid som fangeøy på 1700-talet. Her skal piratar ha blitt haldne fangar, og delar av området blei brukt som både lager, fengselsceller og vakttårn. Detta er veldig spennande for både barn og vaksne!🏴‍☠️

Det gjer ein spennande kontrast til dei fargerike husa og det idylliske landsbylivet.


Midt i landsbyen ligg den vakre kyrkja San Pedro y San Pablo, bygd i 1779, med eit enkelt og solid uttrykk som står i fin kontrast til dei livlege husa rundt.⛪️ Landsbyen er omgitt av ein gammal bymur, og ein kan gå gjennom dei tre historiske portane; kvar av dei fører deg ut i landskapet på kvar si side av øya.


🌇 Solnedgang i stillheit – eit magisk høgdepunkt

Når dagsturistane har reist heim og roen senkar seg over øya, er det som om Tabarca pustar ut😮‍💨 Rundt kl. 20.30–21.00 er det berre dei som bur her, og dei få som overnattar, som får oppleva dette: Å gå heilt ut til den austlege spissen av øya, setja seg ned, og berre nyta solnedgangen bak fastlandet. Det er heilt stille. Berre lyden av havet og lyset som sakte skiftar farge🌅

For meg er dette eitt av dei store høgdepunkta med å overnatta på Tabarca. Det gir ei ro i sjela som er vanskeleg å forklara, men lett å kjenna når du sit der. Å vera på ei lita øy langt ute i havet, heilt utan stress og støy, og sjå sola forsvinna i horisonten- det er rett og slett magisk🤩🤩


🛏️ Overnatting på Isla de Tabarca , sjarmerande, enkelt og gjestfritt


Å overnatta på Tabarca gjer deg ein heilt annan oppleving enn om du berre kjem på dagstur. Når siste båt har gått, senkar roen seg over øya, det er då magien verkeleg kjem til sin rett. Me har budd på tre ulike stader på Tabarca, og alle har vore reine, enkle og fulle av lokal sjarm og gjestfrihet. Her er mine erfaringar:


🏨 Hotel Isla Plana: Dette hotellet har me faktisk budd på to gonger, og det seier sitt! Her følte me oss ekte velkomne takka vere dei hyggelege og omsorgsfulle tilsette.

  • Romma er romslige og nyoppussa, med god aircondition, reint og med moderne bad.

  • Me budde på eit familierom med fire senger og kjøleskap, veldig praktisk for barnefamiliar.

  • Frukosten er enkel, men god, og ekstra pluss for at dei kunne tilby glutenfritt brød på førespurnad.

  • Delt uteplass med eit par stolar og klesstativ til dei våte badeklea


🌿 Hotel Boutique Isla Tabarca: Ei sjarmerande perle i eit vakkert bygg med grøne dører og vindaugskarmar, og mange fine detaljar både inne og ute.

  • Me budde i toppetasjen i eit romslig familierom med god aircondition og stort bad.

  • Her var det godt reinhald og ein roleg atmosfære.

  • Frukosten kunne nytast ute, noko me verkeleg sette pris på i dei vakre omgjevnadene.


🏠 Hostal Masin: Eit enkelt, men reint og ryddig alternativ som passar godt om du vil bu rimeleg, men komfortabelt.

  • Me hadde familierom med fire senger fordelt på to rom, og hadde fint bad..

  • Frukosten var enkel, men god, perfekt start på dagen før ein ruslar ut i gatene.


💡 Tips: Desse overnattingsstadene blir fort fulle i høgsesongen, så det lønner seg å vera ute i god tid. Og hugs: på Tabarca er det ikkje snakk om luksushotell, men heller genuin, enkel komfort og ekte gjestfrihet.


(Desse overnattingsplassane er affiliate linker, bu betalar ikkje noko ekstra for å bestilla gjennom desse linkane, men eg får ein liten sum sia eg anbefalar dei vidare. Setter stor pris på dåka så bestiller overnatting via desse linkane :) )


✨ Oppsummering / avslutning:

  • Isla de Tabarca har blitt ein av mine favorittplassar , ei lita øy med stor sjel. Enten du kjem for ein dag eller vel å bli over natta, håpar eg denne guiden kan inspirera deg til å oppleva den magiske stemninga som ventar der ute i havgapet.

  • Me har hus på Gran Alacant, som ligger 10 min kjøretur frå Santa Pola, her finner du mine tips.

  • Tabarca er flott å besøka heila året, det er mindre turistar utanom sommarsesongen. Då er det òg meir behageleg å vandra rundt å sjå seg om, særlig på den ubebudde delen av øya. På våren er det flott bløming🌸

  • Sjølv om det er rolig her, så kjeda me oss ikkje eit sekund, me nyter rett og slett alt! Det blir ein overnattingstur neste år òg!

  • Mine venner i Reisekick har skreve ein artikkel frå deiras tur til Isla de Tabarca, du kan lesa den her

  • Har du vore på Isla Tabarca, del gjerne dine tips i kommentarfeltet, så tester eg neste gong!







Commenti


Eg svarar deg så snart eg kan.

Kontakt:

Eva Berge Reisermedglede 

  • Facebook
  • Instagram
  • LinkedIn
Reisetips rundtom i verden, reiser med glede
bottom of page